Egearhavet

Egearhavet (gresk: Αιγαίον Πέλαγος, Aigaion Pelagos) er ein arm av Middelhavet som ligg mellom den greske halvøya og Anatolia (Litleasia, som no er ein del av Tyrkia). Det er forbunde med Marmarahavet og Svartehavet gjennom Dardanellane og Bosporos.

Aegeansea
Sattelittbilete av Egearhavet
Aegean with legends SV
Kart

Etymologi

I oldtida var det ulike forklaringar på namnet til havet. Det vart sagt at det hadde namnet etter ein by; Aegae, etter ei amasonedronning med namn Aegae som drukna i havet, eller etter Aegeus, far til Theseus, som drukna seg i havet då han trudde sonen var død. Ein annan mogeleg etymologi er frå rota Αιγ- (Aeg-) som tyder bølgje, altså bølgja hav som i αιγιαλός (aighialos).

Kultur

Egearhavet var fødestad for to av dei store sivilisasjonane i oldtida — minoarane på Kreta og mykenaranePeloponnes. Seinare utvikla bystatane Athen og Sparta seg saman med mange andre og danna den greske sivilisasjonen. Egearhavet har seinare vore folkesett av persarar, romarar, bysantinarar, venetianarar, seljuktyrkarar og osmanarar.

Det opphavlege demokratiet vart utvikla rundt Egearhavet.

Øyane i Egearhavet

Øyane i Egearhavet kan delast inn i sju grupper: Thrakiahavgruppa, Dei egeiske øyane, Dei nordlege Sporadane, Kykladane, Dei saroniske øyane, Dodekanesane og Kreta. Ordet arkipelago blei først nytta om desse øygruppene. Mange av øyene i Egearhavet er forlengingar av fjellkjeder på fastlandet.

Mange av øyene har trygge hamner og bukter, men navigasjon mellom dei er generelt vanskeleg. Fleire av øyane er vulkanske, og nokre har rike førekomstar av marmor og jern. Dei største øyane har fruktbare dalar og sletter. To av dei store øyene i Egearhavet høyrer til Tyrkia: Bozcaada (gresk Ίμβρος, Imvros) og Gökçeada (gresk Τένεδος, Tenedos).

Dei nordegeiske øyane

Dei nordegeiske øyane er fleire øyar nord i Egearhavet, som høyrer til Hellas og Tyrkia. Øyane dannar ikkje ei samanhengande rekkje av øyar, men er samla saman av turistmessige og administrative årsaker. Sør for øygruppa ligg Dodekanesane og i vest ligg Kykladane og Dei nordlege Sporadane.

Innanfor gruppa som ligg langs kysten av Tyrkia er den greske øya Límnos og dei tyrkiske øyane Gökçeada (gresk Ímvros) og Bozcaada (gresk Ténedos). Dei største øyane i Det thrakiske havet lengst nord, er dei greske øyane Samothráki og Thásos.

Dei nordlege egeiske øyane

Dei nordlege egeiske øyane (gresk Βορείου Αιγαίου, Voríou Egéou) eller Nord-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordaust i Egearhavet. Tyrkia ligg i aust, medan det greske fastlandet ligg i vest og i nord. Sør for periferien ligg Dei sørlege egeiske øyane.

Periferien omfattar dei tidlegare prefektura Khíos, Lésvos og Sámos.

Hovudstaden i periferien er Mytilíni på Lesbos. Periferien har omkring 200 000 innbyggjarar.

Dei sørlege egeiske øyane

Dei sørlege egeiske øyane (gresk: Νοτίου Αιγαίου, Notíou Egéou) eller Sør-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og utgjer den sørlege delen av Egearhavet. Han består av dei to øygruppene og tidlegare prefektura Dodekanesane og Kykladane. Hovudstaden er Ermoúpoli på Sýros, medan enkelte administrative oppgåvert vert utført frå Ródos by på Ródos, som er det økonomiske og sosiale senteret, samt turistsenter, i periferien.

Sørvest for periferien ligg Kreta, medan Tyrkia ligg i aust. Det greske fastlandet ligg i nordvest og i nord ligg Dei nordlege egeiske øyane.

Dodekanesane

Dodekanesane (gresk: Δωδεκάνησα, Dodekánisa, tyrkisk: Onikiada, begge tyder «tolv øyar», italiensk: Dodecaneso) er ei øygruppe i Egearhavet i Hellas, utanfor sørvestkysten av Tyrkia. Øyane har ei rik historie og mange av sjølv dei minste busette øyane har fleire austromerske kyrkjer og mellomalderfestningar.

Det tidlegare greske prefekturet Dodekanesane består av 163 øyar, der 26 er busette. Namnet syner til at det er tolv større øyar i øygruppa, men det varierer litt kva for øyar som blir nemnde som dei tolv, og administrativt reknar ein i dag femten hovudøyar.

Den historisk viktigaste og mest kjende av øyane er Ródos, som i fleire tusenår har vore den dominerande øya i området. Andre viktige øyar er Kos og Pátmos, medan dei andre hovudøyane er Agathonísi, Astypálea, Kálymnos, Kárpathos, Kásos, Khálki, Léros, Lipsí, Nísyros, Sými og Tílos, dessutan Kastellórizo, som eigentleg ikkje ligg i Egearhavet, men aust i Middelhavet. Andre øyar i gruppa er Arkí, Psérimos, Saría og Télendos.

Frå 2011 inngår Dodekanesane saman med Kykladane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Dodekanesane er delt inn i fire periferieiningar: Kálymnos, Kos, Kárpathos og Ródos. Dei femten hovudøyane er kvar sin kommune.

Egearregionen

Egearregionen (tyrkisk Ege Bölgesi) er ein av sju regionar i Tyrkia.

Han ligg vest i landet og grensar til Egearhavet (Ege Denizi) i vest, Marmararegionen i nord,

Middelhavsregionen i sør og sørvest og Sentral-Anatolia i aust.

Den totale folkesetnaden i Egearregionen er kring 9,6 millionar.

Hellas

Republikken Hellas (gresk Ελληνική Δημοκρατία, Ellinikí Dimokratía) eller berre Hellas (Ελλάδα, Elláda, eldre form Ελλάς, Ellás) er eit land søraust i Europa sør på Balkanhalvøya. Landet grensar til Albania, Nord-Makedonia, Bulgaria og Tyrkia. Egearhavet ligg aust og sør for det greske fastlandet, medan Det joniske havet ligg i vest. Begge havområde er ein del av Middelhavet og inneheld mange greske øyar.

Hellas ligg i grenseområda mellom Europa , Asia og Afrika. Antikkens Hellas, Austromarriket og nesten fire hundreår under Det osmanske riket har sett sitt preg på landet. Området er rekna som krybba til den vestlege verda og opphavet til demokratiet, vestleg filosofi, Dei olympiske leikane, statsvitskap, mange vitskaplege fag, vestleg litteratur og drama inkludert både tragedie og komedie. Hellas har derfor ei særs lang og rik historie med mange hendigar og ei kulturarv påverka av Nord-Afrika og Midtausten, som har sett kraftig preg på europeisk kultur og det ein kan kalle Vesten.

Det moderne Hellas er eit utvikla land og har vore medlem av EU sidan 1981, av NATO sidan 1952, OECD sidan 1961, WEU sidan 1995 og ESA sidan 2005. Hovudstaden i landet er Aten og andre store byar er Thessaloníki, Pátra, Iráklio og Lárisa.

Kos

Kos (gresk Κως) er ei øy i Hellas og ein del av Dodekanesane ved Gökavabukta i Egearhavet. Ho er 40 km lang og 8 km brei og ligg berre 4 km frå kysten av Bodrum i Tyrkia. Øya har både frodige sletter og golde høgland og eit folketal på vel 33 000.

Tidlegare hadde øya tre kommunar, men frå 2011 er Kos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Kos er hovudstad i periferieininga.

Kos var tidlegare òg kjend som Meropis og Nymphæa. På italiensk blir ho kalla Coo, på tyrkisk İstanköy og på fleire andre språk Cos . Eit tidlegare engelsk namn var Stanchio.

Diodoros Sikolos (xv. 76) og Strabo (xiv. 657) skildra hamna som godt verna av festningsverk. Plasseringa hennar var viktig for handel i Egearhavet og ho var kjend for den gode vinen ein produserte her (Plinus, xxxv. 46). Under Aleksander den store og Ptolemaios I av Egypt (frå 336 fvt.) utvikla Kos seg til eit av dei store sentera i Egearhavet.

Kykladane

Kykladane (gresk Κυκλάδες) er ei øygruppe i Hellas som ligg sentralt i Egearhavet. Ho ligg søraust for det greske fastlandet. Namnet refererer til øyane rundt (κυκλάς) den heilage øya Dílos.

Kykladane består av om lag 220 øyar, og dei største av desse er Amorgós, Anafi, Ándros, Andíparos, Dílos, Íos, Kéa, Kímolos, Kýthnos, Mílos, Mýkonos, Náxos, Páros, Folégandros, Sérifos, Sífnos, Síkinos, Sýros, Tínos og Santoríni. Dei fleste av dei mindre øyane er ikkje busette.

Øygruppa var tidlegare eit prefektur i Hellas, men frå 2011 inngår Kykladane saman med Dodekanesane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Kykladane er delt inn i ni periferieiningar: Ándros, Tínos, Mýkonos, Sýros, Kéa-Kýthnos, Mílos, Náxos, Páros og Thíra.

Ermoúpoli på Sýros er hovudbyen i Kykladane og er det administrative senteret i periferien.

Øyane er toppar av undersjøiske fjell bortsett frå dei to vulkansk øyane Mílos og Santoríni (Thera). Klima et hovudsakleg tørt og mildt, men bortsett frå Náxos er ingen av dei særleg frodige. Innan jordbruk vert det produsert vin, frukt, kveite, olivenolje og tobakk.

Kásos

Kásos (gresk Κάσος, italiensk Caso), òg kalla Kassos, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er den sørlegaste øya i Egearhavet. Øya har omkring 1000 innbyggjarar.

Kásos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kárpathos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.Øya har fem landsbyar, Fry, Ajía Marína, Panajía, Póli, Arvanitokhóri. I havet mot nordvest ligg Armáthia, Makronísi og nokre mindre klippeøyar, alle utan busetnad.

Fry er hovudbyen på øya og har den einaste hamna her, medan Ajía Marína har flest innbyggjarar. Flyplassen ligg nær Ajía Marína.

Marmarahavet

Marmarahavet (gresk Θάλασσα του Μαρμαρά, tyrkisk Marmara Denizi), i antikken kalla Propontis (gresk Προποντίς) er eit innhav mellom Svartehavet og Egearhavet som skil den europeiske og den asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre. Bosporossundet går frå Marmarahavet til Svartehavet, medan Dardanellane går til Egearhavet. Området dekkjer kring 11 350 km² (280 km x 80 km) og den største djupna er 1370 meter.

Mýkonos

Mýkonos (gresk Mύκονος), òg kalla Myconos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ein av dei store turistdestinasjonane i Egearhavet og er kjend for det yrande nattelivet. Øya ligg mellom Tínos, Sýros, Páros og Náxos. Sjølve øya Mýkonos har eit areal på 86 km² og er 364 meter på det høgaste.

Mýkonos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Mýkonos er den einaste kommunen i periferieininga. Til kommunen høyrer òg Dílos, Rínia, Tragonísi og fleire andre små øyar utan busetnad.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Mýkonos 10 134 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 3 783 innbyggjarar.Øya består hovudsakleg av granitt. Ho har lite naturleg ferskvatn og er avhengig av avsalting av sjøvatn for å dekke behovet. Det bur like over 10 000 innbyggjarar på Mýkonos, og den største tettstaden heiter òg Mýkonos, men vert stundom kalla Khóra (som tyder «byen» på gresk). Mýkonos by ligg på vestkysten. Ein meiner at øya er kalla opp etter ein lokal helt, som vert rekna som eit av barneborna til guden Apollon og som vart dyrka lokalt i antikken.

Návplio

Návplio (gresk Ναύπλιο) er ein by og kommune på Peloponnes i Hellas. Han er hovudstad i periferieininga Argolída i periferien Peloponnes.

Návplio ligg ved Argolikósbukta og var hovudstad i Hellas frå 1829 til 1834. Her vart òg Ioannis Kapodistrias, den første statsministeren i det moderne Hellas, myrda.

Byen har i dag opp mot 15 000 innbyggjarar.

Periferiar i Hellas

Periferiane i Hellas (gresk: περιφέρεια, periféria) utgjer ei administrativ inndeling i Hellas. Det er 13 periferiar (ni på fastlandet og fire øygrupper). Periferiane er delte inn i 74 periferieiningar som frå 2010 erstattar dei 54 prefektura. Tradisjonelt, og fram til 1987 òg offisielt, var det ti regionar i Hellas, som framleis ofte vert nytta uoffisielt.

Aust-Makedonía og Thráki

Sentral-Makedonía

Vest-Makedonía

Ípiros

Thessalía

Dei joniske øyane

Vest-Hellas

Sentral-Hellas

Attikí

Peloponnes

Dei nordlege egeiske øyane

Dei sørlege egeiske øyane

KretaI tillegg finst det ein autonom region kalla Áthos (14), som grensar til Sentral-Makedonía. Dette er ein munkestat under gresk suverenitet. Han ligg på den austlegaste av dei tre store «fingrane» som stikk ut i Egearhavet frå halvøya Khalkidikí.

Pireus

Pireus (gresk Πειραιάς, Pireás; i antikken/katharevousa Πειραιεύς, Peiraieús, på mange andre språk Piraeus) er ein by og ein kommune i periferien Attikí i Hellas, like sør for Aten. Han er ein del av storbyområdet til Aten og er hovudstad i periferieininga Pireus.

Pireus var hamna til Aten i antikken og vart vald som den moderne hamna då Aten vart grunnlagd på ny i 1834. Pireus er den største hamna i Europa (og den tredje største i verda) med omsyn til passasjertransport, og handsamar om lag 19 millionar passasjerar årleg.

Innbyggjartalet til kommunen Pireus (Δήμος Πειραιώς, Dimos Pireós) er om lag 165 000, medan periferieininga (byområdet) har eit folketal på rundt 450 000.

Provinsen Balıkesir

Provinsen Balıkesir (tyrkisk Balıkesir ili) er ein provins sentralt i det vestlege Tyrkia, og har kystlinje mot både Marmarahavet og Egearhavet. Naboprovinsane er Çanakkale i vest, İzmir i sørvest, Manisa i sør, Kütahya i søraust og Bursa i aust. Provinshovudstaden er Balıkesir. Det meste av provinsen ligg i Marmararegionen utanom sørlege delar av Bigadiç Edremit, Kepsut, İvrindi, Savaştepe og Sındırgı, samt Ayvalık, Burhaniye, Dursunbey, Gömeç og Havran, som høyrer til Egearregionen.

Kaz Dağı, òg kjend som fjellet Ida, ligg i provinsen.

Provinsen Balıkesir er kjend for olivenlundane, varmekjelder og reine strender, noko som gjer han til eit viktig turistmål.

Provinsen Muğla

Provinsen Muğla (tyrkisk Muğla ili) er ein provins i Tyrkia, heilt sørvest i landet ved kysten av Egearhavet. Setet i provinsen er Muğla, kring 20 km frå kysten, medan somme av dei største feriebyane i Tyrkia, som Bodrum, Ölüdeniz, Marmaris og Fethiye, ligg ved kysten av Muğla.

Med ei kystlinje på 1100 km er kysten til Muğla den lengste av alle provinsane i Tyrkia, og lengre enn mange andre land sine kystlinjern. Dette kjem av mange viker og halvøyar.

Hovudnæringane i Muğla er turisme ved kysten, jordbruk, skogbruk og marmorbryting.

Provinsen Çanakkale

Provinsen Çanakkale (tyrkisk: Çanakkale ili) er ein provins Tyrkia, nordvest i landet. Han er kalla opp etter byen Çanakkale.

Som Istanbul har provinsen Çanakkale ein europeisk og ein asiatisk del. Den europeiske delen består av Gallipolihalvøya, medan den asiatiske delen om lag dekkjer det antikke Troas i Anatolia. Dei er skilde av sundet Dardanellane, som knyt Marmarahavet saman med Egearhavet.

Den arkeologiske staden Troja ligg i provinsen Çanakkale.

Provinsen İzmir

Provinsen Izmir (tyrkisk İzmir ili) er ein provins i Tyrkia vest i Anatolia ved kysten av Egearhavet. Hovudstaden i provinsen er İzmir. I vest er provinsen omgjeven av Egearhavet og ligg kring İzmirbukta. Han har eit areal på 11 973 km.2, og tett opp under fire millionar innbyggjarar. Naboprovinsane er Balıkesir i nord, Manisa i aust og Aydın i sør.

Dei største elvane i provinsen er Küçük Menderes, Koca Çay (med Güzelhisardemninga) og Bakır Çay.

Tyrkia

Tyrkia (tyrkisk Türkiye), offisielt Republikken Tyrkia, er ein stat i det søraustlege Europa og vest i Asia. Han grensar til Bulgaria og Hellas i vest, Georgia, Armenia og Aserbajdsjan (eksklaven Nakhtsjivan) i nordaust, Iran i aust, og Irak og Syria i søraust. Middelhavet og Kypros ligg i sør, Egearhavet i vest og Svartehavet i nord. Marmarahavet, Dardanellane og Bosporos skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre.

Det offisielle språket er tyrkisk, og landet har i lang tid undertrykt minoritetsspråket kurdisk. Innbyggjarane i landet er stort sett muslimar, og det finst sterke spenningar mellom det sekulære styret og islamistar.

Landet ligg i eit møtepunkt mellom fleire kulturar, og har historisk blitt påverka både frå Europa (til dømes gjennom Hellas i antikken) og Asia (gjennom Persia). Landet var òg ein del av Silkevegen. Oghuz-tyrkarar starta å flytte til området ein i dag kallar Tyrkia på 1000-talet. Denne prosessen auka då seldsjukkane vann over Austromarriket i slaget ved Manzikert. Fleire mindre beylikar og seldsjukk-sultanatet Rûm styrte Anatolia fram til den mongolske invasjonen. Frå 1200-talet samla den osmanske beyliken Anatolia og skapte eit rike som dekte det meste av Søraust-Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Det osmanske riket kollapsa etter nederlaget deira i fyrste verdskrigen, og delar av det vart okkupert av dei allierte. Ein kader av unge offiserar, leia av Mustafa Kemal Atatürk og kollegaene hans, organiserte ein suksessrik motstand mot dei allierte, og i 1923 grunnla dei den moderne Republikken Tyrkia med Atatürk som den fyrste presidenten.

Hæren har mykje makt i Tyrkia, og militære offiserar har ved to høve (i 1960 og 1980) starta kupp mot styresmaktene. Dette har samanheng med den sterke posisjonen som Atatürk enno har i tyrkisk kultur.

Tyrkia har i aukande grad vorte integrert i Vesten gjennom medlemskap i organisasjonar som Europarådet, NATO, OECD, OSCE og G-20-landa. Tyrkia byrja tingingar om fullt EU-medlemskap i 2005. Tyrkia har òg hatt nære kulturelle, politiske, økonomiske og industrielle band til Midtausten og dei tyrkiske statane i Sentral-Asia, samt afrikanske land, gjennom medlemskap i organisasjonar som Det tyrkiske rådet, TÜRKSOY, Organisasjonen for islamsk samarbeid og Economic Cooperation Organisation.

Plasseringa til Tyrkia mellom Europa og Asia har gjeve landet ei viktig strategisk plassering. På grunn av den strategiske plasseringa, den sterke økonomien og militærstyrken, er Tyrkia ei stor makt i regionen.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.