Hebraisk

Hebraisk (hebraisk עִבְרִית [‘ib'rīt]) er eit vest-semittisk språk, nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skriven med det hebraiske alfabetet.

Bibelsk hebraisk

Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen / Det gamle testamentet. Bibelsk hebraisk er særprega av eit etter måten komplekst verbsystem og utbreidd bruk av pronominale endingar. Ei tydeleg utvikling kan sjåast frå det heller enkle språket i Toráen til dei meir komplekse uttrykksformene med større ordforråd og meir indirekte/poetiske uttrykksformer i Profetane og Skriftene.

Misjnaisk og rabbinsk hebraisk

I perioden etter det babylonske eksilet ser vi ei tydeleg auke i påverknaden frå arameisk i form av lånord og i form av grammatisk forenkling av ein type som er typisk for fleirspråklege samfunn. Det er uklart i kva grad hebraisk framleis var aktivt som morsmål eller ikkje — men hebraisk var definitivt i stadig bruk og under språkleg utvikling. Det hebraiske språket som vi ser det i Misjná har eit noko enklare infleksjonssystem og fonologisk system enn hebraisk og mange lånord frå arameisk, persisk, gresk og latin (eks.: פמיליא pammíleyá (frå latin familia)).

Moderne/israelsk hebraisk

Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk blir gjerne betrakta som «attoppliva» av Eliezer ben-Yehuda.

Tre syn på israelsk hebraisk

Eit relativt utbreitt syn er det åt den konservative leiren som hevdar at israelsk hebraisk er eit reint semittisk språk, og at alle avvik frå bibelsk hebraisk er å rekna for substandard variasjon.

Lingvisten Paul Wexler (forfattar av dei kontroversielle bøkene The Schizoid Nature of Modern Hebrew: A Slavic Language in Search of a Semitic Past (1991), The Ashkenazic Jews: A Slavo-Turkic People in Search of a Jewish Identity (1993), og The Non-Jewish Origins of the Sephardic Jews (1996)) representerer den revisjonistiske leiren som hevdar at moderne hebraisk eigentleg er jiddisch med hebraisk vokabular — og i tillegg at jiddisch eigentleg er eit slavisk språk.

Lingvisten Ghil‘ad Zuckermann (D.Phil., Oxford; forfattar av Language Contact and Lexical Enrichment in Israeli Hebrew (2003)[1]) meiner at israelsk hebraisk (som han kallar for 'israelsk') er eit semittisk/indoeuropeisk hybridspråk med hebraisk og jiddisch som primære utgangsspråk, og språk som russisk, polsk, engelsk, djudíospanjol (òg nokre gonger misvisande kalla «ladino») og arabisk som sekundære kjelder.

Semittiske språk
Austsemittisk: akkadisk
Nordvestsemittisk: ugarittisk · hebraisk · arameisk · arabisk · maltesisk
Sørsemittisk: geez · amharisk · tigrinja · tigré · gurage · harari
Arabisk

Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.

Arameisk

Arameisk er eit semittisk språk som er nært i slekt med fønikisk og hebraisk, som begge høyrer til den nordvestlege gruppa, og noko fjernare med arabisk. Arameisk skrift blei brukt til å utvikla andre skriftsystem, og har mellom anna gjeve opphav til hebraisk og arabisk.

Arameisk var daglegspråk i Judea under den andre tempelperioden (539 f.Kr.–70), og er brukt i fleire jødiske heilage tekstar. Det var truleg også språket til Jesus og dei han forkynde til. Arameisk var liturgispråk i tidleg kristendom, og ei form er framleis i bruk i syrisk kristendom. Moderne arameiske språk blir tala av spreidde grupper i Midtausten.

Bykommune i Israel

Ein bykommune (hebraisk עִירִיָּה, Iriya) er det offisielle namnet på ein by i Israel.

Kommunestatus vert gjeven av innanriksministeren til ein kommune, vanlegvis ein lokal kommune som har meir enn 20 000 innbyggjarar og har ein urban karakter, og med sonar som er utpeikt som bustadområde, handelsområde og industriområde.

Borgarmeisteren i ein by og medlemmane i byrådet vert valde for femårsperiodar.

Det nordlege distriktet i Israel

Det nordlege distriktet (arabisk: منطقة الشمال – Minṭaqat aš-šamāl; hebraisk: מחוז הצפון – Meḥoz hatzafon) er eit av seks administrative distrikt i Israel. Det nordlege distriktet har eit areal 4 478 km², som aukar til 4 638 km² om ein tar med både land og vatn. Den største byen er Nasaret, medan administrasjonssenteret er Nof HaGalil.

Golanhøgdene har vore styrt som eit underdistrikt av Det nordlege distriktet sidan 1981, og er de facto annektert av Israel, men dette er ikkje internasjonalt anerkjent og SN reknar annekteringa. Utanom Golanhøgdene, som dekkjer 1 154 km², er det totale landarealet 3 324 km² (3 484 km² med vatn).

Det sentrale distriktet i Israel

Det sentrale distriktet (hebraisk מָחוֹז הַמֶרְכָּז, Meḥoz haMerkaz) i Israel er eit av seks administrative distrikt, som dekkjer det meste av Sharon-regionen. Det administrative senteret er Ramla. Det er vidare delt inn i fire underdistrikt: Petah Tikva, Ramla, Sharon og Rehovot. Den største byen i distriktet er Rishon LeZion. Folketalet i 2008 var 1 730 500. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå er 88 % av folkesetnaden jødiske, 8,2 % er arabarar og 4 % ikkje klassifiserte, og hovudsakleg emigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen med delvis jødisk ætt.

Det sørlege distriktet i Israel

Det sørlege distriktet (hebraisk מחוז הדרום, Mehoz HaDarom; arabisk لواء الجنوب) er eit av seks administrative distrikt i Israel og det største i landareal, men samtidig tynt folkesett. Det dekkjer det meste av Negevørkenen, og Aravadalen. Det sørlege distriktet har 1 086 240 innbyggjarar og eit areal på 14 185 km2. Folkesetnaden består av 79,66 % jødar og 12,72 % arabarar (hovudsakleg muslimar) og 7,62 % andre (hovudsakleg russiske kristne). Distriktshovudstaden er Beer Sheva, medan den største byen er Ashdod. Pendlarbyane kring Beersheba, Omer, Meitar og Lehavim, er alle relativt velståande, medan utviklingsbyar (som Sderot, Netivot og Ofakim) og sju beduinarbyar er lågare på den samfunnsøkonomiske skalaen.

Distrikt i Israel

Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av.

Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda.

Fellesbusetnad i Israel

Ein fellesbusetnad (hebraisk יישוב קהילתי, Yishuv Kehilati) er ein type by i Israel. Medan kven som helst kan kjøpe ein eigedom i ein vanleg by, kan innbyggjarane i ein fellesbusetnad, som er organisert i eit samvirkelag, legge ned veto mot sal av eit hus eller eit føretak til ein kjøpar dei ikkje ynskjer.

Med denne utvelgingsprosessen, kan innbyggjarane i fellesbusetnaden dele ein særskild ideologi, religiøs retning eller levestil, som dei berre ønsker å dele med folk som tenkjer på same vis. Til dømes kan familieretta fellesbusetnader som ønsker å unngå at det skal bli for mange pensjonistar i busetnaden, berre akseptere unge par som nye innbyggjarar.

I 2013 hadde Israel 118 busetnader med eit totalet innbyggjartal på kring 84 800.

Galilea

Galilea (hebraisk הגליל, HaGalil; arabisk الجليل, al-Jalīl) er eit stort område nord i Israel i Nord- og Haifa distrikt. Tradisjonelt er det delt inn i Øvre Galilea (hebraisk גליל עליון Galil Elyon), Nedre Galilea (hebraisk גליל תחתון, Galil Tahton) og Vest-Galilea (hebraisk גליל מערבי, Galil Ma'aravi), og strekkjer seg frå Dan i nord, ved foten av Hermon, langs Libanonfjella til Karmelberget og Gilboafjellet nord for Jenin og Tulkarm i sør, og frå Jordandalen i aust og over slettene i Jezreeldalen og Akko til kysten av Middelhavet og Den israelske kystsletta i vest.

Haifa distrikt

Haifa distrikt (hebraisk מחוז חיפה, Mehoz Ḥeifa; arabisk منطقة حيفا) er eit administrativt distrikt kring byen Haifa i Israel. Distriktet er eit av seks administrative distrikt i Israel, og administrasjonssenteret er Haifa. Distriktet har eit areal på 864 km2.I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå data for 2011:

Total folketal: 926 700 (2011)

Etnisk:

Arabarar: 233 000 (25.1%)

Jødar: 642 700 (69.4%)

Andre: 51 000 (5.5%)

Religion :

Jødar: 642 700 (69.4%)

Muslimar: 192 300 (20.8%)

Drusarar: 24 300 (2.6%)

Kristne: 22 900 (2.5%)

Ikkje klassifisert: 44 400 (4.8%)

Jesus

Jesus frå Nasaret (hebraisk: יהשוה, f. rundt 6–4 f. Kr., død år 29–33) er opphavsmannen til kristendommen. Han var ein jødisk mann som levde i den romerske provinsen Judea i det første hundreåret.

Innan kristendommen blir han rekna som Messias og sonen eller lekamleggjeringa av Gud, kalla Jesus Kristus, medan han blir sett på som ein profet innan islam og bahaireligionen. Jødedommen ser derimot på Jesus som ein falsk messias.

Dei fire evangelia i Det nye testamentet handlar om livet til Jesus. Me veit lite om det tidlege livet hans, men evangelia fortel mykje om dei tre siste åra. I denne tida vandra han rundt i Judea og Galilea, forkynte si frelseslære og lækte sjuke. Han blei sett på som ein oppviglar og krossfesta. Etter tre dagar skal han så ha stått opp frå dei døde før han blei teken opp til Gud i Himmelen.

Jiddisch

Jiddisch, jiddisk eller jødetysk er eit vestgermansk språk som blir tala av om lag fire millionar hovudsakleg askenasiske jødar over heile verda. Før den andre verdskrigen og holocaust/shoah vart språket tala av kring ti millionar europeiske jødar, og det var daglegspråket deira, sjølve morsmålet (mame-loshn), mens hebraisk berre var synagogespråket. Språket oppstod i Sentraleuropa i høgmellomalderen som ei blanding av høgtyske og sentraltyske målføre, og med mange lånord frå hebraisk og arameisk — seinare òg frå slaviske språk. Namnet jiddisch tyder ‘jødisk’ og er opphavleg ei kortform for 'jidish taitsh', eller 'jødisk tysk'. Ordtilfanget er på om lag 80 % tyske ord — somme av desse er nærare standard høgtysk enn mange høgtyske målføre; jiddisch blir av og til òg sett på som eit tysk målføre. Jiddisch blir vanlegvis skrive med det hebraiske alfabetet.

Forfattaren Isaac Bashevis Singer (1904–1991), som skreiv på jiddisch, fekk Nobelprisen i litteratur i 1978. Den jiddischspråklege lingvisten Max Weinreich blir ofte nemnd som opphavsmannen til den mykje siterte utsegna «A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot» אַ שפראַך איז אַ דיאַלעקט מיט אַן אַרמײ און פֿלאָט, 'eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte', men han skal visstnok ha sitert ein tilhøyrar på ei av førelesingane sine.

Judea- og Samaria-området

Judea og Samaria (hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, Ezor Yehuda VeShomron, òg akronymet יו"ש Yosh eller ש"י Shai; arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ, Yahuda was-Sāmerah) er dei historiske bibelske namna på området som no generelt vert kalla Vestbreidda. Judea- og Samaria-området er òg eit Israelsk administrativt distrikt, i Område C på Vestbreidda, utanom Aust-Jerusalem.

Jødar

Jødar er medlemmer av religionen jødedom og/eller medlemmer av ei folkegruppe, eller ei gruppe nærskylde folkegrupper, som hovudsakleg praktiserer jødisk religion.

I sin tilsynelatande motsetnad mellom ein klar etnisk/kulturell definisjon på den eine sida og relativt stor geografisk spreiing og lokal variasjon i språk og kultur og tildels genetikk på den andre, er problema med ein klar definisjon ikkje ulike dei tilsvarande problema med definisjonen av sigøynarar som folkegruppe.

Kibbutz

Kibbutz (på hebraisk: קיבוץ‎; fleirtal: kibbutzim: קיבוצים; «samling» eller «felles») er eit israelsk kollektivt samfunn. Sjølv om andre land har hatt liknande kollektiv, så har få frivillige kollektiv spela ei så viktig rolle som i Israel. Kollektiva er ofte prega av ein sosialistisk ideologi.

Lokale kommunar i Israel

Lokale kommunar (hebraisk מועצה מקומית, Mo'atza Mekomit) er ein av tre kommunetypar i Israel, i lag med byar og regionale kommunar. Det er i alt 265 lokale kommunar i.

Moshav

Moshav (hebraisk מוֹשָׁב, fleirtal מוֹשָׁבִים moshavim, tyder 'busetnad, landsby') er ein type by eller busetnad i Israel, særleg nytta om ein type kollektivt jordbrukssamfunn av individuelle gardar busett av arbeidarsionistar under den andre aliyah-bølgja. Ein innbyggjar eller eit medlem av ein moshav vert kalla ein «moshavnik» (מוֹשַׁבְנִיק).

Moshavar minnar om kibbutzar men med ei vekt på kollektivt arbeid. Dei vart utforma som ein del av nasjonsbygginga til sionistane etter Yishuv («busetnad») i Palestinamandatet tidleg på 1900-talet, men i motsetnad til dei kollektive kibbutzane, eigde ein gardane sjølv i ein moshav, men dei hadde fast og same storleik. Arbeidarane produserte avlingar og varer på eigedomane sine gjennom individuelt og/eller felles arbeid og ressursar, og nytta fortenesta og matvarer til å livnære seg sjølv. Moshavar vert styrt av eit valt råd (hebraisk ועד, va'ad, tyder 'komité'). Samfunnsprosjekt og anlegg vart finansiert av ein særskatt (hebraisk מס ועד, mas va'ad, tyder 'komitéskatt'). Denne skatten var lik for alle hushaldningar i busetnaden, og skapte dermed eit system der gode bønder klarte seg betre enn dei dårlege, i motsetnad til dei kollektive kibbutzane der (i det minste på papiret) alle medlemmane hadde same levestandard. Mange moshavar eksisterer framleis.

Wikisource

Wikisource er eit Wikimedia-prosjekt som tilbyr frie digitaliserte kjeldetekstar på ulike språk. Prosjektet inneheld hovudsakleg originaltekstar, men òg ein del brukarlaga omsetjingar.

Wikisource blei starta i 2003 og blei etterkvart delt i utgåver med ulike kjeldespråk. Først ute var hebraisk, i august 2004, som med eige skriftsystem skrive frå høgre mot venstre hadde særskilde tekniske krav. Prosjektet blei endeleg delt opp i ulike språk i 2005. Det norske Wikisource-prosjektet blei starta i juni 2006 og kalla Wikikilden.

I juni 2011 hadde det engelske Wikisource-prosjektet over 200 000 tekstar. Det var eitt av tre prosjekt med over 100 000 sider; dei andre to var det russiske og det japanske prosjektet. Norske Wikikilden hadde over 900 tekstar.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.