Den britiske imperieordenen

The Most Excellent Order of the British Empire er ein riddarorden stifta 4. juni 1917 av kong Georg V av Storbritannia. Ordenen har av fem klassar, inndelt i sivile og militære avdelingar:

  1. Knight/Dame Grand Cross (GBE)
  2. Knight/Dame Commander (KBE/DBE)
  3. Commander (CBE)
  4. Officer (OBE)
  5. Member (MBE)

Dei to øvste gradane er riddarlege og inneber adelskap og rett til å kalle seg Sir eller Dame.

Ordenen kan bli utdelt til borgarar av dei landa i Det britiske samveldet som har den britiske regenten som titulært statsoverhovud. Borgarar av andre land kan motta ordenen honorært, med ordet «Honorary» føydd til framfor tittelen. Ein «honorary» GBE, KBE eller DBE gjev ikkje adelskap.

Det finst òg ein nærskyld British Empire Medal. Dei som mottar denne medaljen vert ikkje medlemmer av imperieordenen.

Ordensmottoet er For God and the Empire (For Gud og Imperiet). Ordenen har rang under dei andre britiske riddarordenane, og har fleire medlemmer enn dei andre.

Mbe medal front and reverse
For- og baksida av ordensteiknet for medlemmer av Order of the British Empire, såkalla MBE
Albert Hammond

Albert Louis Hammond OBE (fødd 18. mai 1944) er ein engelsk songar, låtskrivar og plateprodusent som voks opp i Gibraltar.

Albert Hammond var ein av dei mest suksessrike låtskrivarane frå England i 1960- og 1970-åra, og har hatt ein lang karriere som plateartist.

Ed Sheeran

Edward Christopher Sheeran, kjend som Ed Sheeran (fødd 17. februar 1991 i Halifax) er ein britisk songar og låtskrivar.

Gary Brooker

Gary Brooker, MBE, (fødd 29. mai 1945) er ein engelsk songar, låtskrivar, pianist og ein av grunnleggarane av rockebandet Procol Harum. Brooker vart medlem av Order of the British Empire i 2003 for det veldedige arbeidet sitt.

Brooker vart kjend gjennom innspelingane sine med Procol Harum, der særleg samarbeidet med Keith Reid var vellukka. I 1967 stod dei bak suksessen «A Whiter Shade of Pale». Etter at bandet vart oppløyst i 1977, starta Brooker ein solokarriere og har vore gjestemusikar med blant andre Paul McCartney, George Harrison, Tim Renwick, Frankie Miller, Mickey Jupp, The Hollies, Alan Parsons Project, Allan Clarke, Kate Bush, Bill Wyman og Eric Clapton.

I 1996 spelte han i filmen Evita med Madonna, Jonathan Pryce og Antonio Banderas. Etter at Procol Harum vart samla att i 1990-åra starta bandet å turnere, noko dei framleis gjer i dag. Brooker er det einaste originale medlemmet att i bandet.

George Harrison

George Harrison (25. februar 1943–29. november 2001) var ein engelsk musikar og filmprodusent, best kjend som medlem i den britiske gruppa The Beatles.

Harrison var sologitarist i The Beatles og i løpet av den ekstremt suksessrike karrieren deira var det John Lennon og Paul McCartney som skreiv og song førstestemme på dei fleste songane, men Harrison skreiv og/eller song førstestemmen på eit fåtal songar på kvart einaste album. Av desse songane finn ein «If I Needed Someone», «Taxman», «Within You Without You», «While My Guitar Gently Weeps», «Here Comes the Sun» og «Something».

I løpet av perioden i The Beatles vart Harrison òg interessert i både indisk musikk og hinduisme og medverka sterkt til ein blømande interesse for indisk kultur i Vesten, men først og fremst skulle begge delar få viktige roller i Harrison sitt eige liv.

Harrison hadde ein ujamn, men tidvis særs suksessrik solokarriere etter at The Beatles vart oppløyst og fekk ei rekkje listetoppar med songar som «My Sweet Lord» (1970), «Give Me Love (Give Me Peace on Earth)» (1973), «All Those Years Ago» (1981) og «Got My Mind Set on You» (1987). Han organiserte òg den aller første gigantiske rock-veldigheitskonserten, The Concert for Bangladesh, som vart avvikla den 1. august 1971 og som bana veg for liknande seinare arrangement, som Live Aid. Harrison vart æra som soloartist med ein plass i Rock and Roll Hall of Fame i 2004.

Han vart, saman med dei andre medlemmene i The Beatles, tildelt MBE, Member of The Most Excellent Order of the British Empire, av dronning Elizabeth II i 1965.

Harrison medverka òg til ein del filmprosjekt som filmprodusent og danna produksjonsselskapet Handmade Films i 1979. Av filmar på dette selskapet finn ein Life of Brian, Time Bandits, Withnail og jeg og Mona Lisa. Harrison hadde òg ei cameo-rolle i filmen The Rutles, som var ein uhøgtidleg parodi på The Beatles.

Hjalmar Riiser-Larsen

Hjalmar Riiser-Larsen (7. juni 1890–3. juni 1965) var ein norsk offiser (kontreadmiral) og flypionér.

Joe Cocker

Joe Cocker (fødd 20. mai 1944 som John Robert Cocker, daud 21. desember 2014) var ein engelsk musikar og songar som kombinerte rock og blues.

Cocker vart for alvor kjend for publikum i Europa og Nord-Amerika då han i 1969 deltok på Woodstock-festivalen. Før den tid hadde han ein viss suksess i England med fleire coverversjonar av The Beatles-låtar, spesielt versjonen av «With a Little Help from My Friends». Etter det gjorde han i 1970 braksuksess med dobbel-albumet Mad Dogs and Englishmen. Konsertalbumet hamna på topp 10 på albumlista i USA.

Ein av dei mest kjende songane hans er «You Are So Beautiful» frå 1975. Andre songar som har vore viktige gjennom karrieren hans er mellom andre:

«Up Where We Belong», (Filmmusikk til En offiser og en gentleman)

«You Can Leave Your Hat On»

«When the Night Comes»

«N'oubliez Jamais»

«Unchain My Heart»

«Feels Like Forever»Cocker deltok òg på 25-årsmarkeringa av Woodstock-festivalen, Woodstock '94.

John Cale

John Cale (fødd 9. mars 1942) er ein walisisk musikar som saman med Lou Reed var ein av hovudpersonane i den stilskapande rockegruppa Velvet Underground. Cale, som har klassisk skolering, var kanskje ein av dei viktigaste bidragsytarane til Velvet Undergrounds tidlege eksperimentelle lydbilete. Cale slutta i bandet etter albumet White Light/White Heat, og har sidan gjeven ut ei rekkje soloalbum og samarbeidsprosjekt både innan rock og klassisk musikk.

I 2003 gav han ut sitt første soloalbum på 7 år, HoboSapiens, som hadde sterke innslag av moderne elektronisk musikk. To år seinare, i 2005 gav han ut oppfølgjaren blackAcetate som musikalsk sett heldt fram i noko av det same sporet som forgjengaren.

John Lennon

John Winston Ono Lennon (9. oktober 1940–8. desember 1980), betre kjend som John Lennon, var låtskrivar, vokalist og gitarist i det verdsberømte bandet The Beatles. Av dei mest kjende låtane frå The Beatles er «I Want to Hold Your Hand», «Help!», «Norwegian Wood», «Strawberry Fields Forever», «Lucy in the Sky with Diamonds», «Come Together» og «Across the Universe». Som soloartist produserte han songar som «Give Peace a Chance», «Imagine», «Woman» og «Happy Xmas (War is Over)».

Lennon gjorde seg også bemerka som politisk aktivist, kunstnar og delvis som forfattar. Han var først gift med Cynthia Powell, som han fekk sonen Julian med. Han forlèt henne for den japanske kunstnaren Yoko Ono i 1969, og endra samtidig namn til «John Ono Lennon».

Etter at The Beatles vart oppløyst i 1970 hadde Lennon ein kort, men markant solokarriere i perioden 1970–1975 med ei rekkje politiske og eksperimenterande album. Etter ein lenger pause frå 1975–1980 der han konsentrerte seg om familielivet med Yoko og sonen Sean, fekk han eit comeback med albumet Double Fantasy i 1980.

John Lennon vart drepen med fire skot av fanatikaren Mark David Chapman utanfor heimen sin i New York like før kl. 23.00 den 8. desember 1980.

John Rutter

John Milford Rutter, (fødd 24. september 1945) i London er ein britisk komponist og dirigent, kommandør av den britiske imperieordenen.

Rutter er utdanna ved Clare College i Cambridge; her har han òg arbeidd som lærar. Han har starta eit eige proffesjonelt ensemble, Cambridge Singers, som han har gjort fleire plateinnspelingar med.

Komposisjonane og arrangementa til Rutter vert sungne over heile verda. Rutter er mest kjend for kyrkjemusikk, det meste forankra i den britiske korkulturen. Han har komponert og arrangert mange koralar, særleg julesongar, og han har komponert større korverk som Gloria og Requiem.

Mark Knopfler

Mark Freuder Knopfler (fødd 12. august 1949 i Glasgow i Skottland) er ein verdskjend britisk låtskrivar, gitarist og vokalist, som i 1999 vart tildelt Order of the British Empire (OBE) for sin innsats med musikk. Han var gitarist, vokalist, komponist og frontfigur i den britiske rockegruppa Dire Straits, som han starta i lag med broren David Knopfler i 1977.

Etter Dire Straits vart oppløyst i 1995, spelte Knopfler inn sju soloalbum, og produserte fleire hitsongar. Han har komponert og produsert filmmusikk for åtte filmar, inkludert Local Hero (1983), Cal (1984), The Princess Bride (1987) og Wag the Dog (1997).I tillegg til arbeidet sitt med Dire Straits og som soloartist, har Knopfler spelt med mange kjende musikarar, som Chet Atkins, Chris Botti, The Chieftains, Eric Clapton, Bob Dylan, Bryan Ferry, Emmylou Harris, Jools Holland, Sonny Landreth, Van Morrison, Steely Dan, Sting og James Taylor, stundom som studiomusikar. Han har produsert album for Tina Turner, Bob Dylan og Randy Newman.

Knopfler nyttar ein fingerstil når han spelar gitar og vart av magasinet Rolling Stone rangert på 27. plass på ei liste over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene. Knopfler og Dire Straits har seld i overkant av 120 millionar album. Knopfler har vunne Grammy-prisen fire gonger, i tillegg til Edison Award, Steiger Award og Ivor Novello-prisen, og har tre æres doktorgrader i musikk frå universitet i Storbritannia.

Michael Gambon

Michael Gambon (fødd 19. oktober 1940) er ein irsk skodespelar.

Michael Gambon er kjend for å spele Albus Humlesnurr i dei seks siste Harry Potter-filmane. Han overtok denne rolla frå Richard Harris, som gjekk bort etter innspelinga av den andre filmen. Elles har Gambon mellom anna spelt Philip Marlow i BBC-serien The Singing Detective og Jules Maigret i ITV-serien Maigret frå 1990-talet.

Paul McCartney

Sir James Paul McCartney (MBE, 1965) (fødd 18. juni 1942 i Liverpool i England) er ein britisk bassist, låtskrivar, songar, gitarist og pianist. Han var medlem av The Beatles (1957–70) og Wings (1971–80), og har seinare hatt ein lang solokarriere.

McCartney starta som gitarist i The Quarrymen (som seinare endra namn til The Silver Beatles og The Beatles), men overtok som bassist da Stuart Sutcliffe slutta i bandet. I tillegg til å spele bass i The Beatles (og ved ulike høve òg gitar, piano, synthesiser og slagverk) stod McCartney, saman med John Lennon for det meste av vokalinnslaga og låtskrivinga i gruppa.

Paul McCartney står oppført i Guinness rekordbok som den mest framgangsrike komponisten innanfor moderne populærmusikk. Slår ein saman arbeidet hans med og utanfor The Beatles har McCartney skrive over 50 hittar. Det er langt meir ein kva nokon anna komponist kan vise til.

Ray Davies

Ray Davies eller Raymond Douglas Davies (fødd 21. juni 1944 i London) er ein engelsk rockemusikar som er mest kjend som vokalist og låtskrivar i The Kinks - eit av dei fremste og langvarige engelske rockebanda - som han skipa i lag med den yngre broren, Dave. Han har òg vore skodespelar og regissert og produsert show for teater og fjernsyn.

Etter The Kinks la opp på midten av 1990-talet, starta Ray Davies solokarrieren sin som singer-songwriter.

Davis var kunststudent på Hornsey College of Art i London i 1962–1963, då the Kinks utvikla seg til eit profesjonelt band tidleg i 1964. Det var stort sett Davies som skreiv dei fleste songane til bandet og var i røynda frontmann og leiaren, særleg etter at bandet slo igjennom med songen «You Really Got Me», som han skreiv. Davies førte the Kinks gjennom ein musikalsk eksperimentell perioden mellom 1966 og 1976 med både kunstnarisk og kommersiell suksess. Mellom 1977 til bandet gav seg i 1996, gjekk Davies og bandet tilbake til dei tidlegare rockerøtene sine, og opplevde ein ny populær periode.

I 1990 vart Davies, i lag med the Kinks, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2005 i UK Music Hall of Fame.

Davies har hatt eit stormande «elsk-hat» forhold til den yngre broren og gitaristen i the Kinks, Dave Davies. Songane hans og det musikalske talentet hans har vorte hylla av musikkindustrien, men gjennom heile karrieren har han hatt rykte på seg for å vere særs sjølvstendig og revolusjonær, og har stadig vore i konflikt med både bandkollegaer og musikkindustrien.

4. januar 2004 vart Davies skoten i foten då han jaga nokre ranarar, som hadde tatt veska til partnaren hans då dei vandra i French Quarter i New Orleans i USA. Hendinga skjedde berre ei veke etter at han vart Commander i Den britiske imperieordenen.

Richard Thompson

Richard John Thompson OBE (fødd 3. april 1949) er ein britisk låtskrivar, gitarist og songar. Han er høgt respektert for gitarteknikken sin og fekk av Orville H. Gibson pris for beste akustiske gitarist i 1991. Låtskrivinga hans har òg gjeve han ein Ivor Novello-pris og i 2006 fekk han ein ærespris frå BBC Radio. Artistar som har spelt Thompson sine songar er mellom andre Robert Plant, Del McCoury, R.E.M., Bonnie Raitt, Christy Moore, David Gilmour, Mary Black, Elvis Costello, The Corrs, Sandy Denny, Joel Fafard, Maria McKee, Shawn Colvin, Norma Waterson, Maura O'Connell, Los Loboar, John Doe, Greg Brown, Bob Mould, Loudon Wainwright III og The Blind Boys of Alabama.Richard Thompson gjorde sin debut som plateartist som medlem av bandet Fairport Convention i september 1967. Frå 1970-talet, og til byrjinga av 1980-talet, gav han ut ei rekkje plater saman med den dåverande kona Linda Thompson, med I Wanna See The Bright Lights Tonight (1974) og skilsmisseplata Shoot out the Lights (1982) som nokre av høgdepunkta.

Thompson vart i dronninga si nyårsliste for 2011 utnemnd til offiser av Den britiske imperieordenen for musikken sin.

Ringo Starr

Richard Starkey (fødd 7. juli 1940), betre kjend under artistnamnet Ringo Starr, er ein engelsk trommeslagar, songar, låtskrivar og skodespelar som vart verdskjend som trommeslagar i the Beatles. På dei fleste albuma til bandet song han solovokal på ein song, inkludert «With a Little Help from My Friends», «Yellow Submarine» og versjonen deira av «Act Naturally». Han skreiv òg Beatles-songane «Don't Pass Me By» og «Octopus's Garden», og er med som medlåtskrivar på andre, som «What Goes On» og «Flying».

Starr vart to gonger råka av livstruande sjukdommar då han var liten, og sidan han hadde lange sjukehusopphald, fall han attende på skulen. I 1955 gjekk han ut i arbeid og hadde ei kort stund ei stilling i British Rail før han vart lærling ved eit utstyrsprodusent i Liverpool. Kort tid etter vart han interessert i skiffle-bølgja i Storbritannia, og utvikla ein stor lidenskap for sjangeren. I 1957 var han med og starta det første bandet sitt, the Eddie Clayton Skiffle Group, som fekk fleire gode spelejobbar, før bølgja tok slutt då amerikansk rock and roll tok over tidleg i 1958.

Då the Beatles vart danna i 1960, var Starr medlem i eit anna Liverpool-band, Rory Storm and the Hurricanes. Etter moderat suksess med det bandet i Storbritannia og Hamburg, slutta han i the Hurricanes og vart med i the Beatles i august 1962, då han erstatta Pete Best. Starr spelte ei viktig rolle i The Beatles-filmane og var med i fleire andre filmar. Etter Beatles vart oppløyst i 1970 gav han ut fleire singlar, som hittane «It Don't Come Easy», «Photograph» og «You're Sixteen», som alle vart hittar i USA. I 1972 gav han ut den mest suksessrike singelen sin i heimlandet, «Back Off Boogaloo», som nådde andreplassen der. Han fekk både kommersiell og kritikarsuksess med albumet Ringo i 1973. Han har vore med i mange dokumentarfilmar og leia fjernsynsshow. Han var forteljarstemme på dei to første sesongane av barne-TV-serien Thomas & Friends og var «Mr Conductor» i den første sesongen av barneserien Shining Time Station. Sidan 1989 har han turnert med bandet sitt Ringo Starr & His All-Starr Band.

I 2011 kåra lesarane av Rolling Stone Starr til den femte beste trommeslagaren gjennom tidene. Starr - som alt var innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Beatles i 1988, gjekk inn i æreshallen att i 2015 for solokarrieren sin. Den 12. juni 1965 vart han i lag med dei tre andre Beatles-medlemmene tildelt den britiske imperieordenen.

Steven Gerrard

Steven George Gerrard MBE (fødd 30. mai 1980 Whiston i Merseyside) spelar og er kaptein på Liverpool Football Club. Han er og kaptein på England sitt herrelandslag i fotball. Han vart utnemnt til medlem av Den britiske imperieordenen (MBE) i 2006. Den 3. april 2009 skreiv Gerrard under på ein kontrakt som knytte han til Liverpool ut 2013-sesongen.

Thomas Fearnley (1880–1961)

Thomas Fearnley (16. januar 1880–10. januar 1961) var ein norsk skipsreiar og idrettsleiar.

Han var medlem av Den internasjonale olympiske komitéen (IOC) gjennom fleire tiår, og stifta Fearnleys olympiske ærespris og Thomas Fearnleys Bidrags- og Gavefond.

Thomas Fearnley var son av skipsreiar Thomas Fearnley og bror av godseigar N.O. Young Fearnley.

Han var medeigar av reiarlaget Fearnley & Eger frå 1908 og seniorsjef der frå 1921 til 1942.

Frå 1938 var han medeigar av selskapet Fearnley & Astrup.

Han var president i Norges Rederforbund 1918–21, og sat også som styremedlem i større selskap også utanfor skipsfarten.

Fearnley hadde stor innverknad på utviklinga av norsk skipsfart, mellom anna linjefarten. Under den første verdskrigen og hausten 1939 hadde han ei leiande rolle i norske tonnasjeforhandlingar med Storbritannia. Fearnley var delegert ved den økonomiske verdskonferansen i London i 1933.

Som far sin var Fearnley svært interessert i kunst og idrett. Han var skihoppar, og deltok nokre år i Holmenkollrennet. Han lærte seg å lika golf, tennis og galoppsport i Storbritannia, og i 1909 var han initiativtakar til å skipa og den første presidenten av Norges Lawn Tennis forbund (no Norges Tennisforbund). Han var med på å skipa Norsk Jockeyklub i 1932 og var president der frå skipinga og fram til 1940.

Han var medlem av Den internasjonale olympiske komitéen (IOC) frå 1927 til 1950.

I 1939 oppretta han Thomas Fearnleys Bidrags- og Gavefond, og i 1952 stifta han Fearnleys olympiske ærespris.

For arbeidet sitt med skipsfartsforhandlingane og i Rederforbundet under verdskrigen og etterpå fekk Fearnley fleire ærestilvisingar. Han blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1921 og fekk kommandørkrossen med stjerne i 1960. Han var kommandør av Dannebrogordenen, den svenske Vasaordenen og Den britiske imperieordenen, og offiser av den franske Æreslegionen.

Trevor Horn

Trevor Charles Horn (fødd 15. juli 1949) er ein engelsk popmusikar, tekstforfattar, lydteknikar og produsent. Horn har produsert kommersielt suksessrike songar og album for fleire britiske og internasjonalt kjende artistar.

Han vann ein Grammy for «Kiss from a Rose» med Seal. Som musikar har han hatt suksess med gruppene The Buggles, Art of Noise, Propaganda og Act og han var vokalist i Yes på albumet Drama frå 1980 og på den påfølgjande turneen. I tillegg produserte han Yes-albumet 90125 i 1983.

Horn vart på 1980-talet sett på som den beste produsenten i Storbritannia, noko følgjande anekdote vitnar om: gruppa China Crisis oppførte på sitt 1985-album «Flaunt the Imperfection» (produsert av Walter Becker frå Steely Dan) opp produsenten som «Walter (Trevor Who?) Becker». Fleire slike referansar til Horn finst i britisk kultur.

I 1996 produserte han heile Wildest Dreams til Tina Turnar. Blant dei store hittane er; «Whatever You Want», «Missing You», «In Your Wildest Dreams» og «Unfinished Sympathy».

Han eig òg ein stor del av plateselskapet ZTT Records, Sarm Studios og selskapet Perfect Songs. Desse er kombinert under namnet SPZ. Horn gjekk hausten 2010 i platestudio saman med det tidlegare bandet sitt Yes for å produsere det nye albuma deira, som kom ut i juli 2011.Horn vart i dronninga si nyårsliste for 2011 utnemnt til kommandør av Den britiske imperieordenen for tenestene sine i musikkbransjen.

Van Morrison

Van Morrison, OBE (fødd 31. august 1945) som George Ivan Morrison) er ein nordirsk songar-låtskrivar og musikar. Han har gjeve ut fleire kritikarroste album, som Astral Weeks og Moondance og konsertalbumet It's Too Late to Stop Now.

Han er blitt kalla «Van the Man» og starta den profesjonelle karrieren sin som tenåring seint i 1950-åra. Han spelte fleire instrument som gitar, munnspel, klaverinstrument og saksofon for forskjellige irske showband, og spelte dei populære hittane på den tida. Han vart kjend i midten av 1960-åra som frontmann i det nordirske R&B-bandet Them, som han spelte inn den klassiske garasjeband-songen «Gloria» med. Solokarrieren hans byrja med pophitten «Brown Eyed Girl» i 1967. Warner Bros. Records kjøpte han ut av kontrakten hans og gav han høve til å spele inn Astral Weeks i 1968. Sjølv om albumet sidan skulle bli hylla, fekk det i starten dårleg kritikk, medan det neste albumet, Moondance, etablerte Morrison som ein stor artist, og gjennom 1970-åra bygde han vidare på ryktet sitt med ei rekkje kritikarroste album og konsertar. Han har òg stundom samarbeidd med andre artistar, som Georgie Fame og The Chieftains.

Mykje av musikken til Morrison er basert på soul og R&B, slik som dei populære songane «Brown Eyed Girl», «Jackie Wilson Said (I'm in Heaven When You Smile)», «Domino» og «Wild Night». Ein stor del av katalogen hans består av lange, laut tilknytte, andeleg inspirerte, musikalske reiser som syner innslag av keltisk musikk, jazz, medvitsstraumstale, slik som Astral Weeks og mindre kjende album som Veedon Fleece og Common One. I lag vert desse stundom kalla «keltisk soul».Morrison har mellom anna vunne Grammy-prisen seks gonger, Brit Award sin pris for «Outstanding Contribution to Music», og han er innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Songwriters Hall of Fame.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.