Den europeiske unionen

Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar. Den vart etablert etter ei underteikning av representatar frå De europeiske fellesskapene (EF) i byen Maastricht i Nederland, nemleg Maastricht-traktaten. Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande frå 1. mars 2003.

EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og går attende til den tysk-franske kol- og stålunionen frå 1950. Leiande personar i dette miljøet var pådrivarar for ein politisk prosess som førte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.

Den europeiske unionen

Det europeiske flagget

Det europeiske flagget

Motto: In varietate concordia
(latin: Sameint i ulikskap)
Nasjonalsong: «An die Freude»
EU location
Offisielle språk Sjå dei offisielle språka til EU
Presidentskap for rådet for den Europeiske unionen Kypros
President for Europakommisjonen José Manuel Durão Barroso
President for Europaparlamentet Josep Borrell
Areal
 - Totalt
Rangering 8
3,892,685 km2 (EU 25)
Folketal
 - Totalt (2004)
 - Folketettleik
Rangering 3
453 300 000 (EU 25)
116,4 innb/km²
BNP (2004)
 - Totalt
 - Per capita
Rangering 2
€10,202,336,800,000
€22,300
Grunnlagd
Som EEC
 - Signering
 - Ikraftsett

Som EU
 - Signering
 - Ikraftsetting


Romapakten
 - 25. mars 1957
 - 1. januar 1958

Maastricht-traktaten
 - 7. februar 1992
 - 1. november 1993

Valuta Euro (EUR eller €)
Unionsdag 9. mai (Europadagen)
Tidssone UTC 0 til +2
Toppdomene .eu (i bruk frå 2005); andre nivå .eu.int i bruk

Nobelprisen

Nobels fredspris
2012

Historie

EGKS

Organisasjonen vart grunnlagd under namnet Det europeiske kol- og stålfellesskapet. Tanken var at ein ved å samarbeide om desse nøkkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske økonomiske fellesskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).

I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle gå inn i EU. Både i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap.

Den europeiske unionen fekk i 2012 Nobels fredspris.[1]

Organisering

EU har fem institusjonar:

I tillegg kjem fem viktige organ:

  • Den økonomiske og sosiale komiteen
  • Regionskomiteen
  • Den europeiske sentralbanken
  • Den europeiske ombudsmannen
  • Den europeiske investeringsbanken

EUs tre søyler

EU byggjer på tre hovudområde, kalla søyler:

  • 1. søyle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som går inn under den indre marknaden. Europakommisjonen førebur saker, set dei ut i livet når vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er øvste domsinstans.
  • 2. søyle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
  • 3. søyle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.

Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre søylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre søylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad på vegne av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, må medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til å forplikte dei. Organa som kan opptre utad på vegne av medlemsstatane og til å gje reglar som er bindande for dei, høyrer til Det europeiske fellesskap, dvs. den første «søyla» i samarbeidet.

Medlemsland

År Land Areal (km²) Innbyggarar (2011) Hovudstad Valuta
1957 Flag of Belgium (civil).svg Belgia 30 528 10 431 477 Brussel Euro
1957 Flag of France.svg Frankrike 674 843 65 821 885 Paris Euro
1957 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland[1] 357 022 81 471 834 Berlin Euro
1957 Flag of Italy.svg Italia 301 340 61 016 804 Roma Euro
1957 Flag of Luxembourg.svg Luxembourg 2 586 503 302 Luxembourg Euro
1957 Flag of the Netherlands.svg Nederland 41 543 16 847 007 Amsterdam Euro
1973 Flag of Denmark.svg Danmark 43 094 5 529 888 København Dansk krone
1973 Flag of Ireland.svg Irland 70 273 4 670 976 Dublin Euro
1973 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 243 610 62 698 362 London Britisk pund
1981 Flag of Greece.svg Hellas 131 957 10 760 136 Athen Euro
1986 Flag of Portugal.svg Portugal 92 090 10 760 305 Lisboa Euro
1986 Flag of Spain.svg Spania 505 370 46 754 784 Madrid Euro
1995 Flag of Austria.svg Austerrike 83 871 8 217 280 Wien Euro
1995 Flag of Finland.svg Finland 338 145 5 259 250 Helsingfors Euro
1995 Flag of Sweden.svg Sverige 450 295 9 088 728 Stockholm Svensk krona
2004 Flag of Cyprus.svg Republikken Kypros 9 251 1 120 489 Levkosía Euro
2004 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia 78 867 10 190 213 Praha Tsjekkisk koruna
2004 Flag of Estonia.svg Estland 45 228 1 282 963 Tallinn Euro
2004 Flag of Hungary.svg Ungarn 93 028 9 976 062 Budapest Forint
2004 Flag of Latvia.svg Latvia 64 589 2 204 708 Riga Latvisk lats
2004 Flag of Lithuania.svg Litauen 65 300 3 535 547 Vilnius Litauisk litas
2004 Flag of Malta.svg Malta 316 408 333 Valletta Euro
2004 Flag of Poland.svg Polen 312 685 38 441 588 Warszawa Polsk złoty
2004 Flag of Slovakia.svg Slovakia 49 035 5 477 038 Bratislava Slovakisk koruna
2004 Flag of Slovenia.svg Slovenia 20 273 2 000 092 Ljubljana Euro
2007 Flag of Bulgaria.svg Bulgaria 110 879 7 093 635 Sofia Bulgarsk lev
2007 Flag of Romania.svg Romania 238 391 21 904 551 Bucureşti Rumensk leu
2013 Flag of Croatia.svg Kroatia 56 594 4 284 889 Zagreb Kroatisk kuna
Totalt Flag of Europe.svg Den europeiske unionen 4 511 003 507 752 126

Kandidatar

Makedonia, Montenegro og Island er offisielle søkarland. Tyrkia har forhandla om eit eventuelt medlemskap heilt sidan 1987, men det har ikkje vore så stor framdrifta. Det er mange grunnar til dette, både politiske og økonomiske. Dei politiske grunnane er i stor grad relaterte til manglande demokratiske rettar i Tyrkia og til striden med den kurdiske folkesetnaden.

Noreg sitt tilhøve til EU

Noreg er ikkje medlem av EU. I to folkerøystingar, den fyrste i 1972 og den andre i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap. Begge røystingane førte til ei splitting av opinionen, der eksportretta industri gjekk inn for norsk medlemskap i EU medan særleg representantane for landbruksnæringa var imot. Store delar av den kulturelle, økonomiske og politiske eliten var for medlemskap. Dei fleste avisene var for. Denne debatten viste ei elite som var i utakt med fleirtalet av folket. Motkulturane har svekka seg, men i denne saka kom dei fram igjen. Det var også regionale skilnader. Mange av dei politiske partia er splitta i synet på norsk EU-medlemskap, noko som har ført til at saka i dag ikkje er på den politiske dagsorden. Ja-sida sitt argument var, at Noreg skulle verte medlem, for å kunne påverke europeisk politikk, medan nei-sida frykta redusert norsk sjølvstyre ved ein medlemskap. Noreg sitt medlemskap i EFTA kan på mange måtar sjåast på som eit kompromiss mellom fullt EU-medlemskap og det å stå heilt utanfor det europeiske samarbeidet . Etter røystinga i 1972, så vart det underskriven ein frihandelsavtale mellom EFTA og EEC, som EU heite då. Den avtalen vart seinare erstatta av EØS-avtalen. Thorbjørn Jagland var ein sentral politikar på 1990-talet. Han vart seinare leiar for nobelkomiteen, som gav Nobels Fredspris til EU i 2012 for organisasjonen sitt arbeid for fred, forsoning, demokrati og utvikling i Europa. På grunn av Noreg sitt tilhøve til EU, så var dette ei omstridd tildeling .

Andre relevante artiklar

Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål

Quai d'Orsay
Eurotower in Frankfurt

Referansar

  1. «EU får Nobels fredspris». NRK.

Bakgrunnsstoff

2007

2007 (romartal MMVII) er eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen.

Den arabiske ligaen

Den arabiske ligaen er ein politisk organisasjon med 22 medlemsland frå den arabiske verda. Ligaen arbeider for samarbeid innan næringsliv, finansvesen, transport, kultur, helsevesen, medlemslanda sin suverenitet og fremje av sams interesser. Ligaen arbeider for at Palestina skal anerkjennast som sjølvstendig stat.

Ligaen har inga overnasjonal myndigheit over medlemslanda, og spelar slik ei mindre omfattande rolle enn organisasjonar som til dømes Den europeiske unionen (EU).

Den søramerikanske unionen

Den søramerikanske unionen (nederlandsk Unie van Zuid-Amerikaanse Naties, forkorta UZAN, portugisisk União de Nações Sul-Americanas, forkorta UNASUL, spansk Unión de Naciones Suramericanas, forkorta UNASUR, engelsk Union of South American Nations) er eit frihandelsområde, bygd etter modell av Den europeiske unionen (EU), som dekkjer heile Sør-Amerika med unntak av Fransk Guyana, Falklandsøyane og Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. 23. mai 2008 vart traktaten som skipa Den søramerikanske unionen signert. Han trådte i kraft 11. mars 2011.

EU-domstolen

EU-domstolen eller Den europeiske unions domstol er det høgaste organet for den dømande makta i Den europeiske unionen. Han har sete i Luxembourg. Domstolen har fleire funksjonar. Han er ein forfatningsdomstol som har i oppgåve å tolka EU-lovgjevinga for å sikra at ho blir tolka likt i alle landa ho gjeld i. Vidare er han ein forvaltningsdomstol som kan prøva om EU-organ har gjort lovlege vedtak i enkeltsaker,

domstol for skilsdom og sivil domstol for privatpersonar, verksemder og organisasjonar som meiner rettane deira er krenka av ein EU-institusjon, eller at EU-vedtak som direkte gjeld dei er ugyldige.

EU-domstolen har ein dommar frå kvar medlemsstat, og er leia av ein president. I tillegg bistår ni generaladvokatar med å leggja fram upartiske forslag til saksavgjerder.

Domstolen er delt inn i to organ: Domstolen og Underretten. Eit tredje organ, Personalretten eller Domstolen for personalsaker, fungerte som ein særdomstol for personalsaker fram til avskipinga 1. september 2016. Rådet og EP kan oppretta fleire særdomstolar om det er nødvendig.

Domstolen blei oppretta i 1952 som domstolen for Det europeiske kol- og stålfellesskapet, EF-domstolen frå 1958. I samband med Lisboa-traktaten i 2009 bytta han namn til Den europeiske unions domstol, eller EU-domstolen.

Europaparlamentet

Europaparlamentet (EP, eller Det europeiske parlamentet) er den lovgjevande forsamlinga i Den europeiske unionen (EU), og er direkte vald av innbygjarane i unionen. Europaparlamentet har sete i Louise Weiss- og Winston Churchill-bygningane i Strasbourg. I tillegg til Strasbourg bruker det òg Brussel og Luxembourg som arbeidsstader.

Fransk

Fransk (français) er eit romansk språk som mellom anna vert tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.

Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (ɛ, œ, ã og ɔ), ein labialisert y (som i rue), skarre-r og schwa (ə).Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).

Guernsey

Guernsey (fransk Bailliage de Guernesey) er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Saman med øyane Alderney, Sark, Herm og fleire småøyer utgjer ho den britiske kroneigedomen Bailiwick of Guernsey. Saman med Jersey utgjer desse øyane øygruppa Kanaløyane.

Kroneigedomen utgjer i tillegg til sjølve øya Guernsey òg Alderney, Herm, Jethou, Brecqhou, Burhou, Lihou, Sark og andre småøyar. Sjølv om Storbritannia har ansvaret for å forsvare øyane, er ikkje Bailiwick of Guernsey ein del av Storbritannia, men heller ein eigedom under krona, på same måte som Isle of Man. Guernsey er heller ikkje ein del av Den europeiske unionen. Øya Guernsey er delt inn i 10 sokn.

Irsk

Irsk (Gaeilge) er eit keltisk språk som vert tala og nytta på øya Irland. Det er det fremste offisielle språket i Republikken Irland, sjølv om eit stort fleirtal av folkesetnaden har engelsk som fyrstespråk. Irsk har fått ei formell godkjenning som minoritetsspråk i Nord-Irland. I Langfredagsavtala av 1998 aksepterte den britiske regjeringa irsk og låglandsskotsk som minoritetsspråk i provinsen. 13. juni 2005 vart det samrøystes vedteke at irsk vert eit offisielt språk i den europeiske unionen. Vedtaket får verknad frå 1. januar 2007.

Jersey

Jersey er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Jersey er del av øygruppa Kanaløyane, som igjen er del av den større øygruppa Dei britiske øyane. Jersey er, på same vis som Isle of Man, formelt ikkje ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (UK). Jersey er direkte lagd inn under den britiske monarken, som ein kroneigedom. Utanrikspolitikk og forsvarspolitikk vert for det meste teke hand om av britiske styresmakter.

Bailiwick of Jersey omfattar i tillegg små øygrupper som ikkje lenger er busette, Minquiers, Écréhous og Pierres de Lecq i tillegg til andre holmar og skjer.

Jersey er ikkje eit fullt medlem av Den europeiske unionen, men er ein del av tollområdet i EU.

Kaliningrad

Kaliningrad (russisk: Калиниград, tysk: Königsberg, litauisk: Karaliaučius, polsk: Królewiec) er ein by i Kaliningrad oblast heilt vest i Russland. I 1946 vart namnet på byen endra frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetfunksjonæren Mikhail Kalinin.

Königsberg låg i den gamle tyske provinsen Aust-Preussen ved Austersjøen, som ved slutten av andre verdskrigen vart okkupert av Sovjetunionen. Kaliningrad oblast er ein russisk ekslave mellom Polen og Litauen, og er til lands fullstendig omringa av den europeiske unionen.

Det gamle Königsberg har ei lang historie frå grunnlegginga i 1255. Det sovjetiske Kaliningrad vart først og fremst nytta som flåtebase under den kalde krigen, og er eit av dei fattigaste og mest nedslitne områda i Russland.

Mange innbyggjarar i Kaliningrad ynskjer at byen skal få sitt gamle namn attende, slik St. Petersburg gjorde i 1991. Det er starta ein kampanje for å få gjennom dette.

Kroatia

Republikken Kroatia er eit europeisk land. Landet ligg ved Adriahavet og grensar til Slovenia, Ungarn, Serbia, Montenegro og Bosnia og Hercegovina. Landet var tidlegare ein del av Jugoslavia. Hovudstaden heiter Zagreb. Kroatia vart medlem av Den europeiske unionen 1. juli 2013.

Madrid

Sjå òg regionen MadridMadrid er hovudstaden og den største byen i Spania. Han er den tredje største byen i Den europeiske unionen etter Stor-London og Berlin og storbyområdet er òg det tredje største i EU etter Paris og London.Byen ligg ved elva Manzanares midt i både landet og Regionen Madrid (som utgjer byen Madrid, byområdet rundt, forstader og landsbyar). Denne regionen grensar til dei autonome regionane Castilla y León og Castilla-La Mancha. Som hovudstad i Spania er han sete for regjeringa og den spanske monarken og er det politiske senteret i landet.På grunn av den økonomiske produksjonen, levestandarden og storleiken på den økonomiske marknaden, vert Madrid rekna som eit stort finanssenter på Den iberiske halvøya. Her ligg hovudkontra til dei fleste store spanske føretaka, samt hovudkvarteret til tre av dei 100 største selskapa i verda (Telefónica, Repsol-YPF, Banco Santander).Sjølv om Madrid har ein moderne infrastruktur har han bevart kjensla og utsjånaden i dei mange historiske nabolaga og gatene. Av landemerke her finn ein Palacio Real de Madrid (kongepalasset), Teatro Real (Det kongelege teateret), Buen Retiro-parken frå 1631; Nasjonalbiblioteket (grunnlagd 1712), eit arkeologisk museum og tre kunstmuseum: Prado-museumet, Museo Nacional Centro de Arte Reina Sofía, og Thyssen-Bornemisza-museumet.Folketalet i byen er kring 3,2 millionar og storbyområdet har kring 5,1 millionar innbyggjarar.

Nei til EU

Nei til EU er ein organisasjon mot norsk medlemskap i Den europeiske unionen (EU). Organisasjonen har medlemsorganisasjonar og medlemmer frå heile den politiske landskapen. Organisasjonen er ei vidareføring av Folkerørsla mot EEC. Nei til EU sitt arbeidsutval er sett saman av Heming Olaussen som leiar, Torunn Kanutte Husvik og Maria Walberg, som nestleiarar, samt Per Steinar Osmundsnes som medlem. Nei til EU har fylkeslag i alle fylka, i tillegg til dei mange lokallaga.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (engelsk Organisation for Economic Co-operation and Development, forkorta OECD) er ein internasjonal organisasjon av industriland. OECD er eit framhald av OEEC, som vart skipa i 1948 for å gjennomføre Marshallhjelpa. OEEC vart erstatta av OECD i 1961 med USA og Canada som nye medlemmar. OECD-kretsen er i dag samansett av 30 land som kjenneteiknast ved velutvikla marknadsøkonomi og demokrati i tillegg til eit relativt høgt inntektsnivå. Europakommisjonen deltek også i arbeidet saman med medlemslanda i Den europeiske unionen (EU).

Bidrag til OECD sitt budsjett, som er på rundt to milliardar kroner årleg, er basert på medlemslanda sin økonomiske storleik.

Slovakia

Den slovakiske republikken (forkorta til Slovakia; slovakisk Slovensko eller Slovenská republika) er eit land i Sentral-Europa med over fem millionar innbyggjarar fordelt på om lag 49 000 km². Det grensar til Tsjekkia og Austerrike i vest, Polen i nord, Ukraina i aust og Ungarn i sør. Den største byen er hovudstaden, Bratislava. Slovakia er medlemsland i Den europeiske unionen, NATO, SN, OECD, WTO, UNESCO og andre internasjonale organisasjonar.

Det slaviske folket kom til området som i dag er Slovakia på 400- og 500-talet, under folkevandringstida. I løpet av historia har Slovakia høyrt til Samo-riket (den første kjende politiske eininga til slavarane), Stor-Mähren, Kongedømet Ungarn, Habsburgmonarkiet, Austerrike-Ungarn og Tsjekkoslovakia. Dagens Slovakia vart ein sjølvstendig stat den 1. januar 1993 etter den fredelege delinga av Tsjekkoslovakia under fløyelsrevolusjonen. I lag med Tsjekkia var landet det siste i Europa som fekk sjølvstende på 1900-talet.

Slovakia har den raskast veksande økonomien i EU og OECD (2007). Landet vart medlem av EU i 2004 og eurosona i 2009.

Spansk

Spansk (au kjent som kastiljansk) er eit ibero-romansk språk, og det tredje mest snakka språket i verda. Det er morsmålet for omkring 352 millionar menneske, eller 417 millionar viss ein inkluderer òg dei som ikkje har spansk som morsmål (i fylgje estimat frå 1999). Majoriteten av den spansktalande befolkninga lever i Latin-Amerika.

Språk i Den europeiske unionen

Språk i Den europeiske unionen gjev oversyn over dei 23 offisielle språka i Den europeiske unionen.

Tyskland

Forbundsrepublikken Tyskland eller berre Tyskland (tysk: Bundesrepublik Deutschland eller Deutschland) er eit land i Sentral-Europa. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.

Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8. Etter USA, Tyskland er den nest mest populære migrasjon destinasjon i verden.

Vest-Europa

Vest-Europa er hovudsakleg eit samfunnspolitisk omgrep skapt under den kalde krigen, då grensene til regionen stort sett vart definert. Grensene vart effektivt sett under dei siste fasane av den andre verdskrigen og kom til å gjelde alle europeiske land som ikkje kom under sovjetisk kontroll og påverknad. Nøytrale land vart klassifiserte ut frå deira politiske regime.

Den vanlege oppfatninga og bruken av Vest-Europa var, og i mindre grad framleis er, land som er kulturelt, politisk og økonomisk skild frå Aust-Europa, og grensene har lite å gjere med geografi. Kulturelle og religiøse grenser mellom dei to regionane overlappar kvarandre derimot mykje og særleg har desse grensene svinga fram og tilbake gjennom historia. Dette gjer det vanskeleg å danne ei nøyaktig forståing av omgrepet.

Omgrepet er ofte assosiert med, men ikkje klart avgrensa til, liberalt demokrati, kapitalisme og Den europeiske unionen. Dei fleste landa i regionen deler vestleg kultur og mange har økonomiske, historiske og politiske band til land i Nord- og Sør-Amerika og Oseania (sjå òg Vesten).

Ut frå dagens oppfatning består Vest-Europa av:

Norden: Danmark, Finland, Noreg, Sverige og Island

Dei britiske øyane: Irland og Storbritannia

Tyskland

Alpane: Austerrike, Liechtenstein og Sveits

Benelux: Belgia, Nederland og Luxembourg

Frankrike

Monaco

Den italienske halvøya: Italia, San Marino og Vatikanstaten

Malta

Hellas

Den iberiske halvøya: Spania, Portugal, Andorra og Gibraltar (eit britisk oversjøisk område)

Den europeiske unionen Flag of Europe.svg

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.