ISBN

ISBN er kortforma for International Standard Book Number (Internasjonalt standard boknummer). ISBN-systemet er eit vanleg system for identifisering av bøker, og er meint for kommersiell bruk. I ISBN-systemet har kvart bokeksemplar eit eige og unikt ISBN-nummer for kvar variasjon eller utgåve av boka. ISBN-systemet vart skapt i Storbritannia i 1966.

Eit ISBN-nummer inneheld ni siffer og eitt kontrollsiffer. Det er delt opp i fire siffergrupper:

  1. opphavsland eller språk (for eksempel 82 for Noreg),
  2. utgjevar eller forlag,
  3. tittel, variasjon eller utgåve av tittel,
  4. eit kontrollsiffer som avgjer om dei andre ni siffera er rett samansett.

Siffergruppene er oftast skilde med bindestrek eller mellomrom. Dette er likevel ikkje naudsynt, fordi siffergruppene er laga med innleiingsteikn på ein slik måte at ingen kodar tek til på same måte. Siffergruppene har ingen fast storleik, så eit lite forlag vil for eksempel ha eit langt nummer for å gjere plass for store forlag med mange bøker.

På grunn av eit avgrensa tal ISBN-nummer i nokre siffergrupper vart ISBN-systemet utvida til 13 siffer, som ei tilpassing til EAN-systemet. Dette skjedde frå 1. januar i 2007. I første omgang vart talet 978 sett framfor det gamle ISBN-nummeret, og kontrollsifferet vart tilpassa i samsvar med dette. Det er tidlegare teke i bruk andre middel for å auke talet på tilgjengelege nummer, som bruk av bokstavar.

ISBN with EAN13
Tisifra ISBN-kode
EAN-13-ISBN-13
Trettensifra ISBN-kode

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

1922

1922 (romartal MCMXXII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske.

Angrepsspelar i fotball

Angrepsspelar, angripar eller spiss er dei spelarane i fotball som ligg fremst på banen, føre forsvararar og midtbanespelarar, og nærast målburet til motstandarlaget. Den fremste oppgåva til angriparane er å skåre mål.

Angriparane har fleire namn etter posisjonen deira, og dei vanlegaste er spiss, høgre eller venstre angripar og ving.

Fjord

Ein fjord er som regel ei langstrakt hav- eller innsjørenne med land på båe langsidene og med ein lukka ende (fjordbotnen) og ein open ende. Nemninga fjord kan òg vere bruka om ei seglingslei som er omgjeven av holmar, øyar eller fastland på begge sider. Ein lang innsjø med enkel, langstrakt form kan òg ha nemninga fjord.

I vitskapleg terminologi er nemninga fjord bruka om ei havbukt som er danna ved at ein bre har forma og fordjupa ein tidlegare dal .

Folkemusikk

Folkemusikk er ein sjanger eller eit sett av sjangrar som kan definerast på ulik måte, anten med omsyn til musikalsk stil, sjanger, funksjon, bruk, traderingsmåte (munnleg overlevering), framføring, sosiologiske eller etniske kriterium. Mange stader kan omgrepet nyttast om dei musikalske preferansane som dominerer over tid hjå dei breie lag av folket, medan det i norsk samanheng heller står for dei stiluttrykka som er eller har vore rekna som typiske eller unike for ulike regionar i Noreg gjennom tidene.

Forsvarsspelar i fotball

Ein forsvarar eller forsvarsspelar i fotball er dei utespelarane på eit lag som i utgangspunktet er i den bakre forsvarslinja i spelsystemet i laget og har hovudsakleg som oppgåve å forsvare sitt eige mål ved å avverje angripa til motstandarane. I eldre tider hadde forsvararane nesten utelukkande fokus på forsvarsspelet, medan dei i moderne fotball òg vert nytta i angrepsspelet.

Talet på forsvarsspelarar på eit lag er normalt tre, fire eller fem etter kva spelsystem som vert nytta og dei vert tradisjonelt inndelt i tre typar: midtstoppar, libero og back

Fuglar

Fuglar (klasse Aves) er varmblodige, eggleggjande, tobeinte virveldyr med karakteristiske fjør, venger og nebb. Det finst rundt 10 300 kjende nolevande fugleartar, noko som gjer Aves til den mest talrike klassen av landlevande virveldyr. Dei har habitat i økosystem over heile verda frå Arktis til Antarktis. Fuglar varierer i storleik frå ca. 5 cm for bikolibri til den ca. 2,5 meter høge strutsen.

Det er brei semje om at fuglane stammar frå ei utdøydd gruppe små tobeinte dinosaurar. Fossile funn viser at fuglane utvikla seg frå theropode dinosaurar i juratida rundt 150-200 millionar år tilbake. Den eldste kjende fugleliknande dinosauren er frå sein jura for ca. 150 millionar år sidan og er nemnt Archaeopteryx, «urfuglen». Ekte fuglar kan ha oppstått i krittida, frå ca. 100 millionar år sidan. Dei fleste paleontologar reknar fuglar som einaste dyregruppe, «klade», av dinosaurar som overlevde krit-tertiær-utryddinga for om lag 65,5 millionar år sidan.

Moderne fuglar er karakterisert av fjør, eit nebb utan tenner, dei legg egg med harde skal, dei har høgt stoffskifte, eit hjarte med fire kammer, og eit lett, men sterkt skjelett. Hos alle fuglar har forlemmene utvikla seg til venger. Dei fleste artar har flygeevne med enkelte unnatak som inkluderer strutsefuglar, pingvinar og ei rekkje ulike endemiske øyartar. Fuglar har også unik fordøyingskanal og luftvegssystem som er særs godt tilpassa flyging. Nokre fuglar, spesielt kråker og papegøyar, er blant dei mest intelligente dyreartane;

ei rekkje fugleartar er observert i å tilverke og å bruke verktøy, og mange sosiale artar viser kulturell overføring av kunnskap på tvers av generasjonar.

Mange artar gjer lange sesongmessige migrasjonar, og mange fleire utfører kortare uregelmessige trekk. Fuglar er sosiale, dei kommuniserer via visuelle signal og gjennom rop og song, dei tar del i sosial åtferd medrekna samarbeid om hekking og jakt, flokkdanning og mobbing av predatorar. Dei fleste fugleartar er sosialt monogame, til vanleg for ein hekkesesong om gongen, nokre gonger i fleire år, men sjeldan for heile livet. Andre artar er polygyniske («fleirkoneri») eller, sjeldan, polyandriske («fleirmanneri»). Fuglar legg egga mest vanleg i eit reir og foreldra rugar dei fram til klekking. Ungane hos dei fleste fugleartar får omsut frå foreldra i ein lengre periode etter klekking.

Nokre fugleartar har stor økonomisk verd for menneske, for det meste som føde gjennom dyrehald eller jakt. Andre artar gjev gjøding, guano, dynefyll, dun og fjør, eller er til anna gagn som hjelp under jakt og fiske. Somme vert haldne fanga som populære kjæledyr. Fugleskapningar har vore skildra i kultur innan religion, poesi og populærmusikk.

Om lag 120-130 artar er utrydda som følgje av menneskeleg aktivitet sidan 1600-talet, og hundrevis før den tid. For tida er ca. 1200 fugleartar trua av utrydding som følgje av menneskeleg aktivitet, sjølv om det òg vert gjort arbeid for å verne bestandane.

Glans i mineralogi

Glans i mineralogi er ei karakterisering av korleis lys vekselverkar med overflata på ein krystall, stein eller mineral. For eksempel, ein diamant blir omtalt son å ha ein diamant glans medan pyritt blir omtalt som å ha ein metallisk glans. Glans blir og nytta til å karakterisere andre ting skinn som til dømes stoff, særleg silke og sateng eller metall.

Historisk leksikon for Sveits

Historisk leksikon for Sveits er eit oppslagsverk om sveitsisk historie som kjem ut samtidig på dei tre største offisielle språka i Sveits: På tysk som Historisches Lexikon der Schweiz, HLS, på fransk som Dictionnaire Historique de la Suisse, DHS) og på italiensk som Dizionario Storico della Svizzera, DSS). Oppslagsverket har 13 band, og blei gjeve ut frå 2002 til 2014. Eit mindre omfattande verk på retoromansk, Lexicon Istoric Retic (LIR), blei gjeve ut i to band i 2010 og 2012.

Oppslagsverket er gjeve ut av ei stifting under Det sveitsiske akademiet for humaniora og samfunnsvitskap (SAGW/ASSH) og Det sveitsiske historielaget (SGG-SHH) med økonomisk støtte frå nasjonale forskingsstipend. Det blei tilverka av ein sentral stab på 35, 100 akademiske rådgjevarar, 2500 historikarar og 100 omsetjarar.

Oppslagsverket blei gjort tilgjengeleg på nettet i 1998. Det er gratis å lesa alle artiklane som er gjort klare for trykking, men det har ikkje illustrasjonar.

Det komplette verket har rundt 36 000 oppslag. Av dei er rundt 35 % biografiar, 30 % om stader, 25 % om tema som historiske hendingar, institusjongar og omgrep, og 10 % om familiar og slekter.

Hordaland fylke

Hordaland fylke er eit fylke i Noreg. Fylket ligg mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensar fylket til Telemark og Buskerud.

Hordaland fylke vert ofte delt inn i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikta er Hardanger og Voss. Kystdistrikta er Sunnhordland, Nordhordland og Midhordland. Desse distrikta er samanfallande med dei tidlegare fogderia og noverande prostia. Om lag to tredelar av arealet i Hordaland fylke er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Hordaland er det einaste norske fylket (utanom Oslo) der alle kommunane har grenser til hav. Bergen er den største byen i fylket og er sete for administrasjonen til fylkeskommunen. I byen ligg Bryggen i Bergen, som i 1979 vart skriven inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Dei to andre byane i fylket er Leirvik og Odda.

Fylkesvåpenet til Hordaland fylke er to krosslagde øksar med ei krone over, på raud bakgrunn. Våpenet er laga etter eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim på Tysnes. Fylkesblomen til Hordaland er kusymre, fylkessteinen er koronitt og fylkesfuglen er kvitryggspett.

Isbre

Ein isbre, eller jøkul, er ein fleirårig masse av snø og is som hovudsakleg ligg på land, og som er i rørsle. Brear kan skildrast som elvar av is: Dei tek til på land og blir dregne mot havet av tyngdekrafta. Ein isbre blir danna ved at det fell meir snø på ein stad enn det smeltar fleire år på rad.

Glasiologi er læra om isbrear. Breane er kraftfulle fenomen som tærer på fjell og kan grava ut dalar, fjordar og innsjøar. Isbrear som rekk ut i havet før dei smelter kalvar ofte svære isfjell. Brear fraktar òg med seg stein og grus som kan bli liggjande igjen i forskjellige avsetjingar, til dømes i ein morene.

Israel

Israel, offisielt Staten Israel (hebraisk מְדִינַת יִשְׂרָאֵל, Medīnat Yisrā'el; arabisk دولة إِسرائيل, Dawlat Isrāʼīl) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt lita utstrekning. I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.Den 29. november 1947, tilrådde SNs generalforsamling at ein implementerte delingsplanen deira for Palestinamandatet. Den 14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion, leiaren for Sionistorganisasjonen og Jødisk byrå for Palestina «opprettinga av ein jødisk stat i Israels land, som skal heite Staten Israel», ein sjølvstendig stat som enda Palestinamandatet 15. mai 1948. Arabiske armear frå nabolanda invaderte Palestina dagen etter og kjempa mot dei israelske styrkane. Israel har sidan kjempa fleire krigar med dei nærliggjande arabarlanda, og har i løpet av desse stridane okkupert Vestbreidda, Sinaihalvøya (mellom 1967 og 1982), delar av Sør-Libanon (mellom 1982 og 2000), Gazastripa og Golanhøgdene. Staten har annektert delar av desse territoria, mellom anna Aust-Jerusalem, men grensa til Vestbreidda er omstridd. Israel har signert fredsavtalar med Egypt og Jordan, men forsøk på å løyse den israelske–palestinske konflikten har så langt ikkje ført til fred.

Det økonomiske senteret i Israel er Tel Aviv, medan Jerusalem er den mest folkerike byen og hovudstaden i landet, sjølv om han internasjonalt ikkje vert rekna som ein del av Israel.Av etniske grupper i Israel finn ein askenasiske jødar, mizrahiske jødar, palestinarar, sefardiske jødar, jemenittiske jødar, etiopiske jødar, bahrainske jødar, beduinar, drusarar, og mange andre grupper. Folketalet i Israel, som talt av Israelsk statistisk sentralbyrå, var i 2014 estimert til 8 146 300 innbyggjarar, og av desse var 6 110 600 jødiske, mange av blanda etnisk bakgrunn. Den nest største folkegruppa i landet er arabarar, med 1 686 000 innbyggjarar (inkludert drusarar og dei fleste arabarane i Aust-Jerusalem). Dei fleste israelske arabarane er muslimar, inkludert delvis fastbuande beduinar. Resten er kristne og drusarar. Andre minoritetar er maronittar, samaritanarar, svarte hebraiske israelittar, andre afrikanarar, armenarar, tsjerkessarar, romfolk og andre. Det er òg mange utanlandske arbeidarar og asylsøkjarar i Israel frå Afrika og Asia.

Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett. Statsministeren er regjeringssjef medan presidenten har ei heller seremoniell stilling, og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem, med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Israel har den høgaste levestandarden i Midtausten og den tredje høgaste i Asia, og av dei høgaste forventa levealdrane i verda.

Jemen

Jemen (arabisk اليَمَن, al-Yaman), offisielt Republikken Jemen (arabisk الجمهورية اليمنية, al-Jumhūrīyah al-Yamanīyah) er eit arabisk land i Sørvest-Asia, sørvest og sør på Den arabiske halvøya. Jemen er det nest største landet på halvøya og dekkjer 527 970 km². Kystlinja er kring 2000 km lang. Det grensar til Saudi-Arabia i nord, Raudehavet i vest, Adenbukta og Arabiahavet i sør og Oman i aust. Hovudstaden i Jemen er Sana, men opprørarar har hatt kontroll over byen sidan februar 2015. På grunn av dette har regjeringa mellombels flytta til hamnebyen Aden på sørkysten. Jemen har meir enn 200 øyar og den største av desse er Socotra.

Jemen var heimstaden til sabearane (Saba i Bibelen), ein handelsstat som blømde i over tusen år og som truleg òg omfatta delar av dagens Etiopia og Eritrea. I 275 evt. kom regionen under det jødiskpåverka Himjar. Kristendomen kom til landet på 300-talet, medan jødedom og lokal heidenskap alt var etablert. Islam spreidde seg raskt på 600-talet og jemenittiske soldatar var avgjerande for dei tidlege islamske erobringane. Styret av Jemen har lenge vore særs vanskeleg. Fleire dynasti dukka opp frå 800- til 1500-talet, og Rasulid var det mektigaste og mest velståande. Landet var delt mellom Det osmanske riket og Det britiske imperiet tidleg på 1900-talet. Kongedømet Jemen vart oppretta etter fyrste verdskrigen i Nord-Jemen før Den arabiske republikken Jemen vart oppretta i 1962. Sør-Jemen vart verande eit britisk protektorat fram til 1967. Dei to jemenittiske statane vart samla til den moderne republikken Jemen i 1990.

Jemen er eit utviklingsland. Under president Ali Abdullah Saleh, har Jemen blitt skildra som eit kleptokrati. I følgje ein internasjonal korrupsjonsindeks frå 2009 av Transparency International, vart Jemen rangert på 164. plass av 182 land. Utan sterke statlege institusjonar, utgjer elitepolitikk i Jemen ein de facto form for samarbeidsstyre, der konkurrerande stamme, regionale, religiøse og politiske interesser er samde om å halde kvarandre i sjakk gjennom ein stillteiande aksept av balansen det har skapt. Den uformelle politiske avtalen vert opprettheldt ved at tre menn deler på makta: president Ali Abdullah Saleh, som kontrollerte staten; generalmajor Ali Mohsen al-Ahmar, som kontrollerte den største delen av hæren; og sjeik Abdullah al-Ahmar, som leia det islamistiske Islah-partiet og var Saudi-Arabia sin utvalde meklar for transnasjonale patronatbetalingar til forskjellige politiske aktørar, inkludert stammesjeikar. Utbetalingar frå saudiarabarane er meint å lette sjølvstyret til stammene frå den jemenittiske regjeringa og gje den saudiarabiske regjeringa ein måte å påverke dei politiske avgjerslene til Jemen.Jemen har vore i ei politisk krise sidan 2011. I januar 2011 byrja ei rekkje gatedemonstrasjonar mot fattigdom, arbeidsløyse, korrupsjon og planane til president Saleh om å endre den jemenittiske grunnlova og fjerne tidsgrensa for kor lenge ein president kan sitje, og i røynda gjere han til president på livstid. Han førebudde òg den eldste sonen sin, Ahmed Saleh, kommandant i den republikanske garden, til å overta etter han. USA reknar Al-Qaida på Den arabiske halvøya (AQAP) som «den farlegaste av alle fristadane til Al-Qaida». USA prøvde å kontrollere overgangen slik at dei kunne fortsette kampen mot terrorisme, medan Saudi-Arabia prøvde å oppretthalde påverknaden sin i Jemen gjennom somme gamle regimepersonar og andre stammeleiarar som var del av det såkalla «GCC-initiativet». President Saleh trakk seg attende, og overgangen gjekk raskt gjennom «GCC-initiativet»; visepresidenten Abd Rabbu Mansour Hadi tok over og vart formelt valt til president den 21. februar 2012 i eit einmannsval. Det midlertidige parlamentet gav presidenten Saleh og 500 av hans medarbeidarar immunitet same månaden. Det vart oppretta ein nasjonal dialogkonferanse den 18. mars 2012 for å bli samde om store saker i framtida til landet. I januar 2014 gav konferansen Hadi eitt år til som president.Overgangsprosessen vart derimot avbroten av konfliktar mellom houthiar og Islah, i tillegg til al-Qaida-opprør. I september 2014 tok houthiar over Sana, og tvang Ali Mohsen al-Ahmar ut av landet, og oppretta ein ny «samlingsregjering» som bestod av forskjellige jemenittiske fraksjonar. Eit forslag til ei grunnlov, som ville dele Jemen i seks føderale regionar, vart diskutert, men houthiane avslo forslaget. Hadi, statsministeren hans og regjeringa gjekk av 22. januar 2015 under eit politisk dødpunkt mot houthiane og dei pågåande valdshandlingane i hovudstaden. Tre veker seinare, erklærte houthiane seg i kontroll over regjeringa i det Abdul-Malik al-Houthi kalla ein «praktfull revolusjon», sjølv om opposisjonspolitikarar, naboland og Dei sameinte nasjonane fordømde overtakinga som eit statskupp. Dei fleste politiske fraksjonane i Jemen og det internasjonale samfunnet har nekta å anerkjenne styret til houthiane, og SN har gått inn som meklar i samtalar om å fordele makta. Den 21. februar trekte Hadi attende oppseiinga si og erklærte at han framleis var den legitime presidenten i Aden. Hadi bad regjeringa samle seg i Aden, som han den 26. mai 2016 erklærte «den økonomiske og midlertidige hovudstaden» i Jemen, medan Sana er under Houthi-kontroll.

Midtbanespelar

Ein midtbanespelar er den posisjonen i fotball som ligg midt på banen. Oppgåva til midtbanespelarane er å vere lenkja mellom angriparane og forsvararane til laget, det vil sei å skape målsjansar for laget sitt, i tillegg til å hindre motstandarane i å skape målsjansar.

Midtbanespelarar kan delast inn i sentrale, inkludert defensive og offensive midtbanespelarar, og vingar.

New Zealand

New Zealand eller Ny-Zealand er ein øystat i den sørvestlege delen av Stillehavet på den sørlege halvkula. Landet ligg i den polynesiske triengelen og er litt større enn Storbritannia og består av to store øyar, kalla Nordøya og Sørøya. I tillegg er der talrike mindre øyar, av desse er dei mest kjende og største Stewart Island/Rakiura og Chatham Islands. Frå nordspissen av Nordøya til sørspissen av Sørøya er det 1600 km. Landet ligg mellom 30 og 50 grader sørleg breidd.

Maorinamnet på New Zealand er Aotearoa, vanlegvis omsett med Landet til den lange, kvite skya. Realm of New Zealand (heile landområdet der dronninga av England er statsoverhovud) omfattar også Cook Islands og Niue (sjølvstyre i fri assosiasjon med New Zealand), Tokelau og Ross Dependency (New Zealand sine territoriale krav i Antarktis).

New Zealand er kjend for geografiske isolasjon: Landet ligg om lag 2000 km søraust for Australia over Tasmanhavet, og dei næraste naboane mot nord er New Caledonia, Fiji og Tonga. Gjennom den lange isolasjonen har New Zealand utvikla ein særeigen fauna dominert av fuglar, der ei rekkje er urydda av menneska som kom til øyane og dei invasive dyreartene som dei førte med seg.

Den største delen av innbyggjarane på New Zealand er av europeisk avstamming, dei innfødde maoriane er den største minoriteten. Asiatar og ikkje-maoriske polynesarar er betydelege minoritetsgrupper, særleg i byane. Det mest vanleg brukte språket er engelsk.

New Zealand er eit utvikla land med høg internasjonal rangering på ei rekkje område, mellom anna utdanning, økonomi og låg førekomst av korrupsjon. Byane i landet vert også rekna mellom dei med best levevilkår i heile verda.

Elizabeth II er som dronning på New Zealand statsoverhovud i landet, og vert representert av generalguvernøren. Den utøvande politiske makta ligg hos den newzealandske regjeringa.

Oslo

Oslo uttale er hovudstaden og den største byen i Noreg. Byen er kommunesenter i Oslo kommune, som både er ein kommune og eit fylke. I januar 2016 budde det 673 469 personar i Oslo kommune, og 988 873 i tettstaden Oslo, som også strekker seg inn i kommunane Oppegård, Bærum, Asker, Sørum, Rælingen, Lørenskog, Skedsmo, Nittedal, Lier og Røyken.

Mellom 1624 og 1925 var namnet på Oslo Christiania. Frå 1877/1897 var namnet òg skrive Kristiania. Byen blir ved ymse høve kalla «Tigerstaden», som refererer til Oslo som den farlege og ubarmhjertige storbyen. Namnet kan førast tilbake til diktet Sidste Sang av Bjørnstjerne Bjørnson.Oslo er sete for Kongen, regjeringa og sentraladministrasjonen, Stortinget, Høgsterett og den øvste militære leiinga. Alle dei utanlandske ambassadane i Noreg ligg i Oslo. Her er også mange av dei andre sentrale statsinstitusjonane i Noreg.Mellom om lag 1040 og 1624 låg byen Oslo ved utlaupet av Alnaelva. Etter bybrannen i 1624 valde Kristian IV å gjenreise byen attom Akershus festning. Den byen vart heitande Christiania. Frå om lag 1870 vart det vanleg å skriva Kristiania. Etter som byen voks utover 1800-talet, inkluderte han òg det området som opphavleg og framleis heitte Oslo, men som vart til Gamlebyen då Stortinget i 1924 vedtok å endra namnet på heile byen til Oslo. 1. januar 1948 vart Oslo slegen saman med Aker herad, som omkransa byen.

Rock

Rock er ein sjanger innanfor rytmisk musikk som har røter i rock ’n’ roll i USA på 1950-talet, og utvikla seg til ei rekkje forskjellige stilartar frå 1960-åra og utover, særleg i Storbritannia og USA. Ordet rock heng ordsogeleg saman med det norske gjerningsordet å rugga.

Rock har røter som går tilbake til rock ’n’ roll og rockabilly i 1940- og 1950-åra, som igjen utvikla seg frå blues, rhythm and blues og country, men òg gospel, tradisjonell pop, jazz og folkemusikk. Alle desse vart kombinert til ein enkel, bluesbasert songstruktur som var rask, fengjande og mogeleg å danse til. I følgje Allmusic «har den reinaste forma for rock ’n’ roll tre akkordar, eit sterkt, stødig etterslag (backbeat) og ein fengande melodi.Rockemusikk er opphavleg musikk i 4/4-takt med eit tydeleg etterslag (backbeat) og har tradisjonelt vore spela med eit oppsett av trommer, elektrisk gitar, elektrisk bassgitar og ein eller fleire songarar. Det har likevel vore brukt nesten alle kjende musikkinstrument i ein eller fleire samanhengar i samband med rockemusikk. Som i pop har tekstane ofte romantiske tema, men kan omhandle kva som helst og legg ofte vekk på sosiale og politiske tema. Dominansen av kvite, mannlege musikarar innan rock har ofte blitt rekna som ein av hovudfaktorane som har forma kva tema som er blitt utforska i rockemusikken. Rock har i større grad lagt vekt på musikalsk dugleik, konsertar og ein autentisitetsideologi enn det popmusikken har.

Seint i 1960-åra dukka det opp ei rekkje undersjangrar av rock, med blandingssjangrar som bluesrock, folkrock, countryrock, ragarock og jazzrock, og mange bidrog til utviklinga av psykedelisk rock, som var påverka av den psykedeliske motkulturen. Nye sjangrar oppstod frå dette miljøet, som progressiv rock, med forsterka kunstnariske element, glamrock, som la vekt på underhaldningsaspektet og den visuelle stilen, og eit mangfald av undersjangrar av heavy metal, som la vekt på kraft, volum og fart. På andre halvdelen av 1970-åra oppstod punkrocken som ein reaksjon på det dei såg som oppblåste, uekte og altfor kommersielle aspekt av desse sjangrane, og skapte ein enkel, energisk musikkform med eit rått uttrykk og tekstar som ofte bestod av sosial og politisk kritikk. Punk var ei inspirasjonskjelde i 1980-åra for utvikling av andre undersjangrar, som new wave, post-punk og til slutt alternativ rock. I 1990-åra byrja alternativ rock å dominere rocken og slo gjennom i form av grønsj, britpop og indierock. Blanding av andre undersjangrar har sidan oppstått, som poppunk, raprock og rap metal, i tillegg til forsøk på å gå attende til tidlegare populære rockesjangrar, som den nye bølgja med garasjerock/post-punk og synthpop i byrjinga av 2000-åra.

Rock har òg omfatta og tent som reiskap for kultur- og samfunnsrørsler, noko som har ført til store subkulturar som mods og rockers i Storbritannia og hippie-motkulturen som spreidde seg frå San Francisco i USA i 1960-åra. På liknande vis utvikla pønkkulturen i 1970-åra seg til dei visuelt særeigne subkulturane goth og emo. Rockemusikken tok etter visetradisjonen med protestsongar og har vore knytt til politisk aktivisme i tillegg til endringar i samfunnshaldningar til rase, sex og dopbruk, og vert ofte sett på som eit uttrykk for ungdomsopprør mot den vaksne konsumerismen og konformiteten.

Russland

Den russiske føderasjonen eller berre Russland (russisk: Российская Федерация, Rossijskaja Federatsija eller Россия, Rossija) er eit land i det austlege Europa og nordlege Asia. Storleiken er 17 075 200 km² og folketalet 142,9 millionar ved folketeljinga i 2010. Den noverande staten Russland oppstod 25. desember 1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløyste Sovjetunionen.

Russland er det største landet i verda i areal, det strekkjer seg frå grensa mot Noreg og Finland i nordvest til Beringsundet i nordaust, frå grensene mot Baltikum, Kviterussland og Ukraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa mot Nord-Korea og det nordlege Stillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, den geografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjedene Ural og Kaukasus.

Politisk er Russland ein asymmetrisk føderasjon, dvs at dei 84 føderasjonssubjekta, som føderasjonen er bygd opp av, har ulik grad av sjølvstyre. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråket russisk er eit av dei indo-europeiske språka.

Saudi-Arabia

Saudi-Arabia (arabisk السعودية, as-Su‘ūdiyyah eller as-Sa‘ūdiyyah), offisielt kalla Kongedømet Saudi-Arabia (arabisk المملكة العربية السعودية al-Mamlakah al-‘Arabiyyah as-Su‘ūdiyyah) er eit arabisk land i Vest-Asia som dekkjer det meste av Den arabiske halvøya. Med eit landareal på 2 150 000 km², er Saudi-Arabia geografisk sett det neste største landet i Den arabiske verda etter Algerie. Saudi-Arabia grensar til Jordan og Irak i nord, Kuwait i nordaust, Qatar, Bahrain og Dei sameinte arabiske emirata i aust, Oman i søraust og Jemen i sør. Det er det einaste landet som grensar både til Raudehavet og Persiabukta, og det meste av terrenget er turr, ugjestmild ørken eller aude landformer.

Dagens Saudi-Arabia var tidlegare fire fråskilde regionar: Hejaz, Najd, og delar av Aust-Arabia (Al-Ahsa) og Sør-Arabia ('Asir). Kongedømet Saudi-Arabia vart grunnlagd i 1932 av Ibn Saud. Han samla dei fire regionane til ein einskild stat gjennom ei rekkje erobringar frå og med 1902 med erobringa av Riyadh, der familien hans stamma frå; huset Saud. Landet har sidan vorte eit absolutt monarki, i røynda eit arveleg diktatur som vert styrt langs islamske liner. Wahhabi-islam har vorte kalla «det dominerande trekket ved saudisk kultur». Saudi-Arabia vert stundom kalla «landet med dei to heilage moskeane», som viser til Al-Masjid al-Haram (i Mekka) og Al-Masjid an-Nabawi (i Medina), dei to heilagaste stadene i islam. Kongedømet har i alt 28,7 millionar innbyggjarar, der 20 millionar er saudiarabiske nasjonale og åtte millionar er utlendingar.Saudi-Arabia er den største oljeprodusenten og eksportøren i verda, og kontrollerer det nest største oljereservoaret i verda. Med hjelp av fossile brensler har kongedømet vorte kategorisert som eit høginntektsland med høg Human Development Index (HDI), og er det einaste arabiske landa blant G-20-landa. Men Saudi-Arabia har den minst spreidde økonomien av landa i Golfrådet (GCC). Det er eit monarkisk einevelde og er rangert som «Ikkje fritt» av Freedom House. Saudi-Arabia er nummer fire i verda i høve til militære utgifter, og i 2010–14 hadde SIPRI Saudi-Arabia som den nest største våpenimportøren i verda. Saudi-Arabia vert rekna som ei regional- og mellommakt. I tillegg til GCC, er landet ein aktiv medlem i Organisasjonen for islamsk samarbeid og OPEC.

Ukraina

Ukraina (ukrainsk Україна, Ukrajina) er eit land i Aust-Europa. Ukraina grensar til Russland i aust og nordaust, Kviterussland i nordvest, Polen, Slovakia og Ungarn i vest, Romania og Moldova i sørvest og Svartehavet og Azovhavet i høvesvis sør og søraust. Det har eit areal på 603 628 km², og er det nest største landet i Europa etter Russland.I følgje ein populær og godt etablert teori vart Kievriket i mellomalderen grunnlagd av væringar på 800-talet som den første historisk nedteikna austslaviske. Staten vart oppløyst på 1100-talet. På midten av 1300-talet vart Ukraina underlagt tre forskjellige statar - Den gylne horden, Storhertugdømet Litauen og Kongedømet Polen. Etter den store nordiske krigen (1700–1721) vart Ukraina delt mellom fleire regionale makter og på 1800-talet vart det meste av Ukraina underlagt Det russiske imperiet, medan resten kom under Austerrike-Ungarn. Ein kaotisk periode med kontinuerleg krigføring følgde, med fleire internasjonalt aksepterte forsøk på sjølvstende frå 1917 til 1921, etter første verdskrigen og den russiske borgarkrigen. Ukraina kom til etter sin eigen borgarkrig, og den 30. desember 1922 vart Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken ein av dei grunnleggande republikkane i Sovjetunionen. Ukrainske SSR vart forstørra vestover under borgarkrigen kort tid før, og etter den andre verdskrigen, og lenger sør i 1954 då Krimhalvøya vart overført til Ukraina. I 1945 vart Ukrainske SSR ein av dei grunnleggande medlemmane av Dei sameinte nasjonane.Ukraina vart igjen sjølvstendig då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991. Oppløysinga førte til ein overgang til marknadsøkonomi og Ukraina hamna i ein åtte år lang resesjonsperiode. Sidan då betra økonomien seg og bruttonasjonalproduktet auka kraftig. Ukraina vart derimot hardt råka av finanskrisa i 2008 og BNP fall 20 % frå våren 2008 til våren 2009. Landet er framleis ein globalt viktig marknad, og i 2011 var landet den tredje største korneksportøren i verda.Ukraina er ein einingsstat som består av 24 oblast (provinsar), ein autonom republikk (Krim) og to byar med spesialstatus: Kiev, den største byen og hovudstaden, og Sevastopol, som husar den russiske Svartehavsflåten under ein leigeavtale. Ukraina er ein republikk under eit delvis presidentsystem med fråskild lovgjevande makt, styresmakt og rettsvesen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen er Ukraina framleis den nest største militærmakta i Europa, etter Russland. Landet har 46 millionar menneske, 77,8 % etniske ukrainarar og ein stor minoritet russarar (17 %), kviterussarar og rumenarar. Ukrainsk er offisielt språk, men russisk vert òg mykje nytta. Den dominerande religionen i landet er den austleg-ortodokse kyrkja, som har kraftig påverka ukrainsk arkitektur, litteratur og musikk.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.