Egypt

Egypt (kortform av Den Arabiske Republikken Egypt) er eit land i Afrika, som grensar mot Libya, Sudan, Gazastripa og Israel. I nord har landet kyststripe mot Middelhavet og i aust mot Raudehavet. Sinaihalvøya i nordaust bind Afrika saman med Asia. Mellom Sinaihalvøya og resten av landet ligg Suezkanalen som bind saman Middelhavet og Raudehavet. Resten av landet er dominert av ørken, medan dei fleste egyptarar bur langs med Nilen, som renn gjennom landet frå sør mot nord.

Egypt hadde ein blomstrande sivilisasjon i oldtida, og er kjend for sine enorme pyramidar og andre storslagne monument. Landet blei erobra av arabarane i 639 e.Kr. og blei etter kvart eit sentrum for islamsk lærdom. I 1922 fekk landet delvis sjølvstende frå Storbritannia, som hadde styrt landet sidan 1882. Fyrst etter den andre verdskrigen fekk landet fullt sjølvstende. I dag har landet ein raskt veksande folkesetnad, som er den største i den arabiske verda.

مهورية مصر العربية
Gumhūriyyat Miṣr al-ʿArabiyyah

(norsk: Egypt, egyptisk)

Det egyptiske flagget Det egyptiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Biladi, Biladi, Biladi»
Geografisk plassering av Egypt
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Kairo
Styresett
Republikk
Abdel Fattah el-Sisi
Ibrahim Mahlab
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 001 450 km² (29.)
0,6%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
97 041 072 (15.)
96,9 /km² (93.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
22. februar 1922
Nasjonaldag 23. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
996 000 mill. USD (24.)
11 900 USD (102.)
Valuta Egyptisk pund
Tidssone UTC +2
Telefonkode +20
Toppnivådomene .eg

Historie

Hovudartikkel: Egyptisk historie

Egypt.Giza.Sphinx.01
Pyramidane ved Giza.

Den årlege overflauminga av Nilen gjorde at jordbruket i Egypt tidleg produserte eit stort nok overskot til å oppretthalde ein rik sivilisasjon. Eit egyptisk rike blei grunnlagd i 3200 f.Kr av kong Narmer, og ulike dynasti kom til å styre dette området som ei eining i nærare 3000 år framover. Egypt i oldtida var styrt av faraoar, som gjorde krav på å stamme frå gudane. Pyramidane i Egypt stammar frå denne tida, det same gjer dei kjende gravkamra i Konganes Dal der grava til Tut-ankh-Amon blei funne i 1922.

Etter at det siste innfødde egyptiske dynastiet fall for persarane i 343 f.Kr blei Egypt erobra av Aleksander den store like etter. Dronning Kleopatra er kanskje den mest kjende av dei greske herskarane som følgde etter Aleksander si erobring. Seinare var romarane herrar i Egypt, og dei blei avløyste av bysantinarane før arabarane invaderte landet i 639 e.Kr. Egypt var ein del av det islamske kalifatet fram til dei lokale mamelukkane tok over kontrollen i 1250. Dei var formelt underlagde sultanen i Istanbul. Frå å ha hatt eit folketal på om lag 6-7 millionar i romartida gjekk Egypt til å ha om lag 2,5 millionar innbyggjarar då mamelukktida tok slutt i 1798, så dette kan seiast å ha vore ei lang nedgangstid for Egypt.

Egypt si moderne historie byrja i 1798, då Napoleon Bonaparte invaderte landet. Under den franske okkupasjonen kom og mange vitskapsmenn til landet, og interessa for Egypt i oldtida byrja å ta seg opp i Europa, særleg etter funnet av Rosettasteinen som etter kvart gjorde det mogleg å tyde dei gamle egyptiske hieroglyfane. Okkupasjonen varte ikkje lenge, men gjorde at egyptarane blei rivne ut av isolasjonen dei hadde vore i under mamelukkane. Etter fleire år med krig og kaos kom Muhammad Ali ut som herskar i Egypt. Han gjennomførte reformer i styresett, militærvesen og landbruk, monopoliserte handel i landet, freista å innføre industri i Egypt samstundes som han dreiv storstilt ekspansjon i nærområda. Etter at han gjekk til angrep på sin overherre, sultanen, greip dei europeiske stormaktene inn i 1841 og tvinga Egypt til å gje opp ekspansjonen og opne opp marknaden sin for europeiske varar, noko som knekte den gryande egyptiske industrien.

Muhammad Ali døydde i 1849, og etterkommarane hans regjerte i Egypt fram til 1953, men etter kvart hadde dei liten reell makt. Utover 1800-talet hadde Egypt nemleg opparbeida seg ei enorm utanlandsgjeld, og den egyptiske økonomien blei sett under europeisk kontroll. Suezkanalen var blitt ferdig i 1869 og blei raskt strategisk viktig for Storbritannia som livlinja til India. Sikring av denne kommunikasjonslina var ein viktig årsak til at Storbritannia tok militær kontroll over Egypt i 1882. Fram til 1914 var landet framleis nominelt underlagt det osmanske riket, men etter den fyrste verdskrigen blei Egypt eit britisk protektorat, med større grad av sjølvstyre etter 1922.

I 1952 kom det eit militærkupp som førte til at den Egyptiske Republikk blei oppretta i 1953. I 1954 blei general Gamal abd-al-Nasser innsett som president. Han beordra britane ut frå landet i 1956 og nasjonaliserte Suezkanalen, noko som førte til Suezkrisa same året. Nasser blei ein arabisk samlingsfigur etter dette, og den såkalla arabiske nasjonalismen førte til forsøket med den Sameinte Arabiske Republikken saman med Syria og Jemen frå 1958 til 1961.

Forholdet til Israel styrte mykje av utanrikspolitikken frå den jødiske staten blei oppretta i 1948. Under seksdagarskrigen i 1967 tapte Egypt Sinaihalvøya til Israel, og tre år etter dette døydde Nasser, og blei etterfølgd av Anwar al-Sadat. Sadat vridde Egypt si utanrikspolitiske orientering mot USA i staden for mot Sovjetunionen og gjennomførte tiltak for å stoppe både religiøs og sekulær opposisjon. I 1973 gjekk Egypt til eit overraskande åtak på Israel saman med Syria, den såkalla Yom-Kippur-krigen. Det blei ikkje noko militær siger for dei arabiske landa, men USA og Sovjet intervenerte, og det blei ei diplomatisk løysing. I 1977 blei Sadat den første arabiske leiaren til å vitje Israel, og det blei underteikna ein fredsavtale i 1978. Sadat blei myrda i 1981, og etterfølgd av dagens president, Hosni Mubarak.

Stat og styresett

Egypt har i teorien eit demokratisk styresett med ei teoretisk deling av den utøvande makta mellom presidenten og statsministeren, men i praksis ligg makta hos presidenten som dei siste femti åra har blitt vald i val med berre ein kandidat. I 2005 blei Hosni Mubarak attvald etter eit val der det var fleire kandidatar. Likevel var det mange praktiske vanskar som gjorde at velkjende opposisjonskandidatar ikkje kunne stille opp. Mange er skeptiske til om denne demokratiseringa har noko substans, men journalistar i Egypt kan i aukande grad kritisere regimet. Opposisjonsparti som det forbodneMuslimske Brorskap vann mange plassar i nasjonalforsamlinga, noko som kanskje signaliserer at endringar er på veg. Nasjonalforsamlinga har 454 medlemmar. Ti av dei er direkte utnemnde av presidenten, som også utnemner visepresidenten, statsministaren og regjeringa.

Lovane i Egypt er baserte på engelsk lov, napoleons lovverk og sharia-lovar.

Økonomi

Egypt sin økonomi er i stor grad basert på jordbruk, eksport av petroleum, turisme samt inntekter frå trafikken gjennom Suezkanalen. Under Nasser var den egyptiske økonomien sterkt sentralisert under eit system han kalla arabisk sosialisme. I dei seinare åra har økonomien blitt liberalisert og opna opp for utanlandsk konkurranse, utan at det har klart å gjere mykje med den aukande fattigdomen i landet.

Religion

Muhamedali
Muhammad Ali-moskeen i Kairo

Religionen i Egypt i oldtida hadde mange gudar som blei dyrka i ulike kulter. Dei mest kjende er solguden Ra, Isis, Osiris, Set og Bast. Dyrkinga av farao som ein levande gud var integrert i den egyptiske religionen. For at sjela skulle få leve vidare i ei anna verd var det naudsynt å balsamere kroppen slik at han blei bevart for ettertida. Den gamle egyptiske religionen var det dominerande trussystemet i Egypt fram til kristendommen gjorde sitt inntog.

Kristendommen kom til Egypt allereie i det første hundreåret etter Kristus, og Alexandria blei eit senter for læring. Origenes, som blir rekna som far til teologien virka her. Koptisk kristendom, som egyptisk kristendom blir kalla, omfattar i dag om lag 10 % av egyptarane, og har overlevd under islamsk dominans i 1400 år.

Arabarane erobra Egypt i 639, og innførte islam, som i dag er religionen til om lag 90 % av det egyptiske folket. Egyptarane er hovudsakleg sunni-muslimar, men det finst også sjiaar og sufiar. Al-Azhar-universitetet i Kairo blei etablert i 950 e.Kr. og er framleis ein av dei viktigaste islamske utdanningsinstitusjonane.

Det finst truleg ein del agnostikarar og ateistar i Egypt, men få tør å seie det offentleg. I tillegg finst ein minoritet med Baha'iar og ein endå mindre minoritet med jødar. -10-20% av egyptarane høyrer til den egyptiske ortodokse kyrkja også kalla den koptiske ortodokse kyrkja. - kristendommen kom til Egypt før år 100 e.kr., og landet har framleis ein betydeleg kristen minoritet : den koptisk-ortodokse kyrkje er det største kyrkjesamfunnet i dagens Midtausten, og samlar ca 5-7% av befolkninga. - Kairo er framleis eit religiøst og intellektuelt sentrum i den sunnimuslimske verda, og i dag er det over 90% av befolkninga sunni-muslimar. - I åra 639-641 erobra muslimske arabarar landet, som gradvis blei islamisert og arabisert. - Den ortodokse (greske) kyrkje har eit patriarkat i Alexandria, for øvrig finst små gresk-katolske, katolske og protestantiske kyrkjelydar. - Den gamle religionen var det dominerande trussystemet i Egypt fram til kristendommen kom.

Geografi

Administrativt er landet delt inn i 27 guvernement, eller regionar. Dei viktigaste byane er hovudstaden Kairo, Alexandria, Luxor, Port Said, Suez og Sharm el Sheik.

Egypt-CIA WFB Map
Kart over Egypt

Klima

Tilpassing er nøkkelordet for livet i Nildalen, der ein har drive med jordbruk i fleire tusen år. Utan kunstig vatning hadde ein ikkje kunne drive med jordbruk i områda rundt Kairo, som berre får om lag 20 mm regn i året. Sør for den nordlege kysten og det tett folkesette område i nordaust, er klimaet ganske einsarta. Frå tidleg i juni til september er det heilt tørt og stort sett klår himmel. Temperaturane når 32 °C så godt som alle stader, bortsett frå den austlege Middelhavskysten. Sør for Luxor har ein vanlegvis temperaturar opp mot 40 °C om sommaren. Nettene er òg varme, men rundt Nildeltaet kan ein nordleg bris frå Middelhavet gje litt meir behagelege temperaturar.

På hausten skjer det lite på vêrfronten, men ein har større sannsyn for enkelte torebyer i dei nordlege områda. Regn har ein stort sett berre langs den nordlege kysten, som i Alexandria, og stort sett berre om vinteren. Dette er typisk for middelhavsklima, og Alexandria kan få regn om lag kvar fjerde dag i desember og januar. Lågtrykk i Middelhavet kan derimot stundom føre til regnvêr så langt sør som til Kairo, og i korte periodar kan dei nordlege fjellsidene av Sinaifjellet få litt snø. I dei kjøligare månadane kan Kairo og andre dalstrøk få tåke eller smog.

Når Sahara byrjar å bli oppvarma om våren, kan lågtrykk frå Middelhavet trekke sørover i landet. Dei gjev lite regn, men kan føre til store sandstormar, kalla khamsin. Desse khamsinstormane kan slå til fleire gonger i månaden, og kan føre til temperaturar over 45 °C, medan den relative fukta går under 5 %. Khamsinane som oppstår i februar og mars fører som regel ikkje til så høge temperaturar, men kan bringe med seg enno meir sand.

Kjelder

1954

1954 (romartal MCMLIV)

Alexandria

Alexandria er den største hamnebyen og den nest største byen i Egypt. Han ligg i Nildeltaet nord i landet, og er eit viktig transport- og industrisenter, men er også kjend som badeby og turistmål.

Arabisk

Arabisk (العربية) er eit semittisk språk, nært i slekt med hebraisk og arameisk. Det er hovudspråket i heile den arabiske verda, og det er utbreidd i den islamske verda. Arabisk fekk skriftspråket sitt allereie på 500-talet. Det er liturgispråk i islam og eit viktig kulturspråk innan islam og i jødedommen.

Egypt i oldtida

Egypt i oldtida eller det gamle Egypt er historia om den egyptiske statsdanninga som vart til kring 3300 f.Kr. og vara i to tusen år; arkeologiske funn tyder på at det eksisterte eit utvikla samfunn i Egypt òg lenge før denne epoken. Pyramidene ved Giza, som vart bygd under det fjerde dynastiet, er symbol på makta til religionen og staten. Den største pyramiden, Kheopspyramiden, er den einaste attverande av sju underverk i oldtida. Det gamle Egypt nådde høgda av si makt, rikdom og utbreiing i Det nye riket (1567-1085 f.Kr.).

Egyptarane nådde Kreta kring 2000 f.Kr. og vart invadert av indoeuropearar og eit folkeslag kalla hyksos. Dei sigra over inntrengjarane kring 1570 f.Kr. og ekspanderte mot Egearhavet, Sudan, Libya og store delar av Sørvest-Asia, så langt som til elva Eufrat.

Etiopia

Etiopia er ein stat på Afrikas horn nordaust i Afrika. Etiopia grensar mot Eritrea, Djibouti, Somalia, Kenya, Sør-Sudan og Sudan. Landet er det tredje folkerikaste i Afrika, etter Nigeria og Egypt. Det er ei av dei eldste statsdanningane som framleis er til, etter Armenia, og er det einaste landet i Afrika som ikkje har vore under kolonistyre.

Folketeljing

Folketeljing vert gjort med jamne mellomrom i dei fleste landa i verda for å føre statistikk over innbyggjartal og andre demografiske tilhøve. Formålet med teljingane var i tidlegare tider å få betre grunnlag for skatteinnkreving eller betre oversyn over rekrutteringa av soldatar, men statistikk kan brukast til mange ulike formål.

Dei eldste kjende folketeljingane vart haldne i Babylon, Egypt og i Kina 2000–3000 f.Kr. Romerrikets folketeljingar er kjende frå Bibelen, der er dei kalla «manntal».

På 1700-talet organiserte mange land i Europa folketeljingar, mellom dei Island i 1701, Sverige i 1748 og Danmark-Noreg i 1769. USA hadde si første folketeljing i 1790 mens England og Frankrike heldt sine første folketeljingar i 1801.

Gazastripa

Gazastripa (arabisk قطاع غزة Qiṭāʿ Ġazzah), eller berre Gaza, er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014.Sunnimuslimar utgjer den største delen av den palestinske folkesetnaden på Gazastripa, som har ein årleg folkevekst på 3,01%, den 9. høgaste i verda. Området er 41 km langt, og frå 6 til 12 km breitt, med ei samla flatevidd på 365 kvadratkilometer. I 2014 var folketalet på Gazastripa kring 1,82 million innbyggjarar.Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949. Artikkel V i avtalen erklærte at grenselinja ikkje var ei landegrense. Først vart Gazastripa offisielt administrert av All-Palestina-styret, som vart grunnlagd av Den arabiske ligaen i september 1948. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959. Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan juli 2007, etter det palestinske valet i 2006 og Hamas tok over i 2007, har Hamas i røynda hatt makta på Gazastripa, og danna ei alternativ Hamas-regjering i Gaza. Staten Palestina gjer krav på Gazastripa, men forsoningssamtalar med Hamas har så langt ikkje ført fram.

Jordbruk

Jordbruk er ei næringsgrein innan landbruket som vert driven for å produsera plantar, som vert etne av menneske og dyr. Noko av energien i plantane som vert nytta som dyrefor vert omset til menneskjeføde når dyra vert slakta og kjøtet ete. Men omvegen om kjøt er ein lite effektiv måte å produsera menneskjeførde på, ettersom berre ein brøkdel av energien i foret vert finst i kjøtet. Forutan mat produserer jordbruket ymse typar fiber, som lin og bomull. Ull er òg eit viktig produkt.

Kairo

Kairo (arabisk: القاهرة al-Qāhira) er hovudstaden i Egypt. Han ligg ved elva Nilen, eit lite stykke ifrå der ørkenen går over i Nildeltaet nord i Egypt. Med 16 millionar innbyggjarar er Kairo den største og mest folkerike byen i Afrika og den arabiske verda. Han er ein av dei tørraste storbyane i verda med ei nedbørsmengd på 20 mm per år, og er, etter Mexico by, rekna som den nest mest forureina av verdas hovudstader.

I og nær byen finn ein mellom anna pyramidane og sfinksen i Giza, Amr-moskeen, universitetet Al-Azhar, Citadellet, «den hengande kyrkja» Kairotårnet og bydelar som Gamle Kairo og Nye Egypt. Historiske Kairo er rekna som verdsarv av UNESCO. Kairo har over 500 moskear og er til tider kjend som «minaretbyen». Lokalt blir byen ofte omtalt som «Misr», som også er det lokale namnet på Egypt.

Libya

Libya er eit land i Nord-Afrika og har kyst mot Middelhavet mot nord og grense mot Egypt i aust, Sudan i søraust, Tsjad og Niger i sør og Algerie og Tunisia i vest.

Napoléon Bonaparte

For andre tydingar, sjå Napoleon (fleirtyding)Napoléon Bonaparte (15. august 1769–5. mai 1821) var keisar av Frankrike under namnet Napoléon I frå 18. mai 1804 til 6. april 1814. Han erobra og regjerte over det meste av det vestlege og sentrale Europa. Han vert rekna som ein dei store feltherrane gjennom historia. Napoleonskrigane vart utkjempa frå 1800 til 1815.

Nilen

Nilen er den lengste elva på jorda. Elva er rekna å vera mellom 6300 og 7200 km lang. Elva Kagera, som renn ut i Victoriasjøen i Uganda, vert rekna for å vera kjelda til Nilen. Derifrå flyt den mektige elva gjennom Uganda, Sudan og Egypt før ho munnar ut i Middelhavet. På ferda nordover får elva tilsig frå ei rad bielver. Den viktigaste av desse er den såkalla «Blå Nilen», som har sitt utspring i Etiopia. Dei sameiner seg i («Den kvite nilen») nær Sudan sin hovudstad Khartoum. Vantnet brukar fire månadar på vegen frå kjeldene i det indre av Afrika til Middelhavet.

Aswandammen er del av eit stort vasskraftverk som Egypt har bygd med utgangspunkt i Nilen.

I det gamle Egypt vart vasstanden i Nilen grundig dokumentert, nettopp fordi den danna grunnlaget for all økonomisk vekst og nedgang i området. Gjekk vasstanden opp, kunne farao krevja høg skatt og omvendt.

Frå kolonitida finst det andre, store dokumentasjonskjelder som vart oppretta av kolonistyret til Storbritannia. Der er mellom anna koplinga mellom klima og sjukdomar i området dokumentert i detalj, sidan malaria og andre tropesjukdomar førte til store effektivitetsproblem for kolonistyret.

Egypt vert i hovudsak utgjort av ei tynn stripe land kring Nilen, der bur nesten heile folkesetnaden. Såleis er vassressursane i Nilen særs viktig for Egypt. Viss eit naboland av Egypt kunne stoppa vasstilførselen til landet, til dømes gjennom storstilt irrigrering av jordbruksland, ville det føra til stor utryggleik i Egypt og i regionen.

Nord-Afrika

Nord-Afrika er den delen av Afrika som ligg nord for Sahara, og skil seg språkleg, kulturelt og klimamessig frå resten av kontinentet. Området omfattar Vest-Sahara, Tunisia, Marokko, Algerie, Libya og Egypt. I vide definisjonar vert Mauritania, Sudan, Etiopia og Eritrea òg tekne med ettersom dei har hatt mykje av dei same kulturelle påverkingane frå Arabia og islam. I snevre definisjonar vert Egypt utelatt.

Palestina

Palestina er eit område og eit historisk landskap i Midtausten. I etterkant av andre verdskrigen vart kring halvparten av området proklamert som staten Israel (1948), mens palestinarane gjer krav på heile området som sitt rettmessige land.

Namnet Palestina stammar frå filistrane som frå 1100 før kristus utgjorde størsteparten av befolkninga i området omkring Gaza. I år 135 e.Kr. vart den tidlegare provinsen Judæa omorganisert og gjeven namnet Syria Palæstina som provins under det dåverande Romarriket. Palestina var ein del av det britiske palestinamandatet frå 1920 til 1948. I 1922 vart den delen av det britiske mandatområdet Palestina som låg aust for Jordanelva avdelt som kongedømet Transjordania (det noverande Jordan).Staten Israel vart proklamert i 1948 på 78 prosent av den delen av det historiske Palestina som ligg vest for Jordanelva. PLO proklamerte staten Palestina på Vestbreidda og Gaza i 1988 men vart ikkje anerkjend av Israel og den vestlege verda. Dei palestinske sjølvstyresmaktene vart oppretta på avgrensa delar av Vestbreidda og Gaza i 1993 som følgje av Oslo-avtalen.

Området har kyst mot Middelhavet, og grensar mot Egypt, Libanon, Syria og Jordan. Viktige elver og vassdrag er Jordanelva, Tiberiasjøen og Dødehavet. Området Palestina utgjer er eit heilag land for jødedomen, islam og kristendomen. Området står òg sentralt i religionar som bahá’í.

Raudehavet

Raudehavet er òg namnet på to statar, ein i Sudan og ein i Egypt

Raudehavet (arabisk البحر الأحمر Baḥr al-Aḥmar, al-Baḥru l-’Aḥmar; hebraisk ים סוף Yam Suf; tigrinja ቀይሕ ባሕሪ QeyH baHri) er ei havbukt frå Indiahavet mellom Afrika og Asia.

Sardinia

Sardinia (italiensk Sardegna; sardisk Sardigna eller Sardinnya) er den nest største øya i Middelhavet etter Sicilia. Ho har eit areal på 24 090 km² og er omgjeve av den franske øya Korsika i nord, den italienske halvøya i aust, Tunisia i sør og dei spanske Balearane i vest. Sardinia er ein konstituerande del av Italia, men har ein spesiell status som autonom region etter den italienske grunnlova.

I byrjinga av den nuragiske perioden, om lag 1500 f.Kr., vart øya kalla Hyknusa (latin Ichnusa) av mykenarane, som truleg tydde «øya (nusa) til Hyksos», folket som hadde vorte forvist av Ahmose I av Egypt om lag 1540 f.Kr. Sandalyon var det andre namnet på øya, som truleg viste til forma på øya, som ser ut som eit fotspor. Det siste og noverande namnet har vore Sardinia, etter Shardana (som invaderte Egypt, men vart slått av Ramses III i om lag 1180 f.Kr.).

Seksdagarskrigen

Seksdagarskrigen var ein krig mellom Israel, Egypt, Syria og Jordan i juni 1967. Krigen byrja med at Israel gjekk til åtak på Egypt, som like før hadde stengt Tiransundet for israelsk ferdsel. Resultatet av krigen var total siger for Israel og eit massivt moralsk nederlag for heile den arabiske verda. Israel okkuperte den Palestinske Vestbreidda og Gaza-stripa, som hadde vore under høvesvis jordansk og egyptisk administrasjon, i tillegg til den egyptiske Sinai-halvøya og dei syriske Golan-høgdene. Jerusalem (Al Quds), palestinarane sin hovudstad, vart annektert av Israel og gjort utilgjengeleg for dei fleste palestinarar og mange muslimar og kristne i regionen. I tillegg vart Suez-kanalen gjenopna for vestlege handelsfartøy. Jordan gjorde tafatt motstand mot Israel, som berre i praksis fekk Vestbreidda overlevert utan motstand. Den palestinske frigjeringsrørsla PLO var delvis blitt avvæpna av jordanske myndigheiter i forkant av krigen.

Bakgrunnen for krigen var samansett. Den sionistiske ideen om eit Stor-Israel frå det gamle testamentet var for mange israelarar ei legitimering av vidare ekspansjonisme og utviding av grensene til Israel. Dei arabiske landa såg på staten Israel som illegitim sidan han var ein vestleg kolonialistisk stat oppretta gjennom fordriving av dei opphavlege innbyggjarane, palestinarane. Den uløyste statusen bygde seg gradvis opp til militær konfrontasjon. Sidan Egypts president Nasser hadde nasjonalisert Suez-kanalen i 1956, hadde Israel, som alliert med Vesten, eit ønske om å gjenopne han for vestleg ferdsel og varetransport.

Kort tid etter seksdagarskrigen byrja Israel å byggje busettingar på dei okkuperte områda. Sinai-halvøya vart gjeven tilbake til Egypt i 1979 etter ein fredsavtale mellom Egypt og Israel. I denne garanterte Egypt fri ferdsle gjennom Suez-kanalen, anerkjente staten Israel og gav opp all støtte til palestinarane sin sak. Resten av områda fortsette å vera okkuperte av Israel.

Sudan

Sudan er ein republikk i Nordaust-Afrika og er det nest største landet i verdsdelen. Landet grensar mot Eritrea, Etiopia, Sør-Sudan, Den sentralafrikanske republikken, Tsjad, Libya og Egypt, og det har kystline mot Raudehavet. Hovudstaden er Khartoum. Landet har i mange år vore herja av borgarkrig. Etter fredsavtalen frå 2005 vart det i 2011 haldast folkerøysting i Sør-Sudan om å verta ein sjølvstendig stat, og Sør-Sudan vart skilt ut frå Sudan i 9. juli 2011.

Syria

Den arabiske republikken Syria eller berre Syria (arabisk سوريا eller arabisk سورية, Sūriyā eller Sūrīyah) er ein stat i Midtausten. Landet grensar til Libanon og Middelhavet i vest, Tyrkia i nord, Irak i aust, Jordan i sør og Israel i sørvest. Grensene med Israel (Golanhøgdene) og Tyrkia (Iskenderun) er omstridde. Hovudstad er Damaskus og er av dei eldste permanent busette byane i verda.

Landet består av frodige sletter, høge fjell og ørkenar, og er heimstad for mangfaldige etniske og religiøse grupper, som alawittar, sunni- og kristne arabarar, armenarar, assyrarar, drusar, kurdarar og tyrkarar. Sunni-arabarar utgjer den største folkegruppa i Syria.

Syria var tidlegare synonymt med Levanten (på arabisk kalla al-Sham) medan den moderne staten dekkjer fleire gamle kongedøme og rike, som Ebla-sivilisasjonen på 2000-talet fvt. I den islamske tida vart Damaskus setet for Umayyade-kalifatet og ein provinshovudstad i Mamelukk-sultanatet i Egypt.

Den moderne syriske staten vart grunnlagd etter fyrste verdskrigen som det franske mandatområdet, og var den største arabiske staten som kom fram frå det tidlegare osmansk-styrte arabiske Levanten. Landet fekk sjølvstende i april 1946, som ein parlamentarisk republikk. Perioden etter sjølvstendet var uroleg, og mange militærkupp og kuppforsøk herja landet i perioden 1949–1971. Mellom 1958 og 1961 gjekk Syria inn i ein kortvarig union med Egypt, som enda med eit militærkupp. Frå 1963 til 2011 var det unntakstilstand i landet, innbyggjarane var utan alt av rettsleg vern, og styreforma vert rekna som ikkje-demokratisk. Bashar al-Assad har vore president sidan 2000 og tok over etter far sin, Hafez al-Assad, som var president frå 1970 til 2000.Syria er berre medlem av ein internasjonal organisasjon utanom Dei sameinte nasjonane, Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, og er for tida suspendert frå Den arabiske ligaen og Organisasjonen for islamsk samarbeid, og sjølvsuspendert frå Unionen for Middelhavet. Sidan mars 2011 har Syria vore innvikla i ein borgarkrig etter ei rekkje opprør (rekna som ein del av den arabiske våren, masserørsla av revolusjonar og protestar i den arabiske verda) mot Assad og ny-Ba'athist-styret. Ei alternativ regjering vart danna av opposisjonen Nasjonalkoalisjonen av syriske revolusjons- og opposisjonskrefter, i mars 2012. Representantar av denne regjeringa vart invitert til å ta Syria sitt sete i Den arabiske ligaen.

Nord-Afrika
Algerie · Egypt · Libya · Marokko · Sudan · Tunisia
Midtausten
Bahrain · Egypt · Irak · Iran · Israel · Jemen · Jordan · Kypros · Kuwait · Libanon · Nord-Kypros  · Oman · Palestina · Qatar · Dei sameinte arabiske emirata · Saudi-Arabia · Syria · TyrkiaMiddle East (orthographic projection)
Land ved Middelhavet
Suverene statar Albania · Algerie · Bosnia-Hercegovina · Egypt · Frankrike · Hellas · Israel · Italia · Kroatia · Kypros · Libanon · Libya · Malta · Marokko · Monaco · Montenegro · Slovenia · Spania · Syria · Tunisia · Tyrkia
Statar med avgrensa anerkjenning Nord-Kypros · Palestina
Biland og andre territorium Akrotíri og Dekélia (UK) · Gibraltar (UK)
Den afrikanske unionen
Den arabiske ligaen
Medlemmar
Observatørar
  • Brasil
  • Eritrea
  • India
  • Venezuela
  • Suspendert
  • Syria
  • Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC)
    Medlemsland Afghanistan · Albania · Algerie · Aserbajdsjan · Bahrain · Bangladesh · Benin · Burkina Faso · Brunei · Kamerun · Tsjad · Komorane · Djibouti · Egypt · Gabon · Gambia · Guinea · Guinea-Bissau · Guyana · Indonesia · Iran · Irak · Elfenbeinskysten  · Jordan · Kuwait · Kasakhstan · Kirgisistan · Libanon · Libya · Maldivane · Malaysia · Mali · Mauritania · Marokko · Mosambik · Niger · Nigeria · Oman · Pakistan · Palestina · Qatar · Saudi Arabia · Senegal · Sierra Leone · Somalia · Sudan · Suriname · Tadsjikistan · Tyrkia · Tunisia · Togo · Turkmenistan · Uganda · Usbekistan · Dei sameinte arabiske emirata · Jemen
    Suspendert Syria
    Observatørar
    Land og territorium Bosnia-Herzegovina · Den sentralafrikanske republikken · Nord-Kypros1 · Russland · Thailand
    Muslimske samfunn Moro nasojnale frigjeringsfront
    Internasjonale
    organisasjonar
    Economic Cooperation Organization · Den afrikanske unionen · Den arabiske ligaen · Organisasjonen av alliansefrie nasjonar · Dei sameinte nasjonane
     · 1 Som «Den tyrkisk-kypriotiske staten».

    På andre språk

    This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
    Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
    Images, videos and audio are available under their respective licenses.