Kommune

Ein kommune er eit mindre administrativt område i eit land. Ordet «kommune» kjem av fransk commune, som blei til under den franske revolusjonen. Commune kjem igjen frå latinsk communia til communis. Det latinske ordet tyder ‘felles’ eller ‘sams’.

I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar.

Noreg

Sjå den utdjupande artikkelen Norske kommunar

I Noreg er kommunestyret det øvste politiske organet i kommunen, og det blir vald ved kommune- og fylkestingvalet kvart fjerde år. Då vel lokalbefolkinga, det vil seie kommunen sine innbyggarar, representantar til kommunestyret. Deretter vel kommunestyret ordførar, og han eller ho kjem som oftast frå det største partiet og har fleirtalet i kommunestyret bak seg. Kommunane har òg ein administrasjon med fast tilsette. Den administrative sjefen blir kalla rådmann.

Kommunane vart innført med formannskapslovene frå 1837 og landet vart delt i 392 geografiske område med basis i prestegjelda. Talet på kommunar var størst i 1930 med 747 kommunar. I 2008 var det 430 kommunar i Noreg.

Eit ord som har vore mykje nytta på norsk i staden for kommune er «herad» (nynorsk) eller «herred» (dansk eller bokmål).

Kommuneomgrep i nokre land

Land Kommuneomgrep
Flag of Argentina.svg Argentina municipio
Flag of Bahrain.svg Bahrain بلدي
Flag of Belgium (civil).svg Belgia gemeente / commune / gemeinde
Flag of Bolivia.svg Bolivia municipio
Flagget til Kurdistan Kurdistan i Irak شاره‌وانی
Flag of Brazil.svg Brasil município (ved Distrito Federal deler ein inn i administrative regionar)
Flag of Canada.svg Canada municipality (engelsk) municipalité (fransk)
Flag of Chile.svg Chile municipio eller comuna
Flag of Colombia.svg Colombia municipio
Flag of Costa Rica.svg Costa Rica cantón
Flag of Denmark.svg Danmark kommune
Flag of Ecuador.svg Ecuador cantón
Flag of El Salvador.svg El Salvador municipio
Flag of the Philippines.svg Filippinane baranggay
Flag of Finland.svg Finland kunta / kommun
Flag of France.svg Frankrike commune
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane[1] kommuna
Flag of Belgium (civil).svg Belgia commune / gemeente / gemeinde
Flag of Greenland.svg Grønland[1] kommuneaqoue
Flag of Greece.svg Hellas Δήμος
Flag of Honduras.svg Honduras municipio
Flag of Iceland.svg Island sveitarfélag
Flag of Italy.svg Italia comune
Flag of Cyprus.svg Kypros Δήμος/Belediye
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg commune
Flag of Mexico.svg Mexico municipio (ved Mexicos føderale distrikt deler ein inn i delegaciones)
Flag of the Netherlands.svg Nederland gemeente
Flag of Norway.svg Noreg kommune
Flag of Paraguay.svg Paraguay distrito
Flag of Peru.svg Peru provincia og distrito
Flag of Poland.svg Polen gmina
Flag of Portugal.svg Portugal município / concelho
Flag of Puerto Rico.svg Puerto Rico municipio
Flag of Spain.svg Spania municipio (concejo)
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia district i England
Flag of Switzerland.svg Sveits (politische) Gemeinde, commune, comune m.m.
Flag of Sweden.svg Sverige kommun
Flag of Germany.svg Tyskland Gemeinde
Flag of the United States.svg USA city, borough i Alaska og parish i Louisiana
Flag of Venezuela.svg Venezuela municipio

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Færøyane og Grønland tilhøyrer Danmark.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Norske kommunar

Danske kommunar

Svenske kommunar

Administrasjonssenter

Administrasjonssenter blir brukt som nemning på ein stad der ein finn tenesteyting, avgjerdstaking og administrasjon for eit område, som ein kommune, provins eller region. Ofte er det snakk om ein geografisk stad, til dømes eit kommunesenter, men omgrepet kan også brukast om eit organisasjonsledd som har ein eller fleire av desse funksjonane.

Asker kommune

Asker kommune er ein kommune i Akershus fylke, med grenser til Bærum, Røyken og Lier. Folk frå Asker vert kalla «askerbøringar». Namnet «Asker» kjem opphavleg av treslaget ask.

Kommunevåpenet frå 1964 syner tre stiliserte «askekallar», som er den lokale nemninga for gamle styv-askar, slike asketre som i årevis har vorte hausta for lauv og greiner til dyrefôr. Vegen framfor Asker kyrkje mot Jansløkka skule er kanta av ein om lag to hundre år gamal allé av meir eller mindre livskraftige askekallar, nokre av dei eldste trea i kommunen.

Asker kommune vil i 2020 verte slege saman med kommunane Røyken og Hurum til den nye Asker kommune.

Bergen kommune

Bergen kommune er ein kommune i Hordaland fylke. Kommunen vert styrt etter prinsippet om byparlamentarisme, med eit byråd som utøvande organ. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Bergen, som òg er sete for fylkesmannen i Hordaland fylke, og for administrasjonen i Hordaland fylkeskommune.

Kommunen fekk sine noverande grenser i 1972, då kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slegne saman til storkommunen Bergen. Samstundes vart Bergen, som fram til då var eit eige fylke, innlemma i Hordaland fylke.

Bergen kommune i dag ligg på Bergenshalvøya saman med Os kommune. Bergenshalvøya er knytt til resten av fastlandet via kommunane Vaksdal og Samnanger. Via fjordar har Bergen også grenser til fleire andre kommunar i Hordaland fylke: Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Meland og Osterøy.

Kommunen er med 000000000279792.0000000000279 792 innbyggjarar den nest mest folkerike i Noreg. Handel, skipsfart, verkstadsindustri og offentleg administrasjon har tradisjonelt vore dei viktigaste næringane i Bergen. I dei siste tiåra har petroleumsrelatert verksemd også vorte ei viktig næring.

Namnet «Bergen» kjem av norrønt Bergvin/Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, 'berg', og vin, 'eng', slik at namnet kan tolkasttil 'den grønn enga mellom fjella'.

Dei eldste delane av byen finn ein i Vågsbunnen og mot Holmen, det vil seia det området som i dag heiter høvesvis Bryggen og Bergenhus.

Bærum kommune

Bærum er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen har i sørvest grense til Asker kommune i Akershus fylke og Lier kommune kommune i Buskerud fylke, i nordvest til Hole og Ringerike i Buskerud fylke, i nordaust til Oslo med mellom anna Lysakerelva som grense, og i søraust til Nesodden kommune med grense i Oslofjorden. Kommunen har kystline mot Oslofjorden, og fleire av øyane i fjorden ligg til kommunen.

Namnet på kommunen kjem av norrønt Bergeimr eller Bergeimsherað, som truleg har vore eit bygdenamn, samansett av berg og heim. Kommunevåpenet syner ei stilisert utgåve av ein gamal kalkbrenningsomn av det slaget som står restaurert og freda på Brønnøya i Asker kommune, og har å gjere med at kalkbrenning var ei viktig verksemd i Bærum i tidlegare tider.

Til liks med grannekommunane Asker og Oslo er mesteparten av kommunen skog og utmark som for det meste høyrer til det administrative området som har nemninga Oslomarka; berre ein firedel av arealet er rekna som tettbygd. Arbeidsplassane ligg for det meste attmed fjorden på strekninga frå Lysaker på grensa til Oslo og sørvestover til og med Sandvika, med mellom anna ein konsentrasjon i og i kring Lysaker og på det nedlagte flyplassområdet Fornebu på halvøya Snarøya.

Administrasjonssentrum i kommunen er Sandvika, ein tettbygd stad med bystatus i den sørvestre luten av kommunen. Her ligg òg fleire statlege institusjonar som er sams for Asker kommune og Bærum kommune, som til dømes hovudkontoret for Asker og Bærum politidistrikt, Asker og Bærum tingrett, Sykehuset Asker og Bærum, likningskontor osb. Dei to kommunane Bærum og Asker har elles gått saman om slike kommunale oppgåver som brannstell og vassforsyning. Saman med Asker og Oslo høyrer Bærum inn under Oslo bispedøme av Den norske kyrkja.

Aust i Bærum ligg Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt, som under den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen vart kjend som krigsfangelægeret Grini.

Drammen

Drammen er ein by og administrasjonssenteret i Drammen kommune i Buskerud fylke. Byen ligg ved utløpet av Drammenselva i Drammensfjorden, like sør for Oslo, og strekkjer seg vest-aust langs elva og vidare langs fjorden, langs Vestfoldbanen og E 18 sørover til Skoger, i tillegg til Konnerud. Byen blei til ved munningen av elva, med Bragernes nord for munningen, og Strømsø på sørsida. Folketalet i byen voks gjennom heile 1800-talet, særleg da det blei skipa bedrifter som foredla treverk. Veksten var meir moderat etter år 1900.

Drammen tettstad har med tida vakse ut over kommunegrensene og inkluderer også busetnad i kommunane Røyken, Lier, Øvre Eiker og Nedre Eiker. Samla har tettstaden eit folketal på 116 446 innbyggjarar per 1. januar 2017. Drammen er sete for fylkesmannen i Buskerud.

Europaveg 6 i Noreg

Europaveg 6 i Noreg (E 6) er ein norsk stamveg som går mellom Svinesund og Kirkenes. Vegen er kring 2630 km lang, og ein del av europaveg 6.

E 6 følgjer traseen Svinesund, Sarpsborg, Oslo, Hamar, Lillehammer, Dombås, Trondheim, Stjørdal, Skogn, Steinkjer, Grong, Mosjøen, Mo i Rana, Rognan, Fauske, så vidare opp over Hamarøya med ferje frå Bognes til Skarberget over Tysfjorden til Ballangen, Narvik, Setermoen, Alta, Olderfjord, Lakselv, Karasjok, Varangerbotn, Kirkenes.

Fana

Sjå òg Fana i Mali

Fana er ein bydel i Bergen, med om lag 37 000 innbyggjarar (2010). Fram til 1. januar 1972 var han ein eigen kommune, som vart slått saman med Bergen kommune 1. januar 1972, saman med Arna, Laksevåg og Åsane. Han hadde då 44 402 innbyggjarar. Fana er med sine 176,5 km² den geografisk største bydelen i Bergen, og den av bydelane som har mest jordbruk att, samstundes som han er bydelen med størst folkevekst.

Nesttun var kommunesenter fram til samanslåinga, og sidan bydelssenter fram til bydelsadministrasjonen blei nedlagt sommaren 2004.

Gulen kommune

Gulen kommune ligg sørvest i Sogn og Fjordane og grensar i nord til Solund og Hyllestad, i aust til Høyanger og i sør til Austrheim og Masfjorden i Hordaland. Kommunen har ei rik soge. Namnet kjem frå det norrøne Guli, dativ Gula. Gulatinget vart skipa på Guløy,

på 800-talet.

Steinkrossane i Eivindvik er motivet i kommunevåpenet.

Herad

Herad, norsk ord mest nytta i nynorsk skriftmål. Bokmålsforma er «herred». Forma herred er òg nytta i samanstillinga «herredskommune».

Ordet «herad» kjem frå norrønt herað; Ei tyding av ordet er «bygd», som i namna «Krødsherad» og «Kvinnherad». Ei anna tyding av ordet er frå mellomalderen, særleg på Austlandet, der det kan tyde tingkrins med særskilt heradsting (vanleg på Island). I islandske lover er ordet mest nytta om tinglaget. Føraren for Heradet var gjerne kalla ein herse.

Ei tredje tyding er frå 1863, der eit herad er eit fast avgrensa geografisk område på landet som blir administrert som ei eining og med lokalt sjølvstyre; ein landkommune. Skiljet mellom by- og heradskommune vart oppheva i kommunelova av 25. september 1992.

Nokre norske kommunar nyttar nemninga «herad» i staden for kommune i det offisielle namnet sitt:

Granvin herad

Kvam herad

Ullensvang herad

Ulvik heradI tillegg har nokre kommunar «herad» i namnet:

Kvinnherad kommune

Sauherad kommune

Krødsherad kommune

Tidlegare Gransherad kommune

Herad kommune (i dag ein del av Farsund kommune).Herad er òg nytta som namn på eit lokalt område:

Herad i Gol kommune

Kommunar i Hellas

Ein kommune (gresk δήμος, dimos) er ei administrativ inndeling i Hellas. Etter den administrative reforma i 2010 er landet delt inn i 13 periferiar, som igjen er delt inn i 74 periferieiningar. Innanfor kvar periferieining er talet på kommunar kraftig redusert, slik at det no er i alt 325. Mange av kommunane er delte inn i mindre kommunaleiningar, som svarer til dei tidlegare kommunane.

Kristiansand

Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Vest-Agder med 61 536 innbyggjarar per 1. januar 2017. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Vest-Agder fylkeskommune.

Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.

I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.

I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.

Lom kommune

Lom kommune ligg i Ottadalen i Oppland fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane. Kommunen har sine noverande grenser frå 1866, då Skjåk vart skilt ut som eigen kommune.

Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, òg kalla fjellbygda Lom. Lokalavisa er Fjuken, som òg dekkjer dei to andre kommunane i Ottadalen.

Luster kommune

Luster er ein kommune i Sogn i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er den største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Den ligg i Lustrafjorden inst i Sognefjorden.

Luster kommune består i dag av dei tidlegare herreda Luster, Hafslo og Jostedal.

Storen på 2405 moh., det høgste fjellet i Sogn og Fjordane og det tredje høgste fjellet i Nøg, markerer kommunegrensa.

Røros kommune

Røros (sørsamisk Plassje) er ein kommune i Trøndelag fylke som grensar i nord til kommunane Tydal og Holtålen, i sørvest til Os og Engerdal i Hedmark fylke og i aust til Härjedalen i Sverige. Røros er kjend for Røros Kobberverk og dei gamle trehusa sine.

Kommunen har tre tettstader - Røros, Brekken og Glåmos. Tettstaden Røros har aldri hatt status som by, men som bergstad. Røros bergstad og Circumferensen er del av UNESCO si liste over verdsarv.

Han er òg ein av dei kaldaste stadene i Noreg, med ein kulderekord på –50,4 °C.

På grunn av gruveindustrien har Rørosmålet vorte påverka frå fleire ulike hald, mellom anna av tysk. Staden vart heilt attoppbygd etter at han var øydelagd av svenske troppar i 1679.

Røros' historie er skildra i romanar av forfattaren Johan Falkberget. Rørosmartnan går føre seg i Røros i februar kvart år.

Frå 1. juli 2018 er Røros kommune innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, som den fjerde frå sørsamisk område, og er dermed offisielt tospråkleg norsk og samisk.

Stavanger

Stavanger er ein by i Rogaland fylke og administrasjonssenteret i Stavanger kommune. Byen ligg på vestsida av munningen til Gandsfjorden og femner i tillegg øyane nord for munningen. I nyare tider er han kalla «oljebyen», og Statoil har hovudkontor på Forus 10 km sør for bysenteret.

Stavanger er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Rogaland. Byen er bispedøme og her er kontora til Rogaland politikammer, Ryfylke sorenskriveri og Stavanger tingrett. Av statlege og halvstatlege institusjonar i byen kan nemnast Statsarkivet i Stavanger, Oljedirektoratet, Statoil, avdeling av Noregs Bank og Noregs sjøkartverk, avdeling av Statens kartverk. Universitetet i Stavanger blei oppretta i 2005 med tre fakultet for teknisk-naturvitskaplege, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Store delar av verksemda ligg på Ullandhaug. I nærområdet ligg forskingsinstitusjonen IRIS. I Bjergstedparken ligg mellom anna universitetsavdelinga for kunstfag, administrasjonen til Stavanger Symfoniorkester og Stavanger Konserthus. Stavanger Universitetssjukehus ligg sør for Våland.

Stavanger by hadde 129 300 innbyggjarar den 1. januar 2015. Byen utgjer saman med Sandnes kommune, Sola kommune og Randaberg kommune ein samla folkemasse på 220 943 innbyggjarar per 1. januar 2017, og Stavanger/Sandnes er landets tredje største tettstad.

Stavanger kommune

Stavanger er den fjerde største bykommunen i Noreg, og ligg sørvest i landet, midt mellom Nord- og Sør-Rogaland. Han er det administrerande, økonomiske og kulturelle senteret i fylket.

Stavanger sentrum er lite og kompakt. Vågen, der ein tidlegare lasta og lossa skip, er no det sosiale samlingspunktet i byen, med torg, ei rekke serveringsstader, og kai for fritidsbåtar. Stavanger domkyrkje har utsikt over Vågen på ei side og Breiavatnet på den andre. På andre sida av vatnet ligg Rogaland Teater og fleire museum. Smale brusteinsgater og kvite trehus pregar det som er igjen av den gamle byen, men det finst òg bygningar av betong og glas som fortel om ei ny tid.

Tromsø

Tromsø er ein by og administrasjonssenteret i Tromsø kommune i Troms fylke. Byen har 38 980 innbyggjarar per 1. januar 2017. Kommunen Tromsø har eit folketal på 000000000075638.000000000075 638 og er den mest folkerike kommunen i Nord-Noreg.

Tromsø ligg i hovudsak på Tromsøya, som har tre faste samband. Byen er knytt til fastlandet via Tromsøbrua over Tromsøysundet, som er eitt av dei mest kjende landmerka i byen, og Tromsøysundtunnelen som går 100 meter under same sund. Til Kvaløya vest for Tromsøya er det samband via Sandnessundbrua. Jorda under byen er gjennombora av eit effektivt tunnelsystem for biltrafikk mellom sentrum, dei sørlege delane av byen og flyplassen, Tromsø lufthamn.

Voss kommune

Voss kommune er ein kommune nordaust i Hordaland fylke. Kommunen grensar i vest til Vaksdal kommune, i sør til Kvam herad og Granvin herad, i aust til Ulvik herad, og i nord til Aurland kommune og Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964 då dei tidlegare kommunane Voss, Vossestrand og Evanger vart slegne saman.

Voss er ein innlandskommune og eit trafikknutepunkt, og er med 1 805 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland fylke. 91 % av arealet er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Kommunen er populær for skigåing og bygda har fostra fleire kjende skiløparar. Nord for Vossavangen ligg skiområda med Voss fjellheisar. Dei seinare åra er det også bygd skitrekk og skiløyper i Myrkdalen, vel 2 mil frå kommunesenteret i samband med utbygginga av Voss Fjellandsby.

Ein person frå Voss vert kalla ein vossing (i eldre tid «ein voss» (m), «ei vossa» (f)) og «vesser» (fleirtal).

Ålesund

Ålesund er ein by og administrasjonssenter i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden strekkjer seg òg over kommunegrensa til Sula kommune.

Tettstaden Ålesund strekkjer seg såleis over alle dei sentrale øyane som Ålesund består av, frå Hessa, via Aspøya, Nørvøya, Oksnøya og deretter over Vegsundet til øya Sula og Sula kommune, og deretter langs mesteparten av Sula til Langevåg.

Ålesund hadde 47 772 innbyggjarar pr 1. januar 2011. Av desse budde 39 367 i Ålesund kommune, og 7 104 i Sula kommune.

Kystbyen er ei av verdas største eksporthamner for klippfisk og har ei travel fiskerihamn midt i sentrum med sal av fersk fisk og reker. Ålesund huser eitt av fylket sine to eliteserielag i fotball, Aalesunds FK.

Ålesund er internasjonalt kjend for sin særprega arkitektur i jugendstil med tårn, spir og fantasifulle ornament på husfasadane. Arkitekturen i sentrum av Ålesund er resultatet av den katastrofale bybrannen i 1904, då heile sentrum blei lagt aude. Arkitektane som var med i gjenreisinga, var unge, norske og inspirert av dåtida sin moderne byggestil, i tillegg til nasjonale og nasjonalromantiske impulsar. Difor har byen ein unik plass i norsk arkitekturhistorie og er med i eit europeisk nettverk for art nouveau saman med mellom anna Glasgow, Nancy, Wien, Barcelona, Brussel og Riga.

Ålesund er i dag ein by i vekst; innbyggartalet har auka frå 35 000 (1993) til 43 000 (2009), og ein forventa det vil passere 50 000 innan 2018. Byen har vakse saman med nabokommunane Sula og Giske som ligg tett til Ålesund då dei undersjøiske tunnelane gjer at folk kan køyre til Ålesund sentrum i løpet av 5-15 minutt. Med om lag 200 butikkar og 60-70 serveringsstader, er Ålesund sentrum det største handels- og servicsenter mellom Bergen og Trondheim.Ålesundregionen er den største byregionen mellom Bergen og Trondheim og er eit kjerneområde på Sunnmøre når det gjeld næringslivsaktivitet og folkesetnad og fungerer som eit teneste- og kommunikasjonsknutepunkt for heile regionen.

Ålesund er og hovudby i regionrådet Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU), ein region med over 100 000 innbyggarar.

Ålesund ligg omtrent midt mellom Bergen og Trondheim (Ca 3 mil kortare til Bergen).

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.