Dynasti

Dynasti, fyrsteætt eller fyrstehus er ei slekt der reell eller symbolsk makt går i arv over generasjonar. Ein kan omtala arvelege herskarar over statar som dynasti eller «hus», som det norske kongehuset. I nyare tid der politikarar frå same familie går igjen i maktposisjonar, kan ein også snakka om «politiske dynasti».

Ofte blir også tida dei regjerer omtalt som deira dynasti, som det kinesiske Tang-dynastiet eller dei nummererte dynastia i Egypt.

Ordet «dynasti» kjem frå gresk og har samanheng med dynamis, 'kraft'.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Halvor Stensrud, «Politisk dynasti» i Vårt Land, 9. oktober 2007
    Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Abbasidane

Abbasidane (arabisk العبّاسيّون, al-‘Abbāsīyūn) var eit mektig arabisk kalifdynasti i Bagdad. Namnet Abbas tok dei etter onkelen til profeten Mohamed, al-Abbas. Abbasidane tok makta over det islamske samfunnet frå omajadane i 750. I 1258 brann mongolane Bagdad, og abbasidane måtte flykta til Egypt. Familien heldt på kaliftittelen fram til 1517, då den siste kalifen vart fengsla av osmanarane.

Ajjubide-dynastiet

Ajjubide-dynastiet (kurdisk دەوڵەتی ئەییووبی Dewleta Eyûbiyan; arabisk الأيوبيون al-ʾAyyūbiyyūn) var eit muslimsk dynasti av kurdarar som herska over Egypt, Syria, Jemen (med unntak av dei nordlege fjella), Diyarbakir, Mekka, Hijaz og det nordlege Irak på 1100- og 1200-talet.

Fatimide-kalifatet

Fatimide-kalifatet (arabisk: الفاطميون, al-Fāṭimiyyūn) var eit sjia-kalifat, som strekte seg over store område av Nord-Afrika, frå Raudehavet i aust til Atlanterhavet i vest. Dynastiet styrte over Middelhavkysten av Afrika og gjorde etter kvart Egypt til senteret i kalifatet. På det mektigaste omfatta det òg forskjellige område av Maghreb, Sudan, Sicilia, Levanten og Hijaz.

Fatimidane var etterkomarar etter Fatimah, dotter til profeten Muhammed, i følgje fatimidane sjølv. Fatimide-staten tok form blant dei berberske Kutama, folket i Algerie. I 909 grunnla fatimidane den tunisiske byen Mahdia som hovudstaden sin. I 947 flytta dei hovudstaden til Al-Mansuriya. I 969 erobra dei Egypt og grunnla den nye byen Kairo, som vart hovudstad i kalifatet. Egypt vart då det politiske, kulturelle og religiøse senteret i staten.

Den herskande eliten i staten høyrte til Ismaili-greina av shiismen, og det same gjorde leiarane i dynastiet. Dei var òg ein del av rekkja som var kalifar, som anerkjent av ortodokse muslimar. Derfor er dette ein sjeldan periode i historia der etterkomarar etter Ali, via dottera til profeten, Fatimah (derfor namnet fatimidar), og kalifatet var samla til ein viss grad, utanom den siste perioden av Rashidun-kalifatet under Ali sjølv.

Kalifatet utøvde ofte stor religionsfridom mot ikkje-ismailiske sekter av islam, i tillegg til respekt for jødane, maltesiske kristne og koptiske kristne. Fatimide-kalifatet skilde seg òg på grunn av den sentrale rolla til berberane i den første oppretta og utviklinga av militære og politiske nivå.

I løpet av seint på 1000-talet og 1100-talet var Fatimide-kalifatet i nedgang, og i 1171 vart landet invadert av Ṣalāḥ ad-Dīn, som grunnla Ayyubide-dynastiet og innlemma staten i Abbaside-kalifatet.

Fem dynasti og ti kongerike-tida

Fem dynasti og ti kongerike-tida ((五代十国, Wǔdàishíguó) er nemninga på ein vel 50 år lang periode i kinesisk historie. Perioden tok til med Tang-dynastiet sitt endelege fall i år 907 og enda med at Song-dynastiet etablerte si overmakt i 960.

Under Fem dynasti og ti kongerike-tida var det mykje og vedvarande politisk strid og kamp i Kina. Gjennom perioden vart det danna, og fall, fem dynasti og meir enn ti kongedøme i det tidlegare samla keisarriket. Dei fem dynastia låg alle i det nordlege Kina, medan ni av dei ti lengstliva kongedøma fanst i det sørlege Kina.

Han-dynastiet

Han-dynastiet var ei kinesisk herskarslekt som hadde makta i Kina frå 200-talet f.Kr. til 200-talet e.Kr. Denne tida er rekna som ein gullalder i kinesisk historie, og dynastiet har gjeve namn til den største kinesiske folkegruppa, han-kinesarar.

Han-dynastiet var den første kulturelle blomstringsperioden etter at Kina vart samla i 221 f.Kr. Under dette dynastiet vart det innført eit strengt sentralisert embetsmannsstyre.

Dynastiet blir delt inn i to greiner, Vestre Han (206 f.Kr–8 e.Kr.) og Austre Han (23–220 e.Kr.). Mellom dei kom «opprørsdynastiet» Xin (9–23 e.Kr.).

Karolingarane

Karolingarane eller karolingane var eit frankisk dynasti som overtok makta i Frankarriket frå merovingarane i 751 og herska fram til 900-talet. Ætta har namn etter Karl Martell (gjennom fransk frå latin Carolus).

Dynasti hadde røter i Austrasia, som låg mellom Maas og Rhinen. Ho stamma frå biskop Arnulf av Metz (ca. 600), ein viktig maktfaktor i dei merovingiske kongadøma. Pippin av Herstal var hushovmeister (maior domus) i Austrasia og blei etterfølgd av sonen Karl Martell, som var far til Pippin den litle. Denne Pippin klarte utmanøvrera den siste merovingiske kongen Childerik III og sjølv bli konge med støtte frå mange leiande adelsmenn og paven. Sonen til Pippin, Karl den store, blei konge av frankarane i 768 og kront til keisar av pave Leo III i år 800. Han utvida riket med erobringar i Italia og sør for Pyreneane.

I 843 blei riket delt mellom dei tre sønene til Ludvig den fromme ved traktaten i Verdun i ein vestre del, tilsvarande dagens Frankrike, ein midtre del (Nederlanda, Alsace, Lorraine, Bourgogne, Provence og kongeriket Italia) og ein austre del (Det tysk-romerske riket). Dei ulike linjene av karolingarar blei sitjande ved makta til 875 i det italienske (opphavleg midtre) riket, 987 i det vestre og 911 i den austlege.

Kina-regionen

Kina (tradisjonell kinesisk skrift 中國, forenkla kinesisk 中国;, pinyin Zhōngguó, Wade-Giles Chung-kuo) er eit land i Aust-Asia som frå 1949 i røynda er delt i to. Folkerepublikken Kina (med hovudstad i Beijing) (eller Peking) omfattar alle fastlandsprovinsane. Republikken Kina (med hovudstad Taipei) styrer berre over provinsen og øya Taiwan (Formosa) og nokre små øyar i provinsen Fujian. Styremaktene i båe republikkane gjer krav på å vera styresmakt i heile Kina. Republikken Kina sin offisielle hovudstad er Nanjing (eller Nanking) som ligg i fastlands-Kina.

Kina er ofte rekna som den eldste framleis eksisterande sivilisasjonen.

Kina har eit folketal på over ein milliard og utgjer ein femdel av menneska på jorda. Fleirtalet er han-kinesarar. Viktige minoritetar inkluderer mandsjuarar. Det kinesiske språket er inndelt i ei rad variasjonar. Beijiingdialekten vert nytta som utgangspunkt for standardkinesisk.

Mamelukk

Mamelukk (arabisk: مملوك (eintal), مماليك (fleirtal) er namnet på ein slavesoldat som hadde konvertert til islam. Dei blei rekrutterte på slavemarknadane rundt om i Midtausten, men dei fleste kom opphavleg frå Kaukasus eller områda nord for Svartehavet. Oftast hadde dei ikkje-muslimsk bakgrunn og var blitt kidnappa eller selde frå familiane sine. Mamelukkane tente under dei muslimske kalifane og under ayyubidesultanane, men i fleire tilfelle enda dei med å bli ein mektig krigarklasse. Mamelukkane sat med makta i Egypt frå 1250 til 1517, i Mamelukk-sultanatet. Dei heldt fram med å utøve kontroll over landet under osmansk overherredøme fram til Napoleon invaderte Egypt i 1798.

Ming

Ming var eit keisardynasti som hadde makta i Kina frå 1368 til 1644. Det var det siste han-kinesiske dynastiet i landet. Ming overtok etter det mongolske Yuan-dynastiet, og blei avløyst av mandsjuiske Qing-dynastiet.

Nord- og Sør-dynastia

Nord- og Sør-dynastia (kinesisk skrift 南北朝, pinyin Nánběi Cháo) er nemninga på tidsrommet mellom 420 og 598 i kinesisk historie.

Byen Luoyang vart frå Xiangnu i nord overfallen av ein hær i 316 og øydelagt. Heile Kina nord for Chang Jiang vart erobra av nomadehærar, men Jin-fyrstane samla seg i Nanjing og makta vinne tilbake Chang Jiang-dalen. Kina var då todelt, framande folk herska i nord, medan det kinesiske keisarriket i sør vart splitta opp og vert verande delt i nærare tre hundreår.

Mellom nomadefyrstane som hadde lagt under seg Nordkina kom det stadig vekk til interne rivningar. I alt danna det seg 16 kongedømme. Etter sytti år, i året 386, klarte ei gruppe, tuobaene, å få makta over heile området og danna då det nordlege Wei-dynastiet. Tuobaene tok i bruk den kinesiske administrative strukturen og tileigna seg elles temmeleg raskt den kinesiske kulturen og smelta såleis saman med den kinesiske folkegruppa.

Nomadefolka sitt herredømme i nord opna på ny dei gamle handelsvegane mot vest (Silkevegen), og via Turkestan breidde buddhismen seg inn i det nordlege Kina.

Medan Nord-Kina var samla, avløyste seks kortliva dynasti kvarande i Sørkina. Trass i den labile politiske stoda utvikla den kinesiske kulturen seg vidare også i sør. Særleg regjeringstida, 502-549, til Liang-dynasti-keisaren Liang Wu Di var ei fredstid der buddhismen breidde seg og kunstlivet blomstra; inntil general Hou Jing gjorde opprør og erobra hovedstaden og let keisaren svelte ihel.

I 589 erobra Sui-dynastiet det siste sørlege dynastiet, Chen-dynastiet, og avslutta tidebolken med sørlege og nordlege dynasti.

Dei fem nordlege dynastia var Nord-Wei, Vest-Wei, Aust-Wei, Nord-Qi og Nord-Zhou. Dei fire sørlege dynastia var Liu Song, Sør-Qi, Liang og Chen.

Omajadekalifatet

Omajadane var eit arabisk dynasti som herska over store delar av den muslimske verda som kalifat frå 600- til 900-talet. Kalifane stamma frå ein familie som var fjernt i slekt med profeten Muhammed, og flytta hovudstaden sin frå den arabiske halvøya til Damaskus, og seinare til Córdoba i Spania. Dei stod for ei større utviding av arabarriket, særleg vestover, der dei nådde Spania. Omajadane blei seinare fortrengde av abbasidane.

Safavidane

Safavidane var eit iransk dynasti av kurdisk og aserbajdsjansk opphav. Det herska over Iran frå 1501 til 1736 og etablerte sjiaislam som den offisielle religionen i landet.

Seldsjukkar

Seldsjukkane eller seldsjukk-tyrkarane (tyrkisk Selçuk; arabisk سلجوق Saljūq, السلاجقة al-Salājiqa; persisk سلجوقيان Saljūqiyān;) var ei viktig greni av oghuz-tyrkarane og eit dynasti som okkuperte delar av Sentral-Asia og Midtausten frå 1000-talet til 1300-talet i eit område kalla Seldsjukkarriket. Seldsjukkane migrerte frå nord og inn i Persia der dei kjempa og erobra forskjellige stammer i deira Transoxiana.

Seldsjukkane vert rekna som forfedrane til dei vestlege tyrkarane, dagens innbyggjarar i Tyrkia, Turkmenistan, Usbekistan og Aserbajdsjan. Seldsjukkane og etterkomarane deira, osmanarane, spelte ei viktig rolle i mellomalderen ved å skape ein barriere mellom Europa og mongolske erobrarar frå aust, forsvarte den islamske verda mot krosstoga frå vest og erobra Austromarriket.

Under Alp Arslan sine etterfølgjar Malik Shah I og visiren hans Nizam al-Mulk ekspanderte seldsjukkstaten i forskjellige retningar slik at det grensa til Kina i aust og Austromarriket i vest. Då Malik Shah døydde i 1092, vart imperiet splitta, då bror hans og fire søner krangla over delinga av riket mellom seg. I 1118 tok den tredje sonen, Ahmed Sanjar, over riket etter at han var misnøgd med sin del av arva. Brørne hans anerkjende ikkje kravet hans til trona og Mahmud II proklamerte seg sjølv sultan og etablerte ein hovudstad i Bagdad. Ahmed Sanjar vart fanga og halde i fangenskap av tyrkiske nomadar frå 1153 til 1156 og døydde året etter.

Trass i fleire forsøk på å ei samling i hundreåra etter Malik Shah sin død, hindra krosstoga dei frå å gjenskape det tidlegare imperiet sitt. Ei kort stund var Toğrül III sultan for alle seldsjukkane bortsett frå Anatolia. I 1194 sigra Ala ad-Din Tekish, sjahen av Khwarezmid-imperiet over Toğrül og seldsjukkane kollapsa. Av det tidlegare store seldsjukkimperiet, var berre sultanatet Rüm i Anatolia igjen. Då dynastiet gjekk nedover i midten av 1200-talet, invaderte mongolane Anatolia i 1260-åra og delte det i små emirat som vart kalla dei anatoliske beylikane, som seinare vart erobra av osmanarabe.

Shang

Shang, tidlegare også kjend som Yin-dynastiet, var eit dynasti i Kina under bronsealderen på 1000-talet f.Kr. Det er tradisjonelt tidfest til å ha vart frå 1760 eller rundt 1600 f.Kr. til 1122/1027 f.Kr. Det herska over den nedre elvedalen til Huangelva.

Dynastiet etterfølgde det halvmytiske Xia-dynastiet og blei etterfølgd av Zhou-dynastiet.

Shang er det første kinesiske dynastiet ein har historiske kjelder frå. Den første hovudstaden til dynastiet heitte Bo eller Xibo (Vestre Bo).

Den siste hovudstaden til Shang låg nær byen Anyang i Henan. Han blei funnen att i 1899 og graven ut i perioden 1928–1937.

Song-dynastiet

Song eller Sung-dynastiet var eit herskardynasti som rådde i Kina frå 960 til 1279. Grunnlegginga av Song-dynastiet var den fyrste gongen Kina vart sameina etter at Tang-dynastiet fall i 907.

Song-perioden kan delast inn i to, den nordlege Song-perioden og den sørlege Song-perioden. I den fyrste av dei to periodane (960-1127) låg hovudstaden i den nordlege byen Kaifeng og dynastiet kontrollerte heile Kina. Etter at Song mista kontrollen over det nordlege Kina til Jurchen Jin-dynastiet flytta hoffet sør for Yangtze og la sin nye hovudstad til Hangzhou. Den sørlege Song-perioden varte frå 1127–1271, og vart endeleg øydelagd av det mongolske Yuan-dynastiet, som vart proklamert i 1271 og knekte Song i 1279.

Grunnleggjarane av Song-dynastiet bygde ut eit effektivt sentralisert byråkrati, der meir makt var sentralisert hjå keisaren og palassbyråkratiet enn hjå tidlegare dynasti. Song-dynastiet er elles kjend for utviklinga av byar ikkje berre som administrative senter, men også som senter for handel, industri og sjøfart. I Song-perioden gjekk Kina gjennom ei større industriell omvelting, med massiv vekst i produksjonen av jern, og viktige nyvinningar som krutet. Hangzhou kan ha hatt så mange som 500.000 innbyggjarar i ei periode der berre Paris og Venezia av europeiske byar hadde høgare innbyggartal enn 100.000.

I Song-perioden såg ein ei ny interesse for konfutsianistiske ideal, og neokonfutsianismen blomstra opp. Zhu Xi (1130-1200) og andre kombinerte konfusianistisk tankegods med idear frå buddhismen og taoismen. Ideane til neokonfusianistane vann vesentleg innpass i det kinesiske samfunnet i hundreåra som følgde, og spela også ei vesentleg rolle i Korea, Vietnam og Japan.

Sultan

Sultan (arabisk سلطان) er ein islamsk tittel med mange historiske tydingar. Opphavleg var det eit arabisk abstrakt substantiv som tydde «styrkje», «autoritet» eller «leiarskap», avleia frå det arabiske masdar سلطة sulṭah, som betyr «autoritet» eller «kraft». Seinare blei tittelen brukt av muslimske herskarar som hevda full suverenitet utan at dei gjorde krav på den altomfattande kalif-tittelen. Tittelen blei også brukt om mektige guvernørar i kalifatet. Ut frå dette blei også ein del andre tydingar avleia.

Dynasti og land som sultanane regjerte over vert kalla sultanat (arabisk سلطنة).

I dag er tittelen lite i bruk, men i tidlegare tider finn vi mange sultanat i den muslimske verda.

Tang-dynastiet

Tang-dynastiet (kin. 唐朝; Tángcháo) var ei keisarslekt som hadde makta i Kina frå 618 til 906, unntatt tida 690-705. Dynastiet var grunnlagt av Li Yuan og hadde si største utstrekking under keisar Taizong si regjeringstid (626—649). Etter Tang-dynastiet følgde tidsperioden Fem dynasti og ti kongerike-tida.

Tang-dynastiet og det føregåande Sui-dynastiet utvikla seg frå føydalkultur til byråkratkultur, med vekt på strenge konfutsianistiske ideal.

Yuan-dynastiet

Yuan-dynastiet (mongolsk Dai Ön Yeke Mongghul Ulus, pinyin Yuán Cháo hanzi 元朝) var eit herskardynasti i Kina som offisielt varte frå 1271 til 1368, òg kalla Det mongolske dynastiet. Det er eitt av to dynasti i kinesisk historie grunnlagt av folkeslag som ikkje høyrer til Hàn-etnisiteten (det andre er Qīng). Dei fleste kinesarar i dag held dette dynastiet for å ha vore eit utanlandsk åk. Denne vurderinga skuldast delvis tradisjonell (nasjonalistisk) historieskriving.

Zhou-dynastiet

Zhou-dynastiet var eit dynasti i Kina som kom etter Shang-dynastiet og før Qin-dynastiet. Zhou-dynastiet varte lengre enn noko anna kinesisk dynasti.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.