Den kvite rosa

Den kvite rosa (tysk Die Weiße Rose) var ei ikkjevaldeleg motstandsgruppe i Tyskland under andre verdskrigen. Frå juni 1942 gav ho ut seks flygeblad som oppmoda det tyske folket til å motarbeide det nazistiske regimet. Gruppa vart avdekt av Gestapo den 18. februar 1943, og alle medlemene vart drepne før slutten av året.

Scholl-Denkmal, München
Minnesmerke for Den kvite rosa, framfor Ludwig-Maximilians-Universität

Byrjinga

Gruppa vart stifta av fem unge kristne studentar ved Ludwig-Maximilians-Universität i München — syskena Sophie Scholl og Hans Scholl, Alexander Schmorell, Willi Graf, og Christoph Probst — og professoren deira, Kurt Huber. Dei var påverka av den tyske ungdomsrørsla, der Hans Scholl og Christoph Probst var medlemer. Mange grunnar låg bak skipinga av gruppa. Medlemene avviste fascisme og militarisme, og trudde på eit føderalt Europa bygd på rettferd og toleranse. Dei var harme på korleis den nazistiske staten handsama jødar og politiske motstandarar. I tillegg hadde nokre av dei kjempa i den tyske hæren, og sett grufulle ugjerningar og massemord mot vanlege folk, særleg i Polen og Russland, noko som fekk dei til å byrja med ei motstandsgruppe då dei kom attende til Tyskland. Nokre av dei var òg svært påverka av kristen tru. Sophie og Hans Scholl, til dømes, vart overtydde av katolsk tenking, medan Alex Schmorell, som hadde russisk mor, var truande russisk ortodoks kristen.

Flygeblada

Gruppa gav ut i alt seks flygeblad. Eit sjuande, skrive av Christoph Probst, vart funne av Gestapo som utsletta alle kopiar. Flygeblada var retta mot intelligentsiaen, og siterte Bibelen, Aristoteles, Novalis, Goethe og Schiller. Dei fyrste fire vart skrivne mellom slutten av juni og midten av juli i 1942, av Schmorell og Hans Scholl som nyleg var komne heimatt frå krigen. Flygeblada var sende anonymt gjennom posten til dei intellektuelle i byar i Bayern og Austerrike, av di gruppa meinte at folk i det katolske Sør-Tyskland ville lyda til bodskapen deira.

I juli 1942 var dei mannlege medlemene i gruppa sende til krigen i semesterferien. Dei kom heimatt i haust 1942, og skreiv det femte flygebladet, under tittelen «Påkalling til alle tyskarar». Dette flygebladet vart skrive av Hans Scholl, og omarbeidd av Huber. Flygebladet sa at Hitler sin veg ville øydeleggja Tyskland, som var på veg til å tapa krigen. Lesarane vart oppmoda til å støtta motstandsrørsla, særleg i striden for ytringsfridom, trusfridom, og verning av vanleg menneske mot kriminelt diktatur. På slike prinsipp, sa flygebladet, ville det nye Europa verta bygd.

Etter tapet i slaget ved Stalingrad kom det sjette flygebladet, skrive av Huber i februar 1943. Flygebladet var retta mot studentar, og føresåg slutten av «det meste avskyelege tyranniet» det tyske folket hadde opplevd. Studentar hadde eit ansvar for å hjelpa til med å knusa det nazistiske tyranniet, liksom dei hadde gjort i kampen mot Napoleon i 1813. «Stalingrad sine daude bønfell oss!» stod det mellom anna.

Arrest og drap

Den 18. februar 1943 såg vaktmeisteren Jakob Schmied Scholl-syskena medan dei fordelte kopiar av det siste flygebladet. Gestapo vart fortalt om dette og alle medlemene i gruppa vart arresterte. Scholl-syskena og Probst vart dømde til døden den 22. februar av Folkedomstolen, og giljotinert den same dagen. Schmorell og Huber vart giljotinert den 13. juli og Graf den 12. oktober i det same året. Nokre vener som hadde hjelpt dei gje ut flygeblada vart dømde til fengsel i mellom seks månader og ti år.

I dag er Den kvite rosa sedd på som eit symbol for motstand mot tyranni. Det finst eit minnemerke for dei utanfor Ludwig-Maximilians-Universität, og fleire plassar i universitet er oppattkalla etter medlemer i gruppa. Det finst også andre gater, skular og plassar over heile Tyskland som er oppattkalla til ære for dei.

Bakgrunnsstoff

  • Flygeblada gjevne ut av Den kvite rosa (på tysk og engelsk)

Kjelder

22. februar

22. februar er den 53. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 312 dagar att av året (313 under skotår).

Alexander Schmorell

Alexander Schmorell (fødd 16. september 1917 i Orenberg i Russland, død 13. juli 1943 i München) var ein tysk-russisk medisinstudent og medlem av Den kvite rosa.

Schmorells far var ein tyskar fødd og oppvaksen i Russland medan mora var russisk. Mora døydde av tyfus i 1920. Etter at mora var død gifta faren seg med ei tysk kvinne som akkurat som faren var oppvaksen i Russland. I 1921 måtte dei flykte frå bolsjevikane og busette seg i München.

Schmorell var russisk Ortodoks og såg på seg sjølv som både tyskar og russar.

I 1938 blei han innkalla til riksarbeidsteneste, og deltok i annekteringa av Austterrike og seinare også i invasjonen av Tsjekkoslovakia. I 1942 var han sanitet på austfronten, og det var etter å ha sett korleis tyskarane behandla krigsfangar og sivile der han blei skeptisk til naziregimet.

I 1939 begynte begynte han å studere medisin, og i 1940 blei han kjend med Hans Scholl og seinare også Willi Graf.

Etter at Christoph Probst, Sophie og Hans Scholl blei arresterte prøvde Schmorell å rømme til Sveits men blei arrestert 24. februar, på same dagen som venene blei gravlagde.

19. april 1943 blei han dømd til døden av Folkedomstolen.

Tida før avrettinga brukte han på å skrive brev til familien der han forsikra dei om at han ikkje var redd for å døy. 13. juli 1943 blei han avretta ved giljotinering saman med Kurt Huber.

Christoph Probst

Christoph Probst (6. november 1919–22. februar 1943) var ein medisinstudent og medlem av den tyske motstandssrørsla til nazismen, Den kvite rosa.

Die Gedanken sind frei

«Die Gedanken sind frei» er ein tysk song om tankefridom. Teksten og melodien finn ein i Lieder der Brienzer Mädchen, trykt i Bern mellom 1810 og 1820. Den originale teksten og forfattaren er ukjend, men den mest populære versjonen Aus Neukirch bei Schönau (Nowy Kościół) var skriven av Hoffmann von Fallersleben i hans visesamling Schlesische Volkslieder mit Melodien frå 1842.

Dei tre fyrste strofene av songen vart gjendikta til norsk av Alf Cranner i 1985.

Hans Scholl

Hans Scholl (22. september 1918–22. februar 1943) var ein medisinstudent ved Ludwig-Maximilians-Universität i München som høyrte til den kristeleg og humanistisk motiverte antinazistiske gruppa Den kvite rosa. Han blei avretta saman med systera, Sophie Scholl.

Huset Tudor

Huset Tudor var eit britisk kongehus av walisisk opphav. Monarkar frå dette huset regjerte over England frå 1485 til 1603, då det blei etterfølgd av huset Stuart.

Dynastiet omfatta mellom anna Henrik VIII, som innførte reformasjonen i England, og Elisabeth I. Dynastiet blei avslutta då Elizabeth døydde i 1603 utan tronarvingar. Gjennom hemmelege forhandlingar med fetteren sin Jakob, som var konge av Skottland (og hadde ei oldemor frå Tudor-huset), sørga dronning Elizabeth for at huset Stuart etterfølgde henne på den engelske trona, noko som samtidig sameinte kongedøma England og Skottland i ein personalunion.

Dei fem Tudor-monarkane var:

Henrik VII (1485–1509)

Henrik VIII (1509–1547); son av Henrik VII

Edvard VI (1547–1553); son av Henrik VIII

Maria I (1553–1558); eldste dotter av Henrik VIII

Elisabeth I (1558–1603); nest eldste dotter av Henrik VIII

Inge Aicher-Scholl

Inge Aicher-Scholl (11. august 1917–4. september 1998) var søster av Hans og Sophie Scholl, som under andre verdskrigen blei avretta for sitt arbeid mot nazismen i Tyskland. Ho studerte saman med dei i München, og var medlem av gruppa Den kvite rosa. Etter krigen tok slutt skreiv ho fleire bøker om motstandsgruppa.

Hans og Sophie Scholl blei arrestert i februar 1943 etter å ha delt ut løpesedlar på Ludwig-Maximilians-Universität München. Saman med eit anna medlem av gruppa, Christoph Probst, blei dei avretta den 22. februar same året. Inge og andre medlemmer av Schollfamilien blei arrestert og forhøyrt, men alle blei sleppt fri.

Ho gifta seg etter krigen tok slutt med Otl Aicher, ein av dei fremste grafiske designarane i Tyskland. Dei grunnla saman ein skule for vaksenopplæring i Ulm. Ho var i andre halvdel av det 20. hundreåret sterkt involvert i fredsrørsla.

Inge Aicher-Scholl døydde av kreft i 1998.

Jakobittane

Jakobittane var den politiske rørsla som arbeidde for restaurasjon av huset Stuart og deira rettmessige etterkomarar som kongar av England og Skottland, òg etter 1707, då desse vart samla til Storbritannia. Rørsla fekk namn etter Jakob II av England, og var eit svar på avsetjinga av Jakob i 1688. Huset Stuart budde på kontinentet etter dette, og prøvde tidvis å vinne attende trona med hjelp frå Frankrike og Spania. Jakobittane hadde den største støtta si i Irland og Skottland, særleg høglanda. Dei hadde òg ei viss støtte i delar av England og Wales. Rojalistar støtta jakobittane fordi dei meinte parlamentet ikkje hadde noko myndigheit til å blande seg i den kongelege suksesjonen, og mange katolikkar såg fram til at katolisismen si stilling ville verte gjennoppretta når det kom ein katolsk monark på trona. I Skottland vart saka til jakobittane ein del av det gamle klansystemet sine siste krampetrekningar, og vart eit varig romantisk minne. Emblemet til jakobittane er den kvite rosa til York, og den den kvite rose-dagen vert feira den 10. juni, fødselsdagen til Jakob III og VIII i 1688.

Kurt

Kurt, Curt eller Kort er mannsnamn med tysk utspring; opphavleg ei lågtysk form av Konrad, «Han som gjev djerve råd». Kon (Kühn eller Kuon) tyder djerv, dristig eller uredd, medan Rad (Rat) tyder råd eller rådslag.

Medan Konrad er kjend i Noreg frå 1300-talet, har kortformane Kurt og Kort spreidd seg sidan 1400-talet. I dag vert ikkje Kort nytta. Bruken av gutenamnet Kurt kulminerte rundt 1960, og er ikkje eit vanleg dåpsnamn i dag.

Kurt Huber

Kurt Huber (25. oktober 1893–13. juli 1943) var ein medlem av Den kvite rosa.

Kurt Huber vart fødd i byen Chur i Graubünden, Sveits, av tyske foreldre. Han voks opp i Stuttgart og, etter farens død, i München. Han viste talent for musikk, filosofi og psykologi, og blei professor i 1920.

Han kom i kontakt med den Den kvite rosa gjennom Sophie og Hans Scholl, som deltok på forelesningane hans. Huber skreiv den kvite rosa sine to siste pamflettar.

Huber blei arrestert 27. februar 1943, og dømd til døden 19. april av Folkedomstolen. Den 13. juli 1943 blei han avretta i München ved giljotinering.

Rosekrigane

Rosekrigane er eit namn på den periodevise borgarkrigstilstanden i England mellom 1455 og 1487. Kampen stod om trona til England, og hovudmotstandarane var huset York og huset Lancaster. Begge slekter stamma frå huset Plantagenet, idet dei kunne spore sine anar til Edvard III. Namnet Rosekrigane blei ikkje brukt i samtida. Det har sitt opphav i symbola som blei brukt av partane, ei kvit rose for York og ei raud for Lancaster.

Krigane blei utkjempa av riddarar og føydalhærane deira. Lancaster hadde det meste av støtta si i nord og vest, medan York var sterke i sør og aust. Grunna dei store tapstala blant adelen var krigane ein sentral faktor i svekkinga av den føydale makta, noko som førte til at ein under huset Tudor fekk eit sterkt, sentralisert monarki.

Sophie Scholl

Sophia Magdalena «Sophie» Scholl (9. mai 1921–22. februar 1943) var ein tysk student frå Forchtenberg som var medlem av Den kvite rosa, ei kristen opposisjonell gruppe som engasjerte seg mot det nasjonalsosialistiske regimet ved å dele ut regimekritiske pamflettar. Ho blei dømd til døden for landsforræderisk fiendestøtte, førebuing til høgforræderi og undergraving av stridsevna, og avretta med giljotin 22 år gammal.

Sophie Scholl – Die letzten Tage

Sophie Scholl – Die letzten Tage (på norsk Sophie Scholls siste dager) er ein tysk film regisert av Marc Rothemund, med Julia Jentsch i hovudrolla som Sophie Scholl. Scholl var medlem av den antinazistiske gruppa Den kvite rosa under Den andre verdskrigen.

Willi Graf

Willi Graf (2. januar 1918–12. oktober 1943) var ein tysk medisinstudent og medlem av Den kvite rosa.

Willi Graf vart fødd i i Kuchenheim utanfor Euskirchen. Familien hans flytta til Saarbrücken i 1922. Elleve år gammal blei han med i Bund Neudeutschland, ein katolsk organisasjon for ungdomar som gjekk på finare skular. Organisasjonen blei ulovleg då Adolf Hitler kom til makta i 1933. I 1934 blei han med i Grauer Orden, ein annan ungdomsorganisasjon som også var ulovleg, og kjend for å vere antinazistisk. Denne organisasjonen var derfor inndelt i små grupper.

I 1937 gjorde han riksarbeidsteneste, og etter dette begynte han på medisinstudium. I 1938 blei han tiltalt for ulovlege aktivitetar, men fekk amnesti grunna feiringa av Anschluss.

Frå 1940 til 1942 tenestegjorde han fleire stader i Europa. I 1942 blei han med i Den kvite rosa.

Den 18. februar 1943 blei han og systera, Annelise, arrestert i München. 19. april 1943 blei dømd til døden av Folkedomstolen. Han blei avretta i München den 12. oktober 1943 etter at han hadde vore gjennom mange avhøyr utan å røpe nokon namn.

Sju skular i Tyskland er oppkalla etter han, og i 2003 fekk han posthumt status som æresborgar av Saarbrücken.

Yorkshire

Yorkshire er det største av dei tradisjonelle grevskapa i England, med eit areal på omkring 15 000 km² og omkring fem millionar innbyggjarar. Det vart frå gammalt av delt inn i tre delar, kalla, West, North og East Riding. Ordet riding var ei forvansking av det norrøne þriðing, som tyder «tredjedel»; området hadde ein lang periode eit sterkt skandinavisk innslag.

Det meste av det tradisjonelle Yorkshire utgjer no regionen Yorkshire og Humber, som er delt inn i fleire grevskap og sameinte styresmakter.

Emblemet for Yorkshire er den kvite rosa til huset York. 1. august feirar ein Yorkshire Day, ein lokal høgtidsdag der det vert feira og alle borgarmeistrane og andre leiarar samlar seg. Under feiringa demonstrerer ein fleire lokale skikkar som ikkje finst elles i England, som til dømes Long Sword Dance.

Yorkshiredialekten vert kalla «tyke», noko som òg er eit kallenamn for personar frå Yorkshire.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.