Khuzestan

Khuzestan (persisk skrift خوزستان) er ein av tretti provinsar i Iran. Provinsen har eit areal på 107 029 km². I 2006 hadde han 4 274 979 innbyggarar. Administrasjonssenteret ligg i byen Ahvaz.

Khuzestan in Iran
Provinsen Khuzestan i Iran

Kjelder

Aserbajdsjansk historie

Aserbajdsjan (aserbajdsjansk Azərbaycan) er eit land i Kaukasusområdet i Eurasia. Landet grensar til Kaspihavet i aust, den russiske republikken Dagestan i nord, Georgia i nordvest, Armenia og Tyrkia i sørvest og Iran i sør. Innbyggjarane i Aserbajdsjan er etnisk varierte, men flesteparten er aserbajdsjanarar, eit tyrkisk folkeslag som utgjer om lag 9 millionar menneske i den sjølvstendige republikken Aserbajdsjan.

Under medisk og persisk styre tok mange kaukasiske albanarar til seg parsismen og konverterte så til kristendomen før dei muslimske arabarane og dei meir viktige muslimske tyrkarane tok over. Tyrkarane trur ein kom i små grupper av ghazi-krigarar som erobra området og tyrkifiserte innbyggjarane, som tok til å snakke tyrkiske språk og konverterte til islam i løpet av ein periode på fleire hundreår.Etter meir enn 80 år under Det russiske imperiet, vart Den aserbajdsjanske demokratiske republikken grunnlagd i 1918. Staten vart invadert av sovjetiske styrkar i 1920 og vart verande under sovjetarane fram til Sovjetunionen braut saman i 1991.

Elam

Elam var eit oldtidsrike aust for Sumer og Akkad, i det som no er Khuzestan i Iran og tilstøytande område i naboprovinsar og sørlege Irak. Riket varte i rundt tre tusen år, frå ca. 2400 f.Kr. til det blei okkupert av Assyria i 646 f.Kr.. Hovudstaden heitte Susa, og ruinane av denne byen liger rundt 35 mil aust for Bagdad.

Fellipe Bertoldo

Fellipe Bertoldo (fødd 5. januar 1991) er ein austtimoresisk fotballspelar.

Irak-Irankrigen

Iran–Irak-krigen, òg kalla den første golfkrigen, var ein krig mellom Iran og Irak som varte frå 22. september 1980 til 20. august 1988. Han blei ofte omtala som golfkrigen før Irak–Kuwait-konflikten (1990–91) som blei kjent som den andre golfkrigen, men etterkvart berre blei kalla golfkrigen.

Krigen byrja då Irak invaderte Iran 22. september 1980. Invasjonen såg i byrjinga ut til å være ein suksess for irakarane, men etter kort tid vart dei slegne attende og konflikten utvikla seg til en lang utmattingskrig. Krigen forandra for alltid politikken i området; han hadde konsekvensar for global politikk og førte til den irakiske invasjonen av Kuwait i 1990.

Iran

Iran, før 1934 kalla Persia, er eit land vest i Asia, i Midtausten. Det grensar til Pakistan og Afghanistan i aust, Turkmenistan, Aserbajdsjan og Armenia i nord og Tyrkia og Irak i vest. Iran har kystlinje langs Persiabukta og Omanbukta i sør og mot Kaspihavet i nord.

Iran er eit land utan ein titulær hovudgruppe på grunn av ein etnisk sett svært samansett folkesetnad, med eit kulturelt og lingvistisk mangfald som er sameint under ein nasjonal identitet basert på standardisert farsi som fellesspråk. Dette inkluderer ti folkegrupper, mellom desse persarar, kurdarar, lurarar, bakhtiararar, gilakarar, masendaranarar, arabarar, balutsjarar, aserbajdsjanarar og turkmenarar.

Pågåande væpna konfliktar

Dette er ei liste over noverande væpna konfliktar.

Tal på drepne vart sist lagt til artikkelen i august 2019.

Sen

Sen eller SEN kan visa til:

Sene i kroppen

Shatt al-Arab

Shatt al-Arab (arabisk: شط العرب, «arabarstraumen») eller Arvand (kalla اروندرود: arvandrūd på persisk), òg kalla Shatt-al-Arab-vassvegen, er ei 200 km lang elv i Sørvest-Asia, danna av Eufrat og Tigris, som renn saman i byen al-Qurnah i det sørlege Irak. Den sørlege enden av elva utgjer grensa mellom Irak og Iran ned til munningen av elva der ho renn ut i Persiabukta. Ho varierer i breidd frå 37 meter ved Basra til 800 meter ved munningen. Karun-elva, ei sideelv som sluttar seg til Shatt al-Arab frå den iranske sida, fører med seg store mengder leire i elva. Dette gjer det naudsynt å stadig drenere elva for å gjere ho seglbar. Ein trur at Shatt al-Arab er danna relativt nyleg, då Tigris og Eufrat opphavleg rann ut i bukta via ein kanal lenger vest.

Territoriale krav og usemje over navigasjonsrettar mellom Iran og Irak var blant hovudfaktorane for Iran-Irak-krigen som varte frå 1980 til 1988, då ein enda opp med same situasjon som før 1980. Dei irakiske byane Basra og Umm Qasr ligg langs elva, begge er viktige hamner, i tillegg til dei iranske byane Abadan og Khorramshahr.

Susa

Susa var ein by i oldtidsrika Elam, Persarriket og Partia. Ruinane etter byen ligg ved foten av Zagrosfjella rundt 25 mil aust for Tigris, mellom elvane Karkheh og Dez. Ved staden ligg no den moderne småbyen Shush i Khuzestan i Iran.

Susa høyrer til blant dei eldste byane i verda. Arkeologiske utgravingar har vist spor etter bybusetnad her som er rundt 6000 år gamle. Byen var hovudstad i Elam til han blei øydelag av assyrarkongen Assurbanipal i 640-åra f.Kr. Han blei deretter erobra av dei persiske Akamenidane, og gjenreist av Darius den store, som også hadde byen som hovudstad.

Susa blei seinare erobra av Aleksander den store og gjort til del av Selevkideriket. Han var viktig fram til 1200-talet.

Zagros

Zagrosfjella (farsi رشته كوه زاگرس, kurdisk زنجیره‌چیای زاگرۆس, Çiyayên Zagrosê, lurisk کۆیەلی زاگروس, gammalsyrisk ܛܘ̣ܪܵܢܹܐ ܕܙܵܓܪܘ̇ܣ, arabisk جبال زغروس, nyarameisk ܛܘܪ ܙܪܓܣ,) er den største fjellkjeda i Iran, Irakisk Kurdistan og det søraustlege Tyrkia. Fjellkjeda har ei samla lengd på 1 500 km og byrjar nordvest i Iran, nær den vestlege grensa i landet. Ho strekkjer seg vestover og sørvestover over heile Det iranske platået og endar ved Hormuzsundet. Det høgaste punktet i Zagrosfjella er Dena.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.