Judits bok

Judits bok er eit gammaltestamentleg apokryft skrift også kalla ei deuterokanonisk bok. Desse skriftene er inkludert i den ortodokse og katolske bibelen og i dei septuagintiske skriftene, men ikkje i den protestantiske eller jødiske bibelen. Judits bok fortel om hendingar som skal ha skjedd tidleg i historia til Israel.

Judith with the Head of Holofernes - Google Art Project
Illuminert manuskriptside med illustrasjon av Judit og hovudet til Holofernes.

Handling

Corinth Buch Judith
Eit kunstnarisk uttrykk for hendingane i Judits bok av Lovis Corinth.

I Judits bok blir det fortalt at Assyria gjekk til åtak på israelittane under ein hærførar kalla Holofernes. Ei enke som heitte Judit gjorde likevel inntrykk på hærføraren og han heldt eit stort gjestebod for ho. Då han i berusa tilstand har fått ho med seg inn på eit rom, drep ho han med hans eiga sverd. Åtaket til assyrarane blir dermed stoppa.

Judits bok i kulturen

Forteljinga frå Judits bok har inspirert ei rekkje kunstverk innan tekst, musikk og biletkunst.

Biletkunst

Kombinasjonen av sensualitet og vald innanfor ein bibelsk kontekst har appellert til mange kunstnarar og kunstkjøparar gjennom tidene, på samme måte som forteljinga om Johannes døyparen og Salome.

Donatello laga ein skulptur av Judit og Holofernes rundt 1455. Andre renessansekunstnarar som skildra paret var Botticelli, Giorgione, Tizian og Paolo Veronese. Dei er også avbilda i Det sixtinske kapellet dekorert av Michelangelo. Lucas Cranach den eldre er ein av fleire tyske renessansekunstnarar som avbilda Judit. Av barokkmålarar som har brukt motivet kan nemnast Caravaggio, Leonello Spada, Bartolomeo Manfredi, Rembrandt, Peter Paul Rubens og Eglon van der Neer. Artemisia Gentileschi avbilda seg sjølv i rolla som Judit. I nyare tid har både Jean Charles Cazin, Franz von Stuck og Gustav Klimt brukt motivet.

Litteratur

Den angelsaksiske Nowellkodeksen inneheld, saman med mellom anna Beowulfdiktet, eit dikt om Judit. Under den italienske renessansen valde Lucrezia Tornabuoni Judit som ein av fem figurar frå bibelhistoria ho skildra i dikt.[1] Den norske barokkdiktaren Petter Dass gjenfortalde soga i ei av sine Trende Bibelske Bøger udi Riim. På 1500-talet blei hendingane i boka omtalt av franske diktarar som Guillaume Du Bartas, Gabrielle de Coignard og Anne de Marquets. På 1800-talet skreiv den russisk-jødiske dramatikaren Abraham Goldfaden eit drama over historia.

Musikk

Motetten Spem in alium (1570) av Thomas Tallis for åtte kor brukar tekst frå Judits bok. Soga har inspirert oratorium av komponistar som Vivaldi, Mozart, Scarlatti, Hubert Parry og Francisco António de Almeida. Alessandro Scarlatti skreiv oratoriet La Giuditta i 1693, Antonio Vivaldi skreiv Juditha triumphans i 1716 medan Wolfgang Amadeus Mozart skreiv La Betulia Liberata (KV 118) i 1771. Eit nyare oratorium blei skrive av Arthur Honegger i 1925. Det er også skrive operetter og operaer om emnet.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

  1. Robin, Larsen and Levin. s. 368. Missing or empty |title= (hjelp)
Angelsaksisk litteratur

Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, omfattar litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i 1066. Tekstane dekker sjangrar som episke og kortare dikt, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og anna. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg korpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.

Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn til saman 30 000 diktlinjer.

Angelsaksisk litteratur har gått gjennom ulike forskingsperiodar. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var fokuset plassert på dei germanske røtene til England, seinare blei dei litterære kvalitetane framheva, og i dagens forsking er hovudvekta plassert på paleografi, den filologiske forskinga innanfor utviklinga til skrifta og bruken i eldre tid samt lesing og tolking av handskrifter, og dei fysiske manuskripta i seg sjølve. Forskarane diskuterer ulike emne som datering, opphavsstad, forfattarskap, og samanhengen mellom angelsaksisk litteratur og det øvrige Europa i mellomalderen.

Antonio Vivaldi

Antonio Lucio Vivaldi (fødd 4. mars 1678 i Venezia, død 28. juli 1741 i Wien) var ein italiensk komponist, fiolinist og katolsk prest.

I vår tid vert Vivaldi rekna som ein av dei viktigaste komponistane frå barokken, og som hovudskaparen av solokonserten, ein sjanger Arcangelo Corelli starta. I si eiga tid var Vivaldi ein av dei mest kjende fiolinvirtuosane i Italia.

Musikken til Vivaldi fekk stor påverknad over heile Europa, og Johann Sebastian Bach arrangerte og transkriberte meir musikk av Vivaldi enn av nokon annan komponist. Vivaldi var særleg aktiv innan opera og instrumentalmusikk, spesielt musikk for fiolin. Han skreiv mange konserter, sonatar, operaer, i tillegg til kyrkjemusikk, og var stolt av å kunne komponere ein konsert raskare enn nokre klarte å kopiere den etter han.Presteyrket og eit karakteristisk raudt hår gav han namnet il Prete rosso («den raude presten»). Som tilfellet var for mange komponistar på 1700-talet vart både musikken og namnet hans fort gløymt etter han døydde. Først etter at J.S. Bach var vorte gjenoppdaga på 1800-talet vart det ei viss interesse for Vivaldi blant musikkvitarar, men den verkeleg heideren kom på første halvdel av 1900-talet.

Mange av komposisjonane til Vivaldi er livsglade og leikne, og meint for det breie publikumet. Fiolinkonsertane «Dei fire årstidene» høyrer til blant dei mest populære komposisjonane i den klassiske musikken.

Vivaldi vert rekna som ein av dei komponistane som førte barokkmusikken inn i ei retning som seinare utvikla seg til den klassiske stilen.

Artemisia Gentileschi

Artemisia Gentileschi (8. juli 1593–1656) var ein italiensk barokkmålar. Ho var dotter av Orazio Gentileschi, som ho også gjekk i lære hjå. Artemisia Gentileschi er kjend for meistarlege verk i chiaroscurostil, inspirert av Caravaggio. Ho var den første kvinna i europeisk kunsthistorie som måla større historiske og religiøse måleri, og den første kvinna som blei medlem av Accademia del Disegno i Firenze.

Judit

Judit eller Judith er eit kvinnenamn av hebraisk opphav som tyder 'jødinne' . Ei sideform av namnet er Juditte, med kortforma Jutta

Judit har i Noreg namnedag 10. desember.

Patriarken Abraham

Abraham er rekna som grunnleggjar og patriark for dei abrahamittiske religionane. Han er òg rekna som forfar til dei som historisk høyrer til desse religionane. Soga om Abraham er omtalt i Fyrste mosebok i Bibelen.

Thomas Tallis

Thomas Tallis (fødd ca. 1505 truleg i Kent, alternativt Leicestershire, død 23. november 1585 Greenwich) var ein engelsk renessansekomponist frå tida rundt den engelske reformasjonen.

Tallis skreiv hovudsakleg vokalmusikk og er mest kjend for kormusikken sin. Han blir ofte kalla Father of English Cathedral Music («den engelske kyrkjemusikken sin far»).

Bøkene i Tanákh (rekkjefølgje den jødiske tradisjonen)
Torá (Lova) 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok ·
Nebiím ('Profetane')

Tidlege: Josva · Domarane · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Seine: Jesaja · Jeremia · Esekiel ·

Dei 12 mindre profetane: Hosea - Joel - Amos - Obadja - Jona - Mika - Nahum - Habakkuk - Sefanja - Haggai - Sakarja - Malaki
Ketubím ('Skriftene'): Salmane · Ordtøka · Job · Høgsongen · Rut · Klagesongane · Forkynnaren · Ester · Daniel · Esra-Nehemja · Krønikebøkene (1–2)
Bøkene i Det gamle testamentet (rekkjefølgje i den kristne tradisjonen)
Mosebøkene 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok
Historiebøkene

Josva · Domarane · Rut · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Krønikebøkene (1–2) · Esra-Nehemja ·

Ester
Visdomsbøkene

Job · Salmane · Ordtøka · Forkynnaren ·

Høgsongen
Profetbøkene Jesaja · Jeremia · Klagesongane · Esekiel · Daniel · Hosea · Joel · Amos · Obadja · Jona · Mika · Nahum · Habakkuk · Sefanja · Haggai · Sakarja · Malaki
Apokryfe eller
deuterokanoniske skrifter

Kanoniske i dei ortodokse og katolske kyrkjene: Tobit · Judit · Ester · Visdomsboka · Sirak · Baruk · Tillegget til Daniels bok · Makkabearane (1–2)

Kanoniske i mange ortodokse kyrkjer: 151. salmen · Esdras · Bøna åt Manasseh · 3. Makkabearane · Brevet åt Jeremia

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.