Katalansk

Katalansk (Català) er eit romansk språk som truleg blir forstått av om lag 12 millionar menneske i delar av Spania, Frankrike, Andorra og Italia. Men fleirtalet av dei aktive brukarane av katalansk er i Spania, mellom anna sjølvsagt i Catalonia (Catalunya).

Katalansk er altså eit romansk språk, meir spesifikt høyrer til det den austiberiske greina av den iberoromanske greina av den galloiberiske greina av den vestlege greina av den italovestlege greina av den romanske greina av den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Katalansk har mange fellestrekk med både spansk (kastiljansk) og fransk, og blir av somme sett som å liggje «mellom» dei iberiske og dei galliske språka når ein samanliknar dei moderne etterkommarane etter latin.

Overslag over talet på dei som talar katalansk varierer frå fire til tolv millionar. Katalansk blir tala i desse delane av Spania: Catalonia, ei stripe av Aragon, Balearane, Andorra og ein del av Valencia, der dei helst kallar språket valensiansk. Vidare i Roussillon i Frankrike, den sardiniske byen Alghero og ein liten region i Murcia kalla el Carxe. Desse områda blir uformelt kalla «katalanske land».

Katalansk er offisielt einespråk i Andorra, og eitt av dei offisielle språka i dei spanske regionane Catalonia, Balearane og Valencia, pluss i den italienske byen Alghero. Det har ingen offisiell status i Aragon eller andre stader der det blir tala.

Det finst mange dialektar i katalansk som i andre språk. Hovudinndelinga er i to dialektblokker, vest- og austkatalansk.

Spørsmålet om katalansk og valensiansk er to ulike språk eller berre variantar av same språket, har vore omstridd. Det verkar i dette tilfellet vere meir eit spørsmål om kva namn ein vil ha på målet enn reelle skilnader.

Katalansk
(Català)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Italisk
  Romansk
   Galloiberisk
    Iberoromansk
     Austiberisk
Bruk
Tala i: Andorra og delar av Spania, Frankrike og Italia
Område: Europa
Katalansktalande i alt: Over 9 millionar
Skriftsystem: Latin
Offisiell status
Offisielt språk i: Andorra, Catalonia og Balearane i Spania og Alghero i Italia
Normert av: Institut d'Estudis Catalans og Acadèmia Valenciana de la Llengua
Språkkodar
ISO 639-1: ca (katalansk)
ISO 639-2: cat (katalansk)
Wikipedia på katalansk
Catalan in Europe

Historie

Katalansk hadde utvikla seg på 800-talet frå folkeleg latin, på begge sider av den austlege delen av Pyreneeane. I mellomalderen vart katalansk eit viktig språk i Middelhavsområdet. Barcelona var ein svært viktig hamneby i det mektige såkalla aragonesiske imperiet, og språket vart kalla katalansk. Men kring 1500 var det Valencia som dominerte, og nemninga valensiansk vart òg bruka om språket. I løpet av 1500-talet begynte overklassen i Valencia å bruke kastiljansk, men morsmålet overlevde i lågare sosiale lag og på bygdene.

1800-talet, under romantikken, fekk katalansk/valensiansk ein renessanse, også i dei urbane elitane. Effekten av dette ser ein i dag. Under Franco-regimet (1939-1975) var katalansk og andre regionale språk i Spania forbodne. Men etter 1975 har katalansk vorte mykje bruka i politikken, skulen og media i dei områda der han har vorte offisielt språk.

Somme har sett mange likskapspunkt i historia til katalansk og nynorsk. Men ein viktig skilnad som gjer at katalansk foreløpig har lukkast betre, er at den katalanske målreisinga fekk innpass i byar som til dømes Barcelona.

Bakgrunnsstoff

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediakatalansk

Alghero

Alghero (katalansk:l'Alguer og sardisk:S'Alighèra) er ein by i provinsen Sassari nordvest på Sardinia i Italia. Kommunen, som ligg ved Middelhavet, har i kring 41 000 ibuarar og dekker eit areal på 224,4 km².

Andorra

Andorra, offisielt Fyrstedømet Andorra, er eit lite land som ligg mellom Frankrike og Spania i den austlege delen av fjellkjeda Pyreneane.

Andorra i Eurovision Song Contest

Andorra debuterte i Eurovision Song Contest i 2004. Landet deltok kvart år fram til den nasjonale kringkastaren Ràdio i Televisió d'Andorra (RTVA) trekte seg frå tevlinga i 2010. Bidraga vart valt i den nasjonale finalen, Eurovisió, eller av kringkastaren RTVA.

Balearane

Balearane (katalansk og offisielt: Illes Balears; spansk: Islas Baleares) er ei øygruppe vest i Middelhavet, nær kysten av Den iberiske halvøya.

Øygruppa er ein autonom region og ein provins i Spania med Palma som hovudstad. Dei fire største øyane i øygruppa er Mallorca, Menorca, Ibiza og Formentera. Øygruppa har to offisielle språk, spansk og katalansk.

Catalonia

Catalonia er eit historisk område i det nordaustlege Spania, som i dag dannar ein autonom region. Catalonia grensar til Frankrike og Andorra i nord, Middelhavet i aust, Valencia-regionen i sør og Aragón i vest. Kystlinja er 580 km lang.

Regionen har 7,3 millionar innbyggjarar, og regionshovudstaden er Barcelona. Catalonia er den regionen i Spania med størst industriell produksjon.

Dei offisielle språka i regionen er katalansk, spansk, aranesisk (ein dialekt av oksitansk) og katalansk teiknspråk.

Namnet til Catalonia på katalansk er Catalunya, på oksitansk Catalonha, på spansk (kastiljansk) Cataluña, og på fransk Catalogne.

Eurovision Song Contest 1968

Eurovision Song Contest 1968 (ESC 1968) var den trettande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Royal Albert Hall i London i Storbritannia. Finalen fann stad onsdag 6. mars. Spania vann konkurransen med songen «La, la, la», framført av Massiel.

Juan Manuel Serras som eigentleg skulle framførte songen «La, la, la» for Spania, ville synge songen på katalansk som ein protest med Franco-regimet. Han vart bytta ut med Massiel som song på spansk. Mange hevda òg at songen ikkje kunne kallast ein song sidan ordet «la» vert gjenteke 121 gongar, men i følgje EBU var det ein song.

Det var fyrste gongen konkurransen vart kringkasta i fargar. Landa som sendte konkurransen i fargar var Frankrike, Tyskland, Nederland, Sveits og Sverige. Storbritannia sendte den òg i opptak i fargar på BBC 2 dagen etter.

FC Barcelona

Futbol Club Barcelona er ein spansk (katalansk) fotballklubb. Heimebana Camp Nou ligg i byen Barcelona.

FC Barcelona er den største idrettsklubben i verda med over 130 000 medlemar frå heile verda. Fotballaget er det einaste som har delteke i europacupar uavbrote sidan byrjinga i 1955. Klubben sine andre lag (basketball, håndball, landhockey, friidrett, ishockey, innefotball, rugby, baseball, volleyball og kvinnefotball) har vunne utallige titlar både nasjonalt og internasjonalt. FC Barcelona har 21 spanske seriemeisterskap, 25 sigrar i den spanske cupen, to sigrar i UEFA Champions League/Serievinnarcupen, fire i cupvinnarcupen og fire i UEFA-cupen.

Italiensk

Italiensk er eit romansk språk som blir tala av omkring 70 millionar menneske, dei fleste av desse bur i Italia.

Standard italiensk er bygd på toskansk dialekt (frå regionen Toscana) og ligg på ein måte mellom språket i Sør-Italia og Nord-Italia. Den lenge etablerte toskanske standarden har dei siste tiåra blitt litt utvatna av varianten dei talar i storbyen Milano, som er det økonomiske sentrum i Italia.

Italiensk er ein etterkommar etter latin, og blei formalisert på 1300-talet gjennom verka til Dante Alighieri, som blanda sørlege dialektar, særleg sisiliansk (frå Sicilia), med sin eigen toskanske dialekt i dei episke dikta Divina Commedia. Dante sine høgt elska verk blei lesne over heile Italia, og hans skrivemåte blei standarden som alle andre kunne skjønne. Dante blir framleis gitt æra for å ha standardisert det italienske språket. Som sagt er den toskanske dialekten det noverande målføret som ligg nærast Dante sitt språk, som enno altså er grunnlaget for standard italiensk.

Italiensk høyrer til den italo-dalmatiske språkgruppa, som igjen høyrer til den italo-vestlege delen av dei romanske språka, som er ei undergruppe av den italiske greina av indoeuropeisk.

Italiensk er det offisielle språket i Italia og San Marino, og i Sveits, i kantonane Ticino og Grigioni (norsk/tysk Graubünden). Det er også det andre offisielle språket i Vatikanstaten og i Istria fylke i Kroatia og tre kommunar i Slovenia, der det finst ein italiensk minoritet. Språket blir mykje bruka av italienske utvandrargrupper i Luxemburg, USA, Venezuela, Brasil, Argentina, Canada og Australia, og blir dessutan tala av somme i grannelanda Malta og Albania. I mykje mindre grad kan ein også somtid høyre det tala i delar av Afrika som tidlegare var styrte av Italia, landa Somalia, Libya og Eritrea.

Katalansk i Eurovision Song Contest

Katalansk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det katalanske språket i Eurovision Song Contest. Den fyrste gongen ein song på katalansk vart framførd i Eurovision Song Contest var i 2004 då Andorra debuterte med «Jugarem a estimar-nos» av Marta Roure. Sidan den gong har Andorra delteke med til saman seks ulike bidrag som har vorte framførd på katalansk. Av landa som kan delteke er katalansk offisielt språk i Andorra, Catalonia og Balearane i Spania og Alghero i Italia.

Languedoc-Roussillon

Languedoc-Roussillon (oksitansk: Lengadòc-Rosselhon; katalansk: Llenguadoc-Rosselló) er ein av regionane i Frankrike. Regionen grensar til Andorra, Spania og Middelhavet i sør, og dei andre franske regionane Provence-Alpes-Côte d'Azur, Rhône-Alpes, Auvergne og Midi-Pyrénées.

Regionen består av departementa Aude, Gard, Hérault, Lozère og Pyrénées-Orientales.

Den største byen og hovudstaden i regionen er Montpellier.

Omleiringa av Barcelona

Omleiringa av Barcelona var eit slag mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714) der erkehertug Karl av Austerrike (støtta av Storbritannia og Nederland kjempa mot Filip V av Spania, støtta av Frankrike, kjemp om den spanske krona.

Omleiringa av Barcelona i 1705

Omleiringa av Barcelona fann stad mellom 14. september og 19. oktober 1705 under den spanske arvefølgjekrigen då ein alliert arme som støtta den austerrikske tronpretendenten til den spanske trona leia av Lord Peterborough erobra byen Barcelona frå dei fransk-spanske bourbounske forsvararane.

Eit forsøk på å gå i land hadde vorte driven attende ret før i slaget ved Barcelona i 1704. Etter at byen vart erobra av Peterborough, prøvde franskmennene og spanjolane å gjenerobre byen året etter under omleiringa av Barcelona i 1706, men mislukkast. Byen vart verande hos dei allierte fram til 1714.

Provinsar i Spania

Spania er delt inn i femti provinsar, i tillegg til dei autonome regionane.

Provinsane var viktigare før, men etter at det vart innført autonome regionar har provinsane fått mindre makt. Dei vert framleis nytta som valdistrikt, i postadresser, retningsnummer og som geografiske haldepunkt.

Dei fleste provinsane er kalla opp etter administrasjonsbyen, bortsett frå Araba/Álava, Asturias, Bizkaia/Vizcaya, Cantabria, Gipuzkoa/Gipúzcoa, Illes Balears/Islas Baleares, La Rioja og Nafarroa/Navarra. Det er berre to byar som er hovudstader i dei autonome regionane utan å vere hovudstad i ein provins: Mérida i Extremadura og Santiago de Compostela i Galicia.

Sju autonome regionar består berre av ein provins: Asturias, Balearane, Cantabria, La Rioja, Madrid, Murcia og Navarra.

Provinsen Castellón

Castellón (spansk) eller Castelló (valenciansk/katalansk) er ein provins nord i Spania, sentralt i den autonome regionen Valencia. Han grensar til provinsane Valencia, Teruel og Tarragona og til Middelhavet.

Provinshovudstaden er Castellón de la Plana (ka: Castelló de la Plana). Provinsen har om lag ein halv million innbyggjarar, der ein tredjedel bur i provinshovudstaden, to tredjedelar i storbyområdet til byen og kring 85 % langs kysten.

Andre store byar i provinsen er Villarreal, Burriana, la Vall d'Uixó og Vinaròs. Det er 135 kommunar i provinsen.

Pyreneane

Pyreneane er ei fjellkjede i Sørvest-Europa, og dannar den naturlege grensa mellom Frankrike og Spania. Ho skil Pyrenéhalvøya frå Frankrike, og strekkjer seg om lag 430 km frå Atlanterhavet (Biscayabukta) til Middelhavet (Cap de Creus).

Stort sett dannar hovudryggen den fransk-spanske grensa med Andorra i mellom. Det største unntaket er Val d'Aran, som høyrer til Spania på nordsida av fjellkjeda. Andre mindre orografiske unntak er Cerdanya og den spanske eksklaven Llívia.

Pyreneane er kalla opp etter Pyrene (brann på gresk), som var dotter av Bebryx og som vart valdteken av Herakles. Etter at ho fødde ein slange vart ho skremd og flykta til fjella, og vart her anten brend eller eten av ville dyr. Herodot sette denne legenda på kartet sitt over Oikoumene (verda i følgje grekarane) så tidleg som 450 fvt.

Romanske språk

Romanske språk er ei undergruppe av dei italiske språka, nærmare bestemt etterkomarane av dei latinske dialektane som vart tala av vanlege folk i det som blir kalla Det latinske Europa, kjende som folkeleg latin, som utvikla seg i ulike område etter Romarriket braut saman.

Dotterspråka til latin er ulike av ymse årsaker: Historisk isolasjon, innverknad av tidlegare språk i dei områda som kom under romarstyre, invasjonar og kontakt med andre kulturar, for å nemne nokre faktorar. Ordet romansk kjem frå det latinske ordet romanice, bruka i uttrykk som parabolare romanice, å tale på romersk.

Dei mest bruka romanske språka er spansk (kastiljansk), portugisisk, fransk, italiensk og rumensk. Det er mykje dialektvariasjon, og det er ikkje noko klårt skilje mellom eit «språk» og ein «dialekt». Somme variantar er privilegerte i dét at dei er hovudspråket i media og utdanning i sine respektive land. Det gjeld nettopp fransk, italiensk, spansk (kastiljansk), portugisisk, rumensk og etter 1975 også katalansk.

Roussillon

Roussillon (katalansk Rosselló) er ein av dei historiske grevskapa i det tidlegare fyrstedømet Catalonia som i dag omtrentleg utgjer dagens franske département Pyrénées-Orientales.

Området var spansk før Frankrike erobra det i trettiårskrigen, men som eit område på grensa mellom Frankrike og Spania vart det ofte utsett for militære konfliktar. Under den franske revolusjonen vart provinsen Roussillon nedlagd og departementet Pyrénées-Orientales vart oppretta i staden. Departementet samsvarar om lag med det gamle Roussillon, i tillegg til Fenouillèdes.

Sanluri

Sanluri (sardisk Seddori, latin Sullurium) er ein by på Sardinia i Italia. Han har om lag 9 000 innbyggjarar. Byen ligg sentralt, sør på Sardinia i ei høgd på over 600 meter over havet.

Sanluri var hovudstad i den tidlegare provinsen Medio Campidano, i lag med Villacidro.

30. juni 1409 vart det utkjempa eit slag mellom hæren til Giudicato av Arborea (eit kongedøme på Sardinia) og den katalansk-sicilianske hæren til kong Martin I av Sicilia.

Sardinia

Sardinia (italiensk Sardegna; sardisk Sardigna eller Sardinnya) er den nest største øya i Middelhavet etter Sicilia. Ho har eit areal på 24 090 km² og er omgjeve av den franske øya Korsika i nord, den italienske halvøya i aust, Tunisia i sør og dei spanske Balearane i vest. Sardinia er ein konstituerande del av Italia, men har ein spesiell status som autonom region etter den italienske grunnlova.

I byrjinga av den nuragiske perioden, om lag 1500 f.Kr., vart øya kalla Hyknusa (latin Ichnusa) av mykenarane, som truleg tydde «øya (nusa) til Hyksos», folket som hadde vorte forvist av Ahmose I av Egypt om lag 1540 f.Kr. Sandalyon var det andre namnet på øya, som truleg viste til forma på øya, som ser ut som eit fotspor. Det siste og noverande namnet har vore Sardinia, etter Shardana (som invaderte Egypt, men vart slått av Ramses III i om lag 1180 f.Kr.).

Romanske språk
Større moderne språk med litterær tradisjon aragonesisk · asturiansk · frankoprovensalsk · fransk · galisisk · italiensk · katalansk · leonesisk · oksitansk · portugisisk · retoromansk · rumensk · sardisk · spansk

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.