Ideologi

Ideologi er ei samling idéar om samfunnet som heng saman slik at dei til saman utgjer ei tankeretning, ein bestemt måte å sjå ting på, eit samfunnssyn. Desse samfunnssyna vil ofte henge saman med ulike menneskesyn.

Dei viktigaste ideologiane i moderne politisk idehistorie oppstod i tida etter den store franske revolusjonen. I løpet av 1800-talet kom liberalismen, konservatismen og sosialismen, i løpet av 1900-talet fascismen og kommunismen. Nazismen er ei undergruppe av fascismen, med svært stor vekt på eit biologisk-kulturelt samfunnssyn, det vil seie rasisme.

1900-talet

1900-talet vart eit hundreår der det skjedde store endringar på mange område. Mange menneske fekk endra levesettet sitt som resultat av teknologisk, medisinsk, sosial, ideologisk og politisk fornying på godt og vondt. Termar som ideologi, verdskrig, folkemord og atomkrig kom i bruk.

Den overoptimistiske framstegstrua i starten av hundreåret fekk ein knekk med første verdskrigen, som av mange blei sett på som eit sivilisasjonssamanbrot. Dei totalitære ideologiane fascisme, nazisme og kommunisme oppstod òg i kjølvatnet av og delvis som resultat av første verdskrigen. Nazismen førte verda ut i ein ny og enda verre verdskrig nokre år seinare, og prøvde å utrydde heilt dei europeiske jødane og sigøynarane i Shoah/Holacaust. På den andre sida bidrog begge verdskrigane til auka forståing for likestilling mellom kjønna og utbygging av velferdsstaten og ein meir regulert økonomi i delar av verda.

Relativitetsteorien og kvantefysikken endra det vitskaplege synet på verda drastisk, og fekk vitskapsfolk til å innsjå at universet er mykje meir innvikla enn dei hadde trudd før.

Aukande vitskapleg forståing, betre kommunikasjonar og raskare transport endra verda raskare enn nokon gong før. Det var eit hundreår som begynte med dampskip og enda med romskip. Hestar, bruka til transport i tusenvis av år, blei erstatta med bilar i løpet av nokre tiår. Dette blei mogleg på grunn av storskala utnytting av petroleumsressursane, som betydde store mengder energi i lett transportabel og oppbevaringsvennleg flytande form, men som samtidig har ført til utbreidd uro om ureining og global oppvarming med store skadeverknader på klimaet og miljøet.

Einevelde

Einevelde eller absolutisme er namnet på styreforma i mange monarki på 1600-talet og 1700-talet, og i til dømes Russland i prinsippet til den russiske revolusjonen i 1917.

Eineveldet gjekk ut på at monarken i prinsippet hadde all makt, medan han eller ho tidlegare hadde måtta dele henne på eit eller anna vis med adelen/godseigarklassen. Anten ved at ei stormannsforsamling hadde noko av makta, som parlamentet i Storbritannia, eller ved at kongen måtte skrive under på ein slags kontrakt før han vart godkjend av adelen, som til dømes i Danmark-Noreg før 1660.

I eineveldet sin ideologi kjem monark-makta frå «Guds nåde», og dén kan det som kjent ikkje stillast spørsmål om. Spissformulert blir det da, som den franske einevaldskongen Ludvik 14. skal ha sagt, at «Staten, det er eg!».

I røynda hadde likevel ikkje einevaldskongane all makt. Dei var svært avhengige av omgivnadene sine, rådgivarar av ulike slag. Somme einevaldskongar var knapt i stand til å skrive sine eigne namn for skuld galskap eller fyll, så da seier det seg sjølv at det var krinsen rundt monarken som hadde makta, i slike tilfelle. Men alt måtte skje i namnet åt monarken, sjølvsagt. Ein rest av slik tenking finst enno i dag i Noreg, der det offisielt er «Kongen i statsråd» som har bestemt ditt og datt når regjeringa har vedtatt noko.

Innføringa av eineveldet var i somme land, som Danmark-Noreg, eit ledd i ein prosess med minking av adelsmakta og tilsvarande auke i borgarskapet si makt, med andre ord ein moderniseringsprosess. Eineveldet kunne såleis i ein periode fungere progressivt, historisk sett.

Men i det neste steget i denne prosessen, kvitta borgarskapet seg med både restane av adelsmakta og eineveldet (og i eit par land sjølve monarkiet) i dei borgarlege revolusjonane. Dette brotet var særleg tydeleg i Frankrike, sjå artikkelen om den franske revolusjonen.

I Noreg var det slutt på eineveldet i 1814, frå da har vi hatt konstitusjonelt monarki, det vil seie at monark-makta er avgrensa av ei grunnlov ut frå folkesuverenitetsprinsippet. I 1884 vart den borgarleg-demokratiske revolusjonen her i landet ført eit langt steg vidare med innføringa av parlamentarismen, før han vart fullført i 1905 med unionsoppløysinga. Etter det har monarkane hatt mesta berre symbolsk funksjon i Noreg.

Fascisme

Fascismen er ei politisk retning og rørsle som først voks fram i Italia rett etter første verdskrigen, under leiing av Benito Mussolini. Det oppstod fascistiske rørsler i mange land. Ein av dei mest kjende variantane er Hitler-fascismen, eller nazismen, i Tyskland.

I mellomkrigstida var fascismen overalt ei nydanning som med militariserte rørsler splitta dei tradisjonelle konservative partia; særleg dei unge vart tiltrekte av fascismen. På denne tida nådde fascismen også høgdepunktet sitt. Det vart danna fascistiske parti i ei rekkje land, med klar gjensidig etterlikning mellom dei, og i fleire land fekk desse partia tilstrekkeleg tilslutning til å gje dei innverknad. I Italia (1922) og Tyskland (1933) kom fascistiske regime til makta medan fascistpartia i Spania, Portugal, Austerrike, Romania og Ungarn var aktive ved danninga av fascistvenlege regjeringar. I Frankrike, Belgia og Finland deltok desse partia i yttarleggåande men kortvarige framstøytar mot arbeidarrørsla. Berre i Skandinavia, Nederland og Storbritannia fekk dei lita tilslutning.Fascismen har ikkje nokon fast utarbeidd ideologi, men består meir av ideologibrokkar sette saman og vektlagde etter som det høvde i stoda. Det er rørsla og makta som er viktig, ikkje prinsippa. Fascismen kan difor vere svært opportunistisk. I Dahl/Hagtvet/Hjeltnes Den norske nasjonalsosialismen, kapitlet Internasjonal bakgrunn, blir dette blant anna uttrykt slik: «Fascismen skapte forvirring fordi den la seg så å si på tvers av alle kategorier.» . Historikaren Sverre Steen seier det slik: «Mussolini utformet til å begynne med ingen ideologi for fascismen (---). Han var klart antiintellektualist og relativist og slo om seg med slagord, plukket fra mange filosofers skrifter. Han talte om viljen til makt, og han praktiserte den. Han forherliget det irrasjonale på fornuftens bekostning, og hevdet at handling hadde større verdi enn tenkning.» Og Carl Grimberg skriv: «Egentlig var imidlertid Mussolini selv ikke bundet av noen idé eller noen lære; slikt var for ham bare midler. Målet var å vinne makt og bruke makt.» Og vidare: «Den ideologi man skaffet seg etter makterobringen, var heller ikke så meget et logisk oppbygget system av idéer og normer, men «myter» som skulle stimulere viljeliv og handlekraft.»Likevel kan til ein viss grad tankane til tenkjarar som mellom andre Georges Sorel og Giovanni Gentile sjåast som intellektuell bakgrunn for fascismen.

Fellesbusetnad i Israel

Ein fellesbusetnad (hebraisk יישוב קהילתי, Yishuv Kehilati) er ein type by i Israel. Medan kven som helst kan kjøpe ein eigedom i ein vanleg by, kan innbyggjarane i ein fellesbusetnad, som er organisert i eit samvirkelag, legge ned veto mot sal av eit hus eller eit føretak til ein kjøpar dei ikkje ynskjer.

Med denne utvelgingsprosessen, kan innbyggjarane i fellesbusetnaden dele ein særskild ideologi, religiøs retning eller levestil, som dei berre ønsker å dele med folk som tenkjer på same vis. Til dømes kan familieretta fellesbusetnader som ønsker å unngå at det skal bli for mange pensjonistar i busetnaden, berre akseptere unge par som nye innbyggjarar.

I 2013 hadde Israel 118 busetnader med eit totalet innbyggjartal på kring 84 800.

Hamas

Hamas, akronym for Harakat al-Muqawamah al-Islamiyyah (arabisk for Islamsk motstandsrørsle) er ein palestinsk islamistisk paramilitær og politisk organisasjon. Rørsla er leia av Khaled Mashaal og held hovudsakleg til på Gazastripa, men opererer òg på Vestbredda.

Gruppa har stått bak fleire valdelege aksjonar mot hovudsakleg israelske mål, både sjølvmordsbombarar mot menneskemengder og rakettåtak mot militære mål i Israel. Ho blir derfor sett på som ein terroristorganisasjon av ei rekke land. Blant palestinarar er Hamas òg kjent for velferdsarbeid blant dei fattige.

Islamisme

Islamisme er ein politisk ideologi som baserer seg på ei yttarleggåande tolking av islam. Kjernen i islamismen er at islam blir sett på som eit politisk system der ei streng tolking av sjaria (islamsk religiøs lov) utgjer ryggraden i rettssystemet. Retninga kom til som ein reaksjon mot forsøk på muslimske reformer frå 1800- og 1900-talet, og avviser vestleg tankegods. Muslimar som har utvikla og spreidd islamisme er mellom andre Jamal al-Din al-Afghani, Abul Ala Maududi, Sayyid Qutb og Ayatollah Khomeini.

Omgrepet er diffust, og blir brukt om ei rekke ulike rørsler og grupper som strekkjer seg frå fredelege politiske parti som Rettferds- og utviklingspartiet i Tyrkia og Muslimsk brorskap i Egypt, som prøver å oppnå makt gjennom å delta i val, til grupper som nyttar både politiske og valdelege verkemiddel, som Hizbollah i Libanon, til radikale terroristrørsler som al-Qaida og Egyptisk islamistisk jihad, som støtter åtak på sivile og erklærer andre muslimar som takfir, 'fråfalne'.

Kapitalisme

Kapitalisme har fleire ulike tydingar. Som eit økonomisk system, baserer kapitalisme seg på privat eigarskap og staten sitt vern over dette. Ein kapitalist er ein som har kapital. Denne kapitalen kan til dømes investerast i råvarer og arbeidskraft. Kapitalisten vil sitje att med produktet og profitten etter salet av produktet. Slik vi kjenner den, har kapitalismen vakse ut av det tidlegare merkantilistiske økonomiske systemet i Europa i tidleg moderne tid.

Vi kan også sjå på kapitalisme som ein økonomisk teori og eit politisk program. Vi vil då finne ei rekkje ulike tydingar og ideologiske leirar. Til dømes var kapitalismen, i følgje Marx, borgarskapet sin naturlege ideologi. Omveltinga av dette kapitalistiske systemet til fordel for kollektivt eigarskap av produksjonsmidla står sentralt i den kommunistiske ideologien. For tilhengjarar av klassisk liberal økonomi, er kapitalisme grunnleggjande positivt. Etter deira definisjon er frihandel ein sentral del av kapitalismen. Dette inneber at ein skal fjerne statleg regulering av handel og eigedom.

Kibbutz

Kibbutz (på hebraisk: קיבוץ‎; fleirtal: kibbutzim: קיבוצים; «samling» eller «felles») er eit israelsk kollektivt samfunn. Sjølv om andre land har hatt liknande kollektiv, så har få frivillige kollektiv spela ei så viktig rolle som i Israel. Kollektiva er ofte prega av ein sosialistisk ideologi.

Kommunisme

Kommunisme (av latin communis - felles) er ein politisk ideologi grunnlagd av Karl Marx og Friedrich Engels. Kommunisme er òg eit omgrep som vert bruka om det kommunistiske samfunnet, eit klasselaust, statslaust fridomssamfunn, og om dei samfunnsformene som skal fremja ein overgang til eit slikt framtidssamfunn.

Innan marxistisk teori er kommunisme namnet på eit samfunnssystem der den private eigedomsretten er oppheva og eigarskapet til produksjonsmidla er overført til fellesskapet. Sentralt for kommunistane er at samfunnet er klassedelt, og at ein i eit kapitalistisk samfunn har ein konflikt (klassekamp) mellom kapitaleigarar (overklassen eller borgarskapet) og arbeidarar. Ein overgang frå kapitalisme til kommunisme vil innebera at arbeidarklassen tek statsmakta og makta over produksjonsmidla. Kommunistane ser på staten først og fremst som eit middel for ein samfunnsklasse til å undertrykkja ein annan klasse.

Marx meinte at det måtte ein revolusjon (i våre dagar vanlegvis kalla ein sosialistisk revolusjon) til for å ta makta frå kapitalistane. Den første tida etter ein slik revolusjon, fram til samfunnsklassane var oppheva og staten var overflødig, kalla han den første fasen av kommunismen. Dagens kommunistar kallar vanlegvis denne fasen for sosialisme.

Krig

Krig er ei alvorleg, valdeleg konflikt mellom to eller fleire partar. Desse konfliktane kan oppstå over land, ideologiar, tilgang til makt, ressursar eller rikdom, eller ei blanding av desse.

Krigar oppstår gjerne mellom grupper som definerer seg som ulike, til dømes mellom statar, folkegrupper, tilhengjarar av ein særskilt religion eller ideologi, eller liknande.

Det oppstår stadig krigar ulike stader i verda, og det kan ta svært lang tid før konfliktane tek slutt. Det kan sjå ut som om krigar er noko som kjem med jamne mellomrom der fleire menneske er samla.

I følgje Platon er det nødvendig å føra krig for å utvikla ein sivilisasjon; me må ta ressursar frå andre. Denne koplinga mellom krig og samfunn er sjølvsagt omdiskutert, særleg sidan ein krig som oftast verkar øydeleggjande for alle partar.

Ein krig treng minst to partar. Dersom berre ei av sidene bruker vald, dreier det seg «berre» om undertrykking. Ein invasjon fører derfor berre til krig om dei som blir okkuperte gjer opprør.

Kristeleg Folkepartis Ungdom

Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) er ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti (KrF). Det vart skipa i 1946. KrFU er eit kristendemokratisk parti som plasserer seg i sentrum av norsk politikk.

I 2017 vart Martine Tønnessen vald til leiar i KrFU.

Ungdomspartiet er medlem av den Europeiske paraplyorganiasjonen YEPP, og samarbeider med sine nordiske søsterparti gjennom KDUN.

KrFU sitt nordsamiske namn er «Risttalaš Álbmotbellodaga Nuorat (RAN)». Det kvenske namnet er «Kristilisen Kansanparttiin Nuoriso (KrKN)».

Landsmål

Landsmål var namnet på det nye, norske skriftspråket som vart skapt av Ivar Aasen på 1850-talet, fram til 1929 då nynorsk vart det offisielle namnet på denne målforma.

Marxisme-leninisme

Marxisme-leninisme er ein kommunistisk ideologi som vart hovudstraumdraget i dei kommunistiske partia frå midten av 1920-åra, då han vart vedteken som ideologisk grunnlag for den Tredje Internasjonalen («Komintern») då Josef Stalin vart leiar i Sovjetunionen. Men i andre samanhengar har ulike grupper bruka omgrepet for å skildre den ideologien dei hevdar å representere.

Få år etter Vladimir Lenin døydde hadde Stalin kome til makta i Sovjetunionen. Ifølgje G. Lisitsjkin er marxismen-leninismen ein separat ideologi sett saman av Stalin i hovudsak i boka Spørsmål i leninismen). Marxismen-leninismen vart då offisiell ideologi for den sovjetiske staten og for Komintern.

Trotskistar hevdar at stalinismen står i motstrid med ekte marxisme og leninisme, og bruka opphavleg termen bolsjevik-leninisme for å skildre sin eigen anti-stalinistiske og (sidan anti-maoistiske) ideologi.

Omgrepet marxisme-leninisme er såleis mest bruka av dei som meiner arven frå Marx og Lenin vart ført vidare av Stalin på ein vellykka måte. Men termen vart òg bruka av kommunistar som etter Stalin var død tok avstand frå visse trekk ved Stalin-regimet, mellom desse Nikita Khrusjtsjov.

Etter at Sovjetunionen og Folkerepublikken Kina vart uvener, hevda begge dei to store statsberande kommunistpartia at dei var einaste rette arvingen til marxismen-leninismen. I Kina hevda dei først at Mao Zedong hadde tilpassa marxismen-leninismen til kinesiske tilhøve, men sidan at denne oppdateringa gjaldt overalt, difor termen marxismen-leninismen-Mao Zedong si tenking (enklare kalla «maoismen»). Denne varianten vart offisiell ideologi for Folkerepublikken Kina så lenge Mao levde, og sameleis for dei kommunistpartia som følgde Kina.

I Nord-Korea vart marxismen-leninismen offisielt skifta ut med «juche» i 1977. Dette er ein ideologi der omgrep som klasse eller klassekamp ikkje er inne i biletet, altså er han ingen marxistisk variant i det heile. Men styret der er framleis vanlegvis rekna for kommunistisk eller stalinistisk grunna den politiske og økonomiske strukturen i landet.

I dei andre tre kommunistiske statane som finst i dag – Cuba, Vietnam og Laos – har dei styrande partia framleis marxismen-leninismen som offisiell ideologi, men dei har noko ulike tolkingar av han i praktisk politikk. Nokre noverande kommunistiske parti i tillegg til desse held òg fram med å sjå marxismen-leninismen som den grunnleggjande ideologien sin, sjølv om somme har modifisert han for å tilpasse seg nye eller lokale tilhøve.

I partinamn er omgrepet til vanleg bruka av kommunistparti som ønskjer å skilje seg ut frå andre kommunistparti i same landet, parti som dei då truleg ser på som revisjonistiske. Dette gjaldt til dømes det norske partiet AKP (m-l), som no er gått inn i partiet Raudt, i høve til det eldre Norges Kommunistiske Parti.

Marxismen-leninismen er ikkje synonym med marxisme generelt.

NSDAP

NSDAP (forkorting av Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei, 'Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet') var partiet som styrte Tyskland under Det tredje riket, leidd av Adolf Hitler.

Nasjonalalliansen

Nasjonalalliansen var eit politisk parti som vart tufta i 1999. Partiet arbeidde for ein umiddelbar stopp av innvandring til Noreg og tilbakesending av innvandrarar som var i landet. I tillegg til dette fokuserte dei på distriktspolitikk og miljøvern. Partiet hadde ikkje offentleg definert nokon grunnleggjande ideologi, men tok utgangspunkt i eit eige idégrunnlag. Partiet var likevel eit klart nasjonalistisk parti, i og med at dei m.a. la vekt på å skilje mellom nordmenn og samar og la dei sørgje for eiga utvikling kvar for seg.

Registreringa i Partiregisteret gjekk ut 13. mars 2006.

Norsk Ungdom var ungdomsorganisasjonen til Nasjonalalliansen.

Nazisme

Nazisme er kortforma for ordet «nasjonalsosialisme», som er nemninga dei tyske fascistane bruka om seg sjølve. Nazisme som ideologi byggjer blant anna på sosialdarwinisme og ei viss tolking av tankar frå den tyske filosofen Friedrich Nietzsche. Det tyske fascistpartiet kalla seg det «Nasjonalsosialistiske Tyske Arbeidarpartiet», NSDAP, og føraren deira var Adolf Hitler.

Rasisme

Rasisme er menneskesyn, politikk eller ideologi som går inn for rasediskriminering, og som med uvitskapleg bruk av raseomgrepet ofte blir nytta til å rettferdiggjera rasehat og underkuing av andre folk og folkeslag.

Sosialist

Ein sosialist er ein tilhengar av sosialisme, det vil seie målet om eit klasselaust samfunn, og tiltak som fører til sosial utjamning og mindre klasseforskjellar.

Blant sosialistane kan ein skilje mellom to historiske hovudretningar, kommunisme og sosialdemokrati eller demokratisk sosialisme. Men innanfor begge desse historiske hovudretningane er det fleire til dels svært ulike variantar. Til dømes vil reformerte kommunistparti insistere på at dei står for demokratisk sosialisme og dei tar avstand frå stalinismen.

Sosialistar er vanlegvis medlemmer av eit sosialistisk parti. Nokre parti som før vart oppfatta som sosialistiske eller kommunistiske har kanskje fjerna seg frå dei klassiske sosialistiske ideala, og dette kan vere eit problem for sosialistar som er medlemmer i desse partia.

Sosialistisk ideologi har i stor grad vore arbeidarrørsla sitt samfunnsyn, iallfall i Europa og Latin-Amerika.

Venstre

Venstre er eit liberalt politisk parti i Noreg. Partiet er med i regjeringa Solberg. Partiet er det eldste i Noreg, og vart grunnlagt i 1884.

Venstre er medlem av Den liberale internasjonale og det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet.

Partiet har vore i borgarlege koalisjonsregjeringar og i sentrumskoalisjonar.

Leiaren for partiet har sidan 2010 vore Trine Skei Grande.Parlamentarisk leiar er Terje Breivik.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.