David av Israel

David av Israel, òg kalla Davíd hammélekh og kong David, vart salva som konge over Judea ca. 1011 fvt. i Hebron, og over heile Israel som Israels andre konge i 1004 fvt. same stad. Han vart etterfølgd av sonen sin Sjelomo.

Simon Vouet - David with the Head of Goliath - Google Art Project
Kong David måla av Simon Vouet ca. 1620.
David av Israel
David SM Maggiore

FøddBetlehem
DødJerusalem
TittelKing of Israel
Opptrer iKrønikebøkene, Første Krønikebok, Første kongebok, Første Samuelsbok, Andre Krønikebok, Andre kongebok, Andre Samuelsbok, Amos' bok, Høgsongen, Esras bok, Esekiels bok, Jeremias bok, Nehemjas bok, Hoseas bok, Salomos ordtøke, Salmane, Forkynnaren, Ruts bok, Siraks bok, Tobits bok, Sakarjas bok, Paulus' andre brev til Timoteus, Apostelgjerningane, Johannes' openberring, Brevet til hebrearane, Evangeliet etter Johannes, Evangeliet etter Lukas, Evangeliet etter Markus, Evangeliet etter Matteus, Paulus’ brev til romarane, David and Goliath, Jesaja 9
Identifisert medDavid in Islam
SlektHuset David
GravstadCity of David
LandDet forente kongedømmet Israel
MorNitzevet
FarIsai
EktefelleBatseba, Abigajil, Egla, Mikal, Ahinoam, Haggit, Abital
BarnSjelomo I av Israel, Absalon, Kilab, Tamar, Natan, Adonja, Amnon, Jibhar, Jerimot, Jitream, Sjefatja, Hazana, Q9252681, Q9352021
Betlehem

Betlehem (arabisk بيت لحم, Bayta Laḥm, tyder «Kjøthuset»; hebraisk בֵּית לֶחֶם Bēṯ Leḥem,

Bet Leḥem, tyder «Brødhuset») er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, like sør for Jerusalem, med eit folketal på kring 25 000 innbyggjarar.Han er det administrative senteret i Betlehem guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme.Ifølgje Det gamle testamentet er Betlehem Davidsbyen og ifølgje Det nye testamentet er Betlehem fødestaden til Jesus. Mellom anna er julesongen «Eit barn er født i Betlehem» laga til minne om denne hendinga. Eit av dei eldste kristne samfunna i verda heldt til i byen, sjølv om talet på dei kristne i byen har minka med åra. Betlehem vart plyndra av samaritanar i 529, men bygd opp att av den bysantinske keisaren Justinian I. Betlehem vart erobra av det arabiske kalifatet til Umar ibn al-Khattab i 637, som garanterte at heilagdomane i byen skulle få vere i fred. I 1099 vart byen erobra av krossfararane, som bygde festningsverk her og erstatta den gresk-ortodokse prestestanden med ein latinsk ein. Den latinske prestestanden vart drivne bort etter at byen vart erobra av Saladin, sultanen av Egypt og Syria. Då mamelukkane tok over i 1250, vart bymurane øydelagde, og sidan bygde opp att under styret til Det osmanske riket.Britane fekk kontroll over byen under fyrste verdskrigen og han var ein del av ei internasjonal sone i delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina i 1947. Jordan annekterte byen under den arabisk-israelske krigen i 1948. Han vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967. Sidan 1995 har Betlehem vore styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene.Betlehem har i dag ein muslimsk majoritet, men har òg eit av dei største palestinske kristne samfunna. Hovudnæringa i Betlehem er i dag turisme og høgsesongen er juletida, då kristne pilegrimar stimar seg kring Fødselskyrkja. Betlehem har over tretti hotell og tre hundre handverksbutikkar. Rakelgrava, som er ein viktig, jødisk heilag stad, ligg nord i Betlehem.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.