Elva Minho

Minho er den lengste elva i Galicia i Spania med ei lengd på 308 km.

Namnet vert skrive Minho på portugisisk og Miñogalisisk og spansk. Begge namna kjem frå det latinske Minius. Minho gjev vatn til vingardar og jordbruksområde og vert nytta til produksjon av vasskraft. Ho renn òg langs delar av grensa mellom Spania og Portugal.

Kjelda til Minho ligg om lag 50 km nord for Lugo i Galicia. Elva renn like sør for murane til denne gamle romarbyen og renn sørover gjennom kløfter før dalen vert breiare nord for Ourense. Elva er gjort om til reservoar frå Portomarín til Frieira. I elva finn ein følgjande reservoar: Belesar med 654 hm³, Peares med 182 hm³, Velle med 17 hm³, Castrelo med 60 hm³ og Frieira med 44 hm³.

Tjue kilometer nord for Ourense, ved Os Peares, mottar Minho vatn frå den største sideelva si, Sil. Ho renn gjennom Ourense og renn sørvestover til ho når den portugisiske grensa nær Melgaço. Det er ei stor demning ved Frieira nær byen Ribadavia, som er kjend for vinen Ribeiro.

Den portugisiske delen av Minho deler landet i to i om lag 80 km. Dalen er eit frodig jordbruksområde der det vert dyrka korn, poteter, kål eller berre gras, avhengig av tida på året. Overalt inn i mellom jordbruksområda elvane og hagane finn ein vinrankane, som vert nytta til den lett muserande Vinho Verde. Den beste av desse, Alvarinho, vert produsert i området rundt Monção og Melgaço.

Etter å ha passert mellomalderbyane Melgaço og Monção renn Minho med den spanske byen Tui og den portugisiske Valença do Minho på kvar side. Begge byane har bevarte festningsverk og er nasjonalmonument. Minho munnar ut i Atlanterhavet nær Caminha.

Minho
elv
Tui Miño 060415 1
Minho i Valença do Minho i Portugal
Land Flag of Spain.svg Spania, Flag of Portugal.svg Portugal
Nedslagsfelt 12 486 km²
Lengd 308 km
Middelvassføring 340 /s
Kjelde Galicia
Munning Atlanterhavet
Kart over Minho
Kart over Minho

Sideelvar

Frå høgre

I provinsen Pontevedra: Río Tamuxe (òg kalla Carballas, Carballo ou Carvallo), Río Pego, Río Cereixo da Brinha, Río Furnia (òg kalla Forcadela), Río Louro, Río Tea, Río Caselas, Río Tea, Río Deva (det finst ei anna elv kalla Deva på venstresida), Río Ribadil, Río Cea. I provinsen Ourense: Río Avia, Río Barbantiño. Río Bubal på grensa mellom Ourense og Lugo. I provinsen Lugo: Río Asma, Río Narón, Río Ferreira, Río Mera, Río Narla, Río Ladra, Río Támoga, Río Anllo.

Frå venstre

Rio Mouro, Rio Gadanha og Rio Coura på den portugisiske sida, Río Deva (det er ei anna elv som heiter Deva på høgresida), Río Arnoia, Río Barbaña (i byen Ourense), Río Lonia (i byen Ourense), Sil River, Río Sardiñeira, Río Loio, Río Neira, Río Chamoso, Río Robra (òg kalla río Santa Marta), Río Lea, Río Azúmar.

Kjelder

Ourense

Ourense (spansk Orense) er ein by nordvest i Spania og provinshovudstaden i provinsen Ourense i Galicia. Han har kring 110 000 innbyggjarar, om lag 30 % av innbyggjarane i provinsen.

Byen ligg ved breidda av elva Minho sør i sentrale område av provinsen.

Porto

Porto er ein by nord i Portugal og den nest største byen i landet med om lag 240 000 innbyggjarar, 1,6 millionar innbyggjarar med nabokommunane og 2,99 millionar innbyggjarar i det større storbyområdet (som inkluderer byane frå Braga til Oliveira de Azeméis). Porto kommune er kjerne i eit stort byområde ved Atlanterhavet og distriktet Porto er eit av dei mest industrialiserte distrikta i Portugal.

Ein av dei mest kjende produkta frå Portugal er portvin som har fått namnet sitt etter byen, der han opphavleg vart skipa ut frå, eller meir presist frå Vila Nova de Gaia, ein by like over elva som høyrer til same storbyområde. Landet vart òg kalla opp etter det latinske namnet på byen, Portus Cale.Porto er det kulturelle og administrative senteret i storbyområdet i Norte og er kjend for kulturen, innbyggjarane og den lokale mattradisjonen. Byen vert stundom kalla «Capital do Norte», eller hovudstaden i norden.

Ribeira, det historiske senteret i Porto, er innskrive på verdsarvlista til UNESCO (1996).

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.