Islam

Islam er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen og som desse er han monoteisk. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg (sjåIslam i Noreg).

Den heilage boka til islam er koranen. Etter islams tru inneheld koranen openberingane til Allah, som skal ha vorte gjevne muntleg til profeten Muhammed. Muslimane meiner at dette pågjekk i 23 år, ved hjelp av erkeengelen Gabriel, gjennom draumar og heilag inspirasjon.

Det er om lag 1,5 milliardar muslimar i verda.[1] Det finst fleire avgreiningar, der sunniislam utgjer rundt 80-85 %. I Iran dominerer sjiaislam.

Islam
Mosque02
Dei fem søylene
sjahádah (trusvedkjenning)
salah (bøn)
zakát (almisser)
ramadán (fastemånaden)
hadj (valfart til Mekka)
Heilage stader
MekkaMedinaAl-Quds (Jerusalem)NajafKarbala
Sakralbygg
moskéminaretmihrabqiblaKaba
Sentrale personar
Muhammed

AliAisjaFølgjesveinene til MuhammedAndre profetar i islam

Geistlege
muaddhin –imam – mullah – ayatollah – mufti
Merkedagar
Hidjra – id ul-fitrid ul-adhaasjuraarba'ín
Skrifter og lover
KoranenhadíthSunna
sura – fiqh – fatwasjaria – hisba
Andre omgrep i islam
jihad
Sunniskular
Madhhab: hanafi – hanbali
jafari – maliki – shafi'i
Kalam: ashari – jabriyya
maturidi – murdjiti – mutazili
qadariyya
Sjiaskular
ithna asharia – ismailiyah
zaiddiyah – alawi – alevi
Haridjisme
sufri – azraqi – ibadi
Andre sentrale rørsler
sufismewahhabisme
salafisme – liberal islam
Messiansk islam
ahmadiyya – zikrisme
Andre greiner
Nation of Islam – 5%-nasjonen
druzisme
Nærskylde religionar
babisme – bahá'í
yezidismesikhisme
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Etymologi

Ordet islam kjem av dei arabiske rotkonsonantane S-L-M, og vert omsett med overgjevnad til Guds vilje, eller òg med lydnad. Av andre arabiske ord med same rot finn ein salaam og salaam aleikum, som tyder fred og Guds fred og er vanlege helsingsformer, samt muslim, som tyder ein som underkastar seg Gud.

Sentrale trekk ved islam

Tilhengjarar av islam, kjend som muslimar, trur at Gud, eller (på arabisk) Allah openberra seg for menneska gjennom Muhammed og andre profetar, inkludert Adam, Noa, Abraham, Moses og Jesus. Muslimar trur at Muhammed var den siste av profetane, og at bodskapen han bar vidare til menneska vil vara til qijamah, dommedag. Eit tidlegare mykje brukt omgrep om muslimar er muhammedanarar, men på oppfordring frå muslimane sjølve er det etter kvart blitt mindre brukt.

Muslimar meiner at den viktigaste skriftlege openberringa til menneska er Koranen, som dei ser på som den endelege og feilfrie openberringa til menneska. Tidlegare skrifter, som evangelia, Torah og jødiske profetiske skrifter vert også sett på som guddommelege i natur, men har vorte gløymde, mistolka eller forvridd slik at den originale bodskapen har forsvunne over tid.

Den grunnleggjande trusvedkjenninga i islam er sjahada: Det er ingen Gud utanom Gud, og Muhammed er Guds tenar og bodbringar (arabisk: لا إله إلا الله محمد رسول الله). Islam vert skildra som ein dīn, ein livsveg eller ei rettesnor.

Seks trusartiklar

Seks grunnleggjande trusartiklar vert dela av alle muslimar:

  1. Trua på éin Gud.
  2. Trua på alle profetane (nabi) og bodbringarane (rusul) send av Gud. Islam reknar at det har vore rundt 124 000 profetar, av desse var 313 også bodbringarar. Av dei er 25 sett særleg høgt (ulul azmi) og er nemnde med namn i Koranen.
  3. Trua på bøkene (kutub) send av Gud:
  4. Trua på englane (mala'ika). Ti av desse vert sett særleg høgt og er nemnd med namn i Koranen og hadith.
  5. Trua på dommedag (qijama) og på livet etter døden.
  6. Trua på skjebna (qadar).

Dei fem søylene

Supplicating Pilgrim at Masjid Al Haram. Mecca, Saudi Arabia
Pilegrimferda (Hadj) til Kaabaen, Masjid al Haram i Mekka er ein av dei fem søylene i Islam

Dei to største undergruppene av muslimar er sunni-muslimane og sjia-muslimane. Sunni-muslimar utgjer storparten av muslimar i verda, 85-90 %, men sjia-muslimane utgjer majoriteten i land som Iran og Irak. Sunni-islam sine grunnleggjande pilarar vert referert til som Dei fem søylene i islam, medan shia-islam har ein noko annleis terminologi, som inkluderer fem grunnleggjande røter i religionen og ti grunnleggjande greiner. Muslimar har til felles dei følgjande fem hovudkrava for truande, som sunni-muslimar ser på som dei fem søylene og sjia-muslimar ser på som element av religionen sine røter og greiner:

  • Sjahada: Å vedkjenna seg trua; å vitna om at det ikkje finst nokon Gud utanom Gud (tawhid) og at Muhammed er Guds tenar og bodbringar (nubuwwah.
  • Salah: Å utføra dei fem daglege bønene
  • Zakat: Å gje almissar (zakaah)
  • Sawm: Å fasta frå soloppgang til solnedgang under fastemånaden Ramadan.
  • Hadj: Å utføra pilegrimsferda til Mekka under Djul Hidjah, minst ein gong i livet så framt ein har evne til det.

Islamsk endetidslære

Islamsk endetidslære er oppteken av qijama, endetida, og den endelege dommen over menneska. I følgje islam skal dei rettferdige lønast med gledene i Djannah (paradis), medan dei urettvise skal straffast i Djahannam (helvete).

Gud

Hovudartiklar: Allah / Gud

Grunnleggjande i islam er Guds einskap, tawhid, ein absolutt monoteisme. I sura al-Ikhlas (sure/kapittel 112) vert Gud skildra slik:

Sei, han er Gud, Ein. Gud, den Evigvarande. Ikkje har han avla nokon, og ikkje har han sjølv blitt avla. Ingen er Hans like

På arabisk vert Gud kalla Allāh. Ordet har ein etymologisk samanheng med ʾilāh «guddom», og har slektskap med det hebraiske Ēl, som ein finn att i Elohim, Herren. Allāh vert også brukt som namn på Gud av kristne og jødiske arabarar. Muslimar meiner at guden dei dyrkar er den same som den jødiske og kristne guddommen, men avviser den kristne læra om Guds treeining. Med unntak av eitt byrjar alle kapitla i Koranen med setninga I namnet åt Gud, den miskunnsame, den nåderike.

Moskéen

Muslimske sakralbygg blir kalla moskéar. Her samlar muslimar seg til felles bøn, helst fem gonger dagleg, men mange kjem berre på fredagen, som er den viktigaste vekedagen for muslimane, og les elles bøn på eiga hand. Kvinnene sit i eit eige rom i moskeen, ved sida av hovudsalen. Ein lærd muslim, ofte kalla imam, leier bøna i moskéen. Han har ofte òg oppgåva som muaddhin (muezzin), å kalla til bøn frå minareten kvar moské har.

Koranen

FirstSurahKoran
Den fyrste suren i ei handskriven utgåve av Koranen
Hovudartikkel: Koranen

Koranen er den mest heilage skrifta i islam. Namnet på boka kjem frå det arabiske ordet for resitasjon og det er også sjølve orda, ikkje det trykte verket, som i islam vert sett på å vera Koranen.

Muslimar trur at Koranen vart openberra til Muhammed av Gud gjennom erkeengelen Gabriel i åra 610632 evt. I tillegg til å ha lært Muhammed sine openberringar utanåt skal følgjesveinane hans ha skrive dei ned. Muslimar trur at Koranen i dag er den same som den som vart openberra Muhammed og som han brakte vidare. Forskarar er jamt over einige om at den utgåva av Koranen som er i bruk i dag fyrst vart sett saman i skriftleg form av den tredje kaliffen, Uthman ibn Affan, ein gong mellom 650 og 656. Han sende då kopiar til dei ulike provinsane i det nye muslimske riket og gav ordre om at andre utgåver skulle øydeleggjast.

Dei fleste muslimar meinte frå tidlege tider at Koranen berre var perfekt og fullstendig i det språket den vart openberra, arabisk. Omsette utgåver av Koranen vert difor ofte stilt føre som korankommentarar eller som fortolkingar av Koranen si tyding.

Koranen er dela inn i kapittel (arabisk: sura) og vers (arabisk: ayat). Kapitla er sorterte i rekkefølgje med dei lengste først, uavhengig av kva dei handlar om eller kva tid Muhammed fekk dei frå Gud.

Hadíth-skriftene

Hovudartikkel: Hadíth

Hadíth-skriftene er skrifter som viser til Muhammed og hans følgjesveinar sine orde og gjerningar. Samlingar av hadíthskrifter er rekna å vera eit viktig verktøy i tolkinga av sjaria (islamsk lov). Det er fleire ulike samlingar av hadíthar og samlingane til Bukhari og Muslim er dei to mest annarkjende. Innhaldet i samlingane (og for øvrig også Koranen) er ikkje samanhengande, slik at den litterære kontekst ikkje blir vektlagd noko særleg. Ein tolkar heller hadíth og Koranen ut frå heilskapen.

Når det gjeld innhaldet i hadíth er det ei stor spennvidd - alt frå Muhammed si himmelreis til tannpleie.

Muslimske skriftlærte deler gjerne hadíth-skriftene om Muhammed inn i tre grupper:

  • hadíth-skrifter om Muhammeds ord (qawl)
  • hadíth-skrifter om Muhammed sine gjerningar (fi'l)
  • hadíth-skrifter om kva Muhammed såg som positivt i andre sine gjerningar (taqrir)

Ei eiga undergruppe av hadíth, hadith kudsi vert av muslimar sett på som Guds ord, gjenteke av Muhammed.

Retningar i islam

Hovudartikkel: Retningar i islam

Det finst ei lang rekkje undergrupper av islam. Dei to viktigaste grupperingane islam kan delast inn i er sunni-islam og sjia-islam, medan sufismen, ein spirituell tradisjon som finst blant både sjia- og sunni-muslimar, vert rekna for å vera islam si mystiske retning.

Sunni-muslimane er den største gruppa innan islam, grovt rekna 80 % av verdas muslimar er rekna å vera sunni-muslimar. På arabisk tyder as-sunnah bokstaveleg tala prinsipp eller sti, medan omgrepet sunna i islam viser til tradisjonen etter Muhammed. Sjia-muslimane utgjer den andre hovudgruppa innan islam, og skil seg frå sunniane gjennom manglande aksept av dei tre fyrste kaliffane, eigne lovtradisjonar og den sentrale rolla gjeve til Ali og til imamane. Både sunni- og sjiaislam er delt inn i ei rekkje undergrupper. Ei tredje gruppe som daterer attende til det store skismaet i islam er kharidjittane, ibadismen er ein overlevande arvtakar etter desse.

Det finst også andre mindre muslimske grupper som ikkje utan vidare kan klassifiserast som sunni eller sjia-muslimar, samt grupper som i noko eller full grad ser på seg sjølv som muslimske, men som berre i noko eller lita grad vert allment akseptert som dette. Blant desse finn ein zikri-religionen, Nation of Islam, drusarane, alawittane og ahmadiyya-rørsla.

Historie

Hovudartikkel Islamsk historie

Nokre viktige hendingar

Sjå òg

Kjelder

  1. major religions of the world ranked by number of adherents, Adherents.com, 9/8-2007.

Bakgrunnsstoff

Referanselitteratur

  • Vikør, Knut S.: Islam, ei faktabok. Spartacus, 2002
  • Vogt, Kari: Islam, tradisjon, fundamentalisme og reform. Cappelen, 2005
  • Vogt, Kari: Islams hus, verdensreligion på fremgang. Cappelen, 1995
600-talet

< 600-talet > var hundreåret då islam blei grunnlagd.

Arabarar

Arabarane (arabisk: عرب ʻarab) er opphavleg ei etnisk gruppe frå Arabia som er vidt utbreidd i Midtausten og Nord-Afrika.

Arabisk

Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.

Bibelen

Bibelen (gjennom latin frå gresk βιβλιος ‘bok’). er ei samling av kanoniske skrifter i jødisk og kristen religion.

Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2355 språk (2003).

Den kristne bibelen inneheld to samlingar av skrifter som i kristen tradisjon oftast blir kalla Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det gamle testamentet, eller Den hebraiske bibelen, er ei samling av hebraiske skrifter som ein reknar med vart endeleg fastsett kring byrjinga av den moderne tidsrekninga. Den hebraiske bibelen finst i tre hovudversjonar: Den samaritanske Toráen, som inneheld ein eigen samaritansk versjon av dei fem Mosebøkene på hebraisk; Tanákh, som inneheld ein jødisk versjon av Toráen eller dei fem Mosebøkene og i tillegg profetiske og poetiske skrifter; og Septuaginta, som inneheld ei gresk omsetjing og tolking av Tanákh med mange tillegg, inkludert ekstra bøker (dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene). I tillegg kjem dei ulike arameiske omsetjingane av Mosebøkene, der Targúm Onkelos blir rekna som den viktigaste. Det kristne Gamle testamentet varierer noko i faktisk innhald, men er vanlegvis ei omsetjing som kombinerer element frå Tanákh-tradisjonen og Septuaginta-tradisjonen — med meir vekt på Tanákh-tradisjonen i protestantisk kristendom og meir vekt på Septuaginta i katolsk kristendom.

Den gamle testamentet eller Den hebraiske bibelen blir rekna som heilag i jødedommen, kristendommen, islam og bahá'í.

Det nye testamentet er skrive på den seinantikke greske språkforma koiné. Det nye testamentet er rekna som heilag i kristendommen, islam og bahá'í. Jødedommen reknar ikkje Jesus for å vera Messias eller ein autoritativ profet, og godtek ikkje Det nye testamentet som kanonisk.

Drusarar

Drusarane eller druzarane er ei religiøs rørsle med opphav og hovudsakleg utbreiing i Midtausten. Frå ein religionsvitskapleg ståstad har trua til drusarane opphav i islam, men ho er òg påverka av andre religionar og av gresk filosofi.

Drusarane er fyrst og fremst å finna i Libanon, Israel, Syria, Tyrkia og Jordan. Andre stader i verda finn ein mindre diasporasamfunn. Drusarane nyttar seg av arabisk og har kulturelt mange fellestrekk med andre arabarar i regionen. Dei fleste muslimar, og òg ein del av drusarane sjølve, reknar ikkje drusarane som ei muslimsk gruppe. Drusarane kallar seg sjølve Ahl al-Tawhīd eller al-muwahhidūn, 'monoteisme-folket'.

Hadj

Hadj (òg stava hajj eller haj (arabisk حج) er nemninga på muslimane si pilegrimsferd til Mekka. Hadj er ei av dei fem søylene i sunni-islam og ei av ti hovudsøyler i sjiaislam. Kvar muslim som har råd og helse til å fare, må gjere ei pilegrimsferd til Mekka minst éin gong i levetida si.

Styresmaktene i Saudi-Arabia gjev ut særlege innreisevisum til utlendingar i samband med pilegrimsferda. Ferda finn stad i månaden dhu al-hijjah etter islamsk kalender.

Heile byen Mekka er rekna som ein heilag stad innan islam, og ikkje-truande har ikkje tilgjenge til byen.

Islamisme

Islamisme er ein politisk ideologi som baserer seg på ei yttarleggåande tolking av islam. Kjernen i islamismen er at islam blir sett på som eit politisk system der ei streng tolking av sjaria (islamsk religiøs lov) utgjer ryggraden i rettssystemet. Retninga kom til som ein reaksjon mot forsøk på muslimske reformer frå 1800- og 1900-talet, og avviser vestleg tankegods. Muslimar som har utvikla og spreidd islamisme er mellom andre Jamal al-Din al-Afghani, Abul Ala Maududi, Sayyid Qutb og Ayatollah Khomeini.

Omgrepet er diffust, og blir brukt om ei rekke ulike rørsler og grupper som strekkjer seg frå fredelege politiske parti som Rettferds- og utviklingspartiet i Tyrkia og Muslimsk brorskap i Egypt, som prøver å oppnå makt gjennom å delta i val, til grupper som nyttar både politiske og valdelege verkemiddel, som Hizbollah i Libanon, til radikale terroristrørsler som al-Qaida og Egyptisk islamistisk jihad, som støtter åtak på sivile og erklærer andre muslimar som takfir, 'fråfalne'.

Karbala

Karbala er ein by i Irak sør for hovudstaden Bagdad som ligg inn mot Syriaørkenen. Byen er provinshovudstad i Karbalaprovinsen. Innbyggjartalet var i 2003 kring 575 000.

Nest etter Mekka utgjer byen det viktigaste religiøse senteret for sjiamuslimane i verda. I 680 døydde sjiaimamen Hussein ibn Ali i slaget ved Karbala, og er blitt rekna som martyr av sjiaer sidan. Over grava er det sett opp mellom anna tre minaretar. Gravminnet vart øydelagd i 1801 av wahhabistar, men vart snøgt bygd opp att. Sjiamuslimar innleier ofte si pilegrimsferd til Mekka med ei vitjing til Karbala.

Koranen

Koranen (arabisk القرآن) er den heilage skrifta i islam. Ho består av profeten Muhammed sine openberringar.

Koranen består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at dei lengste suraene kjem fyrst, og dei kortaste sist, med unnatak av den korte fyrste suraen som er ei sentral bøn i islam.

For dei truande er Koranen bokstaveleg Guds ord, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Koranen er skriven på arabisk, og omsetjingar vert ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av Koranen.

Mamelukk

Mamelukk (arabisk: مملوك (eintal), مماليك (fleirtal) er namnet på ein slavesoldat som hadde konvertert til islam. Dei blei rekrutterte på slavemarknadane rundt om i Midtausten, men dei fleste kom opphavleg frå Kaukasus eller områda nord for Svartehavet. Oftast hadde dei ikkje-muslimsk bakgrunn og var blitt kidnappa eller selde frå familiane sine. Mamelukkane tente under dei muslimske kalifane og under ayyubidesultanane, men i fleire tilfelle enda dei med å bli ein mektig krigarklasse. Mamelukkane sat med makta i Egypt frå 1250 til 1517, i Mamelukk-sultanatet. Dei heldt fram med å utøve kontroll over landet under osmansk overherredøme fram til Napoleon invaderte Egypt i 1798.

Medina

Medina (arabisk المدينة, al-Madīnah eller المدينة المنورة, al-Madīnah al-Munawwarah) er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia, og hovudstad i Al Madinah-regionen i Saudi-Arabia. Her ligg Profetmoskeen (al-Masjid an-Nabawi), som er gravplassen til den islamske profeten Muhammed, og han er den nest heilagaste byen i islam etter Mekka.

Medina ligg 340 km nord for Mekka og kring 190 km frå kysten av Raudehavet. Han ligg i den mest frodige delen av Hejaz, og elvar i området flyt saman i dette området. Ei enorm slette strekkjer seg mot sør.

I 2006 hadde byen Medina kring 1,3 millionar innbyggjarar.

Medina er kjend for Profetmoskeen og som byen som gav tilflukt til profeten og følgjesveinane hans. Medina var staden Muhammed drog etter si utferd frå Mekka (hijrah). Han vart hovudstaden i det stadig veksande muslimske riket, først under Muhammed, og så under dei første tre Rashidun-kalifane Abu Bakr, Umar og Uthman. Medina var maktbasen til islam dei første hundreåra, der det tidlege muslimske samfunnet utvikla seg. Her ligg dei tre eldste moskéane i verda, nemleg Quba-moskeen, Nabawi-moskeen, og Qiblatayn-moskeen («to qibla-moskeen»). Muslimane at dei kronologisk siste suraene i Koranen vart openberra for profeten i Medina.

Muhammed vart gravlagd i Medina, under Den grøne kuppelen, og det same vart dei to første Rashidun-kalifane, Abu Bakr og Umar, som vart gravlagde ved sidan av han i det som vert kalla profethuset.På grunn av den religiøse politikken til den saudiarabiske staten, og uro for at historiske stader skal verte eit fokus for tilbeding, har mange av dei historiske islamske byggverka i Medina blitt øydelagd sidan saudiarabarane tok over makta i området.

Som for Mekka, har ikkje ikkje-muslimar løyve til å gå inn i den heilage kjernen av Medina eller sentrum, men forbodet gjeld ikkje heile byen.

Mekka

Mekka (arabisk مكة) er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia. Han er hovudstaden i Mekka-regionen og ligg 70 km inn i landet frå Jidda i ein smal dal, kring 277 meter over havet. I 2012 hadde byen kring to millionar innbyggjarar, men under hajj, den muslimske pilegrimsreisa til Mekka, vert dette talet meir enn tredobla.

Byen er den heilagaste staden i islam. Det var her Muhammed blei fødd og seinare stod fram som Guds sendebod. Å vitja byen er ein viktig del av religionen og under hadj kjem millionar av pilegrimar til Mekka. I Mekka ligg Kaba, heilagdomen som inneheld den svarte steinen, på den opne plassen inne i moskéen Al-haram og muslimar vender seg mot Mekka og Kaba i bøn.

Mekka vart lenge styrt av etterkomarane til Muhammed, sharifane, som anten fungerte som sjølvstendige herskarar, eller som vasallar til større makter. Byen vart erobra av Ibn Saud i 1925. I moderne tid har Mekka gjennomgått ein enorm utviding, med bygg som hotellet Abraj Al Bait, den tredje høgaste bygningen i verda og den bygningen i verda med størst golvareal. Under utvidinga har Mekka mista somme av dei historiske byggverka og arkeologiske stadane, som Ajyad-festninga. I dag vitjar meir enn 15 millionar muslimar Mekka årleg, mellom anna sju millionar dei få dagane hadj varer. Mekka har slik blitt ein av dei mest kosmopolitiske og mangfaldige byane i den muslimske verda, trass i at ikkje-muslimar er utestengde frå byen.

Muhammed

Muhammed (arabisk skrift محمد, fullt namn Muhammad ibn Abd Allah ibn Abd al-Muttalib ibn Haschim ibn Abd Manaf al-Qurayschi), fødd i Mekka i år 570 og død i år 632 i Medina, var ein arabisk politisk og religiøs leiar. Namnet kan òg verta skrive Muhammad, Mohammad, Mohammed, eller Mahomet. Muhammed vert i religionshistoria sett på som grunnleggjaren av religionen islam, nokre gonger kalla muhammedanisme, sjølv om muslimar berre ser på han som den siste og viktigaste i ei rekkje av muslimske profetar.

I islam er Muhammed rekna som profet, han vert difor ofte omtala som profeten Muhammed. Koranen er islam si heilage skrift og profeten Muhammed si openberring. For dei truande er Koranen Allah (Gud) sine ord i bokstavleg nemning, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsend» til Muhammed via openberringar. Muhammed står sentralt i den muslimske truvedkjenninga sjahada: «Ikkje finst nokon annan gud enn Allah, og Muhammad er bodberaren åt Allah».

Najaf

Najaf (نجف) er ein by i Irak som er provinshovudstad i An Najaf. Najaf er ein av dei mest heilage stadene inna sjia-islam og senter for den politiske makta til sjiamuslimar i Irak. Byen ligg ved Eufrat, noko sør for Karbala og kring 130 km sør for Bagdad. I 2003 hadde han kring 563 000 innbyggjarar.Najaf voks fram som valfartsstad for sjiamuslimar. I byen ligg Imam Ali-moskeen, der stiftaren av sjia-islam, Ali ibn Abi Talib (ca. 600–661), er gravlagd. I nærleiken ligg òg Wadi-us-salaam, fredsdalen, ein veldig gravplass som skal vera den største i den muslimske verda. Her er fleire profetar er lagt til kvile, og truande ønskjer framleis å bli gravlagd her, slik at dei kan stiga opp med imam Ali på dommedag.

Palestina

Palestina er eit område og eit historisk landskap i Midtausten. I etterkant av andre verdskrigen vart kring halvparten av området proklamert som staten Israel (1948), mens palestinarane gjer krav på heile området som sitt rettmessige land.

Namnet Palestina stammar frå filistrane som frå 1100 før kristus utgjorde størsteparten av befolkninga i området omkring Gaza. I år 135 e.Kr. vart den tidlegare provinsen Judæa omorganisert og gjeven namnet Syria Palæstina som provins under det dåverande Romarriket. Palestina var ein del av det britiske palestinamandatet frå 1920 til 1948. I 1922 vart den delen av det britiske mandatområdet Palestina som låg aust for Jordanelva avdelt som kongedømet Transjordania (det noverande Jordan).Staten Israel vart proklamert i 1948 på 78 prosent av den delen av det historiske Palestina som ligg vest for Jordanelva. PLO proklamerte staten Palestina på Vestbreidda og Gaza i 1988 men vart ikkje anerkjend av Israel og den vestlege verda. Dei palestinske sjølvstyresmaktene vart oppretta på avgrensa delar av Vestbreidda og Gaza i 1993 som følgje av Oslo-avtalen.

Området har kyst mot Middelhavet, og grensar mot Egypt, Libanon, Syria og Jordan. Viktige elver og vassdrag er Jordanelva, Tiberiasjøen og Dødehavet. Området Palestina utgjer er eit heilag land for jødedomen, islam og kristendomen. Området står òg sentralt i religionar som bahá’í.

Sjaria

Sjaria eller sharia er det tradisjonelle islamske rettssystemet. Det bygger på Koranen, hadith og ein århundrelang tradisjon av tolking, debatt og presedens. Sjaria regulerer alle sider ved dagleglivet. Han er utgangspunkt for lovsystemet i fleire muslimske land.

Sjiaislam

Sjiaislam er den minste av dei to store hovudretningane innan islam, den andre er sunniislam. Opphavet til splittinga går heilt attende til 600-talet. Sjiamuslimar utgjer fleirtalet av muslimar i Iran, Aserbajdsjan, Irak, Bahrain og Libanon. Den første sjiamuslimske moskéen i Noreg opna i Oslo i 1975.

Sunniislam

Sunniislam er den største av dei to store hovudretningane innan islam, den andre er sjiaislam. 80 - 90 % av muslimane i verda er sunnimuslimar, og sunnimuslimar utgjer størstedelen av muslimane i dei fleste muslimske land. Splittinga mellom sunni- og sjiamuslimar oppstod allereie på 600-talet. Sunniislam er i seg sjølv oppdelt i ei rekkje ulike retningar. Den første sunnimuslimske moskéen i Noreg opna i Oslo i 1974.

Teologi

Teologi (frå gresk theos, 'gud' og logos 'ord, lære') er læra om Gud og andre religiøse omgrep. I vestleg samanheng bruker ein i dag omgrepet om ein akademisk fagdisiplin som driv rasjonelle, systematiske og vitskapelege studium av ein særskild religion. Det kan òg visa til studium av læra til ein særskild religion sett innanfrå. Religionsvitskap er ein vitskap i nær slekt med teologi i tydinga «lære om trua på Gud». Slik brukar òg moderne teologi ordet.

Det finst i hovudsak to måtar å tenkje om Gud på: som i hovudsak transcendent eller utanfor verda (vestlege monoteistiske religionstypar som jødedom, kristendom og islam) eller immanent eller ibudande i verda (austlege polytetiske religionstypar som hinduisme og folkeleg buddhisme). Dette skapar òg to ulike typar teologiar som ofte er vanskeleg å sameine.

Ein som har vitskapleg utdanning innan teologi vert kalla teolog (i Noreg vert ein cand. theol.)

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.