Endemisme

For endemisk sjukdom, sjå endemi
Iguanamarina
Haviguanen er endemisk til Galapagosøyene.

Endemisme, det å vere endemisk for eit område, viser til biologiske grupper som berre finst i eitt område, og ingen annan stad. Som regel snakkar ein om endemiske grupper i høve til geografiske område som er enkle å definera, til dømes øyer og øygrupper, elver og innsjøar. Det er som regel òg i slike geografisk isolerte område dei brukar å utvikla seg.

Endemiske grupper har lett for å bli truga fordi dei som regel lever i små, avgrensa habitat. Dette gjer dei særs sårbare både for menneskelege handlingar og framande artar. Eit døme på ein endemisk øy-art som vart utrydja er dronten. Sidan desse artane er meir sårbare enn såkalla kosmopolitiske artar, har dei større behov for overvaking og eventuelt vernetiltak.

Blomsterborarar

Blomsterborarar er ei biologisk slekt Diglossa av mellomstore tanagarar, Thraupidae, som lever i varierte fuktige habitat i páramo, i fuktig tåkeskog eller tørrare habitat med lågare buskar. To artar lever i Mellom-Amerika. Nesten alle av dei 16 artane i Sør-Amerika er knytt til Andesfjella, og dei fleste med langstrekt utbreiingsområde langs fjellkjeda frå sør til nord. Alle har eit nebb tilpassa føde av nektar og insekt.

Endemiske fuglar på New Zealand

Av om lag 365 registrerte fugleartar på New Zealand er 73 endemiske artar, inkludert 12 artar som berre er endemiske som hekkande artar (hekkeendem). Ein slik art hekkar på ein særskilt og avgrensa lokalitet, men rører seg elles over eit ikkje-avgrensa område, typisk for nokre artar av stormfuglar. Karakterisktisk for fuglefaunaen i landet er at det er få attlevande landartar, ca. 97, og det er berre 44 artar av sporvefuglar, 32 om ein tar bort talet på introduserte artar i historisk tid.

Fuglar endemiske til Colombia

Trass i at Colombia med sine 1887 fugleartar toppar lista over land med flest registrerte fugleartar, ligg landet likevel eit stykke frå toppen med omsyn på talet av artar som er endemiske til landet. Til dømes har Brasil meir enn 250 endemiske fugleartar, mot ca. 85-90 endemiske til Colombia.

Fuglefaunaen i landet er prega av diversitet, ikkje berre stadfesta av det høge artstalet, men òg av talet på representerte høgare taksa. Her er representantar for 89 av verdas 235 familiar og for 27 av verdas 39-40 ordenar. Diversiteten ein finn i fuglefaunaen i Colombia er ein del av den totale biodiversiteten i den neotropiske regionen, ein av regionane i verda med mest biodiversitet. Dei endemiske fugleartane i Colombia er først og fremst funne blant sporvefuglar, innanfor 13 av familiane der, men òg blant 8 andre ordenar.

Fynbos

Fynbos (frå afrikaans fyn, 'fin, smal' og bos, 'busk', uttalt ˈfɛi̯nbos) er eit plantesamfunn i dei sørvestlege delane av Sør-Afrika. Vegetasjonen består hovudsakleg av eviggrøne buskar og grasaktige plantar. Blada på buskane kan vera fine og nåleforma eller tjukke og lêraktige. Fynbos-området er elles kjenneteikna av stort biologisk mangfald og ei høg grad av endemisme (mange artar som lever her, finst berre her). Fynbos utgjer rundt halvparten av den særmerkte floraregionen Cape. Det finst rundt 8 500 ulike artar har, og oppimot 6 000 av dei er endemiske.

Massif de la Hotte

Massif de la Hotte er ei fjellkjede sørvest i Haiti som ligg i den vestlege enden av Tiburonhalvøya. Området er relativt fjerntliggjande, og det er eit av dei mest biologisk mangfaldige og viktige områda på Hispaniola. På fjelltoppane finn ein også nokre av dei siste tette tåkeskogane på Haiti. For om lag 2,5 millionar år sidan vart Massif de la Hotte skild frå resten av landet av ein djup og brei sjøkanal, og dette førte til at fjellkjeda vart ein arnestad for endemisme i både fugle-, plante- og reptillivet.Haiti har eit verdsarvområde på staden. I kjølvatnet av jordskjelvet i Haiti 2010 har Haiti difor fått hjelp av verdsarvprogrammet til UNESCO for å vurdere skadane.

Socorro-øya

Socorro-øya (spansk Isla Socorro) er ei lita vulkansk øy i Revillagigedo-arkipelaget, ei meksikansk øy som ligg rundt 600 kilometer utanfor vestkysten i landet ved 18 ° 48'N, 110 ° 59'W. Arealet er på 132 km2. Dette er den største av dei fire øyane i øygruppa.

Øya stig bratt opp frå havdjupet som ein skjoldvulkan. Eit siste utbrot i 1993 var undersjøisk utanfor kysten frå Punta Tosca. Eit tidlegare utbrot hende 21. mai 1951; tidlegare utbrot skjedde truleg i 1905, 1896 og 1848. Den første vulkanske hendinga oppstod sannsynlegvis i 3090 f.Kr. +/- 500 år. Fjellet Evermann (spansk: Cerro Evermann) er namnet på høgste toppen, til ære for marinbiologen Barton Warren Evermann. Øya si overflata er broten opp av furar, småkratere, og mange ravinar, og dekt i lavadomer, lavastraumar og slaggkoner.

Det finst ein marinestasjon etablert i 1957, med ein folkesetnad på 250 tilsette og familiar, busette i ein landsby med ei kyrkje. Busetnaden ligg på vestsida av Bahia Vargas Lozano, ei lita bukt med ei steinstrand, ca. 800 meter austom Cabo Regla, det sørlegaste punktet på øya. Stasjonen er tent med ei hamn, ein lokal helipkopterlandingsplass og flyplassen Isla Socorro, som ligg seks kilometer nord.

Sumapaz páramo

Sumapaz páramo (spansk: Páramo de Sumapaz - som tyder «Heilt fredeleg myr») er eit landskap og våtmarksområde med páramo-økosystem sør for Bogotá i Colombia.

Alexander von Humboldt forskingsinstitutt for biolog i Bogotá skildrar landskapet som Complejo Cruz Verde - Sumapaz i publikasjonen Atlas de páraemos de Colombia. Der er landskapet gjeve eit totalt areal på 2667,5 km2, spreitt over fire departement: Bogotá medrekna delar av bydelen Sumapaz, 32 %, Cundinamarca på 25 %, Huila 4,5 % og Meta på 38,5 %.Parque nacional natural Sumapaz, på 1540 km2, vart oppretta i 1977 på grunn av tydinga si som eit senter for biologisk mangfald og viktigaste vasskjelda for den tettaste folkesette delen av landet, Bogotá-sletta. Naturparken ligg dels inne i Complejo Cruz Verde - Sumapaz, men har òg areal aust for landskapet, inne i Meta-departementet.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.