Kongedømet Jerusalem

Kongedømet Jerusalem var eit kortvarig kristent kongedøme som vart grunnlagt i 1099Jerusalem vart hærteke, under det fyrste krosstoget. Kongeriket vart grunnlagt i området kring Jerusalem i eit område som nokonlunde tilsvarar dagens Israel. Det bestod fram til 1291.

Godfred av Boullion vart valt til den fyrste kongen, men han ville ikkje bera ei kongekrone der Jesus hadde bore ei tornekrone, så han tok i staden tittelen «Vernar av Den heilage grava». Då han døydde vart bror hans konge som Baldvin 1., og han vart krona til konge juledag. Mot slutten bestod kongeriket berre av nokre få byar på kysten, til dømes Akko, då var sjølve Jerusalem gått tapt.

Seinare har fleire fyrstehus gjort krav på tittelen, av di dei ikkje var samde om kven som var nærmaste arving til kongane av Jerusalem. Mellom anna gjer kong Juan Carlos I av Spania krav på tittlen konge av Jerusalem. Det italienske fyrstehuset Savoy har gjort krav på tittelen. Det same gjorde dogane av Venezia. I tillegg har det austerrikske fyrstehuset Habsburg gjort det same.

Syrien under korstågen
Kart over Levanten under krosstoga, kongedømet Jerusalem i sør.
Abu Snan

Abu Snan (arabisk أبو سنان; hebraisk אַבּוּ סְנָן) er ein arabisk lokal kommune i Galilea nord i Israel, med eit areal på 4,75 km². Han fekk status som lokal kommune i 1964. Han er ein religiøst blanda stad med ein muslimsk majoritet og ein større minoritet av drusarar og kristne.

Abu Snan hadde eit folketal på 11 900 i juni 2008, av dette 54,7% muslimar, 26,4% drusarar, og 18,9% kristne.

Ajjubide-dynastiet

Ajjubide-dynastiet (kurdisk دەوڵەتی ئەییووبی Dewleta Eyûbiyan; arabisk الأيوبيون al-ʾAyyūbiyyūn) var eit muslimsk dynasti av kurdarar som herska over Egypt, Syria, Jemen (med unntak av dei nordlege fjella), Diyarbakir, Mekka, Hijaz og det nordlege Irak på 1100- og 1200-talet.

Det første krosstoget

Det første krosstoget vart starta i 1095 av pave Urban II med mål om å frigjere den heilage byen Jerusalem og Det heilage landet frå muslimane og frigjere dei austlege kristne får det muslimske styret. Det som starta som ei bøn frå den austromerske keisaren Alexius I Comnenus om hjelp frå vestlege leigesoldatar til å kjempa mot seldsjukk-dynastiet i Anatolia, snudde raskt til ei veldig folkevandring og erobring av områda utanfor Europa. Både riddarar og bønder frå mange nasjonar i Vest-Europa reiste over hav og land mot Jerusalem og erobra byen i juli 1099, der dei oppretta kongedømet Jerusalem og andre krossfararstatar. Sjølv om desse statane varte mindre enn to hundre år var det første krosstoget eit vendepunkt i utvidinga av dei vestlege maktene, i tillegg til at dei første internasjonale handelsrutene frå vest mot aust vart opna sidan fallet til Vestromarriket.

Grevskapet Tripoli

Grevskapet Tripoli (1109 – 1289) var den siste av krossfararstatane. Det vart grunnlagd i Levanten, det vil sei den moderne regionen Tripoli, nord i Libanon og delar av det vestlege Syria, med ein folkesetnad av kristne, drusarar og muslimar.Då krossfararane (kristne, hovudsakleg frankiske styrkar) erobra regionen i 1109, vart Bertrand av Toulouse den første greven av Tripoli. Han var ein vasall under Baldwin I av Jerusalem. Frå den tid vart styret av grevskapet ikkje så mykje avgjort av arv, som av faktorar som militærstyrke (både ytre styrkar og borgarkrigar), gunst og forhandlingar. I 1289 fall grevskapet Tripoli til sultan Qalawun i den muslimske mamelukkstaten i Kairo. Grevskapet vart då absorbert i det islamske riket.

Historiske hovudstader

Dette er ei liste over historiske hovudstader, byar som ein gong var hovudstad i eit land, men som ikkje lenger har denne statusen anten fordi landet ikkje eksisterer lenger, fordi hovudstaden vart flytta, eller fordi hovudstaden fekk nytt namn.

Jadeidi-Makr

Jadeidi-Makr eller Makr-Jadeidi (hebraisk גֻ'דֵידָה-מַכְּר; arabisk مكر جديده) er ein arabisk lokal kommune som vart danna då to arabiske byar, Makr og Jadeidi, vart slått saman i 1990. Han ligg nokre få kilometer aust for byen Akko i Nord distrikt.

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde den lokal kommunen i 2008 eit folketal på 18 200, der 90% var muslimar og kring 10 % kristne.Namnet Jadeidi tyder «den nye» og Makr tyder «hovudkvarter». Sistnemnde fekk dette namnet fordi han vart nytta som hovudkvarter for den romerske armeen under kringsetjinga av Akko.Under namna Makr Harsin og al Hudeidah, vart Makr og Jadeidi nemnde som ein del av området til krossfararane under hudnaen mellom krossfararane basert i Akko og mamelukk-sultanen al-Mansur (Qalawun) som vart oppretta i 1283.Al-Makr vart erobra av det israelske forsvaret under den første delen av Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948, og vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Jerusalem (fleirtyding)

Jerusalem kan vise til:

StaderByen Jerusalem

Kongedømet Jerusalem (1099–1291)

Jerusalem distrikt, eitt av seks administrative distrikt i Israel.

Jerusalem guvernement, eit guvernement i Dei palestinske sjølvstyreområda

Aust-Jerusalem

Vest-Jerusalem

Stor-JerusalemI religion og kulturDet nye Jerusalem, i religiøs tradisjon ein metafor for eit gudsrike.

Diktet «Jerusalem» av William Blake, eigentleg «And did those feet in ancient time», ofte brukt som salme

Operæn Jérusalem av Giuseppe Verdi

Romanen Jerusalem av Selma Lagerlöf

Jorsala

Jorsala (genitiv av Jorsalir) var det norrøne namnet på Jerusalem. I norske omsetjingar av dei norrøne kongesogene kan ein bruka omgrepa Jorsalaborg om byen, og Jorsalaland eller Jorsalaheim om området.Ordet har gjeve tilnamnet «Jorsalfare» for ein person som hadde vore i Jerusalem på valfart eller krosstog, som kong Sigurd Jorsalfare.

Kongeriket Kypros

Kongeriket Kypros (gresk Βασίλειον τῆς Κύπρου) var eit krossfarar-kongerike på øya Kypros i seinmellomalderen.

Øya vart erobra frå Isak Komnenos, ein lokal guvernør og herskar. Han hadde utropa seg sjølv som keisar av det bysantinske riket. I 1191 vart han sigra over av kong Rikard I av England, i løpet av det tredje krosstoget. Rikard selde så øya til Tempelriddarordenen, som i sin tur selde vidare til Guy de Lusignan i 1192. Rikard sitt krosstog hadde slege feil, og Guy vart avsett frå Kongedømet Jerusalem. Broren og etterfylgjaren Amalrik I av Kypros, fekk tildelt kongekrona og kongetittelen av keisar Henrik VI av Det tysk-romerske riket. Ein liten minoritet av romersk-katolske budde mest i byar ved kysten. Døme på ein slik by var Famagusta, men òg i innlandsbyen og den tradisjonelle hovudstaden Nikosia (Levkosía). Romersk-katolikkane hadde styringsmakta, medan greske innbyggjarar budde mest på landsbygda. Slik var maktstrukturen mykje lik Kongedømet Jerusalem.

Mi'ilya

Mi'ilya (arabisk معليا, hebraisk מִעִלְיָא) er ein arabisk lokal kommune vest i Galilea i Nord distrikt i Israel. Namnet i tida under kongedømet Jerusalem i Galilea var Castellum Regis. Alle innbyggjarane er kristne. Mi'ilya ligg like nordvest for byen Ma'alot-Tarshiha.

Ramla

Ramla (hebraisk skrift רַמְלָה, Ramlāh; arabisk الرملة, ar-Ramlah; òg kalla Ramle, Ramlah, Remle og stundom Rama) er ein by i det sentrale Israel. Byen er hovudsakleg jødisk med ein større arabisk minoritet. Ramla vart grunnlagd kring år 705–715 av omajade-kalifen Sulayman ibn Abd al-Malik. Somme forskarar meiner at byen vart bygd nær ruinane av den antikke byen Gath, basert på ei jødisk soge frå mellomalderen. Ramla låg ved krysset mellom vegen Via Maris, som gjekk frå det gamle Kairo (Fustat) til Damaskus, og vegen som gjekk frå hamnebyen Jaffa og Jerusalem.Han vart erobra mange gonger i historia, av abbasidane, ikhshisidane, fatimidane, seldsjukkane, krossfararane, mamelukkane, osmanarane, britane og til slutt israelarane. Etter Svartedauden i 1347, som kraftig reduserte folketalet, vart det oppretta ein orden av fransiskanarmunkar i byen. Under arabarane og osmansk styre vart byen eit viktig handelssenter. Den franske armeen til Napoleon okkuperte byen i 1799 på veg til Akko.

Dei fleste av dei arabiske innbyggjarane i byen vart drivne ut eller flykta under den arabisk-israelske krigen i 1948, medan andre vart verande att i byen. Byen vart så folkesett med jødiske immigrantar. I 2001 var 80 % av folkesetnaden jødiske, medan 20 % var arabarar (16 % arabiske muslimar og 4 % arabiske kristne).

I nyare år er det gjort forsøk på å utvikle byen og gjere han vakrare, etter at han vart plaga av vanstell, økonomiske problem og eit negativt syn hos ålmenta. Det er bygd nye kjøpesenter og offentlege parkar, og det opna eit kommunemuseum i 2001.I dag er det fem fengsel i Ramla, inkludert høgtryggleiksfengselet Ayalon fengsel.

Republikken Venezia

Republikken Venezia (italiensk Serenissima Repubblica di Venezia, venetiansk Republica de Venesia) var ein italiensk stat som sprang opp rundt byen Venezia (i dag nordaust i Italia). Han eksisterte i over tusen år, frå byrjinga av 700-talet til slutten av 1700-talet.

Han vart ofte berre kalla Serenissima, ein referanse til tittelen på italiensk, «den fornemste».

Safed

Safed (hebraisk צְפַת, Tzfat, askenasisk Tzfas, Bibelen: Ṣ'fath; arabisk صفد, Ṣafad) er ein by i Nord distrikt i Israel. Han ligg ei høgd over 900 meter over havet, og er den høgastliggande byen i Galilea og i Israel. På grunn av høgda har Safed varme somrar, og kalde, ofte snørike vintrar. Sidan 1500-talet har Safed vore rekna som ein av Dei fire heilage byane i jødedommen, i lag med Jerusalem, Hebron og Tiberias. Sidan den gong har byen vore eit senter for kabbala, eller jødisk mystisisme.

På grunn av det milde klimaet og den vakre naturen, er Safed ein populær feriestad blant både israelarar og utlendingar.

Saladin

Ṣalāḥ ad-Dīn Yūsuf ibn Ayyūb (arabisk: صلاح الدين يوسف بن أيوب, Ṣalāḥ ad-Dīn Yūsuf ibn Ayyūb, kurdisk: سه‌لاحه‌دین ئه‌یوبی, Selah'edînê Eyubî) (c. 1138 – 4. mars 1193), best kjend i vestverda som Saladin, var ein kurdisk muslim, som vart den fyrste sultanen av Egypt og Syria og grunnleggjaren av Ayyubide-dynastiet. Han leia den muslimske og arabiske motstanden mot frankarane og dei andre europeiske krossfararane i Levanten. Då han var som mektigast femnde sultanatet hans Egypt, Syria, Mesopotamia, Irak, Hejaz og Jemen.

Med han som leiar nedkjempa styrkane hans krossfararane i slaget ved Hattin, noko som opna for atterobringa av Palestina som hadde vorte teke frå dei egyptiske fatimidane av krossfararane 88 år tidlegare. Sjølv om krossfararane sitt Kongedømet Jerusalem skulle fortsetje å eksistere ei tid var tapet i slaget ved Hattin eit vendepunkt i konflikten mellom krossfararane og muslimane og arabarane.

Slik er Saladin ein viktig figur i kurdisk, arabisk og muslimsk kultur. Saladin følgde sunni-læra strikt. Den noble og riddarlege framferda hans vart vektlagd av kristne historieskrivarar, særleg i forteljingane om kringsetjinga av Kerak, og trass i at han var krossfararane sin erkefiende vann han respekt hjå mange av dei, mellom andre Rikard Løvehjarta; heller enn å verte ein hata person i Europa, vart han heidra og halden fram som eit døme på riddarleg framferd og storsinn.

Sebastia i Nablus

Sebastia (arabisk سبسطية, Sabastiya; gresk Σεβαστη, Sebastē latinsk Sebaste) er ein palestinsk landsby med over 4 500 innbyggjarar, i Nablus guvernement på Vestbreidda kring 12 kilometer nordvest for byen Nablus.

Toruń

Toruń (tysk Thorn, kasjubisk Torń, latinsk Thorunium) er ein by nord i Polen ved elva Wisła. Han om lag 205 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Kujaviskpommerske voivodskap, etter Bydgoszcz. Nicolaus Copernicus vart fødd i den gamle mellomalderbyen Toruń, som er skrive inn på verdsarvlista til UNESCO sidan 1997.

Tidlegare var byen hovudstad i Toruń voivodskap (1975-98) og Pommerske voivodskap (1921-45). Sidan 1999 har Toruń vore sete for det sjølvstyrte Kujaviskpommerske voivodskapet, ein tittel han deler med Bydgoszcz. Desse byane og dei omliggande kommunaen dannar eit storbyområde.

Vilhelm

Vilhelm og Wilhelm er mannsnamn av gammaltysk opphav, sett saman av delane wil som betyr 'vilje' og helm som betyr 'hjelm'.

Namnet oppstod som Willahelm og Willihelm, men spreidde seg i mellomalderen gjennom Europa med ei rekkje former. I Noreg blei det henta inn frå engelske rundt 1100 som Vilhjalmr, Viljamr og liknande. Andre former er fransk Guillaume, italiensk Guglielmo, litauisk Vilius og Viliumas, ungarsk Vilmos og nederlandsk Willem.

I England blei forma William utbreidd på grunn av Vilhelm Erobraren (eng. William the Conqueror).

Wilhelm Tell er namnet på helten i ei alpesoge frå 1300-talet.

Vilhelm av Tyrus

Vilhelm av Tyrus (ca. 1130–29. september 1186) var ein historikar, krønikeskrivar og biskop fødd i kongedømet Jerusalem. Han var kanslar for Balduin IV av Jerusalem og erkebiskop av Tyrus. Vilhelm av Tyrus skreiv om dei første krosstoga og om soga til kongedømet Jeursalem i krøniken Historia rerum in partibus transmarinis gestarum («Soga om gjerningar utført over havet») eller Historia Ierosolimitana («Soga åt Jerusalem»). Verket er ei viktig kjelde til informasjon om krossfarartida, og Vilhelm av Tyrus blir rekna som ein av dei fremste historikarane i mellomalderen.

Yavne

Yavne (hebraisk skrift יַבְנֶה), stundom skrive Jamnia, er ein by i Det sentrale distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde byen på slutten av 2009 eit folketal på 33 000.

Krossfararstatar
Levanten Kongedømet Jerusalem · Fyrstedømet Antiokia · Grevskapet Edessa · Grevskapet Tripoli · Kongedømet Cilicia · Kongedømet Kypros
Latinsk Hellas Det latinske riket · Kongedømet Thessalonika · Fyrstedømet Akaea · Hertugdømet Aten · Hertugdømet Filippopolis · Hertugdømet Neopatria · Hertugdømet Arkipelet · Triarkatet Negroponte · Pfalzgrevskapet Kefalonia og Zakynthos · Herredømet Khios · Republikken Venezia (Stato da Màr) · Maltesarordenen
Baltikum Den tyske riddarordenen (Klosterstaten til Den tyske riddarordenen) · Sverdbroderordenen (Terra Mariana) · Dobrinerriddarane (Dobrzyńlandet)

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.