Konfutse

Konfutse (kinesisk 孔子, Kǒng zǐ, eller 孔夫子, Kǒng Fūzǐ, 'meister Kong') var ein kinesisk tenkjar som levde frå 551 til 479 f.Kr. Læra hans er seinare utvikla til konfutsianismen, og har prega kinesisk, koreansk, japansk og vietnamesisk samfunn. I vestleg tradisjon er han også kalla Confucius (Konfucius), ei latinisering gjort av jesuittmisjonæren Matteo Ricci, som oppsummerte læra hans på 1600-talet.

Læresetningane hans er samla i Samtalar (eller Analektar, kinesisk 論語, Lunyu), ei aforismesamling laga fleire år etter at han døydde. Tradisjonelt har han òg vore rekna som opphavsmannen til «Dei fem klassikarane», anten som forfattar eller redaktør.

Konfutse
Confucius Tang Dynasty

Fødd 551 f.Kr. (juliansk)
Qufu
Død

479 f.Kr. (juliansk)
Lu

Yrke filosof, lærar, skribent
Konfuzius
Konfutse. Teikning av ein bronseskulptur.

Liv

Konfutse blei fødd som Kong Qiu (孔丘) i eller nær byen Qufu (曲阜) i Lu-staten (魯), no i den kinesiske Shandong-provinsen. Han skal ha kome frå ein adeleg familie som hadde mista mykje av rikdommen sin. Faren døydde då han var tre. Konfutse voks opp i fattigdom, men fekk god opplæring av mora, og viste interesse for religiøse seremoniar og studium. Nitten år gammal gifta han seg med Qi Guan (亓官), og dei fekk sonen Kong Li (孔鯉) då han var tjue. Mora døydde då han var tjuetre, og han sørgde over henne i tre år.

Konfutse skal ha livnært seg som gjetar, skrivar og bokhaldar. Han gjorde karriere og fekk stillinga som justisminister i Lu då han var femtitre år gammal. Etter at herskaren av Lu hadde vanskjøtta pliktene sine forlét han embetet og reiste rundt i dei små, ofte stridande rika i nordaustre og sentrale Kina. Han la fram tankane sine, men ingen av statane tok dei til følgje. Etter tretten år vende Konfutse skuffa tilbake til heimlandet. Her arbeidde han med sine Samtalar og underviste læresveinar, mellom anna ved hjelp av «Dei fem klassikarane».

Konfutse døydde syttito eller syttitre år gammal, nedbroten etter tapet av sonen og favorittelevane sine. Einaste sonesonen, Zisi, vidareførte læra hans.

Kjelder

1

År 1 var det første året av det første hundreåret. I Romarriket var det kjend som året då Cæsar og Paullus var konsular, eller sjeldnare år 754 ab urbe condita. Året følgde år 1 f.Kr., ettersom den julianske kalenderen ikkje har noko år null.

28. september

28. september er den 271. dagen i den gregorianske kalenderen (272. under skotår). Det er 94 dagar att av året.

400-talet fvt.

< 400-talet fvt. (f.Kr.) > såg byrjinga av ei stordomstid for gresk kultur, med ei kulturell og politisk stordomstid for Aten og andre greske byar. Utviklinga av klassisk gresk filosofi som la grunnlaget for seinare europeisk tenking.

Persarriket var også mektig, og Hellas blei invadert av riket to gonger under Persarkrigane, men kom ikkje under persisk kongedøme.

Religionsgrunnleggjaren Gautama Buddha levde truleg i dette hundreåret.

611

611 (romartal CDXI)

79

Dette er ein artikkel om året 79. Sjå òg artikkelen om talet 79.

År 79 (LXXIX med romartal) var eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen.

Dei fire bøkene i konfutsianismen

Dei fire bøkene (ssu shu) er fire klassiske kinesiske tekstar som skal verka som ei innføring til konfutsianismen. Dei blei valde ut av Zhu Xi under Songdynastiet og omfattar:

Ta Hsüeh ('den store læra'), ein tekst av Konfutse med kommentarar av Zeng Zi

Chung Yung ('læra om midten'), tillagt Zisi.

Lun Yü ('analektane'), ei samling av tala Konfutse og læresveinane hans heldt

Skriftene til Menzi (Mencius)Dei fire tekstane vart brukt som obligatorisk pensumlitteratur til eksiminasjonen av offentlege tenestemenn i Kina frå 1313 til 1905. Dei var tenkt å skulle introdusera kinesiske studentar til den konfusianske tradisjonen og vart følgd av eit studium av dei meir omfattande og tyngre skriftene Wu Ching ('dei fem klassiske bøkene').

Jining

Jining (kinesisk skrift 济宁, pinyin  Jǐníng) er eit byprefektur i provinsen Shandong nordaust i Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 685 km² og i overkant av 8 millionar ibuarar.

Byprefekturet Jining omfattar to distrikt (区 qū), tre byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn).

Konfutsianismen

Konfutsianisme (kinesisk 儒家) er eit austasiatisk etisk og filosofisk tankesystem, med moralske, sosiale, politiske og religiøse idear. Konfusianismen oppstod i Kina og har hatt vesentleg kulturell innverknad der og i Japan, Korea og Vietnam.

Konfutsianismen har fått namn frå Konfutse, ein kjend læremeister og politisk rådgjevar som levde frå 550 til 479 fvt. Konfutse la vekt på ritar (li), men snarare enn å tolka desse som offerseremoniar for å verta signa av guddommar, såg han på samhandlinga menneske mellom som utslag for mønster for sivilisert og kultivert oppførsel som hadde utvikla seg gjennom generasjonar. Han inkluderte også sosiale reglar i li. Tradisjonsrike ritar var grunnlaget for sivilisasjon, og berre eit sivilisert samfunn kunne ha ein stabil, sameina og varig sosial orden.

Laozi

Laozi (Lao Tze) var ein kinesisk tenkjar som levde på 500-talet f.Kr. Han er rekna som grunnleggjar av taoismen. I taoistisk tradisjon er han også sett på som forfattaren av verket Dàodéjīng, også kjent som Tao Te Ching. Blant taoistar blir Laozi dyrka som ein guddom.

Namnet «Laozi» (kinesisk 老子, lǎozǐ) betyr 'gamle meister', og er eit tilnamn. «Laozi» kan også brukast som namn på Daodejing-verket. Livet og det eigentlege namnet til tenkjaren har me ikkje sikre kjelder til. Han skal ha hatt slektsnamnet Li, barnenamnet Er og vaksennamnet Boyang. Etter døden fekk han også æresnamnet Dan, og er dermed ofte omtalt som Li Boyang eller Li Dan.

Dei eldste kjeldene til livet hans Laozi stammar frå historikaren Sima Qian sine verk frå 100-talet f.Kr., som skreiv ned tre soger. Her blir Laozi framstilt som ein samtidig av Konfutse, anten ein tilsett ved arkiva til Zhou-keisaren eller ein historikar og astrolog.

Han skal ha blitt lei det moralske og politiske forfallet rundt seg og reist vestover. På reisa skal han ha blitt oppfordra av ein vaktmann til å skriva ned tankane sine, noko som blei til det korte verket Daodejing.

Lærardag

Lærardag blir markert til ulike tider i fleire land til ære for lærarar.

Den internasjonale lærardagen blir feira den 5. oktober kvart år. Dagen blei innstifta i 1994.

Namnetabu

Namnetabu er ei form for språktabu der ein unngår å bruka visse namn. Både særnamn og samnamn kan omfattast av tabu. Det finst mange ulike former for namnetabu i ulike samfunn, frå forbod mot å omtala byttedyr til forbod mot å skriva namnet til ein keisar, og fleire ulike grunnar til å la vera å bruka namna, til dømes at ein må visa respekt eller trur det vil bringa ulukke å bruka namnet.

Namnetabu kan strekka seg vidare til sjølve språket ved at ein heller ikkje bruker ord som bygger på forbodne namn. Sanksjonar mot å bryta slike tabu kan gå frå irritasjon frå andre i samfunnet til dødsstraff. Ein kan bruka ulike måtar til å omgå namna på, til dømes ved å skildra personen eller ved å bruka ein tittel, eit kallenamn eller ei omskriving.

Qufu

Qufu er ein by i Shandong-provinsen nordaust i Kina. Han er kjend som fødeplassen til Konfutse, og huser tempelet og grava hans, i tillegg til slektshuset til Kong-familien, etterkomarane til denne viktige tenkjaren. Desse bygga har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1994.

Byen var hovudstad for Lu-staten under Vår- og haustannaltida. I dag har Qufu rundt 60 000 innbyggjarar, men administrerer eit område der det bur 650 000. Han ligg om lag 13 mil sør for provinshovudstaden Jinan.

Suzhou i Jiangsu

Suzhou (suzhoumål [səu][tsøʏ]) er eit byprefektur heilt i sør i provinsen Jiangsu i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 8 488 km², folketalet var i 2009 på 6 332 900. Innanfor bygrensene budde på same tid 2 402 100 menneske. Prefekturet grensar i vest til Taisjøen og prefekturet Wuxi. I nord over Chang Jiang er Nantong, og i aust ligg Shanghai.

Suzhou er ein historisk by som er kjend for sine kanalar, steinbruer, pagodar og klassiske kinesiske hagar. Desse siste er rekna som verdsarv av UNESCO. Byen har òg vore eit viktig senter for kinesisk silkeindustri sidan Song-dynastiet (960-1279).

Suzhou består av seks bydistrikt og fem byfylke.

Vår- og haustannaltida

Vår- og haustannaltida (forenkla kinesisk: 春秋时代; tradisjonell kinesisk: 春秋時代; pinyin: Chūnqiū Shídài) er ein tidsalder i Kinas historie. Den varte i om lag 240 år, frå 722 f.Kr. til 481 f.Kr.

Namnet på epoken er etter Vår- og haustannalane, ein krønike for perioden som vart fortfatta av Konfutse.

Under vår- og haustannaltida vart det fleire og samtidige herskarar i Zhou-riket. Tidsalderen var prega av mange større og mindre krigar, og omkring 170 mindre rike vart erobra av større rike. Adelen mista makt, noko som førte til at mange fleire menneske lærde seg lese. I kjølvatnet av veksten i boklærde kom viktige tekniske landevinningar.

Tidsalderen som kom etter vår- og haustannaltida vert kalla krigarrika-tida.

Yijing

Yijing ('Forvandlingsboka', også kjend som I Ching) eller Zhouyi ('Løyndomsboka') er ein av dei eldste klassiske kinesiske tekstane. Nøyaktig alder på verket er ukjend, men tradisjonen plasserer byrjinga til boka på 2000- eller 1000-talet f.Kr. Det eldste manuskriptet som er funne er eit ufullstendig verk frå Krigande statar-tida (475–221 f.Kr.)Yijing er bygd opp som ei spådomsbok kring 64 heksagram med ulikt mønster. Etter kvart heksagram kjem ein kort tekst. Boka kunne brukast ved at ein ved hjelp av ulike framgangsmåtar valde eit heksagram og teksten som høyrde til. Dette kryptiske svaret måtte tolkast av ein ekspert.I tillegg til den opphavlege teksten finst også dei såkalla «ti vengene», filosofiske og moralske kommentarar tilskrivne Konfutse, men truleg sett saman på 200–100-talet f.Kr. Desse kommentarane har lagt grunnen for seinare forståing av Yijing, men legg djupare filosofiske og moralske tankar i teksten enn det han truleg var meint å ha.

Zhou-dynastiet

Zhou-dynastiet var eit dynasti i Kina som kom etter Shang-dynastiet og før Qin-dynastiet. Zhou-dynastiet varte lengre enn noko anna kinesisk dynasti.

Zhu Xi

Zhu Xi (1130–1200) var ein kinesisk tenkjar, historikar og kommentator som levde under Song-dynastiet. Han er rekna som den mest innverknadsrike rasjonalistiske neo-konfutsianske tenkjaren i Kina, og har hatt nesten like stor innverknad på kinesisk tenking som Konfutse.

Zhu Xi peikte ut Dei fire bøkene i konfutsianismen som særskild viktige, samla alle grunnlegjande konfutsianske omgrep, og hevda ein framfor alt måtte «undersøka ting» (gewu).

Zisi

Zisi (ca. 481–402 f.Kr.) var barnebarn av Konfutse og er rekna å vera opphavsmann til Læra om midten, ei av dei fire bøkene i konfutsianismen.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.