Forsand kommune

Forsand er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunesenteret heiter Forsand, der dei fleste innbyggjarane bur. Jordbruk og vasskraftproduksjon er viktigaste næringsvegar.

Forsand Faehre
Ferjekaia i Forsand.

Av ting som er verdt å sjå i Forsand er Preikestolen, som er eit fjellplatå om lag 600 m over Lysefjorden. Det lokale namnet er Hyvlatånnå. Lysefjorden er lang og smal med steile sider, og vart i si tid skildra av Jules Verne som særleg fryktinngytande. Namnet har fjorden etter den lyse granitten i fjellsidene. Elles er fjellmassivet Kjerag nær Lysebotn ein populær stad for basehopparar og fjellklatrarar frå mange land, med sine 1000 meter nesten loddrett ned i Lysefjorden. Her ligg Kjeragbolten, ein rund stein 3-4 meter stor, som er kilt i ein fjellsprekk ytst på Kjeragplatået.

På Forsandmoen er det funne restar etter ein landsby frå slutten av eldre jernalder, og det er bygd eit besøkssenter, kalla Landa. Her finst kopiar av hus frå jernalderen og bronsealderen. Ein meiner det har budd folk her frå om lag 1500 fvt. til om lag år 600. Eit par kilometer frå Landa ligg ei endemorene i sørenden av Haukalivatnet. Det var denne morenen som om lag 1823 fekk professor Jens Esmark til å setja fram teorien om at heile Skandinavia hadde vore dekt av is.

Forsand kommune
kommune
Forsand (UBT-TO-072743 01 1)
Forsand komm
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Forsand
Areal 780 km²
 - land 703 km²
 - vatn 77 km²
Folketal 1 246 (1. januar 2018)
Folketettleik 2 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Bjarte S. Dagestad (H)
Kommunenr. 1129
NO 1129 Forsand
Nettstad: www.forsand.kommune.no

Folk frå Forsand

Bakgrunnsstoff

Kommunar i Rogaland
Rogaland fylke
1981

1981 (romartal MCMLXXXI) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.

Dirdal

Dirdal er eit 40 kilometer langt dalføre i Gjesdal kommune i Rogaland. Dalføret går frå Høgsfjorden 10 km mot søraust, ved garden Byrkjedal går dalen vidare i nordaustleg retning under namnet Austrebødalen. Med namnet Hunnedalen held dalføret fram inn over fylkesgrensa til Øvre Sirdal. Dirdal kjem av det gammalnorske namnet «Digridalr», 'den digre, store dalen'.

Dei nedste fem kilometerane av Dirdal har flate moar, deretter vert dalen trong. Bergsidene er jamnast bratte, med opptil 800 moh høge fjelltoppar.

Fylkesveg 45 går gjennom Dirdal, og knyter dalen til Ålgård.

Dirdal kyrkje frå 1903 ligg i Dirdal, ein kilometer frå Høgsfjorden. Fram til 1964 høyrde Dirdal til Forsand kommune.

Forsand

Forsand er ein tettstad og kommunesenteret i Forsand kommune i Rogaland fylke. Staden ligg på den austlege landdelen ved krysset Høgsfjorden/Lysefjorden, på ein stor morene danna etter den siste istida. Her ligg Forsand kyrkje, to daglegvarebutikkar, ferjekai (i bruk i sommarsesongen), kommunehus, næringsområde og barnehage. Noko lenger vekk frå fjorden ligg Forsand skule. Via Lysefjordbrua har staden samband til Riksveg 13 (Ryfylkevegen).

Forsand bygdemuseum

Forsand bygdemuseum er ei avdeling av Ryfylkemuseet. Samlinga tel om lag tusen gjenstandar som er sett i stand og systematiserte. I tillegg finst om lag 500 større og mindre gjenstandar som ikkje er registrerte. Gjenstandane har opphavet sitt i bonde- og fiskarsamfunnet i Forsand.

Hovuddelen av gjenstandane er frå garden Bakken i Lysefjorden. Museet rommar også arbeid etter treskjeraren og folkemusikaren Leif Mæhle.

Det meste av samlinga blir i dag oppbevart i kommunehuset i Forsand. Det blir arbeidd med å bruke denne samlinga som grunnlag for eit integrert museum og bibliotek i kulturhuset på Forsandmoen. Her er tanken å byggje opp ei utstilling kring livet i Lysefjorden og Pilt-Ola. Forsand kommune har dessutan ønskt å utvikle ein nettportal med tilgang til digitale utgåver av samlingane.

Gjennom avtale med Forsand kommune, har Ryfylkemuseet tatt på seg ansvaret for dei samlingane som i dag finst i kommunehuset og i Sjøhuset i Bergevik i Forsand.

Forsand kyrkje

Forsand kyrkje er ei langkyrkje i Forsand kommune i Rogaland. Ho blei bygd i 1854 etter teikningar av Tollag Gudmestad frå Nærbø. Kyrkja blei sist restaurert i 2004 i samband med 150-årsjubileet. Opphavleg var kyrkja umåla og utan elektrisk straum eller orgel.

Fylkesveg 491 i Rogaland

Sjå òg fylkesveg 491 (fleirtyding).Fylkesveg 491 i Rogaland går mellom Forsand ferjekai og Øvre Espedal i Forsand kommune. Vegen er 18,1 km lang.

Fylkesveg 492 i Rogaland

Sjå òg fylkesveg 492 (fleirtyding).Fylkesveg 492 i Rogaland går mellom Tjelmen og Helle i Forsand kommune. Vegen er 5,7 km lang.

Fylkesveg 495 i Rogaland

Sjå òg fylkesveg 495 (fleirtyding).Fylkesveg 495 i Rogaland går mellom Levik i Forsand kommune og Botne i Strand kommune. Vegen er 18,3 km lang.

Fylkesveg 496 i Rogaland

Sjå òg fylkesveg 496 (fleirtyding).Fylkesveg 496 i Rogaland går mellom Kjeakrånå og Nedreidane i Forsand kommune. Vegen er 8,9 km lang.

Fylkesveg 661 i Rogaland

Sjå òg fylkesveg 661 (fleirtyding).Fylkesveg 661 i Rogaland går mellom Tveit i Hjelmeland kommune og Helmikstøl i Forsand kommune.

Idse skipreide

Idse skipreide (dessutan kjend som Idsø og Eiðsa) var ei av skipreidene i Ryfylke, med namn frå øya Idse.Geografisk område etter gammal inndeling:

Strand sokn sør for Hidle, Tau mølle, Tauåna, Krossvatnet, Bjørheimsvatnet og Østrehusvatnet.

Høle sokn aust for Høgsfjorden (som 1852 vart utskilt som Forsand sokn) og nord for Mæle og Kleppa.Geografisk område etter noverande inndeling:

Strand kommune sør for Hidle, Tau mølle, Tauåna, Krossvatnet, Bjørheimsvatnet og Østrehusvatnet.

Forsand kommune unnateke Mæle og Kleppa.På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Idse skipreide vart nemnd Idse tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Idse tinglag oppløyst og erstatta av Høle tinglag og det nye Strand tinglag.

Jæren tingrett

Jæren tingrett er ein førsteinstansdomstol under Gulating lagdømme. Han ligg i Sandnes i Rogaland fylke og har eit domssokn som dekker kommunane Forsand, Gjesdal, Sandnes, Hå, Klepp og Time. Domssoknet vart utvida då den tidlegare domstolen Sandnes tingrett vart nedlagd, oppgåvene vart overførde til den nye Jæren tingrett og Sola kommune vart overførd til Stavanger tingrett 1.juli 2007.

Tingretten vart flytta frå Bryne til Sandnes.

Kjerag

Kjerag er eit fjellplatå på sørsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke. Platået er eit kjend turistmål i regionen. Det høgaste punktet er 1110 meter over havet, men det er nordsida med eit fall på 984 meter ned til Lysefjorden som trekkjer til seg dei fleste turistane, inkludert mange basehopparar.

I vestre del av platået finst Kjeragbolten, som er ein 5 m³ stor stein. Steinen er kilt i ei kløft i fjellet 1000 m over Lysefjorden.

Turstien til Kjerag startar ved Øygardstølen – ein restaurant 640 m over Lysebotn. Ein gåtur inn til Kjerag kan ta noko over to timar kvar veg.

Langhus

Sjå òg staden Langhus i Ski

Langhus er eit namn på ein type hus som var vanleg i vikingtida og folkevandringstida. Husa har fått namn etter den langstrekte forma si. Gjerne budde menneska i den eine enden av huset, medan ein i den andre enden hadde husdyr. Slik budde ein nær husdyra, og om vinteren fekk ein noko varme frå dyra. Det var gjerne ein eller fleire eldstadar i huset, med tilhøyrande ljore (røykhol) i taket der røyken kunne sleppa ut.

Langhusa var gjerne låge og tilpassa landskapet. Ein tenkjer seg at mange av dei var bygd opp med steinmurar og med gras på taket. Særleg på sørvestlandet i Noreg vart det nytta steinmurar, noko som gjev karakteristiske arkeologiske funn.

På Jernaldergarden på Ullandhaug litt utanfor Stavanger sentrum, er det bygd opp rekonstruerte langhus. Langhusa vert nytta til å formidla korleis livet kunne vera i gamal tid. Eit tilsvarande anlegg finst på Borg i Vestvågøy der det er bygd opp eit langhus med torvveggar. Huset som er bygd opp er 83 meter langt og mellom 7 og 9 meter breitt. Huset blir nytta som museum og opplevingssenter.

På Forsandmoen i Forsand kommune er òg slike hus rekonstruert.

Lyse kapell

Lyse kapell er eit kapell i Lysebotn i Forsand kommune i Rogaland. Kapellet vart bygd i 1961 og har plass til 150 personar. Kapell er oppført i tre. Det vart innvigd av biskop Fridtjov Birkeli 28. mai 1961.

Kapellet vart teikna av Gustav Helland og Endre Årreberg. Dei la vekt på naturforholda i Lysebotn. Dette gav kapellet høge og spisse gavlar som skulle stå som fjell i terrenget.

Kapellet har våpenhus, skip og kor. På fondveggen er ein enkel trekross. Veggar og tak er kledde med trepanel. Skipet er møblert med jærstolar. Tårnet er bygd ved sida av kapellet, men eit mellombygg bind det saman med hovudbygget. I kjelleran er det matsal, kjøken og garderobe.

Lysefjorden

Lysefjorden er namnet på to fjordar i Noreg:

Lysefjorden i Bergen kommune i Hordaland

Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland, der Preikestolen og Kjerag ligg.

Oanes

For ferja Oanes, sjå MF «Oanes»Oanes ligg i Forsand kommune i Rogaland. Frå Oanes går det ferje til Lauvvik i Høgsfjordsambandet som er ein del av Riksveg 13. Ferjesambandet bind Forsand til Sandnes. Oanes ligg i skjeringspunktet mellom Lysefjorden og Høgsfjorden. Kaia på Oanes har opent venterom og sesongopen kiosk.

Det finst fleire bussruter som korresponderer med trafikk i Høgsfjordsambandet på Oanes.

Ryfylke

Sjå òg avisa Ryfylke.Ryfylke er eit distrikt i indre og midtre Rogaland, nord og aust for Stavanger og aust for Haugesund. Det finst ingen fast og eintydig definisjon av kva grenser distriktet har, men vanlegvis vert fastlandskommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand, og øykommunane Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy medrekna. Dei største tettstadene er Sauda i nord og Jørpeland i sør.

Landskapet er svært variert, frå øyar og kystlandskap lengst ute i vest, med fjordar innover i landet, til vidder og høge fjell i aust. Ryfylkeheiane grensar til Setesdalsheiene, og har Vassdalseggi på 1658 moh. som høgste topp. Her finst òg Breifonn (1616 moh.), den sørlegaste breen i Noreg. Dei høgtliggande viddene og dei bratte fjellsidene ned mot fjordane, gjer at området eigner seg svært godt til vasskraftproduksjon. I nord finn me Saudavassdraget (som gav grunnlag for tungindustrien i Sauda), i nordaust Røldal-Suldal (utbygd av Norsk Hydro til metallverket på Karmøy), i aust Ulla-Førre (Noregs største kraftanlegg), og i søraust utbyggingane kring Lysefjorden med Lysebotn kraftverk.

Ryfylke har turistattraksjonar som Preikestolen og Kjerag i Forsand kommune. Strekninga frå Oanes til Håra ved Røldalsvatnet (Ryfylkevegen), på riksveg 13/fylkesveg 46/fylkesveg 520 er kommande nasjonal turistveg. Ryfylkemuseet på Sand i Suldal er regionmuseum for distriktet.

Sjøhuset i Bergevik

Sjøhuset i Bergevik er i dag eit museum i Forsand kommune og er del av Ryfylkemuseet sitt verksemdsområdet. Originalt var det eit sjøhus som blei brukt til salting av sild og krydring av brisling frå fisket i Lysefjorden. I ei tid, då dei eksporterte o-skjel, jobba det truleg opp mot 50 menneske i huset. Det var derfor sentralt i historia til Forsand, og av den grunn blei huset restaurert i 1996. Det held årleg ope tre veker om sommaren, og ved særskilde hendingar.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.