Cicero

Marcus Tullius Cicero (3. januar 106 f.Kr.-7. desember 43 f.Kr.) var ein romersk politikar, advokat og forfattar. Han blir rekna som den fremste oratoren i romersk historie, og skreiv blant anna bøker om retorikk, filosofi og statsteori. I tillegg er 58 av talane hans og cirka 900 brev berga for ettertida. Cicero starta karrieren som advokat før han gjekk inn i politikken. Under den politiske uroen som rådde i Roma på på 40-talet f.Kr. var Cicero ein markant talsmann for republikanske ideal.

Etter drapet på Julius Cæsar i 44 f.Kr. freista han å styre Roma mot ei attervending til ei republikansk styreform, men vart avretta av ein flokk soldatar under proskripsjonane i 43 f.Kr som følgje av ein maktkamp med Marcus Antonius.

Marcus Tullius Cicero
Bust of Cicero (1st-cent. BC) - Palazzo Nuovo - Musei Capitolini - Rome 2016

Byste av Cicero frå det det første hundreåret f.Kr.
Nasjonalitet Romersk
Fødd 106 f.Kr
Arpino
Død

43 f.Kr
Formia

Yrke Politikar, advokat og forfattar
Kjende verk Mellom anna:
  • De finibus
  • De consulatu suo
  • De legibus
  • De natura deorum
  • De temporibus suis
  • Pro Milo
  • De oratore
  • De consolatione
  • Ad Quintum fratrem
  • Pro Cluentio
Påverka av Mellom andre Molon av Rodos, Platon og stoisismen
Påverka Mellom andre Lactantius, Hieronymus, Quintilian, Ambrosius, Augustin renessansehumanistane, Voltaire og Georg Brandes

Livssoge

Bakgrunn og tidlege år

Richard Wilson - Cicero with his friend Atticus and brother Quintus, at his villa at Arpinum - Google Art Project
Cicero saman venen Atticus og broren Quintus ved villaen i Arpinum. Måleri av Richard Wilson (ca. 1771)

Marcus Tullius Cicero vart fødd i fjellbyen Arpinum (Arpino) i Latium, ein by som ligg om lag 100 kilometer aust for Roma. Familien hans høyrde til den lokale lågadelen (Equites), men Cicero hadde ingen senatorar, magistratar eller vidgjetne forfedre i familien sin. Cicero kom tidleg til Roma for å gå på skule, og med sin velståande bakgrunn fekk han ei utdanning som inkluderte ålmenndanning, gresk og latinsk språk, attåt ei omfattande trening i retorikk. Seinare studerte han nokre år i Hellas og heldt til i Aten i eit halvt års tid, der han betra kunnskapane sine i gresk og filosofi.[1] Ein av medstudentane hans i Hellas var Pomponius, betre kjend under namnet Atticus. Atticus vart ein livslang ven av Cicero, og frå 60-talet og frametter brevveksla dei to. Atticus tok vare på breva frå Cicero, og det er takk vere han at vi idag har så mange brev or handa åt Cicero.[1]

Advokat

Frå og med slutten av 80-talet f.Kr. var Cicero aktiv i romersk samfunnsliv og vart først kjent for rettstalen For Rosicus (80 f.Kr.). Cicero hadde sitt første høgare embete som kvestor (finansansvarleg) i den romerske provinsen Sicilia i 75 f.Kr. Den beste måten for ein ung, romersk mann å bli lagt merke til i det offentlege var å lukkast med å straffeforfølge ein mektigare mann, og i 70 f.Kr. fekk han i oppgåve frå sicilianarane å føre korrupsjonssaka mot Verres, som hadde vore guvernør på øya frå 73-71 f.Kr. Cicero takka ja til tilbodet (I det romerske systemet var det bare romerske borgarar som kunne reise saker), og rettssaka vart ein knusande siger for Cicero. Talene han heldt i saka mot Verres har overlevd for ettertida, og syner ein framifrå og mangslungen talar som meistrar fleire ulike stilnivå: Ei klår og konsis narrativ oppbyggjing som samstundes er detaljert, med stor humor og sterke kraftuttrykk.[1] Ifølgje Eiliv Skard er talane mot Verres ei skulding av «...voldsomste art», men kan like gjerne sjåast som eit forsvarsskrift på vegne av folket i provinsen som har blitt råka av korrupsjon.[2]

Seinare var han advokat i fleire forsvarssaker der talene hans blir meir politiske. Mellom dei kan ein nemne forsvarstalen for Marcus Cælius Rufus, som skildrar den sutlause ovlivnaden til overklasseungdomen i Roma, og forsvarstalen for Milo, ein mann som med stort sannsyn var skuldig i mord, men som likevel vart forsvart av Cicero i ein rettssal der soldatar freista skremme han.[1]

Politikar

Gjennom advokatpraksisen kom den talentfulle Cicero inn i politikken. Ein politisk karriere i den romerske republikken følgde den såkalla embetsstigen, cursus honorum. Dette var ei rad eittårige stillingar ein kunne veljast til når ein hadde nådd ein viss alder. Cicero var edil i 69, pretor i 66 og konsul i 63 f.Kr., kvar gong i det første året han etter loven kunne få embetet. Dette vekte åtgaum, spesielt med tanke på at han var ein nykomar på den politiske scena utan eit kjent familienamn å vise til, ein homo novus.

Maccari-Cicero
Cicero fordømer Catilina. Freske av Cesare Maccari, 1882–88

På denne tida var romersk politikk prega av oppløysing og forvirring. Det gamle republikanske systemet var i ferd med å forvitre, og i løpet av eit par tiår kom republikken til å falle for eineveldet til Julius Cæsar og Augustus. Jamvel om senatet framleis heldt sine møter og store talarar vart høyrde på torget, var makta i ferd med å flytte seg over i hendene til mektige generalar som Pompeius og Cæsar, som hadde kontrollen over store hærar. Cicero hadde eit nostalgisk tilhøve til romersk historie og elska republikken, og var difor skeptisk til denne utviklinga. Trass eit konservativt sinnelag kunne han likevel støtte den populistiske sida når det passa seg slik: I 66 gjekk han inn for ei utviding av Pompeius sin kommando over hærstyrkane i det austlege Romarriket, og på eit tidspunkt forsvarte han ein populistisk tribun i rettssalen. Samstundes var denne populismen balansert av ein uttalt respekt for det etablerte, og i 64 vart han vald til konsul for det komande året med støtte frå konservative krefter.[3]

«So har me då endeleg, borgarar av Rom, jaga eller sendt Lucius Catilina ut or byen eller sagt farvel til han - denne mannen som var skamdjerv utan måte, som levde og anda for ukjureskap, som gjekk med fæle planar om å øyda fedrelandet, som truga dykk og denne byen med våpen og lauseld. Han er faren, han har stroke sin veg, han har kome seg ut or byen, han er dregen av garde. No går ikkje denne ukjura, dette umennnet lenger midt i millom oss og emnar på vår eigen undergang.»

Utdrag frå den andre talen mot Catilina
[4]

Året som konsul var høgdepunktet i den politiske karrieren til Cicero, og vart også dramatisk nok då Cicero avslørte kupplanane til adelsmannen Catilina. Opprøret til Catilina vart slått ned, og Cicero vart hylla som statens redningsmann og fedrelandets far, pater patriae. I samband med avsløringa av kuppfreistnaden til Catilina fekk Cicero senatet til å vedta fleire summariske og dimed lovstridige avrettingar, trass protestar frå fleire medlemar av senatet, mellom dei Julius Cæsar.[5] Denne handlinga gjorde han omstridd, og dei fire talene mot Catilina Cicero publiserte i 63 f.Kr. var ein freistnad på å gje hans eiga versjon av desse hendingane. Den første av desse talene har blitt mykje nytta i som latinskulepensum fordi han er spanande og, ifølgje mange, eit døme på at ord kan vere sterkare enn våpen.[6] I kjølvatnet av avrettingane vart Cicero skulda for å vere ein «tyrann» som krenka fridomen til romerske borgarar. I 58 f.Kr valde Cicero å forlate Roma og reise i eksil til Hellas heller enn å vente på at den nye tribunen Publius Clodius skulle straffeforfølgje han. Publius Clodius sytte for at det vene huset Cicero åtte på Palatinerhøgda vart rive og tomta vigd fridomsgudinna Libertas.[7]

Forfattar og talar

I 59 hadde dei tre romarane Cæsar, Pompeius og Crassus slutta seg saman i eit samband, det såkalla første triumviratet, og delt makta mellom seg. Innan september 57 f.Kr var Cicero attende i Roma. I mellomtida hadde Clodius mista popularitet og Pompeius såg føremonene ved å ha Cicero som ein politisk alliert, spesielt med tanke på evnene hans som talar. Samstundes vart Cicero nøydd til å arbeide for interessene til Pompeius, og jamvel om han rekna triumviratet som lovstridig var han tvungen til å samarbeide med dei tre makthavarane eller risikere livet.[7] Dette innebar også at han måtte halde taler som forsvarte det som eigentleg var hans politiske motstandarar.

I denne politiske atmosfæren drog Cicero seg meir attende frå det politiske livet, og frå 54 og frametter arbeidde han med Om staten (om idealstaten) og Om lovene. I desse bøkene gjorde Cicero seg til talsmann for eit elitistisk syn på staten: Ifølgje Cicero laut senatet vere den øvste instansen i staten, i motsetnad til folkeforsamlingane. Avgjerdene til senatet, skreiv han, måtte vere bindande og senatet skulle vere «overherre» når det gjaldt offentleg politikk. Jamvel om idealstaten Cicero hadde i tankane la mesteparten av maktutøvinga i hendene til senatet, var tankane hans ifølgje historikar Robin Lane Fox heilt irrelevante i møte med den politiske røyndomen i republikken, som først og fremst var truga av den aukande makta til militære generalar og støttespelarane deira.[8]

Guvernør i Kilikia

RomanRepublic40BC
Det romerske imperiet i 40 f.Kr., etter militærkampanjane til Cæsar.

Frå sumaren 51 til sumaren 50 var Cicero guvernør i provinsen Kilikia, som ligg i dagens Tyrkia. Cicero ønskte eigentleg å vere nær det politiske livet i hovudstaden, men vart utkommandert til Kilikia grunna ein mangel på provinsguvernørar. Cicero mislikte stillinga, men opphaldet har fått ein viss historisk verdi for ettertida: gjennom breva han skreiv frå Kilikia har historikarar fått eit innblikk i korleis ein romersk guvernør arbeidde i ein utanlandsk provins.[9] I 49 braut det ut krig mellom Julius Cæsar og hæren hans på den eine sida og Pompeius, som stod på sida til senatet. Som ein velkjend forsvarar av dei republikanske institusjonane vart Cicero med senatorane då desse reiste saman med Pompeius til Hellas for å organisere motstanden mot Cæsar etter at sistnemnde hadde kryssa Rubicon og marsjert mot Roma. Men han gjorde det utan særleg entusiasme, sidan han var klår over at ein siger for senatsflokken fort ville føre til at Pompeius vart den dominerande politikaren i republikken.[10]

Etter at Pompeius vart drepen i Egypt i 48 fekk Cicero løyve til å kome heim av Cæsar, som no var den nye makthavaren i Roma. Med Cæsar som romersk diktator vart det enno ein gong vanskeleg for den konservative og republikanske Cicero å ta del i politikken. I åra frå 46 til 44 skreiv han filosofiske verk om erkjenningsteori (Academica) og etikk (De Finibus, Samtaler på Tusculum og Om pliktene). Han skreiv også teologiverket Om gudene, som i antikken høyrde inn under faget fysikk. Vidare forfatta han dei to to moralfilosofiske essaya Om alderdomen og Om vennskap på denne tida. Han rakk også å skrive to bøker om retorikk: Brutus og Orator. Den første er ei historisk oversikt over romerske talarar heilt fram til Cicero sjølv, og det hine tek for seg ein del av det same som det tidlegare verket De oratore, men er samstundes eit forsvar for den retoriske stilen til Cicero, som vart kritisert for å vere oppstylta (såkalla «asiansk»).[11]

Etter Cæsars død

Jean-Léon Gérôme - The Death of Caesar - Walters 37884
Cæsars død av Jean-Léon Gérôme (1867)

Cicero var ikkje ein del av den flokken i senatet som avtalte å ta livet av Cæsar; dei frykta at han var for lausmunna til å halde konspirasjonen løynd.[12] Då Cæsar vart drepen med 23 dolkestikk i senatet 15. mars 44 var Cicero likevel ein av talsmennene for eit republikansk styresett som jubla over det dei rekna som eit lukkeleg utfall. Cicero vart leiaren for den flokken som freista å føre Roma attende til den gamle statsforma, og ifølgje Eiliv Skard når ordhegda hans nye høgder i denne turbulente tida: «...aldri hadde hans indignasjon vært så dyp og hans patos så ekte».[13] I dei såkalla fjorten fillipiske talene går han ut mot Cæsars tidlegare general Marcus Antonius (som no tevla om makta i Romarriket) med til dels kraftig skyts. Namnet på denne serien med taler stammar frå Cicero sjølv, og syner til den store greske oratoren Demosthenes sine taler mot Filip II av Makedonia tre hundre år tidlegare.[14]

Men Cicero var ikkje på høgd med den politiske situasjonen. Diktaturet til Cæsar hadde rive grunnen bort under republikken. Dei cæsarianske makthavarane hadde framleis stor innverknad, og jamvel om Cicero styrte romarstaten i nokre månader, er det for ettertida klårt at han styrte republikken inn i undergangen. Marcus Antonius slo seg ihop med Cæsars adopterte grandnevø Octavian, medan Cicero hadde forrekna seg og snart mista all politisk støtte. Dei nye alliansepartnarane laga ei liste (ein «proskripsjon») over romerske senatorar og borgarar som vart dømde til døden (truleg 300 senatorar og 2000 borgarar)[15] og Cicero var ein av dei namngjevne senatorane på denne lista.

Cicero var dregen mellom ønsket om å vitje byen han elska ein siste gong eller å flykte. Til slutt vart han oppdaga av ein flokk soldatar i eit av husa han eigde nær sjøen, snautt 24 kilometer utanfor byen. Ein av dei frigjevne slavane åt broren til Cicero synte soldatane vegen inn på tomta, ein mann Cicero hadde gjeve opplæring i klassisk litteratur. Uflidd men roleg stakk Cicero hovudet ut or berestolen han sat i, og vart drepen av ein centurion. Hovudet og den høgre handa hans (kanhende begge hendene) vart kappa av og tekne med til Roma og synt fram for Antonius. Det blir sagt at Fulvia, som var kona til Antonius og tidlegare hadde vore gift med Clodius (båe to politiske fiendar av Cicero), drog tunga ut or skallen og stakk henne med ei hårnål. Så vart hovudet og handa spikra opp på plattformen (rostra) i Forum Romanum, der Cicero heldt så mange taler medan han levde.[16]

Brevskrivar og poet

Av Cicero sin korrespondanse mellom 67 og fram til han døydde i 43 kjenner vi meir enn 900 brev, og 835 av desse er skrivne av Cicero sjølv. 416 av dei er adressert til Atticus, den gode venen hans. Dei hine er retta til 94 forskjellige venar, kjente og familie. I denne samanhengen lyt det nemnast at dei breva som har overlevd fram til vår eiga tid berre utgjer ein liten del av dei breva Cicero faktisk skreiv og mottok: Mange brev frå antikken har ikkje overlevd. Eit døme på slike brev er dei han sende til Pompeius i 63, der han skildrar reaksjonen mot kupplanane til Catilina. Ein reknar også med at sume brev vart bortgøymd av politiske grunnar i åra etter Ciceros endelykt.

CiceroEpistulaeAdFamiliaresVenice1547page329Detail
Brevskrivaren Cicero. Tresnitt frå 1547

Breva hans finst i fire samlingar: Brev til Atticus (Ad Atticum) i 16 bøker; til venene hans (Ad familiares) i 16 bøker; til Brutus (Ad Brutum); og i tre bøker til broren Quintus (Ad Quintum fratrem). Breva er ei viktig historisk primærkjelde som ikkje finst for noko anna tidsbolk i den antikke verda, og har vore hjelpsame i arbeidet med å datere ymse hendingar. Samstundes er Cicero på ingen måte ein objektiv observatør, og som ein sjølvstendig aktør i mange av hendingane kan han både gløyme ting og framstelle ting på ein måte som får han sjølv til å kome betre ut av det.

Cicero er ifølgje Encyclopædia Britannica ein mindre viktig figur i den latinske poesien. Dei mest kjende dikta hans (som berre finst i fragment) er dei episke tekstane De consulatu suo (om tida som konsul) og De temporibus suis (om livet hans og tida han levde i), som allereie i antikken vart kritisert for å vere sjølvrosande. Samstundes er Cicero sine dikt teknisk viktige: Han foredla heksameteret ved å nytte to eller tre stavingar i enden av kvar linje, slik at ordaksenten fall saman med den metriske takta. Dessutan nytta han retoriske grep i poesien, og kan som poet reknast som ein av dei som gjorde det poetiske fagnaverket til Vergil mogleg.[17]

Retorikar

«For kven er uvitande om at det talaren duger mest til, er å eggje menneskehugen anten til harme eller til hat eller til hugverk, eller kalle han attende frå slike kjensler til mildskap og medynk? Dei som ikkje har skaffa seg djuptgåande innsikt i menneskeleg lynne og i det heile i grunndraga i menneskenaturen, og som ikkje kjenner dei tildriv som anten eggjar hugen eller gjer han mildare stemt, dei kan ikkje med ord oppnå det dei vil.»

Utdrag frå De oratore (Om talaren)
[18]

Cicero skapte seg eit ry som orator i politikken og i rettssalen, der han føretrekte å vere forsvarsadvokat og i dei fleste tilfelle talte sist, grunna dei kjensleframkallande evnene hans som talar. I samtida åt Cicero var romerske oratorar delte i to leirar. Den eine var dei såkalla «asiatane», som hadde ein rik, blømande og høgstemd stil, den andre var dei såkalla «attikistane» (etter Attikí), som hadde ein enkel, direkte og likefram stil. Cicero rekna seg ikkje til nokon av desse leirane. Sjølv hadde han fått trening i retorikk av Molon av Rodos, som mest av alt var ein eklektikar, og Cicero meinte at ein god orator laut vere i stand til å hente inspirasjon frå fleire stilartar. Det frodige språket hans revolusjonerte latinsk litteratur, og Cicero arbeidde grundig for å finne ut kva retoriske effektar som fungerte på publikum.

Ifølgje Cicero lyt ein god retorikar blant anna ha kunnskap om litteratur, god kjennskap til filosofi, juridisk ekspertise og sogekunne, attåt evna til å nytte generelle prinsipp i ei konkret sak og sjarmere juryen med humor. Cicero er særs god til å vekkje kjensler i publikum, slik ein til dømes kan sjå i den første talen mot Catilina eller i avslutninga av forsvarstalen på vegne av Milo.[19]

Filosof

Med sitt filosofiske forfattarskap kom CIcero til å spele ei nykelrolle i den seinare utviklinga av vesterlandsk kultur. Cicero meinte at den greske tenkinga var ein føresetnad for eit høgare åndsliv. Sjølv skreiv han i eit brev at alt han hadde oppnådd i livet var takka vere den greske danninga. Det politiske idealet Cicero gjorde seg til talsmann for var oppstått frå eit gresk jordsmonn: Greske tenkjarar – mellom dei Aristoteles – hadde hevda at den beste statsforma var ei «blandingsforfatning», der monarkiske, aristokratiske og demokratiske element vart vogne opp mot kvarandre og fungerte i harmoni. Mange tykte at det var mogleg å finne denne blandinga i den romerske statsforma, der det monarkiske var representert ved staten, medan senatet og folkeforsamlinga var høvesvis det aristokratiske og det demokratiske elementet.[20]

Etter mønster av Platon og Aristoteles nytta Cicero dialog-forma for å leggje fram dei filosofiske tankane sine. Ideane blir utvikla gjennom samtalar, som ofte driv over i samanhengande føredrag. I praktisk-etiske skrifter som Om vennskapet og Om alderdommen kunne Cicero ause av si eiga rike livsrøynsle, men tilmed desse verka er sterkt påverka av den tenkinga som allereie fanst hjå greske filosofar. Det er nemleg ikkje som sjølvstendig tenkjar Cicero har fått ein viktig posisjon i vesterlandsk filosofisoge. Det Cicero oppnår er å gjere latin til eit dugande språk for filosofisk tenking, og han er såleis ein viktig premissleverandør for utviklinga av latin til eit kulturspråk. Den smidige utforminga Cicero gav latinen gjorde det til språket for lærdom og tanke i mange hundreår frametter. På bakgrunn av dette omtalar Eiliv Skard han som «...en av alle tiders største kulturapostler».[21]

Som filosof hadde han stor vyrdnad for Platon, og han tykte vel om den milde skepsisen som var typisk for filosofar utdanna ved Platons akademi i Aten. I etiske spørsmål følgde han langt på veg stoisismen, som med sin pliktmoral høvde godt til det romerske sjølvbiletet. Han tok derimot avstand frå epikurismen, som han meinte stod for ei nytingslære. Han gjekk også i polemikk mot naturfilosofien til Epikur, som hevdar at verda har blitt til ved ei tilfeldig samanføying av atomar og difor ikkje trong noko guddomleg forklaring på verdsopphavet. Samstundes var det ein sterk tendens til filosofisk ekletisisme (folk valde ut læresetningar frå dei ymse skulane som det passa dei sjølve) i det første hundreåret f.Kr. og hjå romarane, som søkte praktisk nytte frå filosofien som menneske og borgarar, var denne tendensen særleg merkande. Cicero var snautt noko unntak frå denne regelen.[22]

Det største sjølvstendige tilskotet Cicero har gjeve til vesterlandsk tenking, er humanitas-omgrepet, som vart plukka opp av renessansehumanistane. Ordet er henta frå gresk filosofi, men er ikkje omsett frå eit enkelt gresk ord; det er Cicero som har gjeve innhald til ordet. Eiliv Skard skildrar tydinga av omgrepet på denne måten:

Humanitas, er det blitt sagt, betegner en forbindelse mellom gresk menneskelighet og det romerske adelsideal; begrepet omfatter både dannelse og respekt for dannelse, dessuten den mildhet og menneskekjærlighet, takt og hensynsfullhet som er dannelsens frukt - et stort kompleks av egenskaper og verdier. Humanitas er roten til både «humanitet» og «humanisme». Cicero har visst aldri prøvd å gi noen definisjon av det sinnelag som ordet dekker; men dette begrepskompleks har vært dypt rotfestet i hans egen personlighet, slik som den trer oss i møte særlig i hans brev.[23]

Ettermæle

«Den boka vende hugen min; ho lyfte bønene mine opp mot deg, herre, og gav ynska og hugmåla mine ei ny lei. Med ein gong bleikna alle mine tome framtidsvoner; i brennande lengt søkte eg den evige visdomen, og eg gjorde meg budd til å stå opp og vende attende til deg.»

Augustin av Hippo skildrar det første møtet med dialogen Hortensius av Cicero då han var nitten år gamal
[24]

Retorikaren Marcus Fabius Quintilianus kalla Cicero «Den største kunstneren som har spilt på menneskehjertets stenger»,[25] og ein moderne ovundrar har omtala han som «kanhende det mest siviliserte mennesket som nokon gong har levt».[26] Med sine politiske og filosofiske skrifter skapte han ein prosastil som ein i seinare tider alltid har vendt attende til for å studere «klassisk latin», medan Cicero på si side alltid har påverka prosaen i andre språk, heilt inn i moderne tid.[27] Cicero kom til å spele ei viktig rolle for dei latinske kyrkjefedrene. For Lactantius og mange andre vart han ikkje berre mønstergyldig som latinsk stilist, men også ein stor visdomslærar. Hieronymus, som stod bak den latinske Vulgata-Bibelen, hadde endåtil ein draum der han tykte seg fordømd fordi han ikkje var ein christianus, men ein ciceronianus. Ifølgje Skard er etikken til ein annan kyrkjefader, Ambrosius – som hadde mykje å seie for den etiske tenkinga i mellomalderen – i røynda ei kristen utgåve av Om pliktene. Cicero var også særs viktig for den unge Augustins ferd mot kristendomen. Han fortel i sine Confessiones om eit skjelsetjande møte med ei bok skriven av Cicero, dialogen Hortensius (som har gått tapt for ettertida).[28]

Seinare hadde Cicero ei avgjerande tyding for renessansehumanistane (mellom dei Petrarca), som høgvyrda det skjøne språket hans og humanitas-omgrepet. Gjennom hundreåra har Cicero blitt lesen av eit utal forfattarar og filosofar, og frå nyare tid kan ein nemne menn som Voltaire og Georg Brandes blant dei som har blitt påverka av han. Til dette kjem også det faktum at bøkene hans, til dømes Om alderdommen og Om vennskapet. har blitt lesne ved humanistiske gymnasium i heile den vesterlandske verda, også her i Noreg.[29]

Store verk

Taler

Marci Tullii Ciceronis Opera Omnia
Opera omnia, 1566
  • Pro Quinctio
  • Pro Roscio Amerino
  • Pro Roscio Comodeo
  • De Lege Agraria Contra Rullum
  • In Verrem
  • De Imperio Cn. Pompei
  • Pro Cæcina
  • Pro Cluentio
  • Pro Rabirio Perduellionis Reo
  • In Catilinam I-IV
  • Pro Murena
  • Pro Sulla
  • Pro Flacco
  • Pro Archia
  • Post Reditum in Senatu
  • Post Reditum in Quirites
  • De Domo Sua
  • De Haruspicum Responsis
  • Pro Cn. Plancio
  • Pro Sestio
  • In Vatinium
  • Pro Caelio
  • De Provinciis Consularibus
  • Pro Balbo
  • Pro Milone
  • In Pisonem
  • Pro Scauro
  • Pro Fonteio
  • Pro Rabirio Postumo
  • Pro Marcello
  • Pro Ligario
  • Pro Deiotaro
  • Philippics

Filosofiske verk

  • De Inventione
  • De Optimo Genere Oratorum
  • Topica
  • De Oratore
  • De Fato
  • Paradoxa Stoicorum
  • De Partitione Oratoria
  • Brutus
  • Orator
  • De Re Publica
  • De Consulatu Suo
  • De Legibus
  • De Finibus
  • Tusculanæ Disputationes
  • De Natura Deorum
  • Academica
  • Cato Maior de Senectute
  • Laelius de Amicitia
  • De Divinatione
  • De Officiis
  • Commentariolum Petitionis

Brev

  • Ad Atticum
  • Ad Familiares
  • Ad Quintum
  • Ad Brutum

Kjelder

  • Lane Fox, R. (2006). The Classical World: An Epic History from Homer to Hadrian. New York: Basic Books.
  • Skard, E. (1993). Cicero. I Vestens tenkere. Berg Eriksen, T. (red.) Oslo: Aschehoug.
  • «Cicero» (25. september 2018) av Østmoe, T. i Store norske leksikon, snl.no. Henta 30. mars 2019.
  • Dacre Balsdon, J.P.V., Ferguson, J. (2019), «Cicero», Encyclopædia Britannica. Henta 31. mars 2019.

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lane Fox, R. (2006), s. 352.
  2. Skard, E. (1993), s. 140
  3. Lane Fox, R. (2006), s. 355.
  4. Cicero, M.T. (1936). Tri talar. Oslo: Johan Grundt Tanum. s. 5.
  5. Lane Fox, R. (2006), s. 357
  6. Østmoe, T. (2018)
  7. 7,0 7,1 Lane Fox, R. (2006), s. 358
  8. Lane Fox, R. (2006), s. 359.
  9. Lane Fox, R. (2006), s. 360.
  10. Lane Fox, R. (2006), s. 385.
  11. Østmoe, T. (2018)
  12. Lane Fox, R. (2006), s. 394.
  13. Skard, E. (1993), s. 141
  14. Østmoe, T. (2018)
  15. Lane Fox, R. (2006), s. 402.
  16. Lane Fox, R. (2006), s. 403.
  17. Dacre Balsdon, J.P.V., Ferguson, J. (2019)
  18. Cicero, M.T. (1993). Romersk retorikk. Oslo: Samlaget. s. 62. ISBN 8252140378.
  19. Dacre Balsdon, J.P.V., Ferguson, J. (2019)
  20. Skard, E. (1993), s. 142-143
  21. Skard, E. (1993), s. 145
  22. Skard, E. (1993), s. 144-145
  23. Skard, E. (1993), s. 147
  24. Augustin av Hippo (2009). Confessiones. Oslo: Samlaget. s. 56. ISBN 978-82-521--7334-5.
  25. Skard, E. (1993), s. 142
  26. Lane Fox, R. (2006), s. 351.
  27. Zetterholm, T. (1986). Levende litteratur. [Stabekk]: Den norske bokklubben. s. 42. ISBN 8252512836.
  28. Skard, E. (1993), s. 149
  29. Skard, E. (1993), s. 150

Bakgrunnsstoff

-43

År 43 f.Kr./fvt. var anten eit normalår som byrja på ein sundag, måndag eller tysdag, eller eit skotår som byrja på ein sundag eller måndag, i den julianske kalenderen.

3. januar

3. januar er den tredje dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 362 dagar att av året (363 under skotår).

CICERO Senter for klimaforskning

CICERO Senter for klimaforskning er ein norsk stiftelse skipa av regjeringa i 1990. Stiftelsen har internasjonal klimaforsking som spesialfelt og tar på seg oppdrag for næringslivet, nasjonale og utanlandske styresmakter. CICERO har frå 1994 arrangert det nasjonale Klimaforum og er ansvarleg utgjevar av klimatidsskriftet Cicerone.

Dagleg leiar er Pål Prestrud. CICERO er med i samarbeidsselskapet Miljøalliansen AS.

Ellenbreen

Ellenbreen er ein isbre sentralt i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Han flyt frå austsida av Mount Anderson og Long Gables og flyt generelt søraustover i 5 km til Barnes Ridge, der han flyt ut av fjellkjeda og inn i den søroverflytande Rutfordstraumen.

Han vart først kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1957–59, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter oberstløytnant Cicero J. Ellen i U.S. Air Force, som kommanderte dei mange flyoperasjonane då Amundsen-Scott-stasjonen vart oppretta via flydropp i 1956–57.

Eurovision Song Contest 2007

Eurovision Song Contest 2007 vart arrangert i Hartwall-areena i Helsingfors, Finland, etter at finnane hadde vunne konkurransen i Aten året før med Lordi si song «Hard Rock Hallelujah».

Serbias deltakar Marija Šerifović vann tevlinga med songen Molitva.

Fjernsynssendingane til NRK vart kommentert av Per Sundnes.

Humaniora

Humaniora (eller Studia Humanitatis) er den vanlege samlenemninga på dei humanistiske vitskapane, som skilde frå naturvitskapane. Fagkrinsen er og kalla humanvitskap, moralvitskap eller åndsvitskap. Humaniora omfattar språkvitskap, litteraturvitskap, musikkvitskap og kunstfaglege tilnærmingar, i tillegg til historie og filosofi. I Noreg har fagkrinsen difor lenge vore kalla "Historisk-filosofisk".

Omgrepet Studia Humanitatis vart skipa på 1300-talet av humanisten Coluccio Salutati, for å skilja fagkrinsen frå teologi og metafysikk. Nemninga hadde han funne i breva etter Cicero, som hadde skrive om Humanitas, eit omgrep som omfattar danning og forbetring av mennesket som åndsvesen.

Skipinga av den humanistiske fagkrinsen var eit tydeleg brot med den mellomalderlege skolastikken, og inndelinga i Artes Liberales, som hadde vore ein del av utdanninga ved mellomalderuniversitetet. Dette bana og vegen for ei meir tydeleg spesialisering av fagkunnskap i ulike fagkrinsar, med tida følgt opp av naturvitskap og samfunnsvitskap, alle med sin særskilde metodikk og vitskapsforståing.

Humanisme

Humanisme er ei andstretning innan filosofi og andsliv med røter i den greske og romerske antikken. Filosofien set mennesket i sentrum (Mannen er målestav for alt), nett som i den greske sofismen. «Klassisk» humanisme vart utvikla i tidleg renessanse, frå 1300- til 1500-talet. Diktarar og tenkjarar som Francesco Petrarca bygde på tekstar av romaren Cicero, som hadde nytta ordet Humanitas ('det menneskelege'). Framvoksteren av den humanistiske skola er tett knytt til utviklinga av moderne åndsvitskap (humaniora), vitskapsfilosofi, og ikkje minst ei religiøs nyorientering som kulminerte i reformasjonen.

Humanitas

Humanitas (latin for 'menneskeleg') er eit omgrep som vart skapt av den romerske talaren og filosofen Cicero (Ad Familiares) for å gje eit bilete av korleis eit menneske skulle eigne seg danning. Cicero sjølv hadde omsett det greske ordet philantropia ('menneskevenleg').

Humanitas ligg tett opp mot eit anna danningsomgrep hjå Cicero: Cultura animi. I klassisk tid kom dette til å kjenneteikne ein særleg filosofisk dygd, og nytta av Plinius den yngre.

I renessansen tok Coluccio Salutati ordet til seg som grunnlag for humanismen som voks fram på denne tida. Første gongen dette skjedde var om lag 1369. Seinare vart ordet teken inn i tysk filosofi (Humanität), og soleis nytta mellom anna av Johann Gottfried Herder, som nytta det om forbetring av mennesket. Tanken var at ein skulle oppnå humanitas gjennom studia humanitatis eller humaniora.

I dag finn ein ordet mellom anna i frimurarordenen.

Il sogno di Scipione

Il sogno di Scipione, K. 126 er ein dramatisk serenade i ein akt (azione teatrale) komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein libretto av Pietro Metastasio, som er basert på boka Somnium Scipionis av Cicero. Mozart hadde opphavleg komponert verket då han var 15 år for vernaren sin, fyrstbiskop Sigismund von Schrattenbach. Då biskopen døydde før det vart framført, valte Mozart å dedisere operaen til etterkomaren til Schrattenbach, grev Colloredo. Han fekk ei privat framføring i erkebispepalasset i Salzburg den 1. mai 1772, sjølv om ikkje heile vart framført. Berre ein arie, den siste koralen og eit resitativ vart framført for fyrstbiskopen. Det er usannsynleg at det vart framført i sin heilskap medan Mozart levde.Første gongen ein sikkert veit at operaren vart framført i sin heilskap, var i 1979 for Mozartveka i Salzburg.

Kilikia

Kilikia var i antikken eit namn på det søraustlegaste landskapet i Vesleasia. Innbyggjarane var semittar. Dei stod opphavleg under assyrarane, men vart sidan relativt sjølvstendige under Persia. Det låg enkelte greske koloniar i Kilikia. Aleksander den store erobra landet, som seinare gjekk over til Syria, men som oftast var det faktisk sjølvstendig. Hovudstaden var Tarsos. Innbyggjarane var frykta for sjørøveri og for å gjere ende på det sendte romarane i 102 fvt. eit hærtog til Kilikia, og eit nytt hærtog i 67 fvt. Landet vart ein romersk provins i år 63 fvt, etter at Pompeius sigra over Mithradates. Cicero var statthaldar i Kilikia i 51 fvt.

Latin

Latin høyrer til den italiske greina av indoeuropeiske mål. Opphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i området Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utover Italia, og sidan til mange av områda kring Middelhavet. Dei eldre måla der vart trengde ut, og latinen lever vidare i dei romanske måla i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile mellomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

Marcus Cælius Rufus

Marcus Cælius Rufus (82-48 f.Kr.) var ein romersk politikar og elev av Cicero. Cælius levde eit liv i luksus og hadde ein affære med Clodia, som seinare skulda Cælius for å freiste å myrde henne med gifta. Trass i Cælius sin livsstil og vennskapet med Ciceros politiske fiende Caitilina, valde Cicero å forsvare han i ein tale som er teken vare på for ettertida. Då Cicero seinare var guvernør i Kilikia (51-50 f.Kr.) heldt Cælius han oppdatert om dei politiske hendingane i Roma. Desse breva er tekne vare på i Ciceros brevsamling Ad Familiares.

Som politikar tente Cælius som tribun i 52 og edil i 50. Då den store romerske borgarkrigen braut ut støtta Cælius Julius Cæsar, og vart utnmend til pretor i 48. I den tida då Cæsar var borte frå Roma skapte Cælius så mykje uro i byen at han laut flykte derifrå. Han slutta seg så til ei samansverjing mot Cæsar saman med Titus Annius Milo, og vart drepen kort tid etter.

Miljøalliansen

Miljøalliansen AS er eit strategisk samarbeid mellom forskingsinstitutta: Norsk institutt for luftforskning (NILU),

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR), Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Bioforsk (Bioforsk Jord og miljø) og CICERO Senter for klimaforskning.

Orator

Orator (frå latin os, 'munn') tyder ein framifrå talar eller veltalande person. Det kan også brukast om personar som bruker store gestar og svulmande uttrykk.

Renessansen

Renessansen (frå fransk renaissance, 'attføding') er ei retning innan europeisk kunst og tankeliv som avslutta mellomalderen. Renessansen er mest omtala som ein stilart innan kunsten (renessansen var dansens gullalder), men gjorde seg òg gjeldande innan politikk, vitskap og sjølve menneskesynet.

Retorikk

Retorikk er læra om talekunst. I moderne tid vert retorikken ofte definert som læra om overtaling.

Titus Annius Milo

Titus Annius Milo (? - 48 f.Kr.) var ein romersk politikar. Milo var folketribun i 57 f.Kr. og arbeidde hardt for å få Cicero attende frå eksilet han hadde blitt tvunge til etter ein maktkamp med Publius C. Clodius. Clodius motarbeidde Milo sin freistnad på å få Cicero attende til Roma, og nytta innleigde gladiatorbandar til å terrorisere ibuarane i byen. Milo nytta same våpen som sin politiske motstandar, og over fleire år barka dei to saman i reine gatekampar hovudstaden. I 52 f.Kr. freista Milo å bli konsul, men Clodius sytte for å hindre at han vart vald. Same året støtte Milo og Clodius tilfeldigvis på kvarandre i Bovillæ på Via Appia. Båe to hadde ein væpna flokk i ryggen, og i det påfølgjande slagsmålet vart Clodius drepen.

Som følgje av drapet på Clodius vart det reist sak mot Milo. I rettssalen vart han forsvara av Cicero, som leverte ein framifrå tale til fordel for Milo. Talen vart sannsynlegvis omarbeidd etter at han vart heldt, og har overlevd for ettertida. Trass i talen vart Milo likevel dømd til eksil, og reiste til Massilia (dagens Marseille). Då Cæsar greip makta vona Milo fånyttes at han skulle få vende attende til Roma, og drog difor heim att på eige initativ. Der freista han å få i stand ein oppreist i Italia, men døydde i ei trefning.

Titus Pomponius Atticus

Titus Pomponius Atticus (109 f.Kr.-32. f.Kr.) var ein romersk riddar (equites). Som ung studerte han mange år i Aten, ein by han elska, derav namnet Atticus (jamfør Attikí). I Roma heldt han seg utanfor den politiske scena og sysselsette seg med litterært arbeid. Samstundes dyrka han vennskap med Cicero og andre framståande romarar. Han dreiv det ei stor forlagsverksemd, ved at han let bøker bli avskrivne av slavar. Atticus sine eigne verk har diverre gått tapt for ettertida. Derimot tok han vare på breva han fekk frå Cicero, og det er takk vere Atticus at vi at vi idag har så mange brev or handa åt Cicero.

Mange av breva er omsette til norsk riksmål av Samson Eitrem i Cicero og hans tid (1910) og av Henning Mørland i Cicero. Brev (1973).

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.