Hallgeir

Hallgeir eller Halgeir er mannsnamn av norrønt opphav. Hallgeir har namnedag den 14. august.

Det norrøne Hallgeirr er sett saman av hallr som tyder 'stein' eller 'helle', og geirr som tyder 'spyd'.

Bruk

I dag er Hallgeir eit sjeldan namn som er lite brukt utanfor Noreg. I 2009 var det 951 norske menn som heitte Hallgeir, og 147 som heitte Halgeir.

Namneberarar

Kjelder

10. februar

10. februar er den 41. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 324 dagar att av året (325 under skotår).

14. august

14. august er den 226. dagen i den gregorianske kalenderen (227. under skotår). Det er 139 dagar att av året.

14. november

14. november er den 318. dagen i den gregorianske kalenderen (319. under skotår). Det er 47 dagar att av året.

1929

1929 (romartal MCMXXIX)

21. september

21. september er den 264. dagen i den gregorianske kalenderen (265. under skotår). Det er 101 dagar att av året.

Bamble kommune

Bamble er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen omfattar byane Stathelle og Langesund, og tettstadane Herre og Valle.

Bamble grensar til Kragerø, Drangedal, Skien og Porsgrunn kommune.

Kystområdet mot sør med sin skjergard er om sommaren rekreasjonsområde (med Skjærgårdsparken) for turistar, og har i overkant av 2000 hytter. Bamble har den lengste kystlinja i Telemark, frå Voldsfjorden i nordaust til Fossingfjorden i søraust.

Einar Østby

Einar Østby (fødd 17. september 1935) i Vinger er ein norsk tidlegare langrennsløpar som gjorde sin beste prestasjon då han vann bronsemedaljen på 15 km under verdsmeisterskapet 1962 i Zakopane. Østby var med på det norske stafettlaget som fekk sølvmedalje på 4 x 10 km under vinter-OL 1960 i Squaw Valley, bak Finland. Dei andre på laget var Harald Grønningen, Hallgeir Brenden og Håkon Brusveen. Østby gjekk også på det norske stafettlaget under meisterskapa i både 1962 og 1964.

Østby vart aldri noregsmeister, men fekk med seg fem sølvmedaljar frå noregsmeisterskap. Tre av NM-medaljane kom på 15 km, alle etter Østby hadde lege i sekundstrid med vinnaren. Nærast var han i 1963, då han kom i mål 3,3 sekundar etter Reidar Hjermstad. Men også i 1960 og –64 var han færre enn ti sekundar bak noregsmeisteren på distansen. Østby var medlem av Jaren Idrettslag.

Hallgeir Brenden

Hallgeir Brenden (10. februar 1929–21. september 2007) var ein norsk langrennsløpar frå Tørberget i Trysil.

Under Vinter-OL 1952 på heimebane i Oslo, vann han olympisk gullmedalje i 18 km langrenn og sølvmedalje i 4 * 10 km stafett. Brenden vann enda ei gullmedalje ved 15 km langrenn i Vinter-OL 1956 og skaffa seg sølvmedalje i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley.

3 gonger har Brenden vunne i Holmenkollrenna: 18 km i 1952 og 15 km i 1956 og 1963. Han er den einaste som har vunne 18 km og 15 km i både vinter-OL, verdsmeisterskapen og i Holmenkollen.

I tillegg til langrenn konkurrerte Brenden også i friidrett. Her vart han noregsmeister på 3000 meter hinder både i 1953 og i 1954.

Brenden mottok Egebergs Ærespris og Morgenbladets gullmedalje i 1952. I 1955 vart Brenden tildelt Holmenkollmedaljen (delt med Kong Haakon VII, Veikko Hakulinen, og Sverre Stenersen). I 1956 vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Ein statue av Brenden vart avduka framfor Trysil rådhus den 16. februar 2002. Statuen er laga av bilethoggaren Skule Waksvik.

Hallgeir Grøntvedt

Hallgeir Grøntvedt (fødd 30. desember 1959) er ein norsk lokalpolitiker frå Senterpartiet. Han har vore ordførar i Ørland kommune i Trøndelag fylke.

Han var medlem av Ørland kommunestyre 1988–2015, ordførar i Ørland i periodane 1997-1999 og 2003-2015 og medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 2003–2007.Han er farbror til barnebokforfatteren Nina Elisabeth Grøntvedt.

Hallgeir J. Elstad

Hallgeir J. Elstad (fødd 19. desember 1964) er ein norsk teolog og prest. Han er fødd i Vestvågøy i Lofoten, tok teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo og praktisk-teologisk eksamen ved Det praktisk-teologisk seminaret 1990. Ordinert til prest i Borge kyrkje same året. I tillegg til feltprestteneste har han vore vikarprest fleire stader i landet. Stipendiat i kyrkjehistorie (Norges Forskningsråd) 1992-97, med permisjon 1994-95 for å vere amanuensis (vikar) ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. 2004-2005 var han rektor ved Kyrkjeleg utdanningssenter i nord, Tromsø. 2007 førsteamanuensis i norsk kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo, frå 2008 professor same stad.

Elstad tok teologisk doktorgrad (kyrkjehistorie) i 1998, på doktoravhandlinga «...en Kraft og et Salt i Menigheden...» Ein studie av presteskapet i Norge i siste halvpart av 1800-talet, dei såkalla «johnsonske prestane» (UniPub 2000). Har elles m. a. skrive «...midt i den norske kirke...» Det praktisk-teologiske seminar gjennom 150 år, 1848–1998 (Det praktisk-teologiske seminars skriftserie nr. 3, Oslo 1998), I dialog. Norske Kyrkjeakademi 1956-2006 (KIFO Perspektiv Tapir Akademiske forlag 2006), fleire lærebøker i kristendomshistorie og kristendomskunnskap, i tillegg til artiklar i fagtidsskrift og aviser. Han var medlem av Vestvågøy kommunestyre 1983-1987 og Skjåk kommunestyre 2003-2006. Medlem av Kirkehistorisk Samfunn sidan 1998.

Hallgeir Langeland

Hallgeir Håbakk Langeland (fødd 14. november 1955) er ein norsk politikar. Han er medlem av Sosialistisk Venstreparti.

Langeland er fødd i Strand kommune i Rogaland fylke. Han vart vald inn på Stortinget frå Rogaland fylke i 1997. Før han kom inn på Stortinget arbeidde han som lærar i Stavanger.

Hallgeir Opedal

Hallgeir Opedal (fødd 29. september 1965) er ein norsk journalist og forfattar. Han vart fødd i Odda. Ei tid var han journalist i avisa Hardanger Folkeblad. Etter det byrja han som journalist i avisa Dagbladet i Oslo.

Journalisten har blitt kjent etter reportasjen om «Aldri en dag uten tran og Martin Kolberg» i Dagbladet våren 2007.

Into the Fire

«Into the Fire» er ein singel av Stage Dolls, gjeven ut 2. februar 2016. Songen er skriven av Torstein Flakne, Anne Judith Wik, Mark Spiro og Hallgeir Rustan.

Staal Jørpeland Idrettslag

Staal Jørpeland Idrettslag (stifta 1919) er eit idrettslag frå Jørpeland like utanfor Stavanger. Idrettslaget består av friidrett-, håndball- og fotball-lag. Staal Jørpelands fotballklubb vart stifta i 1919. Klubben spelar i 3. divisjon. Heimedraktane er grøne med svarte loddrette striper, medan bortedrakten er kvit. Staal Jørpeland IL spelar heimekampane på Jørpeland stadion. Trenar for A-laget er den tidlegare Bryne-spelaren Hallgeir Hinna.

Stortingets transport- og kommunikasjonskomité

Stortingets transport- og kommunikasjonskomité er ein fagkomité på Stortinget. Den handsamar saker om innanlands transport, post, telekommunikasjon, elektronisk kommunikasjon og oppgåver under Kystverket. Transport- og kommunikasjonskomiteen var tidlegare kjend som Samferdslekomiteen.

Terje H. Tretnes

Terje Hallgeir Tretnes, kjend som Terje H. Tretnes, (fødd 18. juni 1960) er ein samisk politikar. Han er partileiar i Samefolkets parti, og var representant for partiet sitt i Det norske sametinget i periodane 2001-2005 og 2005-2009.

Tretnes var ein av medlemmane i den såkalla «firarbanden», dvs. ei gruppe på fire einpartirepresentantar som utgjorde delar av Norske Samers Riksforbund sitt parlamentariske grunnlag frå 2005 til 2007.

Tretnes var fyrstekandidat for Samefolkets parti i Ávjovárri valkrins ved sametingsvalet i 2009, men han vart ikkje innvald.

Trysil kommune

Trysil er ein kommune i Hedmark med omkring 7000 innbyggjarar. Han grensar i nord til Engerdal og Rendalen, i vest til Åmot, og i sørvest mot Elverum og Våler. Den austre delen av kommunen er ei utbuling mot Sverige, slik at Sverige der omgir kommunen både i nord, aust og sør.

Jord- og skogbruk er dei viktigaste næringane, og Trysil er dessutan Noregs elgkommune, med 1000 elg felt i 2002.

Det største skianlegget i Noreg, Trysilfjellet, ligg i Trysil kommune. Skisporten har stått sterkt i Trysil og kommunen har fostra mange store skilauparar. Kommunevåpenet er pryda av to skistavar med tradisjonelle trinser.

Trysil hadde eige ordførarval i 2003. Ole Martin Norderhaug fekk 59,9 % av stemmene og vart vald til ordførar.

Vinter-OL 1952

Vinter-OL 1952 vart arrangert i Oslo i Noreg i tidsrommet 15. februar—25. februar. Skøyteløparen Hjalmar Andersen («Hjallis») vart den store forgrunnsfiguren i leikane, han vann på Bislett gullmedaljane på tre distansar.

Noreg vart beste nasjon med sju gullmedaljar. Dei kom ved:

Hjalmar Andersen (1500 meter, 5000 meter og 10 000 meter skøyter)

Arnfinn Bergmann (spesielt hopprenn)

Hallgeir Brenden (15 km langrenn)

Stein Eriksen (storslalåm)

Simon Slåttvik (kombinert)Norsk flaggberar under opningsseremonien var Hjalmar Andersen, som deltok på skeiseløp.

Vinter-OL 1956

Vinter-OL 1956 vart arrangert i Cortina d'Ampezzo i Italia. Beste nasjon vart Sovjetunionen med 7 gullmedaljar. Noreg gjorde den svakaste innsatsen i noko vinter-OL til no, og hadde berre med seg to gullmedaljar heim. Hallgeir Brenden forsvarte sitt gull på 15 km langrenn frå 1952, og Sverre Stenersen vann kombinert.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Sverre Stenersen, som deltok i kombinert.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.