Constantina

Constantina (fødd kring 320, død 354) var dotter av Konstantin den store av Romarriket og seinare rekna som ein kristen helgen. Ho blir også kalla Constantia og Constantiana,[1] og i seinare kjelder Costanza og Constance.

Constantina levde på ei tid då det var strid om herredømet over Romarriket, også innanfor keisarfamilien. Samtidig var riket i ferd med å få kristendommen som statsreligion. I samtida var Constantina knytt til konfliktar om maktutøving og skulda for å vera blodtørstig. I ettertid som helgen er ho blitt rekna som ein god kristen.

Constantina
Excideuil église vitrail choeur (7)

Fødd325
Roma
Død354
Tyrkia
Hus eller slektdet konstantinske dynastiet
LandRomarriket, Austromarriket
MorFausta
FarKonstantin den store
EktefelleHannibalianus, Constantius Gallus

Liv

Constantina var eldstedottera til Konstantin den store og den andre kona hans Fausta, som var dotter av keisar Maximianus. Ho hadde tre yngre brør, dei seinare keisarane Konstantin II, Konstantius II og Konstans, og to yngre systrer, Helena, som blei romersk keisarinne, og Fausta. Ho hadde også ein eldre halvbror, Crispus. I 326 avretta Kontantin først Crispus og seinare Fausta og fordømde minnet deira av grunnar som ikkje er klare.

I 335, to år før han døydde, innførte keisar Konstantin eit maktdelingssystem for dei tre sønene sine og ein nevø, Flavius Dalmatius: Alle fire blei utnemnde til cæsar med mynde over ein viss del av riket. Til forskjell frå tetrarkiet Konstantin hadde vore del av hadde desse fire avgrensa makt – dei styrte over militæret og hadde elles ei symbolsk stilling.

I 335 gifta Konstantin henne bort til fetteren Hannibalianus og gav henne tittelen augusta. To år seinare utnemnde han Hannibalianus til Rex Regum et Ponticarum Gentium, 'konge av kongar og herskar over pontarane'.

Seinare same året, i 337, døydde Konstantin. Hannibalianus var ein av medlemmane av keisarfamilien som blei drepen i maktkampen som følgde. Constantina er ikkje nemnd i historiske nedteikningar på over eit tiår.[1]

Bror hennar Konstantius II var blitt ny keisar, og i 351 gifta han bort Constantina til fetteren Gallus, som han gav tittelen cæsar og namnet Constantius Gallus. Vigselen fann stad 15. mars 351 i Sirmium. Ekteparet fekk ei dotter, Anastasia, som ein ikkje kjenner det fulle namnet eller skjebnen til.[2]

Constantina og Constantius Gallus blei sende til Antiokia i Syria, for å styra den austlege delen av Romarriket og stå imot trugsmålet frå Persarriket.[3] Her blei Gallus etterkvart upopulær, og slo ned eit kuppforsøk med avrettingar av ei rekkje folk, som også skal ha omfatta uskuldige.[4] I 354 sende Constantius bod etter Gallus, som i staden sende Constantina for å møta bror sin og tala for han. Undervegs døydde ho plutseleg av høg feber i Caeni Gallicani i Bithynia.[5]

0 Sarcofago di Costantina - Museo Pio-Clementino - Vatican (1)
Sarkofagen til Constantina, laga kring år 340. Han var tidlegare i Mausoleo di Santa Costanza, ein del av Sant'Agnese fuori le mura-komplekset i Roma, men er no utstild ved Museo Pio-Clementino i Vatikanet.
Sarcophagus of Constantina (copy) - Santa Costanza - Rome 2016
Kopi av sarkofagen ved Santa Costanza.

Leivningane hennar blei sende til Roma og gravlagde ved Via Nomentana nord i byen, i eit mausoleum far hennar hadde byrja bygga for henne. Mausoleet er seinare blitt kjend som Santa Costanza-kyrkja, med Constantina tilbedd som helgen. Den utskorne sarkofagen hennar av porfyr er stild ut ved Vatikanmusea,[6] medan kyrkja har ein kopi. Også syster hennar, keisarinne Helena, er gravlagd her.[7]

Politisk makt og påverknad

Etter at ho blei gift med Hannibalianus gav far hennar Constantina tittelen augusta, men dette var i hovudsak ein ærestittel. Etter at ektemannen hennar blei drepen i 337, høyrer ein ikkje om Constantina i skriftlege kjelder før i 350. Dette var året då Magnentius gjorde opprør mot bror hennar, Konstantius II, noko som skapte stor politisk uro. Dette gjorde at ho involverte seg direkte i opprøret. Ho bad Vetranio om å utfordra Magnentius, og håpa slik å verna om sine eigne politiske interesser og makt.[3]

I tillegg til å utøva politisk makt sjølv var Constantina sin person ein politisk reiskap. Som eit kvinneleg medlem av keisarfamilien, og ei enkje, kunne ho tilbydast i ekteskap for å sikra ein politisk allianse. Dette skjedde to gonger. I 350 føreslo Magnentius at han kunne gifta seg med Constantina og dotter hans med Konstantius II for å få ein fredeleg ende på opprøret.[8] Konstantius II avviste dette tilbodet. Kort tid etter, i 351, brukte Konstantius II syster si for eit anna politisk føremål og gifta henne bort til Constantius Gallus, som blei utnemnd til cæsar i Austromarriket.[3]

Passio Artemii (12) hevdar at giftarmålet var meint å sikra at Gallus blei verande lojal,[9] men det kan også ha hatt vel så mykje å gjera med Constantina som, i tillegg til å ha hatt makt som dotter til Konstantin og kona til Hannibalianus, hadde sett i gang Vetranio sin opposisjon [10] til Magnentius, og som var blitt spurd etter i ekteskap av sendemenn frå Magnentius sjølv.[11]

I tillegg til å vera til gode for Konstantis, løyste ekteskapet Constantina ut frå ein farleg situasjon i Romarriket og plasserte henne i ei stilling der ho kunne kontrollera den yngre og uerfarne ektemannen i rolla som cæsar. På den andre sida er det mogleg at Konstantius såg på ekteskapet som ein måte å fjerna den påtrengjande, kanskje tilmed forræderske, syster si frå den urolege situasjonen vest i riket. Om omtalen i Passio Artemii (11) av brev frå Constantina til broren gjengjev ei verkeleg historie, er det tilmed mogleg at Constantina først la fram forslaget om at ho skulle gifta seg med Gallus.

Gallus herska over Austromarriket frå Antiokia, og føremålet hans var å halda trugselen frå Sassanideriket under kontroll. Men Gallus tapte støtte gjennom sitt nådelause og vilkårlege styre. Constantina støtta ektemannen. I Antiokia verker det som om Constantina blei politisk aktiv på ein typisk måte for romerske kvinner i keisarfamiliar. Ifølgje Ammianus Marcellinus var ho vondskapsfull og fæl. Ho opererte for det meste gøymd frå offentleg innsyn, men var likevel mektig kontrollerande. Han hevdar at ho gav ordre om fleire drap, «Gallus [...] hadde såvidt nok styrke til å svara at dei fleste av dei var blitt massakrerte på ordre frå kona hans Constantina.»[12] Medan dette ikkje kan bevisast, gjev det eit inntrykk av personlegdommen hennar som vondskapsfull og valdeleg.

Då Konstantius II sende bod på både Gallus og Constantina etter klager frå antiokiarane, prøvde Constantina ifølgje Ammianus å møta han åleine først, i håp om at familiebanda deira ville hjelpa til med å redusera spenninga.[13]

Ammianus Marcellinus skildra Constantina som svært hovmodig og valdeleg, «byrgskapen hennar var voksen utover all skala; ho var ein furie i døydeleg form som ustoppeleg la brensle til ektemannen sitt sinne, og tørsta etter menneskeblod like mykje som han».[5]

Den seinare britiske historikaren Edward Gibbon likna Constantina med ein furie frå underverda som tørsta etter menneskeblod[a] Han hevda at ho oppmuntra Gallus sin valdelege natur heller enn å overtala han til å syna fornuft og medynk. Gibbon skreiv vidare at forfengelegheiten hennar blei styrka medan dei milde eigenskapane til ei kvinne mangla frå personen hennar. Ho ville ha teke imot eit perlesmykke som bytte mot å avretta ein god adelsmann.[14]

Hovudkjelda for framstillinga av regjeringstida til Gallus er Ammianus Marcellinus, som kan vera tendensiøs i høve til Constantina og Gallus. Filostorgios skildra rolla til Constantina i høve til Vetranio. Mindre informasjonsstykke finst hjå Zosimos, Zonaras og i Artemii Passio.

Helgenlegende

Chiesa di S. Agnese fuori delle Mura - Plate 103 - Giuseppe Vasi
Gravering av S. Costanza-kyrkja, klosteret til heilage Agnes og Via Nomentana frå 1756.
Reliquary of St. Costanza (17th-cent.) - Santa Maria della Scalla - Siena 2016
Arm-relikviarium frå heilage Constantina ved Santa Maria della Scala i Siena.

Constantina har fått status som helgen i den katolske kyrkja. Ifølgje Liber Pontificalis blei ho døypt av pave Sylvester I (d. 335) saman med faster si og «dotter til Augustus».[15] Grava hennar er i kyrkja Santa Costanza i Roma. Constantina åtte land og ein villa i Via Nomentana nokre kilometer utanfor bymurane. Her låg katakombane der helgenen Agnes var gravlagd. Constantina skal ha bede far sin omå byggja ein basilika for Agnes på denne staden.[7]

Pietro da Cortona - Saint Constantia's Vision before the Tomb of Saints Agnes and Emerentiana - Google Art Project
Heilage Constantina får ein visjon ved grava til Agnes og Emerentiana. Måleri av Pietro da Cortona frå rundt 1654.

Motsett synet til romerske forfattarar på henne som vond og blodtørstig, oppstod det ei soge rundt Constantina i mellomalderen knytt til helgenen Agnes. Opphavet til legenda er uklar, men ein veit at Constantina blei gravlagd i eit mausoleum, Santa Costanza, tilknytt den store konstantinske basilikaen over katakomben der Agnes var gravlagd. Mausoleet er stort sett intakt, medan berre delar av veggen til basilikaen er bevart. I ein versjon av soga frå Legenda aurea blei Constantina spedalsk, og blei så lækja ved eit under då ho bad ved grava til Agnes, som skal ha vore på staden der den seinare Sant'Agnese fuori le mura blei bygd ved den eldre basilikaen. Costantina avla ein lovnad om kyskleik og omvende den romerske konsulen Gallicanus, som ho var trulova med, til kristendommen. Ho omvende også døtrene hans, Attica og Artemia, til kristendommen. Desse tre kvinnene grunnla eit kloster og bygde ein basilika til ære for Agnes.[16]

Constantina etterlét seg rikdommen sin til tenarane sine, Johannes og Paulus, for at dei skulle gjera kristelege verk. Soga har levd vidare med utbroderingar. Som ein del av livet til heilage Agnes opptrer Constantina i ei scene på den gylne Sankt Agnes-koppen frå 1300-talet, som no er ved British Museum.[17]

Relikviane etter den unge kvinna blei lagde under eit nytt altar av pave Aleksander IV (pave 1254-1261).

Først på 1500-talet blei Constantina innskriven i den katolske martyrologien. Festdagen hennar er 18. februar.[16][18]

Merknadar

  1. «one of the infernal furies tormented with an insatiate thirst of human blood.»

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Roman Emperors DIR Constantina», www.roman-emperors.org, henta 8. juli 2019
  2. Flavius Claudius Iulianus, Epistola ad Athenienses, 272 D.
  3. 3,0 3,1 3,2 DiMaio 1996
  4. Ammianus Marcellinus, 'Historia', IX., 8
  5. 5,0 5,1 Ammianus Marcellinus 1986, p. 41
  6. Webb 2001, p. 252
  7. 7,0 7,1 «Church of Santa Costanza», byzantine-legacy (på engelsk), henta 20. juli 2019
  8. Gibbon 1854, p. 377
  9. Gibbon 1854, p. 388
  10. Jones, Martindale & Morris 1971, p. 222
  11. Müller 1841–1870, Peter the Patrician fr. 16, s. 190
  12. Ammianus Marcellinus 1986, p. 62
  13. Ammianus Marcellinus 1986, p. 58
  14. Gibbon 1854, p. 389
  15. Loomis, Louise Ropes (1916), The book of the popes (Liber pontificalis), Columbia University Libraries, New York, Columbia University Press, henta 8. juli 2019
  16. 16,0 16,1 «Konstantia - Ökumenisches Heiligenlexikon», www.heiligenlexikon.de (på tysk), henta 20. juli 2019
  17. Kleinhenz 2004, p. 251
  18. J.E. Stadler, F.J. Heim og J.N. Ginal (Hrsg.): 1SS. Constantia, Attica et Artemia, VV. I: Vollständiges Heiligen-Lexikon. Augsburg 1858–1882, bd. 1, s. 663.
  • Tylenda, Joseph N.: The Pilgrim's Guide to Rome's Principal Churches, Liturgical Press, Collegeville, Minnesota 1993 (engelsk), s. 134–136. ISBN 0-8146-5016-3.
Primærkjelder
  • Ammianus Marcellinus, Res Gestae Libri XXXI.
  • Ammianus Marcellinus (1986). Walter Hamilton, red. The later Roman Empire (A.D. 354–378). Harmondsworth, Middlesex, England: Penguin Books. ISBN 978-0-14-044406-3.
Sekndærkjelder
Afqa

Afqa eller Afka er ein landsby og kommune som ligg i Jbeil distrikt i Libanonfjella guvernement, 71 km nordaust for Beirut i Libanon.I antikken vart han kalla Apheca eller Afeka, som kan tolkast som «kjelde», ligg i fjella i Libanon, kring 20 km frå den antikke byen Byblos, som framleis ligg like aust for byen Qartaba. ein av dei flottaste fossane i Midtausten ligg her, i Adoniselva (i dag kalla Abrahamelva eller Nahr Ibrahim på arabisk), som dannar Yammounesjøen, som er knytt til ei segn.I gresk mytologi vart Adonis fødd og døydde ved foten av fossen i Afqa. Ruinane av det hylla tempelet til Afrodite Afakitis— Afrodite-guden som var særeigen for denne staden— ligg der. Sir Richard Francis Burton og Sir James Frazer tileignar òg tempelet i Afqa til Astarte eller Ishtar (Ashtaroth). Afqa ligg mellom Baalbek og Byblos, og peikar mot solnedgang ved sommarsolkverv i Middelhavet. Det er frå Byblos at segna vart fortalt om ei mytisk ark som kom til lands med leivningane etter Osiris. Arka vart sitjande fast i ei myr fram til Isis fann ho og bar ho attende til Egypt.

Catherine Ndereba

Catherine Ndereba (fødd 31. juli 1972) er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar frå Nyeri. Ho vart verdsmeister i maratonløping i 2003 og 2007.

Constantius Gallus

Flavius Claudius Constantius Gallus (fødd kring 325, død 354), var ein romersk keisar frå det konstantinske dynastiet. Han var brorson av Konstantin den store.

Gallus var konsul i tre år, frå 352 til 354.

Gallus var son av Julius Constantius og den første kona hans Galla. Besteforeldra hans på farssida var keisar Konstantius Khlorus og den andre kona hans, Flavia Maximiana Theodora. Julius Constantius var halvbror av keisar Konstantin den store, slik at sonen hans Constantius Gallus var halv-syskenbarn av sønene til Konstantin – Konstantin, Konstans og Konstantius.

Gallus hadde tre sysken: Ei eldre syster ein ikkje kjenner namnet på som var gift med Konstantius, ein eldre bror ein ikkje kjenner på som døydde i blodbadet etter at Konstantin den store døydde, og ein yngre bror frå faren sitt andre ekteskap, Flavius Claudius Iulianus, som vanlegvis er kjend som Julianus Apostata eller Julian den fråfalne.

Ifølgje historikaren Ammianus Marcellinus var Gallus svært ven å sjå på, med mjukt blondt hår.Gallus overlevde saman med Julianus Apostata som dei einaste slektningane av Konstantin den store etter at han hadde døydd, då sønene hans befesta kravet sitt på makta gjennom eit blodbad.

I 350 hadde Magnentius gjort opprør, drepe keisar Konstans og teke keisartittelen. Konstantius II førebudde seg på å slå ned tronrøvaren, men trengde ein sendemann i aust. Han sende bod på Gallus om å koma til Sirmium, der han opphøgde han til cæsar 15. mars 351 og gav han namnet «Constantius». Bandet dei imellom blei også styrka ved at Gallus fekk gifta seg syster til Konstantis, Constantina. Ekteparet busette seg i Antiokia, for å styra den austlege delen av Romarriket og stå imot trugsmålet frå Persarriket. Her blei Gallus etterkvart upopulær, og slo ned eit kuppforsøk med avrettingar av ei rekkje folk, som også skal ha omfatta uskuldige. I 354 sende Constantius bod etter Gallus, som i staden sende kona si for å møta bror sin og tala for han. Undervegs døydde Constantina plutseleg av høg feber i Caeni Gallicani i Bithynia.

I 354 blei Gallus dømd til døden av Konstantin II, og avretta.

EM i friidrett 2002

Europameisterskapen i friidrett 2002 vart avvikla på Olympiastadion i München i tida 6. – 11. august 2002. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 22 øvingar for kvinner. Utøvarar frå 47 land deltok i meisterskapen.

Robert Korzeniowski frå Polen gjekk inn til verdsbestetid i 50 kilometer kappgang med 3.36.39. Paula Radcliffe frå Storbritannia sette europarekord på 10 000 meter med 30.01,0 minuttar.

Kappgjengaren Trond Nymark stod for den beste norske prestasjonen då han vart nummer fem på 50 km. Gunnhild Halle Haugen kom på åttandeplassen både på 5000 m og 10 000 m, same plassering fekk Karl Johan Rasmussen i maraton-øvinga.

Eurovision Song Contest 1983

Eurovision Song Contest 1983 (ESC 1983) var den 28. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Rudi-Sedlmayer-Halle i München i Vest-Tyskland. Finalen fann stad laurdag 23. april. Luxembourg vann konkurransen med songen «Si la vie est cadeau», framførd på fransk av Corinne Hermès.

På eit tidspunkt under poengutdelinga kom det mumling og buing frå salen; det var då det blei klart at den greske juryen valte å gi vertslandet Vest-Tyskland berre eitt poeng. Mange i salen applauderte då den nederlandske juryen gav Luxembourg berre eitt poeng, noko som fekk programleiaren til å sleppe ein nervøs latter.

Fausta

Flavia Maxima Fausta (289–326) var ei romersk keisarinne og keisardotter. Ho blei gift bort med Konstantin den store av faren Maximianus for å stadfest alliansen deira om kontroll over tetrarkiet. Dei blei gifte i 307, og fekk seks barn saman. I 326 døydde Fausta, truleg avretta etter ordre frå Konstantin, av uklare grunnar.

Friidrett under Sommar-OL 2008

Friidrettsøvingane under Sommar-OL 2008 i Beijing vart avvikla i tida 15. til 24. august 2008. Det vart tevla i 47 øvingar, 24 for menn og 23 for kvinner. 3000 meter hinder for kvinner ny øving i OL-programmet. Alle tevlingane fann stad på eller ved Beijings nasjonalstadion, meir kjend som Fuglereiret, med plass til 91 000 tilskodarar. 2 057 deltakarar frå 200 land deltok i friidrettsøvingane.

Fem verdsrekordar kom til i leikane. Den store forgrunnsfiguren, Usain Bolt frå Jamaica, stod for to av dei nye rekordane og var delaktig i den tredje. Det tok til med ein ny 100-metersrekord på 9,69 sekundar, heldt fram fire dagar seinare med 19,30 sekundar på 200 meter og enda med at han gav stafettpinnen til Jamaica sin ankermann Asafa Powell, som sprang i mål til 37,10 sekundar og verdsrekord i 4 x 100 m stafett; grunnlaget for Jamaica var lagt av Nesta Carter og Michael Frater. På kvinnesida sette russiske Gulnara Galkina verdsrekord på 3000 meter hinder med 8.58,8, dagen etter svinga hennar landskvinne Jelena Isinbajeva seg over 5,05 meter då ho vann stavhopptevlinga.

Hannibalianus

Flavius Hannibalianus eller berre Hanniballianus (d. september 337) var eit medlem av det konstantinske dynastiet, som herska overRomarriket på 300-talet.

Hannibalianus var son av Flavius Dalmatius, og dermed ein nevø av Konstantin den store. Hannibalianus og bror hans Dalmatius blei utdanna i Tolosa (Toulouse) av rhetoren Exuperius (som truleg ikkje er den same som den heilage Exuperius).

I 320-åra sende keisar Konstantin bod på Flavius Dalmatius og sonane hans om å koma til Konstantinopel. Hannibalianus blei gift med eldsedottera til keisaren, Constantina, i 335, og blei gjort til nobilissimus.I samband med Konstantin sitt hærtog mot Sassanideriket i 337 blei Hannibalianus utnemnd til Rex Regum et Ponticarum Gentium, 'Konge av kongar og av det pontiske folket'. Konstantin planla truleg å krona han som pontisk herskar etter at dei persiske sassanidane var overvunne.

Det persisk hærtoget fann ikkje stad ettersom Konstantin døydde i mai 337. Hannibalianus og bror hans døydde begge i den blodige valden som fann stad i keisarfamilien etter keisaren sitt dødsfall.

Helena, dotter av Konstantin den store

Helena, død ca. 360, var ei romersk keisarinne som var dotter av Konstantin han store og kona til keisar Julianus Apostata (Julian den fråfalen).

Helena var dotter av Konstantin I og kona hans Fausta. Ho var syster av Konstantin II, Konstans II, Konstantius og Constantina og halvsyster av Crispus.Besteforeldra på farssida var keisar Konstantius Khlorus og Helena. Besteforeldra på morssida var keisar Maximianus og Eutropia.Helena blei gift med Julianus i 355 som del av ein allianse straks etter at han blei utnemnd til medkeisar (cæsar), og følgde han deretter til Gallia. Paret fekk ingen barn som levde opp. Helena blei gravid, men spontanaborterte, ifølgje ein del romerske historikarar fordi ho var blitt forgifta eller fordi jordmora var muta til å drepa barnet. I 357 vitja ho Roma med resten av keisarhuset.

Helena døydde ein gong etter 360. Leivningane hennar blei frakta til Roma og gravlagde på same staden som systera Constantina, ved Via Nomentana.

Konstantin II av Romarriket

Konstantin II (Flavius Claudius Constantinus Augustus; fødd januar/februar 316, død 340) var romersk keisar frå 337 til 340. Han var son av Konstantin den store og var keisar, augustus, saman med brørne Konstans og Konstantius II. Forsøka hans på utvida landområda sine i samsvar med stillinga si som primogenitur (førstefødd) førte til at han blei overvunnen av yngstebroren, Konstans, og drepen etter ein mislukka invasjon av Italia i 340.

Santa Costanza

Santa Costanza er eit antikt romersk mausoleum for eldstedottera til den romerske keisaren Konstantin den store, Constantina, også kjend som Constantia, som blei teke i bruk som kyrkjebygning på 1200-talet. Kyrkja ligg ved Via Nomentana i distriktet Trieste nordaust i Roma, og høyrer til soknet Sant'Agnese fuori le Mura. Santa Costanza ingår i Complesso monumentale di Sant'Agnese fuori le Mura.

VM i friidrett 2005

Verdsmeisterskapen i friidrett 2005, den 10. i rekka, vart avvikla på Olympiastadion i Helsingfors frå 6. til 14. august 2005. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 23 for kvinner. Frå 191 deltakarland vart påmeldt 1 688 utøvarar.

Under meisterskapen vart sett tre verdsrekordar, alle av kvinner. Jelena Isinbajeva frå Russland svinga seg over 5,01 meter i stavsprang, Osleidys Menéndez frå Cuba kasta spydet 71,70 meter og Olimpiada Ivanova frå Russland gjekk i mål på tida 1.25.41 på 20 km kappgang.

Tre utøvarar vart dobbeltmeistrar under meisterskapen. Mennene Justin Gatlin frå USA og Rashid Ramzi, som representerte Bahrain, vann høvesvis 100 meter og 200 meter den fyrste, og 800 m og 1500 m den andre. Kvinna Tirunesh Dibaba frå Etiopia sprang seg til siger både på 5000 m og 10 000 m.

Spydkastaren Andreas Thorkildsen vann den einaste norske medaljen i meisterskapen, ein sølvmedalje. Kappgjengaren Trond Nymark vart nummer fire på 50 km.

Vetranio

Flavius Vetranio Augustus (død ca. 356), kjend som Vetranio, var romersk keisar saman med Konstantius II i kort tid, frå 1. mars til 25. desember 350. Han er ein av dei minst skildra keisarane i romersk historie. Vetranio var aldri augustus, berre cæsar, og stod såleis under Konstantius i mynde.

Zhou Chunxiu

Zhou Chunxiu (fødd 15. november 1978) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar frå Jiangsu. Ho vann VM-sølv 2007 og OL-bronse 2008 i maratonløping. Både i 2006 og 2010 sigra ho i maratontevlinga under Asia-leikane.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.