Høgtrykk

Eit høgtrykk er eit område der det atmosfæriske lufttrykket er større enn i dei omliggande områda. I enkelte land blir desse områda kalla antisyklonar. Atmosfæren prøver alltid å kome i likevekt med seg sjølv og derfor blir faktorar som lufttrykk og temperatur forsøkt utjamna. Dette fører til at lufta strøymer frå høgtrykk mot lågtrykk for å utjamne trykkskilnaden. Høgtrykk er assosiert med rolege vindforhold og subsidens. Subsidens er søkkjande luftrørsler som gjer at lufta blir adiabatisk oppvarma. Dermed vil eventuelle skydropar fordampe i høgtrykkssituasjonar og det blir lite skyer på himmelen. Mangelen på skyer fører til at temperaturskilnaden mellom dag og natt ofte aukar i forhold til lågtrykkssituasjonar. Om dagen vil meir solinnstråling føre til auka temperatur, medan overflata blir avkjølt ved langbølgja utstråling om natta.

Klimatologisk oppstår høgtrykka oftast i subtropiske område (om lag 25-35° N eller S). Over ekvator fører kraftig solinnstråling til at luftmassane blir løfta opp i høgda og ført enten nord eller sør. Denne lufta blir så avkjølt, og byrjar å søkkje ned mot overflata i subtropiske strøk. Denne sirkulasjonen er kjend som Hadleyceller. Den søkkjande, tørre lufta er hovudårsaka til at dei fleste ørkenane ligg på desse breiddegradene.

Høgtrykk dekkjer ofte eit større område og har svakare overflatevind enn lågtrykk, fordi større overflatefriksjon på trykkgradienten og corioliskrafta hindrar sirkulasjonen rundt høgtrykket. Lufta strøymer alltid motsett veg rundt eit høgtrykk og eit lågtrykk på same halvkule. På nordlege halvkule strøymer lufta med klokka rundt eit høgtrykk, medan det er motsett på sørlege halvkule.

Nokre høgtrykk varer så lenge at dei får spesielle namn. Det sibirske høgtrykket er eit tilnærma stasjonært høgtrykk som kan vare lenger enn ein månad om vinteren. I Europa kjenner ein til Asorehøgtrykket, som amerikanarane kalla Bermudahøgtrykket. Dette er eit kraftig høgtrykk som ofte gjev fint vêr i Nord-Atlanteren. I dei sørlege områda av dette høgtrykket vil den austlege vinden ofte føre havbølgjene inn mot austkysten av Nord-Amerika i løpet av orkansesongen.

Sjå òg

Antisyklon

Ein antisyklon oppstår under eit høgtrykksområde med søkkande luft i senteret og luft som strøymer vekk frå senteret i ei spiralrørsle med klokka på nordlege halvkule, og mot klokka på sørlege. Det motsette er syklonar, som har mykje større trykkgradientar og kraftigare vind.

Blokkerande høgtrykk

Blokkerande høgtrykk er eit storskala høgtrykkmønster i atmosfæren som omtrent er stasjonært. Desse «blokkerer» eller omdirigerer vandrande syklonar (lågtrykk). Desse blokkeringane kan ofte halde seg på same stad i fleire dagar eller til og med veker, og kan føre til at eit område kan ha same type vêr over lang tid (t.d. nedbør i enkelte område og klår himmel andre stader). På nordlege halvkule oppstår blokkerande høgtrykk ofte på våren over det austlege Stillehavet og i Atlanterhavet.

Bora

Bora er ein katabatisk vind frå mellom nord og nordaust i Adriahavet, Hellas, Russland og Tyrkia. Namnet kjem av figuren Boreas frå gresk mytologi, som tyder Nordavinden.

Boravinden oppstår ofte i Dalmatia og langs resten av austkysten av Adriahavet, og kjem ofte i form av vindkast. Boraen er vanlegast om vinteren, og er kraftigast når ein har eit høgtrykk over dei snødekte dinariske alpane på grensa mellom Kroatia og Bosnia-Herzegovina og eit lågtrykk over Adriahavet. Når lufta vert kaldare og tyngre om natta aukar boravinden. I tillegg deler ein vinden inn i to forskjellige typar, «klårvêrsbora» eller «mørk bora» (når det er skya).

Området som oftast får den kraftigaste boravinden er Velebitfjellrekkja i Kroatia. Denne fjellrekkja som går langs kysten fungerer som eit vêrskille mellom eit kontinentalt klima i dei indre områda og Adriaterhavskysten som har Middelhavsklima. For uerfarne seglarar kan boravinden vere farleg i dette området, sidan vinden brått kan starte på natta etter ein klår og roleg dag. Nær byar som Senj og Karlobag i Kroatia kan vindstyrken kome opp i 60 m/s.

Vinden utgjer òg ein stor del av klimaet i Krasområdet i Slovenia og i Trieste i Italia. Bygningar i dette området er ofte solide, og byane har ofte smale gater på grunn av vinden. Kraftig boravind har ein òg i Novorossiysk i Russland, der vinden kan kome opp i 60 m/s.

Ekstratropisk syklon

Ein ekstratropisk syklon eller ekstratropisk lågtrykk er det som me på våre breiddegrader kjenner som eit lågtrykk. Dette er eit lågtrykk på synoptisk skala som skil seg frå lågtrykkssystem som oppstår i tropiske og polare strøk ved at dei er knytte opp til vêrfrontar og horisontale temperaturgradientar i område kjend som barokline soner.

«Ekstratropisk» betyr her at denne syklontypen oppstår utanfor tropane på midlare breidder. I visse tilfelle kan ekstratropiske lågtrykk bli danna ved at tropiske syklonar flyttar seg opp på midlare breidder og blir omdanna. Desse ekstratropiske lågtrykka, i lag med antisyklonar (eller høgtrykk) utgjer vêret dei fleste stader på jorda.

Sjølv om ekstratropiske syklonar nesten alltid blir klassifisert som barokline, sidan dei blir danna langs temperaturgradientar, kan dei av og til bli barotrope seint i livssyklusen når temperaturfordelinga rundt syklonen meir eller mindre blir jamnt fordelt med radiusen.

Geopotensiell høgd

Geopotensiell høgd er eit vertikalt mål på høgda over midla havnivå der ein bruker variasjonen av gravitasjonen med breiddegrad og høgd i stadenfor geometrisk høgd som er høgda i meter over havet. Vanlegvis brukar ein geopotensiell høgd om høgda mellom overflata og opp til eit visst trykknivå.

I den geometriske høgda er geopotensialet definert som

der er tyngdeakselerasjonen, er breiddegraden og den geometriske høgda.

Altså er dette den potensielle energien per masse i dette nivået. Den geopotensielle høgda er

der er standard tyngdeaksellerasjon ved midla havnivå.

Meteorologar brukar ofte den geopotensielle høgda i stadenfor geometrisk høgd, fordi dei analytiske utrekningane ofte blir enklare. Til dømes kan dei primitive likningane, som numeriske vêrmodellar løyser, uttrykkast lettare ved å bruke geopotensiell høgd i stadenfor geometrisk høgd. Ved å bruke geopotensiell høgd fjernar ein sentrifugalkrefter og lufttettleik (som er vanskeleg å måle) i likningane.

Eit plott av geopotensiell høgd for eit enkelt trykknivå viser tråg og ryggar, høgtrykk og lågtrykk. Den geopotensielle tjukkleiken mellom to trykknivå - til dømes skilnaden i den geopotensielle høgda mellom 850 hPa og 1000 hPa - er proporsjonal til den midla virtuelle temperaturen i laget. Ein kan bruke geopotensielle høgdekotar til å rekne ut den geostrofiske vinden, som er sterkare der kotane ligg nærmare.

Grafikk

Grafikk er ei fellesnemning på alle reproduksjonsmåtar av skrift og teikning. Grafikk kan vise både til trykketeknikken og sjølve produktet, det grafiske bladet, og allment til trykt kunst. Ordet grafikk stammar frå det greske «graphe» som tyder teikning eller skriving.

Grafikk vert også brukt om det visuelle uttrykket og biletkvaliteten i dataprogram, til dømes i dataspel. Datagrafikk er særlege, digitale biletteknikkar. I tradisjonell kunstgrafikk er det ferdige biletet eit avtrykk frå ei trykkplate. Med moderne datateknologi og skrivarar kan grafiske blad, på lik linje med alle bilete som kan visast på ein skjerm, skrivast ut og reproduserast som gode utskrifter.

Harmattan

Harmattan er ein nordaustleg ørkenvind over Vest-Afrika og havet utanfor. Vinden er vanlegast frå november til mars, då det ofte ligg eit høgtrykk over det nordvestlege Sahara.

Vinden fører med seg mykje støv som kan lamme luftfarten i området, til dømes over Kanariøyane. Stundom kan ein spore støvet så langt vest som Det karibiske havet.

Haust

Haust er ei årstid som dannar overgangen mellom sommar og vinter. Namnet har ho fått på grunn av at innhaustinga av frukt, grønsaker og korn som tradisjonelt skulle lagrast til vinteren, starta i september.

Hausten vert gjerne rekna som ei tid før haustjamdøgn til noko før vintersolkverv. Minkande solvarme fører til at temperaturane fell raskt over kontinenta, medan avkjølinga går seinare til havs. Lufta er relativt fuktig og det dannast lett tåke eller stratus over land. Lågtrykksaktiviten aukar, særleg ved hav- og kystområda, med mykje vind og nedbør. Oppbygginga av dei høgtrykk gjev rolegare vêr med mindre nedbør over kontinenta.

På midlare breiddegrader vert som regel den meteorologiske hausten samstundes med september, oktober og november på den nordlege halvkula og mars, april og mai på den sørlege halvkula. I Antarktis er hausten stort sett avgrensa til februar, medan september og oktober er typiske haustmånader i Arktis.

Astronomisk haust varer på den nordlege halvkula frå om lag 7. august til om lag 16. november. Klimatisk er hausten definert til den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er mellom 0 og 10 °C og temperaturtrenden er fallande. Etter denne definisjonen varer hausten 60 døgn i Oslo og 66 døgn i Tromsø.

Isobar

Isobar er ei linje mellom forskjellige punkt som har same trykk. Innan meteorologi er isobarane linjer med likt lufttrykk, og fordelinga av isobarane er tett knytt opp til vindfeltet. Tette isobarar indikerer kraftig vind. Når isobarane er teikna inn på eit meteorologisk plott er det relativt enkelt å sjå lågtrykk og høgtrykk.

Innan kjernefysikk vert to nuklidar med same massetal kalla isobarar. Til dømes er bor-12 og karbon-12 isobarar. To variantar av same grunnstoff med forskjellig atommasse vert derimot kalla isotopar, medan nuklidar med same mengd nøytronar vert kalla isotonar.

Lufttrykk

Lufttrykk er trykket over eit område i atmosfæren, og det oppstår som følgje av vekta til lufta over området.

Luftmassar er påverka av det generelle lufttrykket inne i luftmassen, og dannar område med høgtrykk og lågtrykk. Lågtrykksområde har mindre atmosfæriske masse over seg, medan høgtrykk har meir atmosfærisk masse over seg.

Luftmolekyla minkar eksponentielt med høgda, og derfor vil òg lufttrykket minke med høgda. Sambandet mellom høgda og lufttrykket er ei tilnærming av første orden:

,

der P er trykket i pascal (Pa) og h er høgda i meter. Dette viser at trykket i ei høgd på 31 km er om lag 10(5-2) Pa = 1000 Pa, eller 1 % av trykket ved havnivå. Ei grov tilnærming som gjeld for dei første kilometerane over overflata er at trykket minkar med 100 hPa per kilometer.

Ei søyle med luft med ei flate på 1 m2 veg om lag 98 000 kN. Sjå Lufttettleik.

Makrometeorologi

Makrometeorologi er studiet av dei storstilte fenomena i atmosfæren, som til dømes det globale sirkulasjonsmønster og dei herskande vêrtypane. Makrometeorologi omfattar òg studiet av ekstratropiske lågtrykk, høgtrykk, frontarar og liknande. Det vert i den samanhengen gjerne om synoptisk skala. Storleiksordenen for meteorologiske makrofenomen kan vert rekna som 100–10 000 km.

Middelhavsklima

Middelhavsklima er klima som liknar klimaet til landa rundt Middelhavet. Utanom rundt Middelhavet finn ein stort sett denne typen klima på vestkysten av kontinentale landmassar, hovudsakleg mellom 30º og 45º nord og sør for ekvator.

Monsun

Monsun er eit vindmønster som skiftar heilt retning med årstida. Uttrykket blei opphavleg brukt om sesongbasert vind i Indiahavet og Arabiahavet. Ordet er òg brukt meir spesifikt for tidsperioden vinden bles frå sørvest i India og områda rundt, og som er karakterisert ved svært mykje nedbør.

Nord-Amerika har òg ein monsunliknande tidsperiode, men effekten av denne er svært liten i forhold til den totale nedbøren, området han dekker og talet på menneske som blir påverka av den indiske monsunen.

Passatvind

For bilen sjå Volkswagen Passat

Passatvind er eit vindmønster ein finn i tropiske strøk på begge sider av ekvator. Han er ein vedvarande vind som bles frå høgtrykk i subtropiske område til lågtrykksområdet rundt ekvator. Passatvinden bles hovudsakleg frå nordaust på nordlege halvkule og frå søraust på sørlege. Området der passatvindane rådar vert òg kalla passatbeltet.

Passatvindane som treffer havøyar fører ofte med seg orografisk heving og orografisk nedbør på vindsida av øyane. Dette fører som regel til at sida av øya som møter vinden har eit mykje våtare klima enn lesida av øya, som ligg i regnskuggen.

Polart høgtrykk

Eit polart høgtrykk er eit høgtrykksområde rundt Nordpolen eller Sørpolen. Dei låge temperaturane i polområda fører ti at lufta søkk mot bakken og skapar eit høgtrykk her (ein prosess kalla subsidens. Dette er den motsette prosessen til den varme lufta som stig nær ekvator og som skapar lågtrykk i den intertropiske konvergenssonen. Polarkvervelen er nært knytt til polare høgtrykk.

Overflatetemperaturen under polare høgtrykk er av dei lågaste ein finn på jorda, og ingen månader av året har middeltemperatur over frysepunktet. Regionar under polare høgtrykk får òg særs lite nedbør og vert ofte kalla «polare» eller «kalde ørkenar».

Lufta som strøymer frå polane skapar polar austavind i Arktis og Antarktis. Polare høgtrykk i Antarktis er kraftigare enn dei i Arktis på grunn av dei større landmassane her mister varmare meir effektivt.

Solgangsbris

Solgangsbris eller sjøbris er ein vind frå sjøen eller store innsjøar som utviklar seg over land nær kysten. Den oppstår ved at landoverflata vert oppvarma raskare enn vatnet, og dette får den varme lufta til å stige slik at det oppstår eit lågtrykk ved bakken og eit høgtrykk i høgda over land. Kjøligare luft frå sjøen strøymer så innover mot land for å fylle igjen lågtrykket.

Den same effekten kan òg oppstå i samband med varmeøyar. Når byar fungerer som varmeøyar kan det oppstå eit lokalt vindregime der lufta stig over den varmare byen og luft frå dei kjøligare omgjevnadane strøymer inn mot byen som vind. Denne typen «solgangsbris» er derimot langt svakare enn solgangsbrisen som oppstår i skiljet mellom sjø og land.

Subsidens

Subsidens er ei nedoverretta rørsle av ei flate (vanlegvis jordoverflata innan geologi, ingeniørvitskap og landmåling) eller atmosfæriske luftmassar (brukt i meteorologi).

Tidvatn

Tidvatn er ei nemning på at nivået på havet stig og senker seg i høve til land. Det er mest månen, men og sola, si tiltrekkingskraft som skaper fenomenet.

Fjøre sjø eller lågvatn er når vatnet er på sitt lågaste. Flod, og kalla høgvatn, er når tidvatnet er på sitt høgste. Ei vasslinje ved gjennomsnittleg flod vert kalla eit flomål. Når ein går frå flod til fjøre vert det kalla ebbe. Tidsrommet mellom to høgvatn eller to lågvatn i norske kystområder er kring 12 timer og 25 min, dvs. eit halvt månedøgn. Dei største vekslingane i vasstanden skjer omtrent ved ny- og fullmåne og ca. 71/4 dagar før og etter springflod har ein den minste vekslinga i vasstanden (nippflod). Dei største vekslingane vert kalla spring, som springflod og springfjøre. Overgangen frå flo eller frå fjøre vert kalla straumkantring eller straumkentring.

I innhav og innsjøar er tidvatnet som regel heilt ubetydeleg.

Kombinasjonen av flod og kraftig vind, gjerne saman med eit kraftig lågtrykk, kan gje stormflod. Då når floda enda høgare enn normal springflod og kan skapa flaum. I ekstreme tilfelle har slik flaum gjort stor skade.

Atmosfæren er òg påverka av tidvasskreftene, såkalla tidluft eller atmosfærisk tidvatn, men effekten er små i forhold til andre faktorar i atmosfæren, som høgtrykk og lågtrykk.

Vertikal vind

Oppvind eller nedvind (luftlommer eller lufthol) er vertikale luftrørsler i atmosfæren. Område i atmosfæren med kaldare eller varmare luft enn omgivnadane fører til vertikale rørsler. Ei lomme med varm luft vil ha mindre tettleik enn omgivnadane, og vil stige heilt til den kjem opp i luft som er enten varmare eller har mindre tettleik. Det motsette skjer for luftmassar som er kaldare enn omgivnadane, og dette fører til ei nedoverretta rørsle kalla subsidens. Når store, varme og fuktige luftmassar er involvert, kan desse danne store skyer, og torevêr.

Vertikale luftrørsler kan òg oppstå i samband med lågtrykk (oppvind) og høgtrykk (subsidens). Lufta som strøymer inn mot eit lågtrykksenter ved bakken vil konvergere nær senteret, og den einaste retninga lufta då kan ta er oppover. Det motsette skjer i høgtrykk der lufta strøymer bort frå høgtrykket ved bakken, og ein får ei nedoverretta luftrørsle for å erstatte lufta som forsvinn.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.