Guyot

Ein guyot er eit undersjøisk vulkanfjell med flat topp. Den første vart oppdaga av amerikanske marinefartøy i Stillehavet under andre verdskrigen og seinare kalla opp etter naturforskaren Arnold Guyot (1807–84). Ein kjenner no hundrevis av guyotar. Frå den flate havbotnen, ofte på ca. 3000 til 4000 meter djup, ragar dei opp som isolerte, avkutta kjegler. Toppflata synest å vere danna ved bølgjeabrasjon, men ligg likevel på ca. 1000 meter djup.

Guyotane har med andre ord sokke etter danninga. Funnet av guyotane førte, saman med andre submarine observasjonar, til hypotesen om havbotnspreiing: botnen av verdshava spreier seg eller glir bort frå midthavsryggane i retning inn mot kontinenta i samband med platetektonikk. Vulkanane følgjer med underlaget, som gradvis søkk medan det rører seg mot kontinenta. Dette stemmer med at dei guyotane som ligg nær kontinentet, har sokke meir enn dei som ligg midt ute i verdshava.

Bear Seamount guyot
Bear Seamount, ein guyot i Atlanterhavet.

Kjelder

  • «Guyoter». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 21. november 2013.
Alan Stivell

Alan Stivell (fødd Alan Cochevelou, 6. januar 1944) er ein bretonsk musikar og songar, plateartist og meister på keltisk harpe. Frå tidleg på 1970-talet fornya Stivell ei global interesse i keltisk (særleg bretonsk) harpe og keltisk musikk som ein del av verdsmusikken.

Ducloz Head

Ducloz Head er eit nes på nordvestsida av innløpet til Undine South Harbour på sørkysten av Sør-Georgia. Det vart først kartlagd i 1819 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen. Det vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee, etter ei landmåling av South Georgia Survey, 1951–52, etter Le Sieur Ducloz Guyot, ein passasjer på det spanske fartøyet «León», som oppdaga Sør-Georgia i 1756.I 1950-åra gjorde Duncan Carse, som Mount Carse er kalla opp etter, forskjellige landmålingar i dei indre områda av Sør-Georgia. Han leigde land ved Ducloz Head og 23. februar 1961 vart Carse sett i land frå HMS «Owen» med 12 tonn forsyningar og ei prefabrikkert hytte. Han vart vitja på nytt i april, men den 20. mai skal ei enorm bølgje ha vaska han, forsyningane hans og hytta på sjøen. Han klarte å overleve vinteren i 116 dagar til før han vart redda av eit selfangstfartøy.

Geikielitt

Geikielitt er eit magnesium-titan-oksidmineral med formel MgTiO3. Det høyrer til ilmenittgruppa. Det krystalliserer til ein trigonal struktur og dannar ein opak, svart til raudaktig svart krystall.

Geikielitt var først besskildra i 1892. Ein finn stoffet i edelsteinbærande sand på Sri Lanka. Det vart oppkalt etter den skotske geologen Sir Archibald Geikie (1835–1924). Det opptrer i metamorfose i urein magnesisk kalkstein, i serpentinitt utvunne frå ultramafiske bergartar, i kimberlitt og karbonatitt. Nærståande mineral inkluderer rutil, spinel, klinohumitt, perovskitt, diopsid, serpentin, forsteritt, brucitt, hydrotalsitt, kloritt og kalsitt.

Undervassfjell

Eit undervassfjell er eit fjell som stig minst 1000 m opp frå havbotnen og som ikkje når havoverflata. Dei vert ofte funne i grupper eller som nedsenka øygrupper. Einslege eller ikkje-vulkanske undervassfjell ser ut til å vera sjeldne.

Undervassfjell er stort sett av vulkansk opphav, og eit klassisk eksempel er Emperor Seamounts, som er ei vidareføring av Hawaii. Undervassfjella her vart forma av vulkansk aktivitet for millionar år sidan, og har sidan blitt slitne ned av erosjon til dei no er under havoverflata. Den lange lekkja av øyar og undervassfjell strekkjer seg tusenvis av kilometer nordaust for den store øya er eit resultat av ei plate som rører seg over eit vulkansk aktivt område.

Undervassfjell strekkjer seg ofte opp i øvre sjølag, og gjev dermed betre grunnlag for marint liv samanlikna med havbotnen rundt. I tillegg til dette kan dei leia næringsrike undervasstraumar mot overflata. Undervassfjell skaper dermed grunnlag for planktonvekst, og for alt over dei i næringskjeden, og bidrar til liv i eit ørkenaktig ope hav. Dei kan vera livsviktige stoppestader for dyr som trekk over lange avstandar, til dømes ein del kvalar.

Utdøydd vulkan

Ein utdøydd vulkan er ein vulkan som ikkje lenger har utbrot og som truleg ikkje vil få fleire utbrot i framtida.

Det kan vere vanskeleg å skilje ein utdøydd vulkan frå ein sovande vulkan fordi ein vulkan vert rekna for å vere utdøydd om det ikkje er skriftlege kjelder om aktivitet i vulkanen. Vulkanar kan derimot vere sovande i lang tid og det er ikkje uvanleg at «utdøydde» vulkanar får utbrot igjen. Vesuv vart rekna som utdøydd fram til det kjende utbrotet i år 79 e.Kr., som øydela byane Herculaneum og Pompeii. I nyare tid trudde ein at Soufrière Hills-vulkanen på øya Montserrat var utdøydd fram til det kraftige utbrotet i 1995. Eit enno nyare døme er Fourpeaked Volcano i Alaska, som fram til september 2006 ikkje hadde hatt utbrot sidan 7994 f.Kr.

Regionen Auvergne i Frankrike har 50 utdøydde vulkanar som ikkje har hatt utbrot på meir enn 6000 år og som har erodert bort og etterlate pluggar med hard magma, som ser ut som avrunda åstoppar.

Vitskap i 1807

Vitskapsåret 1807 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1807.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.