Chuck Berry

Charles Edward Anderson «Chuck» Berry (fødd 18. oktober 1926 i Saint Louis i USA, død 18. mars 2017) var ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar, kjend som ein av pionerane innan rock and roll.

Chuck Berry var ein del av den første gruppa av musikarar som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame då han opna i 1986, og på Rock and Roll Hall of Fame si liste over «dei 500 songane som forma rock and roll», er tre av Chuck Berry sine songar med: «Johnny B. Goode», «Maybellene» og «Rock & Roll Music».[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte han på ein sjetteplass i si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[2] Berry har også fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Chuck Berry
Chuck Berry (1958)

Berry i 1958.
Fødd18. oktober 1926
FødestadSaint Louis
Død18. mars 2017 (90 år)
DødsstadSaint Charles
FødenamnCharles Edward Anderson Berry
OpphavUSA
Aktiv1955-2017
SjangerRock and roll
InstrumentGitar, vokal
Kjende instrumentGibson ES-355
Gibson ES-125
PlateselskapChess, Mercury, Atco
Verka somMusikar, låtskrivar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, Polar Music Prize, Kennedy Center Honors
Chuck Berry, You can't catch me, 1956.

Biografi

Den første tida

Berry var fødd i Saint Louis i Missouri. Faren var entreprenør og diakon i ei baptistkyrkje og mora var ein kvalifisert bestyrar. Familien høyrte til middelklassen og gjorde at han kunne drive med interessa for musikk i tidleg alder. Dei første offentlege framføringane hans vart gjort medan han gjekk på Sumner High School.[3]

I 1944, like før han vart uteksaminert, vart han arrestert og dømd for væpna ran av ein bil i lag med venene. Berry slapp ut frå fengselet Intermediate Reformatory for Young Men ved Algoa, nær Jefferson City dagen han fylte 21 år i 1947.[4]

Chuck Berry hadde spelt blues sidan tenåra og nytta gitarriffa til den eldre jump blues-artisten T. Bone Walker.[5] Tidleg i 1953 spelte Berry med the Johnnie Johnson Trio, eit band som spelte på ein populær klubb kalla The Cosmopolitan i East St. Louis i Illinois. Desse skulle spele med Berry i lang tid. Sjølv om bandet hovudsakleg spelte blues og balladar, var den mest populære musikken hos kvite i området country. Berry var nyfiken på korleis det svarte publikumet ville reagere på countrymusikk, og starta å spele enkelte songar for dei. Etter først å ha ledd av han nokre gonger starta dei å be om meir og likte å danse til det.[4]

Berry sitt scenetekke starta å trekke til seg stadig fleire kvite til klubben, og han starta òg å synge songar av Nat King Cole og Muddy Waters.[6] I mai 1955 reiste Berry til Chicago og møtte Waters sjølv, som føreslo at han skulle ta kontakt med Leonard Chess i Chess Records. Berry hadde trudd at blues-songane hans skulle fange interessa til Chess, men han vart overraska då det var ein gammal countrysong av Bob Wills kalla «Ida Red» som Chess fall for. På denne tida hadde Chess innsett at blues-marknaden byrja å minke, og hadde byrja å sjå mot rhythm and blues. Han meinte at Berry kunne vere rette mannen. Så 21. mai 1955 spelte Berry inn den «Ida Red»-inspirerte «Maybellene» med Johnny Johnson, Jerome Green (frå Bo Diddley sitt band) på maracas, Jasper Thomas på trommer og blueslegenda Willie Dixon på bass. «Maybellene» selde over ein million eksemplar og nådde førsteplassen på R&B-lista og femteplassen på poplista.[4][7]

Berry vert stjerne (1956-1959)

Rock Rock Rock (1956)

Mot slutten av juni 1956 nådde songen hans «Roll Over Beethoven» 29. plass på Billboard-lista. I 1956 reiste Berry på turne som ein av «Top Acts of '56». Han og Carl Perkins vart vener på turneen.[8]

Hausten 1957 reiste Berry i lag med Everly Brothers, Buddy Holly og andre stjerner på ein turne i USA. I perioden 1957-1959 hadde Berry eit titals hittar på Topp 10-lista i USA, som «School Days», «Rock and Roll Music», «Sweet Little Sixteen» og «Johnny B. Goode». Forfattar og produsent Robert Palmer skreiv at Berry sine songar ofte hadde ein country-influert, lett bluesmelodi, med mykje gitartwang. Han hadde òg stundom spansk-influerte songar som «La Juanda» og «Havana Moon».

Berry medverka i to tidlege rock and roll-filmar, Rock Rock Rock, i 1956 og Go, Johnny, Go! i 1959.

Andre fengselsperiode (1959-1963)

Chuck Berry51
Berry i Deauville i Frankrike i 1987

Mot slutten av 1950-åra var Berry ei etablert rockestjerne med fleire hitplater. Han hadde òg oppretta sin eigen nattklubb i St. Louis kalla Berry's Club Bandstand.

I desember 1959 fekk Berry store problem då han inviterte ei 14 år gammal apache-jente som han hadde møtt i Mexico til å arbeide i garderoben i klubben. Etter at ho fekk sparken frå klubben, vart ho arrestert, sikta for prostitusjon, og Berry vart arrestert for brot mot loven «White Slave Traffic Act» eller «Mann Act».[9] Etter ei rettssak og ankerettssak vart Berry dømd til å betale 5000 dollar og til fem år i fengsel. Denne hendinga, saman med andre rock and roll-skandalar som Jerry Lee Lewis sitt giftarmål med det 13 år gamle søskenbarnet sitt og Alan Freed si sikting for payola, eller bestikking til kringkastarar for å spela visse songar, gav rock'n'roll eit omdømeproblem som førte til at han vart mindre populær i USA.

Andre del av karrieren (1963-1972)

Berry kom ut av fengsel i 1963 og opplevde ein god start på karrieren igjen sidan fleire band i den britiske invasjonen, mellom anna the Beatles og the Rolling Stones, spelte inn sine versjonar av Berry sine songar. I tillegg hadde The Beach Boys ein hit med «Surfin' USA», som står oppført som skrive av Brian Wilson, men som i stor grad er ein direkte kopi av Berry sin «Sweet Little Sixteen». Berry har i ettertid fått full kredit (både tekst og musikk) på denne songen.

I 1964–65 spelte Berry inn ny musikk og oppnådde å få seks singlar inn på Topp 100 i USA, som «No Particular Place To Go» (#10), «You Never Can Tell» (#14) og «Nadine» (#23).

I 1966 forlét Berry Chess Records og gjekk til Mercury.[10] I løpet av den korte perioden han var på Mercury spelte han inn fleire album, inkludert ei nyinnspeling av hittar han hadde hadde på Chess og eit album som var dominert av ein 18 minutt lang instrumental kalla «Concerto in B. Goode». Både endringar i musikksmak og forskjellige produksjonsteknikkar gjorde at Berry ikkje fekk nokre hitplater for Mercury.

Han hadde derimot framleis populære konsertar og i juli 1969 var Berry eit av dei største trekkplastera til Schaefer Music Festival i Central Park i New York City i lag med The Byrds, Miles Davis, Fleetwood Mac, Led Zeppelin, B.B. King, The Beach Boys, Frank Zappa og Patti LaBelle. Same året spelte han på ein festival i Toronto med Eric Clapton på gitar og Alan White på trommer.

Berry gjekk tilbake til Chess frå 1970 til 1973. I 1972 gav Chess ut ei konsertinnspeling av «My Ding-a-Ling», ein song Berry hadde spelt inn fleire år tidlegare berre for moro. Singelen vart særs populær og klatra til førsteplass på singellista i USA, den einaste førsteplassen Berry fekk. Same året kom òg ei konsertinnspeling av «Reelin' and Rockin'», som gjekk inn på Topp 40.

Det siste albumet for Chess kom i 1973 med Bio, og etter dette lagde ikkje Berry plater på seks år.

Nyare tid

I 1970-åra turnerte Berry på tidlegare suksess. Han reiste rundt i fleire år med berre Gibson-gitaren sin, overbevist om at han kor som helst kunne leige eit band som alt kjende musikken hans. Konsertane gjekk likevel ikkje alltid så bra og fekk etter kvart eit dårleg rykte. Av dei mange musikarane som spelte med Berry på denne måten var Bruce Springsteen og Steve Miller, som begge då nettopp hadde starta karrierane sine. Springsteen fortalte seinare at Berry ikkje ein gong gav bandet ei liste over kva songar som skulle spelast, og berre forventa at musikarane skulle følgje han etter kvar gitarintro. Berry verken snakka til eller takka bandet etter konserten.

Måten Berry reiste rundt aleine på i 1970-åra, der han ofte vart betalt kontant av dei lokale konsertarrangørane, gjorde at skattestyresmaktene i USA etter kvart skulda Berry for skattesnyting. Berry vart sikta for dette og vart for tredje gong dømd til fengsel i fire månader og 1000 timar samfunnsteneste i 1979, som han utførte med å halde velgjerdskonsertar.

Etter ønske frå Jimmy Carter spelte Chuck Berry i Det kvite huset 1. juni 1979. [10] I 1979 gav Berry òg ut albumet Rockit for Atco Records, det siste studioalbumet så langt. Berry heldt fram i 1980-åra som han gjorde i 1970-åra, der han reiste rundt aleine og leigde lokale band til å spele for seg på kvar stad.

ChuckBerry1997
Berry spelar konsert i 1997
Chuck-berry-2007-07-18
Chuck Berry i Örebro i Sverige i juli 2007.

I 1986 lagde Taylor Hackford dokumentarfilmen kalla Hail! Hail! Rock 'n' Roll av ein konsert som feira Berry sin 60-årsdag. Keith Richards var musikalsk leiar, og mellom anna Eric Clapton, Etta James, Julian Lennon, Robert Cray og Linda Ronstadt var av artistane som spelte med Berry.

I 1990 vart Berry saksøkt av fleire kvinner som hevda at han hadde sett opp eit skjult videokamera på dametoalettet på ein av dei to restaurantane hans i St. Louis. Han kom til forlik med dei 59 kvinnene det gjaldt, noko som kosta Berry over 1,2 millionar dollar pluss sakskostnader.

Chuck Berry in 2012
Chuck Berry opptrer under ei heidersmarkering i 2012.

Berry heldt fram med å turnere i seinare år, og sommaren 2008 var han på Europa-turne.

Omdøme

Chuck Berry var ein av pionerane innan rock and roll, og hadde stor innverknad på rockemusikken. Rock and Roll Hall of Fame si nettside seier om Chuck Berry at «sjølv om ingen kan seiast å ha funne opp rock and roll, så er Chuck Berrey den artisten som kjem nærast ved at han klarte å setje alle dei viktige bitane saman»[11] Musikkritikaren Cub Koda skriv at «av alle dei tidlege artistane i rock and roll, er ingen viktigare for utviklinga av musikken enn Chuck Berry. Han er den første og ein av dei største av dei tidlege låtskrivarane og gitaristane, ein av dei viktigaste bidragsytarane til korleis rock and roll skulle høyrast ut og ein av dei største artistane.»[12] John Lennon var meir kortfatta: «Om du skulle gje rock and roll eit anna namn, kunne du kalle det 'Chuck Berry'.»[13]

Berry var ein del av den første gruppa av musikarar som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame då han opna i 1986. I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone Chuck Berry på femteplass[14] på lista over dei 100 største artistane gjennom tidene.[15] Han vart òg plassert på sjetteplass av Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[16]

På Rock and Roll Hall of Fame si liste over «dei 500 songane som forma rock and roll» er tre av Chuck Berry sine songar med: «Johnny B. Goode», «Maybellene» og «Rock & Roll Music».[17]

Kjelder

  1. The 500 Songs That Shaped Rock and Roll
  2. «The 100 Greatest Guitarists of All Time». Rolling Stone. Både |utgjevar= og |forlag= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  3. Weinraub, Bernard. «Sweet Tunes, Fast Beats og a Hard Edge», The New York Times, 2003
  4. 4,0 4,1 4,2 Chuck Berry
  5. Lawrence Cohn (1993). Nothing but the Blues: The Music and the Musicians. Abbeville Press. s. 174. Parameteren |isdn= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  6. Chuck Berry News
  7. Chuck 1955-56
  8. Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee (1996), s. 215-216. Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  9. «The Long, Colorful History of the Mann Act», NPR.org (March 11, 2008)
  10. 10,0 10,1 Chuck Berry
  11. «Chuck Berry». The Rock og Roll Hall of Fame og Museum.
  12. «Chuck Berry biography». allmusic. Henta 17. september 2008.
  13. «Brainy Quote - John Lennon». Henta 17. september 2008.
  14. «Chuck Berry». Rolling Stone. Både |utgjevar= og |forlag= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  15. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone. Både |utgjevar= og |forlag= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  16. «The 100 Greatest Guitarists of All Time». Rolling Stone. Både |utgjevar= og |forlag= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  17. The 500 Songs That Shaped Rock and Roll

Bakgrunnsstoff

Around and Around

«Around and Around» er ein rockesong skriven av Chuck Berry. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen Johnny B. Goode i 1958.

Back Home av Chuck Berry

Back Home er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1970 av Chess Records. Albumtittelen syner til at Berry var komen attende til Chess etter fleire år hos Mercury Records. Berry starta karrieren sin og spelte inn dei fleste store hittane sine medan han var i Chess første gongen.

Brown Eyed Handsome Man

«Brown Eyed Handsome Man» er ein rock and roll-song skriven og spelt inn av Chuck Berry, først gjeven ut av Chess Records i september 1956 som B-sida til «Too Much Monkey Business». Han vart òg gjeven ut på debutalbumet til Berry i 1957, After School Session. Tittelen på songen vart seinare nytta som tittelen på ein biografi om Berry.

Chuck Berry (1975)

Chuck Berry er det attande albumet til Chuck Berry, gjeve ut i 1975 av Chess Records. Somme utgåver av albumet har tittelen Chuck Berry '75. Dottera til Berry, Ingrid, syng korvokal på albumet.

Dette var det siste albumet Berry gav ut for Chess Records, 21 år etter debutalbumet hans for selskapet. Han flytta vidare til Atco Records, som gav ut det neste studioalbumet hans, Rock It, i 1979.

Chuck Berry Is on Top

Chuck Berry Is on Top er det tredje studioalbumet til rock and roll-pioneren Chuck Berry, utgjeve i juli 1959 på Chess Records. Med unntak av eit spor, «Blues for Hawaiians», var alle songane tidlegare utgjevne på singlar. I meldinga si om albumet for Allmusic, skildra Cub Koda det som «nesten eit greatest hits-album i seg sjølv» og den mest perfekte samlinga i karrieren til Berry. I 2008 kom albumet ut på nytt på Mobile Fidelity Sound Lab i lag med St. Louis to Liverpool på ein Ultradisc II Gold-CD. I 2012 gav Hoodoo ut albumet på nytt i lag med One Dozen Berrys på same CD.

Chuck Berry Live in Concert

Chuck Berry Live in Concert er eit konsertalbum av Chuck Berry som kom ut i 1978, ni år etter det vart spelt inn i 1969 på Rock and Roll Revival-konserten på Varsity Stadium i Toronto i Canada.

Chuck Berry Twist

Chuck Berry Twist er det første samlealbumet til Chuck Berry, gjeve ut av Chess Records i februar 1962, medan Berry sat i fengsel. Tittelen var eit forsøk på å utnytte den nye dansebølgja som herja då, Twist, som vart introdusert av Chubby Checker i 1960, sjølv om ingen av songane på plata var i twist-stil (dei fleste songane kom ut før dansen vart introdusert). Albumet vart gjeve ut eit par år seinare med ein ny tittel, More Chuck Berry. Eit album med denne tittelen kom ut i Storbritannia på Pye International Records i 1964, med same omslag, men ei heilt anna sporliste.

Chuck Berry in London

Chuck Berry in London er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1965 av Chess Records.

På denne tida hadde musikken til Berry aldri blitt meir kopiert og framført, hovudsakleg av banda i den britiske bølgja som kom til USA, men Berry sjølv fekk ikkje ein einaste singel eller lukurative konsertar i USA. Dette albumet består av ein del av hardare bluessongar, som «Why Should We End This Way» og «I Got a Booking», begge inspirert av Big Bill Broonzy, i tillegg til rockelåtar som «St. Louis Blues» og «I Want to Be Your Driver».

Chuck Berry on Stage

Chuck Berry on Stage er eit album av Chuck Berry, utgjeve i 1963 av Chess Records. Sjølv om det vart marknadsført som eit konsertalbum, var det ei samling av tidlegare utgjevne studioinnspelingar (utanom dei fem songane «All Aboard», «Trick or Treat», «I Just Want To Make Love To You», «Still Got the Blues» og eit alternativt opptak av «Brown-Eyed Handsome Man» som ikkje var gjeve ut før) med lyden av applaus og jubel lagt oppå for å simulere ei konsertinnspeling. Ein song på albumet, kalla «Surfin' USA», er i røynda «Sweet Little Sixteen», opphavleg gjeven ut i 1958. Melodien til denne vart nytta av The Beach Boys i 1963 på hiten «Surfin' USA». Berry sin versjon av Willie Dixon sin «I Just Want to Make Love to You» vart seinare spelt inn på nytt og gjeven ut på albumet Chuck Berry i 1975.

Come On av Chuck Berry

«Come On» er ein song skriven av Chuck Berry i 1961. The Rolling Stones gav ut songen som debutsingelen sin i 1963.

Chuck Berry gav ut songen på singel i oktober 1961.

Johnny B. Goode

«Johnny B. Goode» er ein rock and roll-song av Chuck Berry frå 1958. Musikkmagasinet Rolling Stone rekna han som den sjuande største songen på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene, og den beste gitarsongen på lista deira over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.

Songren vart skriven av Berry i 1955, og er ein rock and roll-utgåve av den amerikanske draumen — ein fattig landsgut som vert ei stjerne med hard arbeid og inspirerande gitarspeling. Dette bilete av ukjende utan framtid som vert heldige og store stjerner er eit tema som går igjen i mange seinare songar.

Gitarriffet i opninga er eit av dei mest kjende i rock and roll-historia, men er i all hovudsak ein rein kopi av opningssoloen til Louis Jordan sin song «Ain't That Just Like a Woman» frå 1946, spelt av gitarist Carl Hogan.Sjølv om songen er delvis sjølvbiografisk, skal inspirasjonen til songen visstnok ha vore Johnnie Johnson som spelte piano og skreiv fleire songar med Berry, og som seinare vart rekna som ein stor bidragsytar til Berry sin umiskjennelege stil.

Berry var klar over at songen hans var viktig og skreiv to songar til om Johnny, «Bye Bye Johnny» og «Go Go Go», samt eit instrumentalalbum kalla «Concerto in B. Goode».

Berry si utgåve av songen var med på Voyager Golden Record, som vart festa til Voyagerfartøyet som vart sendt ut i verdsrommet.

Live at the Fillmore Auditorium av Chuck Berry

Live at Fillmore Auditorium er eit konsertalbum av Chuck Berry, akkompagnert av Steve Miller Blues Band, som seinare vart kjend som Steve Miller Band. Albumet var gjeve ut i september 1967 av Mercury Records.

Albumet kom ut seinare på CD på Rebound Records, med tre bonusspor: «Good Morning Little Schoolgirl», «Reelin' and Rockin» og «My Ding-a-Ling». To spor som var med på originalalbumet, «Feelin' It» og «It Hurts Me Too», var begge feilaktig oppført som bonusspor. Rebound-utgåva har heller ikkje med «Wee Baby Blues» frå originalalbumet. Ei tidlgare CD-utgåve av Mercury har med «Bring Another Drink» og «Worried Life Blues».

Nadine av Chuck Berry

«Nadine» - òg kjend som «Nadine - Is It You?» er ein song skriven og framført av Chuck Berry. Han vart gjeven ut på singel i februar 1964 og var den første musikken Berry gav ut etter han hadde sete i fengsel ei stund.

Promised Land av Chuck Berry

«Promised Land» er ein songtekst skriven av Chuck Berry til melodien til «Wabash Cannonball», ei USA-amerikansk folkevise. Songen vart først spelt inn av Chuck Berry i denne versjonen i 1964 for albumet hans St. Louis to Liverpool. Songen kom ut i desember 1964 og var den første singelen Berry gav ut etter at han hadde sete i fengsel for ein Mann Act-dom.

I teksten omtalar songaren seg sjølv som «the poor boy» og fortel om reisa si frå Norfolk i Virginia til «Det lova landet», Los Angeles, og nemner forskjellige byar i det søraustlege USA som han reiser gjennom. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.

Rock It av Chuck Berry

Rockit er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1979 av Atco Records. Det var den einaste utgjevinga hans for selskapet. Atco var det tredje selskapet Berry spelte inn plater for, etter å ha vore hos Chess Records det meste av karrieren, avbroten av ein kort periode hos Mercury Records i 1960-åra.

Rockit var det siste studioalbumet til Berry på 38 år, før Chuck kom i 2017. Det er òg det siste studioalbumet som kom ut medan han levde. I lag med St. Louis to Liverpool i 1964, rekna Robert Christgau Rockit som eit av to album av Berry som var «verdt namnet».

Sweet Little Sixteen

«Sweet Little Sixteen» er ein rock and roll-song skriven og spelt inn av Chuck Berry, som gav han ut på singel i januar 1958. Han nådde 2. plass på den amerikanske Billboardlista, den høgaste plasseringa Berry nådde bortsett frå «My Ding-A-Ling» som gjekk heilt til topps i 1972. «Sweet Little Sixteen» gjekk òg til topps på R&B Best Sellers-lista.Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 272. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene i 2003. På den oppdaterte lista i 2010 låg han på 277. plass.

Teamet i songen er rock and roll og ei særskild jente, som akkurat har fylt seksten år og er svært oppteken av rock and roll-artistar. Songen omtalar bursdagen hennar og korleis ho ber foreldra sine om å late ho få gå på ein konsert. Teksten skildrar at ho går med «tight dresses and lipstick; she's sporting high heel shoes», og vidare «tomorrow morning she'll be sweet sixteen og back in class again».

The London Chuck Berry Sessions

The London Chuck Berry Sessions er eit album med studioinnspelingar og konsertopptak av Chuck Berry, utgjeve av Chess Records i oktober 1972. Side ein av albumet består av studioinnspelingar og side to inneheld tre konsertopptak frå 3. februar 1972 ved Lanchester Arts Festival i Coventry. Mot slutten av konsertdelen kan ein høyre festivalleiinga som prøver å få publikum til å dra slik at det neste bandet, Pink Floyd, kan kome på scenen. Publikum byrjar å rope «We want Chuck!»

«My Ding-a-Ling» frå konsertsida av albumet vart korta ned til kring fire minuttar og gjeven ut på singel. Dette var den første og einaste singelen til Berry som gjekk til topps på singellista både i USA og i Storbritannia.

Too Much Monkey Business

«Too Much Monkey Business» er ein song skriven og spelt inn av Chuck Berry. Songen vart gjeven ut av Chess Records i september 1956 som den femte singelen til Berry. Han vart òg gjeven ut som den tredje songen på det første albumet hans, After School Session, i mai 1957 og på ein EP. Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard si Most Played In Juke Boxes-liste, 11. plassen på Most Played by Jockeys-lista og sjuandeplassen på Top Sellers in Stores-lista i 1956.

Two Great Guitars

Two Great Guitars er eit studioalbum av Bo Diddley og Chuck Berry, utgjeve i august 1964 av Checker Records, ein etikett under Chess Records. Det var det første studioalbumet Berry gav ut etter å ha sete i fengsel.

Diddley og Berry var vener og begge var i stallen til Chess. Albumet består av to lange spontane instrumentale jammar og eit par nyare innspelte instrumentalar av dei to gitaristane. Fleire instrumentale inspelingar, tre av Diddley og ein av Berry, kom ut på CD-utgåva av albumet. Plateomslaget syner ein Gibson ES-350T eigd av Berry og ein gitar bygd av Diddley.

Chuck Berry
Studioalbum After School Session (1957) · One Dozen Berrys (1958) · Chuck Berry Is on Top (1959) · Rockin' at the Hops (1960) · New Juke Box Hits (1961) · Two Great Guitars (med Bo Diddley) (1964) · St. Louis to Liverpool (1964) · Chuck Berry in London (1965) · Fresh Berry's (1965) · Chuck Berry's Golden Hits (1967) · Chuck Berry in Memphis (1967) · From St. Louie to Frisco (1968) · Concerto in «B Goode» (1969) · Back Home (1970) · San Francisco Dues (1971) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 1) · Bio (1973) · Chuck Berry (1975) · Rock It (1979) · Chuck (2017)
Konsertalbum Chuck Berry on Stage (1963) · Live at the Fillmore Auditorium (1967) · The London Chuck Berry Sessions (1972) (Side 2) · Chuck Berry Live in Concert (1978) · Hail! Hail! Rock 'n' Roll (1987) · Live! (2000) · Live on Stage (2000) · Chuck Berry – In Concert (2002)
Samlealbum Rock, Rock, Rock (1956) · Chuck Berry Twist (1962) · Chuck Berry's Golden Decade (1967, 1973, 1974) · The Great Twenty-Eight (1982) · The Chess Box (1988) · The Anthology (2000) · Volume 2 (1995)
Hitsinglar «Maybellene» / «Wee Wee Hours» (1955) · «Roll Over Beethoven» / «Drifting Heart» (1956) · «Too Much Monkey Business» / «Brown Eyed Handsome Man» (1956) · «School Days» / «Deep Feeling» (1957) · «Rock and Roll Music» / «Blue Feeling» · «Sweet Little Sixteen» / «Reelin' and Rockin'» (1958) · «Johnny B. Goode» / «Around and Around» (1958) · «Almost Grown» / «Little Queenie» (1959) · «Back in the U.S.A.» / «Memphis, Tennessee» (1959) · «Nadine» (1964) · «No Particular Place to Go» (1964) · «My Ding-a-Ling» (1972)
Andre artiklar Diskografi · Chuck Berry House · Hail! Hail! Rock 'n' Roll
Category Kategori

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.