Keramikk

Keramikk er ulike typar leirgods gjort haldbart ved brenning, til dømes leirtøy, steintøy, tegl, terrakotta, fajanse, majolika, raku og porselen. Ei rekke bruksgjenstander og kunst er laga som keramikk.

Ordet keramikk kjem frå det greske keramos, 'leire'.[1] Ein person som driv med keramikk blir kalla keramikar eller i eldre språkbruk pottemakar.[2]

Eigenskapane til keramikken kjem mellom anna an på kva type leire ein bruker og kva temperatur ein brenn godset ved. Ein skil mellom porøst gods, som ein brenn ved kring 1000 °C, og sintra gods, som ein brenn ved 1100 °C og høgare.[3]

Sialk pot
Keramikkrukke frå 3000-talet f.Kr.

Kjelder

  1. «keramikk» i Nynorskordboka.
  2. «pottemakar» i Nynorskordboka.
  3. Opstad, Lauritz (26. juni 2019). «keramikk». Store norske leksikon (på norsk).
Alicante

Alicante (katalansk-valensiansk: Alacant, spansk: Alicante) er ein by i Spania. Byen er provinshovudstad i provinsen Alicante i den sørlege delen av Valencia ved Middelhavet. Alicante er ein viktig hamneby. Folketalet i Alicante by er kring 330 000 og i storbyområdet, Stor-Alicante, bur det kring 750 000 innbyggjarar. Alicante er dermed det åttande største byområdet i Spania.

Alicante er ein av dei raskast veksande byane i Spania. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme og produksjon av vin. I tillegg til vin eksporterer byen òg olivenolje og frukt. Industrien i Alicante produserer mellom anna næringsmiddel, lêr, tekstilar og keramikk.

Byen er hovudsete for kontoret for harmonisering den indre marknaden i EU (Harmonisation in the Internal Market, (OHIM).

Assemini

Assemini, på sardinsk Assèmini, er ein by og ein kommune i provinsen Storbyområdet Cagliari i regionen Sardinia i Italia, i kring 12 kilometer nordvest for byen Cagliari. Kommunen har vel 26 000 ibuarar og dekker eit flatemål på 117,5 km².

Assemini ligg på ei slette danna av elevane Cixerri, Flumini Mannu og Sa Nuxeddas. Byen har tusenårige tradisjonar for produksjon av keramikk, heilt tilbake til den tida kartagarane rådde i området.

Baleshare

Baleshare (skotsk-gælisk Baile Sear) er ei flat tidvassøy i Ytre Hebridane i Skottland.

Baleshare ligg sørvest for North Uist. Økonomien og samfunnet nøyt godt av ei vegfylling som vart bygd til øya i 1962. Den 350 meter lange vegfyllinga vart bygd av William Tawse Ltd. Øya er særs flat samanlikna med resten av Hebriadne, og er berre 12 meter over havet på det høgaste. Ho er òg kjend for dei lange sandstrendene. I 2001 budde det 49 menneske på øya i dei to busetnadane Samhla og Teananachar.

Namnet på dei to grendene tyder «austgarden» og «austbyen». «Vestbyen» kan ein gong ha eksistert vest på Baleshare, men vestsida av øya vart vaska bort på 1500-talet, og det var då mogeleg å gå over til Monach Islands ved lågvatn. Monachs-øyane ligg 15 km mot vest. Ei anna soge fortel at det ein gong var ei landbru over til Kirkibost, 100 meter mot nord.Det er funne spor etter to førhistoriske busetnader, med restar av eit sirkelforma steinhus og delar av keramikk, bein og metall. Som med andre stader i området er dei truga av kysterosjon.

Elektrisk isolator

Elektrisk Isolator eller isolator er eit omgrep for stoff som ikkje leiar straum. Material som glas, keramikk, papir og plast har dårlege eigenskapar som leiarar. Dette fordi grunnstoffa inneheld atom utan frie elektron. Utan elektron som kan «flytte» seg ut av atomet, kan ikkje materialet leie straum.

Fajanse

Fajanse er ein type keramisk gods. Kjenneteiknet på fajanse er ein blyglasur som er tilsett tinnoksid, noko som gjer glasuren ugjennomsiktig (opak) kvit. Godset under glasuren er eit porøst leirgods, ofte med guleg farge.

Ordet fajanse kjem truleg frå den italienske byen Faenza der det frå 1400-talet var rik fajanseproduksjon.

Fajanse har i norsk også vorte brukt om engelsk flint, eit kvitt gods med gjennomsiktig glasur, til dømes gods frå Egersund Fayancefabrik som aldri har produsert fajanse av den eigentlege sorten.

Feltspat

Feltspat er den mest viktige bergartsformande gruppa av mineral og utgjer opp til 60 % av jordskorpa. Feltspatane er essensielle i magmatiske bergartar der mengde og type brukast i klassifiseringa. Feltspatane krystalliserer frå magma både i djupbergartar og dagbergartar. Dei kan òg opptre som kompakte mineral, i gangar og finst i metamorfe bergartar og mange sedimentære bergartar.

Feltspatane kan vere fargelause til kvite og lys grå, men det finst òg variantar som er brune, gule, raude, grøne og svarte.

Glasur

Glasur (frå tysk, avledidd av glas) er eit glatt dekke på keramikk laga av knuste mineral. Glasuren gjev det keramiske produktet ein sterk, vasstett og dekorativ overflate.Glasuren blir som regel påført etter første brenning av keramikken. Alt etter føremål, eigenskapar og farge har han varierende sammensetning.

Iž (italiensk Eso) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten Kroatia. Ho ligg nær Zadar, mellom Ugljan i nordaust og Dugi Otok i sørvest. Ho har eit areal på 17,59 km² og eit folketal på 557. Ho er stort sett bygd opp av kalkstein og dolomitt. Øya har vore busett sidan førhistorisk tid. Det er ei katolsk kyrkje frå 1000-talet på øya, og spor etter dei første kroatane går tilbake til år 1266. Dei to største busetnadane (Iž Veli og Iž Mali) ligg aust på øya. Hovudnæringane på øya er fiske, dyrking av oliven, keramikk og turisme.

Leire

Leire er ein finkorna jordtype, som består av meir enn 15 % (vekt) partiklar med ein diameter på mindre enn 0,002 mm. Ved teksturanalyse av jordtypar er leirfraksjonar dei mest finkorna. Når leira opptar vatn, svulmar ho opp. Samtidig skjer det ei omfordeling av elektrona på overflata, slik at kvar partikkel får ein negativ ladning. Dette gjer, at

leire er plastisk når ho er våt, og kan enkelt formast. I tørr tilstand blir ho stiv og ved oppvarming skjer det permanente fysiske og kjemiske reaksjonar som forandrar leira til eit keramisk materiale. På grunn av desse eigenskapane kan leire brukast til å lage keramikkgjenstandar til både nyttige og dekorative formål. Døme er murstein, tegl, porselen og keramikk.

Kvikkleire er ein type marin leire som finst i istidsavsetningar i Noreg, Canada og Sverige. Det er ein ustabil leire som lett blir flytande og som har forårsaka mange dødlege jordskred.

Levkosía

Lévkosía (gresk Λευκωσία, tyrkisk Lefkoşa) eller Nikosia, engelsk og eldre norsk Nicosia, på gresk òg Χώρα (Khóra), er hovudstaden og den største byen på Kypros. Han ligg ved elva Pediéos om lag midt på øya. Levkosía er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.Den tyrkiske invasjonen i 1974 okkuperte 36 % av øya og delte hovudstaden i to. Etter det har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktet Lefkoşa. Dei tyrkiske kypriotane nyttar byen som hovudstad i Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.

Levkosía er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I den sørlege forstaden Latsiá ligg Kypros universitet.

Pottemakeri

Pottemakeri er det å tilverkna leire til ulike gjenstandar, kalla keramikk. Ein som lagar slike gjenstandar blir kalla pottemakar eller keramikar. Eit pottemakeri kan også vera verkstaden til ein pottemakar.

Pottemakeri er ein av dei eldste teknologiane og kunstformene me kjenner til. Det er kjend frå store delar av verda, og er framleis ein viktig industri i dag.

Rashaya distrikt

Rashaya distrikt (arabisk قضاء راشيا) er eit administrativt distrikt i Beqaa guvernement i Libanon.

Dei fleste av innbyggjarane i Rachaya er drusarar med ein kristen minoritet. Mange innbyggjarane i Rachaya har flytta til større byar i Libanon, som Beirut. Under den libanesiske borgarkrigen, vart ikkje Rachaya like hardt råka som mange andre delar av Libanon.

Rachaya er kjend for keramikk og kyrkjebjøllene som er laga i byen. Byen ligg like ved Anti-Libanonfjella ved grensa til Syria.

Statens håndverks- og kunstindustriskole

Statens håndverks- og kunstindustriskole, forkorta SHKS, er ein tidlegare kunstfagleg høgskule i Oslo, som frå 1996 vart organisert som ein del av Kunsthøgskolen i Oslo. Sommaren 2003 vart denne avdelinga av Kunsthøgskolen delt i to einingar: Fakultet for visuell kunst og Fakultet for design. Skulen tilbyr utdanning innan faga farge, teikning, form, grafisk design og illustrasjon, radér og litografi, tekstil, klede og kostyme, møbel- og innreiingsarkitektur, metall og keramikk. Hausten 2010 vart verksemmda flytt frå lokala skulen opphavleg hadde i Ullevålsveien 5 til dei lokala Kunsthøgskolen har fått i den tidlegare Seglduksfabrikken på Grünerløkka, der heile verksemda til Kunsthøgskolen i Oslo no er samla.

Steinalderen

Steinalderen er ei nemning på den epoken i menneskeslekta si historie da ein hovudsakleg bruka reiskapar av stein og andre naturmateriale, men ikkje metall. Han er den lengste perioden i menneskehistoria, rundt 2,6 millionar år, med ei byrjing i den geologiske epoken pleistocen. Steinalderen har vart i ulik tid innan ulike menneskesamfunn—nokre samfunn har klart seg utan metall fram til våre dagar.

Perioden er den første i menneskehistoria der ein ser utstrekt bruk av teknologi, og ei spreiing av menneske til tidlegare ubebudde område. Han endar med utviklinga av jordbruket, domestisering av dyr og smelting av kopar. Han blir kalla ein førhistorisk periode, i den betydninga at han var forut for den nedskrivne historia.

Steintøy

Steintøy kan også visa til keramiske koppestell.

Steintøy er keramikkprodukt av eldfast leire. Det blir brend to gonger, første gongen ved temperaturar ved undt 1000 til 1100 °C. Terrakotta, fajanse, majolika og flintgods er døme på keramikktypar kalla steintøy. Steingods er keramikk brend ved høgare temperaturar som er mindre porøst.

Steintøy inneheld meir kalk og er dermed meir porøst enn keramikktypar som steingods og porselen. Utan glasur vil det sleppa gjennom vatn.

Stjørdal kyrkje

Stjørdal kyrkje er ei kyrkje i Kimen kulturhus i Stjørdalshalsen i Trøndelag. Kyrkja vart vigsla 30. august 2015.

Sjølve kyrkjesalen er rektangulær, altså langkyrkje, og har 240 sitjeplassar. Fondveggen er utsmykkka av Edith Lundebrekke, altarutstyret (i keramikk) er ved Beathe Lund Kristiansen og liturgiske møbel er formgjevne av Terje Hope.Det er ikkje kyrkjegard ved Stjørdal kyrkje; ein nyttar kyrkjegarden ved Værnes kyrkje.

Sunderland

Sunderland er ein industri- og hamneby i Tyne and Wear i England. Fram til 1974 utgjorde han eit distrikt i Durham, men han vart så innlema i City of Sunderland i Tyne and Wear. Han er dermed ein by innanfor ein annan by, ein situasjon som ikkje er uvanleg i England.

Byen ligg ved munningen til Wear ved Nordsjøen, 15 km søraust for Newcastle upon Tyne. Byen har kring 180 000 innbyggjarar. Tidlegare var byen ei viktig kolhamn med store verft som no er nedlagd. Industri i byen i dag er glas, møbel, keramikk, konfeksjon og elektroteknisk industri. Byen har eit eige universitet. I bydelen Monkwearmouth ligg St. Peterskyrkja, som delvis er frå 600-talet. Sunderland har hatt bystatus frå 1634.

Tromme

Tromme er eit perkusjonsinstrument som vanlegvis er bygd av eit sylindrisk røyr med ein membran trekt over ein eller begge endar. Ein kan få lyd ved å få membranen, eller trommeskinnet, til å vibrera. Trommr er eit av dei eldste og mest utbreidde musikkinstrumenta, og fint i ei rekkje variantar innanfor ulike kulturar og musikktradisjonar.

Trommer vert laga i ei rekkje ulike storleikar og fasongar og frå fleire ulike materiale. Trommekroppen eller korpus er gjerne laga av tre, metall, keramikk, glasfiber eller plast. Skinnet kan vera av anten dyrehud eller syntetiske materiale. Dei fleste trommer har to membranar, der ein kan slå an begge eller berre den eine medan den andre verker som resonansmembran. Trommer der ein slår an begge skinna blir kalla tofellstrommer. Dei fleste trommer kan stemmast, anten ved hjelp av mekaniske innretningar for å strame membranen (stemmeskruer, tauverk) eller ved hjelp av til dømes varme. Ein del tofellstrommer kan ha ulikt stemte trommeskinn.

Ein kan spela tromme ved hjelp av trommestikker, vispar, klubber eller hender. Instrumentet kan brukast som akkompagnement til song og dans og i ei rekkje ulike typar ensemble.

I orkester- og korpsmusikk er skarptromme, stortromme, pauke og mindre perkusjonsinstrument som til dømes tamburin mykje nytta. I sjangrar som pop, rock og jazz, vert ofte fleire ulike typar trommer kombinert i trommesett. Enkeltståande handtrommer, som til dømes bongotrommer, congas eller djembe, er også vanlege i ei rekkje musikkformer.

Zhejiang

Zhejiang (浙江; pinyin Zhèjiāng; lokal uttale Tzekkan /tsəʔkɑ̃/) er ein av dei minste provinsane i Kina og samstundes ein av dei rikaste. Han ligg ut mot Austkinahavet. Frå nordaust til sør grensar han til Shanghai og provinsane Jiangsu, Anhui, Jiangxi og Fujian. Namnet på provinsen kjem frå det som no er elva Qiantang, som tidlegare heitte Zhejiang. Provinsen dekker eit flatemål på 101 800 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 51,8 millionar. Provinshovudstaden er Hangzhou. Av dei særleg velståande byane finn ein òg Wenzhou og Ningbo.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.