Gerilja

Gerilja (frå spansk guerrilla, «liten krig») er eit omgrep som blir nytta om væpna grupper som ikkje er del av eit statsapparat. Dei opererer med små, mobile og fleksible stridsstyrkar, som ofte vert kalla «celler», utan noka fastsett frontlinje.

Geriljakrig er ein av dei eldste formene for asymmetrisk krigføring. Dei fremste bidragsytarane til moderne teoriar om geriljakrig er mellom andre Mao Zedong, Wendell Fertig, og Che Guevara. Medan asymmetrisk krigføring er det militære omgrepet for geriljataktikk, blir det ofte omtala som terrorisme av motstandarane.

Om sør- og aust-europeiske tilhøve under andre verdskrigen nyttar ein ofte omgrepet partisan for dei som dreiv væpna kamp mot okkupasjonsstyrkane.

Sjå òg

AK-47

AK-47 (på russisk språk ''Автомат Калашникова образца 1947 года, «Automatkarabin Kalasjnikov modell 1947») er ein karabin (ei kort rifle) som opphavleg vart utvikla for mekanisert infanteri og innført i den sovjetiske hæren i 1949. Han kan avfyrast både halvautomatisk med eitt skot om gongen (utan ladegrep mellom kvart skot) eller i serie, det vil seie heilautomatisk. Han kom opphavleg i kaliber 7,62 × 39 mm.

AK-47 vart konstruert av Mikhail Kalasjnikov, og sjølv om han har konstruert andre våpen òg, er det dette som oftast blir knytt til namnet hans. Kalasjnikov var opphavleg sersjant i sovjethæren, og da andre verdskrigen byrja, var han stridsvogn-sjef. Etter han vart skadd i 1941, låg han ei tid på sjukehus, og der fekk han idéen til dette våpenet som eit spesialvåpen for soldatar i pansra køyretøy med avgrensa plass.

Da han kom tilbake til avdelinga si, fekk han høve til å utvikle idéen vidare, saman med våpenteknikarar. Etter fleire forsøksversjonar vart våpenet ferdig i 1947, og det vart sett i produksjon og innført i militæret frå 1949. Det vart noko modernisert i 1959, og kom så i eit mindre kaliber frå 1974 (kaliber 5,45 × 39 mm).

AK-7 har på grunn av svært enkel, robust og billeg konstruksjon vorte populær i mange militærvesen og gerilja-styrkar. Det kan ha vorte produsert 70–100 millionar av dei i alt. Ein reknar dei lisensproduserte finske RK 62 som varianten med best kvalitet.

Ein ulempe med AK-7 kan vere at han ikkje er særleg høveleg på lengre avstandar, pga låg munningsfart på skota. Det er derfor ikkje noko skarpskyttarvåpen.

Aleksandr Antonov

Aleksandr Stepanovitsj Antonov (26. juli 1889–24. juni 1922) var medlem av Det sosialistrevolusjonære partiet i Russland og leiar for bonde-oppstanden i Tambovregionen under den russiske borgarkrigen.

Han hadde vore medlem av Det sosialistrevolusjonære partiet sidan 1906. Den russiske februarrevolusjonen gjorde at han kom seg ut av fengselet han sat i, etter ein dom for ran. Han vende attende til Kirsanov og vart regional politifunksjonær under den provisoriske regjeringa som formelt styrte Russland frå mars til november 1917. I april 1918 braut han med den nye bolsjevikregjeringa, og gjekk under jorda.

Dei neste to åra leidde han ei væpna gerilja-gruppe av bønder som drap bolsjevikfunksjonærar, særleg dei som var knytte til tvangsutskriving av soldatar og til tvangsrekvirering av mat. Da det store opprøret i regionen kom i august 1920, stilte han seg i brodden av dette.

Etter juli 1921, da oppreisten var slått ned av styrkar frå Den raude armeen, vart Antonov tvinga under jorda att. Den 24. juni 1922 vart han omringa av ei eining frå Tsjekaen (det bolsjevikiske politiske politiet) og drepen.

Buenaventura

Buenaventura er ein hamneby i Valle del Cauca-departementet i Colombia. Buenaventura, spansk for 'lukke', er den viktigaste hamna på den colombianske stillehavskysten.

Buenaventura er ein by med ein folkesetnad på 292 947 etter folketeljinga i 2005, og det meste av arealet av kommunen er landleg med spreidde små landsbyar. Folkesetnad er hovudsakleg av afrikansk avstamming (85 %) med 10 % blanda europeisk og urfolk og 5 % av spansk avstamming.

Byen vart grunnlagt 14. juli 1540. På den tida levde buscaja-indianarar i området og byen vart øydelagt av indianarar før 1600 og seinare gjenbygd. Buenaventura blomstra etter opninga av Panamakanalen i 1914. Per 2011 var byen prega av fattigdom og vald, og rekna som eit senter for kokainhandel i Colombia.Buenaventura har ein av dei største hamnene på kontinentet, står for om lag halvparten av all colombiansk import og eksport over havet, og ca. 80 % av all kaffieksport frå landet går over hamna. Men byen har vore hemma av gjengrelatert aktivitet slåst om kontroll av hamna, noko som gjer han til ein av dei farlegaste og fattigaste byane i Colombia.

Buenaventura har historisk rykte for å vere plaga av dei colombianske væpna konfliktane, narkotikahandel, vald, og nærvere av gerilja og paramilitære grupper. På grunn av valden i Buenaventura skreiv New York Times ein artikkel med tittelen Cocaine Wars Make Port Colombia’s Deadliest City .Buenaventura ligg ca. 30 kilometer frå den vestlege cordilleraen av Andes og langs bilveg ca. 145 kilometer frå den store byen Cali, hovudstaden i Valle del Cauca-departementet. Buenaventura er ein av dei mest regnfylte byane i verda med 6000-7000 mm årleg nedbør. Middeltemperaturen over døgnet varierer lite gjennom året og ligg på ca. 26 °C.

Che Guevara

Ernesto Guevara (14. juni 1928–9. oktober 1967) var ein argentinsk lege, marxistisk revolusjonær og geriljaleiar på Cuba, kjend som Che Guevara.

I studietida var Che Guevara lite politisk aktiv, men var likevel med på studentdemonstrasjonar mot president Juan Perón. I 1952 og medan han enno studerte medisin, reiste den 23-årige Guevara og den 29-årige kameraten hans, Alberto Granado, gjennom delar av Sør-Amerika. Reisa tok fleire månadar og mykje taler for at revolusjonshelten «El Che» begynte å ta form på nettopp denne reisa. Ho førte middelklasseguten Guevara i direkte kontakt med armoda, utbyttinga og undertrykkinga som det store fleirtalet av befolkninga – landarbeidarar, urfolk, arbeidarar og fattigbønder – blei utsette for, og som framleis pregar fleire land i Latin-Amerika.

Det han opplevde på turen overtydde han om at berre ei revolusjonær omvelting kunne fjerne dei økonomiske ulikskapane og skape sosial rettferd. Med denne overtydinga starta han med å lese marxistisk litteratur og engasjere seg i revolusjonen i Guatemala under president Jacobo Arbenz Guzmán.

Seinare blei han medlem av 26. juli-rørsla til Fidel Castro. Castro kom til makta på Cuba i 1959. Etter å ha fungert som industriminister og sjef for nasjonalbanken, og etter å ha skrive fleire artiklar om geriljakrigføring, reiste han frå Cuba i 1965. Han ønskte å vere med i revolusjonar i andre delar av verda der økonomisk utbytting og sosial urettferd dominerte. Ferda gjekk først til Kongo-Kinshasa (seinare Den demokratiske republikken Kongo) og deretter til Bolivia der han blei tatt til fange i ein CIA-leia operasjon saman med den bolivianske hæren.

Medan Che Guevara sat i fangenskap i landsbyen La Higuera i Bolivia, blei han myrda den 9. oktober 1967 av ein boliviansk offiser. Årsaka var at CIA og bolivianske styresmakter ikkje ønskte ei offentleg rettssak og fengsling av Guevara i Bolivia. Dei frykta det kunne auke oppslutninga om dei revolusjonære ideane som han stod for. Men mordet på Che Guevara førte til at han blei eit førebilete for revolusjonære over heile verda.

Den filippinsk-amerikanske krigen

Under og som følgje av den filippinsk-amerikanske krigen vart hundretusenvis av filippinske sivile drepne eller døydde av svolt og sjukdom. Det var kamphandlingar mellom USA-styrkar og filippinske opprørarar frå 1898 til 1913.

Den jugoslaviske frigjeringskrigen

Den jugoslaviske frigjeringskrigen («Folkets Frigjeringskrig») blei utkjempa i det okkuperte Jugoslavia under den andre verdskrigen, i åra 1941 til 1945. Kampen stod mellom den jugoslaviske motstandsrørsla, først og fremst dei jugoslaviske partisanane, og aksemaktene med Nazi-Tyskland i brodden.

Det var opphavleg to gerilja-hærar, den kommunist-leidde partisanhæren og den monarkistiske tsjetnik-rørsla. Men den sistnemnde samarbeidde stadig meir med okkupantane, og bruka kreftene sine på å kjempe mot partisanane i staden.

Det var den 6. april 1941 at Jugoslavia blei angripe av aksemaktene, i hovudsak tyske styrkar, men òg styrkar frå Italia, Ungarn og Bulgaria. Alt den 17. april kapitulerte den kongelege jugoslaviske hæren. Kapitulasjonsvilkåra var ekstremt harde, landet blei stykka opp.

«Folkets Frigjeringshær» (NOV) stod under leiing av Josip Broz Tito. Dei hadde ei kjerne av erfarne krigarar frå den spanske borgarkrigen, og kunne vinne støtte frå alle etniske grupper med ideologien sin. Partisanhæren fekk gradvis sterkare støtte i befolkninga i løpet av frigjeringskrigen, og blei etter ei rid anerkjend av dei allierte. Den jugoslaviske partisanrørsla blei den største motstandsrørsla i det okkuperte Europa, med sine 800 000 soldatar.

Partisanane kjempa ein stadig meir vellykka geriljakrig mot okkupantane og kollaboratørane, som kroatiske Ustasja, serbiske tsjetniki og slovenske domobranci. Partisanane kontrollerte etter kvart store delar av det jugoslaviske territoriet. Dei danna òg ei «regjering», Det anti-fascistiske rådet for den nasjonale frigjeringa av Jugoslavia (AVNOJ).

Aksemaktene prøvde å øydeleggje partisanrørsla med gjentatte offensivar. Desse var oftast kombinerte framstøytar frå tyske styrkar inkludert SS, italienske styrkar, tsjetniki og ustasjakontrollerte kroatiske styrkar. Partisanane måtte ved fleire høve trekkje seg tilbake, men partisanhæren blei ikkje knust.

Den 20. mars 1945 sette partisanane i gang ein storoffensiv. Kampane heldt fram sjølv etter at Berlin hadde falle og Tyskland hadde kapitulert, særleg mot quislingstyrkar som Ustasja. Det siste slaget i Europa under den andre verdskrigen stod i Poljane i Slovenia 14. mai-15. mai, mellom partisanar og ein blanda styrke av tyske soldatar og kroatiske og slovenske kollaboratørar.

Ein rekna lenge med at Jugoslavia hadde mista 1,7 millionar menneske under okkupasjonen. Det blir no hevda at talet er noko lågare, vel 1 million.

Etter ei folkeavstemming hausten 1945 blei Jugoslavia ein republikk, og Tito blei statsminister.

Heimevernet

Heimevernet (HV) er ei forsvarsgrein i det norske forsvaret som fungerer som ein hurtigmobiliseringsstyrke. Heimevernet blei oppretta 6. desember 1946 etter erfaringane frå andre verdskrigen. Styrken blei oppretta etter modellen til Heimefronten, med eit stort tal soldatar spreidde over heile landet, soldatar som har utstyret sitt heime. Fram til 2000-talet hadde dei også fungerande våpen og ammunisjon heime, men no har HV-soldatane berre våpen som må «låsast» opp av befal ved oppmøte til teneste.

Soldatmassen i Heimevernet består av soldatar som har avtent 3-6 månaders grunnkurs , eller full førstegongsteneste før dei blei overførte til Heimevernet. I tillegg er det mogleg å søkje seg til Heimevernet som frivillig. HV består i dag av ca 50 000 soldatar fordelt på 3 styrkar. Desse styrkane er innsats-, forsterkings- og oppfølgingsstyrkar, forkorta I-styrken , F-styrken og O-styrken. Tidlegare var styrken på ca 82 000 soldatar, men etter omorganiseringa av Heimevernet er dette redusert.

Heimevernet har nær kontakt med det sivile samfunnet. I tillegg til at mannskapet og dei fleste offiserane er sivilistar til dagleg, så er det også ein formell kontakt med det sivile samfunnet ved det at kvart distrikt har eit råd der også sivile organisasjonar er representerte. Dette samarbeidet finst også på landsbasis. Eit anna organ er Heimevernsnemdene, der lokale politikarar saman med politirepresentantar er med på å avgjere kven som er skikka for teneste i Heimevernet.

Honduras

Republikken Honduras er eit land i Mellom-Amerika som grensar til Guatemala og El Salvador i nord og Nicaragua i sør. I vest ligg Stillehavet og i aust Hondurasbukta og Det karibiske havet. Belize (tidlegare «Britisk Honduras») ligg omkring 75 km frå Honduras, på tvers av den honduranske bukta, der dei to landa ligg tettast på kvarandre.

Honduras er fjellrikt, og mykje av landet er vanskeleg tilgjengeleg. Størstedelen av folkesetnaden består av spansktalende mestisar. Landet har lenge vore eit av dei fattigaste landet i Latin-Amerika, og har vore politisk ustabilt. I lange periodar har Honduras vore styrt av militærjuntaer. Landet er opphavet til nemninga «bananrepublikk», sidan nordamerikanske bananselskap har dominert både økonomien og politikken i landet sidan slutten av 1800-talet.

Improvisert bombe

Improvisert bombe eller veibombe (IED, frå engelsk improvised explosive device) er ei kategorisering av improviserte bombar som til dels er laga under relativt primitive tilhøve, i motsetnad til produksjonstilhøva hjå kommersielle fabrikantar av landminer og andre sprenglekamer.

Den enkelte bomba kan samansetjast av militære sprenglekam, til dømes ein artillerigranat, som vert kopla til ein utløysar. Improviserte bomber er vorte nytta til terroristhandlingar, og dessutan ukonvensjonell krigføring som gerilja eller kommandosoldatar. Det er ikkje uvanleg å plassera IED ved vegar for detonering når køyretøy eller fotgjengarar passerer. Denne typen IED vert difor kalla veikantbomber (engelsk: roadside bombs). Dei kan utløysast ved hjelp av lys-sensor, elektrisk kabel, lunte eller radiosignal.

Større, kraftigare IED-er vert òg plassert i bilar, i det føremålet å skada dei som er nær bilen. Då vert IED-en kalla ei bilbombe, og den kan utløysast av ei vekkjarklokke, sentrallåsen, tenninga eller ein fjernkontroll.

SVBIED står for Suicide Vehicle Born Improvised Explosive Device - Sjølvmordangrep med improvisert bilbombe eller anna køyretøy.

RCBIED står for Remote Control Born Improvised Explosive Device - Improvisert bombe ført av drone eller anna fjernstyrt køyretøy.

Israel

Israel, offisielt Staten Israel (hebraisk מְדִינַת יִשְׂרָאֵל, Medīnat Yisrā'el; arabisk دولة إِسرائيل, Dawlat Isrāʼīl) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt lita utstrekning. I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.Den 29. november 1947, tilrådde SNs generalforsamling at ein implementerte delingsplanen deira for Palestinamandatet. Den 14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion, leiaren for Sionistorganisasjonen og Jødisk byrå for Palestina «opprettinga av ein jødisk stat i Israels land, som skal heite Staten Israel», ein sjølvstendig stat som enda Palestinamandatet 15. mai 1948. Arabiske armear frå nabolanda invaderte Palestina dagen etter og kjempa mot dei israelske styrkane. Israel har sidan kjempa fleire krigar med dei nærliggjande arabarlanda, og har i løpet av desse stridane okkupert Vestbreidda, Sinaihalvøya (mellom 1967 og 1982), delar av Sør-Libanon (mellom 1982 og 2000), Gazastripa og Golanhøgdene. Staten har annektert delar av desse territoria, mellom anna Aust-Jerusalem, men grensa til Vestbreidda er omstridd. Israel har signert fredsavtalar med Egypt og Jordan, men forsøk på å løyse den israelske–palestinske konflikten har så langt ikkje ført til fred.

Det økonomiske senteret i Israel er Tel Aviv, medan Jerusalem er den mest folkerike byen og hovudstaden i landet, sjølv om han internasjonalt ikkje vert rekna som ein del av Israel.Av etniske grupper i Israel finn ein askenasiske jødar, mizrahiske jødar, palestinarar, sefardiske jødar, jemenittiske jødar, etiopiske jødar, bahrainske jødar, beduinar, drusarar, og mange andre grupper. Folketalet i Israel, som talt av Israelsk statistisk sentralbyrå, var i 2014 estimert til 8 146 300 innbyggjarar, og av desse var 6 110 600 jødiske, mange av blanda etnisk bakgrunn. Den nest største folkegruppa i landet er arabarar, med 1 686 000 innbyggjarar (inkludert drusarar og dei fleste arabarane i Aust-Jerusalem). Dei fleste israelske arabarane er muslimar, inkludert delvis fastbuande beduinar. Resten er kristne og drusarar. Andre minoritetar er maronittar, samaritanarar, svarte hebraiske israelittar, andre afrikanarar, armenarar, tsjerkessarar, romfolk og andre. Det er òg mange utanlandske arbeidarar og asylsøkjarar i Israel frå Afrika og Asia.

Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett. Statsministeren er regjeringssjef medan presidenten har ei heller seremoniell stilling, og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem, med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Israel har den høgaste levestandarden i Midtausten og den tredje høgaste i Asia, og av dei høgaste forventa levealdrane i verda.

Jihad

Jihad (arabisk جهاد, ǧihād) er eit omstridd omgrep innan islam som kan visa til indre, andeleg kamp for å oppnå rett tru, eller militær vald for å spreia islam. Ordet er avleidd frå det arabiske ǧhd, 'å streva etter' eller 'å møda seg'.

Kateb Yacine

Kateb Yacine (2. august 1929–6. august 1989) var ein algerisk franskspråkleg forfattar. Alle bøkene hans omhandlar frigjeringskampen til den tredje verda og den mest kjende romanen hans er Nedjma frå 1956. Dette er ei skildring av kjærleik og korleis dei tradisjonelle algeriske kulturen har gått i oppløysing under det franske kolonistyret. Det same temaet førte han vidare i andre prosaverk som Le Polygone étoilé frå 1966.

Skodespela til Yacine er påverka av dramatikken til Bertolt Brecht og er skildra som eit slags «gerilja-teater»: Le Cercle des représailles (1956), L'Homme aux sandales de cautchouc (1970), om frigjeringskampen i Vietnam.

I dei seinaste stykka hans, som opphavleg vart skriven på arabisk, nyttar han mykje ironi og satire, som Mohammed prends ta valise (1971), La Guerre de 2000 ans (1974), Palestine trahie (1978). Yacine var viktig for den store fornyinga i moderne algerisk litteratur.

Krigsfange

Krigsfange er ein soldat som er teken til fange av fiendtlege styrkar under eller like etter ein væpna konflikt.

Krigsfangar er verna gjennom internasjonale lover som skal sikre at fangane vert handsama på ein human måte. Denne lova trer i kraft så snart ein stridande person er teken til fange, og lova er verksam inntil personen ikkje lenger sit i fangenskap. Blant dei viktigaste reglane er at ein fange ikkje kan utsetjast for noka form for tortur, og at dei ikkje kan tvingast til å oppgje meir informasjon enn sitt eige namn, fødselsdato, militær grad og tenestenummer dersom noko slikt finst. Uvæpna ikkje-stridande som vert tekne til fange under ein væpna konflikt vert ikkje rekna som krigsfangar, men desse er verna av andre lover. Grove overgrep mot krigsfangar vert klassifiserte som eit krigslovbrot.

For å kunne bli rekna som krigsfange må fangen ha tatt del i militære operasjonar i høve til krigen sine lover og reglar. Fangen må vere ein del av dei militære styrkane til eit land, bere uniform og bere våpen openlyst. Terroristar, gerilja-soldatar og spionar kan derfor ikkje reknast som krigsfangar i normal forstand. Dette vert ikkje alltid handheva like strengt overalt, då terroristar og gerilja-soldatar sjeldan brukar ein lett gjenkjenneleg uniform, men dei kan likevel få innvilga status som krigsfange.

I ein del tilfelle vert mangelen på uniformer hos irregulære grupperingar oppvege ved at dei ber armbind eller eit anna gjenkjenneleg merke. Årsaka til desse krava er at det er i strid med krigslovene dersom dei stridande vekslar mellom militær og sivil status. Dei må vere anten det eine eller det andre. Dette er for å verne den sivile folkesetnaden på best mogeleg måte. At soldatar forkler seg som sivile er eit krigslovbrot. Av nolevande krigsfangar, er Manuel Noriega ein av dei som har sete lengst i fangenskap.

Mexico

Dei sameinte meksikanske statane eller berre Mexico (spansk Estados Unidos Mexicanos eller México) er eit land som ligg i Nord- og Mellom-Amerika med grenser til USA i nord og Guatemala og Belize i søraust. I sør og vest har landet kystline mot Stillehavet, og i aust mot Mexicobukta og Det karibiske havet. Det er det nordlegaste landet i Latin-Amerika og det folkerikaste spanskspråklege landet i verda.

Landet er ein føderal republikk og har over hundre millionar innbyggjarar. Rundt 20 millionar av dei bur i og rundt hovudstaden Mexico by. Det høgaste fjellet i landet er vulkanen Pico de Orizaba.

I rundt tre tusen år var Mexico heimen til fleire mesoamerikanske sivilisasjonar, slik som olmecane, mayaene og aztekarane. Etter at aztekarane var overvunne i 1521, la spanske conquistadorar landet under seg og grunnla Nye Spania, ein koloni som vara i tre hundre år.

Den katolske presten Miguel Hidalgo erklærte landet sjølvstendig frå Spania i 1810. Dette førte til ein lang krig som til slutt enda med at Mexico blei eit sjølvstendig keisardøme i 1821.

Det blei utropt til republikk i 1824.

Militærvesen

Eit militærvesen er ein statleg organisasjon som består av væpna styrkar danna for å forsvare eit territorium eller andre interesser og/eller utøve offensiv makt for å besette eit territorium, nedkjempe ein fiende eller nå andre politiske mål.

Militærvesenet er ofte delt inn etter kva element dei opererer i. Såleis arméen/hæren, luftforsvaret (flyvåpenet) og sjøforsvaret (marinen/flåten). Dessutan deler me hæren inn etter våpenart: Kavaleri, artilleri, infanteri, ingeniør, samband, tren og sanitet.

Nestor Makhno

Nestor Makhno, fødd 1888 eller 1889, død 1934, var ein ukrainsk anarkistisk krigshøvding. Frå 1918 under den russiske borgar- og intervensjonskrigen var Makhno leiar for ein bondearmé som stridde mot både dei tyske-, austerrikske og dei kvite kontrarevolusjonære styrkane i Ukraina.

Makhno sin gerilja-styrke bestod av 50 000 mann til hest som ofte greidde å overrumple og overliste fienden. Trumfkortet var tatsjankaen, det lette hestespannet med maskingevær attpå. Samtidig greidde han å opprette ein suverén anarkistisk rådsrepublikk blant bøndene i dette vidstrekte området; heile det austlege Ukraina. Til hjelp i dette arbeidet hadde han blant andre den russiske anarkisten Voline (1885 –1945) som òg kom til å bli historieskrivaren til rørsla.

Makhno sin anarkist-armé hadde i byrjinga støtte av bolsjevikane i kampen mot den felles fienden, den kvite arméen. Men da dei kvite var slegne tilbake, kom bolsjevikane og Makhno ikkje overeins lenger, og Makhno fekk den kommunistiske Raude Arméen mot seg.

Makhno flydde i 1921 til Romania og døydde seinare i eksil i Paris. Makhno vart god venn med den spanske anarkisten Buenaventura Durruti da denne var i Paris, og Durruti fekk eit djupt inntrykk av den militære dugleiken hans, noko han fekk nytte av i den spanske borgarkrigen, som starta i 1936.

Kjelde: Svensk wikipedia, art. Nestor Machno.

Pakistan

Pakistan (urdu پاکستان) er eit land i Sør-Asia med grense til Iran, Afghanistan, India og Kina og kyst til Arabiahavet i sør. Landet har knapt 160 millionar innbyggjarar, og er det sjette folkerikaste i verda. Det er det andre største muslimske, etter Indonesia, og også det andre største sjiamuslimske etter Iran.

Pakistan blei danna som ein stat for muslimane i Britisk India i 1947. Landet var sett saman av to ikkje-samanhengande delar, og den austlege reiv seg laus i 1971 og blei til Bangladesh. Pakistansk historie har vore prega av politisk uro, militært styre og både indre og ytre konfliktar.

Landet dekker store delar av området der Indussivilisasjonen utvikla seg i oldtida. Det blei seinare påverka av vediske, persiske, greske og turko-mongolske og britiske innflyttarar og erobrarar, og har utvikla sine eigne hinduiske, buddhistiske, muslimske og sikhistiske tradisjonar.

Nord i Pakistan ligg nokre av verdas høgaste fjell, som K2 og Tirich Mir. Indus er ei viktig elv som renn gjennom store delar av landet. I sør finn ein tørre område som Balutsjistan og ørkenen Thar.

Sør-Asia

Sør-Asia er nemninga på den delen av Asia som omfattar land som hovudsakleg ligg på det indiske subkontinentet; India, Bangladesh, Bhutan, Nepal, Pakistan og delar av Afghanistan, og øyane rundt; Sri Lanka og Maldivane, og dei indiske øygruppene Andamanane, Nikobarane og Lakkadivane. Sidan Burma var del av Britisk India er også det nokre gonger rekna som del av Sør-Asia. I den SN-definerte regionen «Sørlege Asia» er også Iran teke med, i tillegg til landa som er nemnd over. SN har skipa denne nemninga berre for statistiske føremål.Området har aldri vore eitt land, og det bur mange svært ulike folkegrupper der. Likevel finst det ei kjensle av fellesskap, som ein mellom anna kan sjå i utrrykket «desi», som tyder ‘frå landet [vårt] ’, og blir brukt flittig av den sørasiatiske diasporaen. «Sør-Asia» og «sørasiatisk» er nokså ny nemningar, tidlegare brukte ein gjerne «indisk» eller «austindisk». Dette ser ein til dømes i uttrykk som indisk mat, som gjerne viser til alle typar mat frå Sør-Asia, og som ofte blir servert i ein «indisk restaurant», også om eigaren til dømes er bangladeshar.

Sørsia gerilja

Sørsia gerilja er ei norsk hip-hop-gruppe fra Sørsia av Trondheim.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.