Juli

Juli er den sjuande månaden i den vestlege kalenderen og har 31 dagar.

Namn

Juli er oppkalla etter Julius Cæsar, som var fødd i denne månaden. I år 46 fvt. reformerte han kalenderen ved å legge til 90 dagar, og skapte dermed den julianske kalenderen. Tidlegare heitte månaden quintilis, den femte, sidan han var den femte i kalenderen som tok til i mars.

Månaden var tidlegare kjend som ormemåned i Danmark, hömånad i Sverige, og heinäkuu, som òg viser til høying, i Finland.

Årvisse hendingar i juli

Anna

< Juli >
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 >
1952

1952 (romartal MCMLII) var eit skotår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen.

1959

1959 (romartal MCMLIX) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.

1961

1961 (romartal MCMLXI) var eit år i 1960-åra.

1962

1962 (romartal MCMLXII) var eit år i 1960-åra.

1965

1965 var eit år i 1960-åra.

1969

1969 var eit år i 1960-åra.

1971

1971 (romartal MCMLXXI) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen.

1985

1985 (romartal MCMLXXXV) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen.

1989

1989 (romartal MCMLXXXIX) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.

1994

1994 (romartal MCMXCIV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.

1997

1997 (MCMXCVII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.

2011

2011 (romartal MMXI) er eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.

2011 blei utnemnd av SN til internasjonalt år for:

kjemi

skog

Aphel

Aphel(ium), solfjerre eller solfjerne er det punktet i ein bane der eit lekam i solsystemet, som ein planet, komet eller romsonde, er lengst frå sola. Det motsette av aphel er perihel. Jorda passerer sitt aphel i byrjinga av juli.

Damokloide

Damokloidar er asteroidar som 5335 Damocles og 1996 PW som høyrer til Hally-familien eller som har lange banar med høg eksentrisitet lik periodiske kometar som Halleys komet, men som ikkje har ein koma eller komethale.

Det vert trudd at damokloidar er kjernane av Halley-type-kometar som har mista alle dei flyktige stoffa (gassane) etter gjentekne nærpasseringar av Sola. Slike kometar er tenkte å koma frå Oorts sky. Denne hypotesen er styrkt av at ei rekkje lekamar som ein trudde var damokloidar viste seg å utvikla koma og vart bekrefta å vera kometar. Desse var: C/2001 OG108 (LONEOS), C/2002 CE10 (LINEAR), C/2002 VQ94 (LINEAR), C/2004 HV60. Endå eit sterkt bevis er at ein fjerdedel av damokloidane har retrograde banar, ulikt dei fleste andre asteroidar.

I juli 2007 kjende ein til 36 damokloidar. Snittradiusen deira ligg på åtte kilometer. Albedoane til fire damokloidar har blitt målt, og dei er blant dei mørkaste objekta som er kjende i solsystemet. Damokloidar er raude i farge, men ikkje så raude som mange kuiperbelteobjekt eller kentaurar.

Libanon

Libanon (arabisk لبنان, Libnān eller Lubnān, arameisk: לבנאנ), offisielt Den libanesiske republikken (arabisk الجمهورية اللبنانية, Al-Jumhūrīyah Al-Libnānīyah) er eit land i Vest-Asia. Det grensar til Syria i nord og aust og Israel i sør. Libanon ligg ved den kulturelle krossvegen mellom Middelhavet og det arabiske innlandet og dette har diktert den rike historia til landet og forma ein mangfaldig religiøs og etnisk kulturidentitet.Dei tidlegaste arkeologiske funna etter sivilisasjon i Libanon går attende meir enn sju tusen år, før skriftleg historie. Libanon var heimstaden til fønikarane, ein maritim kultur som florerte i over tusen år (ca. 1550–539 fvt.). I 64 fvt. kom regionen under Romarriket, og vart etter kvart eit av dei leiande sentra for kristendom i riket. I Libanonfjella vart klostertradisjonen kalla den maronittiske kyrkja grunnlagd. Då dei muslimske arabarane erobra regionen, held maronittane på religionen og identiteten sin. Ei ny religiøs gruppe, drusarane, oppstod òg i Libanonfjella, eit religiøst skilje som varte i mange hundreår. Under krosstoga, fekk maronittane igjen kontakt med den romersk-katolske kyrkja og danna eit fellesskap med Roma. Banda dei knytte med latinarane har påverka regionen inn i moderne tid.

Regionen kom etter kvart under Det osmanske riket, eit politisk rike som eksisterte frå 1299 til 1923. Då riket kollapsa etter fyrste verdskrigen, vart dei fem provinsane som utgjer dagens Libanon gjevne til Frankrike som eit mandatområde. Franskmennene utvida grensene i Libanonfjella, som stort sett var folkesett av maronittar og drusarar, og inkluderte fleire muslimar. Libanon fekk sjølvstende i 1943, og oppretta eit unikt politisk system – «konfessjonalisme» – som er ein maktfordelingsmekanisme basert på religiøse samfunn. Bechara El Khoury (den første sjølvstendige, libanesiske presidenten), Riad El-Solh (den første libanesiske statsministeren) og Emir Majid Arslan (den første libanesiske forsvarsministeren) vert rekna som grunnleggjarane av den moderne libanesiske republikken og er nasjonalheltar for å ha gjeve landet sjølvstende. Dei franske soldatane trekte seg ut av Libanon i 1946.Før den libanesiske borgarkrigen (1975–1990), opplevde landet ein relativt roleg periode med velstand, driven av turisme, jordbruk, handel og bankverksemd. På grunn av økonomisk makt og mangfald vart Libanon i glanstida kjend som «det austlege Sveits». Mange turistar kom til hovudstaden, Beirut, som vart kalla «Midtaustens Paris». Mot slutten av krigen vart det gjort store forsøk på å gjenoppfriske økonomien og bygge opp att den nasjonale infrastrukturen.

Nasjonaldag

Ein nasjonaldag er ein særskild dag som vert feira av eit folk kvart år, og er gjerne meint å styrka dei nasjonale kjenslene til folkegruppa eller staten dei er del av. Kvart land i verda har éin nasjonaldag, somme har fleire. Som regel blir dagen feira på den same datoen kvart år, men nokre land har flyttbare nasjonaldagar.

Dagen blir ofte feira til minne om ei spesiell hending, i mange tilfelle noko som har med sjølvstende eller frigjering frå eit anna land å gjera. I Noreg blir nasjonaldagen feira den 17. mai til minne om grunnlova som vart underteikna på Eidsvoll på denne dagen i 1814. India feirar både dagen landet fekk sjølvstende, den 15. august, og ein grunnlov, den 26. januar. Jamaica feirar nasjonaldagen sin den første måndagen i august kvart år, ettersom 6. august 1962, då landet fekk sjølvstende frå Storbritannia, var ein slik måndag.

Andre hendingar ein kan feira som nasjonaldag er statsleiaren sin fødselsdag, ei viktig historisk hending, som ein siger i eit slag, eller ein nedarva tradisjon som er felles for folket som feirar nasjonaldag. Thailand feirar til dømes nasjonaldagen sin på kongen sin fødselsdag; den franske nasjonaldagen 14. juli er til minne om storminga av Bastillen og symboliserer starten på den franske republikken, medan England feirar nasjonalhelgenen sin, Georg, den 23. april.

Nynorsk Wikipedia

Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverk på nynorsk og ein del av Wikipedia-prosjektet.

Store norske leksikon

Store norske leksikon (forkorta SNL) er eit leksikon som no blir utgjeve på Internett, men opphavleg var eit bokverk i fleire band. Det var tidlegare berre på bokmål, men artiklar i verket blir i dag publisert i båe målformer.

Store norske leksikon oppstod i 1978, då forlaga Aschehoug og Gyldendal slo saman leksikonverksemdene sine og etablerte Kunnskapsforlaget. Kunnskapsforlaget har framleis dei to forlaga som hovudeigarar.

Det er estimert at det er selt 250 000 sett av leksikonet som bokverk, og at omsetninga til saman var over 2 milliardar kroner. Førehandssalet av Store Norske tok til i 1978, og vart på over 30 000 sett. Så seint som i 1995 vart det selt 10 000 sett årleg, og Kunnskapsforlaget hadde eit overskot på 20 millionar kroner.

Nedgangen i kommersiell leksikonbransje på 1990-talet ramma Kunnskapsforlaget hardt, og lenge var det tvil om dei ville klare å gje ut ei fjerde papirutgåve av leksikonet. Etter at stiftinga Fritt Ord løyvde ti millionar kroner i 2003 sette utgjevaren i gang produksjonen, og forlaget hadde i februar 2006 selt 7 500 sett av leksikonet.Den fjerde utgåva av SNL kom ut frå januar 2005 til april 2007 i 16 band, på om lag 12 000 sider og med om lag 150 000 artiklar. Verket har 2 000 tabellar, 800 kart og 15 000 illustrasjonar.

SNL kom i nettutgåve frå 2000, og fekk etter kvart fleire hundre tusen private brukarar og institusjonsbrukarar. På grunn av svikt i annonseinntektene vedtok eigarane i mars 2010 å avvikle drifta av nettstaden storenorskeleksikon.no med verknad frå 1. juli 2010. Kunnskapsforlaget ville heretter konsentrere seg om å gje ut ordbøker.Stiftinga Institusjonen Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR (no Sparebankstiftelsen DNB) overtok nettleksikonet snl.no frå 1. juli 2010 og etablerte ein modell der universiteta, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Det Norske Videnskaps-Akademi deltok. Hausten 2014 vart nettleksikonet omorganisert frå å vere eit aksjeselskap til å verte ei foreining, Foreningen Store norske leksikon, der det økonomiske grunnlaget vart sikra ved medlemskontingent frå medlemane. Institusjonen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Det Norske Videnskaps-Akademi, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, og universiteta i Noreg har meldt seg inn i denne foreininga, som òg ynskjer andre viktige kunnskapsinstitusjonar som medlemar. Leksikonet vert såleis knytt til dei viktigaste kunnskapsinstitusjonane i Noreg, og dette skulle kunne kombinere høg kvalitet med ein trygg økonomi.

Anne Marit Godal overtok som dagleg leiar og hovudredaktør for SNL frå våren 2011.

Månadene i den vestlege kalenderen
januar · februar · mars · april · mai · juni · juli · august · september · oktober · november · desember

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.