Høgsongen

Høgsongen, Høgsongen av Salomo, er ei bok i Det gamle testamentet.

«Inn i vinhuset hev han meg ført, Og hans merke yver meg det er kjærleik.
Aa, styrk meg med med druvekakor, Med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik.
Hans vinstre er under mitt hovud, med den høgre femnar han meg.
Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, Ved gaselleor og hindar i skog. At ikkje de vekkje eller eggje Kjærleik, fyrr sjølv han so vil!»

Høgs 2,4-7 (Studentmaalaget si bibelumsetjing, 1921)

Høgsongen er ei samling kjærleiksdikt, av ulikt opphav, truleg brukt ved bryllupsfestar og liknande høve. Dei er truleg folkedikting, men etter tradisjonen var dei skrivne av kong Salomo. Dette er neppe rett, men det kan ha bidratt til at samlinga kom inn i den bibelske kanonen.

Gustave Moreau - Song of Songs (Cantique des Cantiques) - Google Art Project
Illustrasjon til Høgsongen av Gustave Moreau,

Boka er skriven som ein poetisk dialog mellom ei kvinne og elskaren hennar, somme gonger kalla brura og brurgommen. Brodgommen er i tradsjonen namngjeven som kong Salomo, brura som Sulammit eller jenta frå Sjulam.

Dikta er skrivne i eit høgstemd, erotisk språk.

Brura er i kristen tradisjon sett som eit bilete på heile den kristne kyrkjelyden, som budde seg på eit himmelsk møte med Kristus, den heilage kongen. Også i jødisk tradisjon er dikta i Høgsongen tolka allegorisk, som songar om tilhøvet mellom Gud og folket hans.

Kjelder

  • Verdens litteraturhistorie, Cappelens forlag 1971
  • J.R Porter: Illustrert nøkkel til Bibelen Grøndahl og Dreyer Forlag 1996 ISBN 82-504-2321-6

Bakgrunnsstoff

Bat Ayin

Bat Ayin (hebraisk skrift בַּת עַיִן, tyder 'augestein', kan òg tyde Kjeldedottera) er ei israelsk busetjing i Gush Etzion på den okkuperte Vestbreidda, mellom Jerusalem og Hebron. Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune og er busett av kring 200 familiar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Bibelsk salme

Ein bibelsk salme er poetisk utforma tekst i Bibelen. Ein skil gjerne mellom dei gamaltestamentlege Salmane som er samla i ei eiga bok i Det gamle testamentet og canticum, (pl. cantica), som vert bruka om tekstar som står salmane nær i form og liturgisk famføringsmåte.

Dei bibelske salmane vert gjerne framført som psalmodi, dvs etter faste melidiformlar som resitasjon. Mange bibelske salmar har fått ein rikare melodi. I Norsk salmebok er det teke med 24 bibelske salmar frå Salmane, ein frå Klagesongane og sju andre bibelske salmar.

David av Israel

David av Israel, òg kalla Davíd hammélekh og kong David, vart salva som konge over Judea ca. 1011 fvt. i Hebron, og over heile Israel som Israels andre konge i 1004 fvt. same stad. Han vart etterfølgd av sonen sin Sjelomo.

Det gamle testamentet

For artikkelen om den hebraiske bibelen i eit jødisk perspektiv, sjå Tanákh.Det gamle testamentet, ofte forkorta til GT, òg kalla Den hebraiske bibelen, er eit kanonisk (heilag) skrift for jødedommen og kristendommen. Skriftet er ein av to hovuddelar av Bibelen; Den andre hovuddelen er Det nye testamentet (ofte forkorta til NT).Det gamle testamentet «er [eit] kristen[t] [omgrep] og har som føresetnad Det nye testamentet (den kristne dobbeltkanon)», skriv Store Norske Leksikon.Den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet inneheld om lag dei same bøkene, men rekkefølgen er ulik. Innan dei katolske og ortodokse kyrkjene har testamentet 46 bøker, i protestantismen er sju av desse tekne ut som apokryfe og protestantiske biblar har dei 39 bøker som tilsvarer dei 24 som er godkjende som jødisk kanon.

Edvard Grieg

Edvard Hagerup Grieg (15. juni 1843–4. september 1907) var ein norsk komponist og pianist.

Edvard Grieg var fødd i Bergen, som barn av britisk konsul Alexander Grieg og Gesine Judithe Hagerup. Han vert rekna som den best kjende og viktigaste av alle norske komponistar. Etter oppmoding frå Ole Bull reiste han i 1858 til Leipzig for å læra pianospel og komposisjon. Vidare lærte han hjå Niels Wilhelm Gade i København i 1863. Grieg vert rekna som ein nasjonalromantisk komponist, med den norske folkemusikken som si viktigaste inspirasjonskjelde. Han vert stundom kalla «nordens Chopin», på grunn av sine mange korte pianostykke (samla i Lyriske stykker).

Mange av Grieg sine verk er vortne vidkjende; av dei kan nemnast pianokonsert i a-moll, musikken til Ibsen-stykket Peer Gynt (inkludert «Morgenstemning» og «I Dovregubbens Hall»), Holberg-suiten (opphavleg for piano, men seinare omarbeidd for strykeorkester), og pianostykket «Bryllupsdag på Troldhaugen».

Ein Gedi

Ein Gedi (hebraisk עֵין גֶּדִי, arabisk عين جدي) er ein oase i Israel vest for Daudehavet, nær Masada og Qumrangrottene.

Ibim

Ibim (hebraisk skrift אִבִּים, Grønkast) er ein landsby i Sha'ar HaNegev regionale kommune, sør i Israel nær Sderot. Det bibelske namnet kjem frå verset «Eg gjekk ned til nøttehagen, ville sjå kor det grønkast i dalen» (Høgsongen 6:11)I 1992 vart det grunnlagd ein studentlandsby med same namnet her for å huseimmigrantar frå Etiopia og det tidlegare Sovjetunionen som studerte på Sapir høgskule i nærleiken.

Kedar i Gush Etzion

Kedar (hebraisk skrift קֵדָר) er ein religiøs, landleg fellesbusetnad og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, underlagt Gush Etzion regionale kommune. Han vart grunnlagd i 1984 av familiar knytte til Betar-rørsla. Namnet er frå Høgsongen (1:5): «Svart er eg, men søt, de Jerusalems døtrer, svart som Kedars telt, som Salomos teltdukar.» Samfunnet har ei blanding av sekulære og religiøse jødar.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Ketubím

Ketubím (hebraisk כתובים), eller Skriftene, er den tredje hovuddelen av Tanákh, eller den jødiske Bibelen.

Han omfattar dei tre poetiske bøkne (Salmane, Ordspråka og Job), dei fem bokrullane (Høgsongen, Rut, Klagesongane, Predikaren og Ester) og ein del andre (Første og andre Krønikebok, Daniel, Esra-Nehemja).)

Megadim

Megadim (hebraisk skrift מְגָדִים, tyder Det beste) er ein moshav nord i Israel. Han ligg ved Middelhavskysten nær Atlit og hovudveg 4, kring 12 kilometer sør for Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 789.

Han vart grunnlagd i 1949 av emigrantar frå Nord-Afrika og Egypt. Namnt er eit ord frå Bibelen, nemnt i Femte mosebok 33:13 : «Måtte Herren velsigna hans land med det beste frå himmelen, med dogg...» og i Høgsongen 4:13; «Vokstrane dine er ein paradishage av granateple og herleg frukt, hennabuskar og nardusplanter.»

Mimouna

Mimouna (hebr. מימונה, ar. ميمونة) er ei høgtid feira ved slutten av pesah av sefardiske jødar. Ho markerer at ein igjen kan eta chametz, som vanlege brød, noko som er forbode under pesah.

Høgtida stammar frå Marokko, men blir også markert i Israel og andre stader blant jødar av nordafrikansk opphav. Ho tek til ved solnedgang siste dagen av pesah, typisk med festar der ein et tradisjonell søtmat, som pannekaka mufleta og pitabrød dyppa i honning, og gjerne også brennevinet arak. Ein pynter ofte med lykkebringande symbol, ofte i grupper av fem, som fem gullsmykke, eller fem bønner på ei småkake.

Mange sefardiske synagogar opnar like etter midnatt og ein les frå Høgsongen og dansar.Mimouna blei offentleg høgtidsdag i Israel i 1966, og blir ofte markert med grillfestar og piknikar. Denne dagen er det også vanleg for politikarar å møta veljarar og be om støtte.Opphavet til namnet mimouna er ukjend, men er blitt knytt til Maimon, far til Maimonides (Rambam), som skal ha blitt fødd eller ha døydd på denne dagen. Både Maimon og mimouna er knytt til Fès i Marokko. Det kan stamma frå det arabiske ordet for lukke. Namnet på høgtida er også blitt knytt til mammon, rikdom, og enumah, tru.

Sansana

Sansana (hebraisk skrift סנסנה, tyder Palmetre) er ei religiøs, kollektiv busetjing sør i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg sørvest for Hebron og like over Den grøne linja og er underlagt Har Hevron regionale kommune. I 2006 hadde han 244 innbyggjarar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.Landsbyen vart grunnlagd i 1997 som ei Nahal-busetjing. Dei første sivile innbyggjarane kom her 21. april 1999.

Namnet er henta frå ein bibelsk landsby som låg i nærleiken (Josva 15:31) og frå Høgsongen 7:9.

Septuaginta

Septuaginta er ei før-kristen omsetting av Det gamle testamentet og nokre nærskylde skrifter til gresk. Den blir først nemnt i brev frå Aristeas. Brevet er falskt, men vart skrive omkring 200 fvt.. I brevet blir det fortalt at 72 lærde jødar, seks frå kvar av dei tolv israelske stammane, stod bak omsettinga. Frå dette kjem namnet septuaginta, som er gresk for 70. I teologisk litteratur blir tittelen ofte korta ned til romertalet LXX.

Samlinga inneheld 46 gammaltestamentlege bøker, det vil si dei 39 bøkene i den jødiske kanon (i jødisk tradisjon blir desse delt opp i berre 24 bøker) samt dei deuterokanoniske skriftene. Dei sistnemnte, som det er sju av, utgjer ein del av den katolske og den ortodokse Bibelen. I motsetnad til ein del moderne bibelutgåver der dei deuterokanoniske bøkene er tatt med, er desse ikkje plassert i ein egen del, men er sett mellom dei andre bøkene i en forsøksvis kronologisk/tematisk orden. I tillegg til desse kjem fire skrifter og ein salme som berre er rekna som kanoniske i nokre einskilde kyrkjesamfunn. Septuaginta er den offisielle versjon av Det gamle testamentet i Den ortodokse kyrkja, sjølv om nokre av bøkene ikkje blir rekna som kanoniske.

Sharon

For frukta sharon, sjå kakiplomme

Sharon er eit namn av hebraisk opphav. Det er brukt som personnamn både på kvinner og menn, og som stadnamn, det siste også i forma Saron.

På hebraisk tyder ordet שָׁרוֹן‎ 'skog', og viser i Bibelen til ei fruktbar slette nær kysten av Israel. Blant jødar er namnet blitt brukt både som personnamn og slektsnamn.

Bibelen nemner også ein blome, «rose frå Saron» (engelsk Rose of Sharon), som er teke opp i mange songar seinare. Dette kan ha inspirert den engelske bruken av Sharon som kvinnenamn.

Sharonsletta

Sharonsletta (hebraisk שרון) er den nordlege halvdelen av kystsletta i Israel. Den største byen her er Netanya.

Sletta ligg mellom Middelhavet i vest og Samariaåsane, 15 km i aust. Ho strekkjer seg frå Haifa og Karmelberget i nord til Yarkonelva i sør, i utkanten av dagens Tel Aviv, etter kring 90 km. Delar av sletta ligg innafor Haifa, Sentral og Tel Aviv-distrikt i Israel. I 2008 budde det i alt 1 131 600 innbyggjarar på Sharonsletta, 965 300 av dei (85,3%) er jødar og 166 300 (14,6%) arabarar.

Saronsletta er nemnt i Bibelen (1 Krøn. 5:16, 27:29; Jesaja 33:9, 35:2, 65:10), mellom anna den kjende referansen til den gåtefulle «blomen frå Saron» (Høgsongen 2:1). I antikken var sletta særleg grøderik og tett folkesett. Sionistiske emigrantar kom her tidleg på 1900-talet og folkesette regionen med mange busetnader. I 2008 var sletta den tettast folkesette regionen i Israel.

Shoshanat HaAmakim

Shoshanat HaAmakim (hebraisk skrift שׁוֹשַׁנַּת הָעֲמָקִים, tyder Lilja i dalen) er ein fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg nord for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 537.

Landsbyen vart grunnlagd i 1951 og vart bygd av selskapet Rassco. Namnet er henta frå Høgsongen 2:1;

Eg er blomen frå Saron, lilja i dalen.

Sulamitt

Sulamitt er eit bibelsk ord som i uttrykk som «heile sulamitten» tyder 'alt i hop' eller 'heile hurven'.

Uttrykket byggjer på eldre kristne uttydingar av Høgsongen i Det gamle testamentet. Namnet Sulammit i kap. 6,13 er då sett som eit bilete på heile den kristne kyrkjelyden, som budde seg på eit himmelsk møte med Kristus, den heilage kongen.

Også i jødisk tradisjon er dikta i Høgsongen tolka allegorisk, som songar om tilhøvet mellom Gud og folket hans. Litteraturgranskarar har hevda at denne tolkinga berga Høgsongen i den hebraiske kanon og med det gjorde han til ein del av Bibelen. Dei ser dikta i Høgsongen som kjærleikssongar som handlar om erotisk tiltrekning mellom mann og kvinne.

I bibelomsetjinga frå Det norske Bibelselskapet, 1978, er jentenammet «Sulammit» bytta ut med «Sjulam-jenta», og det er samanlikna med forteljinga om den ov-vene jenta Abisag frå Sjunem i Fyrste Kongebok 1,3. Vidare heiter det at «Sjulam» kan vere byen Sjunem (Solem) nær Jisre’el-sletta.

Tanákh

Tanákh eller Tenákh (hebraisk תנ”ך tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.

Zebed habbát

Zebed habbát (òg skrive Zeved habbát) (hebr. זֶֽבֶד הַבָּת) er den hovudsakleg sefardiske namneseremonien for jenter og svarar delvis til den delen av berít milá for gutar som ikkje involverer omskjering.

I askenasisk jødedom er den formelle namngjevingsseremonien for ei dotter vanlegvis berre ei enkel annonsering av faren åt den nyfødde jenta i synagogen. Ikkje-ortodokse og moderne ortodokse askenasiske jødar har i det siste skapt ulike seremoniar for nyfødde jenter inspirert av den sefardiske zebed habbát-seremonien.

Zebed habbát er vanlegvis markert i løpet av den første månaden etter fødselen og kan bli feira privat i synagogen eller med eit selskap heime. Seremonien blir gjerne leia av hakhámen (rabbinaren) eller hazzánen (kantoren).

Bøkene i Tanákh (rekkjefølgje den jødiske tradisjonen)
Torá (Lova)
Nebiím ('Profetane')
Ketubím ('Skriftene'):
Bøkene i Det gamle testamentet (rekkjefølgje i den kristne tradisjonen)
Mosebøkene
Historiebøkene
Visdomsbøkene
Profetbøkene
Apokryfe eller
deuterokanoniske skrifter

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.