Josvas bok

Josvas bok (hebr. סֵֽפֶר יְהוֹשֻֽׁעַ ['se:fer Jəho:'šua‘]) er den 6. boka i bibelen. Boka følgjer rett etter mosebøkene og er dimed rekna som den fyrste historieboka i det kristne gamle testamantet, og den fyrste av dei tidlege profetane i det jødiske Tanákh.

Josvas bok er nemnt for Josva, Moses sin etterfølgjar som leiaren for det jødiske folket, som er den viktigaste personlegdommen i hendingane som boka fortel om. Boka handlar om korleis Israelsstammane hærtok Kanaan etter å ha fare over elva Jordan, og korleis det nytekne landet vart delt opp mellom dei tolv stammane. Dei siste delane av boka skildrar Josva sin siste talet til Israelarane, nasjonalpakta som var gjort i Sikem, og Josva sin daude.

'Atara

Atara (arabisk عطارة ′Atâra) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, 15 kilometer nord for Ramallah sentralt på Vestbreidda. Han er ein landsby med nesten 2 300 innbyggjarar, og ligg langs ein fjellrygg med fire toppar, oger bygd på det nest høgaste punktet på Vestbreidda, 810 meter over havet.Av stader i nærleiken finn ein Jifna i sør, Bir Zeit i sørvest, Kobar i vest, Rawabi og Ajjul i nordvest, Abwein i nord, Sinjil i nordaust og al-Mazra'a ash-Sharqiya i aust.

Amona i Mateh Binyamin

Amona (hebraisk skrift עמונה) er ein israelsk utpost sentralt på Vestbreidda. Han ligg på ein ås oppom Ofra og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. Landsbyen vart grunnlagd i 1995 på privateigd, palestinsk land. I 2012 var folketalet kring 200.Namnet kjem frå Josvas bok 18:24, der han er kalla Kfar HaAmmonai, som tyder Amonittarlandsbyen.

As-Samu

As Samu' eller es-Samu' (arabisk السموع) er ein by i Hebron guvernement på Vestbreidda i Dei palestinske territoria, 12 kilometer sør for byen Hebron og 60 kilometer sørvest for Jerusalem. Edward Robinson identifiserte byen som den bibelske Eshtemoa.

Betlehem i Galilea

Betlehem i Galilea (hebraisk בֵּית לֶחֶם הַגְּלִילִית, Beit Lehem HaGlilit) er ein by nord i Israel. Han ligg i Galilea nær Kiryat Tivon, kring 10 km nordvest for Nasaret og 30 km aust for Haifa og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006, hadde han eit folketal på 651.

Staden er nemnt i Josvas bok (19:15) som ein by som høyrte til Sebulon-stammen.

Bibelen

Bibelen (gjennom latin frå gresk βιβλιος ‘bok’). er ei samling av kanoniske skrifter i jødisk og kristen religion.

Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2355 språk (2003).

Den kristne bibelen inneheld to samlingar av skrifter som i kristen tradisjon oftast blir kalla Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det gamle testamentet, eller Den hebraiske bibelen, er ei samling av hebraiske skrifter som ein reknar med vart endeleg fastsett kring byrjinga av den moderne tidsrekninga. Den hebraiske bibelen finst i tre hovudversjonar: Den samaritanske Toráen, som inneheld ein eigen samaritansk versjon av dei fem Mosebøkene på hebraisk; Tanákh, som inneheld ein jødisk versjon av Toráen eller dei fem Mosebøkene og i tillegg profetiske og poetiske skrifter; og Septuaginta, som inneheld ei gresk omsetjing og tolking av Tanákh med mange tillegg, inkludert ekstra bøker (dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene). I tillegg kjem dei ulike arameiske omsetjingane av Mosebøkene, der Targúm Onkelos blir rekna som den viktigaste. Det kristne Gamle testamentet varierer noko i faktisk innhald, men er vanlegvis ei omsetjing som kombinerer element frå Tanákh-tradisjonen og Septuaginta-tradisjonen — med meir vekt på Tanákh-tradisjonen i protestantisk kristendom og meir vekt på Septuaginta i katolsk kristendom.

Den gamle testamentet eller Den hebraiske bibelen blir rekna som heilag i jødedommen, kristendommen, islam og bahá'í.

Det nye testamentet er skrive på den seinantikke greske språkforma koiné. Det nye testamentet er rekna som heilag i kristendommen, islam og bahá'í. Jødedommen reknar ikkje Jesus for å vera Messias eller ein autoritativ profet, og godtek ikkje Det nye testamentet som kanonisk.

Bint Jbeil

Bint Jbeil (arabisk بنت جبيل) er den nest største byen i Nabatiye guvernement i Sør-Libanon.

Byen har kring 30 000 innbyggjarar. Det eksakte folketalet er ukjend, sidan Libanon ikkje har utført ei folketeljing sidan 1932.

Dor i Hof HaCarmel

Dor (hebraisk skrift דּוֹר) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Zikhron Ya'akov og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 343. Moshaven vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinske landsby Tantura, aust for den gamle landsbyen, i 1949.Moshaven vart grunnlagd av jødiske innvandrarar frå Hellas, som seinare fekk selskap av jødiske flyktningar frå Irak. Han vart kalla opp etter den gamle fønikiske byen Dor, som var busett av Manasse-stamma i israelittisk tid. Byen er nemnt i Bibelen, i Josvas bok 17:11 og 1. Krønikebok 7:29. Han vart kalla opp etter Tantura etter den arabiske erobringa. Den antikke byen Dor låg på ein tell nord for dagens moshav, oppom kibbutz Nahsholim.

Gedera

Gedera eller Gdera (hebraisk skrift גְּדֵרָה) er ein by i Sentral-Israel i Israel som vart grunnlagd i 1884. Han ligg 13 km sør for Rehovot. I 2009 hadde Gedera eit folketal på 21 500.

Halhul

Halhul (arabisk حلحول, Ḥalḥūl) er ein palestinsk by som ligg sør på Vestbreidda, 5 km nord for Hebron i Hebron guvernement. Byen grensar til Sa'ir og Ash-Shuyukh i aust, Beit Ummar og Al-Arroub flyktningleir i nord, og Kharas og Nuba i vest. Han ligg 916 meter over havet og er den høgasteliggande busetnaden i Palestina. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 22 108, hovudsakleg muslimar, i 2007.I følgje jødisk, kristen og muslimsk mellomaldertradisjon, ligg gravene til dei bibelske profetane Gad og Natan i Halhul. Ein annan muslimsk tradisjon plasserer òg grava til Jona i byen. Gravstaden, som tidlegare var erklært ein heilag stad under det israelske styret, er no ein del av Den palestinske sjølvstyresmakta.

Den israelske busetjinga Karmei Tzur ligg i utkanten av Halhul. Halhul er omgjeve av mange eldgamle gravholer.

Hanaton

Hanaton (hebraisk חַנָּתֹן, חנתון) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg tolv kilometer nord for Nasaret nær den arabiske byen Shefaram og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 250.

Holon

Holon (hebraisk skrift חוֹלוֹן) er ein by på den sentrale kyststripa sør for Tel Aviv i Israel. Holon høyrer til storbyområdet Gush Dan. I 2011 hadde han 182 575 innbyggjarar. Holon har det nest største industriområdet i Israel, etter Haifa.

Iksal

Iksal (arabisk إكسال, Iksal; hebraisk אִכְּסָאל, כִּסְלוֹת תָּבוֹר, Kislot Tavor) er ein arabisk lokal kommune nord i Israel, kring 5 km søraust for Nasaret. Han har eit folketal på 13 007, hovudsakleg muslimar. Namnet på byen trur ein kjem frå Chesulloth (Chisloth-Tabor), ein bibelsk by nemnt i Josvas bok.

Jib i Jerusalem

Al Jib eller al-Jib (arabisk الجيب, hebraisk skrift ג'יב) er ein palestinsk landsby i Jerusalem guvernement, ti kilometer nordvest for Jerusalem, i separasjonssonen på Vestbreidda. Sidan 1967 har Al Jib vore okkupert av Israel og kring 90% av området ligg i Område C, som er under full israelsk kontroll. Bydelen Al Khalayleh vart fråskild av Vestbreidda-muren. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde al-Jib eit folketal på kring 4 700 in 2006. Den moderne landsbyen er identifisert som Gibeon.

Mateh Asher regionale kommune

Mateh Asher regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מטה אשר, Mo'atza Azorit Mateh Asher) er ein regional kommune i western Galilea nord i Israel. Han er kalla opp etter Asher-stamma som i følgje Josvas bok (19:24-31) skal ha halde til i dette området i antikken. Han vart grunnlagd i 1982 då tre andre regionale kommunar vart slått saman: Ga'aton, Na'aman og Sulam Tzur. Adminsitrasjonssenteret ligg ved hovudveg 4, mellom Regba og Lohamei HaGeta'ot.

Kommunen vart grunnlagd i 1982 og strekkjer seg no over 216 059 dekar med kring 17 300 innbyggjarar.

Patriarken Abraham

Abraham er rekna som grunnleggjar og patriark for dei abrahamittiske religionane. Han er òg rekna som forfar til dei som historisk høyrer til desse religionane. Soga om Abraham er omtalt i Fyrste mosebok i Bibelen.

Tarah

Tarah er ein bibelsk figur som opptrer i 1. Mosebok. Han er son av Nahor og stammar opphavleg frå Sem, ein av sønene til Noah.

Han er far til Abram (Abraham), Nahor og Haran. Gjennom Haran er han farfar til Lot.Tarah budde i Ur i Kaldea, som er blitt identifisert med Ur i Mesopotamia. Haran døydde og etterlét seg sonen Lot. Tarah drog med dei andre to sønene sine, Lot og familiane deira ut frå Ur. Målet deira var Kanaan, men dei slo seg ned i Harran. Her døydde Tarah i ein alder av 205 år.Tarah er seinare nemnd i Josvas bok, i ordelag som tyder på at han tilbad «framande gudar».

Han er også nemnd i stamtavler i Første Krønikebok og i Det nye testamentet.

Taybeh

Taybeh (arabisk الطيبة) er ein palestinsk landsby på Vestbreidda, 15 kilometer nordaust for Jerusalem og 12 kilometer nordaust for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement, 850 meter over havet. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Taybeh eit folketal på 1 452 i 2007. Han er den siste busetnaden på Vestbreidda som berre er busett av kristne innbyggjarar.

Yafa an-Naseriyye

Yafa an-Naseriyye (arabisk يافة الناصره, «Jaffa av Nasaret», òg skrive Yafa, Yafia eller Yafi arabisk يافا, يفيع, hebraisk יָפָא, יָפִיעַ) er ein arabisk lokal kommune i Nedre Galilea i Israel. Ha utgjer ein del av storbyområdet til Nasaret, og er ein arabisk stad. Han fekk status som lokal kommune i 1960 og hadde i 2005 eit folketal på 16 200. Av dette var kring 70 % muslimar og 30 % kristne.

Yagur

Yagur (hebraisk skrift יָגוּר) er ein kibbutz nord i Israel på nordaustsida av Karmelberget. Han er kring 9 km søraust for Haifa og ein av dei to største kibbutzim i landet. I 2008 hadde han eit folketal på 1 124. Landsbyen høyrer til Zevulun regionale kommune.

Bøkene i Tanákh (rekkjefølgje den jødiske tradisjonen)
Torá (Lova) 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok ·
Nebiím ('Profetane')

Tidlege: Josva · Domarane · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Seine: Jesaja · Jeremia · Esekiel ·

Dei 12 mindre profetane: Hosea - Joel - Amos - Obadja - Jona - Mika - Nahum - Habakkuk - Sefanja - Haggai - Sakarja - Malaki
Ketubím ('Skriftene'): Salmane · Ordtøka · Job · Høgsongen · Rut · Klagesongane · Forkynnaren · Ester · Daniel · Esra-Nehemja · Krønikebøkene (1–2)
Bøkene i Det gamle testamentet (rekkjefølgje i den kristne tradisjonen)
Mosebøkene 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok
Historiebøkene

Josva · Domarane · Rut · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Krønikebøkene (1–2) · Esra-Nehemja ·

Ester
Visdomsbøkene

Job · Salmane · Ordtøka · Forkynnaren ·

Høgsongen
Profetbøkene Jesaja · Jeremia · Klagesongane · Esekiel · Daniel · Hosea · Joel · Amos · Obadja · Jona · Mika · Nahum · Habakkuk · Sefanja · Haggai · Sakarja · Malaki
Apokryfe eller
deuterokanoniske skrifter

Kanoniske i dei ortodokse og katolske kyrkjene: Tobit · Judit · Ester · Visdomsboka · Sirak · Baruk · Tillegget til Daniels bok · Makkabearane (1–2)

Kanoniske i mange ortodokse kyrkjer: 151. salmen · Esdras · Bøna åt Manasseh · 3. Makkabearane · Brevet åt Jeremia

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.