David Ricardo

David Ricardo (18. april 177211. september 1823) var ein britisk økonom. Han var ein av 1800-talet sine mest innflytnadsrike klassiske økonomar og kan sjåast på som oppfølgjaren til Adam Smith. Styrken til Ricardo var logisk konsekvens og presisjon, men han hadde ikkje Smith sin unike evne til levande framstilling av dei økonomiske forholda.

Teoriane til Ricardo blir framleis drøfta, og det finst faktisk ei gruppe økonomar som kallar seg nyricardianarar. Ricardo vidareutvikla arbeidsverditeorien til Adam Smith, og fekk dermed stor innflytnad på Karl Marx sine seinare økonomiske analysar.

Særleg kjent er modellen om komparative fordelar i internasjonal handel, som viste at to land (som handlar med to varer) begge kunne tene på å handle med kvarandre, sjølv om det eine landet var meir produktivt enn det andre i produksjonen av begge varene. (Vi kan merke oss at teorien ikkje seier noko om etterspurnadssida, og dermed eigentleg ikkje korfor handel skjer.) Teorien om komparative fordelar danna grunnlaget for det seinare Heckscher-Ohlin-teoremet for internasjonal handel. Ideen bak dette er at land handlar med kvarandre fordi de har ulike ressurstilgangar.

Ricardo - Opere, 1852 - 5181784
Works, 1852

Ricardo sin analyse av importforbodet for korn til England på slutten av 1700-talet er òg sentral i arbeida hans. Dette forbodet meinte han var til sterk skade for industrien og for den samla vekstkrafta til økonomien. Han omtalar landadelen som parasittar i det økonomiske systemet, fordi inntektene deira (det han kallar grunnrente) etter hans syn går til å halde tenarskap og konsumere luksusvarer i staden for å bli kanalisert inn i produktiv verksemd. Ricardo hamna i eit heftig ordskifte med den samtidige Thomas Malthus om det kunne oppstå ein generell svikt i etterspurnaden i økonomien. Ricardo, som bygde på Says lov, såg på dette som umogleg. Synet hans vart ståande nærast uimotsagt heilt til John Maynard Keynes tok opp att spørsmålet godt ut på 1900-talet.

David Ricardo
Portrait of David Ricardo by Thomas Phillips

Fødd 18. april 1772
London
Død

11. september 1823
London

Yrke samfunnsøkonom, aksjemegler, filosof, politikar
11. september

11. september er den 254. dagen i den gregorianske kalenderen (255. under skotår). Det er 111 dagar att av året.

1772

1772 (romartal MDCCLXXII) var eit skotår som byrja på ein onsdag i

den gregorianske kalenderen.

18. april

18. april er den 108. dagen i den gregorianske kalenderen (109. under skotår). Det er 257 dagar att av året.

1823

1823 (romartal MDCCCXXIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen.

Den portugisiske synagogen i Amsterdam

Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gylne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Tora (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Etter andre verdskrigen og Holocaust er det ikkje meir enn 700 medlemmer i meinigheita. Men denne synagogen, som mirakuløst nok overlevde nazistane sine øydeleggingar (fleirtalet av dei tyske synagogane vart sette i brann), er stadig open for publikum.

Den 12. september 1670 vart tomta kjøpt for oppføring av den nye portugisiske synagogen i Amsterdam. Synagogen vart teikna av den nederlandske arkitekten Elias Boumann. Arbeidet tok til den 17. april 1671, og synagogen vart innvigd på 2. august 1675.

Emmanuel Le Roy Ladurie

Emmanuel Le Roy Ladurie (fødd 19. juli 1929) er ein fransk historikar som fyrst og fremst har forska på regionen Languedoc og tidsepoken «ancien regime», med særleg fokus på bøndene si historie. Han er ein kjend og omtykt nybrotsmann på felt som historie nedanfrå og på mikrohistorie. Den mest kjende boka hans, Montaillou, kom på norsk i 1980.

Grunnrente

Grunnrente er eit samfunnsøkonomisk omgrep for fortenesta ein får av å eige jord/grunn. Mellom økonomane som har studert dette fenomenet er David Ricardo, Harold Hotelling, Henry George og Karl Marx. Omgrepet grunnrente kan òg nyttast om fortenesta ved å eige andre ressursar; i desse tilfella kan ein alternativt nytte omgrepet ressursrente. Grunnrenta kan ha ulike årsaker, og fleire typar grunnrente kan eksistere samtidig.

Internasjonal handel

Sjå òg handel.Internasjonal handel, i økonomi ofte rett og slett kalla handel, er utveksling av varer og tenester på tvers av landegrensene. Å selje varer og tenester til utlandet blir kalla eksport, å kjøpe frå utlandet blir kalla import.

Handel er eit politikkområde som vekkjer mykje strid. Dei fleste meiner at land skal involvere seg i handel, striden står om i kor stor grad. Til dømes er det få som går inn for at Noreg skal bli sjølvforsynt med bilar eller bananar. Eit av dei største stridsområda er handel med typar av matvarer eit land er i stand til å produsere sjølv.

Også innan økonomisk teori er det noko debatt om kva handel som er gunstig for velferden til eit land. Mange økonomar argumenterer likevel for frihandel.

Handel blir regulert gjennom ulike typar handelsbarrierar, som til dømes toll og importkvoter. Den største og best kjende organisasjonen som tek for seg internasjonal handel, er Verdsorganisasjonen for handel (WTO).

John Maynard Keynes

John Maynard Keynes (uttala keins) (5. juni 1883–21. april 1946) var ein engelsk økonom. Ideane hans har hatt svært stor innverknad på økonomisk og politisk teori, og han blir sedd på som grunnleggjaren av moderne makroøkonomi, sjølv om makroøkonomisk teori har utvikla seg mykje sidan den tidlegaste keynesianismen. Spesielt kjent er Keynes for å tilrå statleg intervensjon i økonomien, ved hjelp av finanspolitikk og pengepolitikk, med det formålet å motverke uheldige verknader av økonomiske resesjonar, depresjonar og overoppheting. Innan makroøkonomi blir ISLM-modellen (av John Hicks og Alvin Hansen) sedd på som ei formalisering av mange av tankane til Keynes.

Kapital

Kapital er eit omgrep innan økonomi som viser til noko som kan investerast i produksjon av varer eller tenester.

Karl Marx

Karl Marx (5. mai 1818–14. mars 1883) var ein tysk forfattar, intellektuell samfunnsgranskar, filosof og politisk økonom. Han blir rekna som den mest framståande tenkjaren i arbeidarrørsla og var saman med Friedrich Engels opphavsmannen til den økonomiske og revolusjonære teorien som blir kalla marxisme.

Sjølv om Marx var oppteken av ei rekkje spørsmål, er han mest kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien og handsaminga av klassekampen. Marxismen ligg til grunn for mykje av den sosialistiske og kommunistiske tankegangen. Marx var ein skarp kritikar av den kapitalistiske samfunnsordninga på 1800-talet.

Medan han levde var han ikkje like kjent som i dag; mange av verka hans blei heller ikkje utgjevne under levetida hans. Men kort tid etter at han døydde byrja tankane hans å få stor innverknad på ei større breidd av arbeidarrørsla i mange land. Bokverket Das Kapital blir rekna som det viktigaste verket hans. Ei viss tolking av marxismen fekk stor innverknad på den politiske utviklinga, spesielt i Russland. Aust-Europa, Kina, arbeidarrørsla i den vestlege verda og delar av den tredje verda elles har òg late seg inspirera av det som blei oppfatta som marxisme.

Komparativ fordel

Komparativ fordel (bokmål: komparativt fortrinn) er eit samfunnsøkonomisk omgrep som forklarar korfor to partar (gjerne land, men òg til dømes regionar eller individ) kan ha gjensidige fordelar av å handle med kvarandre, sjølv om den eine av dei er i stand til å produsere alle varer meir effektivt enn den andre.

Ein part har ein komparativ fordel i ei vare dersom han er i stand til å produsere vara relativt meir effektivt enn den andre parten. Dette betyr at det er viktig å skilje omgrepet frå det å ha ein absolutt fordel i produksjonen av ein vara, som rett og slett betyr at eit land produserer denne vara meir effektivt.

Konseptet er svært viktig i teorien om internasjonal handel. Resultatet følgjer av enkel matematikk, men blir sett på som eit av dei mest misforståtte omgrepa innan økonomi.

Teorien om komparative fortrinn blir gjerne tillagt David Ricardo, som forklarte han i boka The Principles of Political Economy and Taxation, utgjeve i 1817. Truleg vart omgrepet likevel bruka første gong av Robert Torrens i 1815 i eit essay om kornhandel.

Liberalisme

Liberalisme (latin: liber; fri) er eit politisk omgrep med opphav i den filosofiske retninga liberalisme, som voks fram ut av idéane til dei store tenkjarane i Opplysingstida. Den opphavlege liberalismen la vekt på å avgrense den politiske makta og framheve dei individuelle rettane i samfunnet i ei tid då konge- og statsmakta var praktisk tala allmektig.

I dag er det fleire politiske retningar som legg krav på å heite (eller vert kalla) liberalisme, mellom anna libertarianisme, sosialliberalisme og amerikansk liberalisme. Dette spekteret av «underretningar» fører til at det er vanskeleg å definere kva liberalismen står for generelt. Det er dessutan mange som meiner at det å vera liberal og å vera liberalist er to forskjellige ting. I kvar region i verda vil den dominerande «liberalistiske» fraksjonen oftast omtale seg sjølv berre som liberalistane, og på det viset legge krav på tydinga av ordet i sitt land eller sin region. Ein brite vil med andre ord truleg tenkje på noko anna enn ein USA-amerikanar når dei høyrer ordet liberalisme. I Noreg har vi ingen dominerande parti som klart omtalar seg sjølve som liberalistar, sjølv om Framstegspartiet i størst grad kan vise til opphavet sitt i liberalisten Anders Lange. Venstre omtalar seg sjølve som sosialliberale eller liberale, men ikkje som liberalistar.

Liberalistar vil ofte framheve retten til avvik frå sosiale normer og politiske eller religiøse tradisjonar. Her står liberalismen i kontrast til konservatismen på den tradisjonelle høgresida i vestleg politikk. Då liberalismen òg legg vekt på enkeltmenneska som drivkraft i eit samfunn står liberalistiske ideologiar òg ofte i motsetnad til totalitære og kollektivistiske ideologiar (til dømes kommunisme).

Maria Edgeworth

Maria Edgeworth (1. januar 1767–22. mai 1849) var ein anglo-irsk forfattar og ei av opphavskvinnene til den moderne romanen.

Piero Sraffa

Piero Sraffa (5. august 1898–3. september 1983) var ein italiensk økonom og elev av John Maynard Keynes.

Sraffa er kjent for å ha redigert arbeidet til David Ricardo. Sjølv publiserte han uhyre lite. Det mest kjende verket hans er den rundt 90 sider lange Production of Commodities by means of Commodities, Prelude to a critique of economic theory, som vart utgjeven i 1960, men skriven allereie på 1920-talet. Boka er ein modernisert versjon av Ricardo sine tankar, og representerer ein kraftig kritikk av den marginalistiske økonomiske teorien. I Noreg vart Sraffa kraftig imøtegått av Jørgen Sandemose i boka Ricardo, Marx og Sraffa : kritikk av den nyricardianske retningen i moderne økonomisk teori.Sraffa markerte seg òg som ein markant motstandar av Mussolinis fascistiske regime, og dreiv blant anna stønadsarbeid for den fengsla kommunistleiaren Antonio Gramsci.

Samfunnsøkonom

Ein samfunnsøkonom er ein person med eksamen på hovudsfagsnivå i samfunnsøkonomi, grada cand.oecon. Tittelen var tidlegare sosialøkonom. Både embetseksamen og hovudfagseksamen i økonomi gav tittelen samfunnsøkonom. Embetseksamen innebar et studieløp i økonomi på 5 år, medan hovudfagseksamen kravde 4 år. For hovudfagseksamen var det i tillegg eit krav om halvtanna års studiar i andre fag i tillegg til økonomistudia.

Sefardar

Sefardar eller sefardiske jødar (hebraisk סְפָרַדִּי, sefardím, moderne hebraisk sfaraddi tiberisk səp̄āraddî - «Sefarad» er eit jødisk namn på den iberiske halvøya) er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Spania og Portugal. Desse blei tvinga i eksil eller i skjul av Alhambra-ediktet av 1492, og slo seg særleg ned i andre middelhavsland og i Nederland. Namnet blir i praksis òg brukt om ikkje-iberiske jødar som stammar frå arabisk-språklege land, såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-askenasisk opphav.

Sefardiske jødar i den opphavlege tydinga inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas, Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare talte dei fleste sefardar spansk, jødespansk eller portugisisk. Ein særleg variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardiske jødar er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsetjingar frå hebraisk til spansk eller jødespansk. Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet «ladino» for det jødespanske språket.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.