Jom kippúr

Sjå og Jom kippúrkrigen.
Yom Kippur2003
Sjofaren som ein bles i på slutten av høgtida er eit symbol på jom kippur.

Kippúr eller jom kippúr (frå hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים jōm hakkippūrīm) er den jødiske forsoningsdagen. Høgtida er ei av dei viktigaste i den jødiske kalenderen, og blir gjerne halden også av dei som er mindre religiøse. På kippúr skal ein gjera opp for synder, både som folk og som enkeltperson. Ved å sona for dei får ein òg tilgjeving.

Høgtidsdagen er ein full sabbat der ein ikkje kan utføra noko arbeid. Heile dagen er ein fastedag, og alle jødar over 12/13 års alder som har helse til det er pålagde å faste frå solnedgang på kippúr-aftanen til det er mørkt etter sjølve kippúr-dagen — det vil seie om lag 25 timar. I denne perioden et ein ingen ting og drikk ikkje noko anna enn kva som er strengt nødvendig for helsegrunnar. Ein skal heller ikkje bada, bruka sminke, ha på seg ting av lêr (som skor) eller ha samleie i denne tida.

Kippúr fell på den tiande dagen av månaden tisjré. Etter den sivile kalenderen havnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober. I 2005 fell kippúr på 13. oktober — det vil seie frå 12. oktober ved solnedgang til 13. oktober etter solnedgang. Dei ti dagane før høgtida, innleia av nyttårsdagen rosj hasjaná, har vore ei tid av anger og bøn. Kippúr står for reinsing frå synd, og på grunn av dette ber mange jødar symbolske kvite klede på denne dagen.

Rituale

Bønneritualet for kippúr inneheld fleire karakteristiske element:

Maurycy Gottlieb - Jews Praying in the Synagogue on Yom Kippur
Maurycy Gottlieb (18561879): «Bedande jødar i synagogen på jom kippúr» (oljemåleri på lerret, Wien 1878.
  • Ein brukar tallét (bønnesjal) under kveldsgudstenesta. Dette er den einaste kveldsgudstenesta i heile det jødiske året at alle hovudretningar av jødedommen er einige om at dette er pålagt. Grunnen til påbodet er at alle gudstenestene i løpet av heile kippúr er å rekne for éi samanhengande gudsteneste.
  • Kal nidré (askenasisk: Kol nidré; italiensk kol-nedarím) er ei bønn om at lovnader ein gjorde sitt beste for halde, men ikkje greidde å leva opp til, ikkje må bli haldne mot ein, og likeleis at lovnader ein vart tvungen til (slik som, t.d., under Den spanske inkvisisjonen) ikkje må bli haldne mot ein. (I askenasisk jødedom er denne bønna endra til å gjelde det kommande året i staden.)
  • Ein blæs i sjofár (bukkehorn) éin gong ved slutten av dagen for å markere at jom kippúr er over.
  • Under ‘amidáen legg ein mellom anna til bønna selihót.
  • I tillegg til dei vanlege gudstenestene har ein gudstenestene Musáf og Ne‘ilá.
  • Ein legg til ‘Abodá-avsnittet, som fortel om gudstenesta i Tempelet i Jerusalem på denne dagen.
  • Ein legg til ei minnebønn — kalla Hasjkabá (eller Rogativa) av sefardím og Jiskor blant askenasím.

Kva tid fell jom kippur?

Bakgrunnsstoff

9. oktober

9. oktober er den 282. dagen i den gregorianske kalenderen (283. under skotår). Det er 83 dagar att av året.

Askenasisk jødedom

Askenasisk jødedom er ei retning av jødedommen som vart utvikla hovudsakleg i mellomalderens Tyskland og Frankrike. Den askenasiske jødedommen, som primært er utbreidd blant askenasiske jødar, skil seg ut frå sefardisk jødedom særleg i ritualet for rosj hasjaná og jom kippúr, i uttalen av hebraisk og arameisk, i terminologibruk, i interpretasjonen av halakhá og i ein del liturgiske detaljar.

Avnei Eitan

Avnei Eitan (hebraisk אַבְנֵ"י אֵיתָ"ן) er ei israelsk busetjing og ein moshav i Golanhøgdene, kring 385 meter over havet.

Beit HaShita

Beit HaShita (hebraisk בֵּית הַשִּׁטָּה, tyder Akasiehuset) er ein israelsk kibbutz som ligg mellom Afula og Beit She'an.

Beit Hashita ligg 50 meter under havnivå og høyrer til Gilboa regionale kommune.

Bøn

Bøn innan ein religion inneber kommunikasjon mellom ein truande og ei høgare makt, som ei ånd eller ein guddom. Ein ber ofte ved hjelp av ord, men bøna kan òg vera ordlaus og bestå av andre handlingar, som å meditera, ofra eller gå inn i visse stillingar.

Mange religionar har fastsette bønemåtar og bønetider. Innan islam og jødedommen er det til dømes vanleg å be til faste tider på dagen. I kristendommen er felles bøn gjerne ein fast del av ei gudsteneste. Bøner kan utførast åleine eller saman med andre.

Det kan vera mange grunnar til å be, ein kan mellom anna uttrykka eit ønske, ein takk eller ein klage, prisa guddommen eller ganske enkelt be fordi det blir forventa innan religionsutøvinga. Særleg innan polyteistiske religionar er bøn blitt sett på som eifd form for magi der ein vil få det ein ber om dersom ein utfører dei på rette måten.

Den norske unitarkirke

Den norske unitarkirke (Unitarforbundet) er forbundet for unitaristar i Noreg. Unitarisme, som òg går under namna «unitarisk kristendom» eller «kristenunitarisme», er ei retning av kristendommen som byggjer på trua om at Gud er eineveldig og éin, og forkastar dermed idéen om ei likeverdig treeinigheit. Unitarismen talar for eit dogmefritt syn, altså at tru er individuell og blir skapt i møtet mellom Gud og individet. Mennesket er ansvarleg for å tolke si tru individuelt, utan korrigerande læresetningar. Ulike individ kan ha ulik tolking. Likevel har dei ulike kristenunitariske trussamfunna ein felles truskjerne. Denne kjernen blir kalla trusprinsippa og er i stadig utvikling.

Den norske unitarkyrkja vidarefører den kristne tradisjonen som i dag lever i dei ungarske og rumenske unitarkyrkjene, men legg òg vekt på å praktisere ein felles mosaisk arv. På det viset skil kyrkjesamfunnet seg òg frå andre kristenunitarkyrkjer. Den norske unitarkyrkja ligg nær opp til den unitariske Szekler-sabbatarianismen og representerer truleg i dag det nærmaste ein i ein kristen samanheng kjem til reformjødisk tru og praksis. Dette kjem særleg til syne ved at ein held sabbaten frå fredag kveld til laurdag kveld og feirar denne etter jødisk rituale. Mennene ber kippá (jødisk kalott). I tillegg til dei tradisjonelle kristne høgtidene feirar ein jom kippúr, rosj hasjaná, sukkót (lauvhyttefesten), hanukká, purím, pesah (jødisk påske) og sjabu‘ót (vekefesten eller jødisk pinse). Nærleiken til jødedommen er grunna i synet at kristendommen må forståast gjennom eit jødisk perspektiv.

El Rom

El Rom (hebraisk אֶל רוֹם, tyder «Til høgda») er ein israelsk busetjing og ein kibbutz nord i Golanhøgdene som ligg i kommuneområdet til Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.El Rom har eit folketal på kring 350 (2005).

Gevat

Gvat eller Gevat (hebraisk גְּבַת) er ein kibbutz nord i Israel nær Migdal HaEmek i Jezreeldalen. Han er ein del av Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 670. Innbyggjarar i Gvat starta Plastro, ein av dei største produsentane av dryppvatningssystem.

Jom kippúrkrigen

Jom kippúrkrigen, Ramadankrigen eller Oktoberkrigen føregjekk frå 6. oktober til 26. oktober 1973, mellom Israel på den eine sida, og ein koalisjon av arabarstatar leia av Egypt og Syria på den andre. Krigen fekk namnet sitt fordi han tok til på den jødiske høgtidsdagen jom kippur. Krigen begynte med eit overraskande angrep frå Egypt og Syria, då dei kryssa grensa ved Sinai og Golanhøgdene for å ta attende områda som var gått tapt til Israel under seksdagarskrigen.

Den arabiske koalisjonen gjorde store framstøyt dei første par dagane av krigen, før Israel greidde å slå tilbake. Innan den andre veka av krigen hadde styrkane til Syria blitt pressa heilt ut av Golanhøgdene. Israel låg an til å vinne heile krigen då han enda med våpenkvile i regi av SN. Globalt sett fekk krigen store følgjer gjennom stans i oljeleveransen frå arabarlanda, og dette førte til mangedobling av oljeprisane og oljekrisa i 1973.

Jødiske høgtider

Jødiske høgtider er høgtider innan jødedommen. Høgtidene markerer sentrale tema i samhøvet mellom Gud og verda, slik som skapinga, openberring og berging. Nokre helgedagar er òg tilnytte årssyklusen i landbruket.

Dei tre valfartshøgtidene:

Tre høgtider feirar openberringa ved å minnast ulike hendingar under israelittane sin utgang av Egypt for å vende attende til Kana’an. Desse høgtidene ligg òg ved årstider som passar med viktige punkt i landbruket i Israel. Desse tre høgtidene er òg valfartshøgtider da israelittane reiste til Jerusalem for å ofre i Tempelet.

Pesaḥ, òg kalla jødisk påske, blir feira til minne om utgangen av Egypt og fell dessutan saman med bygghausten i Israel. Dette er den einaste av dei tre valfartshøgtidene som i dag legg meir vekt på feiring heime, på sedermåltidet med lesing av Haggadáen, enn på markering i synagogen. Pesaḥ fell på den 15. nisán. Nisán er den første månaden i den religiøse jødiske kalenderen til minne om at det var i denne månaden at israelittane forlét Egypt. Frå dagtid på den 14. nisán til etter solnedgang ved utgangen av den 21. eller 22. nisán (avhengig av tradisjon) er det forbode etter halakhá å eta og eige noko slags ḥaméṣ — gjæra eller syra mat som inneheld noko av dei fem kornslaga bygg (fire- og seksradsbygg), toradsbygg, durumkveite (inkludert spelt), brødkveite (inkludert emmer) eller einkorn (og i praksis òg rug og triticale). Som førebuing til denne høgtida tek oppleitinga av ḥaméṣ og reingjeringa i praksis form av ei grundig vårreingjering.

Sjabu‘ót, òg kalla vekefesten eller jødisk pinse, finn stad sju veker etter pesaḥ og er ei markering av Mosjé (Moses) si gjeving av dei ti boda til israelittane og markerer samtidig slutten av bygghausten og byrjinga av kveitehausten.

Sukkót, òg kalla lauvhyttefesten, markerer minnet om israelittane si vandring i øydemarka. Høgtida blir markert ved at ein set opp småe, meir eller mindre kåteaktige, hytter («sukkót») som representerer dei daglege krypinna israelittane bygde seg på vegen gjennom øydemarka. Sukkót fell saman med frukthausten og markerer slutten på det israelske landbruksåret.

Dei høge heilagdagane:

Rosj hasjaná, òg kalla jom hazzikkarón (‘minnesdagen’) eller jom teru‘á (‘sjofárblåsingsdagen’), blir ofte kalla «jødisk nyår» fordi denne dagen markerer den sjette dagen av skapingsverket. Denne dagen fell på 1. og 2. tisjré og markerer byrjinga av det jødiske sivile året. Det er òg ei bergingshøgtid og markerer byrjinga på den ti dagar lange soningsperioden som munnar ut i jom kippúr.Jom kippúr, eller soningsdagen, er den jødiske bots- og bededagen. På denne dagen er alle religiøst myndige jødar pålagde å faste og be om tilgjeving for alle synder ein gjorde seg skyldig i i året som gjekk. Jom kippúr er den aller viktigaste høgtidsdagen i det jødiske året og den einaste av høgtidene som har like strenge helgedagsbod som sjabbát.Mindre høgtider:

Blant fleire mindre høgtider kan nemnast ḥanukká, som feirar atterinnviinga av Tempelet i Jerusalem etter makkabearane sitt opprør mot det gresk-syriske selevkiddynastiet; og purím, som er ein karnevalliknande fest med opplesing av Esters bok og minnest korleis Estér og onkelen hennar, Mordekhái, berga dei persiske jødane da den vonde Hamán konspirerte mot dei for å utslette dei.

Keshet i Golanhøgdene

Keshet (hebraisk קֶשֶׁת) er ei israelsk busetjing, moshav shitufi, i Golanhøgdene. Han vart grunnlagd i 1974 etter Jom kippúr-krigen av Hapoel HaMizrachi nær den syriske byen Quneitra, som vart fråflytta og så lagt i grus under seksdagarskrigen. Namnet er ei omsetjing av namnet Quneitra («boge»). Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.

Neve Ativ

Neve Ativ (hebraisk נְוֵה אַטִי"ב er ein liten alpeliknande israelsk busetjing (moshav) i Golanhøgdene, som vart grunnlagd i 1972 i fjellsida av Hermon, 2 km vest for Majdal Shams. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.Det bur kring 37 familiar i Neve Ativ. Ativ er eit akronym for fire soldatar som mista livet i Golan: Avraham Hameiri, Tuvia Ellinger, Yair Elegarnty og Binyamin Hadad. Neve tyder oase.

Hovudnæringa i moshaven er turisme. Neve Ativ driv Hermon skisenter med 25 km skiløyper i Hermon.Skisenteret vart øydelagd under Jom kippúr-krigen, men var attende i drift året etter. Frank Riley skreiv i Los Angeles Times «Dette er eit fjell og ei oppleving kvar skientusiast bør oppleve minst ein gong i livet.» Skiesesongen varer minst tre månader, vanlegvis frå desember til mars. Ei helg i januar 2000 hadde skisenteret 11 000 vitjande. Seinare den månaden ønskte leiarane i Neve Ativ å gjere skisenteret til eit felles israelsk-syrisk føretak, og la syrarar få lov til å kome til senteret.

Rosj hasjaná

Rosj hasjaná (hebraisk ראש השנה rōš hovud haššānā året ) er jødisk nyår og blir feira på den 1. og 2. dagen (blant reformjødar og samaritanarar berre den 1. dagen) av månaden tisjré — den sjuande månaden i det jødiske året.

Ifølge jødisk tradisjon avgjer Gud menneskas lagnad for det kommande året då. Ein blæs i ein sjofár (bukkehorn) for å vekkje menneska til ettertanke (jf. 3 Mos 23.23-25).

Rosj hasjana markerer byrjinga på jamim noraím, ti dagar der ein gjer bot for syndene sine og som munner ut i høgtida jom kippúr.

Sefardisk jødedom

Sefardisk jødedom er ei retning av jødedommen som vart utvikla hovudsakleg i mellomalderens Spania og Portugal. Den sefardiske jødedommen, som primært er utbreidd blant sefardiske jødar, skil seg ut frå askenasisk jødedom særleg i ritualet for rosj hasjaná og jom kippúr, i uttalen av hebraisk og arameisk, i terminologibruk, i interpretasjonen av halakhá og i ein del liturgiske detaljar.

Selihót

Selihót (hebraisk סליחות‎, seliḥót), òg skrive selichot, er ei nemning på fleire jødiske tilgjevingsbøner. Dei blir sagt på fastedagar og i tida fram til dei store høgtidene rosj hasjaná og jom kippúr.

I sefardisk jødedom tek selihót-tida til den 2. elúl. I askenasisk tradisjon byrjar ho som regel laurdagskvelden før rosj hasjaná.

Sjofár

Ein sjofár er eit bukkehorn utan fingerhol bruka som signalinstrument i jødiske ritual — særleg i samband med rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (soningsdagen).

Tallét

Ein tallét, (hebr. טלֵּית ṭallēt (klassisk) el. טַלִּית ṭallīt (israelsk), fleirtal talletót) er eit jødisk bønnesjal med ein spesiell dusk, sisít, i kvart av dei fire hjørna.

Tisjré

Tisjré el. tisjrí (hebraisk תשרי [tišrē] el. [tišrī]) er den sjuande månaden i det jødiske året og varar i 30 dagar frå nymåne i september eller tidleg oktober. Jødiske helgedagar i månaden tisjré er:

1.(–2.) tisjré: Rosj hasjaná eller jødisk nyår.

3. tisjré: Gedalja-fasta

10. tisjré: Jom kippúr eller forsoningsdagen.

15.–21. tisjré: Sukkót eller lauvhyttefesten.

22.(–23.) tisjré: Sjeminí ‘aseret og simhat Torá

Yonatan i Golanhøgdene

Yonatan (hebraisk יוֹנָתָן) er ei israelsk busetjing og ein moshav sentralt i Golanhøgdene. Yonatan vart grunnlagd som ein moshav shitufi og gjekk gjennom ein privatiseringsprosess og vart ein «yishuv kehillati» (fellesbusetjing). Busetjinga er ein del av Hapoel HaMizrachi-rørsla i Golan regionale kommune. Det bur kring 350 innbyggjarar i landsbyen. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter internasjonal rett, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.

Jødiske merkedagar
pesah · ‘omer · sjabu‘ót · tisj‘á beáb · seliḥót · rosj hasjaná · kippúr · sukkót · sjeminí ‘aṣéret · simhat Torá · hanukká · tu bisjbát · purím

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.