Isle of Wight

Isle of Wight er ei øy og eit grevskap i England, 5-8 km utanfor sørkysten av England i Den engelske kanalen. Ho er skild frå fastlandet av sundet Solent og ligg sør for grevskapet Hampshire. Øya er kjend for den vakre naturen og feriestadane, som har vore populære sidan viktoriansk tid.

Øya har ei rik historie, inkludert ein kort periode som sjølvstendig kongedømet på 1400-talet. Ho var heimstaden til diktaren Alfred Tennyson og dronning Victoria bygde ein av sommarbustadane sine her. Den maritime og industrielle historia til øya omfattar skipsbygging, seglmaking, produksjon av flybåtar, den første luftputeskipet i verda og testing og utvikling av britiske romrakettar. Her vert Isle of Wight International Jazz Festival, Bestival og den nyoppretta Isle of Wight Festival halde. Sistnemnde festivialen i 1970 var ein av dei største rockehendingane som nokon gong er halde.[1] Øya har eit uvanleg dyreliv og nokre av dei rikaste dinosaurfossilfunna i Europa.

Ho var tidlegare ein del av Hampshire; men vart eit sjølvstendig administrativt grevskap i 1980. I 1974 vart det eit ikkje-metropolitansk og seremonielt grevskap.

Ein kan lett nå øya frå Portsmouth med luftputeskip. Det går òg mange passasjerbåtar over Solent: ruta frå Southampton til Cowes er 16 km lang, ruta frå Portsmouth til Ryde Pier er 8 km lang, ruta frå Portsmouth Gunwharf til Fishbourne er 11 km lang og ruta frå Lymington til Yarmouth er 6 km lang.

Isle of Wight
Flag of the Isle of Wight
Motto: All this beauty is of God
EnglandIsleWight
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Søraust-England
Areal 384 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

140 000
364,6 /km²
Etnisitet -
Distrikt

ingen

Historie

Isle of Wight er først nemnd i skriftlege kjelder i Geographia av Klaudios Ptolemaios.

Mot slutten av Romarriket hadde øya Vectis vorte eit jysk kongedømet styrt av kong Stuf og etterkomarane hans fram til 661, då ho vart invadert av Wulfhere av Mercia og med tvang omvendt til kristendomen. Då han reiste attende til Mercia, gjekk øybuarane tilbake til heidenskap.

I 685 vart øya invadert av Caedwalla av Wessex og kan frå den tid reknast som ein del av Wessex. Etter at dei vestsaksiske kongane tok trona i heile England, vart øya ein del av England. Øya vart ein del av Hampshire og vart delt inn i fleire hundred, som då var vanleg.

I 686 vart øya den siste delen av landet som vart omvendt til kristendomen.[2][3][4]

Øya vart hardt råka av plyndringstokta til vikingane. Marinen til Alfred den store slo danskane i 871 etter at dei hadde herja Devon og Isle of Wight.

Charles I memorial
Minnesmerke for Karl I ved Carisbrooke Castle

normannarane erobra England, vart det oppretta ein lord på Isle of Wight. Carisbrooke Priory og festninga Carisbrooke Castle vart då bygd. Øya kom ikkje under full kontroll for krona før ho vart seld på dødsleiet av den siste normanniske lorden, Lady Isabella de Fortibus til Edvard I i 1293.

Herskapet vart så utpeikt av kongen, bortsett frå ein kort periode då Henry de Beauchamp, 1. hertug av Warwick i 1444 vart krona til konge av Isle of Wight[5] av kong Henrik VI sjølv. Utan mannlege arvingar døydde kongetittelen med Henry de Beauchamp.

Henrik VIII, som utvikla Royal Navy og ein permanent base i Portsmouth, bygde festningsverk på øya ved Yarmouth, East og West Cowes og Sandown. Mykje seinare, etter at den spanske armadaen i 1588 truga med åtak, vart dei ytre festningsverka på Carisbrooke Castle bygd mellom 1597 og 1602.

Under den engelske borgarkrigen flykta kong Karl til Isle of Wight, der han trudde han ville få sympati hos guvernøren Robert Hammond. Hammond forferda og tok kongen til fange i Carisbrooke Castle. Karl hadde opphavleg tenkt å flykte til Jersey, men gjekk seg bort i New Forest og missa båten.

Osborne-house1
Osborne House og området rundt er no open for ålmenta.

Under sjuårskrigen vart øya nytta som utgangspunkt for britiske troppar i felttoget mot franskekysten, som raidet mot Rochefort. Under den planlagt franske invasjonen i 1759 vart ein større britisk styrke halde på øya, slik at dei raskt kunne kom seg kvar som helst langs den sørlege engelske kysten. Franskmennene avlyste invasjonen etter slaget ved Quiberon Bay. Ein seinare planlagt fransk invasjon involverte landgang på Isle of Wight.[6]

Dronning Victoria bygde Osborne House på Isle of Wight som sommarhus. Som følgje av dette reiste mange fasjonable viktorianarar til øya på ferie, som Alfred Lord Tennyson, Julia Margaret Cameron, Charles Dickens (som skreiv mykje av David Copperfield der) og medlemmer av den europeiske adelen.

Under regjeringstida hennar, i 1897, vart den første radiostasjonen[7] oppretta her av Marconi, heilt vest på øya ved The Needles.

Under den andre verdskrigen vart øya ofte bombardert. Øya låg nær Frankrike og hadde mange observasjonsstasjonar og sendarar. Needles-batteriet vart nytta til testing og utvikling av romrakettane Black Arrow og Black Knight, som til slutt vart skoten opp frå Woomera i Australia.

Isle of Wight Festival var ein særs stor rockefestival som fann stad nær Afton Down vest på Wight i 1970, etter to mindre konsertar i 1968 og 1969. 1970-utgåva er kjend som den siste offentlege konserten til Jimi Hendrix og for det høge publikumstalet, som av mange er estimert til rundt 600 000.[8] Festivalen vart gjenoppteken i 2002 og er no ei årleg hending.

Kjelder

  1. Isle of Wight Festival history
  2. Saxon Graves at Shalfleet, Isle of Wight History Centre, August, 2005
  3. England, A Narrative History, Peter N. Williams
  4. The English Accept Christianity, The Story of England, Samuel B. Harding
  5. William Camden, Britain, or, a Chorographicall Description of the most flourishing Kingdomes, England, Scotland and Ireland (London, 1610)
  6. Longmate, Norman. Island Fortress: The Defence of Great Britain, 1603-1945. London, 2001. s.186-88
  7. Connected Earth: The origins of radio
  8. Movies
Brading

Brading er ein by på Isle of Wight utanfor sørkysten av England. Han har kring 2000 innbyggjarar.

Brading Down

Brading Down er nokre grasskledde bakkar sørvest for Brading i Isle of Wight. Det er ein dominerande ås oppfor Sandown Bay, med flott utsyn over bukta mot Shanklin og Culver Down.

Delar av bakkane er privateigde og nytta til jordbruk. Ein del er derimot òg ope for alle og eid av Isle of Wight Council.

Brighstone Down

Brighstone Down er nokre grasskledde bakkar av kalkstein på Isle of Wight. Åsen ligg nær landsbyen Brighstone, sørvest på øya. Åsen har ei høgd på 214 meter over havet på det hgøaste, nordaust for landsbyen Mottistone.

Cowes

Cowes er ein by på Isle of Wight utanfor sørkysten av England. Han har kring 9500 innbyggjarar og ligg på vestsida av elva Medina mot den mindre byen East Cowes på austbreidda.

Culver Down

Culver Down er nokre graskledde bakkar av krit nord for Sandown på Isle of Wight i England. Ein trur at namnet kjem frå Culfre, det gammalengelske namnet for «due». Området er ein viktig hekkestad for sjøfugl. Nordsida av bakkane vert nytta som beitemark for kyr. Delar av området vert nytta skytefelt, men dei offentlege områda er eigd av National Trust. Frå bakkane har ein utsikt over Den engelske kanalen.

I mange år var heile området ein militærsone og stengd for ålmenta. Det er fleire historiske militære anlegg her, fleire private hus, ein pub og eit monument.

Monumentet er eit minnesmerke til Charles Anderson-Pelham, den andre baronen av Yarborough (seinare første jarlen av Yarborough og Baron Worsley), som grunnla Royal Yacht Squadron ved Cowes. Det vart først reist i 1849 på det høgaste punktet på Bembridge Down, litt lenger vest, men så flytta hit i 1860-åra.

Isle of Wight-festivalen

Isle of Wight-festivalen er ein årleg musikkfestival som blir halden på den engelske øya Wight (Isle of Wight). Han blei opphavleg halden frå 1968 til 1970 på høvesvis garden Ford (nær Godshill), Wootton og Afton Down (nær Freshwater). Festivalen i 1970 var så langt den største og mest berømte av desse tidlege festivalane. Blant dei som opptrådte var The Who, Jimi Hendrix, Miles Davis, The Doors, Ten Years After, Emerson Lake and Palmer, Joni Mitchell, The Moody Blues, Melanie, Donovan, Free, Chicago, Richie Havens, John Sebastian, Leonard Cohen, Jethro Tull, Taste og Tiny Tim.

Det store talet frammøtte, mange av dei utan billett, tydde at dei lokale styresmaktene og festivalarrangørane ikkje kunne forhalde seg til mengdene eller garantera tryggleiken deira. Slike suter førte til at det britiske parlamentet året etter vedtok ein eigen lov, «Isle of Wight Act», med forbod mot forsamlingar på meir enn 5 000 menneske på øya utan eige løyve.

Festivalen blei gjenoppliva i 2002 ved Seaclose Park, ein fornøyelsesspark ved utkanten av Newport. Festivalen har sidan blitt halde her kvart år, og gradvis strekt seg nordover frå parken til den austlege Medina-dalen. Mange kjente musikarar har opptredd på den gjenoppliva festivalen, mellom anna The Rolling Stones, Muse, Donovan, Ray Davies, Robert Plant, David Bowie, Manic Street Preachers, The Who, R.E.M., Coldplay, The Proclaimers, Bryan Adams og The Police.

Newport på Isle of Wight

Newport er ein by på Isle of Wight utanfor sørkysten av England. Han har kring 24 000 innbyggjarar. Byen ligg noko nord for sentrum av øya, ved elva Medina, som renn nordover til Solent.

Robert Hooke

Robert Hooke (27. juli 1635–3. mars 1703) var ein engelsk fysikar og matematikar.

Han var professor i geometri ved Gresham College frå 1665. Han fann opp lommeuret og gav i 1665 ut eit optisk arbeid, Micrographia, der han skildrar sine observasjonar med eit forbetra samansett mikroskop. Her finst dei første skildringar av plantene sine celler. Hooke gjorde òg ei rekkje forbetringar ved astronomiske instrument og konstruerte den første reknemaskinen. Han utførde ei mengd fysiske undersøkingar over fall-lova, pendelen, interferensfarger i tynne hinner, faste lekamar sine elastiske tilhøve og mykje meir.

Rutland

Rutland er eit grevskap i England, som grensar i vest og nord til Leicestershire, i nordaust til Lincolnshire og i søraust til Peterborough.

Frå nord til sør er det berre 18 km langt og får vest til aust berre 17 km breitt. Det er den minste sameinte styresmakta i England ut frå folketal og berre City of London har mindre areal. Det er òg det minste historiske grevskapet i England, som har gjeve det mottoet Multum In Parvo eller «mykje i lite». Av dei moderne seremonielle grevskapa er Isle of Wight, City of London og City of Bristol mindre.

Dei einaste byane i Rutland er Oakham, som er administrasjonsstad, og Uppingham. Midt i grevskapet ligg det store vassreservoaret Rutland Water. Dette ere it viktig naturreservat for overvintrande fuglevilt og hekkestad for fiskeørn.

Dei eldste hyttene i Rutland er bygd av kalkstein eller jernmalm og mange har tak av Collywestonskifer eller takhalm.

Sandown

Sandown er ein ferieby på sørkysten av Isle of Wight i England. Han har kring 5 500 innbyggjarar og ligg like nord for nabobyen Shanklin. Sandown Bay er namnet på bukta i Den engelske kanalen som begge byane ligg ved. Bukta er kjend for dei gylne sandstrendene sine. Her ligg òg det tapte Sandown Castle. Dette vart angripe av franske styrkar under oppbygging, men franskmennene vart drivne attende. Det vart bygd for langt ut mot sjøen og vart erodert bort og er i dag berre ein steinhaug. Seinare fort er mellom anna Diamond Fort som vart bygd nokon lenger inne. Granite Fort er i dag ein dyrehage.

Shanklin

Shanklin er ein by på Isle of Wight utanfor sørkysten av England. Han har kring 8000 innbyggjarar og ligg på austsida av øya ved Sandown Bay. Sandstranda, gamlebyen og ei skogkledd kløft, Shanklin Chine, er av hovudattraksjonane.

St. Catherine's Point

St. Catherine's Point er det sørlegaste punktet på Isle of Wight. Det ligg nær landsbyen Niton.

På området står St Catherine’s lighthouse, eit fyr frå 1840.På den nærliggande St. Catherine's Hill står St. Catherine's Oratory, lokalt kalla Pepperpot. Det er eit steinfyr bygd i 1323 av Walter De Godeton og er det nest eldste fyret i Storbritannia..

The Needles

The Needles er tre kalkstaurar som står på rekkje i sjøen vest for Isle of Wight i England, nær Alum Bay. Eit fyr har stått på den vestlegaste stauren sidan 1859.Formasjonen har fått namn etter den tidlegare fjerde nåleforma stauren Lot's Wife som stod her fram til han raste saman under ein storm i 1764. Dei gjenverande klippene er alle korte og tjukke og ikkje nåleliknande i det heile, men namnet har halde ved.

The Needles er ein stor turistattraksjon knytt til Alum Bay. Det går båtturar til klippene frå Alum Bay. Klippene og fyret har vorte symbol på Isle of Wight og er å sjå på mange suvenirar frå øya.

Det stod eit artilleribatteri på The Needles frå 1860-åra til 1954, då det vart sett ut av funksjon.

Ventnor

Ventnor er ein kystby og ein kommune grunnlagd i viktoriatida på sørkysten av Isle of Wight i England. Han ligg nedanfor St. Boniface Down (det høgaste punktet på Isle of Wight) og er bygd i ei bratt side med klipper som fører ned til sjøen. Den høgareliggande delen vert kalla Øvre Ventnor (offisielt Lowtherville), medan den lågareliggande delen vert kalla Ventnor. Ventnor vert stundom medrekna kystlandsbyane St. Lawrence på eine sida og Bonchurch på den andre.

Verna av klippene har sørkysten på øya eit eige klima med fleire soldagar enn resten av Dei britiske øyane og færre dagar med frost. Dette har gjort at fleire subtropiske planter har slått rot her og Ventnor botaniske hage er ein av attraksjonane her.

Wessex

Wessex var eit angelsaksisk kongerike sørvest i Storbritannia. Det eksisterte frå 500- til 900-talet før England voks fram som stat. Winchester var hovudstaden i riket, som dekkja dei seinare grevskapa Berkshire, Hampshire, Wiltshire, Dorset, Somerset og Isle of Wight. Seinare fekk det også makt over Cornwall.

Kong Alfred av Wessex er rekna som den første kongen av eit sameint England.

Yarmouth på Isle of Wight

Yarmouth er ein by vest på øya Isle of Wight, utanfor sørkysten av England. Han har kring 1000 innbyggjarar. Byen er kalla opp etter plasseringa ved munningen til den vesle elva Western Yar. Yarmouth er ein kryssingsstad over elva, opphavleg med ferje, før det vart bygd ei vegbru over elva i 1863.

Øyleikane 2011

Øyleikane 2011 vart arrangert på Isle of Wight i perioden 25. juni til 1. juli. Dette var andre gongen Øyleikane vart arrangert på Isle of Wight. Arrangør av øyleikane var International Island Games Association.

Grevskap i England
Bedfordshire · Berkshire · City of Bristol · Buckinghamshire · Cambridgeshire · Cheshire · Cornwall · Cumbria · Derbyshire · Devon · Dorset · Durham · East Riding of Yorkshire · East Sussex · Essex · Gloucestershire · Hampshire · Herefordshire · Hertfordshire · Isle of Wight · Kent · Lancashire · Leicestershire · Lincolnshire · City of London · Merseyside · Norfolk · Northamptonshire · Northumberland · North Yorkshire · Nottinghamshire · Oxfordshire · Rutland · Shropshire · Somerset · South Yorkshire · Staffordshire · Stor-London · Stor-Manchester · Suffolk · Surrey · Tyne and Wear · Warwickshire · West Midlands · West Sussex · West Yorkshire · Wiltshire · WorcestershireFlag of England.svg

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.