Hovudkål

Hovudkål er ein kåltype med blad som ligg tett inntil kvarandre og dannar ein stor ball eller eit «hovud».[1] Det vitskaplege namnet på varieteten er Brassica oleracea var. capitata.[2]

Hovudkål
Kalkar - Weißkohl 05 ies
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Kålslekta Brassica
Art: Kål B. oleracea
Varietet: Hovudkål Brassica oleracea var. capitata

Variantar

Det finst fleire typar hovudkål. Kvitkål er den vanlegaste forma i Noreg. Denne typen dannar store hovud med blad som sit tett saman og gjerne er lyse, tilmed kvitlege, inni hovudet.[3] Nykål eller sommarkål er mindre tettpakka og er klart tidleg i sesongen.[4]

Savoykål er ein annan variant med krusete, lausare pakka blad og mildare smak enn vanleg kvitkål.[5] Raudkål er kjenneteikna av raudlilla blad og har også ein mild smak.[6]

Galleri

Andernach - Am Stadtgraben - Stadtgraben 02 ies

Unge kålplantar

Amid rows of cabbage, Haiti

Kåldyrking på Haiti

Schuelp kohlfeld einspruehen

Kålåker i Tyskland

Cabage blossoms

Blomstrande kål

Redcabbage-planted

Raudkål

Kjelder

  1. «hodekål» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «hovudkål» i Nynorskordboka.
  3. «Hodekål, Hvitkål», www.frukt.no (på bokmål), henta 3. april 2019
  4. «Tidligkål, Nykål», www.frukt.no (på bokmål), henta 3. april 2019
  5. «Savoykål», www.frukt.no (på bokmål), henta 3. april 2019
  6. «Rødkål», www.frukt.no (på bokmål), henta 3. april 2019
Broccolini

Broccolini er eit registret varemerke frå Mann Packing Company, Inc.. Det er ei grøn grønsak av arten Brassica oleracea (Brassica oleracea italica x alboglabra) ganske lik brokkoli, men der småblomstrane er mindre og stilkane er lengre og tynnare. Broccolini er ein hybrid av brokkoli (Brassica oleracea convar. botrytis var. italica) og gai lan (Brassica oleracea var. alboglabra) (andre namn Chinese broccoli, Chinese kale eller kailaan) i krossblomfamilien. Broccolini blir ofte feilaktig framstilt som ein hybrid mellom brokkoli og asparges.

Den vart utvikla vidare av Sakata Seed Company i Yokohama, Japan, under namnet Chinese kale eller gai lan. Smaken av Broccolini er søtaktig, med duft av både brokkoli og asparages.

I USA er det generiske namnet baby broccoli med product look up number 3277. Den går òg under namna asparation®, asparations, bimi, broccoletti, broccolette og tender stem. Sanbon Incorporated starta eit kommersielt program for asparation i Mexico i 1994 og tok den først til marknaden i USA i 1996. Mann Packing Company introduserte den nye grønsaken på marknaden i USA i 1998. Grønsaken blir dyrka året rundt i California og Arizona. I dag kan ein finne broccolini i heile USA, Canada, Australia og Storbritannia. I Storbritannia og Irland er den referert til som "Tender Stem Broccoli".

I Europa vart broccolini vanleg på marknaden rundt 2010 og i Noreg i 2011.

Heile grønsaka kan etast medrekna dei gule blomstrane som kan vere tilstades. Sjølv om broccolini er ganske ømtolig, er vanlege tillagingsmetodar bruning, damping, koking og steiking.

Ernæringsmesig inneheld broccolini mykje vitamin C, men òg vitamin A, kalsium, folsyre og jern.

Fårikål

Fårikål eller får i kål er ein matrett av sauekjøt eller lammekjøt, hovudkål og heil svart pepar som er kokt saman i ei gryte. Andre ingrediensar er kveitemjøl som gjer krafta fyldigare, og salt etter smak. Fårikål blir servert med kokte poteter. I Noreg et folk tradisjonelt fårikål om hausten, når kålen er hausta og lamma er komne frå beite.

Fårikål er i Noreg omtalt i kokebøker attende til 1800-talet.

Den kanskje eldste trykte oppskrifta på ein rett av denne typen er frå Fuldstændig Norsk Kogebog av Karen Dorothea Bang frå 1835, der oppskrifta «Nedlagt Gaas i Hvidkaal» er som til fårikål. Oppskrifta antyder at ein kan bruka fårekjø i staden for gås.

I radioprogrammet Nitimen kåra lyttarane i 1972 fårikål til nasjonalrett. Sidan 1993 har Opplysningskontoret for egg og kjøt drive foreininga «Fårikålens venner» som skal fremje fårikål som Noregs nasjonalrett. Opplysningskontoret for kjøtt etablerte i 1997 også fårikålens dag som vert markert siste torsdagen i september kvart år.

Kvitkål

Kvitkål (Brassica oleracea, convar. capitata var. alba) er det vanlegaste kålslaget i Noreg og ein av dei vanlegaste grønsakene å dyrka i verda. Det er også den vanlegaste kåltypen i Noreg.Omgrept blir ofte brukt synonymt med hovudkål, men kan også brukast for å skilja det frå til dømes raudkål. Kvitkål er ein toårig plante, men blir dyrka som eittårig grønsak. Planten dannar store hovud med blad som sit tett saman og gjerne er lyse, tilmed kvitlege, inni hovudet.Hovudet kan lagrast lenge etter innhausting, og er dermed ofte tilgjengeleg året rundt.Kål har vore brukt som lækjemiddel for ei rekkje helseproblem, som betennelsar, fordøyingsproblem og «ureiningar i blodet».

Kål

Kål er eit mangetydig omgrep som blir brukt om ei slekt av grønsaker (kålslekta, sjå Brassica). Det kan òg brukast som del av namnet til grøne plantar som ikkje er i slekt med, men som minner om, kål. Omgrepet blir likevel mest brukt om store og små grønsaker som stammar frå villkål, og som alle høyrer til arten Brassica oleracea. Dei ulike kålslaga har lite til felles når det gjeld utsjånad, men dei har så godt som alle kål i namnet: hovudkål, kvitkål, grønkål, raudkål, rosenkål, savoikål, blomkål, brokkoli, knutekål og kålrot.

Raudkål

Raudkål er ei form for hovudkål der blada er raudlege eller lilla på farge. Eit vitskapleg namn som blir bruka på varieteten er Brassica oleracea capitata rubra.

Blada får fargen sin frå antocyanin, som raudkål inneheld meir av enn andre kåltypar. Graden av pigment varierer med pH-verdien i jorda kålet veks i. I sur jord blir blada meir raudlege, i nøytrale blir dei meir lilla, medan i basisk jord blir kålet meir grøn-gult på farge. Safta frå kålet kan brukast som

ein heimelaga pH-indikator som blir raud i sure og grøn-gul i basiske løysingar.

Bladnervene og stilken til raudkål er kvite på farge.Kåltypen har ein mild smak. Ein kan eta rå finskore bitar i salat, koka, dampa, steika eller stua det. Kålet kan også fyllast eller syltast. Det passar godt til å laga surkål.

Savoykål

Savoykål er ei form for hovudkål med der blada er meir krusete og ligg mindre tett enn på vanleg kvitkål. Kåltypen har namn etter Savoie i Frankrike, der han oppstod. Eit vitskapleg namn som blir bruka på varieteten er Brassica oleracea sabauda.Savoykål har mørekgrøne blad og tjukke, gulkvite bladnerver.Kåltypen har ein mild smak, og kan etast rå. Han kan også behandlast på same måte som vanleg hovudkål.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.