Južna Morava

Južna Morava (serbisk og makedonsk Јужна Морава, 'Sør-Morava') er ei elv i Nord-Makedonia, Kosovo og Serbia og ei av kjeldeelvane til Veliki Morava (Store Morava). Elva er 295 km lang og renn hovudsakleg nordover, frå Nord-Makedonia, gjennom Kosovo til det sentrale Serbia, der ho møter Zapdana Morava (Vest-Morava) ved Stalać og dannar Veliki Morava.

Ho spring ut i fjellet Skopska Crna Gora i Nord-Makedonia, nord for hovudstaden Skopje. Etter ho kryssar grensa til Kosovo vert ho kalla Binačka Morava. Etter 49 km møter ho Preševska Moravica ved Bujanovac og resten av elva (246 km) vert kalla Južna Morava.

Elva sitt nedslagsfelt høyrer til Svartehavet og ho drenerer eit område på 15 469 km², av dette 1237 km² i Bulgaria (via sideelva Nišava). Ved munningen har ho ei middelvassføring på 100 m³/s.

Južna Morava renn gjennom ein dal som består av ei rekkje kløfter og søkk.

Juzna Morava Moravac
Sør-Morava i Moravac.

Južna Morava brukte å vere 318 km lang, men etter store flaumar har elva danna seg nye elveleier og er i dag nesten 30 km kortare, og er i dag kortare enn Zapadna Morava.

Južna Morava har 157 sideelvar. Dei viktigaste av desse er Jablanica, Veternica, Pusta og Toplica frå venstre og Vrla, Vlasina, Nišava (den lengste) og Sokobanjska Moravica frå høgre.

Južna Morava (Јужна Морава)
elv
Juzna Morava
Land Flag of Serbia.svg Serbia, Flag of Kosovo.svg Kosovo Flag of Bulgaria.svg Bulgaria, Flag of North Macedonia.svg Nord-Makedonia
Nedslagsfelt 15 469 km²
Lengd 295 km
Middelvassføring 100 /s
Kjelde Nær Skopska Crna Gora i Nord-Makedonia
Munning Veliki Morava ved Stalać i Serbia

Økonomi

Elvar har eit stort potensial for straumproduksjon, men dette er ikkje nytta i dag. Det finst likevel vasskraftverk i nedslagsfeltet hennar. Noko av vatnet vert nytta til vatning.

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «South Morava» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Mala Prosvetina Enciklopedija, 3. utg. (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
    • Jovan Đ. Marković (1990): "Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije"; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Elvar i Serbia

Dette er ei liste over elvar i Serbia som anten renn heilt innanfor, delvis gjennom Serbia eller fungerer som grenseelvar.

Jablanica

Jablanica (serbisk Јабланица) er ei 85 km lang elv sør i Serbia. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå ventre og har gjeve namn til ein region med same namn.

Jablanica spring ut frå fjellet Goljak, nær landsbyen Grbavce, ved grensa til Kosovo. Området er rikt på varmekjelder, så det ligg fleire kurstader langs elva. Etter landsbyane Dupljane og Pečenjevce munnar elva ut i Južna Morava.

Elva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer sjølv eit område på 895 km².

Nišava

Nišava eller Nisjava (bulgarsk og serbisk kyrillisk: Нишава) er ei elv i Bulgaria og Serbia, og ei av dei høgre sideelvane til Južna Morava med ei lengd på 218 km.

Nišava har sitt utspring vest i Bulgaria i Balkanfjella nær landsbyen Gintsi. Kjelda ligg nær grensa til Serbia, og etter berre 67 km kryssar ho grensa. Sidan ho renn gjennom Gintsi vert den øvre delen av elva kalla Ginska. Ho kryssar grensa ved Kalotina, ein stor grenseovergong mellom Bulgaria og Serbia, før ho held fram vestover i Serbia.

I Serbia renn elva gjennom Dimitrovgrad, Pirot, Bela Palanka, Niška Banja og Niš, den tredje største byen i Serbia. Elva munnar ut i Južna Morava 10 km nedanfor byen, men sidan Niš er i rask vekst har byen snart nådd munningen.

Etter at Serbia vart delt inn i distrikt i 1992 vart distriktet Nišava kalla opp etter elva.

Elva er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet, og har eit nedslagsfelt som dekkjer 3 950 km² (1 237 km² i Bulgaria og 2 713 km² i Serbia). Nišava er ikkje framkommeleg. Ho har mange mindre sideelvar, som Temštica-Visočica og Jerma, Crvena og Kutinska.

Nišavadalen var i antikken ein del av ei større rute mellom Europa og Asia. Ruta følgde dalane til elvane Morava, Nišava og Maritsa, og vidare mot Istanbul. Både vegen og jarnbanen mellom Beograd, Sofia og Istanbul følgjer i dag den same ruta.

Preševodalen

Preševodalen (albansk: Lugina e Preshevës, serbisk: Прешевска Долина eller Preševska Dolina) er ein geografisk region sør i Sentral-Serbia. Regionen består om lag av kommunane Bujanovac and Preševo, som begge grensar til Kosovo.

Pusta

Pusta reka (serbisk Пуста река) er ei elv sør i Serbia og ei 71 km lang sideelv til Južna Morava frå venstre. Ho har gjeve namn til regionen Pusta Reka i dalen.

Elva spring ut nordaust for Prolom Banja, nær landsbyen Sokolovica, nord i fjellet Radan. Ho renn austover mellom Radan i sør og Pasjača i nord. Ho munnar ut i Južna Morava nær landsbyen Pukovac.

Pusta reka drenerer eit område på 569 km² og nedslagsfeltet høyrer til Svartehavet.

Sokobanjska Moravica

Sokobanjska Moravica eller berre Moravica (serbisk Сокобањска Моравица eller Моравица) er ei elv sentralt i det austlege Serbia og ei 58 km lang sideelv til Južna Morava.

Sokobanjska Moravica spring ut frå austsida av Devica nær landsbyen Skrobnica. Ved landsbyen Bovan er det bygd ei demning over elv, som eit ledd i reguleringa av Velika Morava. Den kuntige Bovansjøen har dekt Bovankløfta med vatn og er ein populær regional turistdestinasjon. Elva munnar ut i Južna Morava ved byen Aleksinac.

Sokobanjska Moravica høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer eit område på 606 km².

Toplica

Toplica (serbisk Топлица) er ei elv sør i Serbia. Elva er 130 km lang og har gjeve namn til heile regionen ho renn gjennom.

Toplica spring ut på austsida av fjellet Kopaonik, like sør for den høgaste toppen, Pančićev vrh. Regionen Toplica er særs frodig og det vert dyrka mykje korn, frukt og druer her. Elva munnar ut i Južna Morava ved landsbyen Orljane, og er den lengste sideelva hennar frå venstre.

Toplica høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer eit område på 2600 km³.

Velika Morava

Velika Morava eller Store Morava (serbisk Велика Морава) er den siste delen av elva Morava (serbisk Морава), det store elvesystemet i Serbia, og ei sideelv til Donau

Veternica

Veternica (serbisk Ветерница) er ei elv sør i Serbia med ei lengd på 75 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.

Veternica spring ut frå fjelltoppen Grot, sør i Kukavica. Fire mindre elvar møter kvarandre og skapar Veternica. Ei stund renn elva parallelt til Jablanica. Elva er knytt til Jablanica via ein kanal ved landsbyen Bogojevce, før ho munnar ut i Južna Morava.

Nedslagsfeltet til Veternica høyrer til Svartehavet og ho drenerer eit område på 515 km².

Vlasina

Vlasina (serbisk Власина) er ei elv søraust i Serbia med ei lengd på 68 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre, og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.

Vlasina spring ut frå Vlasinasjøen i ei høgd på 1213 meter over havet. Innsjøen var tidlegare ei torvmyr,m en då Vlasina vart demd opp i perioden 1947 til 1951 vart myra gjort om til ein kunstig innsjø. Vlasina munnar ut i Južna Morava aust for Leskovac.

Vlasina drenerer eit område på 1050 km² og har eit nedslagsfelt som høyrer til Svartehavet.

Etter ein perioden med kraftig regn den 26. juni 1988 oppstod det ein katastrofal flaum i Vlasina. Eit område på over 1000 km² vart råka og det vart gjort skadar for om lag 1 milliard dollar.

Zapadna Morava

Zapadna Morava (serbisk Западна Морава, 'Vest-Morava') er ei elv sentralt i Serbia med ei lengd på 308 km. Ho er den eine av to kjeldeelvar til Velika Morava, som ho dannar i lag med Južna Morava.

Zapadna Morava spring ut frå Taštisletta, aust for byen Požega der elvane Golijska Moravica og Đetinja renn saman. Nord for den vesle byen Stalać, ren ho saman med Južna Morava og dannar Velika Morava.

Zapadna Morava tar imot 85 sideelvar. Elvar var tidlegare lenger (319 km), men på grunn av regulering av elva er ho no kortare. Ho har ei middelvassføring på 120 m³/s, men er kjenneteikna av store variasjonar i vassføringa, som vert særs stor under flaumar.

Ho drenerer eit område på 15 849 km² (42,3 % av heile nedbørsfeltet til Velika Morava), som høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.