Gaza by

Gaza (arabisk غزة, Ġazzah, hebraisk עזה, Azzah; gammalgresk Γάζα), òg kalla Gaza by, er ein palestinsk by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt.,[3] Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.

Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredleg stad og hamna blømde. I 635 evt. vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rett. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I seinare hundreår har Gaza slite med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar, og byen vart redusert til ein landsby på 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Den første halvdelen av det osmanske styret, kontrollerte Ridwan-dynastiet Gaza og under dei voks byen seg stor med mykje handel og fred. Kommunen Gaza vart grunnlagd i 1893.

Gaza fall til britiske styrkar under fyrste verdskrigen, og vart ein del av Palestinamandatet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, administrerte Egypt den nydanna Gazastripa og gjorde fleire utbetringar i byen. Gaza vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, men i 1993 vart byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta. I månadane etter valet i 2006, braut det ut ein væpna konflikt mellom dei palestinske, politiske fraksjonane Fatah og Hamas, noko som førte til at Hamas tok over makta i Gaza. Egypt og Israel innførte så ein blokade av Gazastripa.[4] Israel letta på blokaden i juni 2010 og Egypt opna på ny opp grenseovergangen ved Rafah i 2011 for fotgjengarar.[4][5]

Hovudnæringa i Gaza er småindustriar og jordbruk. Blokaden og dei stadige konfliktane har gjort dei økonomiske tilhøva særs vanskelege. Dei fleste innbyggjarane i Gaza er muslimar, men det finst òg ein kristen minoritet. Gaza har ein særs ung folkesetnad og kring 75 % av innbyggjarane er under 25 år gamle.

Gaza
غزة, Ghazzah, Gaza by
kommune
Gaza City
Gaza i 2007
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Gaza guvernement
Koordinatar 31°31′N 34°27′E
Areal 45 km² [1]
Folketal 515 556 (2012) [2]
Folketettleik 11 457 / km²
Grunnlagd 1400-talet fvt.
 - Bystatus 1994
Borgarmeister Nizar Hijazi
Nettstad: www.gaza-city.org

Etymologi

Gaza City - Palestine
Gaza skyline

Namnet «Gaza» er først kjend frå militærdokument frå Thutmose III av Egypt på 1400-talet fvt.[6] I følgje Shahin kalla egyptarane han Ghazzat («den lovprisa byen»), og dei gamle arabarane kalla han ofte Ghazzat Hashem, til ære for Hashim, oldefaren til Muhammed, som skal være gravlagd i byen i følgje islamsk tradisjon.[7] På semittisk er tydinga av namnet «barsk, sterk».

Historie

Gaza har ei historie som går attende 5 000 år, og det gjer han til ein av dei eldste byane i verda.[8] Han ligg langs kystvegen langs Middelhavet mellom Nord-Afrika og Levanten, og gjennom det meste av historia har han vore ei viktig transitthamn for den sørlege Levanten og ein viktig stoppestad for krydderhandel mot Raudehavet.[8][9]

Bronsealderen

Busetnaden i Gaza-området er datert attende til Tell es-Sakan, ei egyptisk borg bygd i kanaanittisk område sør for dagens Gaza. Det gjekk nedover med staden i tidleg bronsealder II då handelen med Egypt brått minka.[10] Eit anna bysenter vart kalla Tell al-Ajjul og byrja å veke langs elva Wadi Ghazza. I mellombronsealderen blømde Tell es-Sakan på ny og vart den sørlegaste staden i Kanaan, der han tente som eit fort. I 1650 fvt., då kanaanitten Hyksos okkuperte Egypt, vart ein ny by utvikla i ruinane etter den første Tell as-Sakan. Men denne vart fråflytta på 1300-talet fvt., mot slutten av bronsealderen.[10]

Antikken

Gaza tente seinare som den administrative hovudstaden til Egypt i Kanaan.[11] Under regjeringstida til Tuthmosis III, vart byen ein stoppestad langs den syrisk-egyptiske karavaneruta, og var nemnt i Amarnabreva som «Azzati». Gaza vart verande under egyptisk kontroll dei neste 350 åra, før han vart erobra av filistinarar på 1100-talet fvt., og vart ein del av deira «pentapolis».[12] I følgje Domarane var Gaza staden der Samson vart fengsla av filistrane og døydde.[13]

Etter å ha blitt styrt av israelittane, assyrarane, og så egyptarane igjen, var Gaza relativt sjølvstendig og blømde under persarane. Aleksander den store kringsette Gaza, den siste byen som gjorde motstand under erobrainga hans på veg til Egypt, i fem månader, før han omsider erobra byen i 332 fvt.[12] Innbyggjarane vart anten drepne eller tekne til fange. Aleksander henta inn lokale beduinar til å busetje Gaza og organiserte byen som ein polis (eller «bytstat»). Gresk kultur sette så røter og Gaza fekk eit rykte som eit blømande senter for hellenistisk lærdom og filosofi.[14]

Gaza vart kringsett på ny i 96 fvt. av den hashmoneiske kongen Alexander Jannaeus som «fullstendig velta» byen, drap 500 senatorar som hadde flykta inn i Apollo-tempelet for å skjule seg.[15] Josefus skreiv at Gaza vart busett på ny under styret til Herodes Antipas, som dyrka venskapet med innbyggjarane frå Gaza, Ashkelon og arabarar i området, etter å ha blitt utpeikt som guvernør i Idumea av Jannaeus.[16] Byen vart ombygd etter han vart ein del av Romarriket i 63 fvt. kommandert av Pompeius Magnus, og Gaza vart så ein del av den romerske provinsen Judea.[12] Byen vart eit mål for jødane under opprøret mot romarane i år 66 evt. og vart delvis øydelagd.[17] Han vart likevel verande ein viktig by, og i enno større grad etter øydelegginga av Jerusalem.[18]

Gjennom romartida var Gaza ein velståande by og fekk tilskot og merksemd frå fleire keisarar.[12] Eit senat på 500 mann styrte Gaza, og eit mangfald av folkeslag, som filistrar, grekarar, romarar, kanaanittar, fønikarane, jødar, egyptarar, persarar og beduinar var busett i byen. Gaza prega sine eigne myntar med byster av gudar og keisarar avbilda.[19] Under eit besøk i 130 evt.,[20] sette keisar Hadrian personleg i gang spel med bryting, boksing og oratoriske konkurransar på det nye stadionet i Gaza, som vart kjend frå Alexandria til Damaskus. Byen var utsmykka med mange heidenske tempel. Hovudkulten var for Marnas. Andre tempel var tileigna Zevs, Helios, Afrodite, Apollo, Atene og den lokale Tyche.[12] Kristendomen byrja å spre seg i Gaza i 250 evt., mellom anna i hamenbyen Maiuma.[21][22][23][24] Ei stor synagoge fanst i Gaza på 500-talet, i følgje utgravingar.[25] Det vart fortgang på konverteringa til kristendom i Gaza under St. Porphyrius mellom 396 og 420. I 402, gav Theodosius II ordre om at alle dei åtte heidenske templa i byen skulle øydeleggast,[12] og fire år seinare bestilte keisarinna Aelia Eudocia ei kyrkje på toppen av ruinane av Marnastempelet.[26] Det var i denne tida at den kristne filosofen Aeneas av Gaza kalla Gaza, heimbyen sin, «Asias Aten[27] Etter delinga av Romarriket på 200-talet evt., vart Gaza verande under Austromarriket. Byen blømde og vart eit viktig senter i Levanten.[28]

Islamsk tid

I 635 evt. vart Gaza raskt kringsett og erobra av Rashidunarmeen under general 'Amr ibn al-'As etter slaget ved Ajnadayn mellom Austromarriket og Rashidun-kalifatet sentralt i Palestina. Staden vart trudd å vere staden der oldefaren til Muhammed, Hashim ibn Abd Manaf var gravlagd, og byen vart derfor ikkje øydelagd av den sigrande Rashidunarmeen trass i hard og langvarig motstand. Då dei muslimske arabarane kom, vart det drastiske endringar i Gaza. Først vart somme av kyrkje omgjorte til moskéar, mellom anna Den store moskeen i Gaza (den eldste i byen), og mange av innbyggjarane konverterte raskt til islam, medan arabisk vart det offisielle språket.[29] I 767 vart Muhammad ibn Idris ash-Shafi'i fødd i Gaza og budde der i barndommen. al-Shafi'i grunnla ein viktig sunnimuslimsk rettsfilosofi (eller fiqh) kalla Shafi'i etter han.[30] Tryggleik var nøkkelen for velstanden i Gaza. Sjølv om alkohol var bannlyst i islam, fekk dei jødiske og kristne samfunna lov å drive med vinproduksjon og druer, noko som skaffa byen store inntekter. Vinen vart hovudsakleg eksportert til Egypt. Fordi han låg ved grensa til ørkenen, var Gaza utsett for åtak frå nomadiske grupper.[31] I 796 vart Gaza øydelagd under ein borgarkrig mellom arabiske stammer i området.[32] På 900-talet var byen bygd opp att av det tredje arabiske kalifatet, styrt av abbasidane. Den arabiske geografen al-Muqaddasi skildra Gaza som «ein stor by langs hovudvegen til Egypt i utkanten av ørkenen.»[33] I 977 vart det fjerde kalifatet styrt av fatimidane og dei oppretta ein avtale med seldsjukkane, der fatimidane fekk kontroll over Gaza og landområdet sør for byen, inkludert Egypt.[34]

Europeiske krossfararar erobra byen frå fatimidane i 1100 og kong Baldwin III bygde ei borg som vart nytta av Tempelriddarane i Gaza i 1149.[26] Han omgjorde òg Den store moskeen til St. Johannes-katedralen.[20] I 1154 skreiv den arabiske reisande al-Idrisi at Gaza «er i dag ein særs folkerik by og i hendene på krossfararane.»[35] I 1187 erobra ajjubidane, leia av Saladin, Gaza og øydela seinare festningsverka her i 1191. Rikhard Løvehjarta bygde visstnok nye festningsverk i byen i 1192, men murane vart rivne ned att i samband med Ramla-traktaten nokre månader seinare, i 1193.[26] Ajjubide-styret enda i 1260, etter at mongolane under Hulagu Khan fullstendig øydela Gaza. Dette vart den sørlegaste erobringa hans.[29]

Etter mongolane øydela Gaza, byrja muslimske slavesoldatar basert i Egypt, kjend som mamelukkar, å adminsitrere området i 1277. Mamelukkane gjorde Gaza til hovudstaden i provinsen som hadde namnet Mamlakat Ghazzah. Dette distriktet strekte seg langs kystsletta frå Rafah i sør til like nord for Cæsarea, og i aust heilt til høglandet i Samaria og Hebronfjella. Andre store byar i provinsen var Qaqun, Ludd og Ramla.[29][36] Gaza gjekk inn i ein roleg periode under mamelukkane, og vart av dei nytta som ein utpost for åtak mot krossfararane, som enda styret sitt i 1290.[37] I 1294 øydela eit jordskjelv Gaza, og fem år seinare øydelag mongolane igjen alt som var bygd opp att av mamelukkane.[29] Den syriske geografen al-Dimashqi skildra Gaza i 1300 som ein «by så rik på tre at han ser ut som eit brokadeklede spreidd utover landskapet.»[19] Under Sanjar al-Jawli vart Gaza omgjort til ein stor og velståande by, og mykje av arkitekturen frå mamelukktida er spora attende til regjeringstida hans, i 1311-1320 og igjen i 1342.[38][39] I 1348 råka svartedauden byen, og tok livet av dei fleste innbyggjarane, og i 1352 vart Gaza råka av ein øydeleggjande flaum, som er sjeldan i dette elles så tørre området sør i Levanten.[40] Då den arabiske geografen og forfattaren Ibn Batutta vitja byen i 1355, skreiv han at byen var «stor og folkerik, og hadde mange moskear.»[41]

Mamelukkane bidrog til arkitekturen i Gaza med å byggje moskear, islamske skular, hospital, karavanseraiar, og offentlege bad.[10] Dei let òg jødar få vende attende til byen, og under mamelukkande blømde det jødiske samfunnet i byen. Mot slutten av mamelukktida var det jødiske samfunnet i Gaza, det tredje største i Palestina, etter samfunna i Safad og Jerusalem. I 1481 skreiv den italiensk-jødiske reisande Meshulam frå Volterra:

Gazza vert av muslimane kalla Gaza. Han er ein fin og kjend plass, og frukta her er kjend og god. Her finn ein brød og god vin, men berre jødane lagar vin. Gaza har ein omkrins på fire mil og ingen murar. Han ligg kring seks mil frå sjøen i ein dal og på ein ås. Her er like mykje folk som det er sand ved sjøen, og det finst kring femti-seksti jødiske hushaldningar, handverkarar. Dei har ei lita, men vakker synagoge, og vindruer, åkrar og hus. Dei har alt byrja å lage den nye vinen. Jødane bur på toppen av åsen. Må Gud prise dei. Det er òg fire samaritanske hushaldningar i åssida.[42]

Osmansk styre

Gaza (1881-1884) (A)
Muslimar studerer Koranen med Gaza i bakgrunnen, måleri av Harry Fenn.
Gaza painting - David Roberts
Måleri av Gaza av David Roberts, 1839.

I 1516 var Gaza ein liten by med ei hamn som ikkje var i bruk. Bygningane var i dårleg stand og handelen var liten. Same året vart han ein del av Det osmanske riket.[40] Den osmanske hæren var raskt ute med å knuse eit lite opprør,[43] og dei lokale innbyggjarane vart tekne i mot som likemenn og sunnimuslimar.[40] Byen vart så hovudstaden i Sanjak Gaza, ein del av den større provinsen Damaskus.[44] Ridwan-dynastiet, kalla opp etter guvernøren Ridwan Pasha, var det første dynastiet som styrte Gaza og dei skulle styre byen i over hundre år.[45] Under Ahmad ibn Ridwan vart byen eit kultur- og religionssenter som følgje av partnarskapen mellom guvernøren og den prominente islamske juristen Khayr al-Din al-Ramli, som var basert i byen al-Ramla.[46]

Under styret til Husayn Pasha vart stiden mellom innbyggjarane og dei nærliggande beduin-stammene dramatisk redusert, og Gaza levde i fred og velstand. Ridwan-tida er skildra som ein gullalder for Gaza, ei tid då han i røynda var «hovudstad i Palestina.»[47][48] Den store moskeen vart restaurert og det vart bygd seks andre moskear, medan talet på tyrkiske bad og marknader auka raskt.[40] Etter Musa Pasha døydde, som tok over etter Husayn, vart det utpeitk osmanske embetsmenn til å styre bye i staden for Ridwan-familien. Etter familien forsvann frå makta, gjekkd et sakte nedover med byen.[49]

Frå tidleg på 1800-talet var Gaza kulturelt dominert av nabolandet Egypt. Muhammad Ali av Egypt erobra Gaza i 1832.[20] Den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson vitja byen i 1838, og skildra han som ein «tett folkesett» by som var større enn Jerusalem, der Gamlebyen låg oppå ei høgd, medan forstadane låg på sletta rundt.[50] Byen var eit viktig handelssenter på grunn av den strategiske plasseringa langs karavaneruter mellom Egypt og Nord-Syria, i tillegg til at det vart produsert såpe og bomull som vart seld til styresmaktene, lokale arabiske stammer og beduinane i Wadi Arabah og Ma'an.[51] Basarane i Gaza var godt utrusta og Robinson meinte dei var «langt betre» enn dei i Jerusalem.[52] Robinson merka seg at nesten alle spora i Gaza etter oldtida hadde forsvunne på grunn av stadige konfliktar og busetnad.[53] På midten av 1800-talet tok hamnene i Jaffa og Haifa over i forhold til hamna i Gaza, men byen hadde framleis ein fiskeflåte.[54]

Gaza vart igjen råka av byllepest i 1839 og byen, som mangla politisk og økonomisk stabilitet, stagnerte. I 1840 kjempa egyptiske og osmanske soldatar utafor Gaza. Osmanarane vann kontroll over området, og enda på den måten det egyptiske styret over det sørlege Syria. Kampane førte derimot til meir død og øydelegging i Gaza, som framleis sleit med etterverknadane etter pesten.[40]

Moderne tid

Britane vann kontroll over byen med det tredje slaget ved Gaza i 1917 under fyrste verdskrigen.[40] Etter krigen vart Gaza ein del av Palestinamandatet.[55] I 1930- og 1940-åra voks Gaza kraftig. Det vart bygd nye bydelar langs kysten og dei sørlege og austlege slettene. Internasjonale organisasjonar og misjonærgrupper stod for det meste av bygginga.[54] I 1947 vart Gaza tenkt som ein del av den arabiske staten i høve delingsplanen til Dei sameinte nasjonane, men vart okkupet av Egypt under den arabisk-israelske krigen i 1948. Folketalet i Gaza auka då mange flyktningar strøymde dit frå nærliggande byar og landsbyar som vart erobra av Israel. I 1957 innførte den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser ei rekkje reformer i Gaza, mellom anna innan utdanning og sivile tenester.[56]

Gaza vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967 etter at den egyptiske hæren vart slått. Det oppstod ofte konfliktar mellom palestinarane og dei israelske styresmaktene i byen sidan 1970-åra. Spaningane førte til den første intifadaen i 1987. Gaza var eit senter for konfrontasjonar under dette opprøret,[40] og dei økonomiske tilhøva i byen vart verre.[57]

Palestinsk kontroll

I september 1993 signerte leiarane av Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) Osloavtalen. Avtalen gjorde at dei israelske styrkane trekte seg ut frå Gaza og overlet administrasjonen av området til Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA).[14] PNA, leia av Yasser Arafat, valte Gaza som det første hovudkvarteret sitt.[54]

Day 18 of War on Gaza
Innbyggjarar i Gaza under Gazakrigen 2008-2009.

I 2005 trekte Israel ut soldatane sine frå Gazastripa og fjerna tusenvis av israelarar som hadde busett seg på området.[58] Sidan den gong har Hamas vore involvert i ein stundom valdeleg maktkamp med den rivaliserande, palestinske organisasjonen Fatah. Den 25. januar 2006 vann Hamas ein overraskande siger i det palestinske valet. I 2007 styrta Hamas Fatah-styrkane på Gazastripa, medan Hamas-medlemmar vart fjerna frå PNA-regjeringa på Vestbreidda. I dag vert Hamas rekna som ein terrororganisasjon av dei fleste vestlege landa, og har de facto kontroll over byen og Gazastripa.[59]

I mars 2008 skulda ei rekkje menneskerettsgrupper den israelske blokaden av byen for å gjere den humanitære situasjonen i Gaza verre enn den nokon gong hadde vore sidan Israel okkuperte området i 1967,[60] og at israelske luftåtak mot militante mål i tett folkesette område, ofte tok livet av uskuldige sivile.[58] I 2008 gjekk Israel til åtak mot Gaza.[61] Israel erklærte at åtaket var eit svar på dei mange rakettåtaka og bombekastaråtaka frå Gazastripa inn i Israel sidan 2005, medan palestinarane hevda at dei svara på dei fiendtlege innfalla til Israel og blokaden av Gazastripa. I januar 2009 hadde minst 1 300 palestinarar mista livet i konflikten.[62][63]

Geografi

Gaza Beach
Stranda i Gaza by.

Det sentrale Gaza ligg på ei slette og kring ei høgd på 45 meter over havet. Det meste av den moderne byen er bygd langs denne sletta, nedanfor høgda, særleg i nord og aust, der forstadane til Gaza ligg. Stranda og hamna ligg 3 km vest for sentrum av byen og rommet i mellom består av låge høgder.[50]

Kommunen dekkjr i dag kring 45 kvadratkilometer.[1] Gaza ligg 78 km sørvest for Jerusalem, 71 km sør for Tel Aviv,[64] og 30 km nord for Rafah.[65] I nærleiken ligg Beit Lahiya, Beit Hanoun og Jabalia i nord, og landsbyen Abu Middein, flyktningleiren Bureij, og byen Deir al-Balah i sør.[66]

Folkesetnaden i Gaza er avhengig av grunnvatn som einaste kjelde til drikkevatn og jordbruk. Den næraste elva er Wadi Ghazza i sør, som har kjelde ved Abu Middein langs kysten. Ho fraktar noko vatn om vinteren, men er tørr om sommaren.[67] Det meste av vassforsyninga vert omleidd til Israel.[68]

Ei høgd søraust for Gaza, kalla Tell al-Muntar, stig til 270 meter over havet. I fleire hundreår vert det hevda å vere staden der Samson førte byportane til filistrane. Åsen er krona med ein muslimsk heilagdom (maqam) tileigna Ali al-Muntar. Det ligg gamle muslimske graver kring trea,[69] og overliggaren over døra har to arabiske inskripsjonar frå mellomalderen.[12]

Klima

Gaza har eit varmt halvtørt klima (Köppen: BSh) med milde vintrar og tørre, steikande somrar.[70] Våren kjem kring mars-april og dei varmaste månadane er juli og august, med ein normal makstemperatur på 33 °C. Den kaldaste månaden er januar då temperaturane vanlegvis ligg kring 7 °C. Det kjem sjeldan regn, og det som kjem fell som regel mellom november og mars. Årsmiddelnedbøren er 301 mm.[71]

Demografi

Folketal

År Folketal
1596 6 000[73]
1838 15 000-16 000[51]
1882 16 000[74]
1897 36 000[74]
1906 40 000[74]
1914 42 000[75]
1922 17 426[76]
1945 32 250[77]
1982 100 272[78]
1997 306 113[79]
2004 (Projected) 399 083[80]
2006 (Projected) 439 053[80]
2009 469 687[2]
2012 515 556[2]

I følgje osmanske skattelister frå 1557, hadde Gaza 2 477 mannlege skattebetalarar.[81] Statestikken frå 1596 syner at folkesetnaden i Gaza var muslimar fordelte på 456 hushaldningar, 115 ungkarar, 59 religiøse personar og 19 handikappa. I tillegg var det 141 jundiyan eller «soldatar» i den osmanske hæren. Av dei kristne var det 294 hushaldningar og sju ungkarar, medan det var 73 jødiske hushaldningar og åtte samaritansk hushaldningar. I alt var det estimert 6 000 innbyggjarar i Gaza, noko som gjorde han til den tredje største byen i Osmansk Palestina etter Jerusalem og Safad.[73]

I 1838 var det kring 4 000 muslimar og 100 kristne skattebetalarar, som indikerer eit folketal kring 15 000 eller 16 000—som var større enn Jerusalem på den tida. Det samla talet på kristne familiar var 57.[51] Før fyrste verdskrigen braut ut, var folketalet i Gaza 42 000; men harde kampar i Gaza i 1917 førte til at folketalet fall kraftig.[75]

I ei folketeljing i 1997 av Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Gaza og den tilhøyrande al-Shati-leiren eit folketal på 353 115.[79]

Venskapsbyar

Gaza er venskapsby med:

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Gaza by». Gaza Municipality. Arkivert frå originalen June 20, 2008. Henta 5. september 2015.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Stader in Gaza guvernement by Type of Locality and Population Estimates, 2007-2016». Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). Henta 5. september 2015.
  3. «Gaza (Gazastripa)». International Dictionary of Historic Places 4. Fitzroy Dearborn Publishers. 1996. s. 287–290.
  4. 4,0 4,1 Gaza Benefiting From Israel Easing Economic Blockade
  5. Gaza Border Opening Brings Little Relief
  6. H. Jacob Katzenstein (1982). «Gaza i Egyptian Texts of the New Kingdom». Journal of the American Oriental Society 102 (1): 111–113.
  7. Shahin, 2005, s. 414.
  8. 8,0 8,1 Dumper et al., 2007, s. 155.
  9. Alan Johnston (22. oktober 2005). «Gaza's ancient history uncovered». BBC news. Henta 5. september 2015.
  10. 10,0 10,1 10,2 Filfil, Rania; Louton, Barbara (September 2008). «The Other Face of Gaza: The Gaza Continuum». This Week in Palestine. This Week in Palestina.
  11. Michael G. Hasel (1998) Domination and Resistance: Egyptian Military Activity i Southern Levanten, Ca. 1300–1185 fvt. BRILL, ISBN 90-04-10984-6 p 258
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 «Gaza – (Gaza, al -'Azzah)». Studium Biblicum Franciscanum – Jerusalem. 19. desember 2000. Henta 5. september 2015.
  13. Domarane 16:21
  14. 14,0 14,1 Ring and Salkin, 1994, s.287.
  15. Patai, 1999, s. 149.
  16. Shatzman, 1991, s. 79.
  17. Patai, 1999, s. 142.
  18. Dowling, 1912, s.33.
  19. 19,0 19,1 Doughty, Dick (November 2006). «Gaza: Contested Crossroads». This Week in Palestine. Henta 5. september 2015.
  20. 20,0 20,1 20,2 Remondino (June 5, 2007). «Gaza at the crossroads of civilisations» (PDF). Exhibition: Gaza at the crossroads of civilisations (27. april to 7. oktober 2007). Art and Historie Museum, Geneva, Sveits. Henta 5. september 2015.
  21. Jennifer Lee Hevelone-Harper (1997) Disciples of the Desert: Monks, Laity, and Spiritual Authority in Sixth-century Gaza JHU Press ISBN 0-8018-8110-2 s. 11- 12
  22. Hagith Sivan (2008) Palestina in late antiquity Oxford University Press, ISBN 0-19-928417-2 p 337
  23. Andrea Sterk (2004) Renouncing the World Yet Leading the Church: The Monk-Bishop in Late Antiquity Harvard University Press, ISBN 0-674-01189-9 p 207
  24. Gerald Butt (1995) Life at the crossroads: a history of Gaza Rimal Publications, ISBN 1-900269-03-1 p 70
  25. King David playing the Lyre, Israel Museum, Jerusalem
  26. 26,0 26,1 26,2 Pringle, 1993, s.208
  27. J.S. Tunison: «Dramatic Traditions of the Dark Ages», Burt Franklin, New York, s.11 [1]
  28. Kaegi, W. Byzantium and the early Islamic conquests, s. 95
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 Ring and Salkin, 1994, s.289.
  30. Gil, 1992, s.292.
  31. Sharon, 2009, s.17–18.
  32. Dowling, 1913, s.37.
  33. al-Muqaddasi sitert i le Strange, 1890, s.442.
  34. Gil, 1992, s.349.
  35. Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s.442.
  36. Sharon, 1997, s.XII-XIII.
  37. Sharon, 2009, s.26.
  38. Sharon, 2009, s.87.
  39. Meyer, 1907, s.83.
  40. 40,0 40,1 40,2 40,3 40,4 40,5 40,6 Ring and Salkin, 1994, s.290.
  41. Ibn Batutta sitert i le Strange, 1890, s.442.
  42. Elkan Nathan Adler (1987 (originally 1930)). Jewish Travellers i mellomalderen. Dover. s. 180–181.
  43. Ze'evi, 1996, s.2.
  44. Doumani, 1995, s.35.
  45. Ze'evi, 1996, s.40.
  46. Ze'evi, 1996, s.53.
  47. Dowling, 1913, s.70-71.
  48. Meyer, 1907, s.98.
  49. Ze'evi, 1996, s.41.
  50. 50,0 50,1 Robinson, 1841, s.37.
  51. 51,0 51,1 51,2 Robinson, 1841, s.39.
  52. Robinson, 1841, s.40.
  53. Robinson, 1841, s.38.
  54. 54,0 54,1 54,2 Dumper and Abu-Lughod, 2007, s.155.
  55. «Palestine, Israel and Arab-Israeli Conflict A Primer». Middle East Research Information Project. Henta 5. september 2015.
  56. Feldman, 2008, s.8–9.
  57. Roy, Sara. «The Økonomi i Gaza». Counter Punch. Henta 5. september 2015.
  58. 58,0 58,1 «Gaza crisis: key maps and timeline». BBC News (BBC MMIX). 6. januar 2009. Henta 5. september 2015.
  59. «Abbas sacks Hamas-led government». BBC News (MMVIII). 15. juli 2007. Henta 5. september 2015.
  60. «Human rights coalition: Gaza at worst since 1967». CNN. 6. mars 2008. Arkivert frå originalen May 6, 2008. Henta 5. september 2015.
  61. Sharp, Heather (5. januar 2009). «Gaza conflict: Who is a civilian?». BBC News (MMIX). Henta 5. september 2015.
  62. Lappin, Yaakov (March 26, 2009). «IDF releases Cast Lead casualty numbers». The Jerusalem Post. Henta 6. juni 2012.
  63. «Rocket salvo tests Gaza ceasefire». BBC News (MMIX). 1. oktober 2014. Henta 5. september 2015.
  64. Avstand from Gaza to Tel Aviv and Avstand from Gaza to Jerusalem Time and Date AS.
  65. Velkommen til Rafah Palestina Remembered.
  66. «Satellite View of Gaza». Palestina Remembered. Henta 5. september 2015.
  67. Chilton, John; Hydrogeologists, International Association of (1999). Groundwater in Urban Environment: Proceedings of the XXVII IAH Congress on Groundwater in Urban Environment, Nottingham UK, 21–27. september 1997. Taylor and Francis. ISBN 978-90-5410-924-2.
  68. Lipchin, 2007, s.109.
  69. Briggs, 1918, s.258.
  70. «Gaza». Global Security. Henta 1. oktober 2014.
  71. «Monthly Averages for Gaza, Gazastripa». MSN Weather. Henta 5. september 2015.
  72. «Weatherbase: Climate Information for Gaza». Weatherbase.
  73. 73,0 73,1 Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s.52.
  74. 74,0 74,1 74,2 Meyer, 1907, s.108.
  75. 75,0 75,1 IIPA, 1966, s. 44.
  76. «Velkommen til Gaza by: Town Statistics and Facts». Palestina Remembered. Det britiske mandatet survey in 1922. Henta 5. september 2015.
  77. Hadawi, 1970, s.45.
  78. Folketeljing av Israelsk statistisk sentralbyrå
  79. 79,0 79,1 «Gaza guvernement: palestinsk Population by Locality, Subspace and Age Groups in Years». Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). 1997. Henta 5. september 2015.
  80. 80,0 80,1 «Small Area Population, 1997-2010» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). 1999. s. 101. Henta 5. september 2015.
  81. Cohen and Lewis, 1978.
  82. «La Communauté Urbaine de Dunkerque a signé des accords de coopération avec:». Hôtel de ville de Dunkerque – Place Charles Valentin – 59140 Dunkerque. Arkivert frå originalen November 9, 2007. Henta 5. september 2015.
  83. «Tel Aviv decides to retain contract with Gaza by as `twin city`». Haaretz. Henta 5. september 2015.
  84. Pessotto, Lorenzo. «International Affairs - Twinnings and Agreements». International Affairs Service in cooperation with Servizio Telematico Pubblico. City of Torino. Arkivert frå originalen 2013-06-18. Henta 4. januar 2015.
  85. «خبرگزاری جمهوری اسلامی». .irna.ir. Henta 17. september 2015.
  86. «Vennskapsbyer». Tromsø kommune, Postmottak, Rådhuset, 9299 Tromsø. Henta 5. september 2015.
  87. «Cidades Geminadas». Câmara Municipal de Cascais. Arkivert frå originalen 2007-11-11. Henta 5. september 2015.
  88. «Barcelona internacional – Ciutats agermanades» (på Spanish). © 2006-2009 Ajuntament de Barcelona. Henta 5. september 2015. External link in |publisher= (hjelp)
  89. «Cáceres prepara su hermanamiento con la palestina Gaza» (på Spanish). © 2010 El Periódico de Extremadura. Henta 5. september 2015.

Bakgrunnsstoff

Ahmed Yassin

Sheikh Ahmed Ismail Yassin (1937–22. mars 2004) var ein palestinsk leiar som saman med Abdel Aziz al-Rantiss stifta den islamske motstandsrørsla Hamas i 1987.

Yassin vart fødd i Ashkelon i 1934. På grunn av eit uhell då han var 12 år gammal, vart han sittande i rullestol og var nesten blind. Han vart drepen av israelarane den 22. mars 2004 rett etter at han forlet ein moské.

Al-Mughraqa

Al-Mughraqa (arabisk المغراقة, òg kalla Abu Middein) er ein palestinsk by i Gaza guvernement på Gazastripa, seks kilometer sørvest for Gaza by. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde al-Mughraqa eit folketal på 5 075 i 2006.

Deir al-Balah

Deir al-Balah eller Dayr al-Balah (arabisk دير البلح) er ein palestinsk by sentralt på Gazastripa og det administrative senteret i Deir el-Balah guvernement. Han ligg over 14 km sør for Gaza by. Byen hadde eit folketal på 54 439 i 2007. Byen er kjend for daddelpalmene sine, som han er kalla opp etter.

Deir al-Balah er datert attende til sein bronsealder då han var ein militær utpost for Det nye kongedømet i Egypt. Det vart bygd eit kloster der av den kristne munken Hilarion midt på 300-talet evt. og ein trur at det er staden der det i dag ligg ein moské tileigna St. Georg, lokalt kalla al-Khidr. Under krigane mellom krossfararane og ajjubidane, var Deir al-Balah åstad for ei strategisk kystbort kalla «Darum», og denne vart det stadig kjempa om. Ho vart riven ned og bygd opp att av begge sider før ho endeleg vart rive ned i 1196. Etter dette voks staden til å bli ein stor landsby langs postruta i mamelukk-tida frå 1200-talet til 1400-talet, og tente som eit bispesete for den gresk-ortodokse kyrkja i Jerusalem i osmansk tid fram til seint på 1800-talet.

Under egyptiske kontroll i Deir al-Balah, tredobla folkesetnaden seg på grunn av eit stort inntog av flyktningar frå den arabisk-israelske krigen i 1948. Byen var ein velståande jordbruksbruk fram til han vart erobra av Israel i seksdagarskrigen. Etter 27 år med israelsk okkupasjon, vart Deir al-Balah den første byen som kom under palestinsk sjølvstyre i 1994. Etter utbrotet av den andre Intifada i 2000, har han ofte vore utsett frå åtak frå den israelske hæren som hevdar målet er å stoppe Qassam-rakettar frå å bli avfyrt inn i Israel.

Det palestinske området

Det palestinske området er to landområde Vestbreidda og Gazastripa i området Palestina med indre sjølvstyre. Området ligg på land som har vore okkupert av Israel etter seksdagarskrigen, og staten Israel kontrollerer mykje av av aktiviteten i området.

EFTA-landa har handelsavtale med området.Folketalet i området var i 2008 på 4,1 millionar.

Gaza guvernement

Gaza guvernement (arabisk محافظة غز, Muḥāfaẓat Ġazza) er eit av 16 guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta nord på den sentrale Gazastripa, som vert administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta utanom grensa med Israel, luftrommet og havområdet utafor. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå, var folketalet i distriktet 505 700 i 2006.

Guvernementet består av ein by, tre kommunar og fleire flyktningleirar.

Gazastripa

Gazastripa (arabisk قطاع غزة Qiṭāʿ Ġazzah), eller berre Gaza, er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014.Sunnimuslimar utgjer den største delen av den palestinske folkesetnaden på Gazastripa, som har ein årleg folkevekst på 3,01%, den 9. høgaste i verda. Området er 41 km langt, og frå 6 til 12 km breitt, med ei samla flatevidd på 365 kvadratkilometer. I 2014 var folketalet på Gazastripa kring 1,82 million innbyggjarar.Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949. Artikkel V i avtalen erklærte at grenselinja ikkje var ei landegrense. Først vart Gazastripa offisielt administrert av All-Palestina-styret, som vart grunnlagd av Den arabiske ligaen i september 1948. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959. Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan juli 2007, etter det palestinske valet i 2006 og Hamas tok over i 2007, har Hamas i røynda hatt makta på Gazastripa, og danna ei alternativ Hamas-regjering i Gaza. Staten Palestina gjer krav på Gazastripa, men forsoningssamtalar med Hamas har så langt ikkje ført fram.

Jabalia

Jabalia eller Jabalya (arabisk جباليا), er ein palestinsk by som ligg 4 km nord for Gaza by. Han er under Nord-Gaza guvernement på Gazastripa. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Jabalia eit folketal på 82 877 i 2006. Jabalia flyktningleir ligg like ved byen i nord. Den nærliggande byen Nazla er ein del av Jabalia kommune. Byen vert for tida styrt av Hamas.

Johan Jørgen Holst

Johan Jørgen Holst (29. november 1937–13. januar 1994) var norsk forskar og politikar (Ap) frå Oslo. Han var forsvarsminister frå 1986 til 1989, og frå 1990 til 1993, og deretter utanriksminister frå 1993 til han døydde i 1994. Han var styremedlem i Europarørsla frå 1973, der han var formann frå 1982 til 1986. Som utanriksminister er Holst truleg mest kjend for medverknaden til Oslo-avtalen i 1993. Han hadde eit mangfaldig internasjonalt kontaktnett, mellom anna med nøkkelpersonar som var med på å forme diplomatiet under den den kalde krigen, spesielt innan NATO, men også i nøytrale land og i Warszawapakta. Holst hadde bakgrunn som forskar på tryggingspolitikk, men han tok aldri nokon doktorgrad. Stilen hans var intellektuell, men forskinga var meir prega av interesse for det praktiske, for det som kunne bidra til ein framsynt politikk. Særleg galdt det rustingskontroll.

Juhor ad-Dik

Juhor ad-Dik (arabisk جحر الديك) er ein palestinsk landsby i Gaza guvernement, sør for Gaza by, sentralt på Gazastripa. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde landsbyen eit folketal på 3 200 innbyggjarar i 2006.Tretten innbyggjarar, inkludert minst to barn, vart drepne og 18 andre skadde då israelske stridsvogner skautmot ein moské og to hus i landsbyen den 16. april 2008. Under Gazakrigen vart kjempa ofte israelske soldatar og palestinsk milits nær Juhor ad-Dik.

Madinat al-Awda

Madinat al-Awda (arabisk مَدينَة العودة) er ein palestinsk landsby i Gaza guvernement i dei nordvestlege forstadane til Gaza by langs Middelhavskysten og mellom al-Shati-leiren og al-Atatra. Folketalet i 1997 Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) var 420, og det steig til 590 i 2006.

Ramallah

Ramallah (arabisk رام الله, Rām Allāh, hebraisk skrift רמאללה) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda 10 km nord for Jerusalem, like ved al-Bireh. Han er i dag i røynda den administrative hovudstaden i Palestina. Med eit folketal på nesten 27 092, dannar muslimar størstedelen av folkesetnaden, medan dei kristne utgjer ein større minoritet. Byen var tidlegare ein primært kristen by.

Tkuma i Israel

Tkuma (hebraisk skrift תְּקוּמָה, tyder Gjenoppstandelse) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nordvest for Netivot og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 514 innbyggjarar.

Verdas land etter folketal

1 Dette talet inkluderer ikkje Hong Kong, Macau eller landområda administrert av den Kinesiske Republikken (Taiwan)

Yasir Arafat

Mohammed Abdel Rahman Abdel Raouf Arafat al-Kidwa al-Husseini, kjend som Yasir Arafat og med dekknamnet Abu Ammar (fødd 24. august 1929 i Kairo, død 11. november 2004 i Clamart) var ein palestinsk leiar. Han var formann i den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) og president i dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA), og kjempa mot den israelske staten og for palestinsk sjølvråderett. Han brukte mykje av livet sitt på å leie det sekulære, politiske partiet Fatah, som han danna i 1959. Arafat var opphavleg imot Israel sin eksistens, men modifiserte posisjonen sin i 1988, då han aksepterte resolusjon 242 frå tryggingsrådet i FN.

Arafat og rørsla hans opererte frå fleire arabiske land. På slutten av 1960-talet og starten av 1970-talet kjempa Fatah mot Jordan, i det som vart ein kortvarig konflikt. Arafat og Fatah vart pressa ut av Jordan og inn i Libanon, der dei var mål for invasjonane til Israel i 1978 og 1982. Fleirtalet av det palestinske folket, uavhengig av politisk ideologi eller fraksjon, såg på han som ein fridomskjempar og martyr som symboliserte dei nasjonale ynska deira. Mange israelarar såg derimot på Arafat som ein terrorist på grunn av dei mange åtaka gruppa hans gjorde mot sivile.Seinare i karrieren var Arafat med i ei rekkje forhandlingar med dei israelske styresmaktene, med sikte på å gjere slutt på den fleire tiår lange konflikten mellom Israel og PLO. Forhandlingane inkluderte Madridkonferansen i 1991, Oslo-avtalen i 1993 og Camp David-forhandlingane i 2000. Dei politiske rivalane hans, inkludert islamistar og fleire venstreorienterte PLO-medlemmer, skulda han ofte for å vere korrupt eller for å vere undergjeven i forhandlingane og avtalane med dei israelske styresmaktene. I 1994 fekk Arafat Nobels fredspris saman med Yitzhak Rabin og Shimon Peres for forhandlingane sine i Oslo. På denne tida kom Hamas og andre paramilitære organisasjonar til makta og undergrov autoriteten som Fatah og Arafat hadde gjort krav på.

Seint i 2004, etter å ha vore innesperra i hovudkvarteret sitt i Ramallah i over to år av den israelske arméen, vart Arafat sjuk og fall i koma. Arafat døydde 11. november 2004, i ein alder av 75 år. Dødsfallet skapte stor sorg i det palestinske folket, og det vart spekulert hyppig i media om potensielle dødsårsaker. Den nøyaktige dødsårsaka er framleis ukjend, og sjølv om legane snakka om idiopatisk trombocytopenisk purpura og skrumplever, vart det ikkje gjort nokon obduksjon.

Klimadata for Gaza
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 17 17 20 26 29 31 33 33 31 28 24 19 26
Normal min. temp. °C 7 7 9 13 15 18 20 21 19 17 12 8 14
Nedbør (mm) 76 49 37 6 3 0 0 0 0 14 46 70
Kjelde: Weatherbase [72]
Gaza guvernement
Byar GazaDet palestinske flagget
Kommunar Al-Zahra
Landsbyar Juhor ad-Dik · Madinat al-Awda · al-Mughraqa
Flyktningleirar al-Shati
Byar i Dei palestinske territoria
Vestbreidda Abu Dis · Arraba · Bani Na'im · Beit Sahour · Beit Jala · Beit Ummar · Beitunia · Betlehem · al-Bireh · ad-Dhahiriya · Dura · al-Eizariya · Halhul · Hebron · Idhna · Jenin · Jeriko · Nablus · Qabatiya · Qalqilyah · al-Ram · Ramallah · Sa'ir · Salfit · as-Samu · Tarqumiya · Tubas · Tulkarm · Ya'bad · al-Yamun · Yatta
*Gazastripa Abasan al-Kabira · Bani Suheila · Beit Hanoun · Beit Lahia · Deir al-Balah · Gaza · Jabalia · Khan Yunis · Rafah · az-Zawayda
*Frå juni 2007 til juni 2014 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.