Frelse

Frelse (av norrønt frelsi, frjalsi, frå frels som tyder 'fri-hals') er eit sentralt omgrep i fleire religionar. Det inneber ei førestilling om at menneske kan overvinna eller frigjerast frå det ufullkomne. Ulike tradisjonar hevdar ein kan oppnå frelse på ulike måte, anten ved guddommeleg hjelp, som i islam, kristendommen og delar av hinduismen eller ved si eiga kraft, som i fleire dharmiske (indiske) religionar, som buddhismen og andre delar av hinduismen.

Kva ein treng frelse frå kan definerast ulikt blant dei ulike tradisjonane. Innan kristendommens og til ein viss grad også jødedommen og islam søker ein frelse frå synd og følgjene av synd. Indiske religionar søker gjerne frelse frå samsara, den endelause livssyklusen.

Albrecht Altdorfer - Christus am Kreuz mit Maria und Johannes (Gemäldegalerie Alte Meister Kassel)
I kristendommen står Jesu soning på krossen sentralt i frelsessynet.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Arvesynd

Arvesynd er den teologiske neminga for synd som kvart menneske ifølgje kristen lære er fødd med. Arvesynda består både av skyld som er blitt arva og av dei ibuande syndige tendensane og mangel på gudsfrykt i mennesket.

Læra om arvesynd er skissert av Paulus i Rom 5,12–19 og vidare utvikla av kyrkjelærarane i Oldkyrkja som bakgrunn for den kristne læra om frelse og grunngjeving for barnedåpen. Arvesynda blei vanlegvis sett på som ein følge av eit historisk syndefall av stamfaren til menneskja, Adam (1 Mos 3). Nyare teologar søker ofte å halda på teorien uten den historiske grunngjevinga.

Trua på arvesynd er utbreidd i ulike kyrkjesamfunn, men rekkjevidda og vesenet til denne synda er tolka ulike. Den lutherske læra finst i Den augsburgske vedkjenninga, art. 2, og i Melanchthons apologi, ad art. 2.

Biskopshavn kyrkje

Biskopshavn kyrkje er ei langkyrkje frå 1966 i Bergen kommune, Hordaland fylke. Ho er soknekyrkje for Biskopshavn menighet i Åsane prosti, Bjørgvin bispedømme. Kyrkja er bygd som eit naust av betong, tegl og tre. Arkitektar var Jakob Myklebust, Bjørn Simonnæs og Helge Borgen.

Ho har eit frittståande klokketårn vest for kyrkja. Tårnet har to kyrkjeklokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi. Den vesle har inskripsjonen "Seilskip+anker+Oss til frelse" og den store

"Fredsdue+P+Gud til ære".Inventaret er enkelt og i tre. Kyrkja har pipeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk. Det er frå 1966 og har 2 manualar og pedal. I 1990 vart orgelet restaurert og bygd om til 20 stemmer av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri.

Dipavali

Dipavali eller divali er namnet til den indiske lyshøgtida. Ho vert feira med at ein tenner oljelampar og fyrverkeri. Dipavali er den einaste høgtida som tradisjonelt har vorte feira i alle delar av India og har difor i dag vorte eit symbol på samhald i India.

Sjølv om dipavali i Vesten vert sett på som éin hinduisk fest, er høgtida eigentleg mykje meir enn det. Høgtida inkluderer ti ulike hinduiske, djainistiske og sikh-festar, som fell på eller rundt den første nymånen i den indiske månaden kártika. Den første historiske referansen til dipavali er i eit djainistisk verk, og det er difor mogleg at det var dei som byrja å feira høgtida. Som ein lysfest med gåvegjeving som fell i det nordlege vinterhalvåret, blir høgtida ofte likna med jul. Ho er også ei nyårsfeiring i nokre hindukalenderar i Nord-India.

Djainismen

Djainismen er ein religion som har utspring i India og framleis hovudsakleg blir følgd der. Religionen slik han er i dag skriv seg tilbake til Vardhamana Mahavira som levde på 500-talet f.Kr. Han bygger på hinduismen og har òg hatt stor innverknad på denne religionen. Djainismen legg vekt på gode handlingar som vegen til frelse, heller enn dyrking av nokon guddom.

Jean Calvin

Jean Calvin (10. juli 1509–27. mai 1564) var ein fransk-sveitsisk kyrkjereformator fødd i Noyon i Picardie.

Han var påverka av Martin Luther. Calvin drog bort frå Frankrike i 1534 på grunn av at han vart forfølgt og oppheldt seg deretter hovudsakleg i Genève i Sveits, der han døydde i 1564.

Kalvinismen lærer at Bibelen er Guds lov. Nokre menneske er forutbestemt av Gud til evig frelse, andre til evig fortaping. Guds majestet og forutbestemming er viktige delar av læra til Calvin.

Jehovas vitne

Jehovas vitne er eit internasjonalt og verdsomfattande trussamfunn. Jehovas vitne kallar seg kristne og baserer trua si på tekstane i Bibelen, slik desse vert tolka av trussamfunnet si leiing i Sambandsstatane. Dei har ei lære som skil seg vesentleg ut frå dei fleste andre kristne trussamfunna, som dei òg markerer avstand til. Jehovas vitne ser sin religion som den einaste sanne.

Jehovas vitne er vidkjende i Noreg og store delar av verda for omfattande misjonsverksemd ovanfor alle som ikkje høyrer til trussamfunnet. Dei kallar seg Jehovas vitne fordi dei meiner at Jehova er det rette namnet på Gud.

Jehovas vitne har om lag 8,3 millionar medlemer.

Krossfestinga av Jesus

Krossfestinga av Jesus er ei særs viktig hending i kristendommen. Innan kristen teologi er Jesu Kristi liding og død sett på som naudsynte for at menneskja skal få syndforlating og frelse. Hendinga er skildra i alle dei fire evangelia i Nytestamentet. Krossen brukt i krossfestinga er blitt eit symbol på kristendommen, og ein finn avbildingar eller skulpturar av Jesus på krossen i og ved mange kyrkjer.

Limbus

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå limbus (fleirtyding).

Limbus, også kalla forhelvete eller limbo, er i katolsk teologi ein tenkt tilstand mellom frelse og fortaping for avlidne som er uforskyldt hindra frå å kome til himmelen. Det katolske læreembetet har aldri teke stilling til om limbus eksisterer eller ikkje.

Mesilat Zion

Mesilat Zion (hebraisk מְסִלַּת צִיּוֹן, מסילת ציון) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh med eit areal på 1 000 dekar i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 764.

Moshaven vart grunnlagd som ein arbeidarlandsby i 1950 av emigrantar frå Jemen. Etter få år drog grunnleggjarane og vart erstatta av Cochini-jødar. Namnet på landsbyen er symbolsk, sidan han låg nær Burmavegen. Han symboliserer slutten på kringsetjinga av Jerusalem under den arabisk-israelske krigen i 1948, og er basert på vers frå boka til Jesaja, kapittel 62, «For Sions skuld vil eg ikkje teia, for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera roleg....Fram, fram gjennom portane, rydd veg for folket! Bygg veg, bygg veg og reins han for stein! Reis eit banner for folka!....Sei til dotter Sion: Sjå, di frelse kjem!.» Jesaja 62:1-11

Mirakel

Mirakel, òg kalla under, er ei hending som står i strid med det som etter vanleg meining i vedkomande samfunn er rekna som ein mogleg verknad av det som er gjort. Mirakel eller under er det til dømes at eit menneske har evna til å vekke til live folk som har døydd, gjere blinde menneske sjåande, kan vandre på vatnet, kan roe ned stormar ved hjelp av påbod og handrørsler, ikkje sjølv rotnar etter å ha døydd, og mykje anna.

I dei fleste religionar spelar soger om mirakel eller mirakuløse og uforklårlege hendingar ei vesentleg rolle. Mirakel av ymse slag vert mellom anna nytta som prov på at vedkomande som står bak hendinga er guddommeleg eller heilag på eit aller anna vis, avhengig av kva religion det gjeld. Staden der mirakelet har skjedd, vert ofte gjort til ein meir eller mindre viktig pilegrimsstad som det kan bringe lækjedom eller frelse å vitje. I religiøs samanheng er det ofte ein autorativ instans som avgjer om eit påstått mirakel er å sjå på som ekte, og om staden hendinga gjekk føre seg, skal reknast som heilag.

Uforklårlege og mirakelliknande hendingar spelar òg ei stor rolle i folketrua. Men etter det meiningsinnhaldet som ligg i omgrepa mirakel eller under, har ikkje slike hendingar noko med mirakel å gjere.

Negro spirituals

Negro spirituals eller berre spirituals er religiøse songar som er skapa og sungne av afroamerikanarar i USA i slavetida og seinare.

Tekstane i songane byggjer på bibelsoger, særleg frå lidingane til jødane skildra i Det gamle testamentet. Ein del tekstar kan forståast både som eit kristent håp om frelse og eit håp om å sleppe fri frå slaveri og undertrykking i dette livet. Melodiar og syngestil har ei rekkje afrikanske trekk med synkopert rytme, blåtonar og veksling mellom ein improviserande solist og ei korande gruppe som gjentek eit fast, rytmisk omkved.

Dei første negro spiritualane blei nedskrivne i 1860-åra. På midten av 1900-talet blei ein del av dei tekne i bruk som kampsongar av borgarrettsrørsla i USA. Seinare er musikktypen blitt brukt i mange ulike samanhenger, frå kyrkjebruk over heile verda, som i Norsk salmebok 2013, til idrettssongar, som «Swing Low, Sweet Chariot», som mellom anna er knytt til rugby.

Predestinasjon

Predestinasjon er ei kristen lære som seier at enkeltmenneske er forutbestemte til frelse eller fortaping.

Utgangspunktet for denne tenkinga er trua på at Gud er allmektig og allvitande, og at ikkje noko skjer uten at det er Guds vilje. Vidare byggjer ho på at mennesket i seg sjølv er syndig og fortapt; frelsa er eit under som kjem av at den truande er utvald til frelse etter Guds evige beslutning.

Det nye testamente har inga samanhengjande lære om predestinasjon, men mange utsegner kan tolkast til fordel for henne (Rom 8,29; 9,18; Ef 1,4; Joh 6,70).

Ei teologisk lære om predestinasjon blei først utforma av Augustin av Hippo. I kampen mot Pelagius sin synergisme hevda han at mennesket ikkje kan gjera noko for si eiga frelsa, og at Gud derfor har vald ut eit bestemt tal til frelse.

Calvin representerer predestinasjonslæra i den strengaste forma, men reformerte kyrkjer i nyare tid held sjeldan på denne strenge læra. Også Luther var tilhengjar av predestinasjonslæra, ettersom han følgde tradisjonen frå Augustin. For Luther var det likevel viktig å ikkje gjera temaet til gjenstand for teologisk spekulasjon; for han hadde det med den skjulte, og ikke med den openbarte, Gud å gjera. Læra er ikkje teken opp i dei lutherske vedkjenningsskrifta.

Synd

Synd (av norrønt synd) er eit religiøst omgrep som kan visa til tilstandar, handlingar, tankar eller ytringar knytt til ureinskap, manglar eller feil i høve til ei rettesnor. Synd er eit sentralt omgrep i jødedommen, kristendommen og islam; det finst òg i andre religionar, som i buddhismen og hinduismen. Omgrepet kan vera ei forklaring på liding og død, eit grunnlag for straff og eit hinder for frelse. Ein kan forstå synd som noko som kan fjernast gjennom eigne handlingar, eller som noko berre ein guddom kan taka bort.

Yagel

Yagel (hebraisk skrift יָגֵל, tyder Han skal jubla) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Lod og Ben Gurion internasjonale lufthamn og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2006 hadde han 698 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd den 27. juni 1950 av immigrantar frå Irak, og heitte først Lod Bet, men fekk seinare namnet Yagel frå Salmane 14:7;

Måtte frelse koma til Israel frå Sion! Når Herren vender lagnaden for sitt folk, skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Yesha i Israel

Yesha (hebraisk skrift יֵשַׁע, tyder Frelse) er ein jordbruksmoshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Shalom-området i Negevørkenen og høyrer til Eshkol regionale kommune. Namnet er henta frå eit bibelvers: «så vi kan jubla over di frelse og lyfta banneret i vår Guds namn. Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!» (Salmane 20:6). I 2006 hadde han 200 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1957 av jødar som vart drivne ut frå Egypt etter Suezkrisa i 1956, men denne folkesetnaden flyttar etter kvart bort, og vart erstatta av andre nybyggjarar. Moshaven har fleire gonger vore utsett for åtak med Qassam-rakettar sende frå Gazastripa.

Yish'i

Yish'i (hebraisk יִשְׁעִי) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 559.

Landsbyen vart grunnlagd den 12. juli 1950 av emigrantar frå Jemen. Namnet er henta frå Salmane 27:1;

Herren er mitt lys og mi frelse, kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv, kven skulle eg frykta?

You'll Need Somebody on Your Bond

«You'll Need Somebody on Your Bond» (seinare kalla «You're Gonna Need Somebody on Your Bond») er ein song som både er rekna som ein tradisjonell song og er tilskriven Texas-songaren og gitaristen Blind Willie Johnson. Johnson gav ut den første kjende innspelinga av songen på Columbia Records som «You'll Need Somebody on Your Bond» og seinare ein ny versjon kalla «You're Gonna Need Somebody on Your Bond». «You'll Need Somebody on Your Bond» vart spelt inn 11. desember 1929, i New Orleans i Louisiana. «You're Gonna Need Somebody on Your Bond» vart spelt inn 20. april 1930, i Atlanta i Georgia. Det var den siste songen Johnson spelte inn.

Som med mange av songane til Blind Willie Johnson vart «You'll Need Somebody on Your Bond» spelt med Johnson på solovokal og slidegitar og ein ukjend kvinneleg songar på vokal. Ein trur at dette var den første kona hans, Angeline Johnson, men dette er seinare motbevist av biografar.

«You'll Need Somebody on Your Bond» er ein gospelsong som formaner om behovet for Jesus Kristus og rådar lyttaren til å sikre seg frelse med ein gong, fordi ein kan døy når som helst. Blind Willie og Angeline song songen på gatene i byane i Texas.

Zimrat

Zimrat (hebraisk skrift זִמְרָת, tyder Song) er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og dekkjer 4 500 mål og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 271 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1957 av immigrantar frå Tunisia etter ein splid i den nærliggande Shuva. Han vart først kalla Shuva Bet, og fekk seinare namnet Zimrat, som er henta frå Andre mosebok 15:2;

Herren er mi kraft og min styrke, han har vorte mi frelse. Han er min Gud, han vil eg prisa, min fars Gud, han vil eg opphøgja. .

Zohar

Zohar (hebr. זֹהַר [zohar] ‘skin, stråleglans’) er eit bokverk som er vidt rekna som det mest innflytnadsrike verket i kabbalá, eller jødisk mystikk. Zohar er ein mystisk kommentar til Toráen, eller dei fem Mosebøkene, skriven på mellomalderarameisk og rabbinsk hebraisk. Verket inneheld mellom anna ein mystisk diskusjon kring Guds natur, opphavet og bygnaden åt universet, sjelenes eigenskaper, synd, frelse, det vondes problem og liknande emne.

Zohar er ikkje så mykje ei bok som ei boksamling. Dei ulike bøkene som inngår i Zohar inkluderer skriftutlegging såvel som teosofisk teologi, mytisk kosmogoni, mystisk psykologi og kva nokre vil rekne som antropologi.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.