Dagny

Dagny og Dagne er kvinnenamn av norrønt opphav. Dagny har namnedag den 11. september.

Dagný er sett saman av dagr, 'dag', dagen eller guden for han, og nýr, 'ny'. Det har vore brukt som førenamn frå rundt 1600.

Dagny
Logo for tidsskriftet Dagny.

Bruk

Historisk utvikling av populariteten til namnet Dagny i Noreg.[1][2]

Dagný er eit vanleg namn på Island, men er mindre utbreidd i andre land.

Dagny var blant dei mest brukte namna på jentebarn fødd i Noreg i tida 1890–1910, men har sidan falle i popularitet.

Dagny Juel with her son Zenon
Dagny Juel med sonen Zenon.

Namneberarar

  • Dagny Juel (1867–1901), norsk forfattar
  • Dagny Sandvik (1878–1968), norsk sopran og songpedagog
  • Dagny Bjørnaraa (1894–1973), norsk journalist og foreiningskvinne
  • Dagny Edit Dorotea Lindsten, seinare Lind (1902–1992), svensk skodespelar
  • Dagny Berger (1903–1950), første norske kvinna som tok flysertifikat
  • Dagny Tande Lid (1903–1998), norsk kunstnar og forfattar
  • Dagny Holm (f. 1955), norsk forfattar
  • Dagny Mellgren (f. 1978), norsk fotballspelar

Annan bruk

Kjelder

  1. «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå. Statistikk for namn i Noreg
  2. «Digitalarkivet». Arkivverket. Folketellinger i Norge
11. september

11. september er den 254. dagen i den gregorianske kalenderen (255. under skotår). Det er 111 dagar att av året.

1867

1867 (romartal MDCCCLXVII) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.

19. juni

19. juni er den 170. dagen i den gregorianske kalenderen (171. under skotår). Det er 195 dagar att av året.

1978

1978 (romartal MCMLXXVIII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.

25. mai

25. mai er den 145. dagen i den gregorianske kalenderen (146. under skotår). Det er 220 dagar att av året.

Dagny Juel

Dagny Juel (8. juni 1867–5. juni 1901) var ein norsk kunstnar, forfattar og dramatikar. Ho vart fødd i Kongsvinger, og var den andre av dei fire døtrene til legen Hans Lemmich Juell og Minda Juell, fødd Blehr.

Juel vanka på vertshuset «Zum Schwarzen Ferkel» (Under den svarte grisen) i Berlin med August Strindberg og Edvard Munch. Ho var gift med den polske forfattaren Stanislaw Przybyszewski (1868-1927), men han forlét henne for ei anna. Som gift heitte ho Dagny Juel Przybyszewska.

I 1901 vart Juel skoten og drepen av Wladyslaw Emeryk på eit hotellrom i Tbilisi i Georgia. Det er uklart kvifor Emeryk gjorde dette, men han skal ha vore forelska i Juel.

Dagny, ein polsk-norsk film om Dagny Juel regissert av Haakon Sandøy, blei laga i 1978.

Dagny Mellgren

Dagny Mellgren Haugland (fødd 19. juni 1978) er ein norsk tidlegare fotballspelar, oppvaksen på Ålgård. Mellom 1999 og 2005 spela ho 95 landskampar for Noreg og skåra 49 mål. Ho vart olympiameister for Noreg under 2000 i Sydney, då ho skåra sigersmålet i OL-finalen mellom Noreg og USA. Mellgren spela for Ålgård, Klepp, Bjørnar, samt Boston Breakers i USA.

Ho er sidan 2006 gift og busett på Bryne.

Dagny Tande Lid

Dagny Tande Lid (25. mai 1903–28. januar 1998) var ein norsk målar, illustratør og lyrikar.

Dagny Tande var ei prestedotter fødd i Nissedal kommune i Telemark. Ho var gift med botanikaren Johannes Lid. Ho døydde i Oslo.

Lid oppnådde internasjonalt ry for planteteikningane sine, og ho er kjend for dei eigenillustrerte diktsamlingane sine, for botaniske illustrasjonar på norske frimerke og for illustrasjonane i Johannes Lids standardverk Norsk flora. Ho har også illustrert andre bøker om blomstrar, blant anna Olav Gjærevolls Fjellflora, som sidan 1952 har hatt eit samla opplag på 325 000 eksemplar.

Hadsel kommune

Hadsel er ein kommune i landskapet Vesterålen i Nordland fylke.

Illustratør

Illustratør er eit yrke der ein lagar illustrasjonar, det vil seie bilete med eit klart formål eller bodskap, til dømes til bøker, tekstar og teikneseriar. Når ein er illustatør, er det mest vanleg å jobbe frilans, men nokre illustratørar er òg tilsette i bokforlag, reklamebyrå eller medieverksemder. Ein illustratør bør ha talent og interesse innan teikning og jobbar med visuell kommunikasjon.

Johannes Lid

Johannes Lid (11. januar 1886–29. september 1971) var ein norsk botanikar og forfattar frå Voss.

Han er best kjend for å ha skrive Norsk Flora. Boka var først utgjeven i 1944, og har komme i nye utgåver med rundt 10 års mellomrom, sist i 2005. Floraen dekkjer ville planter i Noreg. Boka har sidan ho kom vore rekna som standardverket for norsk flora. Ho er illustrert av Dagny Tande Lid, kona til forfattaren.

Johannes Lid har sett spor etter seg gjennom artsnamnet lidii eller lidianum og slektsnamnet Lidia.

Johannes Lid var bror av Nils og Brita Lid.

Karplantar

Karplantar (Tracheophyta) er nemninga for alle landplantar bortsett frå mosane. Dei er kjenneteikna av eit indre vedvev som transporterer vatn og mineral inni planten, og eit ytre silvev som fraktar næringsstoff og sukker. «Kar» viser til vedrøyra i planten, og stammar frå eldre botanisk terminologi.

Karplantane er ei svært suksessrik plantegruppe med omlag 308 300 artar kjend i 2016 – nesten 90 % av alle landplantar.

Ut frå formeiringsmåten kan ein dela karplantane inn i to grupper, karsporeplantar og frøplantar, ut frå om dei formeirar seg med sporar eller frø. Berre frøplantane er ei naturleg eller monofyletisk gruppe. Karsporeplantane er svært forskjelligarta, til dømes er bregnane nærare i slekt med blomsterplantar enn med karsporegruppa kråkefotplantar.

Karplantane har utvikla seg over 350–500 millionar år, og er dermed langt eldre enn pattedyra og like gamle som fuglane og dei eldste attlevande insekta. Den vitskaplege grupperinga av karplantane er vanskeleg og omstridd, og blir stadig endra. Dei siste 200 åra har sett eit titals ulike måtar å gruppera dei etter eigenskapar og innbyrdes slektskap. I tillegg er enno mange grupper og artar dårleg kartlagt og forstått, og det fullstendige talet på artar er ukjent.

Karplantane er svært suksessrike. Dei har kolonisert heile jordkloden bortsett frå polområda. Størst suksess har dei einfrøblada grasartane hatt, og dei har enorm økonomisk verdi. Plantar i grasfamilien Poaceae – som ris, kveite, bygg, mais og hirse – har metta store delar av folkesetnaden på jorda dei siste 10 000 åra.

Klepp Idrettslag

Klepp IL er eit idrettslag som held til i Klepp kommune på Jæren. Idrettslaget har særleg markert seg i fotball for kvinner.

Klepp vann serien i 1987 og cupen i 1989. Laget har vore i toppserien for kvinner sidan starten.

Kjende spelarar: Birthe Hegstad, Dagny Mellgren.

Fotballaget for menn er for tida i 2. divisjon.

Landplantar

Landplantar er ei plantegruppe som omfattar mange av dei best kjende plantane på jorda. I tillegg til landplantane er det berre enkelte algeartar som kan leva på land. Nokre landplantar har også tilpassa seg eit liv heilt eller delvis i vatn att.

«Ilandstiginga» for om lag 440 millionar år sidan skjedde evolusjonært sett truleg via ferskvatn, ikkje via havkysten.

Den næraste evolusjonære slektningen til landplantane er kransalgane.

Norsk flora

Norsk flora er ein flora forfatta av Johannes Lid med teikningar av Dagny Tande Lid. Førsteutgåva kom i 1944, og floraen har fått ein posisjon som standardverket innan norsk botanikk. Floraen er skriven på nynorsk, og Det Norske Samlaget er forleggar.

Den siste (sjuande) utgåva av Norsk flora dekkjer ville plantar i Noreg med dei arktiske øyane Jan Mayen, Svalbard og Bjørnøya.

Olav Gjærevoll

Olav Gjærevoll (24. september 1916–30. august 1994), fødd i Tynset, død i Trondheim, var ein norsk botanikar og politikar for Arbeidarpartiet.

Han var utdanna cand.real frå Universitetet i Oslo i 1947. Ved Uppsala universitet tok han graden fil.lic i 1955, og doktorgrad i 1956. Han var tilsett som konservator ved Vitskapsmuseet i Trondheim frå 1947 til 1979. I tillegg hadde han ei professorstilling ved Noregs lærarhøgskole frå 1958 til 1986. Som botanikar arbeidde han mest med planter til fjells, og i arktiske strok. Utanom dei meir faglege publikasjonane, skreiv han også populærvitskaplege bøker, og dreiv opplysingsarbeid om botanikk. Hans Fjellflora (skrive saman med Reidar Jørgensen, illustrert av Dagny Tande Lid) har fast plass i lomma hos mange fjellvandrarar.

Gjærevoll var ordførar i Trondheim frå 1958 til 1963, og frå 1979 til 1981. Han var sosialminister frå 1963 til 1965, med kort avbrot av John Lyng si regjering. Frå 1965 til 1969 møtte Gjærevoll på Stortinget som fast representant for Sør-Trøndelag. I Trygve Bratteli si første regjering var han statsråd i Løns- og prisdepartementet frå 1971 til 1972, til han 8. mai 1972 blei utnemnd til den første miljøvernministeren i Noreg og i verda. Han hadde denne posten i fem månader, til regjeringa Bratteli gjekk av i oktober 1972 etter Folkeavstemminga i 1972 om Noreg sitt medlemskap i EF.

Rennesøy kommune

Rennesøy er ein kommune i Rogaland fylke, i Ryfylke.

Åtte øyar utgjer kommunen. Øyane er Rennesøy, Mosterøy, Bru, Fjøløy, Klosterøy, Vestre Åmøy, Sokn og Brimse. Utstein kloster frå mellomalderen ligg på Mosterøy.

Sonja av Noreg

Sonja (fødd Sonja Haraldsen, 4. juli 1937) er dronning av Noreg og gift med kong Harald V av Noreg.

Sonja blei fødd i Oslo som Sonja Haraldsen, dotter til Dagny (1898–1994) og Karl August Haraldsen (1889–1959). Ho vart gift med kronprins Harald av Noreg 29. august 1968, og vart då kronprinsesse Sonja.

Ålgård Fotballklubb

Ålgård Fotballklubb er eit idrettslag heimehøyrande på Ålgård i Gjesdal kommune, stifta i 1915. Laget er ein rein fotballklubb som spelar i svarte drakter, ispedd litt grønt, og i kvite underdelar. Heimekampane går av stabelen på Ålgård stadion.

Ålgård FK spelte i den norske Hovudserien 1947-49. I den fyrste sesongen, 1947/48, vart laget nummer fem i A-avdelinga. Året etter enda det på nestsiste plassen i avdelinga og rykte. Store delar sidan den tid har Ålgård FK spelt på nivå tre eller fire i det seriesystemet.

Dagny Mellgren var Ålgård-spelar til og med 1995.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.