Handel

Handel er byte av varer, verdiar og tenester, og skjer gjerne på det ein kallar ein marknad. Ei gammal form for handel er bytehandel, der ein kjøpar og ein seljar byter varer og tenester direkte. Utviklinga av pengar førte til at ein kunne utføra handel på ein enklare måte.

Choosing the Wedding Gown vicar of wakefield mulready
Brurekjolehandel. Måleri av William Mulready

Sjå og

  • Frihandel
  • Handelsnæringa
  • Internasjonal handel
    Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
1300-talet

< 1300-talet > viser til hundreåret frå 1300 til 1399 i den julianske kalenderen. Hundreåret hadde klimaendringar med overgangen frå den varme perioden i mellomalderen til den vesle istida. Eurasia opplevde hungersnaud, pest, religiøse og nasjonale konfliktar, men også vekst og nyvinningar, byrjinga på Ming-dynastiet, Det osmanske riket og den europeiske renessansen.

Amsterdam

Amsterdam er den største byen og offisiell hovudstad i Nederland. (Den Haag er imidlertid sete for regjering, parlament, statsoverhovud og alle ambassader og er altså landets verkelege hovudstad). Han er kalla opp etter elva Amstel, som renn gjennom byen. Byen er kjend for den historiske hamna, Rijksmuseum, og for red-light district (de Wallen), dei liberale kaffibarane som sel cannabis og dei mange kanalane som gjer at byen vert kalla «Nordens Venezia».. Under den nederlandske gullalderen var Amsterdam ein av dei viktigaste hamnebyane i verda, var drivande innan utviklinga av handel og vart eit leiande senter for finans og diamantar.Byenvart grunnlagd seint på 1100-talet som ein liten fiskelandsby og har vokse til å verte den største byen i Nederland med om lag 745 000 innbyggjarar. Storbyområdet har 1 til 1,5 millionar innbyggjarar, avhengig av kor ein set grensene, edan Randstad-området (agglomerasjon av fleire store og mellomstore byar), som i alt har 6,5 millionar innbyggjarar.

Arendal

Arendal er ein by og administrasjonssenteret i Arendal kommune i Aust-Agder fylke. Tettstaden strekker seg nordaustover til Eydehavn og sørvestover til Fevik i Grimstad kommune, og har 43 084 innbyggjarar per 1. januar 2017. Arendal er eit viktig senter for samferdsel, handel, tenesteytingar og administrative funksjonar. Byen er sete for fleire offentlege administrasjons- og tenestefunksjonar av regional betydning, mellom anna administrasjonen i fylkeskommunen i Aust-Agder, Sørlandet sykehus Arendal, avdelingar av Universitetet i Agder og fleire vidaregåande skolar.

Arendal er eit attraktivt turistmål og turisttrafikken i kommunen er stor i sommarsesongen. Tettstaden ligg like ved Europaveg 18 og er knytt til Sørlandsbanen gjennom Arendalsbanen. I Arendal kjem det ei dagsavis, Agderposten, og ei lokalavis, Arendals Tidende, med to vekentlege utgåver.

Barokkmusikk

Barokkmusikk skildrar ein stil i europeisk musikk i omtrent perioden 1600 til 1755. Perioden starta etter renessansen og vart etterfølgd av klassisismen. Stilarten er knytt til komponistar som Johann Sebastian Bach, Antonio Vivaldi, Jean-Baptiste Lully, Arcangelo Corelli, Claudio Monteverdi, Jean-Philippe Rameau og Henry Purcell. I barokken vart funksjonell tonalitet til. I denne perioden nytta komponistar og dei utøvande musikarane meir utførleg musikalske utsmykkingar, gjorde endringar i den musikalske notasjonen og utvikla nye speleteknikkar på instrumenta. Barokkmusikken utvida storleiken, rekkevidda og kompleksiteten til den instrumental framføringa og opera vart grunnlagd som ein musikksjanger. Mange musikalske uttrykk og omgrep frå denne perioden er framleis i bruk i dag.

By

Ein by er ein stad med stor og tett folkesetnad, åstad for mykje handel og underhaldning, og gjerne administrasjonssenter for området rundt. Noko industri føregår i byar, medan jordbruk sjeldan har ein plass der. Byar skil seg frå mindre tettstader og landsbyar ved at det bur meir folk der, men grensa er uklår, og som regel vil ein statleg definisjon avgjera kva som er ein by.

Canada

Canada er eit vidstrekt land lengst nord i Nord-Amerika. Det er det andre største og eit av dei nordlegaste landa i verda. Canada utgjer størstedelen av det nordamerikanske kontinentet og grensar til berre eitt anna land, USA i sør og i vest, til Alaska.

Canada er ein føderasjon med mykje sjølvstyre for ti provinsar og tre territorium, og har styresettet parlamentarisk demokrati og statsforma konstitusjonelt monarki, med Dronning Elizabeth som statsoverhovud.

Landet var både tidlegare franske og tidlegare britiske koloniar, og er medlem av både La Francophonie og Commonwealth of Nations. Fransk er hovudspråket i Quebec. New Brunswick er tospråkleg, medan resten av landet hovudsakleg er engelsktalande. Begge språka er offisielle i heile landet, men ein provins kan velja om han skal vera tospråkleg eller velja eitt hovudspråk.

Økonomisk er landet industrialisert og teknologisk utvikla. Næringsvegane er basert på rike naturressursar og handel med andre land, særleg naboen USA. Canada er hovudsakleg sjølvforsynt med energi på grunn av relativt store ressursar av fossile brennstoff, i tillegg til produksjon av kjerne- og vasskraft.

Eksport

Eksport (av latin «bere ut, føre ut») er utførsel og sal av varer og tenester til utlandet. Det er det motsette av import, og verkar positivt inn på bruttonasjonalproduktet.

Ein eksportør er ein person, eit firma eller ein organisasjon som driv eksporthandel.

Flandern

Flandern (nederlandsk Vlaanderen, fransk Flandre) er ein delstat i Belgia. Han grensar til Nederland, Frankrike og nabodelstatane Vallonia og Brussel.

Flandern er òg namnet på eit landskap eller område mellom Nordsjøen og elva Schelde som er delt mellom provinsen Zeeland sørvest for Schelde i Nederland, provinsane West-Vlaanderen og Oost-Vlaanderen i Belgia og ein del av departementet Nord i Frankrike. Landskapet omfattar fleire sandstrender ut mot havet, fruktbare jordbruksområde i marsklandet innanfor og område prega av livleg handel og industri. Lengre sør er terrenget meir kupert. Dei største byane i Flandern er Gent og Brugge.

Innbyggjarane i Flandern vert kalla flamlendarar. Kulturen der vert rekna som flamsk. Det same gjer språket.

Georg Friedrich Händel

Georg Friedrich Händel (23. februar 1685–14. april 1759), var ein tysk-britisk komponist kjend for sine operaer, oratorium og concerti grossi. Han vert rekna som ein av dei mest produktive og viktigaste musikarane nokon sinne, og representerer ved sida av Johann Sebastian Bach høgdepunktet i seinbarokken.

Händel var ein sann kosmopolitt som etter oppveksten i Halle levde formative vandre- og læreår i Hamburg, Italia og Hannover. Han budde mesteparten av livet sitt i England og fekk britisk statsborgarskap 22. januar 1727.Händel skapte ein meisterleg musikalsk syntese av tysk, italiensk og engelsk tradisjon, og han skreiv musikk i alle sjangrane frå denne tida. Musikken til dei fleste av hans samtidige komponistar vart raskt gløymd etterkvart som musikksmaken endra seg, men verka til Händel har stått uavbrote på repertoaret i meir enn 250 år, lenger enn musikken til nokon annan komponist.

Det mest spelte verket hans er oratoriet Messias. Øvrige kjende verk er orkesterstykka Water Music og Music for the Royal Fireworks. Händel var sterkt påverka av teknikkane til dei store komponistane i den italienske barokken, såvel som Henry Purcell i England. Musikken til Händel vart flittig studert av komponistar etter han, til dømes Haydn, Mozart og Beethoven.

Guvernement i Syria

Syria er delt inn i fjorten guvernement eller muhafazat (eintal muhafazah). Guvernementa er delte inn i seksti distrikt, eller manatiq (eintal mintaqah), som vidare er delt inn i underdistrikt eller nawahi (eintal nahia). Nawahi inneheld landsbyar, som er dei minste administrative einingar.

Kvart guvernement vert styrt av ein guvernør, utpeikt av innanriksministeren og godkjend av regjeringa. Guvernøren er ansvarleg for administrasjon, helse, velferd, utdanning, turisme, offentlege arbeid, samferdsle, handel, jordbruk, industri, sivilforsvar og oppretthalde lov og orden i guvernementet. Ministeren for lokal administrasjon arbeider tett med kvar guvernør for å koordinere og ha oversyn med utviklinga av lokale prosjekt. Guvernøren har sitt eit provinsråd, der tre fjerdedelar av medlemmane vert valde av folket for fire år om gangen, medan resten vert utpeikt av innanriksministeren og guvernøren. I tillegg har kvart råd ei utøvande avdeling på seks til ti sentralt utpeikte tenestemenn, som vert valt ut blant dei valte rådsmedlemmane. Kvar tenestemann har ansvar for spesifikke oppgåver.

Distrikta og underdistrikta vert styrte av tenestemenn som vert utpeikt av guvernøren og godkjend av innanriksministeren. Desse embetsmennene arbeider med lokale saker med eit valt distriktråd og tener som mellommenn mellom det sentrale styret og tradisjonelle lokale leiarar, som landsbyhøvdingar, klanleiarar og eldreråd.

Handelsdepartementet

Handelsdepartementet er eit norsk departement som har hatt ulike namn gjennom tidene, men som er ein etterfølgjar etter Departementet for det Indre (2. og 4. departement frå 1814). Handelsavdelinga i dei ulike departementa har gjennom åra vore lokalisert i ulike departement:

1903–05: Departementet for utenrikske saker, handel, sjøfart og industri eller Handelsdepartementet

1905–13: Departementet for handel, sjøfart og industri eller Handelsdepartementet

1913–1916: Departementet for sosiale saker, handel, industri og fiskeri eller Sosialdepartementet

1916–1947: Departementet for handel, sjøfart, industri, håndverk og fiskeri eller Handelsdepartementet

1917–1920: Industriforsyningsdepartementet

1942–1945: Skipsfartsdepartementet

1947–1987: Handels- og skipsfartsdepartementet

1947–1987: Industridepartementet

1988–1993: Næringsdepartementet

1997–: Nærings- og handelsdepartementet

Hav

Hav er store, samanhengande massar av saltvatn, som dekker om lag tre fjerdedelar (71%) av jordoverflata. Dei er svært viktige for oss menneske, både når det gjeld handel, næring og klima.

Dei største ubrotne havfelta vert kalla verdshav, og inneheld eller grensar til ei rekke mindre hav. Ved kantane møter verdshava ofte øygrupper og landmassar som skapar randhav og innhav. Mindre delar av hava vert kalla sjøar, sund, stred, bukter, viker og fjordar. Menneskeskapte kanalar er òg blitt del av hava.

Dei offisielle grensene mellom dei ulike hava vert sette av det internasjonale hydrografi-laget, International Hydrographic Organization.

Persiabukta

Persiabukta er ei bukt frå Indiahavet som ligg mellom Iran og Den arabiske halvøya. Bukta er rundt 1000 km lang og 350 km brei på det breiaste. Gjennomsnittleg djupne er om lag 40 meter, største djupna er rundt 110 meter. Persiabukta er eitt av dei varamaste hava i verda (augusttemperaturen er 35 °C) og ser ofte kraftige stormar. Stor fordamping gjer henne også til eit av dei saltaste havområda i verda.

Inst i bukta ligg Irak og munningen av Shatt al-Arab (Arvand Rud), som blir danna av at

Eufrat og Tigris renn saman. I nord grensar ho mot Iran og i sør mot Qatar, Saudi-Arabia, øyriket Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata og Oman. Bukta er forbunden med Arabiahavet gjennom Hormuzsundet.

Persiabukta har sidan oldtida vore eit viktig ledd for handel og kontakt mellom middelhavslanda og Austen.

Bukta vert òg kalla Persiagolfen, Den persiske bukta eller Den persiske gulfen.

Namnet er omstridd: Panarabistiske rørsler bruker gjerne namn som «Arabiabukta» eller «Den arabiske bukta», medan ho blir kalla Basra-bukta i Tyrkia.

Reformasjonen

Reformasjonen var ei religiøs omvelting frå katolisisme til protestantisme i delar av Europa på 1500-talet. Reformasjonen vart utløyst av Martin Luther, som formulerte sine 95 tesar, og ifølgje tradisjonen slo dei opp på kyrkjedøra i Wittenberg den 31. oktober 1517. Luther understreka kor viktig den individuelle trua er i høve til sakramenta og vekt på gode gjerningar. Han plasserte menneska meir direkte i høve til Gud enn kva ein gjorde i den katolske kyrkja. Reformasjonen spreidde seg etter kvart frå Nord-Tyskland til Skandinavia, Sveits og Frankrike. I England oppstod det parallelt ein reformasjon grunna i politiske omsyn, som etter kvart tok mykje av den same leia som reformasjonen på kontinentet.

Bakgrunnen for reformasjonen var ei tidlegare reformrørsle innan den katolske kyrkja, i tillegg til renessansen med sine studiar av gamle tekstar og vekt på individet. Utviklinga vart òg stimulert av oppfinninga av boktrykking, aukande handel og framveksten av ei mellomklasse, og av politiske motsetnader.

Det kom til ein lang og bitter konflikt mellom katolikkar og protestantar på 1500-talet, som var ein viktig grunn til tredveårskrigen. Seinare vart det organisert ei omdanning av den katolske kyrkja, ofte kalla den katolske motreformasjonen. Danmark-Noreg gjekk over til protestantismen i 1536/1537.

Silkevegen

Silkevegen var eit stort nettverk av handelsruter på tvers av det asiatiske kontinentet, eit nettverk som bind saman Aust-Asia, Sør-Asia og Vest-Asia med landa rundt Middelhavet, det vil seie både Nord-Afrika og Europa.

I seinare år har nemninga Den maritime silkevegen vorte nytta for handelsrutene til sjøs, attåt dei som går over land.

Skip

Skip eller skute er ein større farkost ein kan segla med. Dei fleste skipa er store båtar, men ordet har også blitt brukt om fargreier som har oppstått i nyare tid—luftskip og romskip.

Skip er ofte havgåande farkostar med plass til mykje last eller passasjerar. Dei har mogleggjort globaliseringa av verda gjennom å tillata lange reiser og handel over hav.

Sogn

Sogn er ei fellesnemning for kommunane og landområdet kring Sognefjorden. Sogn var tidlegare delt i fogderia Indre Sogn og Ytre Sogn, som saman med Sunnfjord og Nordfjord utgjorde Nordre Bergenhus Amt, noverande Sogn og Fjordane fylke.

Harald Hårfagre arva Sogn og området var soleis det fyrste riket i samlinga hans av Noreg til eit rike.

Kaupanger var hovudsete i Sogn frå vikingtid til langt opp i mellomalderen.

Her var handel til frå utlandet og innlandet, fylkesting, sysselmannsete med meir.

Heilårsvegen aust - vest gjekk over Filefjellet som er den lettaste og sikraste fjellovergangen vinterstid.

Der går vegen den dag i dag der Kong Sverre fekk Kongevegen lagt oppover Lærdalsdalen til Filefjellet.

Kommunane Aurland, Balestrand, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal ligg i Sogn. Gulen høyrde til Nordhordland i kyrkjesaker til på 1700-talet, medan Bø i Hyllestad tidlegare har høyrd til Sunnfjord. Oppheim, som no høyrer til Voss, høyrde tidlegare til Aurland prestegjeld og Sogn.

Steinkjer

Steinkjer er ein by og administrasjonssenteret i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg inst i Trondheimsfjorden og har 12 744 innbyggjarar per 1. januar 2017. Steinkjer er sete for fylkesadministrasjonen i Trøndelag.

Steinkjer er tilgjengeleg med båt, noko som har gjort det lettare å drive handel til og frå byen. I dag går E 6 gjennom byen, og jernbanestrekninga Trønderbanen har sin endestasjon her. Nordlandsbanen har stopp i Steinkjer på veg mellom Trondheim og Bodø. Bygrensa går i nord ved Eggevammen og i sør ved Figga.

Økonomien i byen bygger i stor grad på industri og jordbruk.

Steinkjer fekk bystatus i 1857. Byen brann ned 1900 og mykje byggverk i tre forsvann, men vart bygd opp att i jugendstil. Den 21. og 22. april 1940 vart byen bomba og på ny lagt i ruinar. Etter den andre verdskrigen vart byen bygd opp att med etterkrigsarkitektur i funkis-stil. Steinkjer med byane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum som var på sitt største for om lag 1000 år sidan. Det er gjort fleire arkeologiske funn i området.

Tysk

Tysk er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, saman med mellom andre engelsk og dei skandinaviske språka.

Det som til vanleg blir kalla tysk, er høgtysk, i motsetnad til lågtysk. Lågtysk eller nedertysk blir framleis tala av mange menneske i dei nordlege delane av Tyskland, men færre enn før. Nederlandsk kan seiast å vere ei form for lågtysk. Lågtysk har hatt stor påverknad på dei skandinaviske språka, ikkje minst norsk, på grunn av mykje samband i sjøfart og handel tidlegare. Eit nærskyldt språk som òg finst i Nord-Tyskland og Nederland, er frisisk, som blir sagt å liggje ein plass mellom tysk og engelsk.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.