Den føderale republikken Jugoslavia

Den føderale republikken Jugoslavia var ein føderal stat beståande av Serbia og Montenegro. Han eksisterte frå 28. april 1992 til 4. februar 2003, då han vart gjort om til ein lausare føderasjon kalla Serbia og Montenegro.

Den føderale republikken Jugoslavia vart skipa 28. april 1992 av Serbia og Montenegro, dei to gjenverande republikkane frå den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia.

Савезна Република Југославија / Savezna Republika Jugoslavija
Den føderale republikken Jugoslavia
Flag of Yugoslavia (1946-1992).svg
1992–2003 Flag of Yugoslavia (1992–2003); Flag of Serbia and Montenegro (2003–2006).svg
Flagg Våpen
Flagg Riksvåpen
Hovudstad Beograd
Språk Serbokroatisk
Styreform Føderasjon
Historie
 - Oppretta 1992
 - Opphøyrde 2003
Valuta Jugoslavisk dinar

Sjå òg

Kjelder

Aust-Europa

Aust-Europa er ei nemning nytta om den austlege delen av Europa. I somme definisjonar er grensene i større grad definert ut frå kultur og ikkje i så stor grad av geografi. Gjennom tidene, og til ein viss grad den dag i dag, har Aust-Europa skild seg kulturelt, religiøst, økonomisk og historisk ut frå Vest-Europa og andre regionar. Sjølv om nemninga Aust-Europa i stor grad vart definert under den kalde krigen, er ho framleis nytta i dag.

Bačka

Bačka (serbisk: Бачка, ungarsk: Bácska, kroatisk: Bačka, slovakisk: Báčka, ruthensk: Бачка, tysk: Batschka) er eit område på Den pannoniske sletta mellom elvane Donau og Tisa. Området er delt mellom Serbia og Ungarn, med ei lita lomme langs den venstre breidda av Donau som høyrer til Kroatia, men som har vore under serbisk kontroll sidan 1991.

Det meste av dette området dannar Vojvodina-regionen i Serbia. Novi Sad, hovudstaden i Vojvodina, ligg ved grensa mellom Bačka og Syrmia. I følgje ei folketeljing i 2002 i Serbia består folkesetnaden i Bačka av: serbarar (54,74 %), ungararar (21,70 %), i tillegg til slovakarar, kroatar, bunjevci, šokci, ruthinarar, montenegrinarar, jugoslavarar, sigøynarar og tyskarar. Det totale folketalet i den serbiske delen av Bačka er 1 022 524 (2002). Den mindre nordlege delen av Bačka ligg no i Bács-Kiskun fylke i Ungarn.

Jugoslavia

Jugoslavia var tre ulike, men etterfølgjande statsdanningar som fanst på Balkan mellom 1918 og 2003: Kongeriket Jugoslavia, Den sosialistiske føderative republikken Jugoslavia og den jugoslaviske staten danna av Serbia og Montenegro i 1992. I 2003 skifta dette landet namn til Serbia og Montenegro, og i 2006 blei også denne unionen delt i Serbia og Montenegro

Landet hadde si stordomstid under Josip Broz Tito. Han vart kjend for sin sjølvstendige politikk i høve til Sovjetunionen. Namnet Jugoslavia tyder «Sørslavia».

Jugoslavia i Eurovision Song Contest

Jugoslavia debuterte i Eurovision Song Contest i 1961. Landet deltok kvart år fram til det vart oppløyst i 1992, med unntak av 1977 til 1980 og 1985. Bidraga vart valt i den nasjonale finalen, Jugovizija. I 1989 vann Riva med songen «Rock Me».

Etter at Slovenia, Kroatia, Makedonia og Bosnia-Hercegovina lausreiv seg frå Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia i 1992, danna dei to attverende landa Serbia og Montenegro Den føderale republikken Jugoslavia. Difor deltok berre Serbia og Montenegro under namnet Jugoslavia i 1992. Dei to landa deltok ikkje att i tevlinga før i 2004 under namnet Serbia og Montenegro. Sidan 2007 har dei to landa delteke kvar for seg, som Serbia og Montenegro. Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina debuterte i 1993, berre to år etter den siste deltakinga som Jugoslavia. Makedonia debuterte i 1998, men forsøkte å få delteke allereie i 1996.

Jugoslavia i Eurovision Song Contest 1992

Jugoslavia deltok for siste gong i Eurovision Song Contest 1992 i Malmö i Sverige. Etter at Slovenia, Kroatia, Makedonia og Bosnia-Hercegovina lausreiv seg frå Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia i april 1992, danna dei to attverende landa Serbia og Montenegro Den føderale republikken Jugoslavia. Difor deltok berre Serbia og Montenegro under namnet Jugoslavia i mai 1992. Landet deltok òg med eit flagg utan den raude stjerna i midten. Etter tevlinga skipa Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN saksjonar mot Jugoslavia, og landet fekk mellom anna ikkje delta i internasjonale tevlingar og kulturarrangement, inkludert Eurovision Song Contest. Jugoslavia deltok ikkje att i tevlinga før i 2004 under namnet Serbia og Montenegro. Sidan 2007 har dei to landa delteke kvar for seg, som Serbia og Montenegro. Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina debuterte i 1993, berre to år etter den siste deltakinga som Jugoslavia. Makedonia debuterte i 1998, men forsøkte å få delteke allereie i 1996.

Marija Šerifović

Marija Šerifović (fødd 14. november 1984) er ein serbisk songar. Ho representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2007 og vann.

Montenegro i Eurovision Song Contest

Montenegro debuterte i semifinalen i Eurovision Song Contest 2007 med songen «'Ajde, kroči», framført av Stevan Faddy. Landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 2010 og 2011. Bidraga vert valde ut i den nasjonale finalen, MontenegroSong, eller internt av den nasjonale kringkastaren. Tidlegare deltok Montenegro som ein del av Jugoslavia, både Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia frå 1961 til 1991 og Den føderale republikken Jugoslavia i 1992, og Serbia og Montenegro frå 2004 til 2006.

Novi Sad

Novi Sad (kyrillisk skrift Нови Сад; ungarsk Újvidék; slovakisk Nový Sad, tysk Neusatz) er den nest største byen i Serbia, etter Beograd. Han ligg nord i landet og er det administrative senteret i provinsen Vojvodina og distriktet Sør-Bačka. Byen ligg ved breidda av Donau og Donau-Tisa-Donau-kanalen på nordsida av fjellet Fruška Gora.

Novi Sad har om lag 381 388 innbyggjarar (2006).

Han vart grunnlagd i 1694 og har sidan den gong vore eit senter for serbisk kultur. Dette har gjeve han kallenamnet «Serbisk Aten». I dag er Novi Sad både eit økonomisk eit og kulturelt sentrum med ei viktig stilling i serbisk finans og industri.

Pančevo

Pančevo (serbisk Панчево) er ein by og kommune i Serbia, 15 km nordaust for Beograd. I hadde byen 77 087 innbyggjarar, medan kommunen hadde 127 162 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i Sør-Banat i Serbia. Pančevo er òg den viktigaste hamna langs elva Tamiš, som renn forbi byen.

Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN

Resolusjon 757 frå Tryggingsrådet i SN vart vedteke 30. mai 1992 etter resolusjon 713, 721, 724, 727, 740, 743, 749 og 752 av di Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane fordømde svik hjå styresmaktane i Den føderale republikken Jugoslavia.

Zrenjanin

Zrenjanin (serbisk Зрењанин, rumensk Becicherecu Mare, ungarsk Nagybecskerek, tysk Großbetschkerek) er ein by og kommune i Serbia. Han ligg nord i den serbiske provinsen Vojvodina og er det administrative senteret i Sentral-Banat i Serbia. I 2002 hadde byen om lag 80 000 innbyggjarar, medan kommunen hadde 132 051 innbyggjarar.

Zrenjanin er den største byen i den serbiske delen av Banat, den tredje største i Vojvodina (etter Novi Sad og Subotica) og den sjette største i Serbia.

Đeravica

Đeravica, Djeravica eller Gjeravica (albansk Gjeravica; serbisk Đeravica, Ђеравица) er det høgaste fjellet i Kosovo og det nest høgaste i Prokletije og heile Dei dinariske Alpane. Det har ei høgd på 2656 meter over havet. Fjellet ligg nordvest i Kosovo nær grensa til Albania. I Dei dinariske Alpane er berre Maja Jezercë i Albania høgare med 2694 meter over havet.

Mellom 1992 og 2006 var fjellet det høgaste i Den føderale republikken Jugoslavia, og så i statsunionen Serbia og Montenegro. I følgje serbiske styrersmakter som reknar Kosovo som ein del av deira område, er fjellet i dag det høgaste i Serbia.Fjellet er noko forskjellige frå resten av Prokletije fordi det manglar den steinete, kalksteinsframtoninga som fjella i Albania har. Dette gjer det enklare å nå toppen av fjellet. Det ligg mange små bresjøar nær toppen. Den største av desse er Đeravicasjøen like under toppen, som er kjelda til elva Erenik.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.