Kopar

For virussjukdommen koppar, sjå koppar.
29 NikkelKoparSink


Cu

Ag
Cu-TableImage
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Kopar, Cu, 29
Kjemisk serie Transisjonsmetall
Gruppe, periode, blokk 11, 4, d
Tettleik, hardleik 8920 kg/m3, 3,0 (ikkje SI)
Utsjånad Gyldenbrunt metallisk
Kopar
Atomeigenskapar
Atommasse 63,546 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 135 (145) pm
Kovalent radius 138 pm
Ioneradius 73 pm (ladning: +2)
van der Waals radius 140 pm
Elektronkonfigurasjon [Ar]
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 1
Oksidasjonstrinn (oksid) +1, +2 (svak base)
Krystallstruktur Kubisk flatesentrert
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 1357,6 K (1084,4°C)
Kokepunkt 2845 K (2572°C)
Molart volum 7,11 cm3/mol
Fordampingsvarme 300,5 kJ/mol
Smeltevarme 13,14 kJ/mol
Damptrykk 0,0505 Pa ved 1358 K
Ljodfart 3570 m/s ved 20 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,90 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 385 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 57,9 MS/m
Termisk konduktivitet 401 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 752 kJ/mol
1964 kJ/mol
3560 kJ/mol
5330 kJ/mol
7720 kJ/mol
9900 kJ/mol
13400 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturlegførekomst Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
63Cu 69,17% (stabil)
64Cu (kunstig) 12,7 timar ε
β
1,675
0,579
64Ni
64Zn
65Cu 30,83% (stabil)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Kopar er eit grunnstoff med kjemisk symbol Cu og atomnummer 29. Det er eit transisjonsmetall og høyrer til dei edle myntmetalla saman med sølv og gull, og dei er alle plassert i gruppe 11 i d-blokka i periodesystemet. Kopar er nødvendig for kroppen, men i store mengder er det giftig. Salt av kopar er oftast blå eller grøne.

Bruk

Cuivre Michigan
Kopar

Kopar er ein god straumleiar og vert brukt i elektriske og elektroniske leidningar.

Den giftige eigenskapen til metallet gjer at ein kan bruka det for å hindra algevekstskip og i oppdrettsanlegg.

Messing er ei legering av kopar og sink. Bronse er legering av kopar og tinn. Desse legeringane blir mykje brukt som eit vakkert og sterkt materiale i gjenstandar og bygningar. Kopar har òg vore mykje brukt i myntar.

Utvinning

Statue-de-la-liberte-new-york
Friheitsgudinna er kledd i norsk kopar frå Vigsnes koparverk[1]

Kopar er eit vanleg metall i jordskorpa, og har vore nokså lett tilgjengeleg for tidlege menneske, som skapte bronse og bronsealderen. I Noreg finne me kopar i det kaledoniske beltet frå Hardanger til Røros, med nokre spreidde felt lenger nord.

Ein byrja med gruvedrift i Noreg seint på 1400-talet. Det første norske koparverket starta i Sandsvær ved Kongsberg i 1490. Andre kopargruver i Noreg har lege i Kvikne, Røros, Løkken og Visnes. Den siste utvinningsstaden ligg på Karmøy og har gjeve namn til Kopervik.

Det meste av norsk kopar har gått til eksport. Mellom anna kler kopar frå Visnes Friheitsgudinna i New York-hamna.

Forureining

Både kopar og koparsambindingar kan vera svært giftige for biologisk liv, særleg organismar som lever i vatn. Avrenning frå koparprodukt og gamle kopargruver er derfor eit stort problem for det naturlege miljøet rundt.

Folketru

Venus symbol red.ant

I alkymien meinte ein at kopar hadde samband med Afrodite/Venus på grunn av den vakre glansen, det at ein lenge hadde brukt kopar for å laga speglar, og fordi ein assossierte metallet med Kypros, som var ei heilag øy for gudinna. Symbolet for kopar i alkymien var derfor det same som for gudinna og planeten Venus.

Sjå også

Referansar

  1. Kunnskapsforlagets papirleksikon: «Vigsnes kobberverk» hjå Store norske leksikon, innhenta 22. mars 2012.

Bakgrunnsstoff

Aluminium

Aluminium er eit metallisk grunnstoff med sølvfarga glans. I kontakt med luft vert eit tynt oksidasjonslag danna på overflata. Dette hindrar vidare korrosjon. Aluminium veg omtrent ein tredel av stål og kopar. I rein form har aluminium liten styrke. For det meste vert derfor aluminiumlegeringar som er smibare og lette å bearbeide nytta i maskiner og ved støyping. Aluminium har utmerkt korrosjonsmotstand og held lenge. Det er ikkje magnetisk.

Bronse

Bronse er ei legering av kopar og eit anna metall, som regel tinn. Legeringa har gjeve namn til bronsealderen. Kopar og sink-legeringa blir kalla messing.

I dag blir bronse særleg brukt til statuar og klokker.

I medaljesamanheng, gjerne innan idrett, vert det ofte rekna som den tredje valøren etter gull og sølv.

Bronsealderen

Bronsealderen er ei nemning på ein periode i menneskeslekta si historie som var mellom steinalderen (somme plassar koparalderen) og jernalderen. Perioden har fått namnet sitt fordi bronse var det mest avanserte materialet dei hadde for tilverking av reiskapar, våpen og smykke på den tida. Bronse er ei legering som består av ca. 90 % kopar og 10 % tinn. Ho var svært kostbar, og dei bruka derfor framleis ei mengd med steinreiskapar heilt fram til romersk jernalder.(Oppdelinga av oldtida i tre periodar; stein-, bronse- og jernalder, vart opphavleg formulert av den danske arkeologen Christian Jürgensen Thomsen.)

Bronsealderen kom til forskjellige tider, avhengig av kva for plassar ein snakkar om. Dei eldste kjende bronsegjenstandane er frå Midtausten (Egypt og Mesopotamia) ca. 3500 f.v.t. Derfrå spreidde det seg til Hellas 3200 f.v.t., Aust-Europa 2500 f.v.t., Vest-Europa 2200 f.v.t., Kina 2000 f.v.t., og Skandinavia 1800 f.v.t.

På grunn av dei fåtalige funna trur vi at bronsen i førstninga stort sett vart bruka berre til smykke og andre pyntegjenstandar, særleg sidan tinn på den tida var så vanskeleg tilgjengeleg. Ei anna årsak til fåtalige funn kan òg vera at desse kostbarheitene rett og slett vart passa spesielt godt på. I tillegg til at råmaterialane var kostbare så kravde sjølve bronsestøypinga mykje kunnskap. Derfor var det nok berre dei mektigaste familiane som eigde smykke og våpen av bronse.

Brot i mineralogi

Brot er eit uttrykk som innanfor mineralogien beskriv evna til eit mineral til å dele seg i andre retningar enn eventuelle kløyvretningar. Ikkje alle mineral har kløyvretningar slik som kvarts, og kløyv må ikkje forvekslast med brot. Mineral skil seg ofte frå kvarandre ved at dei kan ha forskjellige brotflater sjølv om dei elles ser heilt like ut, derfor er denne eigenskapen viktig og er mykje brukt til å identifisere mineral.

Geologi

Geologi (frå gresk γη, gē-, «jorda» og λογος, logos, 'ord, meining') er vitskapen og studiet av jorda, samansetninga, strukturen og dei fysiske eigenskapane hennar, den historiske utviklinga og prosessane som skapar henne.

Geologar har sett alderen på jorda til ca. 4,5 milliardar år. Dei har au funne ut at jordskorpa er oppdelt i tektoniske plater som rører seg over ein halvsmelta mantel (astenosfære) via prosessar som samla blir referert til som platetektonikk. Geologane hjelper til med å finne og forvalte dei naturlege ressursane til jorda. Dette kan vera olje, kol, metall (til dømes jern, kopar og uran), mineral (til dømes asbest, perlitt, glimmer, fosfatar, zeolittar, leire, pimpstein, kvarts og silika) og grunnstoff (til dømes svovel, klor og helium).

Astrogeologi refererer til bruken av geologiske prinsipp på andre lekamar i solsystemet. I tillegg er spesielle omgrep som selenologi (månestudiar), areologi (marsstudiar), og så bortetter au i bruk.

Ordet «geologi» blei for fyrste gongen nytta av Jean-André Deluc i 1778 og introdusert som ein meir bunden term av Horace-Bénédict de Saussure i 1779. Ei eldre tyding av ordet blei først bruka av Richard de Bury. Han nytta det til å skilje mellom jordisk og teologisk jus.

Gruvedrift

Gruvedrift er uthentinga av verdifulle mineral eller anna materiale frå jorda.

Det er to hovudformer for gruvedrift; dagbrot, der heile gruveområdet er synleg, og underjordsdrift, der ein tek ut mineral gjennom tunnelar under bakken. I fleire samanhengar vert også teglverk rekna til same industrigrein som bergverk og steinindustri

Gull

Gull er eit grunnstoff med atomnummer 79 og kjemisk symbol Au. Det er eit transisjonsmetall og ligg i d-blokka i det periodiske systemet. Saman med kopar og sølv høyrer det til gruppe 11.

Messing

Messing er ei legering med kopar og sink som hovudelement. Messing inneheld vanlegvis 10-40 % sink. Legeringa kan òg ha andre tilsatsmateriale, som tinn, aluminium, jern og bly. Messing er eit slitesterkt materiale med gyllen overflate og vert mykje brukt til dekorative føremål.

Metallet er òg eit viktig material for messingblåseinstrument.

Metall

Metall er stoff som både er sterke og lette å forma, og som leier varme og elektrisitet. Dei fleste metalla har stor tettleik og høge smeltepunkt, og er ofte blanke og skinande.

At metall har vore svært viktige for menneskja si utvikling, ser me i metallnamna på tidsaldrar som jernalderen og bronsealderen.

Ei legering er ei blanding av ulike grunnstoff som oppfører seg som eit metall og inneheld minst eitt, men gjerne fleire ulike, metalliske grunnstoff.

Olsen Nauen Klokkestøperi

Olsen Nauen Klokkestøperi AS, tidlegare O. Olsen & Søn's Klokkestøperi, har frå om lag 1915 vore det einaste klokkestøyperiet i Noreg. Klokkestøyperiet vart skipa i 1844 av smeden Ole Olsen på Nauen Gård på Barkåker i Tønsberg, der verksemda har halde til i heile si tid, og vert i dag drive av den sjette generasjonen av klokkestøyparar.

Verksemda lager og monterer reinstemde kyrkjeklokker og klokkespel av klokkebronse (ei legering av kopar og tinn) for både offentlege og private oppdragsgjevarar, og dessutan andre typar klokker av støypt bronse, som til dømes skipsklokker, gardsklokker og andre små klokker. På Nauen Gård er det skipa til eit klokkemuseum som er tilgjengeleg etter avtale.

Ei mengd norske kyrkjer og offentlege bygningar har klokker eller klokkespel frå dette klokkestøyperiet. Såleis er klokkespela i Oslo rådhus, Kongsberg kyrkje, Oslo domkyrkje, Sem rådhus i Tønsberg og Trefoldighet kyrkje i Arendal støypte hjå Olsen Nauen Klokkestøyperi.

Pauke

Pauke er ei tromme laga av ein halvkuleforma metallkjele dekt av eit utspent skinn som kan stemmast i ulike tonehøgder ved hjelp av skruer eller ein pedalmekanisme.

Pauker kom til Europa frå Asia på 1100-1400-talet, og er det eldste perkusjonsinstrumentet i symfoniorkesteret, og er ein kopar- eller messingkjele belagt med kalveskinn eller plastikkskinn. Naturskinna (kalveskinna) endrar klang alt etter vêrforhold og fukt, og skal derfor stemmast hyppig i motsetning til plastikkskinnspaukar. Diameteren på pauken er frå 50 til 90 cm og dei blir slått på med trekøller som har hovud av filt, lêr eller svamp.

Ein pauke kan berre vera stemt til ein tone om gongen, og blir derfor ofte oppstilt i sett på 2-5 stk., der kvar er stemt i forskjellige tonar. Paukane blir stemt ved hjelp av pedalar som set pauken i det rette toneleiet, der han vidare blir finstemt ved hjelp av dreiehandtak. Skinnet blir stemt opp ved hjelp av ein stemmenøkkel.

Under konsertar skal paukisten ofte stemma ein eller fleire av sine paukar om til ein annan tone. Når dette skjer er paukisten nøydd til å setja hovudet heilt ned til skinnet for å kunne høyra tonen utan at publikum skal høyra han.

Philip Warren Anderson

Philip Warren Anderson (fødd 13. desember 1923 ) er ein amerikansk fysikar. Han vart utdanna ved Harvard, og var elev av John van Vleck. Anderson var professor ved Cambridge University i London frå 1967 til 1975 og assisterande direktør ved Bell Telephone Laboratories i New Jersey i 1975-1976 og frå 1976 konsultativ direktør same stad. Frå 1975 var han professor ved Princeton University.

Anderson vidareutvikla van Vleck sine idear og forklarte korleis lokale magnetiske moment kan opptre i metall som i rein form er umagnetiske, til dømes kopar og sølv. Han har òg levert vesentlege bidrag til kunnskapen om uordna system.

I 1977 fekk han Nobelprisen i fysikk saman med Nevill Francis Mott frå Storbritannia og John H. van Vleck frå USA «for det grunnleggande teoretiske arbeidet deira med elektronisk struktur i magnetiske og uordna system».

Provinsen Giresun

Provinsen Giresun (tyrkisk Giresun ili) er ein provins i Tyrkia ved kysten av Svartehavet. Naboprovinsane er Trabzon i aust, Gümüşhane i sørvest, Erzincan i sør, Sivas i søraust og Ordu i vest. Provinshovudstaden er Giresun.

Giresun er eit jordbruksområde med mykje ven natur, særleg i høglandet. Områda nær Svartehavet er den største produsenten i Tyrkia av hasselnøtter. I dei høgare fjellområda finn ein skog og beitemark og some stader gruvedrift for kopar, sink, jern og andre metall. Fjellandsbyane er fjerntliggande med dårlege vegar og lite anna infrastruktur.

Klimaet er vanleg for denne delen av Svartehavskysten, som vil sei fuktig.

Røros koparverk

Røros koparverk var eit bergverk med base på Røros, som var i drift frå 1644 til 1977. Verket var frå starten eit partisipantskap, i 1910 vart verket omgjort til aksjeselskap. I tida etter første verdskrigen stod verket stille i rundt fem år på 1920-talet. Frå midten av 1930-åra var verket så godt som statseigd. Smeltehytta vart nedlagt etter ein brann i 1953. Koparverket gjekk konkurs og drifta avslutta ved utgangen av 1977.

Sergijev Posad

Sergijev Posad (russisk Се́ргиев Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar.

Han har sitt opphav på 1400-talet rundt eit av dei største russiske klostra, Troitse-Sergijeva Lavra oppretta av St. Sergij av Radonezj. Busetnaden fekk bystatus i 1742. Sidan namnet på byen, som viser til St. Sergij, hadde sterke religiøse tydingar, endra dei sovjetiske styresmaktene først namnet til berre Sergijev i 1919 og så til Zagorsk i 1930, til minne om den revolusjonære Vladimir Zagorskij. Det opphavlege namnet vart igjen offisielt brukt igjen i 1991.

Turisme er viktig for den regionale økonomien. Det er òg ein stor leketøysfabrikk i byen.

I 1947 oppretta Sovjetunionen sin første fabrikk for å lage biologiske våpen basert på kopar i utkanten av Sergijev Posad.

Jernbane og motorveg mellom Moskva og Jaroslavl går gjennom byen.

Sink

For musikkinstrumentet, sjå zinke.Sink er eit metallisk grunnstoff med atomnummer 30 og kjemisk symbol Zn. Det er eit transisjonsmetall i gruppe 12 i det periodiske systemet.

Steinalderen

Steinalderen er ei nemning på den epoken i menneskeslekta si historie da ein hovudsakleg bruka reiskapar av stein og andre naturmateriale, men ikkje metall. Han er den lengste perioden i menneskehistoria, rundt 2,6 millionar år, med ei byrjing i den geologiske epoken pleistocen. Steinalderen har vart i ulik tid innan ulike menneskesamfunn—nokre samfunn har klart seg utan metall fram til våre dagar.

Perioden er den første i menneskehistoria der ein ser utstrekt bruk av teknologi, og ei spreiing av menneske til tidlegare ubebudde område. Han endar med utviklinga av jordbruket, domestisering av dyr og smelting av kopar. Han blir kalla ein førhistorisk periode, i den betydninga at han var forut for den nedskrivne historia.

Sølv

Sølv (òg skrive sylv) er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ag og atomnummer 47. Det er eit transisjonsmetall i gruppe 11 i periodesystemet saman med dei andre myntmetalla kopar og gull, i tillegg til røntgenium.

Tynset kommune

Tynset er ein kommune i Hedmark fylke. Kommunen grensar mot nord til Rennebu og Midtre Gauldal, i nordaust og aust mot Tolga, i sør mot Rendalen og Alvdal, og i vest mot Folldal og Oppdal.

Kommunen omfattar nå det aller meste av gamle Kvikne kommune der utvinning av kopar byrja rundt år 1630

i Kvikne koparverk. Koparverket var landets største og drive for kongeleg regning. Verket vart offisielt nedlagt

i 1812, men spradisk drift foregjekk heilt fram til 1912.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.