Dag

Dag er ei grunnleggjande tidseining som menneske har kjend til sidan urtidene. Det viser til den lyse eller vakne delen av døgnet. Motstykket til dag er natt.

I bergmannsspråket nyttar ein dag som i uttrykket «ute i dagen» i motsetnad til inne i gruva.

Duffus Castle
Utsyn i dagslys ramma inn av eit vindauge.

Kva tid byrjar og sluttar ein dag?

I eintal på norsk bruker ein som regel ordet om tida med dagslys som kjem mellom soloppgangen om morgonen og solnedgangen om kvelden. Midpunktet heiter middag. Er det tale om fleire dagar, viser ein som regel til døger. I vår tid reknar me med at dagen tek til ved midnatt. Tidlegare var det vanleg å seia at han byrja i grålysinga om morgonen, medan andre tradisjonar, som den jødiske, reknar med at neste dag byrjar ved solnedgangen kvelden føre.

Dei vanlege oppdelingane av døgeret.

  • Morgon - 06:00-09:00
  • Føremiddag - 09:00-12:00
  • Ettermiddag - 12:00-18:00
  • Kveld - 18:00-24:00
  • Natt - 00:00-06:00

Lengda av dagen varierer både med breiddegrad og årstid, med unntak av på ekvator der dag og natt er like lange heile året. Denne variasjonen i daglengd kjem av at rotasjonsaksen til jorda står på skrå i forhold til rotasjonsplanet jorda følgjer i banen sin rundt sola.

Grupper av dagar

Dei fleste kalendrar i bruk i dag deler dagar inn i grupper på sju, som saman utgjer ei veke. Dagane har namn som kjem opp att kvar sjuande dag. Den norske veka har sju dagar: Måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og sundag.

I tillegg finst det spesielle dagar som kjem igjen på ei viss tid ein gong i året, til dømes fødselsdagar og høgtidsdagar.

Dag som person

I norrøn gudetru var Dagr namnet på ein gud som var personleggjeringa av dagen. Han var son til jotunkvinna Natt og Delling, guden for morgongryet. På same måte som gudinna Sol og guden Måne fór han og Natt over himmelen kvart døger. Dag rei på hesten Skinfakse.

Dag er òg blitt eit vanleg mannsnamn i dei nordiske språkområda. Kjende namneberarar er Dag Hammarskjöld og Dag Solstad.

Ekstremvêret Dag var eit uvêr som råka Nord-Noreg i 1996.

Sjå òg

  • Oversyn over dagar med artiklar

Kjelder

  • Metlex hos Meterologisk Institutt - Tid

Bakgrunnsstoff

Alma mater

Alma mater (latin for 'nærande mor') er eit omgrep opphavleg brukt av romerske diktarar om ulike gudinner, men sidan om lag renessansen også om universitet. I dag blir det gjerne brukt om eit universitet eller annan utdanninginstitusjon nokon har gått på.Romerske diktarar brukte «alma mater» som tilnamn for fleire gudinner, som Ceres, Tellus og Venus. Etter at Roma fall blei omgrepet også brukt innan kristen liturgi om jomfru Maria, som i «Alma Redemptoris Mater» frå 1000-talet.

Frå om lag 1400-talet byrja ein bruka «alma mater» om universitet på engelsk.

I 1600 tok trykkaren John Legate ved Cambridge University Press i bruk eit emblem av ei naken, mjølkegjevande kvinne med ei murkrone på hovudet med innskrifta «Alma Mater Cantabrigia».

Biologisk klasse

Biologisk klasse er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein klasse kan omfatte ein eller fleire skylde ordenar, og ein eller fleire skylde klassar blir samanfatta som ei rekkje.

I likskap med andre kategoriar (med unnatak av art) er det eit reint skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle ei klasse.

I dag er systematikken derfor meir opptatt av slektskapet mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.

I botanikken blir det vitskapelege namnet for ein klasse danna ved at rota til namnet på typusslekta får endinga -phyceae (for algar), -opsida (for landplanter) eller -mycetes (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underklasser er -phycidae, -idae og -mycetidae.

Biologisk rike

Rike er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Eit rike omfattar ein eller fleire skylde rekkjer. Blant dei obligatoriske kategoriane er riket den høgaste, men nokre systematikarar samanfattar eitt eller fleire skylde rike som domene.

Likt andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit rent skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle eit rike. Av denne grunnen er svaret på spørsmålet om kor mange rike av organismar som finst vilkårleg.

Ulike systematikarar opererer med ulike system. Desse systema har stort sett mellom tre og tolv rike.

I dag er systematikken derfor meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.

Den følgjande tabellen over ulike system er derfor hovudsakleg av historisk interesse:

Fem-rike-systemet er framleis nokså vanleg i lærebøker.

Men alle fem systema er akkurat like rette eller gale, nettopp fordi utdelinga av kategorien «rike» er et skjøns- og ikkje noko vitskapeleg spørsmål.

I samtlege system er dessutan minst eitt av rika ei kunstig gruppering.

(Dette gjeld for nokre [tidlege] definisjonar av dyr, plantar og sopp, og for alle definisjonar av prokaryotar, protistar og protoktistar.)

Sjå også biologisk liv.

Den etiopiske kalenderen

Den etiopiske kalenderen (amharisk የኢትዮጵያ ዘመን አቆጣጠር ye'Ītyōṗṗyā zemen āḳoṭaṭer) er den viktigaste kalendren i bruk i Etiopia. Kalenderen deler året inn i 12 månader à 30 dagar. I tillegg har han ein ekstra kort månad kalla ppagume på berre fem dagar til vanleg, men seks dagar i år som er skotår.

Den etiopiske kalenderen har som den julianske kalenderen skotår kvart fjerde år utan unntak. Han er basert på den koptiske kalenderen, som igjen er basert på den gamle egyptiske kalenderen, men med eit anna utgangspunkt og derfor andre årstal.

Nyårsdag (1. meskerem) i den etiopiske kalenderen fell normalt på same dag som 11. september i den gregorianske kalenderen. Rett etter skotår fell den etiopiske nyårsdagen på den 12. september i den gregorianske kalenderen. Mellom 11. (12.) september og 31. desember ligg årstalet i den etiopiske kalenderen sju år etter den gregorianske. Ettersom den etiopiske kalenderen tar utgangspunkt i året for Kristi fødsel, stammer denne skilnaden frå ei revidering av Jesu fødselsår som vart vedtatt i Konstantinopel og som spreidde seg til heile det kristne Europa på 600-talet. Etiopiarane heldt fast på det tidlegare årstalet. År 2000 etter etiopisk kalender begynte altså den 12. september 2007 etter gregoriansk kalender. År 2008 begynte den 12. september 2015 etter gregoriansk tidsrekning.

Den iranske kalenderen

Den iranske kalenderen (persisk گاه‌شماری ایرانی), også kjent som den persiske kalenderen eller jalalikalenderen, er ein solkalender som blir brukt i Iran og Afghanistan. Den er basert på observasjonar og ikkje reglar, og kvart år startar derfor ved vårjamndøgn slik det inntreff ved 52,5° aust, altså i Teheran og i Kabul. Dette gjer den meir nøyaktig samanholdt med sola sine rørsler enn den gregorianske kalenderen, men samstundeser det vanskelegare å rekne ut kva år som blir skottår.

Persarane har gjennom heile si kjente historie vore opptatt av å ha eit godt kalendersystem. Dei var blant de første kulturane som tok i bruk ein solkalender framfor ein månekalender eller eit hybridsystem.

Den 21. februar 1911 vedtok det andre persiske parlamentet å bruke solår og -månader i offisielle samanhengar. 31. mars 1925 vart kalenderen slik den no er utforma innført ved lov av same parlament. Loven spesifiserer at ein nyttar den islamske æraen, med start i 622 (året Muhammed reiste frå Mekka til Medina), at første vårdag er årets første dag, og at talet på månader og talet dagar i kvar måned. Tolvårssyklane i den sino-uighurske kalenders, som vart brukt av mange, vart avskaffa ved same lov.

Afghanistan tok i bruk kalenderen i 1957. Dei har same tal dagar i månadene, men andre namn for månadene; i staden for dei persiske namna nyttar dei dei arabiske namna for stjerneteikna. Pashtotalande nyttar sine namn på stjerneteikna som namn på månadene.

Den julianske kalenderen

Den julianske kalenderen er kalenderen som vart innført av Julius Cæsar frå og med år 45 f.kr Etter denne kalenderen er det 365 dagar i vanlege år, og skotår med 366 dagar kvart fjerde år, utan unntak. Dette var ei klår forbetring over den gamle romerske kalenderen, som hadde 355 dagar annakvart år, og vekselvis 377 og 378 dagar i åra imellom.

I 1582 gjekk pave Gregorius XIII inn for å byta den julianske kalenderen ut med ein endå meir nøyaktig variant, fordi den julianske hade eit avvik på 11 minutt pr. år frå det astronomiske året. Dei fleste katolske land adopterte raskt den gregorianske kalenderen. Protestantiske og ortodokse statar følgde etter litt etter litt, og i dag har dei fleste gått over til den gregorianske kalenderen.

Mange ortodokse kyrkjesamfunn, t.d. den russisk-ortodokse kyrkja, brukar framleis ein variant av den julianske kalenderen. Det er difor religiøse høgtider i Aust-Europa sjeldan fell saman med dei same høgtidene i den norske kyrkja, som gjekk over til å bruka den gregorianske kalenderen i februar 1700. I 2005 feirar vi t.d. påske den 27. mars i Noreg, men den 1. mai i Russland, sjølv om båe landa i dag brukar den same kalenderen.

Av di den julianske kalenderen hadde vore brukt so lenge at alle kalendrar låg fleire dagar «etter skjema», måtte året mista nokre dagar i samband med at kalenderen skulle bytast ut. Dette problemet vart handtert på ulike vis i ulike land. I Noreg vart februar ekstra kort det året vi slutta å bruka den julianske kalenderen, og då kan det vel henda at folk klaga når dei t.d. måtte betala full månadsleige på inntekta av ei halv månads arbeid! Den julianske kalenderen vart då kalla gammal stil. I Sverige prøvde dei difor ei mjukare overgang frå år 1700 og framover, men det vart berre vas, og etter 12 år gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, som dei heldt på til 1753. Då gjorde dei nøyaktig som Noreg hadde gjort 53 år tidlegare.

Russland brukte den julianske kalenderen heilt fram til etter den russiske revolusjonen tidleg på 1900-talet. Det er difor det heiter Oktoberrevolusjonen sjølv om han skjedde i november etter norsk tidsrekning.

Den norske kyrkja

Den norske kyrkja er den offentlege kyrkja i Noreg. I 1537 innførte Danmark-Noreg lutherdomen og braut banda med Den katolske kyrkja. Den norske kyrkja fekk då den dansk-norske kongen som overhovud. Den dag i dag er det framleis kongen som er den øvste leiaren. Kyrkjesaker ligg til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Fram til 1969 var det offisielle namnet Statskyrkja. Etter endring av § 2 i Grunnlova 21. mai 2012 har ikkje Noreg ein offentleg religion. I § 16 blir Den norske kyrkja omtala som «folkekyrkja» og paragrafen slår samstundes fast at alle trussamfunn skal «bli stødde på lik line». Etter grunnlovsendringa i 2012 skal det innførast ei ny kyrkjeordning, med ei meir sjølvstendig kyrkje, som ikkje er eit statleg forvaltingsorgan.

Dyr

Dyr er levande organismar som høyrer inn under riket Animalia. Felles for desse er at dei er heterotrofe, fleircella skapnadar med cellekontaktar, ekstracellulære matrixprotein, cellulær kommunikasjon og subcellulære organellar. Dei manglar cellevegg og kloroplastar, og utviklar seg frå embryoar. Læra om dyr blir kalla zoologi.

Tidlegare rekna ein òg dei eincella protistane til denne gruppa, men nyare forsking har vist at dyra er meir nærskylde både sopp og plantar enn til dømes tøffel-«dyr». I dag vert omgrepet stort sett brukt om fleircella dyr, Metazoa, stundom òg om krageflagellat-organismane me trur dei stammar frå.

Døgn

Døgn eller døger (frå norrønt dǿgr, dǿgn) er ei grunnleggande astronomisk tidseining. Der opererer ein med eit sant soldøgn, middelsoldøgn (24 timar) og stjernedøgnet (23 timar, 56 minutt og 4 sekund). Døgn, i tillegg til å vera ei tidseining av nemnd utstrekning, kan også tyde eit 24 timar langt tidsintervall med start kl. 00:00 og slutt 24:00 (også kalla kalenderdøgn).

Engelsk

Engelsk er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, eit vestgermansk, angelsaksisk språk. Engelsk er etterkomar av språket til dei germanske stammane som utvandra frå område i dagens Sør-Danmark og Nord-Tyskland på 400-talet. Språket med nærast slektskap til engelsk på kontinentet i dag er frisisk, som framleis blir tala av somme i desse områda og i delar av Nederland.

Forfattar

Ein forfattar lagar skriftlege åndsverk. I dag reknar me som regel forfattarar som dei som får gjeve ut bøker, medan dei som skriv kortare artiklar for aviser og tidsskrift blir rekna som journalistar eller skribentar.

Fylke

Fylke er regionale administrative område i Noreg som har eit visst sjølvstyre i form av fylkeskommunar, som er administrative einingar med same geografiske grenser og namn som fylka. Ein må skilje mellom fylket som geografisk eining og fylkeskommunen som sjølvstendig administrativt organ som har fylket som sitt geografiske virkeområde. Tidlegare vart fylka kalla amt.

Eit fylke er delt inn i kommunar, som er mindre og sjølvstendige administrative einingar med sitt eige geografiske virkeområde.

Noreg har i dag 18 fylke. Dette talet har nesten ikkje endra seg mellom 1919 og 2017; den einaste fylkeskommunen som er forsvunnen sidan den tid er Bergen, som tidlegare var eige fylke, men vart teke opp i Hordaland fylke som ein ordinær kommune. 1. januar 2018 slo Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag seg saman til Trøndelag fylke. Stortingsfleirtalet har sett i gang ei reform av fylkeskommunane som vil føre til at det vil vere 11 fylke i landet frå 1. januar 2020.

Det er berre to fylke i Noreg utan kyst, og det er Oppland og Hedmark.

Internet Protocol

Internet Protocol (IP) er ein nettprotokoll som tar seg av adressering for einingane i eit (pakkesvitsja) datanett.

Kvar eining innanfor same del av eit datanett må ha ei unik IP-adresse. IP, saman med transportprotokollen TCP, utgjer den vanlegaste standarden for datanettkommunikasjon i dag, både i lokale nett (LAN) og i utvida datanett (WAN), slik som t.d. Internett.

Juliansk dato

Juliansk døgn (JD) eller juliansk dato er talet på dagar som har gått sidan startdatoen i den julianske kalenderen. Startdatoen er måndag 1. januar år 4713 fvt., klokka 12 middag, Greenwich Mean Time (GMT). Dette tidspunktet blir gjeve som JD=0,00. Juliansk dato er hyppig brukt i astronomien og i kalendariske tabellar. Det er ein metode å nummerere dagar på som er fri for oppdeling i månader og år, og han er derfor særskild nyttig når ein treng å vite intervall i dagar mellom to tidspunkt. Metoden vart innført av Joseph Scaliger i 1583.

Det finst fleire variantar av denne forma for tidsrekning til ulike føremål. Til dømes nyttar reknearkprogramma Lotus 1-2-3 og Microsoft Excel Dublin Julian Day (DJD) som startar midnatt (kl. 0:00) 1. januar, 1900. DJD 0,00 = JD 2415018,5. Juliansk dato kl. 12 Greenwich tid 1. januar 2000 er 2 451 545.

Juliansk dato modifisert eller MJD er juliansk dato minus 2 450 000,5.

Juliansk periode er eit kontinuerleg mål for tida. Den julianske perioden kombinerer solsyklusen (28 år), månesyklusen (19 år) og indikasjonssyklusen (15 år) og inneheld derfor 28·19·15 år = 7980 år. Alle desse syklusane er føresett å byrje 1. januar i den julianske kalenderen, og ein har funnet at dei byrja samstundes i 4713 f.Kr., slik at ein juliansk periode inkluderer alle tidspunkta i fortida og framtida som ein kan rekne med å referere til.

Landskap i Sverige

Svenske landskap bygger på eldre politiske inndelingar, men som administrasjonsområde er dei erstatta av lena. I dag er den einaste offisielle funksjonen deira at hertugtitlar innan det svenske kongehuset vert knytt til dei. Til dømes har prinsesse Madeleine tittelen hertuginne av Hälsingland, og hertuginne av Gästrikland.

Mange landskap kan sporast tilbake til førhistorisk tid. I mellomalderen var mange av dei sjølvstendige politiske einingar med eigne lovar. Innbyggjarane har også i dag ofte ein geografisk og kulturell identitet knytt til landskapet.

Latin

Latin høyrer til den italiske greina av indoeuropeiske mål. Opphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i området Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utover Italia, og sidan til mange av områda kring Middelhavet. Dei eldre måla der vart trengde ut, og latinen lever vidare i dei romanske måla i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile mellomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

Musikkprodusent

Musikkprodusentar (eller plateprodusentar) er menneske som jobbar i musikkbransjen med oppgåver som m.a. kontroll av innspelingsøkter, musikalsk rettleiing av artistar og overoppsyn med innspeling, miksing og mastring. Frå slutten av førre hundreår tok mange produsentar òg på seg fleire oppgåver, og i mange sjangrar er i dag ordet «produsent» synonymt med «arrangør» og ofte òg «komponist».

Shaka Samvat

Sjaka-kalenderen (sanskrit, også kalla Shaka Samvat eller Saka Samvat) eller Salivahana-kalenderen er ei tidsrekning frå Sør-Asia som i dag har offisiell status som indisk nasjonalkalender. Ei moderne form av kalenderen har offisielt vore i bruk i India sidan 1957. Kalenderen er ein av fleire hindukalendrar.Året då kalenderen byrjar svarer til år 78 i den vestlege (gregorianske) kalenderen.

Byrjinga av året ligg i månaden tsjaitra, dagen etter vårjamdøgn. Dette svarer til 22. mars i den vestlege kalenderen.

Eit år i kalenderen har 365 dagar, 366 ved skotår. Den første månaden (tsjaitra) har normalt 30 dagar, 31 ved skotår. Dei neste fem månadane har 31 dagar kvar, dei andre har 30.Skotår samsvarer med dei i den gregorianske kalenderen.

Vitskapleg namn

Vitskaplege namn er nemningar som blir brukt internasjonalt og vitskapleg om artar, sjukdommar, delar av anatomien og fenomen som har med desse å gjera. Desse nemningane blir ofte òg kalla latinske namn, ettersom dei gjerne tek utgangspunkt i latinske ord og bøyingsformer.

Vitskaplege namn gjer det mogleg å kommunisera presist for folk med ulik språkleg bakgrunn. Dei rydder òg opp i situasjonar der det same folkelege namnet blir brukt om liknande ting, til dømes artar som er i slekt.

Språkbruken har bakgrunn i den sterke stillinga til latin og gresk i den vestlege vitskapstradisjonen. I dag pregar òg andre språk, særleg engelsk, nylaga vitskaplege namn.

Innan samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking som språkvitskap og psykologi gje ein òg vitskaplege namn til ulike fenomen.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.