Føydalisme

Føydalisme eller feudalisme er eit arkaisk samfunnssystem med institusjonaliserte skilje mellom stender, der kongen eller keisaren som øvste herskar gav jord og makt til vasallar. Denne statsforma har røter langt attende i tid, og er mellom anna kjend frå tidlegare asiatiske samfunn. I Europa vert føydalismen særleg knytt til høgmellomalderen, frå kring 10001300, ofte under nemninga lensvesen. Det latinske ordet feudum tyder len.

Ein fekk ei desentralisering av forvaltinga, der vasallane fekk makt på kostnad av sentralmakta. Den økonomiske strukturen bygde på relativt økonomisk sjølvforsynte storgods, der bøndene arbeidde på godseigaren si jord og leverte frå seg store delar av utbytet i form av naturalia.

VassalToTheKing-Skardsbok
Ein mann vert vasallen til kongen av Noreg. Initial frå Skarðsbók-manuskriptet.

Historie

Føydalismen oppstod i Frankrike700-talet og spreidde seg over heile Europa. Under det føydalistiske samfunnssystemet låg makta hjå fyrstar og lensherrar som hadde et lojalitetsband til keisaren eller kongen. Ved å stø keisaren militært fekk vasallane landområde som dei styrde over, og desse vasallane kunne igjen ha vasallar under seg som dei styrte over. Nedst på denne maktstigen var godseigaren, som styrde over dei produserande bøndene. Bøndene var ofte knytt til jorda dei dreiv og kunne ikkje fritt flytta frå garden. Dei bøndene som hadde lågast status var dei som var omfatta av liveigenskap.

Føydalismen var med andre ord ei samfunnsform som var prega av band mellom ulike nivå av over- og underordna, og som var gjensidig avhengige av kvarandre.

Under føydalismen vart overskotet i liten grad reinvestert i ny verksemd. Betaling gjekk for det meste føre seg i form av naturalia som korn og mjølk, noko som hadde samanheng med at naturalhushaldet dominerte.

Byar var på denne tida etablert, og her gjekk det føre seg noko handel på marknader, der jordbruksprodukt vart selde. Marknaden hadde trass i dette relativt lite å seia i føydalsamfunnet, sidan det meste av produksjonen til bøndene gjekk til eige forbruk og fordi handelen vart gjort først og fremst med den som stod over i hierarkiet.

I byane hadde ein gjerne laug, som var ein typisk organisasjonsform for forretningsdrift i mellomalderen. Desse lauga samla dei som dreiv innanfor ei og same næring, og var sterkt spesialiserte. Lauga hadde monopol innanfor sitt område og var difor sikra mot konkurranse. Meisteren avgjorde kven som skulle vera med og det var ikkje tillate å arbeida utanom lauget.

Sjå òg

Adel

Adel var særleg innan føydalismen ei nemning på den øvste samfunnsklassa. Adelen utvikla seg ved at hovdingar eller stormenn vart gjevne adelstitlar av til dømes ein konge eller keisar. Etter kvart vart adelstittelen og rettane knytt til denne gjort arveleg. Slik utvikla det seg adelsslekter. Om ei adelsslekt var særleg mektig, kunne ho verta kalla fyrstehus.

Europeisk høgadel er ordna etter denne rangordninga:

Fyrstar er monarkar, og kan vera overhovud i ein stat, eit land eller i større provinsar.

Hertugar er tradisjonelt berre underlagde monarkar, og kan vera overhovud for eit hertugdømme.

Marki

Greve

Visegreve

Baron eller friherreAndre adelstitlar er t.d. konge og dronning, prins, emir, kalif, jarl og riddar.

Ein adelskalender er ei oversikt over dei levande medlemane av adelen i eit land. Fleire europeiske land gjev ut slike oversikter.

Catalonia

Catalonia er eit historisk område i det nordaustlege Spania, som i dag dannar ein autonom region. Catalonia grensar til Frankrike og Andorra i nord, Middelhavet i aust, Valencia-regionen i sør og Aragón i vest. Kystlinja er 580 km lang.

Regionen har 7,3 millionar innbyggjarar, og regionshovudstaden er Barcelona. Catalonia er den regionen i Spania med størst industriell produksjon.

Dei offisielle språka i regionen er katalansk, spansk, aranesisk (ein dialekt av oksitansk) og katalansk teiknspråk.

Namnet til Catalonia på katalansk er Catalunya, på oksitansk Catalonha, på spansk (kastiljansk) Cataluña, og på fransk Catalogne.

Estisk økonomi

Estisk økonomi er ein kapitalistisk, open blandingsøkonomi i den indre marknaden i EU. Han har på 20 år vorte ein open, moderne tenesteøkonomi med innslag av avanserte teknologibedrifter. Tradisjonelt har økonomien i landet vore dominert av landbruk med låg foredlingsgrad. I 700 år var Estland prega av liveigenskap og underlagt framande makter – Danmark, Tyskland, Sverige, Russland og Sovjetunionen – som fokuserte på jordbruksproduksjon og dikterte den økonomiske politikken i landet fram til 1918. Tre jordreformer etter den gongen har snudd om på det estiske landbruket.

Før moderne tid var meieriproduksjonen den mest avanserte landbruksnisjen, og smør og ost vart eksportert til land i nordvest-Europa. Ein annan stimulans til byøkonomien i Tallinn (Reval) var funksjonen landet hadde som hamnestat for handelen med varer i Austersjøen. Tekstilindustrien vart grunnlagt under Tsar-Russland, men fyrst i etterkrigstida vart det bygd opp ein meir avansert industri i større skala, som eit ledd i den «sosialistiske arbeidsdelinga» i Sovjetunionen. Estland utvikla noko elektronisk industri, mekanisk industri og leverandørindustri til våpenindustrien i Sovjetunionen og romprogram. Det vert òg produsert olje frå oljeskifer i aust langs Narvaelva, på grensa til Russland.

For landbrukssektoren vart sovjetperioden eit sterkt tilbakeslag med tvinga kollektivisering og deportasjon av bønder. Inntektsnivået, som i 1940 var på linje med Finland sitt, låg i 1987 berre på 1⁄7 av det inntektsnivået finnane då hadde oppnådd.Etter sjølvstendet i 1991 har Estland raskt utvikla ein marknadsøkonomi med del- og heilprivatisering av ei rekkje industriar. Landet vart i 1994 eit av dei fyrste i verda med flat skatt uavhengig av inntekt, og i dei to neste åra vart den flate skattesatsen redusert frå 25 % til 24 % og 23 %. Estland har lagt vekt på ein stabil valuta, stimulans av utanlandske investeringar og orientering mot frihandel gjennom EU-medlemskap. Eksport bidreg til meir enn 50 % av BNP, der 80 % av den estiske handelen er med EU.

Allereie på 1990-talet var Estland det austeuropeiske landet som fekk dei største utanlandske investeringane, og som hadde sterkast økonomisk vekst, årleg mellom 7 og 11 % frå 2000 til 2007. Frå omkring 2006 byrja inflasjonen å auke merkbart, og veksten bremsa opp, mellom anna på grunn av ein liten og ufleksibel arbeidsmarknad der mange velferdsgode var knytte til arbeidsplassen, og ny, lønsam produksjon har utfordringar med å skaffe arbeidskraft.

Investitur

Investitur (frå latin, bokstaveleg ikleding) er ei nemning på den høgtidelege innsettinga av ein person i eit kyrkjeleg eller verdsleg, gjerne fyrsteleg, embete eller eigedom blir overdratt i form av len frå ein lensherre til ein vasall. Nemninga investitur stammar frå skikken med å ikle han som blir innsett i eit embete ei spesiell kappe, som teikn på det embetet eller den vørdnaden vedkomande tiltrer. Den høgtidelege innsettinga har gjerne form av ein seremoni med symbolske innslag, der han som blir innsett kan overlatast insignium, autoritets og verdighetsteikn knytt til den posisjonen vedkomande får. Seremonien kan òg innehalde ulike former for eidsavleggingar.

I opphavleg mellomaldersk forstand vart nemninga nytta i føydal samanheng om innsetting av ein vasall i eit len og i kyrkjeleg samanheng om innsettinga av ein biskop i embetet hans. I vidare og moderne forstand kan investitur nyttast om innsettingsseremoniar av ulikt slag, som opptak i eit brorskap, offisiell utnemning til ein orden og liknande. Investitur blir i dag òg nytta som nemning på innsettingsvedtak ei nasjonalforsamling gjer før ei regjering tiltrer.

Kongedømet Frankrike

Kongedømet Frankrike var ein av dei mektigaste statane i Europa i det andre milleniet.

Det hadde opphav i den vestlege delen av Frankarriket, og bygde seg opp til ei stormakt dei neste tusen åra. Ludvig XIV, òg kjend som solkongen, utvikla ein mektig stat og rettsteorien absolutt monarki. Etter kvart førte påverknaden frå den franske opplysingstida, den aukande kostnaden med den amerikanske sjølvstendekrigen som Frankrike støtta fullt ut, aukande politisk forståing og spissborgarane sitt behov for politisk fullmakt til den franske revolusjonen. Kongedømet vart då det konstitusjonelle Kongedømet Frankrike og så Den første franske republikken.

Krigar

Ein krigar er ein person som har som livsstil eller yrke å kjempa i krig.

Klassifiseringa av ein person som er involvert i ein kva som helst form for vald er eit spørsmål om perspektiv, og det kan oppstå usemje om denne personen er ei bølle, ein gangstar, ein terrorist, ein opprørar, ein fredskjempar, ein leigemordar eller ein soldat.

Profesjonelle krigarar er menneske som blir betalt for å delta i militære kampanjar. Desse kan delast i to grupper: Soldatar som kjemper på vegne av sitt eige land (eller eit tilsvarande omgrep) og leigesoldatar som kjemper for den som tilsett dei, uavhengig av nasjonalt tilhøyr.

Kronvasall

Kronvasall er ein person som fekk lena sine direkte frå ein keisar eller konge. Kronvasall og vasall må ikkje blandast.

Kulturindustrien

«Kulturindustrien» er eit omgrep som fyrst vart formulert av Theodor Adorno (1903-1969) og Max Horkheimer (1895-1973). Omgrepet inneber at populærkulturen kan liknast med ein stor fabrikk som produserer standardiserte «kulturprodukt» som manipulerer massane til å verta passive, og at dei «enkle gledene» inntaket av populærkulturelle uttrykk gjev, syt for å gjera menneska sløve og får dei til å ta til takke med dei økonomiske levekåra sine, uansett kor låke desse er. Adorno og Horkheimer oppfatta denne masseproduserte kulturen som eit trugsmål mot den vanskelegare oppfattelege høgkulturen. Ifylgje Adorno og Horkheimer er kulturindustrien i stand til å dyrka fram imaginære behov, det er behov som både oppstår av og vert dekte av kapitalismen. På den andre sida finn me ekte behov, som ifylgje Adorno og Horkheimer inkluderer fridom, kreativitet og ekte lukke. Herbert Marcuse var den fyrste som sette eit skilje mellom imaginære og ekte behov.

Len

Len er innan føydalisme (òg kalla lensvesen) nemninga på eit område som ein person vert gjeven styringsrett over. Styringsretten kan verta gjeven av ein fyrste, konge eller keisar. Ein som styrde eit len vart gjerne kalla lensherre.

I fleire land er len vorte ei nemning på regionale styresmakter, tilsvarande norske fylke.

I Sverige og Finland vert dette styringsnivået kalla Län (finsk språk: Lääni).

Len var viktige administrative einingar i Danmark-Noreg inntil eineveldet vart innførd i 1660. På byrjinga av 1500-talet var inndelinga ikkje stabil, men vart utgjort av fire faste slotts- eller hovudlen og om lag 30 smålen. Det fanst òg ei eining som vart kalla godslen. Frå 1500-talet og fram til 1660 var det fire hovudlen eller slottslen i Noreg:

Båhus len

Akershus len

Trondheim len

Bergenhus len, med Nord-NoregI 1660 vart Noreg delt inn i ni hovudlen:

Akershus len

Tunsberg len

Bratsberg len

Agdesiden len

Stavanger len

Bergenhus len

Trondheim len (Trondhjems len)

Nordlandene len

Vardøhus lenTalet på smålen var redusert til 17.

Ved forordning av 19. februar 1662 vart nemninga len erstatta av amt for desse forvaltningsområda.

Lensherre

Lensherre er ei nemning frå føydalsystemet på den som eigde eit len. Forskjellen på lensherre og kronvasall var at kronvasallen ikkje eigde lenet, men fekk dei inntektene lenet gav, mot å administrere det og stille soldatar til disposisjon for kongen i krig.

Liveigenskap

Liveigenskap er ei nemning på eit slaveriliknande system for jordbrukarar i store delar av Europa i mellomalderen. Dei liveigne jordbrukarane var underlagt ein godseigar, og dette tilhøvet vart overførd gjennom arv. Eit kjenneteikn på ein liveigen var at jordbrukaren ikkje kunne flytta utan løyve frå godseigaren. På den andre sida kunne godsherren ofte heller ikkje tvinga jordbrukaren til å flytta. Ein liveigen skilde seg frå ein slave i og med at ingen eigde den liveigne direkte. Trass i dette var ein liveigen personleg knytt til eit landområde, eit gods eller ein storgard. Den liveigne måtte arbeida for godseigaren og betala ei årleg avgift, mot å få dyrka eit jordstykke.

Liveigenskapen vart avskaffa fram mot slutten av 1700-talet i store delar av Europa. I Frankrike vart liveigenskapen avskaffa i samband med den franske revolusjonen. I Russland vart ordninga avskaffa i 1861. I Sverige (med Finland), Noreg og Sveits vart ikkje liveigenskap innførd.

Mustafa Kemal Atatürk

Mustafa Kemal Atatürk (Kemal Paşa), i Noreg òg kjent som Atatyrk (12. mars 1881–10. november 1938) var grunnleggjaren av den tyrkiske republikken og den første folkevalde presidenten i Tyrkia. I moderne tyrkisk historie vert Atatürk gjerne også rekna for å vere den største reformisten og tyrkiske helten.

Atatürk vart fødd i Selanik (Thessaloníki i dagens Hellas, den gong ein del av Det osmanske riket) den 12. mars 1881.

Mustafa Kemal Atatürk var ein dyktig militærleiar og nasjonalistisk talsmann, som samla folket og kjempa tappert mot grekarane og engelskmennene under og rett etter den første verdskrigen. Kort tid etter starta han ei tyrkisk nasjonalistisk rørsle i Ankara. Han fekk Sevresfreden revidert til Tyrkia sin fordel, avsette sultanen i 1922 og vart vald til president i 1923. Sjølv om han var ein truande og praktiserande muslim, let han kalifatet verte oppløyst og gjorde Tyrkia til eit sekulært land. Han likte islam som ein religion, men meinte at islam og andre religionar ikkje måtte blandast inn i politikk. For å verte kvitt arabisk, persisk og europeisk påverknad, bytta han det arabiske alfabetet med ei tyrkisk utgåve av det latinske alfabetet og han skifta tidlegare daglegdagse arabiske ord og uttrykk ut med tyrkiske ord. Han fekk bygd mange jernbanar, vegar, skular og forskingssenter og på mange måtar moderniserte han Tyrkia. Ankara, i kjernen av Tyrkia, vart den nye hovudstaden i republikken.

Atatürk var ein særs spesiell mann. På sitt typiske, særeigne vis, innførte han forbod mot å bere fezen (det tradisjonelle osmanske hovudplagget), fordi han såg på det som eit symbol på føydalisme. Atatürk sjølv gjekk alltid med dress og hatt av europeisk type og insisterte på at alle tyrkarar skulle gjere det same.

Sjølv om han var ein dyktig leiar og vart vald gjennom folkeavstemming, finst det likevel nokre som meiner at han styrte diktatorisk eller påstår at han var ein diktator. Men av tyrkarane har han alltid vorte respektert og ideane hans vert kalla kemalisme og utgjer nesten grunnlova til Tyrkia. Overalt i Tyrkia er det mogeleg å sjå skulpturar, måleri og bilete av han. Desse kom først etter han døydde. Den tyrkiske lira er prega av andletet hans, sameleis er dei fleste tyrkiske frimerke.

Arva etter Atatürk er tydeleg i dagens tyrkiske militære styrkar, som er prega av nasjonalistisk leiing og har som målet sitt å verne Tyrkia såvel mot prestestyre som mot å bli kontrollert av andre land. Men kemalistiske offiserar har tre gonger (i 1960, 1971 og 1980) med grunnlag i Atatürk si lære initiert militærkupp mot sine eigne styresmakter og kalla det nedkjemping av politisk korrupsjon. Dette har naturlegvis skapt frykt hos styresmaktene og sjølv dagens moderat muslimske regjering er nøydd til å trå varsamt når det gjeld følsomme tema som Kypros og kurdarar, for ikkje å fornærme kemalistiske krefter i det militære. Kemalistane sine ikkje-talte militære truslar mot sin eigen nasjon og sine leiarar gjev dei ei makt over tyrkisk politikk som har vorte ei av årsakene til at Tyrkia ikkje har vorte medlem i Den europeiske unionen, sjølv om påverknaden deira og posisjon har vorte kraftig svekka under dagens regjering.

Parma

Parma er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Parma i regionen Emilia-Romagna og har om lag 180 000 innbyggjarar. Byen er kjend for arkitekturen og den flotte landsbygda rundt. Universitetet i Parma ligg i byen, eit av dei eldste universiteta i Italia.

Parma er delt inn i to delar av den litle elva med same namn. Den italienske diktaren Attilio Bertolucci (fødd i ei grend like utanfor) skreiv: «Som hovudstadsby måtte han ha ei elv. Som ein liten hovudstad fekk han ei lita elv, som ofte er tørr.»

Stavnsbandet

Stavnsbåndet var ei ordning innan landbruket i Danmark på 1700-talet. Ordninga vart innførd i 1733 av kong Kristian VI av Danmark-Noreg. Innføringa kom etter ynskje frå godseigarar og militære. Stavnsbåndet batt mannlege bønder mellom 14 og 36 år til å verta buande på det godset eller herregarden der dei hadde vorte fødd. Seinare vart ordninga utvida til å gjelda bønder mellom 4 og 40 år. Stavnsbåndet vart berre gjort gjeldande for Danmark, og ikkje i andre delar av Danmark-Noreg.

På 1730-talet var Danmark inne i ei landbrukskrise, som mellom anna skuldast sviktande etterspurnad frå land ein eksporterte til. Mange folk flytta frå landsbygda til byane. Slik vart det få folk att til å bu og leiga jord på storgardane. Militæret såg at rekrutteringsgrunnlaget til landmilitsen gjekk ned.

Stavnsbåndet vart opheva som ledd i ein landbruksreforma (Landboreformerne) av 20. juni 1788 med ei overgangsperiode fram til 1800. Kronprinsregenten, den seinare kong Fredrik VI av Danmark-Noreg, oppheva stavnsbåndet etter råd frå medarbeidarane sine

Det viktigaste resultatet av arbeidet til «Den Store Landbokommission» var opphevinga av stavnsbåndet. Ordninga vart oppheva gradvis og over lang tid. Ein frykta at samfunnet skulle gå i oppløysing, om ein fekk ei brå skifting.

I starten vart berre dei som var under 14 år løyste frå stavnbåndet. Etter ei tid òg dei som var over 36 år, og deretter dei som hadde gjort militærteneste.

Først frå og med året 1800 hadde alle bønder lov til i prinsippet å busetja seg der dei sjølve ynskte. Bøndene høyrde slik ikkje lenger med til eit gods sitt inventar.

Til eit varig minne om opphevinga av Stavnsbåndet vart minnestøtta Frihedsstøtten reist i København.

Styresett

Styreform eller styresett er måten ei styresmakt, til dømes ein stat eller eit herad, vert styrt på. Kva styresett ein har vil seia korleis makta er fordelt og korleis samfunnet fungerer. Ei styreform omfattar ei samling skrivne og uskrivne reglar for organiseringa av styresmaktene som treffer bindande slutningar i eit samfunn.Det finst mange ulike typar styresett, men det er vanleg at to eller fleire av desse er blanda, slik at ein til dømes kan ha eit diktatur med noko demokrati, eller eit monarki med innslag av anarki. Fleire tenkjarar har spekulert på kva styresett som vil føra til det beste samfunnet, og ønske om ei anna form for styresett har ført til fleire revolusjonar.

Definisjonar av styresett er på ulike nivå, og såleis dekkjer fleire styresett det same landet. Noreg har eit demokrati med konstitusjonelt monarki og parlamentarisme.

Vasall

Vasall (frå keltisk uuas, gwas, 'tenar', gjennom gammalfransk) er den undergjevne parten i eit føydalt truskapsforhold. Det kan visa til ein person som har fått eit geografisk område å styre på vegner av makthavaren på eit høgare nivå, eller til ein vasallstat, som er ein stat med avgrensa sjølvstyre som følgje av overherredømet til ein annan stad.Ein vasall som hadde lenet sitt direkte frå kongene, blei kalla kronvasall eller pair.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.