Hallgjerd

Hallgjerd, Hallgerd og Halgerd er kvinnenamn av norrønt opphav. Hallgjerd har namnedag den 14. august.

Det norrøne Hallgerðr er sett saman av hallr som tyder 'stein' eller 'helle', og gerðr som tyder 'gjerde' eller 'vern'.

Hallgjerd Hoskuldsdatter (Hallgerðr Höskuldsdóttir) er kona til sogehelten Gunnar frå Lidarende.

Bruk

Namnet er sjeldan i Noreg og lite kjend elles. Det finst som Hallgerður på Island. I 2009 var det 73 norske kvinner som heitte Hallgerd, 45 som heitte Hallgjerd og 19 som heitte Halgerd.

Namneberarar

  • Hallgerd Benum Dahl (f. 1937), norsk sopran

Kjelder

14. august

14. august er den 226. dagen i den gregorianske kalenderen (227. under skotår). Det er 139 dagar att av året.

Geirr Tveitt

Geirr Tveitt (19. oktober 1908–1. februar 1981), fødd Nils Tveit, var ein norsk komponist og pianist. Han skreiv klaverkonsertar, ballettar, operaer, viser og songar, og verk for kor og orkester. Velkjente verk er mellom anna «Hundrad folketonar frå Hardanger» og visa «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta».

I 1973 vann Tveitt Årets verk for «7 sanger til tekster av Ragnvald Skrede».

I Store Norske Leksikon skreiv Sverre Edvardsen at komponisten var eigenarta, og i musikken hans møtest det norske og det kontinentale i ein fruktbar syntese, og "Særlig karakteristisk er hans bruk av modale tonearter (kirketonearter), åpne klanger og taktvekslinger".

Kaare Aksnes

Kaare Aksnes (fødd 25. mars 1938) er ein norsk astronom. Aksnes er bror av kjemikaren Gunnar Aksnes.

Aksnes voks opp i Kvam i Hardanger. Han studerte fyrst realfag ved Universitetet i Bergen, seinare ved Universitetet i Oslo, der han fekk graden cand.real. med hovudfag i astronomi i 1963. Etter fullendt eksamen var han vitskapleg assistent ved Solobservatoriet på Harestua i Oppland, før han reiste til USA, der han arbeidde ved Harvard-Smithsonian Astrophysical Observatory og Jet Propulsion Laboratory. Aksnes vart deretter student ved Yale University i USA, der han fekk graden Ph.D. i 1969. 1971–78 var han astronom (Celestial Mechanician) ved Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics i Cambridge, Massachusetts.

I åra 1978 - 88 var han forskar ved Forsvarets forskningsinstitutt på Kjeller, og 1980 - 88 var han professor i astrofysikk ved Universitetet i Tromsø. Sidan 1989 har han vore professor i astronomi ved Universitetet i Oslo. I 1993 overtok Aksnes, som leiar for Almanakkomitéen, ansvaret for Almanakk for Noreg, og har hatt det sidan. I ein lengre periode har Aksnes hatt ei viktig rolle internasjonalt som medlem og leiar i arbeidsgruppene i Den internasjonale astronomiske unionen som har ansvar for namngjeving av himmellekamar i solsystemet.

Kaare Aksnes vert rekna mellom dei mest framifrå forskarane i verda innanfor baneutrekning for kunstige satellittar, planetmånar, asteroidar og kometar. Doktoravhandlinga hans, A Second Order Solution of an Artificial Earth Satellite based on an Intermediate Orbit, har vorte eit standardverk i feltet. Han har jobba med å rekna ut banar for kunstige satellittar og romsondar, planetar og månar omkring planetar i solsystemet. Han har nytta observasjonar av såkalla "gjensidige fenomen", dvs. formørkingar og okkultasjonar, mellom månane til Jupiter og Saturn til å betra bestemminga av banane deira. Aksnes har leidd den norske deltakinga i den europeiske Romsonden Rosetta, der den norske deltakinga spesielt omfattar utrekning av banen til sonden omkring ein kometkjerne, og han har vore med på å byggja opp eit nordisk nettverk for studie av asteroider som kan gjera skade på jorda. Han har for øvrig publisert ei rekkje arbeid innan celest mekanikk, og har bidrege med eit stort tal populærvitskaplege innlegg i dagspresse, radio og fjernsyn, særleg om rørsler av smålekamar innanfor solsystemet. I samband med astronomiske hendingar som stjerneskotsvermar, asteroidar, kometar og sol- og måneformørkingar er Aksnes velkjend hjå media og blant publikum.

Aksnes vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1991. I 1969 mottok han Dirk Brouwer Memorial Prize for doktorgradsarbeidet sitt, og i 1981 fekk han NASA Group Achievement Award for baneutrekningane sine for Voyager-programmet mot Jupiter. I 1978 fekk han ein asteroide kalla opp etter seg; asteroide 2067 Aksnes.

Den 5. desember 2006 fekk Aksnes i tillegg Kongens fortenestmedalje i gull. Under utdelinga sa fylkesmann Hans Røsjorde at H. M. Kongen hadde tildelt Aksnes medaljen for vitskapleg innsats gjennom ein lang forskarkarriere i astronomi.

Namnedagar i Noreg

Namnedagar i Noreg er eit oversyn over noverande norske namnedagar sortert etter dato.

Namnedagar har røter til katolske helgendagar. Dei vart gjeninnførte i Noreg av Almanakkforlaget i 1988. Forlaget reviderte lista i 1998 og inneheld 819 namn. Alle årets dagar bortsett frå 1. januar, som i kyrja er Jesu namnedag, skotårsdagen 29. februar og 25. desember har tilhøyrande namn.

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.