Grammofonplate

Ei grammofonplate (ofte kalla berre plate, skive, eller vinyl) er eit analogt medium for lagring av lyd. Ei grammofonplate er ei rund skive med inngraverte riller. Plata er som regel laga av plast, ofte vinyl. Grammofonplater vert spelte av ved at ein stift les rillene i eit spiralforma spor medan plata roterer med konstant fart. Plater for privat bruk vert spela utanfrå og innover.

Vinyl LP
Grammofonplate

Dei fyrste grammofonplatene

Emile Berliner with phonograph
Emile Berliner med ein av grammofonane sine.

Dei fyrste lydinnspelingane vart gjot ved hjelp av fonografar, som lagra informasjonen på ein rull[1]. Dei fyrste innspelingane på plater vart utførte av Emil Berliner i 1887[2]. Edison nytta vertikal modulering på fonografrullane sine, og hadde patentert dette prinsippet. Berliner omgjekk patenta til Edison ved å nytta lateral modulering (sidevegs rørsle)[3], som viste seg å fungera betre. På dei fyrste opptaka til Berliner vart både opptak og avspeling gjort med ei rotasjonshastigheit på 30 o/min. Spelaren vart driven manuelt med ei sveiv, så det var ikkje muleg å halda konstant hastigheita.

Dei fyrste platene vart innspela ei og ei i gongen, noko som var svært tungving og kostbart. Men i 1902 vart det mulig å presse fleire plater frå ei innspeling[1].

I byrjinga vart platene spela inn akustisk, ved at nytta eit horn, som omforma den akustiske impedansen slik at det vart mogeleg å driva ein membran festa til ein stift som graverte ei rille i plata. I 1925 vart det muleg å nytta ein mikrofon og ein forsterkar for å driva graveringsstiften[4].

78-plater (skjellakkplater, steinplater)

Schallplatte Deutsche Grammophon Stimme seines Herrn
Shellakplate frå Deutsche Grammophon-Gesellschaft.

78-plater, òg kalla skjellakkplater og steinkaker, er grammofonplatee som roterer med nominelt 78 o/min — derav namnet 78-plate. Nokre av dei eldste 78-platene hadde berre lydopptak på éi side, men dei fleste 78-platene hadde lydopptak på båe sidene — eit song/melodi per side.

Dei fyrste skjellakkplatene hadde etter måten grove riller, og radiusen på stiften var ca. 100 μm. Rillene vart gradvis reduserte til 90, 76 og 64 μm, men ulike produsentar nytta ulik rillestorleik, og når rillene vart slitne var det ikkje alltid at den opphavlege størleiken høvde.

I starten var det ingen standard for rotasjonshastigheita og det vart nytta fleire ulike hastigheiter, som varierte frå 60 til 130 o/min. I 1925 vart det semje om ei nominell hastigheit på 78 o/min, men då ein gjekk over til elektrisk drift enda ein opp med 77,92 o/min i Europa og 78,25 i Nord-Amerika; dette på grunn av ulik nettfrekvens (50 Hz i Europa og 60 Hz i Nord-Amerika).

Produksjonen av 78-plater heldt fram lenge etter at mikrorille- og stereoplater var tilgjengelege, men etter som marknaden tørka inn slutta fleire av dei store produsentane å gje ut 78-plater. Dei siste 78-platene vart produserte i Argentina, så seint som på byrjinga av 1970-talet.

Mikrorilleplater (mono LP)

Columbia ML4001 plate
Den fyrste mikrorilleplata: Felix Mendelssohn, Violinkonzert i e-moll op. 64, Columbia ML4001, 1948.

Mikrorilleplate er ei grammofonplate som er innspela i mono, med lateral gravering. Mikrorilleplatene vart utvikla av Columbia, under leiing av Peter Carl Goldmark [1], og sette i produksjon i 1948. Desse platene hadde ein diameter på 25 eller 30 cm, roterte med 33 1/3 o/min, og speletid på 20 til 25 min, som var fire til fem gongar lengre enn 78-platene som då var i bruk. Dei vart difor kalla langspelplater (LP-ar). Året etter, i 1949, tok RCA til å produsera mikrorilleplater, men med mindre diameter (17,8 cm), med større rotasjonshastigheit (45 o/min) og ei speletid på berre 5 1/3 min. Desse var mynta på stutte utgjevingar.

Columbia og RCA utkjempa ein formatkrig, som ingen av dei vann. Formatet til Columbia fekk gjennomslag for klassisk musikk, medan formatet til RCA fekk gjennomslag for populærmusikk. Det endte med at begge selskapa tok til å nytta begge formata, så kundane laut skaffa seg universalspelarar, som roterte både med 33 1/3 og 45 o/min. Sidan rillene var av same type kunne same pickupane nyttast.

Stereoplater

Stereoplate er ei tokanals grammofonplate som lagrar informasjon for stereofonisk attgjeving. Stereoplater er ei vidareutvikling av dei tidlegare mikrorilleplatene, som berre lagra ein kanal (mono). Stereoplater vart sette i produksjon i 1948. Stereoplatene har både lateral og vertikal modulasjon og må spelast med ein pickup der nålefana tillet både horisontal og vertikal rørsle og som har ei noko finare sliping av nåla enn monopickupar. Tidleg på 1960-talet gjekk dei fleste plateprodusentane over til å produsera stereoplater og monoplater vart så godt som borte frå marknaden.

Format

Tabell 1: Plateformat
Format Hast. Riller [μm] Platedimensjonar [mm]
Breidd [μm] Stiftradius [μm] Platediameter [mm] Yttre rillediameter [mm] Indre rillediameter [mm]
Mikrorilleplate 33 1/3 69-76 25 250 241 121
33 1/3 69-76 25 302 292 121
RCA single 45 69-76 25 175 168 108
Stereo LP 33 1/3 40 18 302 292 121
Stereo single 45 40 18 175 168 108

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 Read, O., The recording and reproduction of sound, Howard W. Sams & Co., 1952.
  2. Burkowitch, P.K., Die etwas andere Geschichte der Schall-Platte, EBS Production, 2013.
  3. Beardsley, R. og Leech-Wilkinson, D., A Brief History of Recording to ca. 1950, AHRC Research Centre for the history and analysis of recorded music, 2009.
  4. Beardsley, R., Speeds and pitching of 78rpm gramophone records, AHRC Research Centre for the history and analysis of recorded music, 2009.

Bakgrunnsstoff

Grammofonplater
Tidlege plater

78-plate  · Edison-plate  · Pathé-plate  · Transskripsjonsplate

Vinylplater

Mikrorilleplate (33 o/min, 45 o/min)  · Monoplate · Stereoplate  · Låghastigheitsplate

Format

Langspelplate  · Singelplate  · Extended play

1888

1888 (romartal MDCCCLXXXVIII) var eit skotår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein fredag i den 12 dagar seinare julianske. I tysk samanheng er 1888 kjend som Trekeisaråret.

1889

1889 (romartal MDCCCLXXXIX) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.

1894

1894 (romartal MDCCCXCIV) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.

78-plate

Ei 78-plate, og kalla skjellakkplate og steinkake, er ei grammofonplate med riller som inneheld ein analog representasjon av lyd. 78-platene blir avspela ved nominelt 78 omdreiingar i minuttet — derav namnet 78-plate. Nokre av dei eldste 78-platene hadde berre lydopptak på éi side, men dei fleste 78-platene hadde lydopptak på båe sidene — ei rille per side. Platene vert spela utanfrå og innover.

Albumet Elliott Smith

Elliott Smith er den amerikanske musikaren Elliott Smith sitt andre soloalbum. Plata vart utgjeve på Kill Rock Stars 21. juli 1995, både på CD og grammofonplate.

Bing Crosby

Harry Lillis «Bing» Crosby (3. mai 1903–14. oktober 1977) var ein amerikansk songar og filmskodespelar.

Decca Records

Decca Records er eit britisk plateselskap som vart skipa i 1929 av Edward Lewis. Den amerikanske delen av selskapet vart skipa seint i 1934, men etter kvart vart sambandet til det britiske selskapet broten i fleire tiår. Selskapet var kjend i Storbritannia for å utvikle nye innspelingsteknikkar. Både den amerikanske og den britiske delen av selskapet er i dag ein del av Universal Music Group, som er eigd av Vivendi, eit mediakonsert med base i Frankrike.

Dobbeltalbum

Eit dobbeltalbum er eit audioalbum som er fordelt på to plater, typisk ei grammofonplate eller ein CD.

Eit dobbeltalbum er vanlegvis, men ikkje alltid, gjeve ut slik fordi innspelinga er lengre enn kapasiteten på ei enkelt plate. Plateartistane tenkjer ofte på doble album som eit enkelt musikkverk, men det finst unntak som John Lennon sitt Some Time in New York City og Pink Floyd sitt Ummagumma (begge døme på ei studioinnspeling og eit konsertalbum gjevne ut i lag), og OutKast sitt Speakerboxxx/The Love Below (i røynda to soloalbum, eit for kvar av dei to medlemmane i duoen).

Etter at CDane kom, er album stundom gjevne ut med ei bonusplate med ekstra materiale som eit supplement til hovudalbumet. Desse kan innehalde konsertopptak, alternative studioopptak, songar det ikkje var plass til på hovudalbumet, eller eldre materiale som ikkje tidlegare er gjeve ut. Stundom kan ein CD bli gjeven ut i lag med ein DVD med til dømes musikkvideoar av songane på albumet eller DVD-Audio-versjonar av dei same innspelingane. Desse kan reknast som ei ny form for dobbeltalbum. Somme slike plater vert òg gjevne ut som tosidige plater kalla DualDisc.

Det same prinsippet gjeld for trippelalbum, som består av tre einingar. Utgjevingar med meir enn tre plater vert som regel kalla ein plateboks.

Either/Or

Either/Or er namnet på det tredje albumet frå den amerikanske musikaren Elliott Smith. Albumet vart utgjeve på Kill Rock Stars 25. februar 1997, både på CD og grammofonplate.

Tittelen på albumet er avleia frå boka med det same namnet, skrive av den danske filosofen Søren Kierkegaard, noko som viser Smith si interesse for filosofi, som var eitt av faga han studerte på Hampshire College i Massachusetts.

Hollywood Walk of Fame

Hollywood Walk of Fame er fortaua langs gatene Hollywood Boulevard og Vine Street i Hollywood, skipa i 1958.

Fortauet er lagt med kvadratiske svarte brusteinar med rosa stjerner på. Stjernene fungerer som utmerkingar innan ulike underhaldningsbransjer. På kvar stjerne står namnet på personen som har blitt heidra og eit symbol som viser innan kva for bransje utmerkinga gjeld. Det finst fem ulike symbol:

Filmkamera for filmbransjen

Fjernsynsapparat for fjernsynsbransjen

Grammofonplate for musikkbransjen

Radiomikrofon for radiobransjen

Komedie-/tragediemaske for levande teaterDet finst i dag ca. 2 333 stjerner på Hollywood Walk of Fame. Den fyrste som fekk namnet på ein stjerne var skodespelaren Joanne Woodward, 9. februar 1960.

193 personar har fått meir enn éi stjerne, og ein person, Gene Autry, har fått heile fem stjerner, éi i kvar kategori. Fleire fiktive figurar har blitt heidra med ei stjerne; Mikke Mus, Hakke Hakkespett, Ole Brumm, Donald Duck, Snurre Sprett, Frosken Kermit, Hunden Lassie, C-3PO frå Star Wars, The Rugrats (Snørrunger på norsk), Simpsons og Snøkvit.

Kirsten Flagstad og Sonja Henie er dei einaste frå Noreg som har fått éi stjerne.

I Still Do

I Still Do er det 23. studioalbumet til Eric Clapton, gjeve ut på det sjølvstendige Bushbranch Records/Surfdog Records. Albumet er ein kombinasjon av nye songar skrivne av Clapton, og nokre klassiske songar og nyare melodiar.Albumet vart produsert av Glyn Johns, som hadde arbeidd med Clapton på Slowhand (1977) og Backless (1978). Plateomslaget er eit måleri av Clapton av Peter Blake, som òg hadde arbeidd med Clapton tidlegare.

Informasjon

Informasjon er eit omgrep som har ulike tydingar i ulike kontekstar. Det heng nært saman med omgrep som meining, kommunikasjon, kunnskap, data og representasjon . Same informasjonen kan representerast på fleire ulike måtar, som i fig. 1, der same informasjonen er representert på tre språk (arabisk, tamazightisk og fransk), med tre ulike alfabet (tifinagh, det arabiske alfabetet og det latinske alfabetet). Informasjon kan representerast på ulike abstraksjonsnivå, med ulik fysisk og logisk representasjon.

Mikrorilleplate

Mikrorilleplate er ei grammofonplate, innspela i mono, med lateral gravering. Mikrorilleplatene vart utvikla av Columbia , og sette i produksjon i 1948. Desse platene hadde ein diameter på 25 eller 30 cm, roterte med 33 1/3 o/min, og speletid på 20 til 25 min, som var fire til fem gongar lengre enn 78-platene som då var i bruk. Dei vart difor kalla langspelplater (LPar). Året etter, i 1949, tok RCA til å produsera mikrorilleplater, men med mindre diameter (17,8 cm), med større rotasjonshastigheit (45 o/min) og ei speletid på berre 5 1/3 min.

Monoplate

Monoplate er ei grammofonplate med monofonisk lyd. 78-plateer og mikrorilleplater var monoplater. Etter innføringa av stereoplateer i 1948 slutta dei fleste plateselskapa etter kvart å produsera monoplater. Men det vart likevel produsert nokre monoplater, ofte av nostalgiske grunnar. Fram til ca. 1970 var desse mikrorilleplater, men utover 1970-talet vart dei fleste monoplatene graverte med same utstyret som stereoplater. Rillene på nyare monoplater har difor same dimensjonar som på stereoplater og bør spelast med stereopickupar eller monopickupar med ein nålradius på 18 μm.

Singelplate

Ein singel eller singelplate (òg skrive single), ofte forkorta SP (Single Playing) er eit standardisert format for grammofon- og CD-plater. Ein singel inneheld mindre lyd, det vil seia kortare lydopptak og færre lydspor enn musikk- og lydplater i andre format (EP- og LP-plater).

Ei tradisjonell singelplate er ei grammofonplate med berre eitt lydspor eller éin komposisjon per plateside. Hovudsongen er vanlegvis plassert på A-sida, medan B-sida inneheld eit bonusspor. Ein grammofonsingel har ein diameter på 17,5 cm og skal spelast av med 45 omdreiingar per minutt, og kan derfor òg kallast ei 45-plate. Slike singelplater kom på marknaden i 1948 saman med større plater i såkalla LP-format. Ein CD-singel består som regel av éin hovudsong og éin til tre «bonussongar». Ein maxi single ville bestå av fleire enn to songar.

Singlar vert ofte gjevne ut både i forkant og etterkant av eit studioalbum for å marknadsføre musikken og selje fleire pater. Ofte vert det òg spelt inn ein musikkvideo til singlane som kjem ut. På ein singel kan det i tillegg til hovudsporet vere konsertopptak, andre songar frå studioalbumet, tidlegare ikkje utgjevne songar, demoar eller den same songen i forskjellige versjonar.

Singelsalet vert registrert på singellister i dei fleste land, som til dømes VG-lista i Noreg, Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart i Storbritannia. Desse listene vert ofte publiserte i magasin eller aviser, og mange fjernsynsshow eller radioprogram som tar ei nedteljing på lista. For å kome med på lista må ein følgje somme krav som dei som eig lista avgjer, som regel går det på platesal og kor mange gonger songane vert spelte på radio. I dag er mange av desse listene òg basert på mengda nedlastingar av songen.

Singlane hadde stordomstida si særleg i 1950- og 1960-åra, i starten av rockehistoria, særleg fordi dei var billigare enn heile album. Utover i 1960-åra vart det større fokus på album og samanhengande tema, men singlane var framleis eit viktig marknadsføringsledd. I løpet av 1990- og 2000-åra har singlane vorte mindre viktige, sidan både album og singlar vert gjeve ut på CD-plater som har meir eller mindre same produksjonskostnad og album vart hovudmetoden å selje musikk på.

Stereoplate

Stereoplate er ei tokanals grammofonplate, som lagrar informasjon for stereofonisk attgjeving. Stereoplater er ei vidareutvikling av dei tidlegare mikrorilleplatene, som berre lagra ein kanal (mono).

Studioalbum

Eit studioalbum er eit musikkalbum innspelt i eit platestudio. Det inneheld vanlegvis ikkje konsertopptak eller remiksar, og i dei tilfella ein finn slike spor vert dei ofte kalla «bonusspor». Tidlegare, i grammofonplate-tida, var ofte LP (Long Play record) synonymt med studioalbum, sjølv om ein LP òg inkluderer samlealbum og konsertalbum, som ein reknar som to andre former for musikkalbum. Studioalbuma vert som regel rekna som dei «verkelege» albuma til ein artist, og plar vere den typen musikkalbum som sel mest.

Eit studioalbum er (som regel) over 25 minuttar langt, men det finst døme på album som er kortare. Lengda på studioalbum har vore avgrensa av mediumet dei er gjeve ut på. For ei grammofonplate var som regel den øvre grensa 45-46 minutt fordelt på to sider. På ei kompaktplate (CD) er grensa opp mot 80 minutt, sjølv om ein sjeldan finn studioalbum med desse lengdene. Studioalbum har som regel god lydkvalitet sidan dei er spelte inn og arbeidde med i ofte avanserte studio med profesjonelle produsentar og lydteknikarar. Dei første studioalbuma som kom vart derimot spelte inn med primitive teknikkar, og gjerne berre med eitt til fire spor. Etter kvart som teknikken har utvikla seg har ein derimot kunne leggje på fleire og fleire spor på ein song, slik at songen i praksis ikkje lèt seg gjenskape på konsertar slik som på plate.

For å promotere eit studioalbum vert det ofte gjeve ut musikksinglar, gjerne med musikkvideoar føre albumsleppet. Ein stor hit kan hjelpe til at sjølve studioalbumet sel meir. I tillegg vert det ofte gjeve såkalla «promosinglar» til radiostasjonar, for at songane skal verte spelte på radio. Det er blitt stadig vanlegare at desse singlane som kjem i etterkant er remiksar av låtane på albumet. Dei siste åra har derimot singelsalet minka kraftig på grunn av auka nedlasting av musikk (både lovleg og uloveleg) over Internet.

Transskripsjonsplate

Transskripsjonsplate var ei grammofonplate til bruk for radiostasjonar, og var ikkje i sal til allmugen. Desse platene var laga av materiale med mindre rillestøy enn dei shellak-baserte 78-platene, hadde diameter på 40 cm og ei rotasjonshastigheit på 33 1/3 o/min. (På eit tidleg stadium vart det rett nok produsert nokre plater med ein diameter på 25 cm, som roterte med 78 o/min, som ikkje var baserte på shellek.) Transskripsjonsplater vart mellom anna nytta for å spela inn radioprogram, som ikkje vart direktesendt. Slike program kunne vera konsertar, kunngjeringar frå myndigheitene, talar, osb. Andre bruksområde var feltopptak, opptak av viktige møte, osb. Etter at spolebandopptakarar vart tilgjengelege etter 2. verdskrigen tok desse gradvis over for transkripsjonsplatene. Men spolebandopptakarar og tape var dyrt i byrjinga og transkripsjonsplatene var i bruk til utpå 1950-talet.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.