Jordras

Jordras eller jordskred er ei rørsle eller utgliding av jordmassar i skrånende bakkar langs av leire eller fjell.

Jordras førekjem oftast i fjellområde, der det kan bli valdsame konsekvensar for innbyggjarane. Ofte blir jordras framkalla av sterk nedbør, då dei øvste jordlaga er metta med vatn og vert for tunge og ustabile for dei underliggjande, understøttande jordlaga.

Landslide animation San Matteo County
Datasimulering av jordras i San Mateo County ved San Francisco i 1997.

Sjå også:

Kjelder

  • Artikkelen byggjer på «Jordskred» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2011.
    Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
1953

1953 (romartal MCMLIII)

Abantsjøen

Abantsjøen (tyrkisk Abant Gölü) er ein innsjø i provinsen Bolu nordvest i Anatolia i Tyrkia, danna etter eit stort jordras. Innsjøen ligg 1328 meter over havet, 32 km frå byen Bolu. Det er eit populært fritidsområde og ligg 21 km frå vegen mellom İstanbul og Ankara ved Bolufjellet. Abantsjøen er ein naturpark.

Innsjøen har eit areal på 1,28 km2 og er på det djupate 18 meter. Det ligg to store hotell ved innsjøen. Det veks svartfuru, furu, eik, ask, agnbøk, piletre, einebærbusk, tamarisk, hassel, mispel og jordbærtre er av tre som veks i skogen kring innsjøen. Her finn ein òg villsvin, dåhjort, rådyr, brunbjørn, gråulv, raudrev, sjakal og kanin.

Alnestunnelen

Alnestunnelen er namnet på to tunnelar på Godøya i Giske kommune i Møre og Romsdal. Den nye Alnestunnelen er 1493 meter lang og går gjennom Sloktinden mellom Støbakk og Alnes. Den har gangfelt og eitt køyrefelt med møteplassar for kvar 250 – 300 meter. Total vegbreidde er 4,0 meter. Planlegginga av tunnelen gjekk raskt. Etter fleire stein- og jordras og mislykka forsøk på rassikring av vegen på nordsida av øya i 2004, vedtok Møre og Romsdal fylkesting hausten 2004 at tunnelen skulle byggast. Tunnelarbeidet starta 18. august 2005, gjennomslaget kom 28. april 2006, og tunnelen blei opna 14. desember 2006. Tunnelen er ein del av Fylkesveg 127 i Møre og Romsdal.

Tunnel- og vegprosjektet kosta 97 millionar kroner.

Den gamle Alnestunnelen er 205 meter lang og er ein del av den gamle, no nedlagde fylkesvegen på nordsida av øya, under Valkveegga vest for Valkveet.

Bouvetøya

Bouvetøya (fransk Île Bouvet, tidlegare Liverpool Island) er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggande øya i verda. Øya har eit areal på 49 km², og av dette er 93 % av isbrear. Midten av øya er eit isfylt krater av ein inaktiv vulkan. Langs kysten ligg nokre skjer og ei øy, Larsøya. Nyrøysa, som vart danna av eit jordras seint i 1950-åra, er den einaste enkle staden å gå i land. Norsk Polarinstitutt har hatt ein automatisk vêrstasjon i drift her sidan 1977.

Øya vart først oppdaga 1. januar 1739 av Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier, som øya seinare vart kalla opp etter. Han skreiv ned unøyaktige koordinatar, og øya vart ikkje observert på nytt før James Lindsay namngav ho Lindsay Island i 1808. Benjamin Morrell hevda å ha vore i land på øya, som første person, men dette er omstridd. Øya vart gjort krav på for Den britiske krona av George Norris i 1825, som namngav ho Liverpool Island. Han såg òg ei fantomøy i nærleiken som han kalla Thompson Island. Den første Norvegia-ekspedisjonen gjekk i land på øya i 1927 og gjorde krav på øya for Noreg. Etter at britane protesterte og vart erklært eit norsk biland i 1930. Øya vart eit naturreservat i 1971.

Ettersom ein reknar Antarktis som områda sør for 60°S høyrer Bouvetøya ikkje til denne verdsdelen, men Subantarktis og kanskje Afrika, som ligg i underkant av 2000 km lenger nord. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja henne og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring.

Bringa

Bringa (dialektisk: bringå - bringinne) matrikkelgard nr 108 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: Oluf Rygh trur at namnet kan skrive seg frå det norrøne ordet bringa som tyder bringe eller bryst, på folk og fe. I overført tyding skildrar namnet eit breitt, framskytande fjell eller berg, noko som høver med naturtilhøva og plasseringa av dei opphavlege husa på garden.

Bringa er lokalisert ved sjøen på nordsida av Geirangerfjorden, om lag 5 km frå Geiranger sentrum. Husa på garden låg om lag 60 moh, ved Bringefossen (òg kalla Gomsdalsfossen). Garden var rekna som tungbrukt og utsett for stein- og jordskred. Næraste grannegarden er Knivsflå som ligg om lag 2 km lenger ute i fjorden.

Det er kjent at det budde folk på Bringa i 1645 men både i 1724 og 1766 er garden oppført som øydegard. På byrjinga av 1800-talet kom der folk att og det er nemnt at dei kunne vinterfore 4-5 storfe og 30-40 geiter på garden. Bringe-Ragnhild (Ragnhild Isaksdatter 1811 -1876) var kjend for å vere ein meisterleg ølbryggjar. Ho døydde i 1876 «som følge av beskadigelse ved fald utfaar en bjergknat».

Julenatta 1863 kom det eit stort jordras som gjorde stor skade på husa og der var ikkje buande for folk etter dette. Den siste brukaren var Martinus Sølfestsen (1852-1934) som selde bruket i 1878 til Gomsdal. Garden vart deretter nytta som beitområde ei tid. I dag er husa borte og berre nokre restar av husmurar viser kvar helst tunet ein gong låg.

Flaum

Flaum er ei naturleg, men ofte uventa hending som skjer når vatn skòlar over landområde.

Kaindy

Kaindy er ein 400 meter lang innsjø i Kasakhstan. Han ligg 320 km frå byen Almaty i ei høgd på 2 000 meter over havet og er opp mot 30 meter på det djupaste. Han oppstod etter eit enormt jordras av kalkstein. Vegen mot Kaindy har mange vakre attraksjonar som Satyravinen, Tsjilikdalen og Kaindyravinen. Uttørka trestammer stikk opp av vassoverflata.

Kilimanjaro

Kilimanjaro er eit fjell nordaust i Tanzania. Det er den høgaste fjelltoppen i Afrika. Toppen, «Uhuru» på kraterkanten er 5895 meter over havet. Kilimanjaro er verdens høgaste frittståande fjell. Vulkanen Kilimanjaro er ikkje utdøydd, men slepp ut gassar frå krateret på toppen. Det er likevel ikkje venta at Kilimanjaro kjem til å kollapsa og komma med eit nytt utbrot slik som Mount St. Helens. Fleire mindre kollapsar og jordras har gått føre seg tidlegare. Eit av desse jordrasa skapte området kjent som «den vestlege sprekken».

Langfredagsjordskjelvet i Alaska

Langfredagsjordskjelvet i Alaska (eng. Good Friday Earthquake eller Great Alaska Earthquake) var eit jordskjelv som fann stad i Alaska den 27. mars 1964, og var det kraftigaste jordskjelvet i USA i historisk tid. Skjelvet hadde ein styrke på 9,2 på Richterskalaen med episenter i Prince William-sundet. Det tok livet av 131 menneske, dei fleste drukna som følgje av flodbølgja jordskjelvet skapte.

Pendéli

Pendéli (gresk Πεντέλη) eller Pendelikó (gresk Πεντελικό), tidlegare òg kalla Pentelikon, Penteli, Pentele, Pentelikos, Pentelicus, Vrilissos (gresk Βριλησσός) eller Vrilittos (gresk Βριληττός), i mellomalderen Mendeli, er eit fjell nordaust for Aten og sørvest for Marathónas i Hellas. Det har ei høgd på 1 109 moh. og er stort sett dekt av skog. Rundt fjellet finn ein stort sett busette område, særleg i Vrilíssia, Pendéli, Ekáli, Diónysos og nord for Jérakas.

Quiraing

Quiraing er eit jordras på austsida av Meall na Suiramach, den nordlegaste toppen på Trotternish Ridge på Isle of Skye i Skottland. Heile Trotternish Ridge vart forma av fleire jordras, og Quiraing er den einaste delen som framleis er i rørsle.

Ras

Ras, òg kalla skred (frå norrønt skrið, i slekt med skride) eller lavine, er ei nemning på at større mengder stein, jord, eller snø som rører seg nedover eit landskap eller ei fjellside. Eit stort ras kan røra seg fleire kilometer og føra til stor øydelegging. Om massen i raset dett ned i til dømes ein fjord, kan det koma store flodbølgjer - dette gjeld ikkje minst fjellskred eller store steinras. Ved til dømes Tafjord-ulukka i 1934 gjekk sjølve raset i eit folketomt område, medan flodbølgja skapte stor øydeleggingar langt unna.Ein stad der det stadig går ras eller er spor etter ras vert kalla ras- eller skredlaup.Ikkje noko fylke i landet unngår ulemper eller skader frå ras. Det går særleg ut over kommunikasjonslinjer, veg, jarnbaner, kraftlinjer, men òg skog, dyrka mark, bustadområde og i sjeldnare tilfelle industrianlegg. I dei mest alvorlege tilfella går menneskeliv tapt. I Noreg tok åtte store snø- og fjellras livet av 257 menneske i løpet av 1900-talet

Silsersee

Sils-sjøen (tysk Silsersee, retoromansk Lej da Segl) er ein innsjø i den øvre Engadindalen i Graubünden i Sveits. Han har namn frå landsbyen Sils im Engadin. Innsjøen ligg 1797 meter over havet mellom Malojapasset og Silvaplanasjøen.

Han jar eit overflateareal på 4,1 km² og Sils-sjøen er den største innsjøen i Engadin og den største naturlege innsjøen i Alpane som ligg over 1 000 meter over havet. Innsjøen vart danna av eit førhistorisk jordras, på liknandevis som Silvaplanasjøen.Det går båttransport på sjøen frå slutten av juni til slutten av september og er ein av dei høgastliggande innsjøane i Europa med kollektivtrafikk.Dei størstel andsbyane ved Sils-sjøen er Sils im Engadin og Maloja (del av Bregaglia).

Temštica

Temštica (serbisk Темштица) er ei elv i Serbia og ei sideelv til Nišava frå høgre. Temštica sjølv er ikkje særleg leng, men tar imot ei mykje lenger sideelv, Visočica som kjem frå Bulgaria. Systemet Visočica-Temštica er 86 km langt.

Temštica eller Toplodoska reka (Топлодолска река) spring ut frå fem kjelder i Balkanfjella nær grensa mellom Serbia og Bulgaria. Visočica (bulgarsk og serbisk Височица) er 71 km lang og spring ut frå fjellet Berkovska planina i Bulgaria, berre få kilometer frå grensa til Serbia.

I 1963 førte eit stort jordras til at Visočica vart demd opp og landsbyen Zavoj vart lagt under vatn. Den naturlege innsjøen vart fjerna for vatn og demninga vart forsterka, slik at den kunstige Zavojsjøen vart skapt. Innsjøen vert nytta av eit vasskraftverk.

Den siste 15 km lange biten av elva etter munningen til Visočica vert kalla Temska (Темска). Elva munnar ut i Nišava nordvest for byen Pirot.

Temštica drenerer eit område på 820 km² og nedslagsfeltet hennar høyrer til Svartehavet.

Trotternish

Trotternish eller Tròndairnis (skotsk-gælisk) er den nordlegaste halvøya på Isle of Skye i Skottland.

Den mest kjende med Trotternish er eit massivt jordras som går langs heile halvøya, om lag 30 km. Jordraset inneheld to av dei mest kjende landemerka til Skye: Old Man of Storr, ein isolert tind, og Quiraing, eit område med uvanlege og dramatiske bergformasjonar.

Det nordlegaste punktet på Trotternish, Rubha Hùinis, er òg det nordlegaste punktet på Skye. Dei tre største busetnadane på Trotternish er Portree (generalt rekna som hovudstaden på Skye), Uig og Staffin.

Victim of Changes

«Victim of Changes» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå studioalbumet Sad Wings of Destiny i 1976. Adrien Begrand, som skreiv for PopMatters, hevda at songen endra løpet for heavy metal-historia. Gitarspelinga er òg vidkjend, og Bob Gendron hylla «jordras-riffa» i Chicago Tribune. Den «episke» songen har blitt ein Judas Priest-klassikar, og Martin Popoff førte songen på 17. plassen på lista over dei 500 beste heavy metal-songane gjennom tidene.Songen er ein kombinasjon av to songar av to Judas Priest-songarar: «Whiskey Woman» av Priest-grunnleggjaren Al Atkins, og «Red Light Lady» av den seinare songaren Rob Halford. Konsertversjon av songen finst på fleire av konsertalbuma til Judas Priest, som Unleashed in the East, '98 Live Meltdown og Live in London.

Whakatane

Whakatāne (uttala ɸakaˈtaːne på māori; fɒkəˈtɑːni eller hwɒkəˈtɑːni på engelsk) er ein by i regionen Bay of Plenty på Nordøya på New Zealand, og er setet til regionsstyret, Bay of Plenty Regional Council og styret i distriktet Whakatane District Council. Whakatāne ligg 90 km aust for Tauranga og 89 km nordaust for Rotorua, ved munningen til elva Whakatane River. Andre tettstadar i distriktet er Murupara, Edgecumbe, Taneatua, Matata, Waimana og Te Teko.

Trass i at byen ligg i regionen Bay of Plenty, føretrekkjer mange av innbyggjarane å seia at dei bur i Eastern Bay of Plenty. Dei offisielle heimesidene til Whakatane District Council andre offisielle turistsider er og mellom dei som ønskjer å understreka at Whakatāne ligg i det austlege Bay of Plenty. Ei lang rekkje av lokale verksemder og organisasjonar brukar også uttrykket Eastern Bay of Plenty når dei skriv om kvar dei held til.

Byen har eit folketal på 18 700, og i tillegg bur 15 700 menneske i Whakatāne District. Av dei 34 400 innbyggjarane i distriktet, har kring 40% māoriavstamming. Distriket har ei flatevidde på 4 442,07 km². Whakatane District vart oppretta i 1976.

Whakatāne var mellom dei byane som vart råka av Edgecumbe-jordskjelvet i 1987.

White Nothe

White Nothe er ei nes ved Den engelske kanalen aust i Ringstead Bay, aust for Weymouth i Dorset i England. Området er velkjend for geologien og dei mange fossila som er å finne her. Sidene av neset kjem av gamle jordras.

Det går ein flott sti opp klippa, som ein meiner vart nytta av smuglarar. Det er mogeleg å gå frå botn av White Nothe langs kysten frå Ringstead Bay, men vegen vert dekt av sjøen ved flo.

Området er delvis eigd av National Trust. Frå toppen av White Nothe kan ein i aust sjå kalkklippa Bat's Head. Det er mogeleg å gå austover langs toppen av klippa til Durdle Door og Lulworth Cove. Ut mot havet kan ein sjå Isle of Portland.

Like nordvest for White Nothe ligg Burning Cliff.

Zavojsjøen

Zavojsjøen (serbisk Завојско језеро - Zavojsko jezero) er ein kunstig innsjø aust i Serbia langs elva Visočica. Han vart skapt i 1963 etter at eit stort jordras demde opp elva og den naturlege demninga seinare vart erstatta forsterka.

Zavoj ligg aust i Serbia og nord i regionen Visok, nær grensa til Bulgaria. Innsjøen er ein del av elva Visočica og ligg mellom Balkanfjella i nord og Vidlič i sør. Han ligg 16 km nord for by en Pirot, og nær staden der Visočica munnar ut i Temštica.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.