Bygg og anlegg

Bygg og anlegg er eit samleomgrep for byggeverksemd og anleggsarbeid. Desse næringane har mykje til felles, som at det ofte er entreprenørar som tek på seg og utfører eit bygge- eller anleggsprosjekt. Mykje av grunnarbeidet for byggeverksemd er anleggsarbeid, som tomtegraving, planering og opparbeiding av tilførselsvegar, graving av grøfter for kloakkavløp, vatn og kabel for teletenester som telefon og breiband. Arbeid som bygging av bruer og støyping av grunnmurar kan sjåast på både som byggearbeid og som anleggsarbeid.

Construction work'Bandra-Worli sealink'
Byggimga av Bandra-Worli Sea Link i India.

Sjå òg

  • Anleggsmaskin
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Agra

Agra er ein by i delstaten Uttar Pradesh nord i India. Han har kring 1,65 millionar innbyggjarar (2008). Agra ligg ved breidda av elva Yamuna, og er særleg kjend for mogulmausoleet Taj Mahal som ligg her.

Agra har 1 260 000 innbyggjarar (2001). Han ligg 19 mil søraust for Delhi. Agra er eit samferdsleknutepunkt med fleire industriar, mellom anna produksjon av fottøy, glas, smykke og tekstilar. Turisme er ein viktig industri ettersom byen har fleire storslåtte bygg og anlegg frå mogultida.

Agra blei først hovudstad under Delhi-sultanatet frå 1501. Mogulane kalla han Akbarabād, og hadde byen som hovudstad frå 1556 til 1658.

I tillegg til Taj Mahal, bygd av sjah Jahan til minne om yndlingskona hans Mumtaz Mahal, finst også Agra fort (1564–720), Perlemoskeen (1646–54) og Jama masjid (ca. 1575). Akbar den store sitt mausoleum ligg ei mil nord for byen. Både Taj Mahal og Agra fort er rekna som verdsarv av UNESCO. Nær Agra ligg også Fatehpur Sikri, ein annan verdsarvstad.

Anleggsarbeid

Anleggsarbeid er arbeid som planering of transport av jord, grus, stein, og liknande, vegarbeid, tomtegraving og så vidare.

Anleggsarbeid vart tidlegare utført manuelt, men det vart ofte nytta hest til transport av masse. I dag vert arbeidet utført med anleggsmaskinar, noko som har gjort det mogleg å utføra store prosjekt innan rimeleg tid.

Anleggsreiskap

Anleggsreiskapar er reiskapar som vert nytta for anleggsarbeid. I eldre tid var dei fleste anleggsreiskapar handreiskapar og hestereiskapar, medan det i dag for det meste vert nytta anleggsmaskinar.

Byggherre

Byggherre er ei generell nemning for ein person, institusjon eller verksemd som skal ha utført eit byggjearbeid eller eit anleggsarbeid (veganlegg, jarnbaneanlegg og liknande), anten som ei eingongshending eller som profesjon. Ein privatperson som skal få bygd eit bustadhus eller ei hytte for seg, er døme på det fyrste, og vert ofte kalla ein eingongsbyggherre. Offentlege etatar som Statsbygg og Forsvarsbygg, kommunar, bustadsbyggjelag som til dømes Oslo bustad- og sparelag (OBOS) og Bergen og omegn bustadbyggelag (BOB), Statens vegvesen, Jernbaneverket, og mange ulike private verksemder som byggjer bustadshus og bustader i bustadsblokker for sal, er døme på det siste, og vert ofte kalla permanente byggherrar. Offentlege byggherrar vert dessutan i ymse samanhengar kalla tiltakshavarar. Etter lovgjevinga har byggherren ansvaret for at offentleg løyve til å byggje ligg føre, og at både sjølve bygningen og arbeidet med å byggje han stettar krava i lov- regelverk.

Bygningsarbeidar

Bygningsarbeidar er ein person som har som yrke å byggje eller gjere anna arbeid på alle typar byggverk og bygningar. Bygningsarbeidarane er vanlegvis spesialiserte i fag, som tømrarfaget, murarfaget, snikkarfaget, målar- og tapetserarfaget, elektrikarfaget og så bortetter, og er vanlegvis utdanna i faget på vidaregåande skule og som lærling i ei verksemd. Læretida vert då avslutta med ei fagprøve eller svenneprøve som gjev fag- eller svennebrev.

Dei fleste bygningsarbeidarar er tilsette i ei verksemd. Men det vert stendig meir vanleg at dei er sjølvstendige næringsdrivande som tek på seg oppdrag for verksemder på eige ansvar, og vert då såkalla kontraktørar.

Bygningsfysikk

Bygningsfysikk er dei fysiske prosessane knytte til varme-, luft- og fukttransport i ein bygning. Typiske bygningsfysiske problemstillingar er varmeisolering av bygningar, lufttettleik og fuktsikring mot vassdamp og fritt vatn. Akustikk og brann er også fysiske prosessar som høyrer inn under bygningsfysikk, men desse faga er vanlegvis skilde ut som eigne fag sidan dei er forholdsvis kompliserte og omfattande. Føremålet med bygningsfysikk som fag er å auke kompetansen omkring dei ulike fysiske prosessane i ein bygning blant anna for å redusere risikoen for byggskadar.

Ferdighus

Ferdighus er ei felles nemning for hus som i større eller mindre grad er ferdig utvikla før kundekontakt er oppretta.

Grada av ferdigutvikling kan vere avgrensa til å ha teikna og berekna hus som ein så byggjer på tradisjonelt vis på byggjeplassen. Andre lagar vegg- og golvelement som vert sette saman på byggjeplassen medan atter andre byggjer modular eller seksjonar som kjem til byggjeplassen som nærmast komplette hus med kjøken, trapper og sanitærutstyr montert.

I Noreg er Block Watne blant dei største aktørane som nyttar ferdigteikna hus, medan Hetlandhus og Hedalm Anebyhus nyttar ferdiglaga husdelar.

Ingeniørvitskap

Ingeniørvitskap eller ingeniørfag er fagområde som gjer seg praktisk nytte av vitskaplege forsking og oppdagingar. Ingeniørvitskap gjer i stor grad bruk av matematikk og naturvitskap, men medan naturvitskapen tek sikte på å forstå naturen og naturfenomen, arbeider ein innan ingeniørvitskap med å kompa fram til ny teknologi som ikkje finst frå før og har på det viset mykje til felles med matematikk, der ein òg arbeider med å utvikla nye idear. Ingeniørvitskap skil seg likevel frå matematikk, ved å vera meir praktisk orientert. Det er ikkje alltid klårt kvar grensene går mellom matematikk, naturvitskap og ingeniørvitskap. Typiske døme på fagretningar er bygg og anlegg, elektrofag, telekommunikasjon, signalhandsaming, kybernetikk. kjemi, maskinteknikk, materialteknologi, nanoteknologi. Mange ingeniørgreiner, som til dømes romfart, er tverrfaglege disiplinar, der ingeniørar frå mange fagfelt arbeider saman. Dei som arbeider med ingeniørfag vert kalla ingeniørar.

Ivar Odnes

Ivar Odnes (25. mai 1963–5. oktober 2018) var ein norsk byggmeister, musikar og politikar, oppvoksen i Vågå, som representerte Oppland fylke og Senterpartiet på Stortinget frå oktober 2017 til han døydde av kreft eitt år seinare.

Odnes var bygningsmann i unge år, til dess han utdanna seg ved Norges Trelastskole på Lillestrøm. Sidan arbeidde han 1998-2002 som byggjeplassleiar ved Aasheim Bygg AS og der etter ved Toten Bygg og Anlegg i 2002–11, busett i Østre Toten. Frå 2011 til 2017 var han fylkesvaraordførar i Oppland. Ved stortingsvalet 2017 var Odnes Senterpartiet sin fyrstekandidat i Oppland. På Tinget vart han vald inn i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Odnes var kommunestyremedlem i Vågå i 6 år. Frå hausten 2003 til han vart vald inn på Stortinget representerte han Senterpartiet i Oppland fylkesting, varaordførar dei siste 6 åra.

Frå 1984 spelte Odnes fele i folkemusikkgruppa Nye Ringnesin. I 2013 tok han over vervet som nestleiar i styret i Norsk Kulturarv. Han var elles styremedlem i NFF Indre Østland, leiar 2016-18 i Senterpartiets studieforbund og 2015-17 Kommunenes Sentralforbund Oppland og same perioden leiar av bedriftsforsamlinga i Eidsiva Energi.

Kranselag

Kranselag eller mønsåskanne var etter gamal tradisjon ein fest for bygningsarbeidarane som byggherren kosta når eit nybygg var kome under tak. Bygningsarbeidarane markerte dette med å feste ein pynta liten granbusk til mønet på nybygget. Dersom byggherren ikkje tok på seg å halde kranselag, vart granbusken ofte erstatta med ei opphengd filledokke i arbeidsklede. No er det for det meste gått ut av bruk å halde kranselag, men det er ikkje uvanleg at bygningsarbeidarane får ein pengesum kvar seg i staden.

Liknande tradisjonar er kjende frå fleire land. I Sverige blir skikken kalla taklagsfest. På dansk er han kalla rejsegilde, på engelsk topping out, på fransk bouquet final og på tysk Richtfest. Men ofte har det same språket fleire ord for denne festen, og tradisjonane for korleis festen skal eller skulle gå føre seg, kan ha vore ulike frå stad til stad.

Montserrat

Montserrat er eit britisk oversjøisk territorium i Leewardøyane i Karibia.

Øya er 102 km² stor og mesteparten av øya er øydelagd og avsperra etter eit vulkanutbrot 18. juli 1995, mellom anna hovudstaden. Berre 44 km² vert i dag rekna som ei trygg sone. I 2005 hadde øya kring 9300 innbyggjarar. Hovudstaden Plymouth vart fråreist etter vulkanutbrota. Styresmaktene på øya held i dag til i Brades nordvest på øya ved Carr's Bay/Little Bay.

Montserrat er kupert og det høgaste punktet er vulkanen Soufrière på 915 moh. Vulkanen har hatt utbrot meir eller mindre samanhengande sidan 1995 og kulminerte i eit alvorleg og øydeleggjande utbrot sommaren 1997. Folkesetnaden vart då evakuert og tilbakeflyttinga byrja først i 1998. Bustadmangel førte derimot til at det var sterkt avgrensa kor mange som kunne returnere. Ein del valte då å reise til Storbritannia, der dei etter kvart fekk statsborgarskap.

Vulkanutbrota sette økonomien på øya kraftig attende, og samferdselsmessig vart øya òg isolert, då både flyplassen og hamnene måtte stengast. Gjenoppbygginga kom i gang på slutten av 1990-åra, og mange var sysselsett innan bygg og anlegg. Gjenoppbygginga vart mellom anna finansiert med bistand frå Storbritannia.

Naturstein

Naturstein er stein som kan sagast, spaltast eller hoggast til emne som kan brukast til bygg og anlegg. Tidlegare blei naturstein mykje brukt i form av blokker som blei murte; seinare har ein teke i bruk plater og heller. Ein deler gjerne inn naturstein i tre typar: Blokkstein, skifer og murestein.

Blokkstein er massive bergartar (som granitt, larvikitt, marmor og kleberstein) som ein sager eller splittar ut av fjellet i form av rektangulære blokker, som igjen blir saga eller splitta til mindre plater i fabrikkar eller for hand.

Skifer er bergartar som har naturleg kløyv, det vil seia at bergarten kan splittast langs til plater. Vanlege skifertypar er leirskifer, fylittskifer, glimmerskifer og kvartsittskifer.

Murestein viser til rå blokker og emne som kjem til ved sprenging i mange typer bergartar, til dømes skifer, gneis og granitt. Dei kan nyttast til tørrmuring og forblending.

Norsk Standard

Norsk Standard (NS) er ei nemning brukt om standardar som er fastsette og utgjevne av Standard Norge, som er det norske medlemet i CEN og ISO.

Ein kan utvikla ein Norsk Standard for dei fleste område i samfunnet, frå petroleum, bygg og anlegg til samfunnsansvar og kontoplan.

Paternosterheis

Paternosterheis er ein heistype der ein transporterer noko i ei sløyfe som går sakte rundt utan å stoppa. Til skilnad frå vanleg transportband eller rulletrapp går transporten to vegar.

Det kan dreia seg om ei form for heis med boksar som går opp eller ned i kvar si sjakt. Denne typen heis vart oppfunnen i England i 1884.

Det kan òg vera snakk om transportband med skuffar eller tynner eller i form av taubaner med råstoff ein veg og ferdigprodukt eller halvfabrikata i retur.

Riving

Riving eller demolering inneber å rive ned noko som tidlegare er bygd opp. Ein kan riva bygningar eller andre konstruksjonar, til dømes om dei er blitt utrygge eller fordi ein vil bruka plassen dei står på, eller materialet dei er laga av, til noko anna. Forsvarsanlegg kan demolerast for å ikkje lenger kunna tena noko militær føremål.

Sjølve rivingsarbeidet kan ta mange former. Til mindre bygningar blir det brukt gravemaskinar eller liknande som slår bygningen ned med skuffen eller slår ei tung kule. I seinare tid har ein òg nytta store hydrauliske sakser på gravemaskiner som «tygg opp» betongen. Slik kan både armeringsjern og betongmasse gjenvinnast. Spesielle gravemaskiner med ekstra lang arm for riving ovanfrå kan òg vere aktuelt.

Ein annan rivingsteknikk er kontrollert sprenging. Her blir det etter ein nøye plan plassert sprengladningar inne i bygningen. Desse blir sett av med tidsforseinkingar slik at bygningen skal rasa saman kontrollert i si eiga byggegrop.

Seismologi

Seismologi er læra om jordskjelv og (elastiske) bølgjerørsler i jorda.

Ved jordskjelv, sprengingar og liknande, oppstår det seismiske bølgjer som brer seg med forskjellige hastigheiter og i alle retningar ut frå hyposenteret til skjelvet.

Ved å registrere seismiske bølgjer med seismografar, kan ein rekne seg fram til plasseringa og styrken til jordskjelv eller lokalisere kjernefysiske eksplosjonar. For å undersøke det indre av jorda, frå jordskorpa og heilt inn til den indre kjernen må ein ty til dei seismologiske metodane. Eit av dei største anlegga til dette føremålet ligg i Noreg og heiter NORSAR.

Tilsvarande metodar, kalla seismikk, vert nytta i leitinga etter petroleum, malm og mineral og ved førundersøkingar for bygg og anlegg.

Sekundærnæringar

Sekundærnæringar er næringar der ein omformar råvarer til halvfabrikata (foredla råvarer) eller ferdige produkt, salvarer. Nemninga viser særleg til industri i ulike former, som næringsmiddelindustri, tekstilindustri, prosessindustri, kjemisk industri og petrokjemisk industri. Næringsgruppa omfatter også bergverk, vass- og kraft-forsyning samt bygg og anlegg. Sekundærnæringane fekk ei særleg viktig rolle i tida etter den industrielle revolusjon, der produksjon og behandling av råvarer danna ei vesentleg bestanddel for framveksten av det moderne samfunnet.

Tele

Tele er frose jordlag som oppstår når temperaturen ligg under frysepunktet lenge nok til at jordlaget frys. Djupna til telen avheng av kor lenge temperaturen ligg under frysepunktet, og kor mykje under han ligg. Om det ligg laussnø på bakken, isolerer han for varmetap frå bakken til lufta, og telen vert ikkje så djup som om bakken hadde vore berr.

Vegarbeid

Vegarbeid kan vera alt frå arbeid med skogsvegar til bygging av motorvegar. I tidlegare tider vart vegarbeid utført manuelt, men hestar vart nytta til transport. I dag vert det nytta anleggsmaskinar til det meste, men det er framleis bruk for manuelt arbeidskraft til ymse monteringsarbeid.

På andre språk

This page is based on a Wikipedia article written by authors (here).
Text is available under the CC BY-SA 3.0 license; additional terms may apply.
Images, videos and audio are available under their respective licenses.