Femte mosebok

Femte Mosebok er den femte boka i Mosebøkene eller Toráen, og dermed den femte boka i den samaritanske og jødiske Toráen, den femte boka i den jødiske Tanákh (den hebraiske Bibelen) og den femte boka i det kristne Gamle testamentet.

Boka er samansett av fleire talar heldt av Moses til israelittane på slutten av ørkenvandringa. Desse talane inneheld svært spesifikke lovar, forbod og påbod for det israelske folket, inkludert eit oppatt-tak av dei ti boda. Dessutan inneheld dei den jødiske truvedkjenninga, Sjemá‘ Jisraél, og eit tilbakeblikk på kva som har skjedd med jødane opp til denne tida.

Oversyn over 5. Mosebok

  • 1–4 Innleiing, tilbakeblikk over ørkenvandringa.
  • 5–11 Generelle, formanande ord (paranese), Dei ti boda (dekalogen) (5), Sjemá (6,4ff)
  • 12–26 Lover og føresegner (kasuistisk), kultsentrering (12), historiske credo (26)
  • 27–34 Forbanningar og velsigningar, Mosessongen (32), Mosevelsigninga (33)

Døme på spesifikke forbod og påbod frå Femte mosebok

  • 14:9–10
    Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta. Men de må ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.
  • 19:14
    Du skal ikkje flytta merkesteinane mellom deg og grannen din, dei som fedrane har reist på den jorda du får i arv i det landet Herren din Gud lèt deg ta i eige.
  • 21:1–4
    Når nokon finn ein mann som ligg drepen på marka i det landet Herren din Gud lèt deg få i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel, skal dei eldste og domarane dine gå ut og mæla kor langt det er frå den drepne til dei byane som ligg der ikring. Og dei eldste i den byen som ligg nærast den drepne, skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid og aldri har hatt åk på seg, og leia henne ned i ein dal der det alltid renn vatn, og der det korkje vert pløgt eller sått. Der i dalen skal dei bryta nakken på kviga.
Abarim

Abarim (hebraisk הָרֵי הָעֲבָרִים, Har Ha-'Avarim, Harei Ha-'Avarim) er ei fjellkjede i Jordan, aust og søraust for Daudehavet, som strekkjer seg frå Nebo — det høgaste punktet — i nord og til Den arabiske ørkenen i sør.

Fjellkjeda er nemnt fleire gonger i Bibelen. Den nordlege delen vart kalla Fasga (eller Pisgah), og den høgaste toppen var Nebo (Fjerde mosebok 23:14; 27:12; 21:20; 32:47; Femte mosebok 3:27; 34:1; 32:49). Området tilhøyrte Moab og frå toppen kunne Moses sjå Det lova landet (Femte mosebok 3:27; 32:49), og det var her han døydde (34:1,5). Balaam velsigna Israel for andre gongen på toppen av fjellet (Fjerde mosebok 23:14); og her gøymde Jeremias arka (II makkabearane 2:4-5).

Amorittisk

Amorittisk er eit nordvestsemittisk språk som vart talt av dei folkestammane som vart kalla for amorittene i oldtiden i Midtausten. Språket er kjent utelukkande frå akkadiske skrifter der det opptrer namn som ikkje er akkadiske og som vart skrive ned i den tida amorittene styrde i Babylonia mot slutten av 2000-talet f.Kr. og byrjinga av 1000-talet f.Kr., hovudsakleg frå byen Mari og i ei mindre grad frå Alalakh, Tell Harmal, og Khafajah. Tidvis er slike ikkeakkadiske namn òg funne i tidlege egyptiske tekster, og eit stadnamn — «Sənīr» (שְׂנִיר) for Hermonfjellet — er kjent frå Bibelen (Femte Mosebok 3:9), og merkeleg nok kan det vera indoeuropeisk i opphavet sitt (moglegvis grunna hettittisk innverknad). Kjende karaktertrekk i språket er:

Det vanlege nordvestlige semittiske skiljet imperfektiv-perfektiv er funne — det vil seia Yantin-Dagan, «Dagon gjev» (ntn); Raṣa-Dagan, «Dagon var glad» (rṣy). Det inkluderer ei tredjepersonsending -a (i motsetnad til akkadisk eller hebraisk), og ein vokal i imperfektum -a, som i arabisk framfor hebraiske og arameiske -i-.

Det var ei verbform med ein fordobla andrekonsonant — det vil seia Yabanni-Il, «Gud skapar» (rotord bny).

I fleire tilfelle der akkadisk har š, har amorittisk, som hebraisk og arabisk, h, såleis hu, 'hans', -haa, 'hennar', kausativ h- eller ʼ- (I. Gelb 1958).

Førsteperson perfektum er i -ti (eintal), -no (fleirtal), som i kanaanittiske språk.

Ayanot

Ayanot (hebraisk skrift עֲיָנוֹת, tyder Kjelder) er ein ungdomslandsby sentralt i Israel. Han ligg nær Ness Ziona og høyrer til Gan Raveh regionale kommune. I 2011, hadde han eit folketal på 240.

Det gamle testamentet

For artikkelen om den hebraiske bibelen i eit jødisk perspektiv, sjå Tanákh.Det gamle testamentet, ofte forkorta til GT, òg kalla Den hebraiske bibelen, er eit kanonisk (heilag) skrift for jødedommen og kristendommen. Skriftet er ein av to hovuddelar av Bibelen; Den andre hovuddelen er Det nye testamentet (ofte forkorta til NT).Det gamle testamentet «er [eit] kristen[t] [omgrep] og har som føresetnad Det nye testamentet (den kristne dobbeltkanon)», skriv Store Norske Leksikon.Den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet inneheld om lag dei same bøkene, men rekkefølgen er ulik. Innan dei katolske og ortodokse kyrkjene har testamentet 46 bøker, i protestantismen er sju av desse tekne ut som apokryfe og protestantiske biblar har dei 39 bøker som tilsvarer dei 24 som er godkjende som jødisk kanon.

Ein Ya'akov

Ein Ya'akov (hebraisk עֵין יַעֲקֹב, tyder Jakobs kjelde) er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Ma'alot-Tarshiha og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 687.

Landsbyen vart grunnlagd i 1953 av emigrantar frå Kurdistan og Irak. Namnet er teken frå Femte mosebok 33:28

Sidan bur Israel trygt, Jakobs kjelde har fred i eit land med korn og ny vin, der dogga dryp frå himmelen..

Gott ist mein König

Gott ist mein König, BWV 71, er ein kantate av Johann Sebastian Bach.

Han vart første gong framført under innviinga av det ny byrådet i Mühlhausen den 4. februar 1708. Kven som har skrive teksten er ukjend. Det har vore spekulasjonar, men ingen bevis, om at han vart skriven av minister Georg Christian Eilmar, som hadde bestilt Bach til å komponere kantaten Aus der Tiefen rufe ich, Herr, zu dir, BWV 131, som vart skriven kring den same tida.

I 1708 var Bach organist i Divi Blasii-kyrkja. Han komponerte få verk på denne tida og verka som han komponerte hadde ofte orgel langt framme i lydbilete. BWV 71 var den første kantaten Bach skreiv for festorkester, inkludert trompetar og pauke. Verket var eit av dei få han fekk betalt direkte for, sidan dei fleste komposisjonane hans vart skrivne som ein del av arbeidsoppgåvene som følgde stillingane han hadde.

Verket vart så godt motteke at Bach fekk ei ny bestilling på ein annan kantaten for innviinga til byrådet året etter. Ein har bevis for at dette stykket vart komponert og trykt, men ingen kopiar har overlevd til våre dagar.

Har Brakha

Har Brakha (hebraisk skrift הַר בְּרָכָה, tyder Velsigningsfjellet) er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing langs sørkanten av Gerisim på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Samariafjella nær Nablus, i ei høgd på 870 meter over havet. Har Brakha er kalla opp etter to fjell som er nemnde i Femte mosebok.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.Har Brakha vart først grunnlagds som ein Nahal-utpost og demilitarisert i 1983. I dag bur det over 300 familiar her. Staden høyrer til Shomron regionale kommune.

Hatzerim

Hatzerim (hebraisk skrift חֲצֵרִים, tyder Landsbyane) er ein kibbutz 8 kilometer vest for Beersheba i Negevørkenen i Israel. Han er kalla opp etter ein stad i Bibelen (Femte mosebok 2:23), som nemner ein stad i nærleiken: «Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane så langt som til Gaza». Han er ein del av Bnei Shimon regionale kommune.

Megadim

Megadim (hebraisk skrift מְגָדִים, tyder Det beste) er ein moshav nord i Israel. Han ligg ved Middelhavskysten nær Atlit og hovudveg 4, kring 12 kilometer sør for Haifa og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 789.

Han vart grunnlagd i 1949 av emigrantar frå Nord-Afrika og Egypt. Namnt er eit ord frå Bibelen, nemnt i Femte mosebok 33:13 : «Måtte Herren velsigna hans land med det beste frå himmelen, med dogg...» og i Høgsongen 4:13; «Vokstrane dine er ein paradishage av granateple og herleg frukt, hennabuskar og nardusplanter.»

Moses

Moses (latin Moyses, gjennom gresk frå hebraisk) eller Moshé (hebraisk משֶׁה [mo:'še]), Mousa eller Musa (arabisk موسىٰ ['mūsā]), er ein av dei viktigaste personane både i jødedommen, kristendommen og islam. Han er framstilt som ein hebraisk frigjerar, leiar, lovgjevar, profet og historikar, rekna som frigjeraren til israelittane frå trældomen i Egypt og som leiaren deira den tida dei var i ørkenen.

Bibelen og dei bibelske tolkingstradisjonane seier at Moses levde ca. 1200 f.Kr., og livet og verket hans blir skildra frå 2. til 5. mosebok.

Nebo

Nebo (arabisk جبل نيبو Jabal Nībū; hebraisk skrift הַר נְבוֹ Har Nevo) er ein fjellkam i Jordan, kring 817 meter over havet. Han er nemnt i Bibelen som staden der Moses såg ut over Det lova landet han aldri skulle få kome inn i. Frå toppen har ein flott utsyn mot Israel og Paletina, og i nord ein liten del av Jordanelva. Ein kan som regel sjå byen Jeriko på Vestbreidda frå toppen, og ein kan sjå heilt til Jerusalem på ein klår dag.

Nitzanei Sinai

Nitzanei Sinai (hebraisk skrift נִצָּנֵי סִינַי), òg kalla Kadesh Barne'a (hebraisk skrift קדש ברנע), er ein fellesbusetnad vest i Negevørkenen i Israel. Han ligg nær Nitzana, og har fått dette namnet fordi han ligg nær Sinai, i tillegg til Kadesh Barne'a i Bibelen, ein av stasjonane langs reisa til israelittane i Andre mosebok (Andre mosebok 13:26; Femte mosebok 1:46).

Busetnaden vart grunnlagd i 1980 på Sinai og flytta til den noverande staden i 1986 etter den egyptisk-israelske fredsavtalen. Han er ein del av Ramat HaNegev regionale kommune.

Shfela

Shfela eller Shephelah (hebraisk הַשְּפֵלָה eller שְׁפֵלַת יְהוּדָה Shfelat Yehuda, «Dei judeiske forberga») er eit lågland sør i det sentrale Israel som strekkjer seg over 10–15 km mellom Hebron-fjellet og kystsletta. Det var ein av regionane som tilhøyrte Juda-stamma i Bibelen. I dag er Shfela stort sett eit landleg område med mange gardar.

Simhàt Torá

Simḥàt Torá (hebr. שמחת תורה, 'toráfest') er ei jødisk høgtid som markerer den endelege slutten på sukkót og slutten på éin Torá-syklus. Denne dagen les ein den siste bolken av Femte mosebok og deretter byrjinga av den første.

Høgtida blir feira samstundes som Sjeminí ‘aṣéret, den 22. tisjré, i Israel og nokre reformjødiske forsamlingar. Elles blir ho feira dagen etter, den 23. tisjré.

Tanákh

Tanákh eller Tenákh (hebraisk תנ”ך tānāx eller tənax) er det mest brukte jødiske namnet for den hebraiske Bibelen. Tanákh svarar i hovudtrekk til det kristne Gamle testamentet, men med ulik bokrekkefølgje, noko ulik versnummerering (særleg i Salmane) og ei vesentleg ulik tolkingshistorie. Tanákh har til felles med det protestantiske Gamle testamentet at dei deuterokanoniske skriftene normalt ikkje er tekne med. Blant etiopiske jødar blir òg dei deuterokanoniske skriftene rekna som kanoniske.

Tnuvot

Tnuvot (hebraisk skrift תְּנוּבוֹת, tyder Grøda) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Netanya og Tulkarm og høyrer til Lev HaSharon regionale kommune. I desember 2008 hadde han 744 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av jødiske immigrantar frå Jemen.

Namnet på landsbyen er symbolsk for jordbruksgrunnlaget sitt og vart henta frå bibelverset:

«Han lét han ri fram over høgdene i landet og lét han eta av grøda på åkeren, suga honning frå berget og olje frå steinharde fjellet» (Femte mosebok 32,13).

I landsbyområdet ligg det ein stad frå antikken med mosaikk frå bysantinsk tid, kalla «Tel Shevah».

Wadi Zered

Wadi Zered er ein wadi vest i Jordan, òg kalla Wadi-Hasa. I oldtida var han grensa mellom Moab og Edom. Dalen er nemnt i i Toraen (Femte mosebok 2:13-14, Fjerde mosebok 21:12).

Wadien er stor og lang og endar ved Daudehavet i byen Safe (Al-Safi). Området er eit jordbruksområde der bøndene nyttar vatnet til å dyrke grønsaker som tomatar og melonar.

Yarhiv

Yarhiv (hebraisk skrift יַרְחִיב, tyder «[han] vil utvide») er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Jaljulia, Matan og Nirit og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 736.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte IDF-soldatar. Namnet er henta frå Femte mosebok 12:20:

Når Herren din Gud utvidar grensene dine slik han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt» fordi du har hug på kjøt, då kan du eta kjøt så mykje du vil.

Bøkene i Tanákh (rekkjefølgje den jødiske tradisjonen)
Torá (Lova) 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok ·
Nebiím ('Profetane')

Tidlege: Josva · Domarane · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Seine: Jesaja · Jeremia · Esekiel ·

Dei 12 mindre profetane: Hosea - Joel - Amos - Obadja - Jona - Mika - Nahum - Habakkuk - Sefanja - Haggai - Sakarja - Malaki
Ketubím ('Skriftene'): Salmane · Ordtøka · Job · Høgsongen · Rut · Klagesongane · Forkynnaren · Ester · Daniel · Esra-Nehemja · Krønikebøkene (1–2)
Bøkene i Det gamle testamentet (rekkjefølgje i den kristne tradisjonen)
Mosebøkene 1. mosebok · 2. mosebok · 3. mosebok · 4. mosebok · 5. mosebok
Historiebøkene

Josva · Domarane · Rut · Samuel (1–2) · Kongane (1–2) · Krønikebøkene (1–2) · Esra-Nehemja ·

Ester
Visdomsbøkene

Job · Salmane · Ordtøka · Forkynnaren ·

Høgsongen
Profetbøkene Jesaja · Jeremia · Klagesongane · Esekiel · Daniel · Hosea · Joel · Amos · Obadja · Jona · Mika · Nahum · Habakkuk · Sefanja · Haggai · Sakarja · Malaki
Apokryfe eller
deuterokanoniske skrifter

Kanoniske i dei ortodokse og katolske kyrkjene: Tobit · Judit · Ester · Visdomsboka · Sirak · Baruk · Tillegget til Daniels bok · Makkabearane (1–2)

Kanoniske i mange ortodokse kyrkjer: 151. salmen · Esdras · Bøna åt Manasseh · 3. Makkabearane · Brevet åt Jeremia

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.