Galicia i Spania

Galicia er ein autonom region nordvest i Spania med status som historisk region og eit av dei første kongedøma i Europa.[1] (Kongedømet Galicia). Regionen er delt inn i provinsane A Coruña, Lugo, Ourense og Pontevedra. Han grensar til Portugal i sør, dei spanske regionaen Castilla y León og Asturias i aust, Atlanterhavet i vest og Biscayabukta i nord.

Galicia
Flagget til Galicia Våpenet til Galicia
Flagget til Galicia Våpenet til Galicia
Plassering
Plassering av Galicia
Styresmakter
Provinsar 4
Hovudstad Santiago de Compostela
President Alberto Núñez Feijóo (PP)
Geografi
Flatevidd
29 574 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

2 783 100
  94,1 /km²
Koordinatar 43°00′″N 8°00′″WKoordinatar: 43°00′″N 8°00′″W
Annan informasjon
Postnummer ES-GA
Nettstad: www.xunta.es

Geografi

Geografisk er Galicia kjend for mange fjordliknande bukter langs kysten, estuar som vart fylte då havnivå steig etter den siste istida. Desse vert kalla rías og er delt inn i Rías Altas og Rías Baixas. Riaene er viktige for fiske og gjer kysten til eit viktig fiskeområde. Det flotte landskapet og villskapen til kysten trekkjer til seg mange turistar. Kysten av dette grøne hjørnet av Den iberiske halvøya er òg kjend som Costa do Marisco («Sjømatkysten»).

Galiciacoast
Finisterre på atlanterhavskysten av Galicia

Eit par av dei tette atlantiske skogane er bevarte i Galicia. Regionen er relativt lite forureina og landskapet består av grøne åsar, klipper og rias som er ganske så forskjellig frå det ein finn i resten av Spania.

Dei indreområda er mindre folkesette og mange flyttar frå desse områda til kysten og dei store byane i Spania. Terrenget består av fleire låge fjellkjeder som vert kryss av mange små elvar. Mange av elvane vert utnytta til produksjon av vasskraft. Galicia har faktisk så mange små elvar at regionen har vorte kalla «landet med dei tusen elvane». Dei viktigaste elvane er Miño og Sil, som har ein vakker canyon.

Fjella i Galicia er ikkje høge, men har likevel isolert landsbygdene i dei indre områda og hindre utvikling i dette området. Det finst eit skisenter i Cabeza de Manzaneda (1778 moh) i provinsen Ourense. Det høgaste fjellet er Trevinca (2127 moh) på den austlege grensa til Ourense med provinsane León og Zamora (Castilla y León).

Galicia har ingen omfattande naturområde og har hatt fleire miljøproblem i moderne tider. Avskoging har vore problem i mange område, i lag med spreiinga av eukalyptustre, som vart importert av papirindustrien. Dyrelivet, hovudsakleg ulven, har lidd på grunn av bønder og kvegbøndene. Den naturlege hjorten er i tilbakegang på grunn av jakt og utvikling. I nyare tid har oljesøl vorte eit stort miljøproblem, særleg med Mar Egeo-ulukka i La Coruña og oljeutsleppet til «Prestige» i 2002, Andre miljøsaker er forureining frå fiskeoppdrettsanlegg på kysten, overfiske og mange skogbrannar, trass i det våte klimaet her.[2]

Administrativ inndeling

Situacion Provincia da Coruña

Provinsen La Coruña

Situacion Provincia de Lugo

Provinsen Lugo

Situacion Provincia de Ourense

Provinsen Ourense

Situacion Provincia de Pontevedra

Provinsen Pontevedra

Galicia vart delt inn i sju administrative provinsar fram til 1833: La Coruña, Santiago, Betanzos, Mondoñedo, Lugo, Ourense og Tui.

Frå 1833 vart dei sju provinsne frå 1400-talet slått saman til fire: La Coruña, Ourense, Pontevedra og Lugo.

Dei største byane er Vigo, La Coruña, Ourense, Lugo, Pontevedra, Ferrol og Santiago de Compostela, som er hovudstad og erkebispesetet.

Klima

Vêret i Galicia er i stor grad dominert av nærleiken til Atlanterhavet med milde temperaturar året rundt. Santiago de Compostela har i snitt 100 regndagar i året. Dei indre områda, særleg i fjellområda i Ourense og Lugo, får ein del frost og snøfall om vinteren.

Om sommaren er temperaturen høg og dei tette skogane fører ofte til skogbrannar. Skogbrannane sommaren 2006 var særleg ille og fleire titusen hektar brann medan himmelen var svart av røyk.

Historie

Cathedral Santiago de Compostela
Katedralen Santiago de Compostela
Cantigas Santa Maria
Illustrasjon frå eit Cantigas de Santa Maria-manuskript.

Namnet Galicia kjem frå det latinske namnet Gallaecia, knytt til namnet på ei eldgammal keltisk stamme som levde ovanfor elva Douro.

Før den romerske invasjonen levde ei rekkje stammer i regionen og i følgje Strabius, Plinius den eldre, Herodotus og andre delte dei liknande keltiske skikkar.

Området vart først innteke av romerske legionar under Decimus Junius Brutus i 137–136 f.Kr.,[3] men provinsen vart berre delvis romanisert i tida under Augustus.

På 400-talet e.Kr. fall Galicia til suevane i 411, som danna det første mellomalderske kongedømet i Europa etter at Romarriket fall. I 584 invaderte den vestgotiske kong Leovigild det sueviske kongedømet Galicia og tok det inn under vestgotisk kontroll. I denne perioden vart eit britisk kolonibispedøme oppretta i Nord-Galicia (Britonia) og folkesett av britiske kolonistar som rømde frå den anglo-saksiske invasjone. Under den mauriske invasjonen av Spania (711-718) klarte aldri maurarane å få skikkeleg kontroll over Galicia og situasjonen heldt seg slik fram til 739, då Alfonso I av Asturias klarte å drive dei ut og Galicia vart assimilert med Kongedømet Asturias.

På 800- og 900-talet gav grevane i Galicia berre delvis støtte til kongedømet og normannarar og vikingar plyndra ofte kysten deira. Tårna i Catoira[4] (Pontevedra) vart bygd som eit system for å verne seg mot vikingtokta på Santiago de Compostela.

I 1063 delte Ferdinand I av Castilla kongedømet sitt mellom sønene sine. Galicia vart tildelt Garcia II av Galicia. I 1072 vart det under tvang annektert til broren til Garcia, Alfonso VI av Castilla og frå den tid var Galicia ein del av Kongedømet Castilla y Leon, men hadde forskjellig grad av sjølvstyre.

Den siste episoden av det galiciske sjølvstyret var familiekonflikten mellom Isabella I av Castilla og Joanna La Beltraneja («dotter av Beltrán» og må ikkje forvekslast med Joanna den galne). Ein trudde at Joanna var ei uekte dotter av Beltrán og den tidlegare dronninga (derfor namnet Beltraneja). Ein politisk kamp følgde og adelen som støtta Joanna (det meste av aristokratiet i Galicia) tapte. Dette gav Isabella fri bane til å starte ein prosess ho kalla «Doma y Castración del Reino de Galicia», altså «Temminga og kastreringa av kongedømet Galicia»

På 1800-talet oppstod regionalistiske og føderalistiske rørsle. Frå 1916 og gjennom 1920-åra utvikla desse seg til ei full nasjonalistisk rørsle. Etter Den andre spanske republikken vart erklært i 1931, vart Galicia ein autonom region etter ei folkeavstemming. Under regimet til Francisco Franco, som sjølv var frå Galicia og Ferrol frå 1936 til 1975, vart sjølvstyret oppheva. Franco-regimet undertrykte all offisiell bruk av det galiciske språket. Det siste tiåret under Franco oppstod ei ny nasjonalistisk kjensle i Galicia.

Etter overgangen til demokrati på slutten av 70-talet fekk Galicia attende sjølvstyret sitt i Spania.

Biletgalleri

Santiago GDFL catedral 30

Pórtico da Gloria, katedralen Santiago de Compostela

Lugo 060420

Romersk vegg i Lugo

Ribeira Sacra. Río Sil. Lugo. Galiza

Elva Sil

Torre de Hércules - DivesGallaecia2012-76

Torre de Hércules i La Coruña

Kjelder

  1. Historia Francorum. Gregorio de Tours.
  2. Ein guide til klima, geografi, natur og dyreliv i Galicia
  3. Livius lv., lvi., Epitome
  4. Viking Festival

Bakgrunnsstoff

Anllóns

Anllóns er ei elv i Galicia i Spania. Ho spring ut i Xalofjella, om lag 400 meter over havet, og munnar ut i Ria de Corme y Lage. Ho er 54,4 km lang og renn gjennom kommunane Cabana de Bergantiños, Carballo, Cerceda, Coristanco og Ponteceso.

Arousa

A Illa de Arousa (spansk La Isla de Arosa) er den einaste øykommunen i Galicia i Spania. Han ligg i provinsen Pontevedra.

Catoira

Catoira er ein kommune i provinsen Pontevedra i Galicia i Spania.

Festivaler i Catoira er Festa da parroquia de Oeste, òg kalla Festas de Santabaia, andre søndagen i august. Første søndagen i august er Romaría Vikinga.

Cortegadaøya

Cortegada (spansk Isla de Cortegada) er ei øy på kysten av Pontevedra i Galicia i Spania. Ho er ein del av Islas Atlánticas de Galicia nasjonalpark.

Costa da Morte

Costa da Morte (tyder «Dødskysten») er ein del av kysten av Galicia i Spania. Costa da Morte strekkjer seg frå landsbyen Fistera til byen Malpica. Den største byen ved kysten her er A Coruña.

«Dødskysten» har fått dette namnet på grunn av dei mange skipsvraka som ligg like utanfor dei farlege klippene. Medan Rías Baixas er verna av ei ujamn kystlinje og mange øyar, er Costa da Morte direkte utsett for Atlanterhavet. Det er eit område som har vorte råka av fleire oljeutslepp, mellom anna frå «Prestige» i 2002.

Det ytre neset er kjen av antropologiske, historiske og geografiske årsaker. Namnet på galisisk er Fisterra, og opphavet til dette namnet går heilt tilbake til førromersk tid då det vart sagt at dette var enden på verda (Finis-terrae). Området vart kristna av den romersk-katolske kyrkja ved at mange kristne pilegrimar reiste hit langs Jakobsvegen.

Folk i området har bevart dei førkristne keltiske ritualstadane og ført med seg noko av den gamle trua. Til dømes finst det store pedras de abalar (ruggesteinar) gjennom heile området. Desse var heilage keltiske stader og nytta i forskjellige rituale som framleis går att i den lokale kulturen.

Costa do Marisco

Costa do Marisco, galicisk omsetjing av det opphavlege spanske namnet på kysten av Galicia i Spania. På norsk tyder namnet «Sjømatkysten».

Europaveg 1

Europaveg 1 er den vestlegaste europavegen i retning nord-sør og går mellom Larne i Nord-Irland og Sevilla i Andalusia, Spania. I Nord-Irland er vegen ikkje skilta som E1.

Trasé fastlagd av UNECE: Larne – Belfast – Dublin – Wexford – Rosslare ... La Coruña – Pontevedra – Valença – Porto – Avegro

(Albergaria) – Coimbra – Lisboa – Setúbal – Faro – Vila Real de Santa António – Huelva – Sevilla. Vegens lengde er 100 km i Nordirland, 260 km i Republikken Irland, 180 km i Galicia i Spania, 780 km i Portugal og 140 km i Andalusia i Spania, til saman 1 460 km.

Mellom Rosslare og La Coruña er det ikkje noko direkte ferjesamband. Ferjesambanda Rosslare – Pembroke og Plymouth – Santander er eit alternativ. Vila Real de Santa António ligg ved Guadiana men har ikkje bru til Spania, traséen går difor om Castro Marim.

Ferrol

Ferrol er ein by i provinsen La Coruña i Galicia i Spania ved kyten av Atlanterhavet. Byen har kring 75 000 innbyggjarar og eit storbyområde som omfattar opp mot 250 000 innbyggjarar.

Byen har vore kjend for skipsverfta sine og har hatt ein av dei største spanske marinebasane sidan Bourbon-familien styrte landet. Før dette, på 1600-talet, var Ferrol det viktigaste våpenlageret i Europa. I dag er byen mest kjend for skipsverftet Navantia.Byen er fødestad for den spanske generalen Francisco Franco i 1892 og vart offisielt kalla El Ferrol del Caudillo frå 1938 til 1982.

Galicia

Galicia kan vise til

Geografiske område

Galicia i Spania, ein autonom region nordvest i Spania

Gallaecia, ein provins i Romarriket

Kongedømet Galicia, eit kongedøme i mellomalderen

Kongedømet Galicia og Portugal, eit kongedøme i mellomalderen.

Nueva Galicia, ein region i Ny-Spania, no i MexicoGalicia i Mellom-Europa, ein historisk region som dekkjer det vestlege Ukraina og søraustlege Polen.

Kongedømet Galizia–Volhynia, eit kongedøme i mellomalderen

Kongedømet Galizia og Lodomeria, eit kronland i Det austerrikske riket, seinare i Austerrike-Ungarn.

Vest-Galizia, ein kortvarig administrativ region i Det austerrikske riket.

Distriktet Galizia, eit distrikt under den andre verdskrigen i det nazi-okkuperte Polen.Andre

Galícia Esporte Clube, ein brasiliansk fotballklubb

Deportivo Galicia, ein venezuelansk fotballklubb

La Coruña

La Coruña, galisisk språk og offisielt A Coruña, er den nest største byen i Galicia i Spania etter Vigo. Byen er provinshovudstad i provinsen La Coruña og hovudsetet for Tribunal Superior de Xustiza de Galicia og Universitet i La Coruña. Byen var òg hovudstad i heile Galicia frå 1563 til 1982, då denne rolla vart flytta til Santiago de Compostela. Byen har kring 250 000 innbyggjarar.

La Coruña er ein travel hamneby på eit nes ved inngangen til eit stort estuar ved Atlanterhavet. Mykje av tungindustrien er basert på skipsverft og metallarbeid i nabobyen Ferrol, men det ligg eit oljeraffineri i sjølve La Coruña.

Deportivo de La Coruña er den mest kjende fotballklubben frå byen.

Limia

Limia (spansk) eller Lima (portugisisk) er ei elv i Galicia i Spania og Portugal med ei lengd på 108 km.

Kjelda til Limia er Talariño (975 moh), nær landsbyen Paradiña i kommunen Sarreaus (Ourense i Spania). Ho kryssar grensa til Portugal nær landsbyen Lindoso og munnar ut i Atlanterhavet nær Viana do Castelo.

Limia vart av romarane rekna som den mytiske Lethe.

Lérez

Lérez er ei elv sørvest i Galicia i Spania. Ho munnar ut i Atlanterhavet ved Pontevedra, der ho dannar eit estuar (ria). Ho har ei lengd på 60 km og spring ut i Serra do Candán i fjellet San Bieito i kommunen Aciveiro (Forcarei). Lérez renn gjennom kommunane Forcarei, Cerdedo, Campo Lameiro, Cotobade og til slutt Pontevedra.

Dei største sideelvane hennar er Salgueiro, Cabaleiros, Rio Grande, O Castro, Quireza, Tenorio og Almofrei.

Onsøya

Onsøya (galicisk Illa de Ons; spansk Isla de Ons) er den største øya i ei lita øygruppe utanfor kysten av Pontevedra i Galicia i Spania. I lag med fleire andre øygrupper på Pontevedrakysten er ho ein del av Islas Atlánticas de Galicia nasjonalpark. Ons høyrer adminsitrativt til kommunen Bueu, som har fast ferjesamband til øya. Det same har fastlandsbyane Portonovo, Sanxenxo, Marín og Aldán.

Rio Sar

Sar er ei elv i Galicia i Spania. Elva spring ut nær Santiago de Compostela og renn over 30 km gjennom A Maía-dalen før ho munnar ut i Rio Ulla nær Padron.

Pomponius Mela nemner elva (Sars) i De situ orbis libri III. Den galisiske lokale diktaren Rosalia de Castro skreiv eit samla verk kalla En las Orillas del Sar («Ved breidda av Sar») på kastiljansk spansk.

Rio Sil

Sil er ei elv i Galicia i Spania og ei av sideelvane til Miño. Ho er 228 km lang. Sil spring ut i Dei kantabriske fjella og renn gjennom provinsane León og Ourense. Den største byen langs Sil er Ponferrada. Sil munnar ut i Miño oppfor Ourense.

Rio Ulla

Ulla er ei elv i Galicia i Spania. Ho renn frå Monterroso til Ría de Arosa.

Elva er 132 km lang og har eit nedslagsfelt på 2764 km².

Rías Baixas

Rías Baixas (tyder «Nedre Ria») er ein del av Costa del Marisco ut mot Atlanterhavet i den sørlege delen av Galicia i Spania. Kyststrekninga ligg langs den sørlege delen av provinsen A Coruña og heile provinsen Pontevedra. I sør grenser Rias Baixas til Portugal og endar ved Kapp Finisterre i nord.

San Martiño

San Martiño er namnet på to øyar utanfor kysten av Galicia i Spania. Namnet tyder Sankt Martin på galicisk.

Den eine øya ligg på nordkysten av Galicia, ved munningen av Sor og starten på O Barqueiro-estuaret. Ho er danna av ein meander i elva Sor. Øya høyrer til kommunen O Vicedo.

Den andre øya høyrer til Cíesøyane.

Vigo

Vigo er den største byen i Galicia i Spania, og ligg i provinsen Pontevedra.

Han har opp mot 300 000 innbyggjarar og eit storbyområde på kring 470 000 innbyggjarar, som er det fjortande største i Spania. Vigo er den største byen i Spania som ikkje er provinshovudstad.

Autonome regionar i Spania
Andalucía · Aragón · Asturias · Balearane · Baskarland · Cantabria ·
Castilla-La Mancha · Castilla y León · Catalonia · Extremadura · Galicia ·
Kanariøyane · La Rioja · Madrid · Murcia · Navarra · Valencia
Flag of Spain.svg

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.